#Article 1: Sekken (260 words)


Sekken er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er 18,45 kmsup2; stor, har om lag 150 innbyggjarar (2005), og ligg ca 40 minutts ferjetur frå Molde by.

Det høgste punktet på øya er Tranhaugen på 304 meter. Det går ein 20 kilometer lang grusveg rundt øya, som har barne- og ungdomsskule og barnehage, samt daglegvarebutikken Samsen, bygd på dugnad. Andreas Lunnans programserie Rundt neste sving på NRK hadde i 2003 ein dokumentar frå Sekken.

Namnet Sekken har ikkje noko med ein sekk å gjere, men kjem frå norrønt /sæ-kinn/, som tyder noko slikt som #171;det bratte landet som stig opp frå sjøen#187;. Denne eigentlege tydinga visest òg i måten den opphavlege lokalbefolkninga uttalar namnet på øya, /sekkjinn/. Sekken er nemleg den brattaste og høgste øya i Romsdalsfjorden, mens dei andre, som Veøya og Bolsøya, er relativt flate. 

Håkon Herdebrei skal ha vorte drepen av Erling Skakke i eit sjøslag utanfor Sekken i 1162, og det blir kvart år skipa til ein turmarsj på øya for å minnast dette, attåt ein bautastein som står attmed kyrkja på øya. 

I 1997 vart den førre butikken på Sekken lagd ned. Tre år seinare, i februar 2000, vart det skipa eit aksjeselskap som skulle starte ny daglegvarebutikk. Det vart selt aksjar for over 400 000 kronar, og ein butikk vart reist på dugnad.

Skulen og barnehagen har fleire gonger vore trua av nedlegging som følgje av nedskjeringar i det kommunale budsjettet, men dette har kvar gong møtt motstand og demonstrasjonar frå folket på øya, og har framleis ikkje fått gjennomslag.




#Article 2: Nynorsk (5824 words)


Nynorsk, før 1929 offisielt kalla landsmål, er sidan jamstillingsvedtaket av 12. mai 1885 ei av dei to offisielle målformene av norsk; den andre forma er bokmål. Nynorsk blir i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane i Noreg. Skriftspråket er basert på nynorsk talemål, det vil seie dei moderne norske dialektane til skilnad frå gamalnorsk og mellomnorsk. Når ein seier at nokon snakkar nynorsk, meiner ein helst at dei snakkar nynorsk normaltalemål. Dei færraste dialekttalande nordmenn seier at dei snakkar nynorsk, men det er ikkje uvanleg i kjerneområda til nynorsken. Dette tilhøvet mellom tale og skrift ligg bak målrørsla sitt slagord sidan 1970-talet: «Snakk dialekt – skriv nynorsk!» Nynorske dialektar blir snakka over heile landet, men det er berre på Vestlandet utanom dei største byene og i dei austlandske fjellbygdene at skriftspråket står sterkt. Det vil seie at dei fleste dialekttalarane har bokmål som det primære skriftspråket sitt.

Ein iaugefallande skilnad mellom nynorsk standardspråk og nynorske dialektar er at standardspråket tradisjonelt er prega av purisme i ordtilfanget med avgrensing mot ord av dansk og lågtysk opphav, sjølv om desse orda kan vere utbreidde i dialektane. Skriftspråket har derfor helst brukt ord som kan førast attende til gammalnorsk der slike har funnest i levande talemål. Formelt er purismen no stort sett avskaffa, men mange tradisjonelle nynorskord er godt innarbeidde og pregar det moderne skriftspråket.

Nynorsk normaltalemål er lite utbreidd utanfor situasjonar der ein er bunden av manus, som nyheitsopplesarar og skodespelarar. Det gjer at born kjenner det nynorske standardspråket dårlegare enn bokmål før dei lærer å lese, nynorsk vil derfor i større grad enn bokmål lærast på skulen. Dominansen til bokmålet gjer òg at dei som primært skriv nynorsk, både les og skriv meir bokmål enn bokmålsbrukarar les og skriv nynorsk. Dei nasjonale media, inkludert TV, radio, aviser, teikneseriar og bøker, er dei same over heile landet, så det er fyrst og fremst gjennom regionale TV- og radiosendingar, region- og lokalaviser, skule, yrkesliv (avhengig av yrke) og privat kommunikasjon at nynorsken står sterkare i nynorskområda enn i resten av landet.

Sidan det nynorske standardspråket er mindre utbreidd enn bokmål i skrift og tale, er nynorsk markert medan bokmål er umarkert. Det vil seie at nynorskbrukarar oftare må forklare og forsvare sitt språkval. Det har nynorsk sams med mange minoritetsspråk, og det kan forklare kvifor negative haldningar til nynorsk er utbreidde.

I perioden frå svartedauden til reformasjonen i 1536 gjekk norsk språk gjennom ein periode med store endringar og forenklingar. Ei viktig drivkraft i språkendringane i perioden var kontakten med hanseatiske handelsmenn, det vil seie nordtyskarar, og deira nedertyske språk. Ikkje minst gjeld det ordtilfanget, som i stor grad vart bytta ut. Skandinavar og nordtyskarar kunne såleis lettare forstå kvarandre, men med det resultatet at avstanden til dei øynordiske språka islandsk og færøysk voks, og det nordiske språkområdet vart delt.

Mens det gammalnorske språket var relativt einskapleg med små dialektskilnader, var og er avstanden mellom dialektane i nynorsk mykje større. Utviklinga av dialektane hadde likevel gått mykje i parallell, for eksempel er kasussystemet sterkt svekka i alle dialektane, sjølv om nokre har bevart skiljet mellom nominativ og dativ.

Den fyrste systematiske granskinga av det nynorske språket gjorde Ivar Aasen, grunnleggjaren av norsk språkvitskap. På 1840-talet reiste han rundt i landet og studerte dialektane. I 1848 publiserte han Det norske Folkesprogs Grammatik og i 1850 kom Ordbog over det norske Folkesprog. Den fyrste skissa av ein normal kom i 1853 med Prøver af Landsmaalet i Norge. Aasen fullførte landsmålsnormalen med publiseringa av Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog i 1873.

Aasens arbeid byggjer på at dialektane hadde ein sams struktur som gjorde dei til eitt språk og skilde dei frå dansk og svensk. Det sentrale for Aasen var derfor å finne fram til og vise det strukturelle samsvaret mellom dialektane. Alt målarbeidet til Aasen var tufta på dette synet, og det er klart og prinsipielt formulert i dei fyrste linene i innleiinga til Norsk Grammatik:

Den språkvitskaplege følgja av teorien var at Aasen såg det som si oppgåve å abstrahere einskapen i eit føreliggjande mangfald av dialektar. Då trong han eit grunnleggjande kriterium i vurderinga av dei mange ulike formene, og dette fann han i omgrepet «den fuldkomneste Form», som vart eit av dei mest sentrale omgrepa i språkteorien hans. I 1846 definerte han omgrepet slik: «Som fuldkomneste Form ansees den, der stemmer mest overeens med de beslægtede Ord, med andre Ord af samme Slags, og med Formerne i det gamle Sprog. Saaledes er f. Ex djup fuldkomnere end jup, Morgon fuldkomnere end Morgaa, Moron og Maaro, etla fuldkomnere end esle og elsje.» Ingen einskild dialekt hadde alle dei fullkomne formene: «Overalt tjener den ene Dialekt til at oplyse den anden; den fuldkomneste Form findes snart i Agershuus, snart i Bergens, snart i Kristiansands Stift».

Gjennom ei slik systematisk samanlikning kunne ein kome fram til eit samlande uttrykk for alle norske dialektar, det Aasen sjølv kalla grunndialekten og som Einar Haugen har kala protonorsk. Ut frå oppfatninga om eit protonorsk rangerte så Aasen dialektane som meir eller mindre «ægte». Det var fleire motpolar til omgrepa «norsk», «fullkommen» og «ægte», men dei to vanlegaste var «Bysprog» og «uægte». Ut frå denne rangeringa kom dialektane i Hardanger, Voss og Sogn øvst saman med nokre midlandske, som hallingmålet. Dialektane på det sentrale Austlandet og særleg bydialektane enda i andre enden av skalaen som dei mest «uægte».

Tanken om at granskinga skulle ende opp i eit nytt skriftspråk, prega arbeidet hans frå fyrste stund. Ein grunntanke for Aasen var at det skriftlege normalmålet – grunndialekten – skulle vere nynorsk, ikkje gammalnorsk. Han tok derfor ikkje med grammatiske kategoriar som ikkje lenger fanst i det levande talemålet. Men samstundes skulle òg dei kategoriane som var arva frå gammalnorsk og framleis fanst i talemålet, kome til uttrykk i skrift. Det har vorte sagt at Aasen bygde på dialektane og brukte gammalnorsk som appellinstans der han var i tvil om kva som var den fullkomne forma. Sidan Aasen avviste at ein fann alle grunndialekten sine fullkomne former i ein einskild dialekt, måtte landsmålsnormalen byggje på ei samanlikning mellom alle dialektane, der ein tok ut det beste frå kvar av dei. Haugen har teke i bruk ordet rekonstruksjon framfor konstruksjon, i og med at Aasen gjekk ut frå eit levende talemålsgrunnlag. Han skreiv i 1965: «Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eitt. Eg meiner vi no kan identifisere det som ein rekonstruert, klassisk standard for dei norske dialektane.»

Gustav Indrebø har sett opp fire prinsipp som Aasen følgde innanfor denne grunntanken i rekonstruksjonsarbeidet. Arne Torp og Lars S. Vikør har nemnt eit femte:

I motsetning til dei fleste andre som gjekk med tankar om eit landsmål i 1840-åra, såg Aasen for seg eit nytt bruksspråk som skulle fungere i praksis, og ikkje eit språk som berre skulle vere til stas og brukast til vitskaplege føremål, som nedskriving av folkedikting. Derfor ville Aasen at det som vart skrive på landsmål skulle vere mest mogleg einskapleg. Dess meir einskapleg det var, dess meir attkjennande og lettlært vart språket, og dess større respekt ville det få. Aasen var ein ihuga anti-ortofonist. Han hadde teke på seg den vanskelege oppgåva å gjere eit skriftspråk av eit mangfaldig talemålsgrunnlag, og ei streng gjennomføring av prinsippet om samsvar mellom tale og skrift ville i utgangspunktet gjort oppgåva meiningslaus.

Det pedagogiske for Aasen låg i den stabile norma og den indre samanhengen i språket. Det var hovudgrunnen til at han la så mykje inn på å motarbeide variasjon i språkbruken og endringar i landsmålsnorma heilt frå 1850-åra til han døydde. I tillegg til dei praktiske omsyna la Aasen vekt på at språket skulle ha ei respektabel form. Dersom det skulle vere konkurransedyktig med dansk, måtte det ha ein viss historisitet og drag som folk var vane med frå skriftspråka i dansk og svensk. Begge omsyn verka inn då han følgde skriftsystemet i nabospråka, og når han valde dei mest historiserande dialektformene.

Heilt frå byrjinga var det forskjellige syn blant målfolk på korleis skriftnormalen skulle vere. Ivar Aasen var naturlegvis ein autoritet, men tidlege målfolk som Aasmund Olavson Vinje, Arne Garborg og Olaus Fjørtoft utvikla alle kvar sin variant. Lengst frå Aasen stod Fjørtoft, som argumenterte for direkte samsvar mellom skrift og daglegtale, sjølv skreiv han på sin sunnmørsdialekt. Den fyrste offisielle landsmålsrettskrivinga frå 1901 var likevel stort sett i samsvar med Aasens landsmål.

Det var fyrst med samnorskpolitikken at normeringa av landsmålet tok ei anna lei. Tanken var ved gradvise endringar i dei to skriftspråka å samle seg om éin samnorsk normal. Den fyrste reforma i denne retninga var rettskrivinga av 1907 for riksmål. Dette var rett nok hovudsakleg ei reform av dansk skriftspråk i retning av det dansk-norske talemålet, men hovudarkitekten bak denne reforma, Moltke Moe, såg sjølv dette som det fyrste steget på vegen mot samnorsk. Deretter følgde 1910-rettskrivinga i landsmålet og 1917-rettskrivingane i både landsmål og riksmål. Alle desse reformene var relativt varsame i høve til det som skulle kome, ikkje minst fordi dei mest radikale endringane var valfrie.

Den moderne forma av nynorsk vart til gjennom rettskrivingsendringane av 1938 og 1959. Den mest markante endringa var at skrivemåten av ei rad ord er endra. Mest merksemd har nok likevel det at det såkalla i-målet vart fjerna frå læreboknormalen fått. Dei aller fleste endringane av skrivemåtar og bøyingsmønster vart gjort for å kome i samsvar med anten tradisjonelt bokmål eller nye samnorskformer i bokmål.

Som ein konsekvens av desse reformene har nynorsknormalen no alternative skrivemåtar og bøyingsmønster for mange ord. I utgangspunktet vart dette gjort for å kunne få til ein gradvis overgang til dei nye formene, men etter kvart har mange sett på valfridomen i seg sjølv som eit gode, fordi det gjev høve til å velje former som ligg nærare sitt eige talemål, ikkje ulikt Fjørtofts syn. Mot dette har andre vidareført Aasens syn på einskap, kontinuitet og indre struktur. 

Fram til Rettskrivinga av 2012 hadde den nynorske skriftnormalen to nivå: hovudformer som skulle brukast i lærebøker og av det offentlege (læreboknormalen), og sideformer som var tillatne i elevarbeid og offisielt blei rekna som korrekte. Ved denne siste rettskrivingsreformen blei ein del sideformer tekne ut medan andre blei likestilte med hovudformer.

Under prosessen med å samanslege nynorsk og bokmål til samnorsk så har den nynorske målforma vorte særs endra frå det som først var Ivar Aasen si språknorm. Til dømes er det ikkje lengre svake eller sterke hokjønnsformer att og i-målet er i dag totalt borte frå nynorsken. Nynorsk er i røynda ei samansleging av det opprinnelege landsmålet med det dansk-norske koinéspråket danna daglegtale som var talt og skrive på 1850-talet. Ein liten minioritet har halde seg tru mot den historiske norma som vart utvikla av Ivar Aasen der desse endringane av målforma under samnorskprosessen vart fullstendig avviste. Denne språknorma er i dag kjend som høgnorsk. Ivar Aasen-sambandet er i dag ein paraplyorganisasjon av foreiningar og individ som jobbar for å fremje høgnorsken.

Eit grammatisk kjønn er ein ibuande eigenskap hjå substantiv. På norsk og dei fleste indo-europeiske språk så har kvart substantiv eigne bøyingsmønster som er avgjorde av det grammatiske kjønnet knytt til substantivet.

Med unnatak av bergensk, har dei norske dialektane bevart alle dei tre grammatiske kjønna frå norrønt. I bokmål er hokjønnet valfritt å nytte, så ein berre kan skrive med to kjønn, som i dansk. Til samanlikning så har nynorsk tre kjønn som i dei fleste dialektane. Desse er obligatoriske å bruke i nynorsk.

Bokmål følgjer hovudsakleg dei følgjande bøyingsmønstera for substantiva og ein kan velje mellom eit heilt eller delvis samanfall av dei ulike formene for substantiva sine grammatiske kjønn for dei bundne og ubundne formene av substantiva. 

Som ei følgje av den danske arven til bokmålet og at det i dansk skift ikkje var noko hokjønn så finst det nesten eit fullt samanfall mellom hokjønnsformene og hankjønnsformene i bokmål. På bokmål kan ein velje å skrive med to eller tre kjønn, altså anten berre nytta hankjønnsformene og inkjekjønnsformene nett som i dansk eller å nytta det fullnorske systemet med tre grammatiske kjønn; hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Mellom anna er det ikkje noko som skil hankjønnsord og hokjønnsord i fleirtal som ein kan sjå i den følgjande bøyingstabellen: 

Dette står i kontrast til substantiva i nynorsk. I nynorsk er eit substantiv sitt kjønn fullstendig eintydig - ei form av substantivet er berre knytt til eitt av kjønna. Systemet med grammatiske kjønn står altså langt sterkare i nynorsk enn i bokmål. Det er altså ingen samanfall i kjønn på substantivformene:

Dette tyder at ein ikkje kan blande saman hokjønn og hankjønn som ein kan i bokmål eller berre skrive med to grammatiske kjønn. I nynorsk er det obligatorisk å nytte alle dei tre grammatiske kjønna, i motsetnad til bokmål. Nesten alle substantiv i nynorsk følgjer den ovannemnde bøyingstabellen.

Det einaste obligatoriske regelbundne unnataket frå bøyingstabellen for nynorske substantiv er at hokjønnsord på -ing vert bøygde i -ar og -ane i fleirtal, nett som eit hankjønnsord. Elles vert dei handsama som eit hokjønnsord i alle andre høve.

Eit grammatisk kjønn er ikkje karakterisert av substantivbøyinga åleine. Det avgjerande er at kjønnet styrer bøyinga av andre ord som vert samsvarsbøygde med substantivet. Dette gjeld determinativ, adjektiv og partisipp.

Bøyingsmønstera i nynorsk er særs like dei tilsvarande i bokmål, men ulikt bokmål er hokjønnsformene obligatoriske og må verte nytta der dei finst. For adjektiv og determinativ er det berre ei lita mengde med hokjønnsformer att. Etter rettskrivinga av 2012 har heller ikkje sterke partisipp ei eiga hokjønnsbøying.

Nynorsk har eit meir fullkome system for bøying av adjektiv enn bokmål. Følgjande nedanfor er eit adjektiv frå ei lita mengde av adjektiv med ei eiga hokjønnsbøying i nynorsk. Andre adjektiv med ei eiga hokjønnsbøyning er òg dei som er skipa av determinativ som t.d «særeigen» og «stadeigen». Dei fleste adjektiv vert elles bøygde som i bokmål, men adjektiv/partisipp med diftongending får ofte dobbeltkonsonantar i inkjekjønn:Som tyder at det på nynorsk vert skrive «det er greitt», «det er leitt å høyre» osv.

Eit av dei mest markante trekka som skil bokmål og nynorsk er bøyinga av perfektum partisipp. Nynorsk har eit meir fullkome bøyingssystem enn bokmål der både perfektum partisipp og adjektiv vert bøygde i kjønn og tal, her illustrert med ei samanlikning med adjektivet «raudt» og partisippet «sendt» av verbet sende. Perfektum partisipp er verb som verker som eit adjektiv og difor vert bøygde i same grad som eit adjektiv .

Bøyinga av perfektum partisipp i nynorsk deler fleire trekk med det svenske språket, mellom anna er perfektum partisipp i nynorsk bøygde i både kjønn og tal nett som i det svenske språket. Dette er i motsetnad til bokmål og dansk som berre har ei bøying i tal for perfektum partisipp (t.d bokmål; «en drept kriger», «de drepte krigerne»). Bøyingsforma for partisippet er bunden av kva for ein type verb som vert nytta, dette vert vidare skildra i verbseksjonen. Det ovannemnde dømet var eit døme på ei samsvarsbøying av eit svakt verb. Sterke verb (som t.d verbet «skrive») vert òg samsvarsbøygde og får følgjande bøying:

Før 2012 reforma hadde sterke substantiv også ei eiga hokjønnsbøying for sterke verbpartisipp, dette var eit -i suffiks. 

Alle partisipp og adjektiv må verte samsvarsbøygde både som attributt (t.d «ei god bok») og etter kopulaverb (t.d «boka er god»), nett som i bokmål. Dette gjeld for alle tider av kopulaverba. Kjende kopulaverb i nynorsk er i stor grad dei tilsvarande kopulaverba for bokmål. Bli og verte er slike kopulaverb og kan verta nytta om kvarandre (verte har norrøne røter og difor ei meir fullstendig nynorskbøying, bli har nedertyske røter). Vidare er vere òg eit kopulaverb og er det som vart nytta i dømet ovanfor (er er presens av vere). Dei refleksive verba i nynorsk og i bokmål er òg kopulaverb der som må samsvarsbøyast. 

Merk at adjektiv og partisipp i bokmål er valfrie å bøye i tal etter kopulaverb men obligatoriske å bøye som attributt, altså kan ein på bokmål skrive «krigerne er drept» i staden for «krigerne er drepte». Nynorsk har obligatorisk bøying i tal for både attributt og kopulaverb, altså må det på nynorsk verte skrive «krigarane er drepne». Ein grunn til kvifor det er obligatorisk kan sjåast i samanheng med ubunde intetkjønn flertall. På nynorsk skriv ein menneske medan ein på bokmål skriv «mennesker». Skal det vere openbert at det er fleirtal må adjektiv/partisipp òg verte bøygde i flertal. I setninga på bokmål «mennesker er drept» er substantivet openbert fleirtal, medan tilsvarande setning på nynorsk vert menneske er drepne. Om nynorsk hadde hatt same partisippbøying som bokmål (altså uten tal) så hadde det ikkje vore like openbert at menneske og andre tilsvarande inkjekjønnsord var fleirtal.  

Om det ovannemnde bøyingsmønsteret vert følgt så får ein følgjande døme på setningar. Her vert alle partisipp samsvarsbøygde etter alle moglege tider av kopulaverba vere, verte og bli. Nedanfor er alle dei ulike verbtidene av desse kopulaverba som gjev samsvarsbøying. Merk òg at infinitiven av verba kan gjeve samsvarsbøying i tilleg til dei tidene nemnde nedanfor, t.d «mannen ønskjer å bli/verte lauslaten».

Partisippbøyinga kan vidare verte samanlikna med adjektivbøyinga i nynorsk/bokmål, da dei følgjer nett dei same mønstera. Nett som det heiter «mannen har blitt god» så heiter det «mannen har blitt lauslaten» då både god og lauslaten er maskulin/feminin form og vert samsvarsbøygd med substantivet «mannen» som er av same kjønn som adjektivforma/partisippforma. Det vert samsvarsbøying av di ei tid av kopulaverbet «bli» vert nytta (i dette høvet presens perfektum av vere; har blitt). 

Dei svake verba vert samsvarsbøygde etter følgjande mønster gjevne i tabellane nedanfor. Det er særleg her nynorsk har store likskapar med bøyingssystemet for partisipp i svensk då fleire av desse verba òg vert bøygde i kjønn og tal og fleire av bøyingsendingane er like. Det svenske systemet står likevel sterkare då dei har full samsvarsbøying i kjønn og tal for blant anna a-verb, medan dagens nynosk har berre ei form for a-verba i alle høve, som synt nedanfor. I nynorsk er det òg etter den nye rettskrivinga av 2012 mogleg å late vere å samsvarsbøye partisipp av svake verb etter kopulaverb, men dei må verte samsvarsbøygde som attributt. I svensk er begge høve obligatoriske.  

E-verba med -te i fortid har dei same bøyingane som i bokmål:

Determinativa i nynorsk skil seg frå dei i bokmål ved at mange av dei har ei eiga hokjønnsbøying som må samsvare med kjønnet til det etterfølgde substantivet som ofte ikkje eksisterer i bokmål. I bokmål vert oftest hankjønnsformene av determinativ og adjektiv nytta også i hokjønn, slik at bokmål i praksis har to kjønn som i riksmål og dansk. I nynorsk har ein der i mot eigne hokjønnsformer som er obligatoriske å nytte.

Hokjønnsforma «inga» finst på bokmål au, men ikkje forma «inkje» (tilsvarande forma for inkje i bokmål er «intet»).

Generelt sett er skiljet mellom dei sterke verba og dei svake verba i nynorsk og dei fleste av dei norske dialektane større enn i bokmål. På bokmål kan ein til dømes velje å bøye både svake og sterke verb med endinga -et i presens perfektum i staden for å skile dei ved å nytta -a for svake verb og -et for sterke verb. Til dømes kan det svake verbet kaste verta bøygt som kastet på bokmål i staden for å nytta ei eiga bøyingsform -a som i kasta. Dette lét seg ikkje gjere i nynorsk som krev eit skilje mellom sterke og svake verb. Det heiter difor berre kasta i nynorsk. 

Generelt sett vert verb i nynorsk delte inn i to kategoriar, sterke eller svake. Svake verb vert vidare delte inn i ymse verbkategoriar; a-verb, e-verb, j-verb og kortverb. Dette avgjer kva for ei bøying verbet får både for partisippet og dei ymse verbtidene. Til dømes vil e-verb med -te i preteritum berre ha partisippbøying i tal, medan e-verb med -de får partisippbøying i kjønn og tal som vist i partisippseksjonen. Også verbsystemet i nynorsk har mange likskapar med svensk. Verb er delte inn i sterke/svake og mange av bøyningsendingane er dei same (-ar i presens for a-verb mellom anna).

Det er ofte viktig å identifisere kva for ei bøyingsklasse eit verb høyrer til. Som ein ser her vil j-verb ha -je/-ja i infinitiven. e-verb har -er i presens og a-verb har -ar i presens og -a i preteritum.

Alle sterke verb har inga ending i presens og preteritum og det einaste skiljet mellom desse formene er eit vokalskifte.

På nynorsk kan ein i motsetnad til bokmål velje om ein vil skrive med -e infinitiv eller -a infinitiv (altså anten «skrive»/«skriva»). Ein kan au velje å skrive med eit system som nyttar både -a endingar og -e endingar bunde av kva for eit verb det er snakk om, dette vert kalla kløyvd infinitiv. Dette er trekk som er svært utbreidde i norske dialektar.

Eit parverb er eit verb som har to ulike bøyingsmønster, ei kausativ bøying og ei ikkje-kausativ bøying. Eit verb som er parverb har altså to ulike bøyingar som er bundne av om det er nokon som er årsak til handlinga eller ikkje. Parverbsystemet i nynorsk er ikkje så ulikt som systemet i svensk og tysk. Det finst parverb både i bokmål og nynorsk, men parverbsystemet i nynorsk er meir bevart enn det er i bokmål og nærare korleis det var i norrønt.

Til dømes så er alle sterke verb som òg er parverb skilde i preteritum på følgjande måte i bokmål, bunde av om verbet er meint kausativt eller ikkje. Det følgjande dømet er døme på det sterke verbet «brenne» i bokmål:

Det som skil bokmål og nynorsk for parverb er at det i nynorsk ikkje berre vert skilt i preteritum som i dette dømet, men også for alle verbtider, akkurat som i det svenske språket. Dansk hadde opphavleg ikkje sterke parverb. Det har ført til at parverbsystemet i bokmål er noko redusert for dei sterke verba ennå slike parverb er vanlege i dialektar for alle tider, ikkje berre preteritum. 

Her har me igjen parverbet «brenne», men nå på nynorsk. Den øvste bøyinga er for når verbet er ikkje-kausativt, medan den nedste bøyinga er for når verbet er kausativt. Fleire norske dialektar har òg dette systemet, til dømes har fleire trønderske dialekter typisk formene brinn og brenn i presens, bunde av om verbet er meint kausativt eller ikkje.

Ein stor skilnad mellom parverba i bokmål og nynorsk er òg partisippa for parverba. For den øvste bøyinga så vert det ikkje sagt noko om kven som har gjort handlinga, som i setninga «hytta brann». Dette gjeld òg dei tilsvarande partisippa. Bokmål har berre éi partisippform, ein seier «hytta er utbrent» i alle høve. Nynorsk (og også svensk) har to partisippformer som skil mellom om ein vil seie noko om det er ei handling eller ikkje, i motsetnad til bokmål.

Setninga «Hytta er utbrunnen» seier ingen ting om at nokon har brent ho ned, setninga berre stadfestar at hytta har brunne til grunnen. Setninga «Hytta er utbrend» seier likevel noko om han som utfører handlinga, ho sier at hytta er brent ned til grunnen av nokon. Ein slik skilnad finst for alle parverb og ein kan i nynorsk velje i kva grad ein ønskjer å vere presis når ein seier noko om årsaka til handlinga. Denne graden av kor presis ein vil vere finst ikkje i bokmål/dansk. Eit anna døme er partisippformene for parverbet «knekke». «Greina er knokken» seier ingen ting om årsaka (altså at nokon har knekt ho), medan «Greina er knekt» seier tydeleg at det er nokon som har knekt ho. Dette er i tråd med dei tilsvarande verbtidene for kvart av verba ovanfor; «Hytta brenn» seier ingen ting om han som handlar, medan «Eg brenner ned hytta» seier noko om han som handlar.

Passiv verbform på bokmål vert skipa ved suffikset -es, som i «hentes». På nynorsk vert passivkonstruksjon skipa ved eit -ast suffiks som er det same suffikset frå norrønt av og som finst i moderne islandsk. Til dømes finst passivforma hentast av verbet hente. Det er likevel ein viktig skilnad mellom nynorsk og bokmål på dette punktet og det er at det berre er lov til å nytte passivforma av eit verb når det står eit hjelpeverb framføre det (som t.d må, skal, vil, burde). Passivforma på bokmål kan vere både refleksiv og ikkje-refleksiv, medan ho på nynorsk berre kan vere ikkje-refleksiv og dette vert gjort ved å sette eit hjelpeverb framføre passivforma av verbet. Til dømes lét det seg ikkje gjere å skrive «pakka hentast i dag» på nynorsk, då må det heller verte skrive om ved hjelp av verba vere, verte eller bli, til dømes pakka vert henta i dag.

Hovedårsaka til dette er av di det på eit generelt grunnlag kan oppstå rådløyse om noko har ei refleksiv tyding eller ikkje-refleksiv tyding, som t.d i den ugrammatiske setninga «han slåast». Ein kan då spørje seg om personen vert slegen eller om han slåst. For nett dette verbet finst det ein nyanse, men på eit generelt grunnlag gjer det ikkje det. Det er den ikkje-refleksive konstruksjonen som er eldst i norsk og han er av den grunnen den einaste passivkonstruksjonen som er tillaten i nynorsk. Islandsk og norrønt har òg dette som den einaste moglege passivkonstruksjonen.

Det finst verb med ei refleksiv tyding i nynorsk som i alle andre skandinaviske språk, og desse er ikkje dei same som passive verbformer. Døme på slike verb er synast og kjennast. Desse verba vert bøygde i tid, det same hender ikkje med passive verbformer. Ei god ordbok vil normalt syne ein bøyingstabell i tid om verbet er eit refleksivt verb, medan det ikkje vert vist noko bøyingstabell i tid for passive verbformer.

Dei fleste refleksive verba vert bøygde etter dette mønsteret.

Perfektum partisipp og preteritum i nokre verbklasser endar på bokmål på -et. Aasen hadde opphavleg med denne t-en i landsmålsnormalen, men sidan han er stum i dialektane, vart han stroken alt i den fyrste offisielle rettskrivinga frå 1901. Eksempel er bokmålsformene skrevet og hoppet som i nynorsk skriftspråk heitte skrive og hoppa. Den siste forma er òg tillaten i bokmål.

Generelt finst følgjande pronomen i bokmål, som kan samanliknast med den tilsvarande tabellen for nynorsk under. Pronomen er kasusbøygde i både nynorsk og bokmål.

Pronomenet «den» finst ikkje på nynorsk (berre demonstrativet «den» som i «den flotte kvinna»). Ein nyttar i staden dei personlege pronomena «han», «ho» samt. «det» bunde av kjønnet til substantivet, nett som i tysk.

Merk òg at eigedomspronomen alltid vil vere etterstilte i nynorsk som i dette dømet, om ikkje ein ønskjer å framheve eigedomsrelasjonen i setninga; «Det er mi kone og berre mi!». Dette er eit av trekka som gjer norsk unikt frå svensk og dansk då dei alltid har eigedomspronomena foranstilte. Som følgje av bokmålets danske arv er det ofte valfritt om ein vil skrive «min bil» eller «bilen min». På nynorsk er berre det sistnemnde tillate.

Det ein ofte fyrst tenkjer på når ein samanliknar nynorsk og bokmål, er iaugefallande skilnader som ordformene eg og ikkje i motsetnad til jeg og ikke. Som mange slike frekvente ord finst desse i mange variantar i dialektane, for eksempel e(g)/æ(g), (e)i, je og ikkje, inte/ente, itt(e). Skilnaden mellom bokmål og nynorsk er at medan bokmål hovudsakleg har henta formene frå det danske skriftspråket eller det dansk-norske talemålet, er formene i det nynorske standardspråket henta frå Aasens (re)konstruerte grunndialekt, og såleis meint å representere alle dei ulike dialektformene.

Eit eksempel er formene hovud og hode som i dialektane òg kan heite håve, hau(d), høvv, huvvu, huggu, hue og fleire. D-en i grunnforma hovud er for det meste stum, bortsett frå i sunnmørsforma haud. Vokalen o har ofte ein open uttale, det vil seie å eller ø, og dette finn vi i det sørvestlandske håve og det trondheimske høvv. Ein slik open o kan òg bli til kort vokal som i høvv, huvvu og huggu. De to siste formene har behalde endevokalen u og denne har påverka o-en ved jamning. Elles kan trykklette endevokalar svekkast til e som i håve og austlandsforma hue, eller forsvinne heilt (apokope) som i høvv. Vidare er v etter kort vokal i nokre dialektar herda til g som i huggu, medan v-en i andre tilfelle har falle bort som i den samandregne forma hau(d). Bokmålsforma hode kjem på si side direkte frå det dansk-norske koinéspråket, truleg som eit kompromiss mellom det danske hoved og det norske hue. Ei anna side av saka er at både hode og andre former frå vårt største standardspråk no breier seg i dialektane, truleg på grunn av bokmålet sin dominans og prestisje.

Eit anna eksempel er formene hol og hull. Igjen har vi ein open o som forklarer dialektformene hål, høl og håll. Bokmålsforma kjem på si side frå den danske skriftforma (med den skilnaden at ein i dansk rettskriving forenklar doble konsonantar i slutten av ord: hullet, men et hul).

I 2005 kartla TNS Gallup talet nynorsk- og bokmålsbrukarar på oppdrag frå Riksmålsforbundet. Dei kom fram til at 7,5% av nordmennene bruker berre nynorsk når dei skriv, og at 5,5% bruker begge målformene. Desse reelt tospråklege kan reknast som nynorskbrukarar, sidan stort sett berre folk som har nynorsk som hovudmål er reelt tospråklege. I følgje denne undersøkinga er det blant fylka i Noreg berre i Sogn og Fjordane nynorskbrukarane er i fleirtal – også om vi reknar brukarar av begge målformene som nynorskbrukarar. Spørsmålet intervjuobjekta fekk, var: «Når du skal skrive i private sammenhenger – benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge former omtrent like mye?» Sidan år 2000 er det berre Riksmålsforbundet som har drive med slik kartlegging av talet nynorskbrukarar. Språkrådet (som den gongen heitte Norsk språkråd) tinga ei slik undersøking seinast i 1995.

Støtta til nynorsken er likevel breiare enn denne undersøkinga viser. Det syner ei meiningsmåling offentleggjord 6. november 2006 der eit representativt utval av innbyggjarane i Møre og Romsdal vart spurde om dei vil at administrajonsmålet til fylket framleis skal vere nynorsk. Det var klart fleirtal for dette.

Den vanlege måten å sjå dette på, er likevel å rekne talet på kommunar i eit fylke som har nynorsk eller bokmål som administrasjonsspråk, eller som er språknøytrale. Da byggjer ein ikkje på meiningsmålingar med dei feilkjeldene desse alltid har, men på offentleg statistikk. I Møre og Romsdal er til dømes 23 kommunar nynorskkommunar, 13 er nøytrale og berre to er bokmålskommunar. Fylket har derfor nynorsk som administrasjonsspråk. Også om ein ser på talet på elevar i nynorske grunnskulekrinsar mot bokmålskrinsar, er det fleirtal for nynorsk i Møre og Romsdal. Da er talet 55% mot 45% i bokmålskrinsar. Også her kan ein byggje på offisiell statistikk i staden for meiningsmålingar, og opplæringsmålet i skulekrinsar vert avgjort i målrøystingar der det har vore reist krav om det.

Etter reglane i mållova er nynorsk fleirtalsmålform i fire fylke: Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

For meir om dette emnet, sjå Nynorsk i grunnskulen.

I dag (pr. januar 2019) nyttar 76 137 elevar i grunnskulen (1.–10. trinn) nynorsk, medan 554 519 elevar har bokmål som hovudmål. Av den totale elevmassen som har norsk som morsmål utgjer delen nynorskelevar 11,96 %.

Dei aller fleste av desse, 90,2 %, er elevar i dei fire vestlandsfylka, men sjølv på Vestlandet er nynorskelevane i mindretal då 40,1 % nyttar nynorsk. Dette er grunna det store talet på bokmålselevar i og kring Bergen, Stavanger og dei andre vestlandsbyane. På det sentrale Austlandet, langs kysten av Sørlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg finst det praktisk tala ikkje nynorskelevar. På Austlandet og Sørlandet er dei lokalisert til desse regionane: Nord-Gudbrandsdalen, Valdres, øvre Hallingdal, Vest-Telemark, Setesdalen og Indre Agder.

Ordnar ein landsdelane og fylka etter prosentvise lutar nynorskelever endar ein opp med desse tala: Vestlandet (40,1 %), Sørlandet (3,6 %), Østlandet (1,9 %), Trøndelag (0,0008 %), Nord-Norge (0,0002 %) – Sogn og Fjordane (97,9 %), Møre og Romsdal (49,4 %), Hordaland (38,4 %), Rogaland (22,8 %), Oppland (16,7 %), Telemark (9,4 %), Aust-Agder (4,6 %), Vest-Agder (3,0 %), Buskerud (2,0 %). 
 
Om ein rangerer fylka etter talet nynorskelevar (i absolutte tal) blir rekkjefylgja vesentleg endra: Hordaland (24 433), Møre og Romsdal (16 158), Rogaland (14 436), Sogn og Fjordane (13 632), Oppland (3 483), Telemark (1 884), Vest-Agder (737), Aust-Agder (684), Buskerud (679) (Alle tala for skuleåret 2018-19  ssb)

 var blant dei fyrste som tok i bruk nynorsk som kyrkjespråk. I dag brukar om lag 10 % av sokna i Trøndelag nynorsk liturgi.
Nynorsk hadde si største utbreiing til no i tida etter innføringa av rettskrivinga av 1938, då ein tredel av elevane i grunnskulen hadde nynorsk som hovudmål. Då stod målet sterkt ikkje berre på Vestlandet, men òg på indre delar av Austlandet, og store delar av Sørlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg. Det var berre på låglandet på Austlandet og Finnmark der målet i det heile ikkje fekk fotefeste. Nynorsk fekk heller ikkje innpass i byane kring kysten og landet elles, noko som kan ha medverka til at målet fekk ein kraftig attergang etter krigen.

Frå 1950-talet minska delen nynorskelevar kraftig til han stabiliserte seg på om lag 17% frå 1970-talet til utpå 1990-talet. Nynorsken forsvann ut att som skulemål der han kom seinast inn, og ikkje hadde støtte i bruk utanom skulen. Sentraliseringa i samfunnet er òg ein viktig grunn til minkinga. Nynorsken står nå attende med eit kjerneområde på Vestlandet og dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet. Sidan midt på 1990-talet har det vore ei jamn attergang på om lag 0,2 prosentpoeng pr år, særleg i distrikta kring byane på Vestlandet og i Aust-Telemark har målet mista oppslutnad i desse åra. I heile landet har ein av åtte elevar (12.4%) nynorsk som opplæringsmål i grunnskulen (2014).

Nynorskbrukarar som jobbar i norsk næringsliv har i regelen få opningar for å bruke nynorsk, men må bruke riksmål/konservativt bokmål (eller engelsk) der tekstane skal brukast eksternt eller representere firmaet. Dette betyr at det enno blir utøvd mykje strukturell tvang i retning av riksmål/konservativt bokmål. Statistikkar som viser til fordelinga av nynorsk og bokmål må tolkast ut frå den strukturelle tvangen som blir utøvd i norsk næringsliv.

Nynorsken er likevel meir synleg i samfunnet under eitt i dag enn han nokon gong har vore, særleg gjennom bruk i NRK fjernsynet. I TV 2 brukar dei òg ein del nynorsk, men mest munnleg. Han er òg bruka i rimeleg grad av somme store regionsaviser, medan dei største riksavisene framleis har eit faktisk forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Dette gjeld VG, Dagbladet og Aftenposten. Derimot har desse riksavisene opna for nynorskskrivande journalistar: Vårt Land, Nationen, Dagsavisen og Klassekampen. Kong Harald kviar seg for å nytta nynorsk, di hav ikkje vil vere «knote-konge».  I dataverda finst det etter kvart stadig fleire program og verktøy på nynorsk.

Likefullt fortsetter åtaka på nynorsken, serleg frå høgresida i politikken. Dei seinare åra har det kome mange framlegg om å gjere sidemålet friviljug eller berre munleg – dette er i praksis snakk om undergraving av nynorsken sin posisjon som likesteld målform. Om ein ser nok fram i tid, uttalar fleire seg pessimistisk om framtida for målet.

cs* Nynorsk som skulemål i Rogaland




#Article 3: Norsk språkråd (237 words)


Norsk språkråd var eit statleg rådgjevande organ i spørsmål som galdt norsk språk mdash; både bokmål og nynorsk mdash; overfor offentlege institusjonar så vel som overfor ålmenta. Rådet vart skipa i 1972 og avløyste Norsk språknemnd, som vart oppretta i 1952.

Norsk språkråd hadde i oppgåve å verne om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremje tiltak som kunne auke kunnskapen om norsk språk, fremje toleranse og gjensidig respekt mellom alle som bruker norsk språk i ulike variantar, og verne om rettane til det enkelte mennesket når det galdt bruken av språket. Mellom dei viktigaste oppgåvene til rådet var normering av bokmål og nynorsk, språkleg rådgjeving og språkleg kvalitetssikring av lærebøker. Frå 1994 hadde rådet i oppgåve å føre tilsyn med statsorgan under departementsnivå når det galdt  gjennomføringa av mållova. Og frå 2000 hadde rådet i oppgåve også å arbeide med norsk språk og informasjonsteknologi. Norsk språkråd registrerte nyord, foreslo  avløysarord i staden for engelske importord og fremja tiltak for å sikre språkleg likestilling mellom bokmål og nynorsk. Rådet gav frå 1973 ut tidsskriftet Språknytt og frå 1994 bulletengen Statsspråk. Norsk språkråd hadde dei siste åra ca. 20 tilsette.

Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanne Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk som skulle føre vidare mange av dei gamle arbeidsoppgåvene. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet  18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vere Språkrådet.




#Article 4: Ivar Aasen (1342 words)


Ivar Andreas Aasen () var ein norsk språkforskar og diktar. Gjennom innsamlingsarbeid og systematisering la han grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av norsk språk. Ivar Aasen er mest kjend for å vera opphavsmannen til landsmålet, opphavet til den moderne nynorsken. 

Saman med Henrik Wergeland, Ole Gabriel Ueland og Johan Sverdrup var Aasen den leiande i den nasjonale og folkelege rørsla på 1800-talet.

Aasen vart fødd i 1813 i Åsen i Hovdebygda i Ørsten, dagens Ørsta kommune, som son av Ivar Jonsson og Guri Jonsdotter Åsen. Han var døypt Iver Andreas Aasen, forma «Ivar» kom i bruk omkring 1845. Han var yngst av åtte sysken og mista tidleg begge foreldra. Aasen måtte tidleg ta del i hardt gardsarbeid for å klara seg. Plassen han budde på, var isolert, og han hadde få vener. På fritida underheldt han seg derfor med å lesa i Bibelen. Han blei allereie som liten rekna som ein kvikk kar av både lensmannen og presten i bygda. Garden Ekset med Sivert Aarflots boksamling var berre tre kilometer frå Åsen-garden. Aarflot hadde sjølv gjort observasjonar om slektskap mellom sunnmørsdialekten og gamalnorsk, og dette kan ha inspirert den unge Aasen.

Aasen fekk utvikla lærdommen sin hjå prosten Hans Conrad Thoresen, der han avla «prosteprøve». Thoresen var prost i Herøy og vart seinare svigerfar til Henrik Ibsen. I åra 1833–35 las Aasen latin, historie, geografi, retorikk og diktekunst hos Thoresen med tanke på vidare studier (som han slo frå seg). I 1831 blei han omgangsskolelærar før han etter kvart blei huslærar hjå kaptein Daae på Solnør (i Skodje). Det var truleg prosten Thoresen som fekk Aasen plassert hos slekta på Solnør. Der hadde han mellom anna Ludvig Daae (Suzannah Ibsens søskenbarn) som elev 1835–42. Han utvida heile tida kunnskapen sin, mellom anna ved å læra seg fleire språk på eiga hand, og ved å laga ei fyldig plantesamling frå nærområdet. Medan han var på Solnør, byrja Aasen òg å granska målføre, og tok først fatt på sin eigen sunnmørsdialekt. Han fekk eit vanskeleg arbeid, ettersom han ønskte å finna fram til målføret før dansk påverking, men blei til sist ferdig med Den Sunnmørske dialekt, som blei gjeven ut i 1841. 

I 1836, då han berre var 22 år gamal, skreiv han det programmatiske essayet «Om vort Skriftsprog» (prenta første gong i Syn og Segn i 1909). Stephen Walton kallar dette essayet ein «retorisk kraftprestasjon» og eit naturleg utgangspunkt for drøfting av Aasens livsverk. I «Om vort Skriftsprog» skriv Aasen mellom anna:

Aasen reiste til Bergen for å få arbeidet sitt vurdert av biskopen der, Jacob Neumann. Biskopen blei svært imponert, og fekk delar av arbeidet trykt i to nummer av Bergens Stiftstidende i 1841. Neumann sørgde òg for å setja den unge språkforskaren i kontakt med Vitenskapsselskapet i Trondheim, som gav han eit stipend slik at han kunne reisa rundt og granska andre dialektar. Aasen var då 29 år.

Sjølv om Aasen er mest kjend som språkforskar, gjekk han omkring 1859 inn i ein «offensiv fase» med politisk polemikk: 

I essayet «Om vort Skriftsprog» (1836) tar Aasen til orde for å lage eit nytt «Hovedsprog» som ikkje er basert på ein enkelt dialekt, men eit grunnlag for alle dialektar. For å oppnå dette ville han lage ordsamlingar «for enhver af Landets større Provindser» og:

I fire år reiste han rundt i Noreg og skreiv ned ord og uttrykksmåtar. Han dekte over fire hundre mil, men reisepengane tok slutt før han fekk vitja Nord-Noreg. Målføra nord for Helgeland kom derfor ikkje med i studiet i fyrste omgang. Men i løpet av tjue år skulle han fortsetja å reisa, mellom anna til Tromsø, og han vitja over halvparten av alle kommunane i landet. Når han ikkje reiste, budde språkforskaren i Kristiania.

I 1848 gav Aasen ut Det norske Folkesprogs Grammatik. To år etter kom Ordbog over det norske Folkesprog. Denne inneheldt over 25 000 ord og blei skildra av P.A. Munch som eit nasjonalt meisterverk. I 1849 presenterte Aasen den første teksten på det nye skriftspråket («Samtale imellem to Bønder»), og fire år etter kom han med utkastet til det nye norske landsmålet: Prøver af Landsmaalet i Norge. 

Oppgåva til Aasen var å skapa eit ekte norsk skriftspråk med minst mogleg påverking frå dansk. Derfor tok han utgangspunkt i landlege dialektar som hadde meir til felles med norrønt. På den andre sida ville han gjerne ha eit språk som folk flest kunne kjenna igjen som norsk, og ikkje islandsk, og han søkte samsvar med dansk og svensk der han kunne.

Ivar Aasen utvikla eit landsmål — eit språk for heile landet — som bygde på det norske folkespråket. Ivar Aasen sitt landsmål vart sterkt prega av kvardagsspråket til bygdefolk — det språket som nasjonalromantikaren P. A. Munch omtalte som «plat» og «pøbelagtigt». Nasjonalromantikarane hadde ønskt seg eit meir arkaisk språk. Men Aasen villa skape eit fellesspråk, og det metodiske arbeidet for å skape mest mogleg regelrett samsvar mellom språket og kvar av dialektane fekk til følgje at fellesformene ofte tilsvarte dei røtene dialektane hadde til felles i dei gammalnorske formene. Men Aasen hadde som prinsipp at der nesten alle dialektar hadde endra seg frå det gammalnorske, skulle ikkje det nye landsmålet følgje gammalnorsk. Det var hos bøndene ein fann det ekte nasjonale språket som frå eit nasjonalt perspektiv hadde rett på den fremste plassen, meinte Aasen. Medan dansk-norskens stilling i Noreg bygde på makt, tvang og vald, hadde landsmålet ein naturleg og legitim rett.

Aasen sette opp ei ny og sjølvstendig målform, men tok omsyn til dei andre skriftmåla i Norden. Eit grunndrag i norma som Aasen sette opp, var den kløyvde endinga i bunde hokjønn eintal: «visa», men «soli». Av di ein skulle syne samanhengen med grunnforma «trygg», måtte ein skrive «trygt», endå uttala var «trykt». Han heldt på mange konsonantar som ikkje fanst i talemålet, slik at han etter opphavet skreiv «djup» og ikkje «jup», «huset» og ikkje «huse». 

Aasen meinte at dei dialektane som best hadde teke vare på formrikdom og ordtilfang frå det gamle norske språket, var dei beste. Dette synet sette sitt preg på landsmålet. Etter kvart som landsmålet vart teke i praktisk bruk, valde folk likevel å skrive eit språk med færre grammatiske former og med større innslag av lånord frå andre språk.

Aasen busette seg i Kristiania i 1847 , og vart buande der i nær femti år, til han døydde. Han var smålåten og stillfarande, og både i dikting og sakprosa tok han parti for dei små i samfunnet. 

Ivar Aasen gav ofte uttrykk for at han kjende seg einsam, utan familie og skild både frå bondekulturen han voks opp i, og frå borgarskapskulturen som han vegra seg mot å bli ein del av.

Med Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) innleidde Ivar Aasen den vitskaplege utforskinga av moderne norsk. Hans Norsk Grammatik frå 1864 er på mange felt, særleg innan morfologi, framleis ein standardreferanse. Ivar Aasens Norsk Ordbog : med dansk Forklaring i 1873 er fundamentet norsk leksikografi kviler på.

I tillegg til språkskriftene sine gav Ivar Aasen ut fleire skjønnlitterære verk, mellom anna ei samling av eventyr og segner, syngespelet Ervingen frå 1855, og diktsamlinga Symra frå 1863. Eit av dei mest kjende dikta hans er «Nordmannen» (Millom bakkar og berg). Aasen omsette og utanlandske dikt, mellom anna av Lord Byron og Friedrich Schiller.

Ludvig Daae karakteriserte diktaren som «en af de mest alsidigt begavede Mennesker jeg har
truffet paa. Stor Sprogkyndig, mere end middelmaadig Poet, fin musikalsk Sands. Humor, Lune og mimisk Begavelse.» Aasen ynskte at dikta skulle syngjast, difor kalla han dei «visor». Og visene til Ivar Aasen slo ned i den folkelege songtradisjonen.

Ivar Aasen heldt seg strengt til skriftnorma når han dikta. Han var lingvist når han forma strofer, og han hadde det poetiske språket i tankar når han skreiv grammatikk.

Samlinga av rundt 500 vekstar frå Ørskog og Skodje som Aasen hadde gjort i ungdommen og klassifisert etter Linné sitt system la, saman med namneforskinga, grunnlaget for artikkelen «Norske Plantenavne» frå 1860. Samlinga har sidan gjeve eit godt bilete av sunnmørsfloraen på Aasen si tid.

(For fullstendig bibliografi, sjå )




#Article 5: Star Trek (1759 words)


Star Trek er ei science fiction-verd frå fjernsyn og film, skapa av Gene Roddenberry i 1966. Star Trek skildrar ei optimistisk, nesten utopisk framtid der menneska har overvunne sjukdom, rasisme, fattigdom, intoleranse og krig på jorda. I Star Trek-universet har menneska utvikla teknologi for reiser raskare enn lyset, såkalla warp-drives. Med denne teknologien reiser ein rundt i universet for å oppdage nye sivilisasjonar og for å skape fred og forsoning mellom dei ulike rasane. Originalserien vart stansa i 1969, men fansen nekta å late serien døy. Sidan den gong har det vorte produsert 6 fjernsynsseriar og 11 kinofilmar. Skaparen av Star Trek, Gene Roddenberry, døydde i 1991 medan innspelinga av -serien var i sin fjerde sesong.

(1966–1969)

Star Trek (ofte forkorta TOS for The Original Series) hadde ikkje nokon stor suksess i starten. Det viste seg likevel etter at serien var stansa at Star Trek hadde mange trufaste og engasjerte tilhengjarar, som referte til seg sjølve som Trekkies, gjorde det populært med reprisar og skapte ein marknad for seinare seriar og kinofilmar baserte på Roddenberrys verk. Star Trek-historiene vert no anerkjende som ein del av amerikansk kultur, og oppnår stadig meir popularitet internasjonalt, inkludert Noreg. Delvis takka vere lobbyverksemd frå fansen, bestemde den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA seg for å kalle ei av romferjene sine opp etter Enterprise.

Mange av episodane i den første serien handlar om møte med vesen langt mektigare enn romskipet og mannskapet om bord. Desse vesena fanst i mange ulike former: Avanserte romvesen med psykiske krefter, farlege maskinar og, i eitt tilfelle, ein gud. Nokre gonger fekk nokon av mannskapet gudeaktige eigenskapar etter ei merkeleg ulykke, noko som nesten alltid sette dei sjølve og mannskapet i fare. Ei varsemd i høve til maskinar oppstod, og i mange episodar redda Kaptein James T. Kirk (spela av William Shatner) framande kulturar frå undertrykking av diktatoriske datamaskinar.

Dei fleste situasjonane løyste seg når vesenet eller maskinen var nær ved å øydeleggje skipet eller gjere mannskapet til slavar – men dei vart til sist redda av Kirk. Hans vanlege strategi var å lure fienden med ein «deus ex machina», ofte etterfølgd av ein glødande appell til humanistiske verdiar.

(1972–1973)

Star Trek: The Animated Series er ein teiknefilmserie sett i det fiktive Star Trek-universet. Det offisielle namnet på serien var berre Star Trek, men tilføyinga The Animated Series vert brukt av fansen til å skilje han frå den opphavlege Star Trek-serien.

Serien vart produsert av selskapet Filmation og hadde to sesongar i 1972–1973 som samla utgjer 22 episodar à 30 minutt. Serien viste det meste av den originale besetninga – som også gav røyster til rollefigurane, med unntak av Pavel Chekov (Walter Koenig), som vart erstatta av Løytnant Arex. Arex var en del av ein treføtt rase som hadde tre armar og tre føter.

Ein vona at Star Trek skulle ta i bruk all den fridommen som animasjonar gjev, men budsjettrammene var framleis eit problem, og kvaliteten på animasjonane var dårleg. I det minste gav det moglegheit til eit mykje meir omfattande landskap på framande planetar enn det eit lite studio kunne gje.

Det er verdt å merkje seg at sjølv om Enterprise-skipet var det same som i originalserien, så hadde dette skipet eit holodekk, i likskap med skipet som vart introdusert i The Next Generation-serien.

(1987–1994)

I 1987 vart ein ny TV-serie lansert, Star Trek: The Next Generation (forkorta til ST:TNG eller berre TNG), med nytt mannskap og ny handlingstråd. I motsetnad til i originalserien møter mannskapet ombord USS Enterprise NCC 1701-D som regel på andre rasar som er teknologisk jambyrdige. Ein god del episodar er utan møte med andre rasar, slik som tidssløyfer, karakterdrama og naturkatastrofar.

Sjølv om mannskapet også i denne serien møter på avanserte rasar, er det mindre triksing og fiendskap ute og går – som regel prøver dei å finne ei fredeleg løysing. I nokre tilfelle vert det heile løyst på ein humoristisk måte.

Ein stor forskjell frå originalserien er fokuset på Hovuddirektivet (Prime Directive) som seier at den avanserte Føderasjonen ikkje skal blande seg inn i den teknologiske og moralske utviklinga av andre kulturar. Dette vart ofte brukt i handlinga til å skape moralske konfliktar mellom rollefigurane, og dei måtte vere vitne til rasar i nød som dei var juridisk hindra frå å hjelpe.

Den største forskjellen mellom TOS og TNG er elles at episodane var historisk knytte til kvarandre. Gjenstandar, fiendar og rollefigurar frå tidlegare episodar kom ofte att, noko som styrkte samanhengen mellom episodane. Ein svært viktig rollefigur som gjekk att i heile serien, Q, vart introdusert i den første episoden (Encounter at Farpoint). Han var den mest innflytnadsrike enkeltfienden i heile serien, og var planlagd til å vere det.

Roddenberry vart heile tida kreditert som Executive Producer for Star Trek: The Next Generation, men innflytnaden hans vart svekka etter som serien vart produsert. Då produsenten Rick Berman kom inn i bildet, vart serien meir aktiv i naturen sin og baserte seg meir på action og kriging. Dette vart tydelegare i dei seinare episodane av TNG, og var basis for det vidare plottet i serien.

(1993–1999)

I 1993 lanserte Paramount Pictures Star Trek: Deep Space Nine (ofte forkorta DS9) som gjekk samtidig med slutten av The Next Generation og dei fleste sesongane av Voyager. DS9 var et avvik frå den vanlege Star Trek-oppskrifta i og med at serien ikkje handla om romskipet Enterprise og mannskapet ombord. I staden handla serien om romstasjonen Deep Space Nine, ein fjern Føderasjonsutpost på ein tidlegare kardassisk gruvestasjon.

Deep Space Nine drog bort frå dei meir utopiske emna frå tidlegare Star Trek-seriar, og fokuserte meir på krig, politikk og kompromiss, og andre moderne emne. Kommandør Benjamin Sisko (Avery Brooks) vart tvungen til å samarbeide med eit splitta bajoransk styre med førsteoffiseren, Major Kira (Nana Visitor). Som ein tidlegare motstandsleiar ønskte ho i byrjinga ikkje Føderasjonen si hjelp til å drive stasjonen.

Eit anna eksempel på den mørkare, meir kontroversielle handlinga i DS9 er Seksjon 31, ei politiavdeling i Stjerneflåtens Etteretningsteneste (Starfleet Intelligence) som vert driven i all løyndom. Denne udemokratiske skuggeorganisasjonen rettferdiggjer sine ulovlege, uetiske taktikkar med at han er nødvendig for at Føderasjonen skal halde fram med å eksistere.

(1995–2001)

 vart først send på TV i 1995, like etter at The Next Generation-serien var avslutta. Han fann stad i den same fiktive perioden som Deep Space Nine, men denne gongen på eit skip att – USS Voyager. I pilotepisoden vert Voyager send ut på eit oppdrag for å spore opp eit skip styrt av ei cellegruppe av Maquis, ein anti-kardassiansk terroristorganisasjon (eller motstandsrørsle – ut frå augo som ser). Under ei jakt gjennom eit område kjend som the Badlands, vert skipa transporterte til den andre sida av galaksen gjennom eit framandarta apparat. Mannskapet om bord på dei to skipa vert tvungne til å slå seg saman etter at Maquisane sitt skip vert øydelagt av kazonarar.

Sjølv om dei to første sesongane fokuserte på konflikten mellom dei fridomselskande Maquisane og det organiserte Føderasjonsmannskapet, konsentrerte serien i all hovudsak seg om utforskinga av Delta-kvadranten av galaksen (Jorda er på grensa mellom Alfa- og Beta-kvadranten) under Voyager-skipets lange reise heim. På vegen heim må skipet med det passende namnet hamle opp med organstelande vidiianarar, borgane sine mareritt-legionar og den ekstradimensjonelle skrekken frå Species 8472.

(2001–2005)

I 2001 starta den nyaste serien som opphavleg berre fekk namnet Enterprise. Enterprise vart sett til år 2151, ti år før Føderasjonen vart skipa. Det var også den første serien utan «Star Trek»-namnet i tittelen. Han hadde meir action, meir fokus på farar i samband med med utforskinga av verdsrommet med underlegen teknologi. Han hadde òg eit «Temporal Cold War»-plot som leiar ein vekk frå den tradisjonelle Star Trek-tidslina. Ved starten av den tredje sesongen i 2003 endra dei tittelen frå berre Enterprise til Star Trek: Enterprise. Ein del av fansen protesterte høglydt mot denne nyaste Star Trek-serien. Dei såg på det som berre eit forsøk på å tene pengar med meir action og fokus på lettkledde romvesenkvinner, og dermed avsporing frå meir sentrale tema frå dei tidlegare seriane. Andre har hevda at dei generelt sett låge sjåartala er resultat av eit forsøk på å marknadsføre TV-stasjonen han gjekk på, UPN, mot ei yngre, mannleg målgruppe. Enterprise har dei lågaste sjåartala for ein Star Trek-serie nokon gong, ein trend som hade byrja allereie ved avslutninga av The Next Generation. Enterprise-serien gjekk fram til 2005.

Det er vorte produsert i alt ti kinofilmar, der den siste av dei var planlagd vist på norske kinoar, men aldri vart vist på grunn av dårlege visingstal i utlandet. Delvis på grunn av sterkt press frå fansen vart det likevel sett opp fire spesialframsyningar med Star Trek: Nemesis på Eldorado kino i mars 2003.

Star Trek vart vist på norsk TV første gong i 1996. Då viste TVNorge dei 3–4 første sesongane av The Next Generation. Nokre år seinare viste TV 2 stort sett dei same episodane. Frå og med 2003 starta TV 2 med å vise Voyager på søndagar. Fansen i Noreg protesterte mot at Voyager-serien ofte fell bort frå sendeplanen på grunn av sportssendingar. TV2 starta difor med å sende serien på laurdagar òg. Ulike TV-kanalar har også vist enkelte av filmane. I 2007–2008 var det Viasat 4 som hadde retten til å sende Star Trek i Noreg.

Ein del nordmenn kunne på slutten av 80-talet og starten av 90-talet sjå originalserien og seinare Next Generation på den britiske TV-kanalen Sky One, men denne kanalen vart koda like etter oppstart av Deep Space Nine-serien. 

Frå 2008 var Star Trek episodar tilgjengelege på YouTube.

Den første fanklubben i Noreg av ein viss storleik var Star Trek Norge. Han hadde utgangspunktet i ein nettstad som var starta opp og vedlikehalden av Mads Andre Strømsnes. Nettsida vart offisielt lansert 1. august 2001. Nettsida vart drive på frivillig initiativ, men etter oppstart av nettbutikk vart dei fleste utgifter dekte av denne. 17. januar 200] vart sida offsielt lagd ned.

Star Trek Norge var ikkje ein klubb i vanleg forstand med eit vald styre og innmelding av medlemmer. Forumet til nettsidene og IRC-kanalen #STNorge på EFnet var likevel med på å knyte kontaktar mellom norske trekkies.

Ein ny norsk Trekkie-klubb vart skipa i november 2004. Han hadde eit eige forum som vart kalla Star Trek Norge (same namn som Strømnes si eksisterande nettside). 21. januar 2005 endra klubben namnet til Trekkers Norge. Klubben er ein paraplyorganisasjon for fleire små, lokale Star Trek-klubbar, og har ønskje om å hjelpe til med å skipe lokallag rundt om i landet der dette ikkje finst frå før. Klubben har i dag eit styre og fleire aktive lokallag.




#Article 6: Fonetikk (116 words)


Fonetikk (av gresk φωνή phōnḗ 'lyd'), òg kalla lydlære eller språklydlære, er ei grein av lingvistikken som omfattar læra om språklydar. Som vitskapleg disiplin freistar fonetikken å skildre og forstå fenomen og prosessar i tale som er aktive når menneske snakkar saman - eller freistar å snakke saman. Fonetikk er såleis studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene. Fonetikken står i eit kryssingspunkt mellom lingvistikk, anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk og psykologi.

Sidan fonetikk er studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene, er det vanleg å rekne med at fonetikken har tre hovudgreiner:




#Article 7: Jødedommen (5283 words)


Jødedommen er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historia åt jødedommen dannar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’í og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tanákh, er såleis òg heilag skrift for dei kristne og blir av dei kalla Det gamle testamentet.

Over dei siste om lag 2500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter noka enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i dette har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rad religiøse prinsipp. Det mest sentrale av desse er trua på éin enkelt, allvitande transcendent Gud som skapte universet og fortset å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngjekk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine åt dei i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei ulike antikke og moderne autoritetane.

Jødedommen lèt seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samanhengande historie. I denne tida har jødane opplevd slaveri, anarkistisk sjølvstyre, teokratisk sjølvstyre, erobring, okkupasjon og eksil.  Det jødiske folket har vore i kontakt med, og vorte påverka av, gammalegyptisk, babylonsk, persisk, hellenistisk og romersk kultur såvel som renessansen, opplysningstida (sjå t.d. haskalá) og 1800-talets nasjonalromantikk og nasjonalisme. Ut frå denne bakgrunnen har Daniel Boyarin hevda at “Jewishness disrupts the very categories of identity, because it is not national, not genealogical, not religious, but all of these, in dialectical tension.” («Jødiskheit strid mot sjølve grunnkategorien ‘identitet’ fordi ho ikkje er nasjonal, ikkje genealogisk, ikkje religiøs, men alle desse i dialektisk spenning.»)

Slik sett har dei mange som opp gjennom årtusena har konvertert til jødedommen ikkje berre til teke seg ei tru, men òg ein etnisistet — som det går tydeleg fram av den kanskje mest kjende konverteringa, når Rut i Ruts bok (ein del av både den jødiske Tanákh og det kristne Gamle testamentet) seier åt Na‘omi:  «Folket ditt er folket mitt, og Guden din er Guden min!» (Ruts bok, kap. 1, v. 16)

I mange religionar er det vanleg å dra på valfart til spesifikke heilage stader i løpet av året eller livet — jfr. hadj til Mekka i islam og pilegrimsfart til Roma, Jerusalem eller Betlehem i kristendommen). I jødedommen er det tre slike valfartsfestar — pesaḥ (påske), sjabu‘ót (jød. pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Medan Tempelet i Jerusalem stod, drog alle jødar i Israel som det var praktisk mogleg for på valfart til Tempelet for påskeofferet. I dei fleste utgåver av Haggadá sjel pesaḥ, eller haggadáen, seier ein  — «Året som kjem, i Jerusalem!»

Det jødiske bøneritualet er kodifisert i ein siddúr (bønebok). Ein bed i utgangspunktet tre gonger dagleg — anten privat eller i synagogen.

Både tradisjonell jødisk tru og dei fleste historisk-kritiske forskarar reknar visse trekk som ulike frå dei andre religiøse kultane som fanst på den tida at jødedommen skilde seg ut som eigen religion. Eitt slikt trekk var monoteismen. Dette trekket var, etter historikaren Yehezkel Kaufman sitt syn, signifikant i og med at jødedommen hevda at Gud skapte — og bryr seg om — menneskja. I polyteistiske religionar rekna ein ofte med at menneska vart skapte ved eit uhell, og at gudane primært er opptekne av forholdet til andre gudar heller enn til menneska.

Eit anna særtrekk er at Toráen spesifiserer at israelittane skal leva etter eit antal bod (613 miṣvót etter rabbanittisk jødedom). Andre trussystem på same tid legg hovudsakleg eller eksklusivt vekt på templa der prestane tilbad gudane sine gjennom ofring. Israelittane hadde òg eit system av tempel, presteskap og offerritual — men desse var ikkje den einaste måten å tena Gud på.

Bibelkritikarar er ikkje einige om kva tid monoteismen oppstod i jødedommen. Tradisjonelle jødar hevdar at dette er uttrykt direkte i Toráen, der Gud integrerer dette i Dei ti boda:

Dette synet blir vidare understreka av det første verset av Sjemà‘ (5. mos 6:4), som kan omsetjast på to måtar:

Slik er altså trua på Guds eksistens, på Guds æve, på Gud som einaste skapar av alt som finst og på Gud som forfattaren av verdshistoria, sjølve fundamentet i jødedommen som religion. Å vende seg bort frå denne trua er å vende seg bort frå Gud og frå essensen av jødisk tru etter den jødiske forståinga av Dei ti boda. Vidare blir det kravd at ein ikkje skal tru på noko anna enn Gud og Gud åleine. Dermed er tru på eller dyrking av fleire guddommar, ander eller inkarnasjonar forbode etter jødisk tru. Idéen at Gud er ein dualitet eller ei treeinigheit er rekna som eit kjettersk syn og som eit steg mot polyteisme.

Det er òg forbode å «gjera [seg] avgudsstatuar eller [...] bilete som [representerer noko] i himlane ovanfor eller  på jorda nedanfor eller  i vatna nedanfor jorda; ikkje bøy dykk åt dei og ikkje ten dei». Dette blir i jødedommen sett på som eit totalforbod mot alle skulpturar eller bilete som ein sjølv eller andre kan komma til å bøye seg for og tena, inkludert krusifiks og religiøse ikon og alle måleri eller andre kunstnarverk som representerer Gud. Ein må ikkje bøye seg for eller tena noko anna vesen eller objekt enn Gud åleine.

Praktisk gudsteneste inkluderer i jødedommen å helge kvardagslivet til det andelege nivået i Tempelet i Jerusalem ved å tena Gud gjennom dei vanlege aktivitetane i dagleglivet. Slik er t.d. matbordet sett på som eit offerbord der ein reinsar seg først (gjennom handvask med tilhøyrande signing) og òg seier signingar føre og etter maten. Ved sanseinntrykk (særleg syn, høyrsel, lukt og smak) finst det særskilde signingar som blir framsagde. Til og med etter toalettbesøk finst det ei eiga signing. Det heiter tradisjonelt at dette er ein viktig del av korleis kvar jøde kan oppnå eit betre liv i ‘Olám habbá (‘verda som kjem’) eller Gan ‘Éden (paradis). Merk likevel at det ikkje finst noko enkelt eller eintydig bilete av livet etter døden i jødedommen, og livet etter døden er heller ikkje eit sentralt område i jødisk tru.

Temaet i Tanákh (Den hebraiske bibelen) er israelittane (òg kalla hebréarane) sitt tilhøve til Gud som det attspeglar seg i historia deira frå den første byrjinga til bygginga av det andre Tempelet i Jerusalem kring 350 fvt. Dette tilhøvet er skildra som problematisk, med israelittane sin indre konflikt mellom trua på Gud og tiltreknaden til andre gudar og med nokre israelittar — særleg Abrahám, Ja‘akób (Jakob; seinare kjend som Jisraél) og Mosjé (Moses) — sin kamp med Gud.

Etter trua i ortodoks jødedom og blant dei fleste tradisjonelle og/eller religiøse jødar, var Abraham den første jøden. Den rabbinske litteraturen hevdar at han var den første til å avvise avgudsdyrking og til å preike for monoteisme. Som løn lova Gud at Abraham skulle få born: “Sjå no til himmels og tel stjernene — om du greier å telja dei;” og [Gud] sa åt honom: “Slik skal han vera, sæden din.” (1. mos. 15:5) Det første barnet til Abraham var Jisjma‘él, og den andre sonen hans var Jiṣ’ḥák (Isak), som Gud sa skulle fortsetja arbeidet åt Abraham og erve landet Israel (då kalla Kena‘an (Kanaan)), etter å ha vorte sendt or landet og berga att. Gud sendte patriarken Ja‘akób og borna hans til Egypt, kor dei vart gjorde til slavar nokre generasjonar seinare. Så sendte Gud Mosjé (Moses) for å berge israelittane frå slaveriet, og etter utgangen or Egypt, leidde Gud dei til Sinaifjellet og gav dei Toráen, for til slutt å føre dei til landet Israel.

Gud sette til oppgåve for etterkommarane av Mosjé sin bror Aharón (Aron) å vera ein kohén (jødisk prest) i det israelittiske samfunnet. Dei tenestegjorde først i Paktteltet, og seinare hadde etterkommarane deira ansvaret for gudstenesta i Tempelet i Jerusjaláim (Jerusalem).

Straks israelittane kom inn i Israel, vart paktteltet sett opp i byen Sjiló og vart verande der i over 300 år medan Gud lét store menn og nokre kvinner forsvara nasjonen mot fiendar som gjekk til åtak på dei — nokre av desse fiendane vart sende som straff for israelittane sine synder. Dette er skildra i Josvas bok og Domarane. Etter som tida gjekk, sokk det andelege nivået åt israelittane så djupt at Gud lèt filistinarane plyndre paktteltet i Sjiló.

Israelsfolket fortalde da profeten Sjemu’él (Samuel) at dei hadde nådd punktet at dei trengde å styrast av ein permanent konge på same vis som andre nasjonar, som det er skildra i Samuelsbøkene. Gud visste at dette ikkje var det beste for dei, men gav etter for bønene deira og lét Sjemu’él utnemne Sja’úl (Saul), ein stor men svært audmjuk mann, til å vera kongen deira. Da folket pressa kong Sja’úl til å gå mot ein ordre som Sjemu’él gav honom, bad Gud Sjemu’él om å utnemne Davíd i staden hans.

 

Med ein gong kong Davíd hadde teke over, fortalde han profeten Natán at han ønskte å byggje eit varig tempel, og som løn for gjerningane hans lova Gud Davíd at han ville lata sonen hans byggje tempelet, og at trona aldri skulle falle or hendene å borna hans. Davíd sjølv kunne ikkje byggje tempelet fordi han hadde vore involvert i mange krigar — noko som gjorde det umogleg for honom å byggje eit tempel som skulle representere fred. Dermed vart det sonen hans, kong Sjelomó I av Israel (Salomo el. Salomon) som kom til å byggje det første permanente Tempelet, etter Guds vilje, i Jerusalem — som det står skrive i Kongebøkene.

Etter at kong Sjelomó døydde, vart kongedømmet hans delt i dei to kongedømma Israel og Jehudá (Juda). Etter fleire hundre år med mykje avgudsdyrking i Nordriket (Israel), lét Gud Assyria leggje Nordriket under seg og sende folket i eksil. Sørriket (Jehudá), som hadde Jerusalem som hovudstad, vart verande under styret åt Davids hus; men, som det òg hadde skjedd i Nordriket, vart det så mykje avgudsdyrking i Sørriket at Gud lét Babylon leggje under seg Jehudá, øydeleggje Tempelet som hadde stått i 410 år og føre folket i eksil i Babylon med løfte om at dei skulle få fridommen sin att etter 70 år. Desse hendingane er skildra i Jesja‘jáhu (Esaias bok) og Jirmejáhu (Jeremias bok).

Etter sytti år fekk jødane (som innbyggjarane av det tidlegare Sørriket (Jehudá) no vart kalla), komma tilbake til Israel att under ‘Ezrá si leiing og Tempelet vart atteroppbygd, som det står skrive i Ezras bok og Nehemjas bok. Det andre Tempelet i Jerusalem vart ståande i 420 år, og vart så øydelagt av den romerske generalen og seinare keisaren Titus i år 70 evt. Det jødiske tempelet vil liggja i ruinar inntil ein etterkommar av kong Davíd ris opp og atteropprettar Israels ære og byggjer opp att Tempelet i Jerusalem.

Toráen som vart gjeven israelsfolket på Sinaifjellet vart oppsummert i dei fem mosebøkene. Saman med Nebi’ím (Profetane) og Ketubím (Skriftene) utgjer han Den skriftlege Toráen. Detaljane og tolkinga av lova, som blir kalla «Den munnlege Toráen», var opphavleg ikkje nedskriven. Men ettersom forfølginga av jødane auka og tradisjonen etterkvart stod i fare for å bli gløymd, seier den rabbanittiske tradisjonen at desse munnlege lovane vart nedskrivne i Misjná og Talmúd, såvel som i andre heilage skrifter.

Sjølv om monoteismen er eit grunnleggjande drag i rabbanittisk jødedom, hevdar fleire kritiske bibelforskarar at visse vers i Toráen impliserer at dei tidlege israelittane aksepterte at fleire gudar fanst, medan dei såg sin eigen Gud som den einaste Skaparen — og som derfor var den einaste som skulle tenast — eit henoteistisk syn ikkje heilt ulikt kva ein finn i delar av hinduismen.

Etter det desse forskarane hevdar, vart det først under hellenismen at fleirtalet av jødar ome til å tru at deira Gud var den einaste Gud — og dermed alles Gud — og at Guds openberring av Toráen inneheldt universelle sanningar. Forskarane står for synet at denne nye haldninga reflekterte ei aukande ikkje-jødisk interesse i jødedommen. (Nokre grekarar og romarar rekna jødane som eit svært «filosofisk» folk fordi dei trudde på ein Gud som ikkje kunne avbildast visuelt.) Samtidig førte aukande jødisk interesse for gresk filosofi, som søkte å finne universelle sanningar, til (i alle fall potensielt) idéen om monoteisme — i det minste i tydinga av at «alle gudar er Éin».

Etter denne teorien byrja jødar å bryne seg på spenninga mellom partikularisme (at berre jødar plikta å overhalde Toráen) og universalisme (at Toráen inneheld universelle sanningar). Det postulerte resultatet er eit sett av trusprinsipp og religiøs praksis som gjeld identitet, etikk og samhøvet mellom menneskja og naturen og menneskja og Gud som undersøkjer og vektlegg «skilnader» — som t.d. skilnaden mellom jødar og ikkje-jødar; dei lokale skilnadene i jødisk praksis; eit skarpt blikk på skilnaden i tydingane til tre ord under teksttolking; forsøk på å halde på og kodifisere ulike synspunkt innanfor tekstane; og ei relativt markant unngåing av trusprinsipp og dogme.

I motsetnad til det ortodokse religiøse synet på Den hebraiske bibelen, postulerer kritiske bibelforskarar òg at Toráen er oppbygd av eit tal inkonsistente tekstar som vart redigerte saman på ein måte som rettar merksemda mot avvikande tradisjonar — sjå dokumentarhypotesen.

Medan jødedommen alltid har halde på eit tal jødiske trusprinsipp, så finst det ikkje noka universelt godteken truvedkjenning, nokon fast dogmatikk, nokon fast definert korpus av ortodoks tru eller nokon fullt ut bindande katekisme. Denne pluralistiske haldninga til religiøs lære går attende minst 2 000 år og gjer det vanskeleg å gjeva noka fulldekkjande skildring av jødisk teologi. Enkelte rabbinarar, meinigheiter og rørsler har til tider vore einige om faste trussetningar, men samtidig har andre rabbinarar og jødiske grupper gjerne vore ueinige i detaljane. Sidan det spesifikt ikkje finst nokon sentralisert religiøs autoritet, har normalt ikkje noko spesifikt trusprinsipp vunne over noko anna trusprinsipp.

Da den jødisk-romerske historikaren Josephus prøvde å definere kven som er jødisk, la han vekt på religiøs praksis og tradisjonar heller enn på religiøs tru, og han definerte heresi som avvik i praksis heller enn som avvik i tru. Han viste til at konvertering til jødedommen inkluderte omskjering [av menn] og å binde seg til å halde seg til tradisjonell jødisk praksis.  Samtidig er det på den andre sida klårt at trusprinsipp òg kan spela ei rolle, særleg i ortodoks jødedom. Trusprinsipp som ortodoks jødedom reknar som viktige nok til at den som avvisar dei offentleg risikerer å bli rekna som apikoros (‘heretikar’) inkluderer trua på at Toráen vart openberra av Gud.

I løpet av hundreåra er eit tal klåre formuleringar av jødiske trusprinsipp vortne framsette; mange av dei med visse fellestrekk, men med avvik i mange detaljar. Ei grundig saumfaring av dei viser mykje variasjon i toleransen for ulike teologiske perspektiv. Av alle desse er den formuleringa som blir rekna som mest autoritativ dei tretten trusprinsippa åt Maimonides:

Jødane blir ofte kalla «Bokfolket», og jødedommen har ein svært gammal intellektuell tradisjon som fokuserer på tekstbasert torástudium. Det følgjande er ei grunnleggjande, strukturert liste over sentrale verk i jødisk praksis og tankegods. For eit meir detaljert oversyn, sjå artikkelen rabbinsk litteratur.

Grunnlaget for jødisk lov og tradisjon («halakhá») er Toráen (dei fem mosebøkene) Etter rabbanittisk tradisjon er det 613 bod i Toráen. Nokre av desse boda er retta utelukkande eller hovudsakleg mot menn eller kvinner; nokre berre til kohaním (kohanittar, prestefamiliar) og leviím (levittar, tempeltenarfamiliar); nokre berre til dei som driv landbruk innanfor landet Israel; og mange galdt berre da Tempelet i Jerusalem stod. Slik er det under 300 av dei 613 boda som faktisk er bindande i dag.

Mens ein del jødiske og andre israelittiske grupper har hevda at den skriftleg overleverte Toráen er den einaste autoritative kjelda til jødisk lov (slik som sadukkearane og karaittane, og òg samaritanarane), held den største gruppa av jødar, dei rabbanittiske jødane, på trua om at det òg finst ein autoritativ munnleg lov. Desse munnlege tradisjonane vart traderte av farisearane under tida at det andre Tempelet stod og vart seinare skrivne ned i Misjná og kommentert, kritisert og utvida av seinare generasjonar av jødiske lærde.

Rabbanittisk jødedom har alltid halde på at bøkene i Tanákh — òg kalla «den skriftlege Toráen» — alltid har vorte tradert saman med «den munnlege Toráen». I forsvar for denne tolkinga peikar tradisjonelle rabbanittiske jødar gjerne på at det i sjølve toráteksten er mange udefinerte ord og mange nemnde prosedyrar som ikkje har forklåring eller framgangsmåte i grunnteksten. Dette, argumenterer dei, tyder at lesaren er venta å kjenne desse detaljane frå den andre, munnlege versjonen. Denne parallelle tradisjonen var opphavleg berre munnleg tradert og kom dermed til å bli kjend som «den munnlege Toráen».

Ved rebbí Jehudá hannassí (kring 200 evt.) si tid, etter Jerusalems øydelegging, vart mykje av dette materialet skrive ned og redigert saman i det som kom til å bli kjent som Misjná. Over dei neste fire århundra kom denne nedskrivne lovkoden til å bli diskutert, debattert og kommentert i båe hovudsentra for jødedommen på den tida — Israel og Babylon (det noverande Irak), og kommentarane til Misjná frå desse to samfunna kom til å bli redigerte saman i kvar si skriftsamling — Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Desse att har vorte utlagt med kommentarar frå mange torálærde gjennom århundra.

Rabbinsk halakhá, eller det tradisjonelle rammeverket for rabbanittisk-jødisk liv, er altså basert på ein kombinasjon av studium av den skriftlege Toráen på den eine sida og den munnlege Toráen, det vil seie Misjná, halakhisk medrásj og Talmúd med sine kommentarar, på den andre. Halakháen har utvikla seg sakte, gjennom eit presedensbasert system. Litteraturen av spørsmål til torálærde og dei nøye overveide svara deira blir kalla responsa (på hebraisk שְׁאֵלוֹת וּתְשׁוּבוֹת [šə’ēlōt utšūḇót]). Over tid, etter som praksisane utvikla seg, vart nye kodifiseringar av jødisk lov som baserte seg m.a. på desse responsaa nedskrivne. Slike kodifiseringar inkluderer Misjné Torá, Arba‘á turím (Tur) og Sjulḥán ‘arúkh. Den sistnemnde blir rekna som den viktigaste i tradisjonell europeisk jødedom og blir sett på som autoritativ for det meste av tradisjonell askenasisk og sefardisk tradisjonell og ortodoks praksis fram til våre dagar.

Etter rabbanittisk halakhá er kvar den som er fødd av ei jødisk mor eller som har konvertert til jødedommen i samsvar med jødisk lov rekna som jøde. I karaittisk halakhá, blant samaritanarar og enkelte jødiske grupper som inntil nyleg ikkje hadde del i den talmudiske tradisjonen reknar ein derimot farssida som den avgjerande.

I utgangspunktet er det innanfor alle vanlege retningar av jødedommen mogleg for ikkje-jødar som oppriktig ønskjer å konvertere å gjera det. Generelt er dei ikkje-ortodokse retningane meir opne til dette enn ortodoks jødedom, og innanfor ortodoks jødedom finst det nokre grupper som motset seg å utføre slike konverteringar i prinsippet.

I dei siste åra har reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom tillate å rekne born av éin jødisk forelder som jødisk i alle tilfelle der borna er oppdregne innanfor den jødiske tradisjonen. Denne praksisen blir ikkje godteken av alle rekonstruksjonistar, og innanfor konservativ og ortodoks jødedom blir denne reforma avvist.  Born av ein jødisk far og ei ikkje-jødisk mor vil i slike fall mesta alltid bli hjelpte til å konvertere om dei ønskjer det.

Jødar som sluttar å praktisere jødedommen er framleis rekna som jødiske, og det same gjeld jødar som ikkje godtek jødiske trusprinsipp og reknar seg som agnostikarar eller ateistar. Det same gjeld òg i prinsippet ein jøde som konverterer til andre religionar (som t.d. islam eller kristendom). Men i dette siste fallet misser denne personen statusen som medlem av det jødiske samfunnet (anna enn i fall der konverteringa vart gjort under tvang) og blir kjend som ein fråfallen. I tidlegare tider er det sagt at familie og venner ofte markerte ein formell sørgeperiode for ein slik person, men dette skjer svært sjeldant i dag.

Spørsmålet om kva som er avgjerande for jødisk identitet fekk ny aktualitet med opprettinga av staten Israel, og i 1950-åra bad David ben Gurion om syn på spørsmålet  («Kven er jøde?») frå jødiske religiøse autoritetar og intellektuelle over heile verda. Spørsmålet er langt ifrå avgjort i politisk forstand og dukkar stadig opp att i israelsk politikk.

Jødisk filosofi som separat disiplin er i stor grad prega av dialektikken mellom studium av generell filosofi og jødisk teologi. Ein tidleg jødisk filosof som kom til å ha større innverknad på kristendommen enn på jødedom var den nyplatonske filosofen Filo frå Alexandria. Storheitstida for jødisk filosofi fann stad i det noverande Irak, Algerie Marokko, Spania, Portugal og det sørlege Frankrike frå 800-talet til 1400-talet, da fleire jødiske filosofar var aktive og inspirerte av m.a. Platon og Aristoteles og av muslimsk filosofi. Mellom dei viktigaste jødiske filosofane frå denne tida kan nemnast Sjelomó ibn Gabiról, Sa‘adjá Gaón, Maimonides og Gersonides.

Under og etter opplysningstida frå seint på 1700-talet til innpå 1800-talet oppstod haskalá, eller den jødiske opplysningsrørsla. Ein av dei første viktige representantane for haskalárørsla var Moses Mendelssohn. Moderne filosofar innanfor den jødiske tradisjonen inkluderer Martin Buber, Franz Rosenzweig, Mordecai Kaplan, Abraham Joshua Heschel, Will Herberg, Emmanuel Levinas, Richard Rubenstein, Emil Fackenheim og Joseph Soloveitchik.

I aller vidaste forstand kan ein seie at jødedommen inkluderer samaritansk religion — ei retning som skilde lag med den øvrige jødedommen for godt over 2000 år sidan. Nærmare i slekt med kvarandre er den indiske gruppa bene Israel, den etiopiske gruppa Beta Esrael, dei karaittiske jødane og den mest talrike og utbreidde gruppa, rabbanittiske jødane.

Den rabbanittiske jødedommen kan delast inn i fleire retningar på geografisk, etnisk og tildels religiøst grunnlag. Dei viktigaste av desse retningane er askenasisk (sentral- og austeuropeisk), sefardisk (vesteuropeisk), mizrahisk (orientalsk) og jemenittisk jødedom. Mindre grupper som har spela ei viktig historisk rolle inkluderer italiensk og romaniotisk (gresk) jødedom.

Over dei siste to–tre hundre åra har rabbanittisk jødedom delt seg opp i fleire ulike retningar med ulike syn på religiøse, juridiske og politiske spørsmål. I vår tid er dei viktigaste av desse retningane ortodoks jødedom, konservativ jødedom (òg kalla masorti), rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom. I motsetnad til kristendommen har den rabbanittiske jødedommen ikkje opplevd noko gjennomgåande skisme, og dei ulike retningane av rabbanittisk jødedom fortset stadig å overlappe kvarandre i mange saker. Det er t.d. ikkje noko uvanleg i at ein konservativ jøde går til gudstenester i såvel ortodokse synagogar som reformsynagogar.

Mange religiøse/praktiserande jødar ser ikkje på dei religiøse retningane som ein gyldig måte å karakterisere jødar på. I staden klassifiserer dei jødar etter graden av religiøs praksis etter deira eige religiøse utgangspunkt. Dei fleste ortodokse jødar meiner at dei jødane som ikkje held lovane for sjabbát, jom tob (helgedagar), kasjrút (kosthaldslovane) og tahorat hammisjpahá (lovane om menstruasjon og familiereinskap) lyt reknast som ikkje-religiøse. Tilsvarande vil dei seie at kvar jøde som held minst desse lovane (i deira tolking) oftast blir definerte som religiøse/praktiserande.

I rabbanittisk jødedom er det tre daglege gudstenester på vanlege dagar — sjaḥarít (‘morgons’), minḥá (‘mjøloffer’, ettermiddagsbøn) og ʿarbít (‘kvelds’). (Mange askenasiske jødar kallar kveldsgudstenesta maʿarív i staden.) Alle desse gudstenestene inneheld ein velsigningsserie som blir kalla «ʿAmidá» (‘ståande’). ʿAmidáen blir òg nokre gonger kalla tefillá (‘bøn’). Særleg blant askenasím er det vanleg å kalle ʿamidáen «sjemoné ʿesré» (‘18’), ettersom ʿamidáen i tidlegare tider omfatta atten bøner på vanlege kvardagar. (Kring tida at Misjná vart skriven ned vart dette talet utvida til 19.) Ei anna hovudbøn er «Sjemáʿ Jisraél» (‘Høyr, Israel’). Denne bøna blir lesen under sjaḥarít og ʿarbít, og gjerne òg privat når ein legg seg om kvelden.

Dei fleste bønene i tradisjonelle jødiske gudstenester kan seiast både i fellesgudstenesta og som privat bøn. Unntak frå denne regelen inkluderer «Kaddísj» og «Kedusjá» (‘Heilagbøna’) — bøner som berre skal seiast i minján — det vil seie ei gruppe av minst ti religiøst myndige og teljande jødar. Denne gruppa blir definert noko ulikt blant ulike jødiske grupper.

Det finst og andre bøner og velsigningar som blir sagde ved ulike høve i løpet av dagen — slik som t.d. signinga før og etter maten.

Den jødiske tilnærminga til bøn varierer mellom dei ulike greinene av jødedommen. Medan alle vanlege undergrupper av rabbanittiske jødar brukar det same materialet av bøner og tekstar (men ein del lokal variasjon i resensjonen), er det mykje variasjon i kor ofte ein faktisk gjennomfører offentleg eller privat bøn, kva for bøner ein tek med eller utelèt ved ulike høve og kva språk ein brukar for dei ulike bønene. Ein hovudtendens er at ortodokse jødar les det fulle hebraiske/arameiske ritualet på originalspråka og at reformjødar les eit avkorta ritual med mykje bruk av omsetjingar såvel som samtidige dikt og songar av både jødisk og ikkje-jødisk opphav. Konservativ og rekonstruksjonistisk jødedom ligg oftast ein stad mellom desse ytterpunkta.

Det finst eit tal vanlege jødiske religiøse symbol og objekt som blir bruka under bøn. Talléten er eit jødisk bønesjal. Ein kippá (ofte òg kalla jármelke blant askenasím) er ein kalott mange jødiske menn og nokre kvinner dekkjer hovuda sine med under bøn og elles når ein er i synagogen. Mange ortodokse jødar, særleg askenasím, har kippáen på seg heile dagen. Tefillín (bønereimer) er boksar som inneheld pergamentlappar med sitat frå Toráen som blir sett på som pålegg om å skrive orda på armen og binde dei mellom augo. Tefillín blir bruka av dei fleste praktiserande jødiske menn og nokre praktiserande jødiske kvinner (særleg kvinner frå ikkje-ortodokse, praktiserande jødiske miljø). Ein brukar tefillín under morgongudstenesta på dei fleste kvardagar, og stundom under ettermiddagsgudstenesta på enkelte fastedagar (men aldri på jom kippúr, på jom tób eller sjabbát).

Sjabbát, den jødiske kviledagen som varar frå fredagskvelden ved solnedgang til laurdagskvelden etter solnedgang blir feira til minne om Guds kviledag etter dei seks skapingsdagane slik dei er skildra i Første mosebok. Sjabbáten spelar ei sentral rolle i jødisk praksis, og ein stor del av halakhá (jødisk religiøs lov) dreier seg om lovar, skikkar og føreskrifter for sjabbát. Mange reknar sjabbáten som den aller viktigaste jødiske høgtida.

Dei jødiske høgtidene markerer sentrale tema i samhøvet mellom Gud og verda, slik som skapinga, openberring og berging. Nokre helgedagar er òg tilnytte årssyklusen i landbruket.

Dei tre valfartshøgtidene:
Tre høgtider feirar openberringa ved å minnast ulike hendingar under israelittane sin utgang av Egypt for å vende attende til Kana’an. Desse høgtidene ligg òg ved årstider som passar med viktige punkt i landbruket i Israel. Desse tre høgtidene er òg valfartshøgtider da israelittane reiste til Jerusalem for å ofre i Tempelet.

, den aller viktigaste jødiske helgedagen, fastar og bed jødar som soning for syndene sine. Måleri av Maurycy Gottlieb (1878].
Dei høge heilagdagane:

Mindre høgtider:

Blant fleire mindre høgtider kan nemnast ḥanukká, som feirar atterinnviinga av Tempelet i Jerusalem etter makkabearane sitt opprør mot det gresk-syriske selevkiddynastiet; og purím, som er ein karnevalliknande fest med opplesing av Esters bok og minnest korleis Estér og onkelen hennar, Mordekhái, berga dei persiske jødane da den vonde Hamán konspirerte mot dei for å utslette dei.

Kjernen i sjabbát- og heilagdagsgudstenesta er den offentlege lesinga av Toráen etterfølgd av opplesing av haftaráen — utvalde avsnitt frå dei andre bøkene av Tanákh. I løpet av året les dei fleste rabbanittisk-jødiske samfunna heile Toráen, og syklusen byrjar på nytt att kvar haust under høgtida simḥat Torá (‘glede over Toráen’). I andre jødiske samfunn, slik som i Galilea før krosstoga, har det vorte bruka ein syklus på tre eller tre og eit halvt år i staden. Ein del ikkje-ortodokse jødiske meinigheiter brukar ein treårssyklus som ikkje er basert på den galileiske torásyklusen, men på ei underdeling av eittårssyklusen.

Synagogar er jødiske bede- og studiehus som vanlegvis inneheld eitt eller fleire rom spesifikt for gudstenester, mindre rom for studium, og ofte òg eitt eller fleire rom til utdanning og sosiale funksjonar. Utover at ein synagoge normalt aldri er krossforma, finst det ikkje noka allmenngyldig planløysing som er felles for alle synagogar. Eit gudstenesterom i ein synagoge har vanlegvis nokre eller alle av desse kjenneteikna:

I tillegg til synagogar finst det òg andre bygningar og institusjonar som har viktige religiøse funksjonar i jødedommen. Eksempel på slike er ḥadarím (eintal «ḥeder», grunnleggjande religionsklasse) jesjibót (eintal «jesjibá, vidaregåande religiøs læreinstitusjon) og mikvót (eintal «mikvé», rituelt bad).

Kasjrút er omgrepet for dei jødiske kosthaldslovane. Mat som kan etast etter jødisk religiøs lov blir kalla kasjér (frå hebraisk) eller koscher (gjennom tysk og jiddisch frå hebraisk); og mat som ikkje kan etast blir oftast kalla taréf/terefá (hebraisk) eller treif (jiddisch). Det går fram av Tredje mosebok at målet med kasjrút er å auke graden av rituell reinskap og heilagdom, men samtidig òg helse. Kasjrút inneber å unngå å eta dyr som sjølve er rovdyr eller åtselsdyr. Dermed er det t.d. forbode å eta rovdyr, rovfuglar, sjøpattedyr og ufisk (inkludert hai, steinbit, breiflabb og skaldyr). I tillegg er det forbode å blande pattedyrkjøt (dei fleste inkulderer òg fugl) og mjølk i same måltidet, sidan dette blir sett på som brot på bodet om ikkje å koke kjeet i mjølka av mora si. Dei fleste ortodokse, konservative og andre tradisjonelle jødar (inkludert mange rekonstruksjonistiske jødar) følgjer desse lovane i ein eller annan grad.

Lovane om niddá (menstruerande kvinne) og ymse andre lovar som set rammeverket for korleis menn og kvinner smahandlar med kvarandre (t.d. ṣeniʿút, blygskap i klesvegen) er særleg blant ortodokse jødar sett på som svært viktige element i jødisk livsførsel. I meir liberale retningar av jødedommen er tendensen at desse lovane blir rekna som mykje mindre viktige. Loven om niddá krev at samleie ikkje kan finne stad medan kvinna framleis har menstruasjonsblødning, og når sjølve menstruasjonen er over lyt ho telja sju «reine» dagar og deretter lauga seg i ein mikvé føre ho kan ha samleie att.

Livssyklusen blant jødar inneheld overgangsritar som stadfestar identiteten og hjelper til å halde det jødiske samfunnet saman:

Tidleg barndom:

Ved tolv og tretten års alder blir jødiske jenter og gutar rekna for religiøst myndige og er frå no av ansvarlege for å halde alle boda i Toráen på same vis som vaksne jødar.

Død og sorg:

Sidan Holocaust har det vore mykje arbeid for forsoning mellom nokre kristne grupper og det jødiske folket. For meir om dette, sjå forsoning mellom kristne og jødar.

Messiansk jødedom eller hebraisk kristendom er fellesnamn for eit tal kristne grupper som inkluderer ulike gradar av jødisk praksis. Mange av desse gruppene arbeider målretta med misjon retta mot jødar og har oppnådd å trekke til seg fleirfaldige tusen jødar og kristne. Desse gruppene blir sett på med sterk uvilje av alle retningar av jødedommen, som typisk sett ser på dei som meir eller mindre fordekte og uærlege misjonærar for kristendommen. Dei messianske gruppene sjølve nektar vanlegvis at dette er tilfelle.

Om eit medlem av Dei siste dagars heilage har stadfest jødisk arv og avstamming, blir denne personen rekna for å vera av Judas stamme og blir dermed rekna som både mormonar og jøde av mormonske autoritetar.

Mange jødiske samfunn har lege under muslimsk styre i kortare eller lengre periodar innanfor dei siste mesta 1500 åra, og dette har ført med seg eit samspel mellom desse religionane på godt og vondt. Perioden kring 900–1200 i det maurisk-styrte Andalucía i det sørlege Spania kom til å bli kjend som «den gylne tidsalderen for jødisk kultur i Spania». Da jødane vart utviste frå det da kristne Spania i 1492, vart dei kollektivt inviterte til å busetje seg i Det osmanske riket — eit tilbod mange nytta seg av.

På 1900-talet har fiendskapen ein del muslimske og mange islamistiske leiarar har vist mot sionismen, den politiske rørsla for jødisk sjølvstyre i det historiske landskapet Israel/Palestina, ført til ny interesse for spørsmålet om samhøvet mellom jødedommen og islam.

Sjå òg:

Tekststudieprosjekt på . I mange fall er den hebraiske versjonen av desse prosjekta kommen mykje lengre enn andre språkversjonar (som t.d. engelsk).




#Article 8: Norsk (1441 words)


Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir for det meste snakka i Noreg, men òg i norske utvandrarsamfunn, som blant norsk-amerikanarar i USA. I dei gamle norske provinsane i Sverige — Jemtland, Herjedalen og Båhuslen — har dialektane mange likskapar med norsk, særleg nord i området.

Dei norske dialektane blir tradisjonelt delte inn i to grupper, austnorsk og vestnorsk (inkludert nordnorsk), der austnorsk er dialektane med jamvekt og tjukk l for gamalnorsk rð og (i visse posisjonar) l. Den mest iøyrefallande skilnaden er likevel skilnaden i realiseringa av tonelag, slik at austnorske dialektar har lågtone, mens vest- og nordnorske har høgtone, dvs. at eit ord som t.d. Bergen har initial låg tone i aust, men høg (eller fallande) i vest og nord.

Lydsystemet i norsk varierer ein del frå dialekt til dialekt. Dei fleste dialektane har system med ni vokalar (i, y, ʉ, u, e, ø, o, æ, a), tre opprinneleg norske diftongar (æi øy ɑʉ), og ytterlegare tre diftongar som berre finst i lånord (ɑi ɔy ʉi). Blant konsonantane er det større variasjon dialektane i mellom.

Trykket i norsk fell på den siste tunge stavinga i rota av ordet. Som regel er dette første staving. Norsk er eit tonelagsspråk, dvs. at trykk i norsk er realisert med den eine eller andre av to tonar. Dialektane rundt Bergen og aust for Tromsø har ikkje tonelag.

Norske substantiv blir bøygd i bestemtheit og numerus.

Som i dei fleste andre indoeuropeiske språka er substantiva i norsk delt inn i bøyingsklasser, dvs. ord som har stamme med elles lik struktur blir bøygd ulikt (t.d. ting, ring men tinga, ringane og bekk, sekk, men bekkene, sekkane.

Norske adjektiv blir bøygd i grad (fin – finare – finast) og genus. Med unntak av liten (lita, lite) er opposisjonen mellom maskulinum og femininum nøytralisert, og berre nøytrumsforma er avvikande. Dette gjeld berre for adjektiv i positiv ubestemt eintal, gradbøygde adjektiv, og adjektiv i fleirtal og/eller bestemt form (finare, finast, finaste, fine) har ikkje genusbøying.

Adjektiva blir bøygd i bestemtheit og numerus, som substantiv. Dei skil seg likevel frå kvarandre ved at dei ved substantiva er inherente kategoriar, der adjektiva rettar seg etter substantivet. Eksponentane for dei ulike trekka i kvar kategori er også heilt ulike dei eksponentane vi finn innanfor substantivbøyinga. Fleirtal blir uttrykt med -e for adjektiva men med m.a. -ar/er for substantiva (gule bilar).

Regelmessige norske verb har sju bøyingsformer, med verbet leve som døme er det desse formene: fire finitte former: lever (presens), levde (preteritum), leve (optativ), lev (imperativ) og tre infinitte former: leve (infinitiv), levande (imperfektiv partisipp) og levd (perfektiv partisipp). Optativ er identisk med infinitiv. I skolegrammatikken blir den imperfektive partisippen kalla «presens partisipp».

Verb kan delast i ulike bøyingstypar, i svake og sterke, etter om dei dannar preteritum med suffiks eller ikkje. Svake verb dannar preteritum med suffiksa -a eller -te/-(d)de, fordelinga dei i mellom er avhengig av fonologiske eigenskapar ved stammen. Einstava stammar (å nå) har suffikset -dde, stammar med trykk på siste staving og tonelag 1 (å reparere) har suffikset -te, det same har stammar med visse fonologiske strukturar. Alle andre svake verb dannar preteritum med -a. Sterke verb dannar preteritum med vokalveksling i stammen, såkalla avlyd. 

Norske verb kan også delast inn i hovudverb og hjelpeverb. Hjelpeverba er ei lukka klasse av verb som blir brukt dels til å lage samansette tidsformer som i tabellen ovanfor (skulle og ha er hjelpeverba der), og dels til å markere talaren si innstilling til innhaldet i setninga (Vi må gå no). Syntaktisk skil hjelpeverba seg frå andre verb ved at dei tar infinitivar kom komplement utan infinitivsmerke, jf. Vi prøver å gå no, der prøver, til skilnad frå må, ikkje er eit hjelpeverb.

Norsk har sju lukka ordklasser, dvs. ordklasser som har grammatisk funksjon, og som har ei endeleg mengd medlemer. Artiklane adverb, determinativ, interjeksjon, konjunksjon, preposisjon, pronomen, subjunksjon inneheld drøftingar av desse ordklassene i norsk.

Språksamfunn lånar ord frå meir prestisjefylte språksamfunn, via tospråklege talarar. Studium av lånordslag i norsk speglar dermed samfunnsmessige tilhøve i Europa opp gjennom hundreåra. Med innføringa av kristendommen kom det ein god del lånord inn i norrønt. Av lånorda i Fritzners Gammelnorsk Ordbog er ca. 61 % frå latin, 25 % frå gammal- og mellomhøgtysk, 7 % frå gammalfransk og under 5 % frå gammalengelsk. Dei fleste latinske lånorda er knytt til kristendommen, mange tyske ord til handel, og mange franske ord til hoffliv. Hovudtyngda av lånorda i mellomnorsk kom frå lågtysk.

Moderne lånord kjem framfor alt frå svensk og engelsk. 

I dei siste åra har ungdomsspråket i delar av Noreg, særleg i Oslo og andre større byar, gjennomgått store endringar. Dette heng saman med auken i talet ungdommar med framandspråkleg bakgrunn. Nye ord som er tekne i bruk i denne sjargongen inkluderer «kabe» (fin jente), «loco» (galen, tullete) og «schpa» (pen eller kul).

I vikingtida var det mange lånord frå norrønt til gammalengelsk og til irsk, som resultat av dei nordiske invasjonane på dei britiske øyane. Det er mange lånord i samisk, både lånord som går attende til tida før synkopetida, og seinare lånord.

Norske substantiv er delt inn i tre genera, maskulinum, femininum eller nøytrum, etter eit sett av genustilordningsreglar. Nokre av dei mest sentrale reglane er:

Norsk har frå og med 1000-talet vorte skrive med det latinske alfabetet, med tillegg av bokstavane ð og þ, og i moderne norsk æ, ø og å. I tillegg blir desse bokstavane brukt: à, á, ê, é, ò, ô, ó. Norsk vart og skrive med runealfabetet til inn i høgmellomalderen.

Perioden då urnordisk var eitt språk slutta omtrent 500, med synkopetida, då urnordisk vart delt i ei austleg og ei vestleg grein, i vest gammalnorsk og i aust gammaldansk og gammalsvensk. Vi reknar at den gammalnorske perioden varte til omtrent 1350, eller omtrent til Svartedauen, sjølv om fleire av dei språklege endringane starta tidlegare. Perioden fram til ca. 1525-1550 blir kalla for mellomnorsk, dette er ei tid prega av språkendring. Frå og med 1550 er vi inne i den nynorske perioden, språket frå midten av 1500-talet er forståeleg for moderne talarar. Ei anna inndeling avgrensar eldre gamalnorsk til perioden fram til om lag 1250, yngre gamalnorsk til perioden 1250 - 1500, og nynorsk til perioden etter 1500. Målt opp imot kvarandre er likevel endringane rundt 1350-1400 større enn dei som oppstod i hundreåret før.

Dei første skriftlege kjeldene for urnordisk, runeinnskrifter er frå 200-talet. Innføringa av kristendommen førte til at norrønt vart skrive med det latinske alfabetet, men bruken av runer i uformell bruk, slikt som vi i dag ville ha kalla grafitti eller hugseliste til butikken, heldt seg til inn i seinmellomalderen. Mange av skribentane som skreiv med det latinske alfabetet kunne også latin, og det er ein del latinske lånord i tekstane, særleg dei som omhandlar religiøse emne. Dokument som omhandla tilhøvet til andre land og til kyrkja vart skrive på latin, andre på norrønt.

Med unionen med Danmark frå 1389 og med Kalmarunionen kom det svenske og danske skribentar inn i riksstyringa, og gradvis vart dansk meir og meir brukt som administrasjonsspråk. Norsk heldt seg best i dei såkalla bondebreva, som i hovudsak var saksdokument frå rettsvesenet, her finn vi norsk til innpå 1600-talet. Reformasjonen innebar at dansk tok fullstendig over som skriftspråk i Noreg.

Etter 1814 måtte Noreg velje mellom å halde fram med den tidlegare kolonimakta sitt språk, eller ta i bruk sitt eige. Då norsk (landsmål/nynorsk) vart eit reelt alternativ frå 1870-talet valde dansktilhengarane dels å gje konsesjonar til dialektane, men ikkje til det norske skriftspråket (eit samrøystes stortingsvedtak i 1879 opna for bruk av dialekt i skolen), og dels å gjere dansk meir norsk, gjennom ein rad såkalla rettskrivingsreformer av dansk (seinare bokmål). Etter andre verdskrigen hadde okkupasjonsmakta samla nasjonen, og dei nasjonale argumenta for (ny-)norsk var ikkje lenger gangbare. Det førte òg til at politikken for å sameine dei to språka (samnorskpolitikken) etter kvart vart oppgjeven.

Allereie frå norrøn tid har munnleg tradisjon hatt ei sterk stilling i norsk litteratur. Før moderne norsk fekk eit eige skriftspråk levde folkediktinga gjennom stev, folkeviser, ordtak, segner og eventyr. På 1800-talet inspirerte innsamling og utgjeving av desse til utviklinga av ein eigen norsk litteratur og skriftspråk. Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen var mellom anna viktige i å skapa norsk teater og scenespråk. A.O. Vinje tok i bruk det nye landsmålet i journalistikk og dikting. Seinare vann prosaforfattarane Sigrid Undset og Knut Hamsun nobelprisar i litteratur for sine romanar.
I nyare tid har dramatikarar som Cecilie Løveid og Jon Fosse, krimforfattarar som Anne Holt, Karin Fossum og Jo Nesbø og røyndomsnære forfattarar som Karl Ove Knausgård og Åsne Seierstad gjort seg merkte, også internasjonalt. 




#Article 9: Islam (1193 words)


Islam er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen og som desse er han monoteisk. Islam er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han er den nest største religionen i Noreg (sjåIslam i Noreg).

Den heilage boka til islam er koranen. Etter islamsk tru inneheld koranen openberingane til Allah, som skal ha vorte gjevne muntleg til profeten Muhammed. Muslimane meiner at dette pågjekk i 23 år, ved hjelp av erkeengelen Gabriel, gjennom draumar og heilag inspirasjon. 

Det er om lag 1,5 milliardar muslimar i verda. Det finst fleire avgreiningar, der sunniislam utgjer rundt 80-85 %. I Iran dominerer sjiaislam. 

Ordet islam kjem av dei arabiske rotkonsonantane S-L-M, og vert omsett med overgjevnad til Guds vilje, eller òg med lydnad. Av andre arabiske ord med same rot finn ein salaam og salaam aleikum, som tyder fred og Guds fred og er vanlege helsingsformer, samt muslim, som tyder ein som underkastar seg Gud.

Tilhengjarar av islam, kjend som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allah openberra seg for menneska gjennom Muhammed og andre profetar, inkludert Adam, Noa, Abraham, Moses og Jesus. Muslimar trur at Muhammed var den siste av profetane, og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. Eit tidlegare mykje brukt omgrep om muslimar er muhammedanarar, men på oppfordring frå muslimane sjølve er det etter kvart blitt mindre brukt.

Muslimar meiner at den viktigaste skriftlege openberringa til menneska er Koranen, som dei ser på som den endelege og feilfrie openberringa til menneska. Tidlegare skrifter, som evangelia, Torah og jødiske profetiske skrifter vert også sett på som guddommelege i natur, men har vorte gløymde, mistolka eller forvridd slik at den originale bodskapen har forsvunne over tid. 

Den grunnleggjande trusvedkjenninga i islam er sjahada: Det er ingen Gud utanom Gud, og Muhammed er Guds tenar og bodbringar (arabisk: 
لا إله إلا الله محمد رسول الله). Islam vert skildra som ein dīn, ein livsveg eller ei rettesnor. 

Seks grunnleggjande trusartiklar vert dela av alle muslimar:

Dei to største undergruppene av muslimar er sunni-muslimane og sjia-muslimane. Sunni-muslimar utgjer storparten av muslimar i verda, 85-90 %, men sjia-muslimane utgjer majoriteten i land som Iran og Irak. Sunni-islam sine grunnleggjande pilarar vert referert til som Dei fem søylene i islam, medan shia-islam har ein noko annleis terminologi, som inkluderer fem grunnleggjande røter i religionen og ti grunnleggjande greiner. Muslimar har til felles dei følgjande fem hovudkrava for truande, som sunni-muslimar ser på som dei fem søylene og sjia-muslimar ser på som element av religionen sine røter og greiner: 

Islamsk endetidslære er oppteken av qijama, endetida, og den endelege dommen over menneska. I følgje islam skal dei rettferdige lønast med gledene i Djannah (paradis), medan dei urettvise skal straffast i Djahannam (helvete).

Grunnleggjande i islam er Guds einskap, tawhid, ein absolutt monoteisme. I sura al-Ikhlas (sure/kapittel 112) vert Gud skildra slik: 

På arabisk vert Gud kalla Allāh. Ordet har ein etymologisk samanheng med ʾilāh «guddom», og har slektskap med det hebraiske Ēl, som ein finn att i Elohim, Herren. Allāh vert også brukt som namn på Gud av kristne og jødiske arabarar. Muslimar meiner at guden dei dyrkar er den same som den jødiske og kristne guddommen, men avviser den kristne læra om Guds treeining. Med unntak av eitt byrjar alle kapitla i Koranen med setninga I namnet åt Gud, den miskunnsame, den nåderike.

Muslimske sakralbygg blir kalla moskéar. Her samlar muslimar seg til felles bøn, helst fem gonger dagleg, men mange kjem berre på fredagen, som er den viktigaste vekedagen for muslimane, og les elles bøn på eiga hand. Kvinnene sit i eit eige rom i moskeen, ved sida av hovudsalen. Ein lærd muslim, ofte kalla imam, leier bøna i moskéen. Han har ofte òg oppgåva som muaddhin (muezzin), å kalla til bøn frå minareten kvar moské har.

Koranen er den mest heilage skrifta i islam. Namnet på boka kjem frå det arabiske ordet for resitasjon og det er også sjølve orda, ikkje det trykte verket, som i islam vert sett på å vera Koranen.

Muslimar trur at Koranen vart openberra til Muhammed av Gud gjennom erkeengelen Gabriel i åra 610–632 evt. I tillegg til å ha lært Muhammed sine openberringar utanåt skal følgjesveinane hans ha skrive dei ned. Muslimar trur at Koranen i dag er den same som den som vart openberra Muhammed og som han brakte vidare. Forskarar er jamt over einige om at den utgåva av Koranen som er i bruk i dag fyrst vart sett saman i skriftleg form av den tredje kaliffen, Uthman ibn Affan, ein gong mellom 650 og 656. Han sende då kopiar til dei ulike provinsane i det nye muslimske riket og gav ordre om at andre utgåver skulle øydeleggjast. 

Dei fleste muslimar meinte frå tidlege tider at Koranen berre var perfekt og fullstendig i det språket den vart openberra, arabisk. Omsette utgåver av Koranen vert difor ofte stilt føre som korankommentarar eller som fortolkingar av Koranen si tyding.

Koranen er dela inn i kapittel (arabisk: sura) og vers (arabisk: ayat). Kapitla er sorterte i rekkefølgje med dei lengste først, uavhengig av kva dei handlar om eller kva tid Muhammed fekk dei frå Gud.

Hadíth-skriftene er skrifter som viser til Muhammed og hans følgjesveinar sine orde og gjerningar. Samlingar av hadíthskrifter er rekna å vera eit viktig verktøy i tolkinga av sjaria (islamsk lov). Det er fleire ulike samlingar av hadíthar og samlingane til Bukhari og Muslim er dei to mest annarkjende. Innhaldet i samlingane (og for øvrig også Koranen) er ikkje samanhengande, slik at den litterære kontekst ikkje blir vektlagd noko særleg. Ein tolkar heller hadíth og Koranen ut frå heilskapen. 

Når det gjeld innhaldet i hadíth er det ei stor spennvidd - alt frå Muhammed si himmelreis til tannpleie.

Muslimske skriftlærte deler gjerne hadíth-skriftene om Muhammed inn i tre grupper:

Ei eiga undergruppe av hadíth, hadith kudsi vert av muslimar sett på som Guds ord, gjenteke av Muhammed.

Det finst ei lang rekkje undergrupper av islam. Dei to viktigaste grupperingane islam kan delast inn i er sunni-islam og sjia-islam, medan sufismen, ein spirituell tradisjon som finst blant både sjia- og sunni-muslimar, vert rekna for å vera islam si mystiske retning. 

Sunni-muslimane er den største gruppa innan islam, grovt rekna 80 % av verdas muslimar er rekna å vera sunni-muslimar. På arabisk tyder as-sunnah bokstaveleg tala prinsipp eller sti, medan omgrepet sunna i islam viser til tradisjonen etter Muhammed. Sjia-muslimane utgjer den andre hovudgruppa innan islam, og skil seg frå sunniane gjennom manglande aksept av dei tre fyrste kaliffane, eigne lovtradisjonar og den sentrale rolla gjeve til Ali og til imamane. Både sunni- og sjiaislam er delt inn i ei rekkje undergrupper. Ei tredje gruppe som daterer attende til det store skismaet i islam er kharidjittane, ibadismen er ein overlevande arvtakar etter desse. 

Det finst også andre mindre muslimske grupper som ikkje utan vidare kan klassifiserast som sunni eller sjia-muslimar, samt grupper som i noko eller full grad ser på seg sjølv som muslimske, men som berre i noko eller lita grad vert allment akseptert som dette. Blant desse finn ein zikri-religionen, Nation of Islam, drusarane, alawittane og ahmadiyya-rørsla.




#Article 10: Møre og Romsdal fylke (786 words)


Møre og Romsdal fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar i aust og nordaust til Trøndelag fylke, i søraust til Innlandet fylke, i sør til Vestland fylke og i nordvest ut mot norskehavet. 

Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.

Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis.

Sitjande fylkesmann Lodve Solholm (Frp) gjekk av med pensjon 31. desember 2018, og Else-May Botten (Ap) vart i statsråd 26. oktober 2018 utnemnd som fyrste kvinnelige fylkesmann i Møre og Romsdal. Botten vil tiltre embetet etter at ho går av som stortingsrepresentant hausten 2021, fram til då er Rigmor Brøste fungerande fylkesmann. Ho vart konstituert til embetet i statsråd 8. februar 2019. 

Vêrlaget i Møre og Romsdal er påverka av havet i nordvest og av høge fjell som skjermar mot sør og aust. Ved kysten blæs det som regel frå ei retning mellom søraust og sørvest om vinteren. Innom fjordane kjem det ofte frålandsvind som vert dirigert av terrenget. Sommarstid blæs det til vanleg frå nordaust ved kysten, oftast i varme periodar med solgangsvind, medan det i dal- og fjordstrøka ofte blæs nordvestleg vind. Ferdande lågtrykk gir kuling, innimellom storm, oftast frå ei retning mellom sørvest og nordvest.

Langs kysten er februar vanlegvis kaldaste månad med middeltemperatur på kring 2 °C. I fjordane er snittet på litt under 0 °C og i indre strøk ned i kring –5 °C. 
Ved kysten er august varmaste sommarmånad med ein gjennomsnittstemperatur på kring 14 °C, medan det i dalstrøka er juli med eit snitt på kring 15 °C. Høgaste målte temperaturar i fylket er over 25 °C ved kysten, og over 30 °C i dal- og fjordstrøka. Særmerkt for Møre og Romsdal er fønvind med høge temperaturar når søraustlege luftstraumar slår ned frå fjellet. Under slike tilhøve har det i februar vore registrert temperaturar på opptil 19 °C.

Årleg nedbør i fylket generelt varierer innanfor 1000- 2000 mm. Langs kysten og fylkesgrensa i aust har ein derimot nokre mindre soner med lågare middelnedbør med årlege verdiar på kring 750 og 1000 mm. Mesteparten av nedbøren kjem om hausten, ofte som byer i luftstraumar frå mellom nord og vest. Det vert havtåke ved kysten, oftast i sommarhalvåret, medan det er mindre tåke i indre strøk. 

Landskapet i Møre og Romsdal er ovleg oppskore, der fjordar, sund og fleire øyar har gjort samferdsla vanskeleg. Fylket har likevel eit nokså tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 6322 km med offentlege vegar. Vegane vert bundne saman av eit utstrekt ferjenett. På Sunnmøre er det samband mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med me.a. Ålesund lufthamn på Vigra, kalla Vigrasambandet, og Eiksundsambandet som knyter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. På Nordmøre er Kristiansund knytt til fastlandet gjennom sambandet Krifast.
 
Frå Ålesund går E 136 om Åndalsnes til Dombås og E 6. Frå Molde er det vegsamband om Sunndalsøra til Oppdal og til E 6 frå Rv. 62 og Rv. 70. Kristiansund har samband om Sunndalsøra til Oppdal frå Rv. 70 og via ferje over Halsafjorden til Trondheim frå Rv. 70. E 39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og knyter til Bergen i sør og Trondheim i nordaust. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dei tre største byane har flyplass, Ålesund lufthamn på Vigra, Molde lufthamn på Årø og Kristiansund lufthamn på Kvernberget. På Hovden mellom tettstadene Ørsta og Volda ligg småflyplassen Ørsta/Volda lufthamn. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved dei tre byane og Torvika i Herøy.

Dei tre største dagsavisene i Møre og Romsdal er Sunnmørsposten i Ålesund, Romsdals Budstikke i Molde og Tidens Krav i Kristiansund. I tillegg har fylket 16 lokalaviser som kjem ut ein til tre gonger i veka. På Sunnmøre kjem 12 lokalaviser ut i tettstadene Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. 2 lokalaviser kjem ut i Romsdal i Åndalsnes og Vestnes, og 2 på Nordmøre i Sunndal og Smøla. NRK Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.

Molde er administrerande senter med sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Møre og Romsdal er samansett av 36 kommunar. Fylket utgjer Møre bispedømme som har 7 prosti og 40 prestegjeld. Det omfattar òg 4 tingrettsdistrikt og 2 politidistrikt med 25 lensmannsdistrikt.

Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ, .




#Article 11: Tustna (783 words)


Tustna er namnet på ei øy og ein tidlegare øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som 1. januar 2006 blei slegen saman med Aure kommune. Tustna er særleg kjend for variert natur og eit dyreliv som mellom anna inkluderer ein solid hjortestamme og mykje havørn. Folk som kjem frå Tustna blir kalla tustningar.

 

Ved kommunesamanslåinga var Tustna den minste kommunen i Møre og Romsdal i folketal, etter å ha veksla på denne posisjonen med Stordal kommune sidan slutten av 1990-talet. Den tidlegare kommunen Tustna inneheld øyane Tustna, Stabblandet, Golma og Solskjel, og i tillegg mange mindre øyar og holmar. Tidlegare inkluderte kommunen òg dei fleste gardane langs vestsida av Ertvågsøya. Tustna grensa til Smøla i nord, resten av Aure i aust, Halsa og Tingvoll i sør og Frei og Kristiansund i vest.

Tustna er mdash; som dei fleste andre stader i Fosen, på Nordmøre og i Romsdal mdash; svært rik på funn frå Fosnakulturen. Frå bronsealderen er det funne ei bronseøks i Hannasvika på Sør-Tustna.

I samband med rikssamlinga under Harald Hårfagre var det to slag ved øya Solskjel i tidlegare Tustna kommune (no Aure) ifølgje Snorre Sturlason. Desse slaga skal ha stått ni og åtte år føre slaget i Hafrsfjord. Solskjel vart slagplass att i 1208.

Under svartedauden seier ei segn at så og seie alle på Stabblandet døydde. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der. Denne varianten av segna vart fortald av Hallvard Halsen (eig. Hallvard Inderberg el. Hallvard Åsnes) frå Halsen/Åsnes under Innerberg til Torvald Gimnes kring 1950. Olve Utne skreiv ned segna etter Torvald Gimnes i 1980-åra, og det vart seinare rim- og tonesett av Kolbjørn Botten frå Valsøyfjord. Ein annan variant av segna seier at det var fleire som overlevde, og dei flytte alle til Fjelnesdalen.

Frå øya Tustna heiter det at ein mann og dei to døtrene hans flytte oppi Gullsteinsdalen i håp om å komma seg unna sotta. Mannen døydde der mdash; visstnok ikkje av sjølve sotta mdash; og vart gravlagd av døtrene, men begge døtrene greidde seg og vart ikkje ramma av svartedauden.

På 1600-talet var det stor aktivitet med nederlandsk handel på Nordmøre #8212; særleg i samband med trelast. Ein representant for denne handelen var frislendaren Jappe Ippes. Jappe Ippes hadde hovudsetet sitt i Linvågen på Tustna. Han var den første til å drive klippfisktørking på norsk jord og dreiv pionerarbeid med dette på Tustna og i det noverande Kristiansund i tida kring 1690.

Kommunane Tustna og Aure vart samanslegne den 1. januar 2006. Den nye kommunen ber namnet Aure kommune, og kommunevåpenet byggjer på Tustna sitt tidlegare kommunevåpen med den endringa at klippfisken er i sølv (kvitt) i staden for tidlegare gull (gult).

Tustna var den minste kommunen etter folketal i Møre og Romsdal frå dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet og fram til 1977, då Stordal kommune vart skild ut som eigen kommune att, og var mindre enn Tustna. Men folketalet gjekk ned raskare i Tustna enn i Stordal, slik att Tustna vart den minste kommunen i fylket att i 1998. Frå då og fram til kommunesamanslåinga i 2005, veksla Tustna og Stordal på å vera minst frå år til år.

Folketalsutvikling for gamle Tustna kommune frå 1874 til 2005:

a Dette talet omfattar den delen av Ertvågøya som var del av Tustna kommune fram til 1965, då han vart overført til Aure kommune. Dette området hadde då 85 innbyggjarar.

Tustna har ein stor bestand av havørn, og på Stabblandet finst det òg kongeørn.

Av hjortedyr er det mykje hjort og rådyr, og sidan sist i 1970-åra har det vore ein stabil elgestamme òg på Tustna.

Det finst mellom anna raudrev, røyskatt og gaupe på Tustna. Ulv har det ikkje vore der sidan 1800-talet, og av bjørn har det berre vore enkelte streifdyr i moderne tid. Av nyinnførte dyr er særleg minken vanleg. Orrfugl har det vore mykje av på Tustna. Spesielt på Solskjelsøya var det ei stor stamme med orrfugl. Orrhanane spela på kvar sin lynghaug for å tilkalla seg orrhønene. Men på 1970-talet minka det drastisk med orrfugl på Solskjelsøya. Dette hadde samanheng med at rovdyret mår gjorde sitt inntog på øya. Måren formeira seg raskt. Ekorna vart utrydda nærmast med ein gong.

Etter at Tustna vart slegen saman med Aure kommune vart gardsnummera endra slik at tustnagardane er nummererte frå 201 og opp. For dei gamle gardsnummera, trekk frå 200.




#Article 12: Aukra kommune (277 words)


Aukra er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Kommunen ligg ved kysten og grensar til Molde kommune i sør, Hustadvika kommune i aust og til øyane i tidlegare Sandøy, no Ålesund kommune i vest. 

Det bor om lag 3500 menneske i kommunen. Størstedelen av desse bur på øya Gossa, medan om lag 600 bur på fastlandsdelen av Aukra, Julsundet.

Gossen har i den seinare tid opplevd ei stor industriell utbygging. Eit prosessanlegg for handsaming av naturgass ligg i Nyhamna på Gossa. Terminalen tar imot rikgass frå Ormen Lange og Aasta Hansteen-felta og eksporterer tørrgass gjennom gassrøyrleidninga Langeled til Easington i England via Sleipner.

Før gassen kom til Aukra, var dei største skatteinntektene der henta frå landbruk, fiskeindustri og skipsbygging.

Aukra kyrkje ligg på Gossa og er kyrkje for heile kommunen.

Aukra kommune, tidlegare skrive «Akerø», vart oppretta ved formannskapslovene av 1837, og var opphavleg ein kommune som omfatta Gossa, Otrøya, ein del av Midøya, øyane i Sandøy, samt Julsundet og Mordal på Romsdalshalvøya.

I 1924 blei resten av kommunen delt i Nord-Aukra, som bestod av Gossa og fastlandsdelen, og Sør-Aukra, som bestod av Otrøya og ein del av Midøya i det som no er Midsund kommune. 

Aukra fekk noverande grenser ved avståing av Mordal krins til Molde 1. januar 1964. Kommunen har heitt Aukra sidan 1. januar 1965, samtidig som Sør-Aukra blei slått saman med resten av Midøya og Dryna frå Vatne kommune og bytte namn til Midsund.

Namnet Aukra, som er unikt i Noreg, kjem truleg frå Aukrin, ei samansetting av akr og vin: åker og eng. Frå 1600-talet til 1917 blei namnet feilskrive med endinga -ø(e) («Akerø»).

Folketalsutvikling for Aukra kommune frå 1924:




#Article 13: Aure kommune (651 words)


Aure er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som frå 1. januar 2006 omfattar tidlegare Tustna kommune. Aure kommune grensar til Kristiansund kommune (Frei) i vest, Hitra kommune i Trøndelag i aust, Heim kommune i aust og sør og Tingvoll kommune i sør, medan Smøla kommune ligg i nordvest, rett nordom Edøyfjorden.

Folk som kjem frå sjølve Aure, medrekna Ertvågsøya blir kalla aurgjeldingar og målføret deira aurgjelding. Folket som kjem frå tidlegare Stemshaug kommune blir kalla stemshaugingar, og dei snakkar ei undergruppe av aurgjelding som blir kalla stemshauging når ein vil vera ekstra presis. Folk frå den tidlegare Tustna kommune blir kalla tustningar og dialekten der blir kalla tustning.

Kommunen har eit rikt planteliv og etter det ein kjenner til, så har Aure verdsnordgrense for tre karplanteartar, nemleg blankburkne, knortestorr og kystmaigull. Av raudlista artar i kommunen kjenner ein til åtte artar; alm (NT), blankstorkenebb (NT), brudespore (NT), engmarihand (NT), fjellnøkleblom (NT), kvit skogfrue (NT), kystengkall (VU) og marinøkkel (NT). Som ein ser er alle dei raudlista karplantane i Aure raudlista som nær truga (NT), sett bort frå kystengkall. Den siste er raudlista som sårbar (VU).

Aure kommune ligg i eit område med mykje ørn, både havørn og kongeørn. Båe artane hekkar i området, og inntil kommunesamanslåinga med Tustna kommune 1. januar 2006 var kommunevåpenet til Aure to ørnehovud som ser kvar sin veg. 
Aure kommune har både fjordar og sjøområde i tillegg til fjell og skog. Dette gjer at det er eit svært variert fugleliv i kommunen. Frå storfugl og rype i fjellet til tjeld, måse og ærfugl ved kysten. I tillegg kan nemnast at ein i Aure kan finna alle dei sju hakkespettartane i Noreg hekkande i kommunen, nemleg; Flaggspett, kvitryggspett, dvergspett, tretåspett, gråspett, grønspett og svartspett. Kva gjeld fugl, så er likevel Mellandsvågen og Livsneset på Skardsøya det mest interessante fugleområdet i Aure. Dette er eit såkalla ramsarområde, og fleire sjeldne og raudlista fugleartar overvintrar der.

I Aure kommune er det store stammar med både rådyr og hjort i tillegg til at det finst ein veksande stamme med elg. Aure har lenge vore ein av dei største hjortekommunane i Noreg. Tidleg på våren og sumaren kan ein sjå mykje hjort beitande langs vegane. Det er ikkje uvanleg å sjå flokkar på fleire titals dyr.

Gaupe er det største bufaste rovdyret i Aure. Det har vore observert bjørn i kommunen, men dette er ikkje eit dyr som har fast tilhald der. Raudreven har også fast tilhald i Aure og kan synast å ha auka i antal dei siste åra, etter å ha vore på eit lågmål ei tid grunna reveskabb.

Elles finst det òg dyr som:

Piggsvin var tidlegare ein vanleg dyreart i Aure, men kom meir eller mindre bort i laupet av 1960-talet, uvisst av kva grunn. I dag kjenner ein ikkje til at arten finst nokon stad i kommunen. Bever oppheldt seg nokre få år på 1980-talet i Todalen i Aure. Truleg har arten vore vanlegare i gamal tid, då gardsnamnet Bjøringen i Aursundet er rekna å vera utleidd av bever. Sjå Todal (1963).

Av andre pattedyr kan nemnast:

Tustna og Aure kommunar vart samanslegne den 1. januar 2006. Den nye kommunen ber namnet Aure, og kommunevåpenet byggjer på Tustna sitt kommunevåpen med den endringa at klippfisken skal vera i sølv (kvitt) i staden for tidlegare gull (gult). (sjå )

Folketalsutvikling for noverande Aure kommune frå 1875:

a Dette talet omfattar ikkje eit område på Ertvågøya som var del av gamle Valsøyfjord kommune fram til kommunesamanslåinga i 1965, då det vart overført til Aure kommune. Dette området hadde då 141 innbyggjarar.

b Dette talet omfattar skulekrinsen Innlandet, som var del av Aure kommune fram til 1976, då det vart overført til Halsa kommune. Dette området hadde då 158 innbyggjarar.

Tidlegare var det berre ferjesamband til Ertvågsøya, men frå 1995 har det vore vegsamband via Riksveg 680 til Ertvågsøya over Aursundbrua, Smalsundbrua og Mjosundbrua. 

Sjå Aurgjeldingar




#Article 14: Averøy kommune (106 words)


Averøy er ein kommune på nordsmørskysten i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i vest til Kristiansund og i sør til Gjemnes og Eide. Averøy kommune ligg på Averøya, den største øya i kommunen, som er skilt frå fastlandet og nabokommunane ved Bremsnesfjorden, Kvernesfjorden og Kornstadfjorden. Averøy femner også fleire mindre øyar og holmar nordvest for hovudøya.

Averøy kommune vart oppretta i 1964 etter samanslåing av den tidlegare kommunen Kvernes, og delane av dei tidlegare kommunane Bremsnes og Kornstad som låg på Averøya, i tillegg til dei mindre øyane på kysten utanfor. Ei mindre grensejustering var i 1983, då Eldhusøya på Atlanterhavsvegen vart overført frå Eide til Averøy.




#Article 15: Frei (115 words)


Frei er den største øya i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på 62,5 km². Største tettstad er Rensvik med 2118 innbyggjarar (2003). Det høgaste punktet på Frei er Freikollen, 629 moh.

Frei er òg ein tidlegare kommune. Han grensa til Kristiansund kommune i nord og var elles omgjeven av fjordar og sund. I søraust ligg Tingvoll kommune, i sør Gjemnes kommune og i vest Averøy kommune. 

Den 1. januar 2008 vart Frei kommune samanslegen med Kristiansund kommune. Dette vart vedteke i folkeavstemming der 1 330 stemte for og 1 252 stemte imot.

Innbyggjartalet i 2007 var ca 5 428. Administrasjonssenteret var Rensvik.

Folketalsutvikling for tidlegare Frei kommune frå 1964 til 2007:




#Article 16: Fræna kommune (423 words)


Fræna kommune er ein tidlegare norsk kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Han vart slegen saman med Eide kommune til Hustadvika kommune den 1. januar 2020. Området låg på Romsdalshalvøya, nord for Molde, og grensa til Eide kommune og Gjemnes kommune i nordaust, Aukra kommune i vest og Molde kommune i sør. Kommunen hadde dei siste grensene sine frå 1964, då kommunane Fræna, Bud og Hustad vart slått saman til nye Fræna kommune.

Elnesvågen er administrasjonssenter og største tettstad i kommunen. Busetnaden i kommunen er spreidd, men tettar seg til i og kring kommunesenteret og i Bud vest i kommunen. Fræna har fire kyrkjer, Myrbostad kyrkje, Bud kyrkje, Hustad kyrkje og Vågøy kyrkje.

Dumperprodusenten Moxy ligg i Fræna-området.

Kommunenamnet var opphavleg Vaagø (Vågøy) og vart endra til Frænen i 1860 og Fræna i 1918. Staden har namn etter Frænfjorden (gammalnorsk Fræni). Tydinga er uviss, men kan stamme frå frænn (lys, skinande).

I 1589 heitte soknet Vågøy og låg under Aukra prestegjeld. Ved kongeleg resolusjon av 22. september 1859 vart soknet gjort om til Fræna prestegjeld. I 1880 vart gjeldet så delt i Ytre og Indre Fræna.

Kommunevåpenet vart vedteke 15. mai 1995 og har sju blå bølgjer på ein gull bakgrunn. Motivet skal symbolisere havet.

Fræna omfattar den vestlege delen av Romsdalshalvøya, frå områda rundt Frænfjorden i sør til Hustadvika i nord, og dertil ei rekkje mindre øyar.

Hustadvika er ei av dei mest vêrharde strekningane av vestlandskysten. Fræna er ein kyst og fjordkommune der dei indre delane har ei rekke fjell mellom 600 og 1000 meter. Blant dei mest kjende fjella er Jendemsfjellet (633 moh.) og Kvannfjellet på (900 moh.), det høgste fjellet i kommunen. Nært kysten er det svære myrlendte område. Tvers gjennom kommunen går Frenfjorden som endar inst i Malmefjorden.

Nær grensa til Eide kommune ligg dei kjende kalksteinsgrottene Trollkyrkja som er blant Frænas mest populære turistattraksjonar. 

På fugleberget på Ergan i Bud hekkar tusenvis krykkjer som kjem kvar februar og forlèt Fræna til fordel for sør-Atlanteren i midten av august.

Kommunen har sine største hjørnesteinsbedrifter som produserer for eksport: Hustadmarmor produserer marmor til bygningsindustrien og slurry til papirindustrien. Dumper-produsenten Moxy vart grunnlagt av gründeren Birger Hatlebakk. Fræna kommune er den største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, med stor kjøtt- og mjølkeproduksjon. Tine har produksjonsstad for mellom anna Jarlsbergost. I hamna Harøysund ved Bud er også fiskerinæringa ei viktig næring. 

Atlanterhavsvegen og Trollkyrkja er attraksjonar for turistnæringa i kommunen. Sportsdykking og sportsfiske på Hustad trekker også til seg ein del turisme.

Folketalsutvikling for noverande Fræna kommune frå 1900:




#Article 17: Giske kommune (214 words)


Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av dei to flate øyane Giske og Vigra, og to meir ulendte, Godøya og Valderøya. Kommunesenteret ligg på Valderhaugstranda på Valderøya, medan Vigra er den største øya. 

Giske kommune har 4 tettstader:

Hovudnæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.

Skjonghelleren på Valderøya er eit verdifull fortidsminne med avleiringar som mellom anna viser korleis den magnetiske Nordpolen har endra seg. Ein har òg funne restar av fuglar og dyr som er om lag 30 000 år gamle. Ein har òg funne 10 000 år gamle spor etter menneske.

Øyane har òg fleire minne frå vikingtida. På Giske ligg ein av dei eldste herregardane i Noreg. Han var heimen til den mektige Giske-ætta eller Arnungane frå 900-talet til 1582. Giske kapell, kledd i kvit marmor, vitnar om rikdommen på øya på 1100-talet.

Folketalsutvikling for noverande Giske kommune frå 1910:

Det er brusamband mellom Vigra og Valderøya på Gjøsund. Frå Valderøya går ein undersjøisk tunnel til Ålesund (via Kverve, Ellingsøya). Det er bru til Giske frå Valderøya og undersjøisk tunnel frå Giske til Godøya. Snøggbåtsambandet Hareid-Valderøy-Ålesund blir trafikkert av MS «Tideekspress» og går fleire gongar dagleg frå ferjekaia på Valderhaugstranda.

Ålesund lufthamn ligg på Vigra.




#Article 18: Gjemnes kommune (352 words)


Gjemnes kommune er ein kommune som ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Han grensar mot Hustadvika kommune i vest og mot Molde i sør. Nord for Gjemnes ligg Averøy og Kristiansund, og over Tingvollfjorden i aust ligg Tingvoll kommune.

Kommunesenteret i Gjemnes er Batnfjordsøra som ligg inst i Batnfjorden.

Det er to kyrkjer i kommunen; Gjemnes kyrkje som ligg i bygda Gjemnes, og Øre kyrkje i Skeisdalen.

Landskapet i Gjemnes varierer hovudsakleg mellom fjordar og fjell med toppar på kring 700-1000 moh. Det høgste punktet er Stortussen, lokalt kalla Snøtind, på 1027 moh, som ligg på grensa mot Eide. I kommunen ligg det to låge dalføre som strekkjer seg sørvestover til Fannefjorden; eitt frå Batnfjorden og eitt frå Tingvollfjorden. Busetnaden ligg for det meste langs Tingvoll- og Batnfjorden, med samlingar i Batnfjordsøra, Angvik, Flemma og Torvikbukt i tillegg til noko spreidd busetnad i dalføra i innlandet.

Jord- og skogbruk er viktigaste næringsvegen i Gjemnes og står for eit viktig grunnlag for sysselsetting og busetnad. Den dyrka jorda finn ein langs strendene og i dei låge eida, særleg kring og inn i frå Batnfjorden. Her vert det hovudsakleg dyrka fôr til mjølkeproduksjon. Kommunen har òg eit variert spekter av verksemder fordelt innanfor handverk, produksjon, handel- og finansnæring, fordelt på små og mellomstore føretak. Industrien utgjer me.a. ei møbelverksemd og ein måling- og lakkfabrikk. På Høgset attmed Gjemnessundet ligg meieri og betongproduksjon. Om lag 48 % av dei yrkesaktive har arbeid utanfor kommunegrensene, særleg i Molde.

E 39 (Molde- Trondheim) går igjennom Gjemnes over Bergsøya med bruer over Gjemnessundet og Bergøysunddet. Desse bruene utgjer ein del av Krifast. Freifjordstunnelen frå Bergsøya fører til Frei og Kristiansund via riksveg 70. Fylkesveg 665 ligg mellom Angvika og Isadlia i Molde og fylkesveg 666 kring halvøya mellom Tingvollfjorden og Batnfjorden. På Reinsfjellet står TV- og FM-sendar.

Kommunevåpenet til Gjemnes vart godkjent 1983. Våpenet synar på grøn botn framsida av eit hjortehovud i gull og viser til hjortestammen som held til i kommunen.

Det første leddet i namnet Gjemnes kjem truleg frå eit elvenamn som har samanheng med det norrøne ordet gíma, som tyder 'gime', 'munning'.




#Article 19: Haram kommune (166 words)


Haram er ein tidlegare norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. 1. januar 2020 vart kommunen del av nye Ålesund kommune.

Kommunen grensa i aust mot Vestnes kommune og i søraust mot Skodje kommune. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund  kommune, og mot vest ligg øykommunen Giske kommune. Mot nord ligg Sandøy kommune og Midsund kommune. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag 2300 innbyggjarar. 

Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur på fastlandet, der dei tre største tettstadene også ligg. Frå sør mot nord ligg også øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya og Fjørtoft.

Haram kommune har fire tettstader, innbyggjartal pr 1.1.2009 i parantes:

Haram kommune vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. Den 1. januar 1890 vart den dåverande kommunen delt, og Roald kommune med 794 innbyggjarar vart oppretta. Haram kommune hadde 1956 innbyggjarar etter delinga.

Ved opprettinga hadde den nye storkommunen dermed 8140 innbyggjarar.

Kommunen har mykje industri, der dei største bedriftene er VARD i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg og på Longva.




#Article 20: Kristiansund kommune (475 words)


Kristiansund (eldre namn Fosna) er ein bykommune med om lag 24 526 innbyggjarar pr 1. januar 2016 på ytre Nordmøre i Møre og Romsdal. Byen ligg i havgapet og har totalareal på 87 km² etter samanslåinga med Frei frå den 1. januar 2008. Før kommunesamanslåinga utgjorde Kristiansund dei tre øyane Innlandet, Nordlandet og Kirklandet/Gomalandet på til saman 22 km², og frå 1964 fiskeværet Grip — eit fråflytt lite fiskerisamfunn og ein gong den minste kommunen i Noreg. 

Kristiansund har fire «land», eller øyar;

Attåt desse fire «landa» finst øya Skorpa austom Goma og nordom Nordlandet, og Grip med sine øyar og holmar uti havet nordom Kristiansund.

Frå 1. januar 2008 vart Frei kommune slegen saman med Kristiansund. Frei hadde i 2007 5428 innbyggjarar.

Nokre av dei eldste funna frå steinalderen er funne i Kristiansund. Fosnakulturen går heilt tilbake til kring 8000 f.Kr., då fosnafolket drog skinnbåtane sine på land, knekte skjel og veida, og slo seg til ved bredda av Atlanterhavet. Istida var på retur. Desse ytre distrikta vart tidleg isfrie, og i havet fanst rikeleg føde. Ein hadde òg tilgang på flint og andre harde bergartar. Ein har gjort fleire funn frå fosnakulturen i kommunen, mellom anna ved Voldvatnet. Det første funnet vart gjort så tidleg som i 1909 av Anders Nummedal.

På slutten av 1600-talet kom frislendaren Jappe Ippes med kunnskapar om tørking av saltfisk til Noreg. Den 11. august 1691 fekk han eit kongeleg privilegiebrev som gav han løyve til å drive med tilverking og eksport av klippfisk i Kristiansund og på Tustna. Det store oppsvinget kom likevel ikkje før skotten John Ramsay overtok etter Jappe. «Alle» fekk arbeide på «bergan». Båtane kom inn frå havet med salta fisk som måtte vaskast. Etterpå skulle fisken fraktast til ny salting og stabling oppe på berga. Fisken vart no liggjande i press i rundt to veker for at saltlaken skulle renne av.

Kristiansund fekk offisiell bystatus den 29. juni 1742 av kong Christian VI, under namnet Christianssund. Byen utvikla seg snøgt og vart ein føregangsby, særleg på fiskehandel. Dette trekte mange utlendingar til byen, særleg frå England og Skottland. I åra etter 1776 bygde byen opp ein stor skipsflåte med fleire skipsverft og reiparbane. Vidare fram mot 1806 hadde næringslivet i Kristiansund ei eksplosjonsarta utvikling, der byen vart tilført enorme rikdomar.

Kristiansund var den største byen og den største kommunen i Møre og Romsdal etter folketal fram til det første tiåret av 1900-talet, då Ålesund vart større. I 1969 passerte òg Molde i folketal, og Kristiansund har sidan då vore den tredje største kommunen i fylket.

Folketalsutvikling for noverande Kristiansund kommune frå 1900:

 vert kalla «kristiansundarar».

I 1876 vart sundbåten oppretta i Kristiansund. Dette er ein ferjebåt som fraktar passasjerar mellom dei fire øyane. Båten tar berre nokre få personar, men er vorten eit populært transportmiddel i Kristiansund.

Den lokale avisa heiter Tidens Krav.




#Article 21: Midsund kommune (227 words)


Midsund er ein tidlegare norsk øykommune på romsdalskysten i Møre og Romsdal. Han var omgjeven av kommunane Aukra i nordaust, Molde i aust, Vestnes i sør, Haram i sørvest og Sandøy i vest. 1. janaur 2020 vart kommunen slegen saman med Molde og Nesset til nye Molde kommune. 

Det var to kyrkjer i Midsund kommune. Nord-Heggdal kapell og Otrøy kyrkje ligg begge på Otrøya.

Kommunen hadde rundt 2050 innbyggjarar. Tettstaden Midsund hadde 583 innbyggjarar per 1. januar 2019.  

Det finst spor av busetjing frå Fosnakulturen ca. 6-8000 år f.Kr. Ein kjenner også til busetjinger frå 1400-talet.

Den mektige steingarden på Midøya var ein del av riksgrensa mellom Danmark-Noreg og Sverige i perioden 26. februar 1658 til 27. mai 1660. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på riksgrensa.

Kommunen består av øyane Otrøy, Midøy, Dryna, Magerøy og Tautra.

Ein frå midsund snakkar romsdalsdialekt og brukar «i» som førsteperson eintall.

Næringslivet i Midsund er preget av fiskeoppdrett, fiske, jordbruk og havrelatert mekanisk industri.

Midsund har sitt eige idrettslag som heite Midsund Idrettslag (forkorta MIL). Vi finn ein idrettshall, treningsstudio, Midsund stadion og Skeidvoll kunstgrassbane.

Midsund har ein kino som har tilholdsstad på bygdheim forsamlingshus. Bygdheim har plass til 170 personar.

Midsund musikklubb bidrar til å oppretthalde levande musikk i Midsund. 

Midsund har eiga lokalavis kalla Midsundingen som blir oppdatert kvar dag på nettstaden deiras og utgjeve kvar måned i papir.




#Article 22: Molde kommune (391 words)


Molde er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. 
Molde kommune fekk sine noverande grenser etter kommunereforma 2020 då dei tidlegare kommunane Molde, Nesset, og Midsund kommune blei slåtte saman til nye Molde kommune.
Heile landarealet inkludert innsjøar er no ca. 1503 kmsup2;., meir enn det tredoble av Molde sitt areal før år 2020. 

Kommunen ligg på nordsida av Romsdalsfjorden og strekkjer seg austover i den tidlegare Bolsøy kommune kring Fannefjorden, omfattar halvøya mellom henne og Langfjorden. Dessutan heile nordsida av Langfjorden, rundt Eidsvågen og Eresfjorden, øyane Sekken (18,45 kmsup2;), Veøy (1,1 kmsup2;) og Bolsøy (4,9 kmsup2;). 
Kommunen grensar no til  Aukra kommune, Hustadvika kommune og Gjemnes i nord, Vestnes og Rauma i sør, Ålesund kommune i sørvest, Sunndal i aust og til Lesja i Innlandet fylke i søraust.

Byen Molde har eit velkjent utsyn mot det såkalla Moldepanoramaet som tel 222 tindar. Molde vart ladestad i 1614 og kjøpstad i 1742. Bykjernen vart hardt skadd ved bybrannen den 21. og 22. januar 1916, og seinare ved tysk bombing i april 1940 (285 bygningar totalskadd). Vart attreist med store forretningsgårdar langs breie gater.

Byen er Romsdals sentrum og fylket Møre og Romsdals administrasjonsby; bispesete frå 18. september 1983.

Industrien omfattar m.a. Oskar Sylte Mineralvannfabrikk (kjend ananasbrus), skipsverft og annan verkstadindustri, samt ein stor lysarmaturfabrikk (Glamox). Her ligg òg ein høgskole (tidlegare ei avdeling av distriktshøgskulen i fylket), stort sjukehus, flott fotballstadion, Romsdalsmuseet og den gamle storgarden Moldegård, amtmannsbolig frå 1704, modell for Ibsens Rosmersholm. Molde vert vitja av mange turistar, og mest hektisk er det under jazzfestivalen midt i juli.

Høgskolen i Molde ligg like vest for Molde sentrum og tilbyr bachelor- og mastergradsstudier innan fagområda, økonomi, informatikk, samfunnsfag, helse- og sosialfag. I tillegg tilbyr Høgskolen i Molde doktorgradsutdanning i logistikk.

I Molde ligg òg republikken Makedonia sitt generalkonsulat i Noreg.

Molde er òg kjend for fotballaget sitt, Molde Fotballklubb, som i mange år har hevda seg helt i toppen (med Champions League-spel i 1999 som høgdepunkt).

Molde lufthamn ligg på Årø austom byen. Byen er hamn for hurtigruteanløp.

Etter dei store kommunesamanslåingane på midten av 1960-talet vart Molde kommune den tredje største kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. I 1969 passerte han Kristiansund i folketal, og har sidan då vore den nest største byen og kommunen i fylket.

Folketalsutvikling for noverande Molde kommune frå 1900:

 vert kalla «moldensarar».




#Article 23: Nesset kommune (100 words)


Nesset kommune er ein tidlegare norsk kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke som eksisterte frå 1838 til 2020. Kommunen grensa til Rauma i vest, til Gjemnes og Molde i nordvest, til Sunndal i aust og til Lesja i Oppland fylke i sør. I nord ligg Tingvoll kommune nord for Sunndalsfjorden.

Nesset kommune blei oppretta ved formannskapslovene av 1837. 

Nesset blei slegen saman med Molde og Midsund til nye Molde kommune 1. januar 2020. 

Folketalsutvikling for noverande Nesset kommune frå 1900:

Det var tre kyrkjer i Nesset kommune, Sira kyrkje i Eresfjord, Vistdal kyrkje og Nesset kyrkje i Eidsvåg.




#Article 24: Norddal kommune (685 words)


Norddal er ein tidlegare norsk kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og vest. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Stordal kommune til Fjord kommune. 

Bygder i kommunen var Eidsdal, Fjørå, Tafjord, Valldal, og Norddal (Dalsbygda). Kommunesenteret låg på Sylte i Valldal. Det er grunnskular i Valldal og Eidsdal, næraste vidaregåande skule er Stranda. Norddal er også prestegjeld med kyrkjer på Sylte og i Dalsbygda.

Kommunen var ein av dei store jordbrukskommunane på Sunnmøre. I kommunen vert det dyrka mellom anna korn, jordbær og aprikos. I kommunevåpenet finn ein att jordbæra. Norddal kommune, og særskilt Tafjord, er kjent for relativt mildt klima og vill natur. Alle bygdene unnateke Fjørå er djupe dalar. Tafjord Kraft nyttar fallhøgdene i Tafjordvassdraget (og Muldal) og nedbørsfeltet i Tafjordfjella til produksjon av elektrisitet.

Langs Tafjorden, innover Sunnylvsfjorden og utetter Storfjorden var det ei rad veglause fjord- og fjellgardar, til dømes Skrenakken, Verpesdalen og Smoge. Alle gardane var fråflytta før 1960. Storfjordens venner driv vern av desse kulturminna. Norddal prestegjeld omfatta til 1861 også Geiranger og Sunnylven, medan Dale skipreide (tingstaden Dale i bygda Norddal) i tillegg omfatta Stranda og i ein periode også Stordal. Det eldre namnet for herredet var «Dalr» i følge Amund Helland. Norddal kyrkje har og blitt kalla Dale kyrkje. Helland nytta namnet Norddal om bygda på sørsida, men skreiv samstundes «Dale eller Dalsbygden, som er den beboede strækning» av bygda Norddal.

Størsteparten av kommunens areal er fjell, mark eller vidde over skoggrensa. Kommunen omfattar mellom anna delar av Tafjordfjella, Reinheimen nasjonalpark, Trollstigen landskapsvernområde og Geiranger-Herdal landskapsvernområde. Om lag 0,5 % av arealet er utbygd område i bruk til bustader, vegar og andre installasjonar (vegar og anna infrastruktur utgjer halvparten av dette igjen). Kommunens areal fordelt på type eller bruk.

Om lag 90 % av fjellmassiva i Norddal er gneis med innslag av granitt. Fjellet forvitrar grunna vatn, frost og varme dette skaper store og små steinras, særleg kjend er Tafjord-ulukka i 1934. Berggrunnen i Norddal er særmerkt med stort innslag av olivin som det og har vore utnytta kommersielt.

Norddal utgjer den aller inste og austlegaste delen av Sunnmøre og ligg dermed mellom mildt fuktig kystklimaet og tørt innlandsklima med kalde vintrar og varme somrar. På grunn av fønvind har samtidig Tafjord norske varmerekordar i vinterhalvåret med til dømes 17,9°C i januar (1989) og 21,8°C i november (2003).

I 1870 var folketalet 2100, og dei neste 50 åra utvandra om lag 1100 frå bygdene i Norddal kommune. Valldal er den største bygda med om lag halvparten av folketalet, der har folketalet vore stabilt sidan 1910 medan busetnaden relativt sett har godt mest attende i Tafjord og Norddal. I 1993 var 8,6 % av folkesetnaden i Norddal over 80 år, mot 3,9 % i heile landet og 4,3 % i Møre og Romsdal. Børre Grønningsæter skreiv i 1840 at det i heradet var 184 «Gaardmænd», 64 «Pladsemænd» og 31 «Husmænd».

Folketalsutvikling for Norddal kommune frå 1801:

Fylkesveg 63 og fylkesveg 650 knyter bygdene saman med Åndalsnes i nord, Geiranger i sør og Ålesund i vest. Norddalsfjorden deler kommunen i ei sørside (Norddal/Dalsbygda og Eidsdal) og nordside (Tafjord, Fjørå/Selboskarbygda og Valldal) som har samband berre med ferje Eidsdal-Linge. Fram til Trollstigen opna i 1936 var fjorden viktigaste sambandet med omverda. Tunnelane mellom Linge og Liabygda (Overå) opna i 1975 og gav heilårs ferjefritt vegsamband frå Valldal langs Storfjorden til Ålesund.

Børre Grønningsæter skriv i sine dagbøker (på 1800-talet) at varebyttet «udføres af Sognets Indvaanere med Jekter og Baade, til Trondhiem og Bergen med Jekter, da der i Sognet eies og haves 5 gode Raaseiler Jekter. Disse indbringer ogsaa meget Fordel ind i Sognet til Eierne, da de aarlig faar fragter fra Aalesund og Øerne til Bergen med Fisk og Tran.» Frå midten av 1800-talet vart det mindre handel på Trondheim og tilsvarande meir på Ålesund og Kristiansund. Ålesund fekk bystatus i 1848 og Ålesund voks fram som sentrum for handelen i distriktet. Veblungsnes og Devold (Åndalsnes) var frå gamalt av ein viktig marknadsplass for bøndene i Norddal.




#Article 25: Rauma kommune (490 words)


Rauma kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar til Norddal i sørvest, Stordal i vest, Vestnes i nordvest, Molde i nord, Nesset i aust og til to kommunar i Oppland, Skjåk i sør og Lesja i søraust. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av kommunane Grytten, Voll, Eid, Hen og delar av Veøy.

Administrasjonssenteret i kommunen er Åndalsnes. Lokalavisa er Åndalsnes Avis som kjem ut tre gonger i veka. 

Rauma femner bygdene omkring den indre delen av Romsdalsfjorden og dei kortare utløparane Rødvenfjorden, Innfjorden og Isfjorden, i tillegg til 45 km søraustover inn sjølve Romsdalen med fjellstroka der. Romsdalsfjorden har høge fjell på båe sidene og kvasse tindar med tronge sidedalar mellom. Det høgaste punktet er Pyttegga på 1999 moh., som ligg på grensa til Norddal i sør. Romsdalsalpane er ei kjend fjellkjede med Venjetindan og Romsdalshorn austanfor Romsdalen og Trolltindan, Kongen, Bispen og Dronninga på vestsida. Over halvparten av arealet i kommunen ligg høgare enn 900 moh. 

Busetnaden held for det meste til langsmed Romsdalsfjorden og sidefjordane. Ved utløpet av Rauma ligg byen og administrasjonssenteret Åndalsnes med . På sørvestsida av utløpet er strandstaden Veblungsnes. Inst i Isfjorden ligg tettstaden Isfjorden med . Andre tettstader i kommunen er Voll med , Innfjorden med  og Brønnsletten med . Av mindre bygder kan nemnast Vågstranda, Måndalen, Eidsbygda, Rødven, Åfarnes, Mittet, Marstein og Verma. I 1996 vedtok Rauma kommunestyre at Åndalsnes skulle få status som by.

Jordbruk er ei vanleg næring i nedre part av dalane og kringom Isfjorden og Rødvenfjorden, med husdyrhald som det mest utbreidde innan jordbruket. Det er litt produktiv skog i Rauma, med ei skogavverking på om lag 3700 m3 i 2003. Det er mykje industri i kommunen, med konfeksjonsindustrien som ei tradisjonelt viktig næring. Andre næringar er tekstil-, møbel-, plastvare- og verkstadindustri. Elva Rauma er bygd ut med tre kraftverk. Størst av desse er Grytten med vassoverføringar frå Eiksefalen.

Raumabanen går frå Dombås på Dovrebanen til Åndalsnes. Parallelt med jarnbana går E 136, som går vidare til Ålesund. Frå Åndalsnes går vegar på nordsida av fjorden til Molde (Fv64) og Kristiansund, og opp Isterdalen med den kjende Trollstigvegen går Fv63 over til Valldal. I laupet av 1990-åra er det gjort omfattande sikringstiltak mot ras med bygging av m.a. Innfjordtunnelen og Måndalstunnelen på E 136.

Rauma har mykje turisme om sumaren, med tildrag som fjellklatring og laksefiske. Romsdalen er eit bra område for klatrarar med eitt av dei høgast overhengande stupa i Europa, Trollveggen på 1000 meter. Norsk Fjellfestival vert halden i Åndalsnes juni kvart år. Kyrkjer i kommunen er Kors kyrkje, Grytten kyrkje og Rødven stavkyrkje frå mellomalderen. På Klungnes vert Sinclairspelet arrangert om sumaren til minne om skottetoget i 1612. Nær Verma går steinkvelvbrua Kylling jernbanebru over elva Rauma. I Åndalsnes ligg Norsk Tindemuseum, som viser utviklinga av norsk tinde- og klatresport. Her vert det òg arrangert musikkfestivalar årleg, av dei Trollblues og RaumaRock.

Folketalsutvikling for noverande Rauma kommune frå 1920:




#Article 26: Rindal kommune (101 words)


Rindal er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar til Heim kommune i nord, Orkland kommune  i nord og aust, Rennebu og Oppdal i sør og Surnadal i vest.

Rindal var ein del av Møre og Romsdal fylke fram til den 1. januar 2019 då kommunen vart overført til Trøndelag etter eige ynske. Allereie i 1923 søkte Rindal saman med Surnadal om å bli overført til Trøndelag, men då lukkast det ikkje.

Folketalsutvikling for Rindal kommune frå 1858:

a Dette talet omfattar eit område som vart overført frå Rindal kommune til Hemne kommune i 2008. Dette området hadde då 4 innbyggjarar.




#Article 27: Sandøy kommune (267 words)


Sandøy kommune er ein tidlegare norsk kommune på Romsdalskysten i Møre og Romsdal fylke. Arealet inngår no i Ålesund kommune. Kommunen grensa til Haram i sør, til Midsund i aust og til Aukra i nord. Sandøy kommune vart danna i 1867, då han vart skild ut frå Aukra kommune. Kommunegrensene har vore uendra sidan 1965, då Sandøy fekk overført delane av Harøya som høyrde til Haram kommune. 1. januar 2020 vart Sandøy ein del av nye Ålesund kommune. 

Sandøy var den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. Næringslivet i kommunen har tradisjonelt vore prega av fiske. I dei seinare åra har reiselivsnæringa vore i vekst. Administrasjonssenteret i kommunen er Steinshamn, som ligg nord på Harøya. Kyrkjene i Sandøy kommune er Sandøy kyrkje på Sandøya og Harøy kyrkje på Harøya.

Lokalavisa er Haramsnytt, som kjem ut to dagar i veka.

Sandøy består av mange øyar og er kommunen med minst flatevidd av kommunane i Møre og Romsdal. Flesteparten av øyane i kommunen er flate og myrlendte, og seks av desse øyane er busette. Harøya på 13,6 km² er den største øya i kommunen og utgjer kring 60 % av flatevidda. På denne øya ligg Steinshamn, administrasjonssenteret i Sandøy kommune, og størstedelen av folkesetnaden bur her. Ut mot havet ligg øyane Ona og Husøya, Sandøya og Finnøya ligg nordaust for Harøya, og Orta ligg heilt aust i kommunen. Det høgaste punktet i Sandøy kommune Harøyburet på 156 moh., som ligg på Harøya.

Kommunevåpenet til Sandøy vart godkjent 1986. Våpenet har på blå grunn tre sølv spissar som møtest på høgre skjoldkant. Motivet illuderer ljos frå fyrtårn.




#Article 28: Skodje kommune (245 words)


Skodje (uttalt Skøye) er ein tidlegare norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa mot Haram kommune i nord, Ørskog kommune i aust og Ålesund kommune i vest. Over Storfjorden mot sør låg Sykkylven kommune. 1. januar 2020 vart Skodje ein del av nye Ålesund kommune.

Kommunen har hovudsakleg jord- og skogbruk, men det er òg trevare- og møbelindustri og annan industri der, delvis flytta dit frå Ålesund. E39 og E136 går samanfallande gjennom kommunen. Skodje har ein ung aldersprofil; om lag 60 % av innbyggjarane er under 40 år.

Skodje er både ein tidlegare og noverande sjølvstendig kommune. 

Folketalsutvikling for Skodje kommune frå 1902:

aDette talet omfattar eit område som var del av Skodje kommune fram til 1916, då det vart overført til gamle Borgund kommune. Dette området hadde då 14 innbyggjarar.

Kommunen sin tusenårsstad er Tusenårsparken rundt Jentekolonien. Jentekolonien er ein gamal feriekoloni for jenter, som for inntil få år sidan ikkje blei tatt vare på. Skodje Lions starta ein dugnad for bygget, og det er no gjort om til eit hus for kultur og arrangement i kommunen. 

Rundt bygningen er Tusenårsparken bygd opp. Her står det blant anna eit bronserelieff av krigshelten Herluf Nygaard. I «statsministerlunden» har blant andre både Kjell Magne Bondevik og Jens Stoltenberg planta kvart sitt tre. Her står òg venskapstreet som er planta av vennskapskommunen Voi i Kenya. I parken ligg òg det gamle kornlageret, som var utgangspunktet for det som seinare blei den lokale banken.




#Article 29: Smøla kommune (169 words)


Smøla er ein øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Over Ramsøyfjorden i aust ligg øya og kommunen Hitra, og over Edøyfjorden i sør ligg Aure og øya Tustna. Ein person frå Smøla blir kalla «smølaværing» eller «smølværing».

Kommunevåpenet frå 1989 viser to oppflygande sølvmåsar på raud bakgrunn.

Kommunen er den nordlegaste på Nordmøre. Han ligg tre mil nord for Kristiansund.
Heile kommunen omfattar over 5 800 øyar, holmar og skjer. Den største øya, Fast-Smøla, dekkjer 214 km² av den totale flatevidda av kommunen på 275 km².

Dei viktigaste næringane i kommunen er landbruk og fiske, men sørvisnæringane har hatt aukande omfang. Smøla vart den fyrste store vindkraftkommunen med opninga av Smøla vindpark i i 2002. Smøla vindpark II vart opna i 2005. Reiselivsnæringa har òg vorte viktig.

Kulisteinen på Kuløya er ein godt ivareteken runestein som nemner kristninga av Noreg, og er den eldste kjende skriftlege bruken av namnet «Noreg».

Gamle Edøy kyrkje på Edøya vart bygd på 1100-talet.

Kommunen hadde 2 180 innbyggjarar den 1. januar 2013.




#Article 30: Stordal kommune (210 words)


Stordal er ein tidlegare norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Ørskog i nordvest, Vestnes i nord, Rauma i aust, Norddal i søraust, Stranda i sør og til Sykkylven i vest. 

Kommunen vart oppretta då han vart skild ut frå Stranda kommune i 1892. Han vart slått saman med Ørskog kommune og Skodje kommune i 1965, men den nye storkommunen vart oppløyst att i 1977, og Stordal vart eigen kommune igjen. Stordal var ved samanslåinga den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Norddal til Fjord kommune.

Då Stordal kommune vart skild ut att som eigen kommune, vart han den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. Men folketalet minka raskare i Tustna kommune enn i Stordal, og i 1998 tok Stordal att Tustna. Frå då og fram til 2006 veksla dei to kommunane på å vera minst. Det året vart Tustna kommune slått saman med Aure kommune, og frå då var Stordal igjen minst i fylket. Per 2010 var Stordal den einaste kommunen i Møre og Romsdal etter dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet som hadde hatt færre enn 1000 innbyggjarar. Talet var lågare enn dette i 2003-04 og 2006-08.

Folketalsutvikling for Stordal kommune frå 1892:




#Article 31: Stranda kommune (282 words)


Stranda er ein kommune i Møre og Romsdal. Han ligg ved Storfjorden på Indre Sunnmøre. Kommunesenteret er Stranda. I kommunesenteret og bygdene rundt bur det knapt 3 400 innbyggjarar, men bygdene Geiranger (250 innbyggjarar), Hellesylt (680 innbyggjarar), Liabygda (260 innbyggjarar) ligg òg i kommunen. Sentrum med kyrkja er oppført på garden Sløgstad (òg kalla Slyngstad). Den første postadressa (namnet på postopneriet) var «Slyngstad» eller «Slyngstad i Stranden», frå 1876 berre kalla «Stranden», endra til «Stranda» i 1921.

Fjellområdet Åkerneset i Sunnylvsfjorden er rekna som ustabilt, og eit ras der kan skapa ei flodbølgje som vil ramma fleire av tettstadene. Fjellet er derfor nøye overvaka.

Stranda har to vidaregåande skular: Den private kristne internatskulen Vestborg vidaregåande skule og den fylkeskommunale Stranda vidaregåande skule.

Industriverksemd er hovudnæringa i kommunen, og i tillegg til kjøt- og møbelindustri ligg mellom anna den største fabrikken for frosen pizza i Noreg her. Der lagar dei den kjende Grandiosa-pizzaen.

Reiselivsnæringa har lange og sterke tradisjonar i kommunen. Geiranger vart tidleg eit reisemål, og alt i 1869 kom det første skipet med utanlandske turistar til Geiranger. I dag er Geiranger nest største cruisehamna i Noreg med om lag 200 cruiseskip-anløp kvart år. I tillegg kjem dagleg anløp av hurtigruta. I alt gjestar om lag 700 000 turistar kvar sommar Geiranger. 

Fossar, fjord, fjell og fråflytte fjellgardar som klorer seg fast i bratthenga, har gitt Geirangerfjorden oppnamnet «Verdens vakraste fjord». Han står på UNESCO si verdsarvliste og mesteparten av Geirangerfjorden delområde av Vestnorsk fjordlandskap ligg innanfor Stranda kommune.

Den ideelle organisasjonen Storfjordens Venner har i ei årrekkje restaurert fleire av dei fråflytte fjellgardane, mellom anna ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren og friviljugt arbeide.

Folketalsutvikling for noverande Stranda kommune frå 1900:




#Article 32: Sula kommune (309 words)


Sula er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.

Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.

Frå gamalt av var Sula ein del av tidlegare Borgund kommune. Dei første tankane om å verta eit sjølvstendig herad vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde øya Sula om lag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram, men då Borgund vart slegen i hop med Ålesund i 1968, blussa kampen om sjølvstende opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein gløymd utkant i den nye storkommunen Ålesund. Fram til 1977 gjekk det såleis føre seg ein heftig debatt og utskiljinga var oppe til politisk handsaming fleire gonger. Endeleg i 1976 vedtok Stortinget at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund, og det har den såleis vore sidan 1.1.1977.

Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.

Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.

Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip  Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.

Gruppene Ytre Suløens Jass-ensemble og Brazz Brothers kjem frå Sula, og det gjer òg ei rekkje andre kjende personar:




#Article 33: Sunndal kommune (123 words)


Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid så vel som Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad. 

Sunndal har ca 7500 innbyggjarar, av dei bur rundt 4500 i tettstaden Sunndalsøra. 

I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca 900 arbeidsplassar. Verket er nyleg (2004) modernisert, samtidig som det feirar 50-års-jubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-talet.

Sjølv om tettstaden er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal og ein stor jordbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor. 

Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket. 

Folketalsutvikling for noverande Sunndal kommune frå 1854:




#Article 34: Surnadal kommune (182 words)


Surnadal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar til Heim kommune i nord, Rindal i aust og Sunndal i sør. Over fjorden ligg Tingvoll kommune.

Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er sett saman av fleire dalar, med Surnadalen som den viktigaste. Dei mindre dalane er Bæverfjord, Bæverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvanne og Stangvik. 

Frå Surnadal strekkjer det seg fleire seter- og fjelldalar langt inn i sentrum av Trollheimen. Det høgaste fjellet her er Snota, 1668 moh. Elva Surna renn gjennom Surnadal frå Rindal og vestover. Her blir elva forma i det største deltaområdet i Nord-Europa før ho renn ut i Surnadalsfjorden. Surna er rik på laks og er eit trekkplaster for bygda.

Det milde klimaet og jordsmonet gjer Surnadal til ein god jordbrukskommune. Økonomien er bygd på jordbruk, skogsdrift, industri og meir. Administrasjonssentrumet heiter Skei. 
Surnadal har ferjesamband med Sunndal over Kvanne–Rykkjem, og riksveg 65 går til Trondheim.

Surnadal er heimbygda til den nasjonalkjende diktaren Hans Hyldbakk, som har vore med på å gje bygda sterke kulturtradisjonar.

Folketalsutvikling for noverande Surnadal kommune frå 1920:




#Article 35: Sykkylven kommune (428 words)


Sykkylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal med om lag 7600 innbyggjarar. Kommunen grensar til Stordal og Stranda i aust og til Ørsta i sørvest. I nord ligg Storfjorden med Ålesund, Skodje og Ørskog på andre sida. Om lag 3/4 av folket i kommunen bur langsmed den åtte kilometer lange Sykkylvsfjorden, ein sidefjord av Storfjorden. Kommunikasjonen på tvers av fjorden vart monaleg betre då Sykkylvsbrua vart opna i 2000 mellom krinsane Vik og Ikornnes.  

Namnet «Sykkylven» er truleg eit gamalt fjordnamn. Sistelekken -ylven tyder truleg ‘lågt fuktig lende’, medan fyrstelekken anten kan kome av ‘sekk’ (jf. det faktum at det er tale om ein sekkefjord) eller av ‘stilleståande eller langsamt rennande vatn’, eventuelt ‘lita vik’ (jf. skrivemåten Síkiflir). 

Sykkylven er ei fin bygd for fjellturar. Der er mange høve til gåturar og til skiturar, til dømes på Fjellsætra der det er skianlegg for alpint (Sunnmørsalpane skiarena) og for langrenn. Dei høgaste tindane, som Råna (1586 moh.), eignar seg for fjellklatring. 

I kulturlivet merkar Sykkylven seg ut med eit rikt musikkliv med sju korps, ti kor, storband og fleire band. 

Det kjem ut ei lokalavis for kommunen, Sykkylvsbladet, med redaksjonslokale på kommunesenteret Aure.

Sykkylven var del av Ørskoug prestegjeld og tinglag, og Ørskoug kommune frå 1837. Sykkylven vart skild ut frå Ørskog som eigen kommune i 1883. Bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen på sørsida av Storfjorden vart tilførte frå Ørskog i 1955.

Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan 800 år f. Kr. 

Norsk møbelfaglig senter ligg i Sykkylven, og er eit dokumentasjonssenter og museum for møbelindustrien.

Folketalsutvikling for Sykkylven kommune frå 1883:

aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Ørskog kommune fram til 1955, då det vart overført til Sykkylven kommune. Dette området hadde då 348 innbyggjarar.

Hovudnæringa i Sykkylven er industri, med hovudvekt på møbelindustri. Dei mest kjende møbelfabrikkane er Ekornes, Scandinor ANS, Hjellegjerde, Brunstad og Formfin. I tillegg er der industrigreiner som produserer transformatorar, emballasjeprodukt, stålkomponentar, baderomsinnreiing, bygningsprofilar og utstyr til skip og oljeinstallasjonar. Der er òg fleire underleverandørar, sørvisbedrifter og design- og arkitektkontor.

Sykkylven har tre tettstader: 

Av bygder og bygdelag kan desse nemnast:

I Sykkylven prestegjeld har ein to sokn: Sykkylven og Ikornnes. Prestegjeldet høyrer til Austre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Sykkylven kyrkje vart vigsla i 1990, etter at gamlekyrkja brann ned i 1983. Ikornnes kyrkje vart vigsla i 1978.

Sykkylven lensmannsdistrikt i Sunnmøre politidistrikt høyrer til Sunnmøre tingrett.

Sykkylven har ein vidaregåande skule, Sykkylven vidaregåande skule, med yrkesfaglege og studieførebuande studieprogram. 




#Article 36: Tingvoll kommune (2255 words)


Tingvoll kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trongfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune grensar til Sunndal kommune i søraust. Elles er han omgjeven av kommunane Aure i nord, Heim i nordaust, Surnadal i aust, Molde i sørvest, Gjemnes i vest og Kristiansund i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965. Etter denne revisjonen vart Tingvoll kommune mesta identisk med Tingvollhalvøya. 

Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvøya, er opphavet til namnet Tingvoll. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møtest. Bergsøysundbrua knyter kommunen til Krifastsambandet.

Tingvollhalvøya er fire mil lang og om lag tjue km² i flatemål. Halvøya når ikkje inn i fjella i Trollheimen, og heller ikkje ut til storhavet.

Tingvoll ligg på ei stor halvøy som strekkjer seg frå fastlandet mot havet i retning nord-nordvest. Halvøya har høge fjell, men er gjennomskoren på tvers fleire stader med dalsøkk og eid som bind landet saman og skaper ferdselsårer mellom fjella.

Tingvollhalvøya har fleire fjelltoppar på meir enn 1 000 meter over havet. Smisetnebba er det høgaste punktet i kommunen med  sine 1 175 meter over havet. I midtre del av halvøya er Høgfjellet med sine 689 moh. det høgaste. I gamle Straumsnes er Valfjellet med 528 moh. høgast. Men Magnhildberget helt nordlegast på halvøya er det mest karakteristiske og eit kjennemerke i landtoninga, synleg langt til havs. Bratte fjellsider som stuper rett i fjorden er karakteristisk for landskapet mange stader i Tingvoll kommune. Slike stader gjer landverts kommunikasjon vanskeleg og hemma lenge vegbygginga.

Ved Straumsnes bør tre øyar nemnast. Den største er Aspøya, som ligg ytst i Tingvollfjorden. Mellom Aspøya og Straumsnes ligg ein poll med namnet Karihavet. På eine sida er Karihavet stengt av eit smalt eid, og på andre sida er det ei trong opning mot Tingvollfjorden. I 1901 vart Nålsundkanalen gjennom eidet opna.

Dei to andre øyane er Årsundøya og Langøya. Begge desse ligg nordom sjølve Straumsnes, mot Talgsjøen.

Tingvollhalvøya er mesta heilt omgjeven av lange og djupe fjordar. Dei skjer gjennom landet frå havet og inn mot fjella i nabokommunane. På vestsida av halvøya ligg Tingvollfjorden, som fortsett mot sør under namnet Sunndalsfjorden. På austsida av halvøya ligg Halsafjorden og Trongfjorden, som fortsett mot sør under namna Stangvikfjorden, Todalsfjorden og Ålvundfjorden. I nordvest ligg Freifjorden, og i nord Talgsjøen. Fjordane var tidlegare einerådande som kommunikasjonsårer gjennom landskapet. Det var sjøen og fjordane som batt bygdelaga på Nordmøre saman og gav dei identitet.

Det finst fleire vatn i Tingvoll kommune. Storvatnet i Straumsnes er størst, og dette er drikkevassskjelde for Kristiansund kommune. Bergemsvatnet var lenge prega av ureining frå landbruk.

Rimstadelva renn frå Stølsvatnet til Tingvollvågen. Elva gav kraft til kverner, sagbruk og ein ullvarefabrikk.

Tingvoll har mindre nedbør enn kystlandskapet lenger nord og mindre kulde enn innlandsbygdene lenger sør.

For perioden 1960–1990 var juli gjennomsnittleg den varmaste månaden med 13,6 °C, mens januar var kaldast med -1,6 °C. September var i same perioden den mest nedbørsrike månaden med gjennomsnittleg 141 mm, mens mai var tørrast med 51 mm nedbør. Målestasjonen ligg på Hanem i Tingvoll kommune.

Hjort og rådyr finst ofte i flokkar i Tingvoll kommune, og elgen trivst stadig betre. Bestanden av rev, villmink og røyskatt er stor, og grevling finst òg. Rype, tiur og orrfugl er nokså vanlege. Oter og mår er heller ikkje sjeldne syn. Gaupe kan ein stundom sjå far etter, men dette er berre streifdyr.

Av rovfugl kan nemnast kongeørn og havørn. Det finst òg hønsehauk, sporvehauk, dvergfalk, tårnfalk og fjellvåk.

Flokkar av songsvaner og gjæser kjem innom Tingvoll kvart år, medan traner hekkar årleg i kommunen. Ærfugl er det store flokkar av.

Tingvollfjordane får stundom besøk av niser.

Det finst to naturreservat og sju landskapsvernområde i kommunen; dei fleste av desse er i ytre delen av kommunen.

På Straumsnes er det funne fleire  fosnabuplassar frå eldre steinalder. Bergmåleria på Hindhammaren og arkeologiske funn tyder på at det har budd folk på Tingvoll langt tilbake i historia. På Aspa er det høge bautasteinar.

Det er gravrøyser frå vikingtida på Røttingneset og andre stader.

Tingvoll ligg sentralt til på Nordmøre, og stadnamnet Tingvoll blir oftast teke til inntekt for at dette har vore tingstad for Nordmøre. Ein trur at den gamle tingstaden låg der Tingvoll kyrkje står i dag.

Aspa-ætta, som blant anna fostra erkebiskop Olav Trondsson, hadde hovudsete på gardane Aspa og Boksaspa i mellomalderen.

Frå 1500-talet vart det eksportert store mengder trelast frå fjordbygdene på Nordmøre, inkludert frå Tingvoll. Oppgangssager har det vore mange av langs fjordane.

Dei viktigaste kundane var lenge nederlandske kjøpmenn, og dei henta trelast i Noreg med eigne fartøy. 1600-talet blir gjerne kalla hollendartida i nordmørshistoria. Samtidige nederlandske kart over Noreg viser at dei var interesserte i mange småe stader langs fjordane. Lille-Fosen vart etablert som ladestad på denne tida, med tollstasjon som skulle kontrollere verksemda.

Kring 1900 var det eit større sagbruk på Meisingset, Nordmøre Trelastforetning og Dampsagbruk hadde over hundre tilsette. Sagbruket brann i 1904. Nordmøre Bruk vart seinare etablert like ved og hadde sytti tilsette. Trelasta gjekk til eksport og vart transportert sjøvegen.

På 18- og 1900-talet har stavskurd (skjering av tynnestav) vore ei viktig verksemd på mange sagbruk i Tingvoll. Desse tynnestavane vart dels bruka i lokale bedrifter, dels selt til tynnefabrikkar og bøkkerar i byane og fiskeridistrikta.

Det var tynnefabrikkar i Tingvoll, Flemma og Angvik.

I Angvik vart det etablert møbelfabrikk i 1906. Denne fabrikken utvikla seg til ei stor verksemd og er framleis i drift.

Det var fjordane som var ferdselsårene mellom gard og grend på Nordmøre før 1900-talet. Vegane førte frå gardstunet til sjøen der naustet og eventuelle andre sjøhus stod plasserte. Klinkbygde, opne båtar var hovudframkomstmiddelet. Der det var større bygder kunne mange ha sjøhusa sine samla i éi naustrekkje der det var eigna terreng og ein lun våg. Kyrkjevegen kunne gå langs fjorden, eller på tvers av fjorden.

Det var fjorden som batt eit kyrkjesokn saman. Tingvollfjorden var kyrkjeveg for dei fleste som høyrte til Tingvoll kyrkje. Angvik og Flemma på sørsida av fjorden høyrte til Tingvoll.

Austsida av Tingvollhalvøya, Torjulvågen, Vågbø og Meisingset, var knytt til austsida (eller nordsida) av fjorden. Ein del av Meisingset høyrte til Stangvik sokn. Nordvestsida av Aspøya høyrte til Frei sokn.

Vegar og ferjesamband vart i første omgang utbygde for å supplere den sjøbaserte kommunikasjonsstrukturen som fanst frå før. Men vegane og biltrafikken førte med seg eit anna samferdselsmønster som i sin tur kom til å leie til store endringar av kommunegrensene under kommunerevisjonen i 1960-åra.

I 1927 fekk Tingvoll vegsamband til Sunndalsøra og vart dermed knyta til vegsystemet i resten av landet.

Gylhamrane skapte lenge eit skilje mellom sør og nord på Tingvollhalvøya. Først i 1929 vart det køyrbar veg forbi Gyl.

Ferjesambandet Angvik–Tingvoll vart etablert i 1929 og nedlagt kring 1980. Det har òg vore ferjedrift på strekningane Fjøseid–Eidsøra og Flemma–Gyl.

Med vegar og bilferjer erstatta rutebilane dei gamle dampbåtrutene langs fjordane. I 1929 vart det etablert bilrute til Molde.

Grensene for Tingvoll prestegjeld låg til grunn for opptrekkinga av formannskapsdistriktsgrensene i 1837. På den tida var det først og fremst fjorden og sjøvegen som batt saman, medan landevegen var mindre viktig. Tingvoll formannsskapsdistrikt og seinare Tingvoll kommune låg på begge sidene av Sunndalsfjorden, mens store delar av austsida av Tingvollhalvøya låg til nabokommunane der. Den delen av Tingvoll kommune som låg på sørvestsida av Sunndalsfjorden vart kalla Sørlandet eller Tingvoll Sørland. I 1866 vart Straumsnes, den ytre delen av Tingvollhalvøya, utskilt som eige formannsskapsdistrikt.

Den 1. januar i 1964 vart det store omleggingar av kommunegrensene på Nordmøre. Transporten var i stor grad lagt om til landtransport, så dei nye kommunegrensene vart trekte langs fjordane heller enn langs fjell og utmark. Den delen av Tingvoll som låg sørvest for Sunndalsfjorden vart overført til Gjemnes kommune. Til gjengjeld vart Straumsnes kommune samanslegen med Tingvoll att. I tillegg vart Aspøya overført frå Frei kommune og gardane Åsprong–Sandnes vart overført frå Stangvik kommune.

Tingvollvågen er administrasjonsstaden for kommunen og den einaste staden i Tingvoll kommune som har stort nok folketal til å bli regna som tettstad av SSB. Kring ein tredel av innbyggjarane i kommunen bur i kommunesenteret kring Vågen, som er det lokale daglegnamnet på Tingvollvågen. Butikksenteret og samvirkelaget er dei sentrale møteplassane. Her finst det dessutan sparebank, bokhandel, kunstgalleri og ein kafé i tillegg til kommunehus og helsesenter. Sør for vågen ligg Sellgrens Veveri, den største industriarbeidsplasen i kommunen. På Stykkesflata sørom sentrum er det òg fleire butikkar.

Meisingset er eit bygdesentrum lenger sør i kommunen, mot grensa til Sunndal kommune.

Torjulvågen er den største bygda ved sørvestsida av Halsafjorden. Dette er ein av dei mange strandstadene som var sentrale den gongen dampbåtane trafikkerte fjordane, men som har vorte meir avsides etter at vegtrafikken tok over.

På Straumsneset mangla det lenge eit markert sentrum, men ved den nye riksvegen, på Einset på Aspøya, har det utvikla seg eit nytt senter med butikkar.

På sørvestsida av Tingvollfjorden ligg dei gamle bygdesentera Angvik og Flemma. Desse er ikkje lenger innanfor Tingvoll kommune, men har lege i Gjemnes kommune sidan den 1. januar 1964.

Ideologi og politiske parti er ikkje det som først og fremst pregar politikken i Tingvoll kommune. Særinteressene til dei ulike bygdelaga i kommunen er derimot meir synlege.

Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200. Kyrkja vart restaurert i 1928–29. Det mest uvanlege trekket ved Tingvoll kyrkje er gangsystemet inni murane — eit trekk som truleg er inspirert av klerestoria på større katedralar og som er uvanleg for ein vanleg soknekyrkje.

Straumsnes kyrkje ligg på Grimstadhøgda, ved vegen frå den gamle ferjestaden Kvisvik. Kyrkja er av tømmer og vart bygd i 1864.

Langøy kapell ligg på Langøya nordom Straumsnes og vart oppført i 1935.

Tingvoll vidaregåande skole (TVS) er den eldste distriktsskulen på Nordmøre. Møre og Romsdal fylke har fleire gonger føreslege nedlegging av TVS, men med store protestar lokalt kvar gang dette har vore aktuelt. I skuleåret 2005/06 hadde skulen kring 150 elevplassar, eit varierande tal kursdeltakarar og ring 40 tilsette. Skulen er med dette eit hjørnesteinsføretak for Tingvoll kommune.

Tingvoll ligg midt mellom Kristiansund og Sunndalsøra, og aviser frå begge desse stadene blir lesne i kommunen. Tidens Krav kjem ut i Kristiansund og Aura Avis og Driva kjem ut på Sunndalsøra.

Riksveg 70 er livsnerven langs Tingvollhalvøya. Mot aust bind vegen Tingvoll kommune saman med industristaden Sunndalsøra i nabokommunen Sunndal og med Dovrebanen på Oppdal. Frå Tingvollvågen fortsett riksveg 70 vestover til Gyl, Straumsnes og Aspøya og vidare gjennom Krifast til Frei og byen Kristiansund med Kvernberget flyplass.

Ytre del av Tingvollhalvøya er blitt ein av dei mest sentrale stadene på Nordmøre etter opninga av Krifast. E39, kyststamvegen frå Trondheim til Kristiansand, følgjer felles trase med riksveg 70 eit stykke frå Straumsnes til Bergsøya og gir Tingvoll rask ferjefri veg også til Molde. Frå Kanestraum på Straumsnes er det ferjestrekning på E39 til Halsanaustan i Halsa kommune.

Det at kommunen ligg i rimeleg pendleavstand til både byen Kristiansund og industristaden Sunndalsøra gjer at mange bur i Tingvoll kommune og har den daglege arbeidsplassen sin utanføre kommunegrensene. Raskare transport via Krifast har bidrege til dette.

Sellgrens Veveri driv med produksjon av møbelstoff og er den største industriarbeidsplassen i kommunen med kring 40 tilsette. Dette førtaket er ei vidareføring av Tingvolds Uldvarefabrik, som vart etablert i 1898.

Bioforsk Økologisk (tidlegare NORSØK) ligg på Tingvoll og er eit nasjonalt kompetansesenter for økologisk landbruk. Bioforsk Økologisk driv forsking og utvikling innanføre økologisk mat- og landbruksproduksjon og er hittil den einaste institusjonen av sitt slag i Noreg.

Landbruket er framleis ei hovudnæring i kommunen, og kulturlandskapet er prega av dette.

I Tingvollia ovanføre Tingvollvågen ligg Tingvoll museum, som vart etablert i 1954 som lokalmuseum for den gamle delen av Tingvoll kommune, medan Straumsnes bygdemuseum dekkjer den tidlegare Straumsnes kommune på ytre delen av halvøya.

Gardsnamnet Tingvoll saman med den geografiske plasseringa ved tyder på at staden har vore tingstad og kanskje den sentrale staden på Nordmøre heilt frå forhistorisk tid. Folk langs Tingvollfjorden, Sunndalsfjorden, Batnfjorden og Kvernesfjorden kunne ta seg fram til Tingvoll med båt, og folk som sokna til Halsafjorden, Stangvikfjorden og Ålvundfjorden kunne ta seg fram til Vågbø med båt. Herifrå var det nokre kilometer til fots over eidet til Tingvoll.

Kommunevåpenet for Tingvoll er fem grøne eikeblad på sølvbotn. Tingvoll er den nordlegaste staden med eikeskog i Noreg og ligg ikkje langt frå nordgrensa for vill eik på Edøya i Smøla kommune.

Tusenårsstaden i kommunen er kyrkjetunet som tingstad. Det blir hevda at den gamle tingstaden låg der Tingvoll kyrkje ligg i dag, og Tingvollvågen med kommunehuset og det kringliggjande området blir rekna som vår tids tingstad.  Mottoet for tusenårsmarkeringa var «Tingvoll som tingsted - fortid og framtid».

Området med kyrkjetunet, prestegardsalléen og kulturlandskapet vart opprydda og utbetra. Det vart blant anna laga veg frå kyrkjetunet ned til det gamle båttillegget ved Sørlandsporten, gangveg mellom Vågakaia og kyrkjetunet, og dessutan forlenging av gangvegen til Rimstad.

På Hindhammaren ved Tingvoll ligg den største samlinga av bergmåleri i Noreg. Bergmålingane viser blant anna fisk og hjortedyr og er frå den yngre steinalderen. Dei kan vera opptil 5 000 år gamle.

 vert kalla «tingvollgjeldingar»

 




#Article 37: Ulstein kommune (237 words)


Ulstein er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Av dei om lag 8 300 innbyggjarane bur 6 900 på Hareidlandet og 1 400 på Dimnøya. Andre bebudde øyar er Eika og Hatløya. Kommunen grensar til Hareid i aust og Herøy i vest. I søraust ligg Ørsta og Volda, som Ulstein er knytt til via Eiksundsambandet.

Kommunesenter er Ulsteinvik. Tettstaden hadde, ifølgje SSB,  5 376 innbyggjarar per 01.01.2015. Den nærliggande tettstaden Sundgot hadde 972 innbyggjarar.

Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984. 

Skipsindustrien ber økonomien i kommunen. Ulstein Group og Rolls-Royce er hjørnesteinsverksemder. Kleven Verft fekk bustyrar i juli 2020.

Ulsteinvik er også eit handelssenter og skulesenter. Det er 4 skulekrinsar i Ulstein: Haddal, som femner om bygdene Eiksund, Haddal og Garnes. Hasund, som femner om Dimnøya og Hasund grunnkrins. Ulsteinvik, som dekkjer gardane Osnes, Vik, Saunes, Hofset og Holseker. Ulstein, som femner om bygdelaga Skeide, Ulstein og Flø.

Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.

Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.

Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:

a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.




#Article 38: Vanylven kommune (148 words)


Vanylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Han grensar i nord (over Rovdefjorden) til Sande og Herøy, i aust mot Volda kommune, i sør mot Stad kommune og Kinn kommune.

Vanylven lokalt er delt opp i seks forskjellege bygder. Eidså, Fiskå, Åram, Rovde, Åheim og Syvde. I Syvde ligg Vanylven Vidaregåande Skule. Skulen er ei avdeling under Herøy Vidaregåande. 

Fiskå er kommunesenteret og er den einaste tettstaden i kommunen etter SSB sin definisjon, med 504 innbyggjarar per 1. januar 2020. I sentrumskjerna ligg Combisenteret som dekkjer apotek, daglegvarehandel og legesenter.

Vanylven er vorten kalla «Solsikkelandet» etter at kommunen vann solsikkekonkurransen til Innovasjon Norge i 2004.

Kommunen har ikkje eigen tusenårsstad, men det blei planta ein del tusenårstre i regi av skolar, bygdelag og 4H. Trea er plassert rundt omkring i kommunen, t.d. ved kommunesenteret i Fiskå, ved dei ulike skolane og ved nokre forsamlingshus.




#Article 39: Vestnes kommune (217 words)


Vestnes kommune er ein kommune som ligg på sørsida av Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Rauma i aust, til Stordal og Ørskog i sør, og til Skodje og Haram i vest. Nord for Moldefjorden ligg kommunane Midsund og Molde. Kommunen vart danna i 1964 då kommunane Vestnes og Tresfjord vart slåtte saman.

Vestnes kommune har fire tettstader; kommunesenteret Vestnes, Tomrefjord, Tresfjord og Fiksdal. I tillegg har kommunen bygdene Rekdal, Øverås/Nerås, Daugstad og Vikebukt.

Vestnes kyrkje ligg på Helland i Vestnes, administrasjonssenteret. På andre sida av Tresfjorden ligg Vike kyrkje på Vike (Vikebukt). Tresfjord kyrkje ligg lengst inn i Tresfjorden og i Fiksdal ligg Fiksdal kyrkje.

Vestnes er i hovudsak ein industrikommune, men er òg ei relativt god jordbruksbygd med hovudvekt på husdyrhald og mjølkeproduksjon. Den viktigaste bransjen i Vestnes kommune er skips- og båtbygging. Elles har kommunen bedrifter innan næringsmiddel-, tekstil- og beklednings-, trevare-, møbel- og metallvareindustri, og produksjon av mineralske produkt.

E136 frå Ålesund og Sjøholt går langs Tresfjorden og vidare til Åndalsnes og Dombås. Frå E136 går E39 (Kristiansand–Trondheim) til Vestnes og herfrå går fylkesveg 661 til Tomrefjord og vidare langs vestsida av Tomrefjorden til Vatne i Haram. Det er ferjesamband med Molde frå Furneset på E39, og hurtigbåtsamband mellom Molde, Vestnes og Vikebukt.

Folketalsutvikling for noverande Vestnes kommune frå 1899:




#Article 40: Volda kommune (320 words)


Volda er ein kommune i Møre og Romsdal med ca.  innbyggjarar. I nord- og austleg retning grensar Volda mot Ørsta kommune, i aust mot Stranda kommune, i sørleg retning mot kommunane Stad og Stryn, og i vest mot Vanylven kommune. Volda har sjøgrense mot Ulstein. Mellom Yksnøya i Volda og Eika i Ulstein er det berre 300 meter.  

Volda kommune ligg ved Voldsfjorden, med kommunesenteret Volda på austsida og Folkestad på vestsida av fjorden. Voldsfjorden har tre sidearmar; Dalsfjorden med bygdene Velsvik, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfot, Steinsvik og Dale, Austefjorden med bygdene Hjartåbygda, Fyrde, Kalvatn og Høydal, og Kilsfjorden med bygdene Bjørneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen. Frå Volda sentrum nordover langs Voldsfjorden ligg Morkabygda og lengst ute på Berkneshalvøya ligg Lid og Berkneset, og på andre sida av Vartdalsfjorden ligg Yksnøya.

I tettstaden Volda finn ein blant anna Høgskulen i Volda med over 3000 studentar, i tillegg til sjukehus og høgteknologisk industri. Den lokale avisa i kommunen, Avisa Møre, er Noregs eldste lokalavis (1810).

Mork/Ekset er ein «forstad» til Volda og ligg ca. 3 km. vestover frå Volda sentrum, eit steinkast frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk (1808), låg her. I dag er det eit museum i Aarflotgarden som blant anna inneheld gamle maskiner frå prenteverket. 

Volda ferjeterminal er den einaste gjenverande ferjeforbindelsen i Volda kommune, og knyter Folkestad på andre sida av Voldsfjorden i tillegg til Lauvstad i Dalsfjorden med Volda sentrum. Ferjeturen til Folkestad tar rundt 12 minutt, mens det går 25 minutt til Lauvstad.

Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart Ørsta skilt ut som og etablert som eigen kommune. Volda hadde då 3485 innbyggjarar, Ørsta 2070.

I juni 2017 vedtok kommunestyra i Volda og Hornindal at dei to kommunane skulle slå seg saman 1. januar 2020, med namnet Volda. Bygda Bjørke vert òg truleg overført frå Ørsta i framtida.

Folketalsutvikling for noverande Volda kommune frå 1900:




#Article 41: Ørsta kommune (667 words)


Ørsta kommune er ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Han ligg på Sunnmøre sør i fylket, og strekkjer seg frå Vartdalsfjorden i nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane fylke i søraust. 

Kommunen grensar til Sykkylven og Stranda i aust, til Volda i sørvest og til Hornindal i Sogn og Fjordane i sør. Nord for Vartdalsfjorden og Storfjorden ligg kommunane Ulstein, Hareid og Sula. Ørsta kommune har sine noverande grenser frå 1964, etter samanslåinga av kommunane Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord.

Bygdebyen Ørsta er administrasjonssenteret i kommunen. 

Ørsta har og sitt eige motto: Ørsta - I hjartet i Sunnmørsalpane.  

På sommaren vert Nordens brattaste fjelløp, Saudehornet rett opp (1.303 moh), arrangert for folket og det går samstundes eit barneløp til Skåla.  

I Ørsta er industri, handel, jordbruk, fiske og havbruk viktige næringsvegar. Viktige bedrifter er Saferoad AS, Vik Ørsta AS , Vartdal Plast, Tine Meieri Vest avd. Ørsta og Fora Form AS. Fiskebåtane er særleg lokalisert til Vartdal. Der har fiske tradisjonelt vore viktig, men i dag er det få havgåande fartøy i kommunen. I Vartdalsfjorden og Storfjorden er det oppdrett av laks og torsk. I tillegg har kommunen landbaset settefiskproduksjon.

Jordbruket finn ein mest i dei største dalane: Bondalen, Follestaddalen og Åmdalen. Av kulturelle attraksjonar må særleg nemnast Ivar Aasen-tunet, som vart opna i 2000 og Brudavollen som har vore bebudd sidan 1500-talet.

I Ørsta kommune ligg Ørsta/Volda lufthamn, Hovden like ved grensa til Volda. Herfrå går ruter til Bergen lufthamn, Flesland, Trondheim lufthamn, Værnes og Oslo lufthamn, Gardermoen.

E 39 går gjennom Ørsta. Det er om lag 10 kilometer mellom Ørsta sentrum og sentrum i nabokommunen Volda. Etter opninga av Eiksundsambandet i 2008 er det ferjefritt samband mellom Ørsta og nabokommunane Ulstein og Hareid. Eiksundsambandet har gjort dei seks kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Sande og Hareid til ein felles bu- og arbeidsmarknad. Det er 36 kilometer frå Ørsta sentrum til Festøya, her er det ferjesamband til Solavågen i Sula. Frå Festøya går det og ferje til Hundeidvik i Sykkylven.

Ørsta har fem andre ferjekaier. Fylkesveg 655, som går frå Ørsta sentrum, kryssar Hjørundfjorden ved ferjeleiet på Sæbø på vestsida av fjorden, og Leknes på austsida. Riksveg 655 held fram mot Stranda gjennom Norangsdalen. Denne vegen er ofte stengd om vinteren på grunn av ras og rasfare. Ferja mellom Sæbø og Leknes går og rute til Standal og Trandal. I Hjørundfjorden er det og ferjekai på Skår. Hit kjem ferja på signal.

Utanom ferjerutene vert Hjørundfjorden trafikkert av ein skyssbåt.

TIMEkspressen mellom Volda og Kristiansund går på E39 gjennom Ørsta med om lag 15 avgangar om dagen begge vegar.

Ørsta vart eigen kommune den 1. august 1883, etter å ha vore ein del av Volda kommune frå 1837. Ved kommunedelinga hadde den nye Ørsta kommune 2070 innbyggarar.Den 1. november 1893 vart garden Ytrestøyl med 13 innbyggarar ført over til Volda. 

I 1917 vart namnet endra frå Ørsten til  Ørsta.

Folketalsutvikling for noverande Ørsta kommune frå 1900:

Størstedelen av Ørsta kommune ligg på ei halvøy som er avgrensa av Hjørundfjorden, Storfjorden, Vartdalsfjorden og Ørstafjorden. Denne halvøya vert stundom kalla Ørstahalvøya. Naturen her er prega av høge, spisse fjell kring tronge dalar. Det gjeld og den delen av kommunen som ligg på austsida av Hjørundfjorden. Mykje av det området som vert kalla Sunnmørsalpane finn vi i Ørsta kommune.

Naturen i Ørsta gjer at området har vorte råka av fleire store ulukker, særleg då snøras. 

I februar 1968 vart garden Rise teken av snøras. Mange hus vart knust og tre menneske miste livet.

I november 1971 miste sju mann livet i Molaupsulykka. Dei vart tekne av snøras i bratt fjellterreng på austsida av Hjørundfjorden.

I februar 1979 vart bustadområdet Engeset ved Ørsta sentrum råka av Engesetfonna. Snøen knuste fleire hus og tre menneske omkom. Dagen før miste ein brøytesjåfør livet. Snømengda i Engesetfonna vart rekna fram til å vere minst 500 000 m³ og er då kanskje det største kjende snøskredet i Noreg. 

Den norske kyrkja har fire kyrkjer i Ørsta.

I Ørsta sentrum ligg og Ørsta frikyrkje




#Article 42: Ålesund kommune (338 words)


Ålesund er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Byen Ålesund er i dag regionssenter for heile Sunnmøre, han er kjend for sine mange bygningar i jugendstil, bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904. Ålesund kommune fekk sine noverande grenser etter kommunereforma 2020 då dei tidlegare kommunane Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og det meste av Sandøy kommune blei slåtte saman til nye Ålesund kommune.
Heile landarealet inkludert innsjøar er no ca. 632 kmsup2;., meir enn det femdoble av arealet før år 2020, av dette er i dag 41 kmsup2; jordbruksareal. 

Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya åtskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle og Kingston upon Hull.

Byen ligg nær både rike fiskebankar og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn. I 1824 vart han eksportsenter for klippfisk til Spania, noko som førte til stor vekst og bystatus i 1848. På 50- og 60-talet var Ålesund ei av dei viktigaste sildehamnene i verda.

Andre industriar som har vore viktige for byen er skipsbyggjing og trikotasje.

Ålesund vert først nemnd i skriftlege kjelder på 1500-talet, då handelsmenn frå Bergen busette seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya.

Rikeleg med hjelp kom til Ålesund frå fjernt og nært i Noreg og i utlandet. Men mykje av den gode hjelpa vart fullstendig overskugga av det Tyskland i Keisar Wilhelm II sitt namn sendte nordover. Keisaren hadde vore mykje på ferie i Sunnmøre, og no sørgde han for at fire skip lasta med materiale vart send for å hjelpa byen til å reisa seg att. Attoppbygginga kom i gang for fullt utpå hausten 1904. Allereie tre år etter, i 1907, var mesteparten av den utbrende bykjerna attreist. 

 

Ålesund held festivalar året gjennom, nokre av dei største inkluderer:




#Article 43: Romsdal (124 words)


Romsdal er distriktet kring Romsdalen og Romsdalsfjorden som utgjer den midtre delen av Møre og Romsdal fylke. Saman med Sunnmøre og Nordmøre er Romsdal eitt av dei tre tidlegare fogderia som utgjer det som i dag er Møre og Romsdal fylke (tidlegara kalla Romsdals amt).

I Romsdal var det før samanslåingane i 2020 åtte kommunar; Molde, Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Sandøy, Aukra og Fræna. Romsdal har ei flatevidd på kring 3800 km² og ei folkemegd på kring 57 000 (2010).

Namnet kjem frå norrønt Raumsdalr, truleg avleidd frå elvenamnet Rauma. Personar frå Romsdal vert kalla for romsdalingar.

Dialekten i Romsdal, kalla Romsdaling, vert til vanleg klassifisert blant dei nordlege e-måla av vestnorske målføre, men ber òg preg av naboskapet med trøndske målføre og fjellbygdmål.




#Article 44: Sunnmøre (273 words)


Sunnmøre er eit distrikt som utgjer den sørlege delen av Møre og Romsdal fylke. Distriktet ligg mellom Nordfjord i sør, Romsdal i nord og Ottadalen i søraust. Sunnmøre utgjorde tidlegare eit eige fogderi, Sunnmærafylki frå mellomalderen. I dag utgjer det to domssokn, Søre Sunnmøre og Sunnmøre, og tre prosti, Søre, Austre og Nordre Sunnmøre. På Sunnmøre ligg kommunane Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta, Ørskog, Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske og Haram; til saman 5 232 km2 med 141 604 innbyggjarar (1/10-2014).

Landskapet på Sunnmøre er sterkt oppskore med fleire store og små øyar langs kysten. Dei største øyane er Hareidlandet og Gurskøya. Det er også fleire lange og tronge fjordar i området; særleg kjend er Geirangerfjorden som er 15 kilometer lang. I indre strøk, mellom fjordane og dalane innanfor, ligg høge, sterkt kuperte fjellområde. Den høgste fjelltoppen på Sunnmøre er Pyttegga på 1999 moh.

Den største byen på Sunnmøre er Ålesund. I tillegg har området to andre byar: Ulsteinvik og Fosnavåg. Viktige større tettstader er Ørsta, Volda, Sykkylven, Hareid, Nordstrand (Valderøy), Stranda og Brattvåg.

Sunnmørsdialekten høyrer saman med nordfjordmål og sunnfjordmål til dei nordlege e-måla under dei vestlandske målføra mdash; ei gruppe der romsdalsdialekten ofte også er rekna med. Folk frå Sunnmøre blir kalla for sunnmøringar.

Sunnmøre er den regionen ein i middelalderen kalla Sunnmǿrafylki. Ordet «møre» kjem av den norrøne dativsforma «á Mǿri» av mǿrr som tyder «land», truleg òg i samanheng med norrønt marr som tyder «hav». Tydinga blir då: «landet ved havet» eller «myrlandet». Sunnmøre må dermed tyde «den sørlege luten av landet ved havet».  

Regionråd:

Prosti i den norske kyrkja, alle under Møre bispedømme:




#Article 45: Grip (115 words)


Grip er eit lite fiskevær rett nord for Kristiansund og vestanfor Smøla og Tustna på Nordmøre. Grip vart oppretta som eigen kommune i 1897, men vart i 1964 innlemma i Kristiansund kommune. Grip var den minste kommunen i landet etter folketal. Ved samanslåinga var det 104 menneske som budde på Grip. Dei siste fastbuande flytte frå øya i 1974. No er det ingen fastbuande på øya, men ho er mykje brukt som ferieplass om sumaren.

Grip er mellom anna kjend for sitt historiske minnesmerke Grip kyrkje #8212; ei stavkyrkje som vart bygd ein gong på 1400-talet. Her er òg eit fyrtårn som vart bygt i 1888.

Folketalsutvikling for tidlegare Grip kommune frå 1897 til 1964:




#Article 46: Grip stavkyrkje (258 words)


Grip stavkyrkje står i det fråflytte fiskeværet Grip på øya Grip utom Kristiansund by i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er nemnd fyrste gong i Trondhjems Reformats 1589, men plar daterast til kring 1470 sjølv om det er mogleg at ho er frå 1300-talet. Kyrkja har framleis mellomalderkjernen inntakt, men mange bygningsdelar er fornya. Skipet og koret har same breidd, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifte og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det laga nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelte og kvitmåla. Kyrkja er fundamentert på fjell på det høgaste punktet på øya, 8 meter over havet.

I 1933 vart det gjort ei omfattande restaurering. Kyrkja vart heva og sett på nytt fundament. Ytterveggene vart bordkledde og tjørebreidde og panelet inni kyrkja vart avdekt. Slik kyrkja står i dag trur ein at ho var på 1600-talet.  Kyrkja vart òg restaurert i 1621.

Det gamle mellomalder-altarskåpet, som truleg er laga i Nederlanda, vart òg atterinnsett i 1933. Motivet på altarskåpet er Jomfru Maria med Jesusbarnet flankert av Olav II Haraldsson (heilag-Olav) og St. Margrethe. St. Margrethe vert i katolsk kristendom rekna som ei av dei 14 naudhjelparane som vert påkalla ved sjukdom. Det finst òg ei avbilding av henne i Bergen Museum på to altarskåpfløyer som kom til Bergen Museum frå Hjørundfjord kyrkje på Sunnmøre i 1864. Fløydørene på alterskåpet er bort. Alterskåpet er skore i eik og måla, yttermåla er 128 cm  breitt og 182 cm høgt.

Denne artikkelen byggjer på «» frå  som oppgjev desse kjeldene:




#Article 47: Siddúr (117 words)


Siddúr (hebraisk סִדּוּר eller ִסִידּוּר, 'ordning') er ei jødisk bønebok som kan innehalda liturgien ein bruker i synagogen, salmar, bøner knytt til dagleglivet og signingar til bruk i mange ulike høve. Ein siddur kan ha bøner for kvardagar og/eller sjabbát. Boka inneheld ofte òg bøner for dei tre valfartsfestane pesah (påske), sjabu‘ót (pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Ei bønebok for spesielle helgedagar blir gjerne kalla mahzór.

Den første kjende handskrivne bøneboka blei laga av rabbineren Amram Gaon i Babylonia på 800-talet. Seinare blei det laga bønebøker tilpassa dei varierande tradisjonane til ulike jødiske samfunn.
Det største skiljet har gått mellom askenasisk og sefardisk tradisjon, men det går også skilje mellom bønebøker for dei ulike religiøse retningane i jødedommen. 




#Article 48: Leksikografi (148 words)


Leksikografi er eit fag som tek for seg teoretiske og praktiske problem ved utarbeiding og bruk av ordbøker og andre oppslagsverk. Sentrale felt innanfor leksikografien inkluderer semantikk (tydingslære), morfologi (bøyingslære) og kontrastiv lingvistikk.

Ein deler leksikografi inn i ein praktisk og ein teoretisk del. Praktisk leksikografi vil enkelt og greitt seia at ein førebur og skriv ordbøker. Teoretisk eller metaleksikografi er ein akademisk disiplin som studerer og skildrar semantiske tilhøve i ordforrådet til eit språk og utviklar teoriar om dette og korleis ein lager ordbøker. Dei to felta har nær tilknyting, ettersom ein må ha gode teoretiske kunnskapar for å laga ei god ordbok.

Den teoretiske leksikografien kan vidare delast inn i tre område:

Det finst òg andre inndelingskriterium i leksikografien. Ein kan til dømes dela han inn etter talet på språk, om ein lagar einspråklege eller tospråklege ordbøker. Ein kan òg skilja mellom allmenn og fagspråkleg leksikografi.

 




#Article 49: Hesjván (115 words)


Hesjván (hebraisk  [#7717;ešván]), òg kalla marhesjván, er den åttande månaden i det religiøse jødiske året og den andre i det sivile. Han fell som regel i oktober/november i den gregorianske kalenderen, og regntida i Israel tek gjerne til då.

Namnet på månaden kjem frå akkadisk waraḫsamnu, 'åttande månad'. Før det babylonske eksilet blei månaden kall bul. Leddet mar i marshesjván har seinare blitt tolka som det hebraiske ordet for 'bitter', ettersom månaden ikkje har nokon høgtider eller faster ifølgje dei fleste jødiske tradisjonane. Den etiopisk-jødiske sigd-høgtida fell likevel på den 29. hesjván.

Den 7. hesjván blir ei bøn om regn lagd til amidá-bøna. Om det ikkje har regna innan den 17., ber ein ekstra regnbøner.

 




#Article 50: Adár (208 words)


Adár (hebraisk  [ădár], frå akkadisk adaru) er den tolvte månaden i det jødiske året i den sivile kalenderen, den sjette i den religiøse. I jødiske skotår legg ein til ein ekstra månad ved at ein doblar adár.

Adar er ein vintermånad med 29 dagar. I skotår blir det sett inn ein ekstra månad på 30 dagar før adár. Denne månaden blir kalla adár álef, adár risjón eller adár, og den vanlege adár blir då kalla adár bét, adár sjení eller adár II. Av og til blir adár og veadár nytta i staden for adár I og adár II.

Ein som er fødd i adár eit vanleg år ville i eit skotår ha fødselsdagen sin i veadár.

Dette leier fram til ei kjend jødisk gåte: Korleis kan to tvillingar fødde med berre nokre få minutts mellomrom ha sin bar misvá med 29 dagars mellomrom?

Svar: Det første barnet var født rett før soloppgang på den siste dagen av adár I, medan den andre tvillingen kom til rett etter soloppgang den første dagen av adár II. I eit vanleg år ville begge to ha fødselsdagen sin i adár, den andre tvillingen på den første dagen i adár, medan den første tvillingen ville feire sin fødselsdag den siste dagen i adár. 




#Article 51: Hebraisk (377 words)


Hebraisk (hebraisk עִבְרִית [‘ib'rīt]) er eit vest-semittisk språk, nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skriven med det hebraiske alfabetet.

Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen / Det gamle testamentet. Bibelsk hebraisk er særprega av eit etter måten komplekst verbsystem og utbreidd bruk av pronominale endingar. Ei tydeleg utvikling kan sjåast frå det heller enkle språket i Toráen til dei meir komplekse uttrykksformene med større ordforråd og meir indirekte/poetiske uttrykksformer i Profetane og Skriftene.

I perioden etter det babylonske eksilet ser vi ei tydeleg auke i påverknaden frå arameisk i form av lånord og i form av grammatisk forenkling av ein type som er typisk for fleirspråklege samfunn. Det er uklart i kva grad hebraisk framleis var aktivt som morsmål eller ikkje — men hebraisk var definitivt i stadig bruk og under språkleg utvikling. Det hebraiske språket som vi ser det i Misjná har eit noko enklare infleksjonssystem og fonologisk system enn hebraisk og mange lånord frå arameisk, persisk, gresk og latin (eks.: פמיליא pammíleyá (frå latin familia)). 

Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk blir gjerne betrakta som «attoppliva» av Eliezer ben-Yehuda.

Eit relativt utbreitt syn er det åt den konservative leiren som hevdar at israelsk hebraisk er eit reint semittisk språk, og at alle avvik frå bibelsk hebraisk er å rekna for substandard variasjon.

Lingvisten Paul Wexler (forfattar av dei kontroversielle bøkene The Schizoid Nature of Modern Hebrew: A Slavic Language in Search of a Semitic Past (1991), The Ashkenazic Jews: A Slavo-Turkic People in Search of a Jewish Identity (1993), og The Non-Jewish Origins of the Sephardic Jews (1996)) representerer den revisjonistiske leiren som hevdar at moderne hebraisk eigentleg er jiddisch med hebraisk vokabular — og i tillegg at jiddisch eigentleg er eit slavisk språk.

Lingvisten Ghil‘ad Zuckermann (D.Phil., Oxford; forfattar av Language Contact and Lexical Enrichment in Israeli Hebrew (2003)) meiner at israelsk hebraisk (som han kallar for 'israelsk') er eit semittisk/indoeuropeisk hybridspråk med hebraisk og jiddisch som primære utgangsspråk, og språk som russisk, polsk, engelsk, djudíospanjol (òg nokre gonger misvisande kalla «ladino») og arabisk som sekundære kjelder. 




#Article 52: Misjná (303 words)


Bokverket Misjná (hebraisk מִשְׁנָה Mišnā) er den første omfattande skriftlege kodifiseringa av den munnlege Toráen som han vart forstått av farisearane og seinare av dei rabbanittiske jødane. Misjná vart redigert og fullført av Jehudá hannassí mot slutten av 100-talet av den moderne tidsrekninga.

Misjná utmerker seg i den rabbinske litteraturen ved skildringane av Tempelet i Jerusalem, som vart øydelagt eitt århundre tidlegare. Ein av dei seks hovuddelene av Misjná handlar spesifikt om lover for tempeltenesta.

Det er òg verd å merke seg at svært få skriftsitat er gjevne som basis for lovene i Misjná. Harmonisering og underbyggjing av misjnaiske lover og Torá-lover var viktige element i dei seinare medrasjím og Talmúd (Talmúd Jerusjalmí og Talmúd Bablí).

Dei rabbinske lærde som Misjná dokumenterer syna åt blir kalla tannaím (fl. av tanná). Tanná er eit arameisk ord som kjem frå same rota hebraisk Misjná. Grunntydinga av ordet er ‘taka oppatt’, ‘repetere’, og verbet kan òg tyde ‘å lære’. Ordet misjná tyder nærmast ‘det lærte’, og Misjná er i utgangspunktet å sjå som ein meir eller mindre fullstendig korpus av fariseisk-jødisk sivil og religiøs lov slik denne var forstått fram mot slutten av 100-talet av den vestlege tidsrekninga og redigert av rebbí Jehudá hannasí («prins Jehudá»). Jehudá hannassí blir elles oftast kalla rett og slett Rebbí.

Ordet «misjná» kan òg tyde ein ‘paragraf’, det vil seie den minste juridiske eininga i Misjná. Fleirtalsforma av misjná er «misjnajót». Ei gruppe av misjnajót utgjer ein perek (eit kapittel); ei gruppe av perakím (kapittel) utgjer ein massékhet (ein traktat), ei gruppe av massekhtót utgjer ein séder (ein orden), og dei seks sedarím utgjer heile Misjná. Det hebraiske uttrykket for seks traktatar er שִׁשָּׁה סְדָרִים šiššā sədārīm, forkorta til SjaS. Same inndelinga som for Misjná gjeld òg for heile Talmúd i sine to utgåver — Talmúd Jerusjalmí og Talmúd Bablí.




#Article 53: Felix Mendelssohn (593 words)


Jakob Ludwig Felix Mendelssohn (Bartholdy) () var ein tysk romantisk komponist av jødisk opphav. Han var kanskje det største vedunderbarnet etter Mozart.

Jakob Ludwig Felix Mendelssohn vart fødd i Hamburg som son av ein bankier, Abraham, som igjen var son av den kjende tysk-jødiske filosofen Moses Mendelssohn. Felix sin familie flytte til Berlin i 1812 og konverterte etterkvart til kristendommen. I samband med at borna vart døypte i 1816 og foreldra i 1822 tok dei det ekstra etternamnet Bartholdy. Søster hans var Fanny Mendelssohn (seinare Fanny Hensel), som òg var ein velkjend pianist.

Mendelssohn fekk pianoundervisning av mor si da han var seks, og da han var sju vart han undervist av Marie Bigot i Paris. Frå 1818 studerte han komposisjon med Carl Friedrich Zelter i Berlin. Han gjorde truleg sin første offentlege konsert som niåring, da han deltok på ein kammerkonsert. Han var tidleg ein produktiv komponist, og skreiv sitt første publiserte verk, ein pianokvartett, da han var 13 år gammal. Goethe møtte den unge Mendelssohn og fekk straks sansen for han: «Når eg er trist, kom og muntre meg opp med spelet ditt!»

Mendelssohn skreiv den første symfonien sin da han var 15, og da han var 17 skreiv han ein ouverture til Shakespeares Ein midsommarnattsdraum, som truleg kan seiast å vera Mendelssohns første velkjende verk (han skreiv seinare meir musikk til stykket). I 1827 såg han for første gong ei oppsetjing av ein av sine operaer, Die Hochzeit des Camacho. Han hadde skrive fleire operaer tidlegare.

I 1830 skreiv Mendelssohn konsertouverturen Die Hebriden (Hebridane — òg kjend under namnet Fingal’s Cave) — eit stykke som framleis er populært i dag. Det var inspirert av vitjingar han gjorde til Skottland sist på 1820-talet. Desse vitjingane inspirerte òg den tredje symfonien hans, Den skotske symfonien, som vart skriven i ledige stunder kring perioden 1830 til 1842. Mendelssohn reiste vidt ikring i Europa i løpet av livet, og ei vitjing til Italia inspirerte eit av dei mest kjende verka hans, Symfoni Nr. 4, Den italienske — fullført i sin endelege versjon i 1834. Alt i alt skreiv Mendelssohn fem symfoniar. Han skreiv òg to klavérkonsertar og ein berømt fiolinkonsert som er eit standardverk for profesjonelle fiolinistar.

I tillegg til orkestermusikk skreiv Mendelssohn òg kammermusikk, inkludert ein strykeoktett (1825), pianomusikk, inkludert Lieder ohne Worte og to store oratorium, Paulus (1836) og Elias (1846). Oratoria var sterkt inspirerte av Johann Sebastian Bach — ein komponist som Mendelssohn har hovudæra for å ha brakt fram i lyset att etter å ha vore mykjegodt bortgløymd ei tid. Ei særleg viktig hending i samband med dette var Mendelssohns svært vellukka oppsetjing av Matteuspasjonen av Bach i 1829.

I 1842 skreiv Mendelssohn scenemusikk for Shakespeares skodespel Ein midsommarnattsdraum, inkludert den vidgjetne bryllupsmarsjen som blir brukt (særleg ved utgangen) i mange bryllup. Den andre mest populære bryllupsmarsjen (særleg bruka for bruras inngang) er Brudekoret frå operaen Lohengrin av Richard Wagner. Desse to marsjane vart første gong vald for bruk saman av prinsesse Victoria, eldste dotter av dronning Victoria av Storbritannia og Irland for bryllaupet hennar med kronprins Friedrich Wilhelm av Prøyssen den 25. januar 1858, og har vorte ein svært utbreidd tradisjon i ettertid.
Endå Mendelssohn ikkje generelt er sett på som ein spesielt innflytingsrik komponist, var verka hans svært populære i levetida hans — og er framleis populære i dag.

Mendelssohn sleit med dårleg helse i dei siste åra av livet sitt, og det er sagt at han var ovleg melankolsk etter at søster hans, Fanny, døydde i mai 1847. Felix Mendelssohn døydde den 4. november 1847 i Leipzig.




#Article 54: Jarnbane (475 words)


 
Ein (eller ei) jarnbane eller  jernbane (opphavleg ei omsetjing frå tysk Eisenbahn), på nynorsk òg kalla jarnveg, er ein køyreveg for jarnbanetog. Nemninga jarnbane vert òg nytta om heile systemet med køyrevegar, stasjonar, jarnbanetog og alt anna som høyrer med.

Køyrevegen, skjenegangen eller sporet, er sett saman av to langsgåande skjener av stål som er festa med naglar eller klemmar til sviller av impregnert tre eller spennbetong som ligg med stutte mellomrom på tvers under skjenene. På denne måten vert skjenene både halde fast i den rette fråstanden frå kvarandre og hindra i å røre seg i lengderetninga, slik at toga sine smale stålhjul med flens på innsida kan halde seg på skjenene sjølv i høg fart. Svillene ligg i grus eller pukk som er samanpakka rundt dei. På nyare jarnbanar for særs høg fart kan skjenene vere festa til ei kontinuerleg betongsole ved hjelp av særlege innretningar som dempar lydar og skakingar frå toga, slik det til dømes er gjort på jarnbanen mellom Frankfurt am Main og Köln i Tyskland.

Til jarnbanen høyrer òg sporvekslarar eller pensar (som er innretningar som gjer det mogleg å køyre toget over frå eit spor til eit anna), automatiske eller manuelle signalsystem for å varsle lokomotivførarar om det er klår bane eller ikkje, diverse elektroniske tryggings- og kommunikasjonssystem osb. På moderne banar vert signala, pensar og andre innretningar fjernstyrte frå sentralar som har oversyn over kvar på lina dei einskilde toga er til kvar tid. Elles høyrer med til jarnbanen det som er naudsynt for å skaffe energi til drifta av toga, anten kontaktleidningar til å forsyne til toga med elektrisk straum, eller innretningar som trengst for å skaffe fram dieselolje, eventuelt kol og vatn der det framleis finst damplokomotiv. 

Fråstanden mellom dei to skjenene, sporvidda, er normalt 1 435 mm (4'8,5), men kan vere ulik frå land til land. Til dømes har Russland og Finland større sporvidd enn den normalvidda som elles er vanleg i Europa. Ved internasjonal jarnbanetrafikk vil ulike sporvidder gje ulemper og auka kostnader ved at gods må lastast om, eventuelt òg at passasjerar må skifte tog, då lokomotiv og vogner er bygde for sporvidda på det banenettet kvar dei vanlegvis vert nytta. For somme internasjonale samband er det utvikla vogner som kan flytte hjula i hjulpara ut og inn for å kunne nyttast på banar med ulike sporvidder.

Ei anna hindring for internasjonal jarnbanetransport kan vere ulike reglar i landa for kor høge og breie toga kan vere for ikkje å støyte mot bruer, tunnelveggar, perrongar på stasjonane eller  møtande tog.

Vedlikehaldet og drifta av jarnbanane i Noreg ligg under Jernbaneverket — som står som eigar av spora, stasjonane, signalsystema, togleiarsentralane osb. Eigedomsretten til jarnbanetoga og driften av dei ligg i all hovudsak under NSB når det gjeld persontransporten, men under fleire ulike operatørar når det gjeld godstransporten.

Viktige jarnbaneliner i Noreg er:




#Article 55: Bahá'u'lláh (247 words)


Bahá'u'lláh () var grunnleggjaren av bahai-religionen. Det opphavlege namnet hans var Mirza Husayn-Ali Núri, men han tok det arabiske namnet Bahá'u'lláh som tyder Guds herlegdom. Innan bahai blir Bahá'u'lláh rekna for å vera Guds bodberar for menneskja i dag.

Mirza Husayn-Ali Núri var fødd i Teheran i Iran. Han var ein tilhengjar av Báben, som grunnla religionen babisme. Ein av læresetningane i religionen var at «han som Gud skal syna fram» skal sameina alle menneske og religionar.

I 1863 i Bagdad openberra Bahá'u'lláh seg som den utvalde, den som babismen, og etter hans syn alle andre tidlegare religionar, hadde lova. Han skreiv brev til kongar og presidentar og formana dei om å leggje bort konfliktar og usemje og minske skattebyrda for dei fattige. Han bad dei komma saman til ein stor konferanse for å leggje fundamentet for «den største freden». Da dei ikkje lydde boda hans, erklærte han at dei kjem til å miste rikdommane sine. Krigar og katastrofar skal fortære land og område føre verdas likevekt blir oppnådd.

Bahá'u'lláh vart landsforvist frå Persia (noverande Iran) i 1850-åra, og reiste gjennom noverande Irak og Tyrkia i Det osmanske riket til Akko i det noverande Israel), der han døydde i 1892. 

Den viktigaste boka hans, Kitáb-i-Aqdas (Den heilagaste boka), inneheld 190 vers med utførlege kommentarar. Denne boka blir i bahaitrua rekna som verdenscharteret for menneskja. Andre sentrale bøker er Kitáb-i-Iqan (Boka av vissheiter) og Dei skjulte ord (utgjeve posthumt). Ein del av bøkene hans er omsette til norsk.




#Article 56: Bahai (398 words)


Bahai-trua* er den yngste av dei monoteistiske verdsreligionane. Han har totalt over seks millionar tilhengarar på alle kontinenta. Religionen er den nest mest geografisk spreidde etter kristendommen. Grunnleggjaren Bahá'u'lláh* (1817-1892) understrekar «einskapen åt menneskja, slår fast at dei store religionane er som kapitel i éi bok og formulerer visjonen av ein ny verdsorden grunna på andelege prinsipp». 

I Iran i år 1844 forkynte Báb* (1819-1850) at han var forløparen til den lova i alle religionar. Bábs følgjesveinar vart kalla bábíar. Bahá'u'lláh vart raskt ein av Bábs leiande forkynnarar, og i 1863 i Bagdad grunnla han bahá'í-religionen. Etter Bahá'u'lláhs forvising og bortgang i Det heilage landet i 1892 fortsette sonen hans `Abdu'l-Bahá* (1844-1921) utbreiinga av trua. `Abdu'l-Bahás barnebarn Shoghi Effendi (1897-1957) vart utpeikt til bahá'í-trua sin beskyttar. Under hans inspirerte leiing voks trua globalt. I dag blir det internasjonale bahá'í-samfunnet leia av det demokratisk valde Universelle Rettferdas Hus, med sete på Karmelfjellet i byen Haifa i det nordlege Israel.

Dei sentrale prinsippa er Guds einskap, ei skapande kraft, Gud, som gjer seg kjent for menneska via Guds bodberarar (eller profetar). Uavhengig leiting etter sanninga vert kravd og ein må fri seg frå fordommar og overtru. Bahá'u'lláh meiner at religion og vitskap må vera i harmoni. Religion må danne grunnlaget for einskap og kjærleik. Like rettar for kvinner og menn trengst for denne tidsalderen. Eit internasjonalt hjelpespråk bør utviklast og grunnleggjande utdanning for alle er nødvendig for auka forståing og betre kommunikasjon mellom landa. Det krevst òg ei rettvis fordeling av jordas ressursar. Bahá'u'lláh peikar òg på at globale føderale institusjonar for å sikre verdsfreden må opprettast. Ein felles valuta med felles mynteining blir føreslege — med mål om å forenkle økonomiske transaksjonar og foreine verdas nasjonar.

Bahá'íanes heilagaste bok og hovudverk er Kitáb-i-Aqdas skriven av Bahá'u'lláh sjølv i 1873. Boka består av 190 vers og utdjupande kommentarar. Innhaldet spenner frå lover, formaningar, profeti, levereglar og arverett til organisering av eit framtidig verdssamfunn. Ho vart omsett til engelsk i 1992. Andre hovudbøker er Kitáb-i-Iqan (Vissheitas bok) og Dei skjulte ord.

Báb etablerte den nye tidsalderen med ein ny kalender med året delt inn i 19 månader à 19 dagar. Kvar månad har eit av Guds namn. Året har 9 heilagdagar. I tillegg er det fire/fem skotårsdagar. Nyår blir feira når sola går inn i stjernebildet Vêren. Dette skjer enten 20., 21. eller 22. mars.

Nokre få og enkle ritual finst:




#Article 57: Synagoge (345 words)


Synagoge (frå gresk συναγωγη) er den generelle termen for jødiske bønne- og forsamlingshus. Hovudrommet i ein synagoge inneheld normalt ei ark (aron hakkódesj eller hekhál) der torárullane blir lagra; ei opphøgd leseplattform (bima eller tebá) for torálesing og leiing av bønn, og eit evig lys (ner tamíd) til minne om den sjuarma lysestaken i Tempelet i Jerusalem. I ortodokse og mange tradisjonelle synagogar er det oftast eit fysisk skilje, mehissá, mellom manns- og kvinnedelane av synagogerommet.

Andre namn for ‘synagoge’ inkluderer hebraisk  (bet keneset), jiddisch  shul, spansk/portugisisk esnoga og hovudsakleg reformjødisk tempel.

Det sentrale rommet i ein synagoge er sjølve gudstenesterommet. Planløysinga i dette rommet har ein del fellestrekk, men òg ulikskapar mellom ulike tradisjonar. I det følgjande vil tre typiske planløysingar bli skildra — den bipolare, den sentralorienterte og den unipolare planløysinga.

Den bipolare planløysinga er typisk for romaniotisk, italiensk, provençalsk og sefardisk jødedom. Det er òg dokumentert enkelte eksempel på bipolare synagogar i Litauen.

Sentralorientert planløysing er vanleg i askenasisk-ortodoks jødedom og i mizrahisk jødedom.

I moderne ikkje-ortodoks jødedom i Nord-Amerika er bimaen og dukhánen (plattforma ved arka) samanslegne, og bimaen og arka (aron hakkódesj) ligg saman fremst i synagogerommet. Benkeradene vender mesta alltid mot dette området, som har mange fellestrekk med ei teaterscene.

Den eldste noverande synagogen i Danmark ligg i Krystalgade i København og vart innvigd i 1833. Denne synagogen blir bruka av Det mosaiske Troessamfund i Danmark, ei moderne ortodoks meinigheit. Det finst òg ein synagoge i Ole Suhrsgade som høyrer til den strengare ortodokse meinigheita Machsike Hadas og som no blir driven av Chabad Danmark. I dei siste par åra har den reformjødiske meinigheita Shir Hatzafon etablert seg som eit alternativ, men dei har enno ikkje nokon fast synagoge.

I Noreg finst det i dag to synagogar — éin i Oslo og ein i Trondheim. Synagogen i Trondheim er elles ein av dei nordlegaste i verda. (Den aller nordlegaste synagogen i verda ligg, såvidt kjent, i Fairbanks i Alaska.) Andre synagogar har òg vore i bruk — inkludert eit leigd lokale i Folkets Hus i Kristiansund føre andre verdskrigen.




#Article 58: Mehissá (102 words)


Ein mehissá (hebraisk מְחִצָּה məḥiṣṣā) er eit fysisk skilje mellom manns- og kvinneavdelingane av synagogerommet i tradisjonelle og ortodokse synagogar. Dette skiljet kan vera alt frå eit halvmeterhøgt rekkverk til eit separat kvinnegalleri eller ein fullhøg skiljevegg med gittervindauge.

I ortodokse ikkje-egalitære tradisjonelle synagogar er hovudregelen at mehissáen skil mellom ein sentral og aktiv mannsseksjon og ein perifer og vanlegvis passiv kvinneseksjon. I feministisk-ortodokse og tradisjonell-egalitære synagogar er gjerne mehissáen sett opp slik at kvinner og menn har lik tilgang til tebáen (bimaen) og arka.

Mehissáen er avskaffa i mange tradisjonell-egalitære synagogar, alle reformsynagogar og dei aller fleste konservative og rekonstruksjonistiske synagogar.




#Article 59: Herøy kommune i Møre og Romsdal (492 words)


Herøy kommune er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Herøy grensar mot Sande i sørvest, mellom Gursken og Leikong på Gurskøy. Over Rovdefjorden i sør grensar Herøy mot Vanylven og Herøy kommune i Møre og Romsdalolda. I aust går grensa mot Ulstein ved Dragsundbrua over til øya Hareidlandet.
Ein person frå Herøy vert kalla ein herøyværing.

Herøy har 8 353 innbyggjarar (2008). Kommunesenteret Fosnavåg ligg på Bergsøya, og har sidan 2000 hatt bystatus.

Herøy er ein øykommune utan direkte fastlandstilknytning, men der bruer knyter saman alle øyane med busetnad. Han omfattar nordaustdelen av Gurskøya, som utgjer over halvparten av flatevidda til kommunen (68,5 km²) og øygruppa Sørøyane med mellom anna Leinøya (14,4 km²) og Bergsøya (7,6 km²). Andre mindre øyar er Nerlandsøya (14,6 km²), Skorpa (2,8 km²), Remøya (3,6 km²) og Herøya (0,2 km²).

Øya Runde (6,2 km²) er kanskje den mest kjende staden i Herøy, både nasjonalt og internasjonalt. Rundefjellet er det sørlegaste fuglefjellet i Norden, det største sør for Røst, og med koloniar av mellom anna lundefugl. På Runde ligg Runde Miljøsenter som er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar.

Hurtigruta har Torvik på Leinøya som ein av dei faste stoppestadane.

Herøy har to lokalaviser. Papiravisa Vestlandsnytt og nettavisa Herøynytt.

I Herøy er det tre kyrkjesokn Herøy, Indre Herøy og Leikanger, ei frikyrkje, ei pinsekyrkje og 13 bedehus.

Kyrkja har òg har hatt ein sterk posisjon i Herøy, noko som har ført til at mykje av kulturlivet har vore knytt opp mot kyrkjene og bedehusa. Spesielt etter andre verdskrigen byrja òg idretten å ta seg opp, og Bergsøy IL vart oppretta i 1944, Moldtustranda IL i 1950 og i 1974 Tjørvåg IL. Bortimot 10 % av ibuarane i kommunen er medlem i Bergsøy IL.

I 1982 stod Herøy kulturhus ferdig, eit fleirbruksbygg som gjorde det mogeleg å samle mykje av kulturaktivitetane under same tak, mellom anna teater, musikk, kino, kunstutstillingar og innandørsidrett. Med Herøyspelet Kongens Ring fekk kommunen sitt eige historiske spel i 1992, og i 2002 opna Jakobsenhuset dørene, ein arena for mindre og kanskje smalare kulturelle aktivitetar. I oktober 2014 vart Fosnavåg Konserthus opna.

I Fosnavåg vert det arrangert Maritim Sommarfestival, Makrellfestival og Pirfestival.

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Miljøsenteret husar òg ei fugleutstilling og ei utstilling av gull- og sølvmyntar og andre gjenstandar frå Akerendamforliset. Sidan staden ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, har bygget det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvenleg bygningsmateriale, energieffektivitet, vassparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn. I Miljøsenteret er det offentleg toalett.

Folketalsutvikling for Herøy kommune frå 1900:

a Dette talet omfattar gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen, som vart overført frå Herøy kommune til Sande kommune i 1964. Dette området hadde då 25 innbyggjarar. Talet omfattar òg Eiksund krins med øya Eika, som vart overført til Ulstein kommune i 1964. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.




#Article 60: Pesah (1304 words)


Pesaḥ (hebraisk פֶּסַח [pɛsaḥ]), òg skrive Pesach, eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesah varar.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matrettar som karpás (selleri eller andre grønsaker), maṣṣót (flatbrød), marór (bitre urter), lammebein, eit grilla egg og sausen ḥaróset — ein saus som skal minna om mørtelen dei israelittiske slavane brukte i Egypt. Kvar person drikk fire glas vin eller druejus. Med bakgrunn i desse matrettane og andre rituelle handlingar les ein Haggadá sjel pesaḥ (påskeforteljinga) om utgangen av Egypt.

Sjølve ordet «pesaḥ», som òg finst innlånt til norsk gjennom gresk i forma «påske» er avleidd av den hebraiske ordrota פסח P-S-Ḥ som tyder ‘passere’. Vi les i 2. mosebok at da Gud lova israelittane å gjera dei frie, sa Gud at alle dei førstefødde i Egypt skulle døy. Men israelsborna skulle setja eit merke av lammeblod på dørkarmane sine, וראיתי את־הדם ופסחתי עליכם [vərā’ītī et-haddām, ufāsaḥtī ʕălēxem] «og Eg vil sjå blodet, og Eg vil gå forbi dykk». (2. mos.) 12:13)

Sjølv om termen «pesaḥ» ikkje er nemnd før 2. mosebok, er det mykje som tyder på at høgtida har tidlegare røter. Frå jødisk teologisk perspektiv har det vore peikt på at ordet maṣṣá finst allereie i 1. mos. 19:3, der Lot vart vitja av to englar: «Og han laga åt dei eit gilde, og maṣṣót baka han, og dei åt.» Maimonides kommenterer til dette: פסח היה «det var pesaḥ». Andre vil derimot seie at det avgjerande i denne situasjonen var at den uventa vitjinga gjorde at han ikkje hadde tid til å laga vanleg brød, men laut laga maṣṣót (flatbrød) i staden, sidan dette er snøggare å baka.

Mange trekk i pesaḥfeiringa tyder på at denne høgtida har delar av opphavet sitt i ein innhaustingsfest. Blant desse trekka kan nemnast etinga av det usyra brødet, ei markering av den nye kornavlinga. Frå andre dagen av pesaḥ og i dei 49 dagane fram til sjabu‘ót (vekefesten eller pinsa) tel ein ‘ómer, dvs. ‘kornband’, til minne om korleis den nye byggavlinga vart brakt åt Tempelet i Jerusalem for ofring.

Av noko nyare dato er historia om utgangen av Egypt: Ein feirar at Gud med hjelp av Moses og Aron førte israelittane ut av Egypt med mange teikn og under, at den siste av dei ti landeplagene ikkje ramma israelittane fordi dei ofra eit lam og smurde eit merke av blodet på dørkarmane, at oppbrotet skjedde så snøgt at deigane ikkje vann å heva seg, slik at ein laut eta det usyra brødet, og endeleg at israelittane fekk Toráen på Sinaifjellet.

Gjæra kornmat av dei fem kornslaga som er definerte i Misjná blir kalla ḥaméṣ og er forboden å eta eller eige under alle dagane av pesaḥ. Dette inkluderer all mat som inneheld noko som helst mengd av dei fem slaga, anna enn om han er spesielt tillaga på eit vis som gjer at ein kan rekna det for visst at maten ikkje er gjæra. (Meir om dette finst under avsnittet Maṣṣá nedanfor.)

Dei fem kornslaga svarar til brødkveite/emmer, durumkveite/spelt og einkorn i sine variantar og til bygg (toradsbygg og vanleg bygg). Det er noko tvil om nøyaktig fastsetjing av kveite- og speltslaga, men det er rimeleg klart at alle sortar kveite og spelt høyrer til dei fem slaga. Truleg ikkje tilhøyrande dei fem slaga i snever meining er rug, men ein reknar likevel rug med blant dei fem slaga på grunn av den nære slektskapen med kveite.

Den noko fjernare slektningen havre blir av den askenasiske Rashi rekna opp som eit av dei fem slaga, men den sefardiske Maimonides viser til at det kornslaget Rashi skriv om her svarar til villbygg, eller toradsbygg. Dette er òg meir i samsvar med definisjonen i Talmúd jerusjalmí, der det går klårt fram at det karakteristiske ved dette kornslaget er radstrukturen. I tillegg stemmer det godt med nyare forsking, som har funne at havre ikkje inneheld same slag gluten som dei andre kornslaga.

Som eit minne om utgangen av Egypt er det pålagt alle jødar å eta maṣṣá, eller usyra brød, på dei to første kveldane av pesaḥ. (I landet Israel og blant reformjødar: berre den første kvelden.) Dette brødet må vera laga etter svært strenge føreskrifter:

Mjølet må vera hovudsakleg frå dei fem kornslaga. Alt mjølet som blir bruka må vera tørrmole, heilt tørt og heilt fritt for fuktskade. Ein blandar berre inn reint vatn som har stått tildekt natta over, og frå ein blandar i vatn via utkjevlinga til tynne flatbrødleivar og til maṣṣáen blir steikt på bakstehella eller i bakaromnen må det ikkje taka meir enn 18 minutt. 

Maṣṣá og maṣṣámjøl (finknust maṣṣá) er dei einaste matvarene av dei fem slaga det er lov både eta og eige under pesaḥ — med unntak av heile, gjennomrista gryn.

Sjølv om det ikkje er noko påbod om å eta maṣṣá under resten av pesaḥ, et ein vanlegvis maṣṣá da òg, ettersom dette er den einaste tillatne brødmaten av dei fem slaga.

Ein kan sjølvsagt òg eige umole heilkorn for såkorn og for seinare maling, men dette lyt bli lagra heilt tørt og kan ikkje bli bruka til mat under pesaḥ anna enn som nemnt ovanfor.

Ris høyrer ikkje med til dei fem kornslaga, men er likevel rekna som forboden av dei fleste askenasiske jødar. Merk at ris ikkje er ḥaméṣ; det er lov å eige ris under pesaḥ — sjølv for dei som ikkje tillèt å eta ris under pesaḥ.

Blant mange sefardiske og mizraḥiske jødar er derimot ris tillaten å eta, og pesaḥ er ei tid med mykje vekt på rismat av ulike slag. Blant dei som et ris under pesaḥ er det oftast skikk at ein går nøye gjennom risen og sorterer ut alle eventuelle korn av dei fem slaga.

Askenasiske jødar og nokre europeiske sefardiske jødar unngår òg tradisjonelt å eta belgvekstar, eller såkalla kitnijjót, under pesaḥ. Grunnen til dette var opphavleg at ein er redd at ertermjøl og liknande kan bli ihopblanda med mjøl av dei fem slaga. Definisjonen av kva som blir rekna som kitnijjót er vorten svært mykje utvida i askenasisk ortodoks jødedom i seinare år. Mange inkluderer til dømes mais (som ikkje er ei belgfrukt) og friske brekkbønner (som absolutt ikkje kan mistakast som mjøl).

På den første kvelden av pesaḥ (i Israel, og dessutan blant karaittiske jødar og reformjødar) eller på dei to første kveldane av pesaḥ (i dei fleste tradisjonane) held ein seder (ask.) eller haggadá (sef.) — eit festmåltid med rituelle matslag og lesing av påskeforteljinga, Haggadá sjel pesaḥ. Påskeforteljinga inneheld historia om korleis israelittane forlét Egypt under leiing av Moses. Måltidet inneheld spesielle fat med rituelle matslag; inkludert bitre urter, to slag koka mat (oftast eit hardkoka og grilla egg og eit ubrote lammebein med noko kjøt på), maṣṣót (usyra brød) og ḥaróset — ei finhakka blanding av frukt, nøtter, vin/eddik og kanel som symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Alle som er til stades drikk òg fire småe glas druevin eller druejus i løpet av ritualet.

Pesaḥ er ofte på om lag same tid som den kristne påska, men fell stundom i månaden etter — særleg i jødiske skotår. Lista nedanfor gjeld for tradisjonell rabbanittisk jødedom utanfor landet Israel. Dei to første døgna og dei to siste døgna er fulle heilagdagar, dei mellomliggjande døgna er ḥol hammo‘éd (romhelg). Blant jødar i landet Israel, blant karaittiske jødar og ofte òg i reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom, feirar ein pesaḥ i sju døgn i staden for åtte, og høgtida sluttar dermed eitt døgn tidlegare. I desse tradisjonane er berre det første og siste døgnet fulle helgedagar, og alle dei mellomliggjande døgna er ḥol hammo‘éd.




#Article 61: Tanákh (105 words)


Tanákh eller Tenákh (hebraisk  tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.

Ordet kan òg bli skrive som Tenakh, Tanach, Tenach eller TNquot;K. I hovudsakleg kristne teologiske krinsar finst òg forma Tanak.

Tanákh er i seg sjølv eit akronym for dei tre hovuddelane av den jødiske Bibelen:




#Article 62: Sefardar (163 words)


Sefardar eller sefardiske jødar (hebraisk סְפָרַדִּי, sefardím, moderne hebraisk sfaraddi tiberisk səp̄āraddî - «Sefarad» er eit jødisk namn på den iberiske halvøya) er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Spania og Portugal. Desse blei tvinga i eksil eller i skjul av Alhambra-ediktet av 1492, og slo seg særleg ned i andre middelhavsland og i Nederland. Namnet blir i praksis òg brukt om ikkje-iberiske jødar som stammar frå arabisk-språklege land, såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-askenasisk opphav.

Sefardiske jødar i den opphavlege tydinga inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas, Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare talte dei fleste sefardar spansk, jødespansk eller portugisisk. Ein særleg variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardiske jødar er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsetjingar frå hebraisk til spansk eller jødespansk. Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet «ladino» for det jødespanske språket.




#Article 63: Askenasar (180 words)


Askenasar eller askenasiske jødar (hebraisk אשכנזי ’aškənazzī) er jødar som stammar frå Mellom- og Aust-Europa. Nemninga omfattar jødane som tradisjonelt budde i Tyskland, Austerrike, Polen, Litauen og andre delar av Aust-Europa. Tidlegare tala alle askenasiske jødar jiddisch.

Sidan 1800-talet har mange emigrert til andre land som Frankrike, USA og Israel.

Askenas (hebraisk אשכנז ’aškənaz) er det eldre hebraiske ordet for Tyskland, og særleg området langs Rhinen der alemannarane budde (jamfør det franske namnet for Tyskland, Allemagne).

Frå kristendomen vart innført på 1000-talet fram til midten av 1800-talet var askenasar stort sett utelukka frå Noreg anna enn etter spesiell søknad om leidebrev. Etter grunnlovsendringa i 1851 fekk dei askenasiske jødane innreise-, bu- og arbeidsrett, og ei moderat innvandring i dei neste tiåra førte til etablering av mosaiske trussamfunn i Kristiania (Oslo) og Trondheim. Grunnstamma i desse trussamfunna er askenasím — hovudsakleg frå Sverige, Danmark, Tyskland, Polen og dei baltiske landa. Mindre busetnader av askenasím fanst òg i Bergen, Kristiansund, Drammen, Narvik, Tromsø og andre stader, men dei fleste av desse jødiske samfunna vart meir eller mindre utsletta under den andre verdskrigen.




#Article 64: Sumerisk (130 words)


Sumerisk er språket tala av oldtidsfolket sumerarar. Det var, så vidt vi kjenner til i dag, ikkje i slekt med noko anna kjent språk og blir difor kalla eit isolert språk. Sumerisk hadde få språklydar, berre 4 vokalar og 16 konsonantar. Til gjengjeld hadde det ein rik grammatikk med kasus, tidsbøying og var eit agglutinerande språk.

Sumer opplevde stor innvandring av akkadarar og sumerarane tok etter kvart i bruk akkadisk. Da dei sumeriske bystatane vart innlemma i Babylon, vart sumerisk berre brukt av skriftlærde. Sjølv om språket døydde ut allereie rundt 2000 fvt. er det mykje litteratur på språket. Ein del av det er faktisk skrive av babylonarar lenge etter at sumerisk var utdøydd som talespråk.

Ein hypotese er at språket kan vera i slekt med austroasiatiske språk og stillehavsspråk.




#Article 65: Sumer (120 words)


Sumer var eit oldtidsrike i Mesopotamia i det noverande Irak. Sumerarane innvandra ca 3500 f.kr. frå aust og grunnla mellom anna byane Ur, Nippur, Lagasj og Kisj. På denne tida var ikkje sumerarane organiserte i eit enkelt rike, men som sjølvstendige bystatar. Sumerarane var flinke handelsfolk og utvikla skriftspråk for betre å kunna halde styr på handelen. Av di dei ikkje hadde noko felles forsvar, var dei sårbare mot erobrarar utanfrå — særleg semittane. Ein kort periode kring år 2000 f.kr. var sumerarane samla i eit rike, og dei greidde da å vinne over nabolanda Elam og Assyria. Riket ramla raskt frå kvarandre, og sumerarane vart sårbare att. På 1700-talet f.kr. gjorde Hammurabi av Babylon ende på dei sumeriske rika.




#Article 66: Jiddisch (229 words)


Jiddisch, jiddisk eller jødetysk er eit vestgermansk språk som blir tala av om lag fire millionar hovudsakleg askenasiske jødar over heile verda. Før den andre verdskrigen og holocaust/shoah vart språket tala av kring ti millionar europeiske jødar, og det var daglegspråket deira, sjølve morsmålet (mame-loshn), mens hebraisk berre var synagogespråket. Språket oppstod i Sentraleuropa i høgmellomalderen som ei blanding av høgtyske og sentraltyske målføre, og med mange lånord frå hebraisk og arameisk — seinare òg frå slaviske språk. Namnet jiddisch tyder ‘jødisk’ og er opphavleg ei kortform for 'jidish taitsh', eller 'jødisk tysk'. Ordtilfanget er på om lag 80 % tyske ord — somme av desse er nærare standard høgtysk enn mange høgtyske målføre; jiddisch blir av og til òg sett på som eit tysk målføre. Jiddisch blir vanlegvis skrive med det hebraiske alfabetet.

Forfattaren Isaac Bashevis Singer (1904–1991), som skreiv på jiddisch, fekk Nobelprisen i litteratur i 1978. Den jiddischspråklege lingvisten Max Weinreich blir ofte nemnd som opphavsmannen til den mykje siterte utsegna «A shprakh iz a dialekt mit an armey un flot» אַ שפראַך איז אַ דיאַלעקט מיט אַן אַרמײ און פֿלאָט, 'eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte', men han skal visstnok ha sitert ein tilhøyrar på ei av førelesingane sine. frå jiddisch טוֹב tov, tof; opphav: hebraisk טוֹב ṭōḇ ‘god, bra’, men ordet blir òg forklart som avleidd frå engelsk tough.




#Article 67: Ryfylke (572 words)


Ryfylke er eit distrikt i indre og midtre Rogaland, nord og aust for Jæren med Stavanger by og aust for Haugalandet. 

Landskapet er svært variert, frå øyar og kystlandskap lengst ute i vest, med fjordar innover i landet, til vidder og høge fjell i aust. 
I Ryfylkebassenget, fjordsystemet mellom fastlandsområda i Ryfylke, finn ein Ryfylkeøyane. Den største, Ombo lengst aust, og vestover er dei største øyane Finnøy, Rennesøy og Mosterøy. Kvitsøy ligg lengst vest ut mot Nordsjøen.

Ryfylkeheiane grensar til Setesdalsheiene, og har Vassdalseggi på 1658 moh. som høgste fjelltoppen. Her finst òg Breifonn (1616 moh.), den sørlegaste breen i Noreg. Dei høgtliggande viddene og dei bratte fjellsidene ned mot fjordane, gjer at området eigner seg svært godt til vasskraftproduksjon. I nord finn me Saudavassdraget (som gav grunnlag for tungindustrien i Sauda), i nordaust Røldal-Suldal (utbygd av Norsk Hydro til metallverket på Karmøy), i aust Ulla-Førre (Noregs største kraftanlegg), og i søraust utbyggingane kring Lysefjorden med Lysebotn kraftverk.

Ryfylke har turistattraksjonar ved Lysefjorden som Preikestolen i ytre delen av fjorden og Kjerag nær Lysebotn. Strekninga frå Oanes til Håra ved Røldalsvatnet (Ryfylkevegen), på riksveg 13/fylkesveg 46/fylkesveg 520 er kommande nasjonal turistveg. Ryfylkemuseet på Sand i Suldal er regionmuseum for distriktet.

Det eldste kjende namnet på noverande Rogaland er nettopp Rogaland, men på 1200-talet gjekk det or bruk og vart erstatta av Rygjafylki, i moderne språkdrakt Ryfylke. Båe namna er danna av innbyggjarnamnet ryger, som er omtalte allereie omtrent år 100. 

Tidleg på 1500-talet vart Ryfylke delt i fleire futedøme. Inndelinga var dei første åra litt ustabil, men vart snart fastlagd til to futedøme: Det søre vart kalla Jæren-Dalane og det nordre Fjordane-Karmsund. Medan Jæren og Dalane er levande distriktsnamn den dag i dag, fekk ikkje Fjordane-Karmsund feste som namn på futedømet. I staden vart det snart skift ut mot Ryfylke, som såleis fekk ein snevrare geografisk definisjon: Dei sørlegaste bygdene var Kvitsøy, Bru, Åmøy, Riska, Svihus, Gjesdal og Øvstabødalen, medan grensene mot Agder i aust og Hordaland i nord var dei same. 

Området har sidan vorte ytterlegare innsnevra: Ein gong på 1600-talet vart Riska og Gjesdal overførte til Jæren, og 1840 gjekk Austre Åmøy (i Hetland sokn) og Svihus (i Høyland sokn) den same vegen. Same året vart òg grensa i nord justert slik at amts- og futedømegrensa heilt fall saman med soknegrensene. Frå då av var sokna Kvitsøy, Askje, Strand, Høle og det i 1852 utskilde Forsand dei sørlege utpostane i Ryfylke. 
Endå i 1890 var nordvestlege Rogaland  inne i Ryfylke. Etter eigedomsmatrikkelen blei Ryfylke fogderi skildra som kommunane frå Høle og Fossan i sør, til og med Torvastad på Karmøya i nordvest, med Kvitsøy som ein del av Mosterøy herad.

I nord kom Ryfylke til å krympe. Haugesund vart grunnlagd på midten av 1800-talet og voks etter kvart til ein viktig by. På 1900-talet vart Haugalandet etablert som distriktsnamn på byen og omlandet, som til dels òg strekkjer seg over fylkesgrensa inn i Sunnhordland, og samstundes har Ryfylke gått or bruk om området. I 1978 blir ytterkantane av Ryfylke skildra med bygdene rundt sørsida av Høgsfjorden og Frafjorden i søraust til nordsida av Nedstrandsfjorden i nord og med indre Suldal med Nesflaten i aust. Grensa mot Haugalandet er her vest for Nedstrand og Vats, men nokså uklår.

I 2020 er ryfylkenamnet i bruk i to institusjonar. Ryfylke IKS er samarbeidsrådet for fastlandskommunar i Ryfylke: Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand. Ryfylke prosti består av dei kyrkelege fellesråda frå Strand til Sauda.




#Article 68: Urbanisering i Afrika (2181 words)


Urbanisering i Afrika tek for seg utviklinga av byar i Afrika frå førhistorisk tid til våre dagar.

Då kolonimaktene for alvor byrja å sjå seg om etter koloniar i Afrika på slutten av 1800-talet var det ikkje fordi dei ville ha kontroll over store avanserte sivilisasjonar. Koloniherrane såg på den europeiske sivilisasjonen som overlegen alle andre og ofte kunne dei knapt sjå føre seg at områda dei tok over skulle kunna vera siviliserte i det heile. Det var difor vanskeleg for dei å knyta noko sivilisert til afrikanarane, heller ikkje dei politiske og sosiale systema som ein urban kultur inneber. Dei eurosentriske brillene har gjort at ein lenge har sett for seg at dei fleste teikn på sivilisasjon i Afrika har oppstått frå påverknad utanfrå.

Ein reknar ein med at om lag 95 % av innbyggjarane i Afrika sør for Sahara var knytt til primærnæringane jordbruk, jakt, kvegnomadisme og fiske rundt 1900, altså budde truleg mindre enn 5 % i byar. I 1950 (byrjinga av frigjeringsperioden) viste statistikk at denne delen av befolkninga hadde auka til 14,7 % og i 2000 til 37,2 %. Ein reknar med at talet stig til 45,3 % i 2015, altså med 3,76 %-3,35 % per år. Lagos i Nigeria, som i 1963 hadde 665 000 innbyggjarar og 8,7 millionar i 2000 — var i 2014 den 9. største byen i verda med eit estimert folketal på 21 millionar i storbyregionen. Byveksten er altså enorm i storparten av Afrika, og særleg sør for Sahara.

Dei tidlegast kjende byane i Afrika oppstod i området rundt Nildalen. Den mest kjende av desse er Alexandria i Egypt. Historia åt det egyptiske riket har vorte grundig studert, og teknologien, historia og deira politiske system er godt kjend og dokumentert.

Men Afrika sør for Sahara hadde òg mange byar. Ein av dei første og viktige var Meroe i dagens Sudan som var hovudstad i Kushriket. Byen blomstra mellom det 14. og 4. hundreåret fvt. Meroe og andre kusjittiske byar gjorde framsteg innan stein- og jarnteknologi, byggeteknikk og vatningsteknikk.

Aksum, som var hovudstad i Aksumriket i dagens Etiopia, blomstra frå 1. hundreåret til rundt 900-talet. Byen hadde eit stort handelsnettverk med det romerske Middelhavet, Sør-Arabia og India, og handla i elfenbein, edle metall, klede og krydder. Steinarbeid frå Aksum finst i dag og vitnar om framsteg innan steinbrotsdrift, terrassebygging, byggeteknikk og vatningsteknikk.

Mellom 700-talet og 1600-talet slo det seg fram byar gjennom den trans-sahariske handelen i den vest-afrikanske savanna. Nokon av dei meir framståande var Kumbi Saleh, Timbuktu, Jenne og Gao. Arabiske lærde som til dømes Ibn Khaldun har vore ei veldig viktig kjelde for historiske vitnemål frå dette området og denne tida. Gullgraving, jarnteknologi, keramisk teknologi og tekstilproduksjon var viktige teknologiar. I Kumbi Saleh, hovudstad og kommersielt sentrum i Ghanariket (ikkje dagens Ghana) vart det utvikla eit omfattande økonomisk system som inkluderte skattlegging.

I dei vest-afrikanske skogsområda utvikla det seg byar hjå joruba- og hausa-folket, og i Ashantiriket og Beninriket. I tillegg til å vera kommersielle og politiske senter var dei også åndelege senter.

I den sentrale, ekvatorialske delen av Afrika kunne ein finna byar i det som i dag er Kongo, DR Kongo, Angola, Zambia, Rwanda og Burundi.

På kysten av Aust-Afrika oppstod swahilikulturen, eit bantutalande folk som etterkvart tok til seg islam.

Teknologiske framsteg inkluderte mynt-, kopar-, bygge-, båt- og bomullstekstil-teknologi. Byane hadde mykje handelskontakt med Asia, Arabia og kvarandre.

Stor-Zimbabwe («Great Zimbabwe») er ein av dei mest kjende førkoloniale byane i Afrika. «Den store innhegninga» (engelsk «Great Enclosure») som ein framleis finn rester av i Zimbabwe er rekna for å vera den største førhistoriske konstruksjonen i Afrika. Ein reknar med at khoi-khoi-folket var opphavet til Stor-Zimbabwe.

Med utgangspunkt i Berlin-konferansen i 1884/1885 vart Afrika delt på ein tildels tilfeldig måte nesten som om det var ei kake. I 1914 var berre Etiopia og Liberia att som uavhengige område, resten av kontinentet var under britisk, fransk, portugisisk, tysk, belgisk, italiensk eller spansk kontroll. Det var desse europeiske maktene sine interesser som låg til grunn for delinga. Kontinentet var nesten ikkje urbanisert og kolonimaktene hadde ikkje byrja å ta skikkeleg kontroll over, eller investere noko særleg i «kakestykka» sine. Nord-Nigeria hadde til dømes i 1900 eit budsjett på 100 000 GBP og ein militærstyrke på 2000 hausa-soldatar og 120 britiske offiserar. Med dette skulle dei styra eit enormt område med ein folkesetnad på om lag 10 millionar menneske.

Den økonomiske og administrative politikken hadde størst effekt på byveksten. Cash crops (til dømes bomull, mais, tobakk, sukker, kaffi, te, palmeolje og peanøtter) og mineral, som var dei viktige eksportprodukta, måtte førast ut til hamnebyane for eksport. Til dette trong ein transport (jarnbane), og for å byggje infrastruktur og styre kolonien trong ein administrasjon og personell. Sentraladministrasjonen vart ofte lagt til hamnebyane, men det vart ikkje oppretta noko nett av små og mellomstore byar.

Nye byar vart lagt til eksisterande busetjing eller på heilt ny plass. Heilt nye byar vart oppretta særleg i koparbeltet for å huse arbeidarane i gruvene. Døme på dette er Johannesburg og Kimberley i Sør-Afrika, Ndola og Kitwe i Zambia og Lubumbashi i DR Congo.

Nokon eksisterande byar vart brukte, og andre vart tilsidesett. Ved transportårene voks byane, medan byar som vart tilsidesett av transport, og ikkje fekk noko administrasjon forsvann så å seie. Dette hende til dømes med Kukawa og Dahomey.

Det var i transport- og administrasjonsbyane ein kom i kontakt med myndigheitene og handel, og det var såleis i desse byane det vart investert, slik at det vart bruk for arbeidskraft. Den økonomiske politikken med eksport av råvarer for å finansiere kolonistaten og utvikle Afrika, bestemte såleis kva byar som skulle vekse. Til trass for denne utviklinga var ¾ av dei store viktige byane i dag etablerte før kolonitida.

Samtidig vart kolonimaktene oppmerksam på problema som byveksten førte med seg. Den rural-urbane migrasjonen drog arbeidskraft frå landsbygda som produserte dei viktige eksportråvarene. Afrikanarane budde oftast trongt og under dårlege sanitære forhold og vart knytt til (og smitta med) sjukdomar som til dømes malaria. Løysinga til kolonimaktene var ikkje å forbetre afrikanarane sine forhold, men heller å skilja europearar, asiatar og afrikanarar frå kvarandre og innføre bybegrensande lover. I Sør-Afrika kulminerte dette i den offisielle apartheidpolitikken frå 1950. Dette var politikk som var særleg utbreidd i settlerbyar som til dømes Harare, Lusaka og Nairobi.

Den økonomiske kollapsen i 1930-åra førte til låge prisar på Afrikas eksportvarer og dermed også økonomisk nedgang og arbeidsløyse. Før hadde arbeidskrafta i gruveindustrien vore for det meste mellombels eller sesongbasert, ofte var det også tvangsarbeidskraft. Arbeidarane budde såleis i gruvebyane skilde frå heim og familie på landsbygda.

Frå 1920-åra i belgisk Kongo og frå 1940-åra i Sør-Afrika og Sør- og Nord-Rhodesia ville så selskapa ha meir stabil arbeidskraft. Myndigheitene skifta då politikk for å leggje til rette for dette. Etterkvart flytta så arbeidarane sine familiar også til byen. Politikken gjekk for det meste ut på å styrke statens kontroll over land og byvekst, og leggje til rette for europeiske tenestemenn.

Ein kan sjå kor stor effekt apartheid og liknande politikk kunne ha på byveksten ved å samanlikne vekstraten i det sørlege Afrika og resten av Afrika i 1950-åra. Samtidig ser ein også at denne politikken ikkje fungerte eller ikkje vart gjennomført i dei andre koloniane: Medan bybefolkninga i det sørlege Afrika voks med om lag 3,3 %, voks bybefolkninga i heile Afrika med om lag 4,6 % (sjå figur 1).

Etterkvart som økonomien voks, voks byane. I 1940- og 50-åra byrja kolonimaktene å styrka «utviklingspolitikken» som hadde fått ein knekk på grunn av depresjonen i 1930-åra. Det vart utvikla sosiale tilbod, spesielt grunnskular, men også vidaregåande skular, og på slutten av koloniperioden også universitet i nokon av koloniane. Infrastruktur som hamner, elektrisitetsnett og vegnett vart også bygd ut. Dette innebar auka administrasjon, auka eksport — og aukande byvekst som  auka endå meir inn i den postkoloniale perioden.

Den store frigjeringsbylgja i Afrika kom i 1960-åra. Uansett korleis dei var blitt uavhengige, så var dei nye statane prega av trua på planøkonomi. Staten skulle vera aktiv i utviklinga av landet, ikkje berre i utvikling av infrastruktur og sosiale tenester, men også innan utvikling av industri og arbeidsplassar. Industribygga åt mange semistatlege selskap står i dag att som «kvite elefantar», og vitnar om dei store investeringane som vart gjort i byane i byrjinga av den postkoloniale perioden.

Av mange grunnar vart det sett likskapsteikn mellom sentralisering og ei sterk statsmakt. Årsakene til denne trua på sentralisering kunne vera ynske om å fremja nasjonalkjensle, noko som også førte til opprettinga av heilt nye hovudstadar (blir nemnd seinare); mangel på kvalifiserte tenestemenn, nokon måtte ta over for kolonimaktene sine tenestemenn, men utviklingsprosjektet til kolonimaktene hadde nokon plassar ikkje komme så langt at det var nokon til å ta over; frykta for at lokale styresmakter kunne snu seg mot sentraladministrasjonen.

Sentraliseringa førte til at næringsliv hadde endå større grunn til å søke til dei allereie store hovudstadane fordi det var her makta heldt til. Den førte også til enorm investering i byområde som til dømes i Nigeria der 80 % av investeringar som ikkje gjekk til jordbruk gjekk til byområde.

Også i den postkoloniale perioden vart det oppretta nye byar, men ikkje med same grunnlag som i kolonitida. I påvente av stor industriell vekst vart hamnebyen Tema bygd i Ghana. Seinare vart det bygd nye hovudstadar med inspirasjon frå den planlagde hovudstaden Brasilia i Brasil. Slike utbyggingar fann stad i Malawi (Lilongwe), Elfenbeinskysten (Yamoussoukro) og Nigeria (Abuja). Meininga var å få ein «frisk start», byane skulle vera byrjinga på den gylne framtida som var blitt lova av frigjeringspolitikarane.

Ettersom ingen av dei nye hovudstadane har vakse til å romme meir enn om lag ein halv million innbyggjarar har dei nok ikkje hatt noko særleg effekt på veksten i dei andre byane. Tema kan kanskje seiast å ha blitt ein suksess då det er den viktigaste hamna i Ghana i dag, og utgjer saman med Accra det største metropolske området.

Samtidig som byregulerande lover vart forsterka i Sør-Afrika med apartheid som offisiell politikk vart slike lover svekka i dei nye frigjorde statane. Dette førte til auka rural-urban migrasjon i dei frigjorde statane, og ein stabilt fallande urbaniseringsvekst frå 1950 til 1990 i Sør-Afrika. Frå figur 1 kan ein sjå at etter opphevinga av apartheid i 1990 stig byveksten frå 2,29 % til 3,41 %, medan den held fram å søkkja i resten av Afrika. Innflyttingskontroll-lovene («influx-control») som vart oppheva i 1986, var ein del av denne utviklinga. Byen Bloemfontein voks såleis 51 % mellom 1988 og 1996.

I Sør-Afrika var altså bybegrensande lover aktive heilt fram til 1986/90, medan dei meir eller mindre vart avvikla eller var utan effekt i resten av det frie Afrika. Restane etter desse lovene kunne likevel ha innverknad på korleis byveksten tok form, ved at dei gjorde det vanskeleg å få tak i lovleg land, noko som førte til ulovleg okkupasjon av land.

Ein grunn til at folk vil flytta frå landsbygda til byen er at dei trur dei vil få det betre der. Ei samanlikning mellom HDI-rangering og urbanisering i Afrika kan vise at det moglegvis er grunn til å ha ei slik tru. Dei 5 afrikanske landa som i 2001 rangerte høgast på «Human Development Index» var også nokre av dei mest urbaniserte, sjå figur 2.

I nokon statar har ein gjeve innbyggjarane på landsbygda endå større grunn til å migrere til byen ved å settje ned matvareprisane i byane, gjerne etter påtrykk frå fagforeiningar. Dette har ført til mindre inntekter på landsbygda og dermed større migrasjon til byane.

Til slutt bør det nemnast at krig og økonomisk vanstyre har ført til utarming av landsbygda og tidvis stor rural-urban migrasjon. På slutten av 1980-åra var det berre 18 afrikanske land som ikkje hadde opplevd militærkupp.

Urbaniseringstakten i Afrika er på veg ned, men det er også takten på folketilveksten, mykje på grunn av HIV/AIDS. Dei store byane i Afrika vil truleg fortsette å bli større. I 1994 var det venta at Lagos skulle bli verdas 3. største by i 2015 med 24,4 millionar innbyggjarar, medan i 2001 var dette justert til verdas 11. største by med 16 millionar innbyggjarar. Det viser kor usikre dei fleste av tala er, og kor uføreseieleg den afrikanske befolkningsutviklinga er.

Det er tydleg at den afrikanske urbaniseringa som i resten av verda har blitt styrt av økonomi. Kolonimaktene la hamnebyane, jarnbanen, gruvebyane og administrasjonen til økonomisk strategiske stader. Byane har både i kolonial og postkolonial tid vore økonomisk prioriterte. Folk søkte til desse sentera for nasjonalistisk byrgskap, arbeid, administrasjon, utdanning og helsetilbod. Det store unntaket er Sør-Afrika som med sin strenge innfyttingskontroll («influx-control») og apartheidpolitikk til ein viss grad klarte å kontrollere byveksten. Likevel er dette eit av dei mest urbaniserte landa i Afrika og har i dag låg byvekst.

Likevel har nok den økonomiske politikken som har vore styrande for kvar byar skulle etablerast, kvar administrasjon skulle leggjast og kvar ressursar skulle investerast, vore sterkt politisk planlagt: først kolonialistisk planlegging som la vekt på velvære og økonomisk gevinst til europearane (og tildels kolonien), og etterpå nasjonalistisk planøkonomi som ofte sklei over i vanstyre og militærdiktatur.

 




#Article 69: Klima i Afrika (651 words)


Klima i Afrika er prega av at Afrika er eit veldig kontinent som strekkjer seg over både den nordlege og sørlege halvkula. Med over 30 millionar km² er det like stort som Kina, USA, India, Europa, Argentina og New Zealand til saman. Som eit gammalt kontinent som ikkje har blitt prega av istider slik som Skandinavia, er det bortsett frå området rundt Riftdalen, og små område i Sahara og Søraust-Afrika, eit kontinent med store slette- og platålandskap som er skapt gjennom mange millionar år. Sidan storparten av kontinentet ligg innanfor dei tropiske vendekrinsane 23,5° nord og 23,5° sør for ekvator vil sola stå i senit i nær heile Afrika ein gong i året. Afrika er prega av denne plasseringa, men det er òg mange andre omstende som spelar inn på klimaet, som skil seg både etter område og årstid.

Storparten av Afrika får mindre enn 1400 millimeter nedbør i året, der store delar utgjer Namibørkenen og Sahara som får mindre enn 200 mm. Nokre stader i Sahara får dessutan mindre enn 1 mm i året. På den andre sida finn ein dei tropiske områda som er samla rundt Kongobassenget og på vest-/sørvest-kysten. Her har ein på ein målestasjon i Kamerunfjella (Debundscha) målt over 10 000 mm gjennomsnittleg nedbør per år.

På grunn av den tropiske plasseringa rundt ekvator varierer temperaturen generelt meir frå dag til natt enn gjennom året. Den daglege variasjonen ligg på rundt 10 til 15 °C, (bortsett frå ørkenane), medan den årlege er mindre enn 6 °C i 1/3 av kontinentet, og passerer ikkje 10 °C i storparten av Afrika sør for Sahara. Temperaturane det varierer mellom er for det meste over 5 °C (bortsett frå indre delar av det sørlege Afrika, og nordlege delar av Sahara), vanlegvis over 32 °C og i 30 % av kontinentet over 38 °C.

Som før nemnt dominerer den tropiske plasseringa over ekvator det afrikanske klimaet, slik som det òg vil dominere andre område på same breiddegrader. Vêrsystemet som oppstår rundt ekvator blir kalla den intertropiske konvergenssonen eller ITCZ (engelsk forkorting for InterTropical Convergence Zone). Dette er eit lågtrykksbelte som krinsar om jorda ved ekvator der fuktig luft frå under- og overliggjande breiddegrader møtest. 

Under ITCZ er det mykje nedbør. Den kalde, tørre lufta kan ikkje søkke ned att ettersom den møter på varm luft som pressar opp, den blir såleis pressa mot dei subtropiske høgtrykksbelta (sjå fig.). Der den søkk ned tørr og kald rundt 30° N og S, og gir opphav til til dømes sahara- og kalahari-ørkenane. Noko av den tørre kalde lufta vil så gå tilbake mot ITCZ for å konvergere, stige og så bortetter.
ITCZ forandrar difor sin posisjon ettersom sola sitt senitpunkt flyttar seg, og skaper dermed sesongmessig variasjon. Nedbøren under ITCZ fylgjer difor sonen si rørsle (og gir to regntoppar i året). 

Den geografiske plasseringa i forhold til ekvator gir altså det generelle klimatologiske mønsteret, men andre faktorar spelar også inn. Områda rundt fjella i samband med Den store riftdalen får nedbør i eit område som ellers ikkje har nedbør i denne perioden, og det er også tendensar til meir nedbør rundt dei andre områda over 1500 meter over havet. Somaliaområdet på Afrikas horn, mottek veldig lite nedbør i forhold til kongobassenget på same breiddegrad. Dette er fordi overflatetemperaturen på havet utanfor Afrikas horn er relativt låg, slik at lufta som bles inn frå havet er relativt tørr og kald. Eit anna unntak er klimaet i kystlanda Ghana, Togo og Benin som er mykje tørrare enn kystlanda lenger nord-vest.

I tillegg til desse unntaka frå dei generelle tropisk tørre og tropisk våte områda kjem ytterkantane på kontinentet. På ei smal stripe heilt nord (hovudsakleg i Marokko, Algerie og Tunisia) og ei heilt sør (Sør-Afrika), er eit klima som blir kalla middelhavsklima. Her er det større sesongvariasjon, med temperaturar godt over 20 °C om sommaren og ned mot 10 °C om vinteren, når storparten av nedbøren kjem.




#Article 70: Forørkning i Afrika (2549 words)


Forørkning er ikkje eit nytt fenomen, men eit relativt nytt omgrep i historiske samanheng. Ordet slik som det blir brukt om Afrika i dag stammar eigentleg frå den franske skogforvaltaren Andre Aubreville i 1949. Aubreville brukte det franske ordet «désertification» som opphavleg betydde «fråflytting frå landsbygda» (Benjaminsen 2000, Pearce 2002a) for å beskriva «avskoging, overbeiting, manglande regn og spreiing av sand» (Pearce 2002a). Det var dei innfødde som fekk skulda for denne skadelege vanstellinga av landet (Pearce 2002a), som i dag er kjend som «desertification» på engelsk.

Frykta for «forørkning» var likevel ikkje noko nytt. Heilt sidan den kjende misjonæren David Livingstone i 1843 skreiv om korleis Afrika var i ferd med å bli til «steril øyde», og Livingstone sin mentor, Moffat beskreiv korleis dette var p.g.a. «menneskets første ulydighet» (Pearce 2002a), var «forørkning» på dagsorden. Sjølv om tørken som Livingstone opplevde vart erstatta med regntid, sjølv om innsjøane ikkje tørka ut (og dei som gjorde det, vart fylte att) (Nicholson 2001) vart problemstillinga like aktuell kvar gong det kom tørke til Afrika, slik som på 1940-talet.

Grunnane var vanlegvis å finna blant dei innfødde som ikkje kunne dyrke jorda på rett måte, overbeita den og hogg bort skogen.

Otta til kolonimaktene var at dei innfødde skulle øydeleggje jordbrukslandet og dei store parkane, og gjere det om til ørken. I tørre år var det også tydleg for alle at dette kunne skje. Vassnivået i innsjøane sokk, grønt land vart til nake land og så bortetter, men dataa viser at etter nokon tiår tok vassnivået seg opp og regnet kom tilbake .
Erfaringane som USA fekk frå «The Dust Bowl» i midtvestens USA på byrjinga av 1930-talet var også friskt i minnet. Der gjorde kombinasjonen feil jordbruksteknikk, tørke og vind det mogleg for enorme mengder jordbruksjord å blåse bort. Konsekvensen vart at 3,5 millionar menneske (estimat) måtte flytta. (Lein 2004b).

Etterkvart vart såleis forørkning eit tema for FN. I 1975 gav dei økologen Hugh Lamprey i oppdrag å finne ut meir om forørkning i Sahel. Rapporten og utsegnene han kom med fekk stor merksemd og blir brukt fram til i dag. Han tok for seg eit område vest i Sudan der han flaug over med fly for å finne kvar grensa for akasietreet var, og samanlikna dette med vegetasjonskart frå 1950-talet. Konklusjonen vart at ørkenen hadde flytta seg mellom 90 og 100 km sørover frå 1958 til 1975 (Nicholson 2001, Pearce 2002a, Benjaminsen 2000, Lein 2004b). Deretter arrangerte FN i 1977 ein stor konferanse «The United Nations Conference on Desertification» som samla mange forskarar (Lein 2004a), og i 1980 annonserte dei at forørkning globalt hadde ramma rundt 35 millionar km² land og at 35 % av jordas fastland var trua. (Nicholson 2001).

Den offisielle definisjonen som FN brukte i 1980 var «diminution or destruction of the biological potential of the land [which] can lead ultimately to desertlike conditions». Det vart definert som menneskeskapt og klimaets rolle vart heller lagt til det som vart påverka. (Nicholson 2001: 134). Det som i dag blir brukt som definisjon er «FNs Convention to Combat Desertification» sin versjon: «Desertification means land degradation in arid, semi-arid and dry sub-humid areas resulting from various factors, including climatic variations and human activities».

Den nye otten på 70-talet som kom med store spådommar og skremmande tal fekk mykje vind i segla og pengar i kassen. Det ser ut til at det kanskje er dette siste elementet som har vore viktigast. Undersøkingane som Lamprey gjorde i 1975 viste seg fort å vera feilaktige. Lamprey hadde samanlikna eit område med eit kart laga rett etter ein lang periode med mykje nedbør, og observasjonar frå fly rett etter ein tørr periode. (Benjaminsen 2000, Nicholson 2001, Lein 2004b). Kartet frå 50-talet var basert på nedbørsgrenser og ikkje observasjon (Lein 2004). Seinare undersøkte svenske forskarar same området som Lamprey og kunne ikkje sjå at ørkengrensa hadde forandra seg, medan amerikanske forskarar fann at Saharas sørlege grense flytta seg fram og tilbake avhengig av nedbøren (Benjaminsen 2000, Lein 2004b).

Slik som Lamprey brukte kart baserte på nedbør, kan ein også samanlikna nedbørskartet for Afrika  med forørkningskartet som FN publiserte i 1980 . Ein vil då kunne sjå ein slåande likskap. (Nicholson 2001). Forørkning som menneskeskapt fenomen fekk likevel stor merksemd, og mykje pengar vart brukt til tiltak som ikkje nødvendigvis forbetra situasjonen (Warren 1996).

På denne tida (frå 1960-talet) fekk også tankane til Thomas Malthus ny næring, i ein retning som blir kalla nymalthusianisme.

Thomas Robert Malthus var ein prest og samfunnsforskar som i 1798 gav ut eit verk som bar tittelen «Et essay om prinsippene for befolkning slik de påvirker framtidig forbedring av samfunnet med merknader om spekulasjonene til hr. Godwin, hr. Condorcet og andre skribenter». Boka formulerte i kortheit ei «befolkningslov» som sa at befolkningsveksten alltid vil vera høgare enn veksten i matproduksjon, slik at så lenge denne befolkningslova virkar vil befolkninga bli justert i t.d. katastrofar som hungersnød. Nymalthusianistane åtvarte mot ein befolkningsvekst som førte til eit så stort press på jorda at det gjekk utover jordas bereevne, altså evna til å vere like produktiv i framtida. (Benjaminsen 2002). I teoriane om bereevne og befolkningslover var det også mange som støtta seg til ein artikkel av Garret Hardin publisert i tidsskriftet Science i 1968 som han kalla «The Tragedy of the Commons», altså «Allmenningens tragedie» (Lein 2004b). I denne artikkelen prøver Hardin å forklare korleis allmenningar ikkje kan fungere, ettersom kvar brukar av allmenningen vil prøve å karre mest mogleg av allmenningens ressursar til seg sjølv.

Nymalthusianisme fekk også god vind i segla av befolknings og matproduksjons utviklinga. Frå 1950 til 1975 hadde befolkninga auka frå 221 millionar til 406 millionar menneske, og i 2000 var det 794 millionar menneske. Noko som tilsvarar 2,56 % vekst pr. år. (estimat frå UN 2002). Den offisielle statistikken viser at kornproduksjonen ikkje klarte å fylgja befolkningsauken, og som ein konsekvens gjekk kornproduksjon pr. hovud ned gjennom heile perioden (Benjaminsen 2002).

For å forklare årsakene til forørkning blir det vanlegvis operert med fire menneskeskapte årsaker; (1) intensiv og feilaktig dyrking av jord, (2) misbruk av irrigasjonsanlegg, (3) avskoging, og (4) overbeiting (Lein 2004b:3-4). Alle skal føre til utarming av jorda og evt. erosjon.
Det er klart at eit jordbruk som ikkje har utvikla seg på mange hundre år vil bli sett på som «underutvikla». Dette var også stoda i Afrika på byrjinga og langt inn i det 20. hundreåret. Store, dyre prosjekt ser likevel ikkje ut til å vere løysinga. Dei store prosjekta for å vatna ørkenen i Libya har t.d. store vanskar p.g.a. at vatnet som blir brukt er såkalla fossilt vatn. Det er altså vatn frå ei tid då området fekk mykje meir nedbør, noko som betyr at dei brukar ein vasskjelde som til slutt vil gå tom. I tillegg har dei hatt store problem med at jorda blir ubrukeleg p.g.a. «salinisering» d.v.s. at den blir metta med salt og dermed ubrukeleg. (Edwards 2003).

Vestlege antropologar og biologar meinte at afrikanarane var irrasjonelle og drivne av religion og overtru. Difor «utbeita» nomadane jorda ved å ha for mange dyr og bruka for dårleg (tørr) jord. Biologane meinte dei kunne rekne ut kor mange dyr eit beiteområde kunne tola. Men det viste seg etterkvart at utrekningane vart gjort til skamme, ettersom den fastslåtte kapasiteten vart overskriden i tiår etter tiår i t.d. Zimbabwe. Seinare viste fleire studiar at det Afrikanske fehaldet var meir effektivt enn introduserte vestlege former. Ny teori går ut på at slike tørre økosystem som den tørre Afrikanske savannen blir «beskytta» av tørke. Då beiteområde vil bli ubrukelege i tørketid, vil dette føre til nedgang i tal på fe, og dermed betre moglegheit til å byggje seg opp når vatnet kjem tilbake. (Warren 1996). Vegetasjonen er også tilpassa ved at den består av planter som veks fort og døyr fort for å utnytte vatnet den korte tida det kjem, etterpå kan frøa liggje i fleire år å vente på neste regnsky.

Sjølv om Afrika blir nemnd som eit spesielt eksempel for land trua av erosjon er det studiar som viser at Afrika faktisk har lite erosjon samalikna med andre kontinent (Stocking 1996). På den andre sida kan ein prøve å sjå om vinderosjon har auke ved å sjå på kor mykje støv som fer frå eller i Afrika. Det er estimert at nesten 50 % av verdas atmosfæriske støv kjem frå Vest-Afrika, og før trudde ein at dette kom frå Sahara. Nyare forsking ser likevel ut til å vise at det heller kjem frå Sahel-Sudan området. Samtidig viser forskinga at tal på og lengde på sandstormar har auka jamnt både i vest (Nicholson 2000) og nord (Goudie) i Afrika heilt sidan 1970-talet. Det er likevel inga forsking som viser om dette betyr at vinderosjon faktisk har auka mykje. Mistanken går mot at det er veldig lokal erosjon i nærleiken av der det blir målt (Warren 1996).

Forskinga på erosjon har vore mykje prega av teoriar og teoretisk forsking. Malthus si befolkningslov er ein teori som seier at befolkninga må veksa fortare enn matproduksjonen. Hardin sin teori seier at allmenningar ikkje fungerer, og erosjonsekspriment finn ut kor mykje jord som forsvinn i løpet av eit år. Studiar som går ut i felten og ser på realiteten viser eit anna bilete.

Benjaminsen (2001) har teke for seg den bomullsproduserande delen av Mali. Dette er eit område som blir beskrive som suksess for jordbruket, men ulukke for miljøet og evt. framtida. Området har hatt stor folkevekst som har ført til auka folketettheit. I studien viser Benjaminsen korleis Ester Boserup sin modell sannsynlegvis er meir dekkande for utviklinga i Mali enn Malthus sin. Ester Boserup sin modell for kva som vil skje når folketalet aukar går i kortheit ut på at i staden for at fleire folk skal slåst om den same kaka, så vil meir menneske føre til meir tilgjengeleg arbeidskraft som saman med ny teknologi vil gjera det mogleg å «intensivere» matproduksjonen og dermed auka produktivitet og tilgang på mat.

Benjaminsen viser korleis ny teknologi som plog, kunstgjødsel, treplanting (som nitrogenbindar og bruksplante) og sprøytemiddel har blitt teke meir i bruk ettersom folketettleiken har auka. Han viser også at treproduksjonen for det meste er høgare enn forbruket. Skog har forsvunne og plantesortar med, men området produserer si eiga energikjelde både til kropp og ovm, og eksporterer faktisk både bomull, ved og korn.

Eit anna mykje brukt eksempel er Mortimore  Tiffen (1995) sin studie i Machakos fylke i Kenya. Machakos hadde mellom 1950 og 1989 ein gjennomsnittleg årleg folkevekst på rundt 3 %, slik at landet måtte fordelast på fleire. Dette førte til større investering i å sikre og bruke det vesle landet ein hadde. Med hjelp frå myndigheter t.d. ved å tilretteleggje for sal av dei produserte jordbruksvarene auka produksjonen sterkt utover 70- og 80-talet. For å få dette til vart jorda meir intensivt brukt. Ein tok i bruk plog, terrassedyrking og nye maissortar. Sjølv om meir folk skulle bety meir vedforbruk viste undersøkingar av bilete at tretettleiken ikkje hadde gått ned mellom 1937 og 1991. Skogane hadde blitt mindre men fleire bønder planta fleire tre.

Afrika er eit stort kontinent som har verdas største ørken Sahara som saman med resten av dei tørre områda i Afrika dekker 60 % av kontinentet (Lancaster 1996). Samtidig har det ei befolkning som berre brukar 27 år på å fordoble seg (UN 2002). Det er difor ikkje så rart at det fører til bekymring når nedbøren i ørkennære strøk blir bortimot halvert i fleire tiår.
Men Afrika vart ikkje til noko nake øyde, og er det heller ikkje i dag. Nyare forsking viser at ørkenen flyttar seg etter kor mykje nedbør den får. Såleis har ein kunna observere at Sahara rykker tilbake heilt sidan midten av 1980-åra (Pearce 2002b).

Endringane i førhistorisk tid har vore endå større.  Saharas grenser har flytta seg ettersom klimaet har endra seg, og var altså mykje mindre rett etter siste istid.

Sjølv om det kan sjå ut som om historia fortel oss at nedbøren i Afrika generelt og Sahel spesielt varierer «naturleg», er det ting som tyder på at kanskje den siste tørken er menneskeskapt likevel. I klimatidskriftet Cicerone, argumenterer Kristjánsson m.fl. (2002) for at tørken på 1970- til 90-talet kanskje var menneskeskapt likevel. Men Kristjánsson og hans kolleger tenkjer ikkje på afrikanarane som skuldige, men derimot europearane. Dei fann at sotforureining frå Europa som var veldig høg på 1970 til 90-talet, kan ha ført til ei generell avkjøling av den nordlege halvkula og dermed sørleg forskyving av ITCZ, slik at det vart mindre nedbør over Sahel. Når forureininga avtok på 1990-talet har også nedbøren komme tilbake. Også andre studiar (Nicholson 2000, Seip 2002) viser at støv (kanskje også Sahel sitt eige støv) kan ha effekt på varmeutvikling.

Adams, W. M., A. S. Goudie  A. R. Orme (1996): The Physical Geography of Africa. New York: Oxford University Press.

Benjaminsen, T.A (2000): Timbuktu som utkant, i Benjaminsen, T. A., Gunvor Berge  Randi Eilertsen (ill.) (2000): Timbuktu. Myter, mennesker, miljø. Oslo: Spartacus forlag.

Benjaminsen, T.A (2001): The Malian Cotton Zone: Economic Success, but Environmental Failure? I Politics, Property and Production in the West African Sahel. Understanding Natural Resource Management. Nordiska Afrikainstitutet 2001, Elanders Gotab, s. 255-277.

Benjaminsen, T.A (2002): Befolkning, landbruk og miljø, i Benjaminsen, T.A og Svarstad, H. (red). Samfunnsperspektiver på miljø og utvikling. Universitetsforlaget 2002, 2. utgåve, s. 21-47.

Edwards, Mary (2003): Physical geography. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 17.01.2003. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.

Goudie, Andrew S. (1996): Climate: Past and Present. I Adams, W. M. mfl..

Klein, Jørgen (2004): Klima og biomer. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 16.01.2004. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.

Kristjánsson, Jón Egill, Trond Iversen, Alf Kirkevåg, Øyvind Seland, Jens Debernard  Lars Petter Røed (2002): Partikkelforurensninger endrar atmosfærens sirkulasjon. Cicerone. (digital versjon) Årgang 11, nr. 6, s. 25-27.

Lancaster, Nicholas (1996): Desert Environments. I Adams, W. M. mfl..

Lein, Haakon (2004a): Introduksjon. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 16.01.2004. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.

Lein, Haakon (2004b): Blir Sahara større eller mindre? Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 16.01.2004. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.

Meadows, Michael E. (1996): Biogeography. I Adams, W. M. mfl..

Mitchell, Todd (2003): Sahel rainfall index, 1898 – 2002. 13.02.2004.

Mitchell, Todd (2001): Africa rainfall climatology. 19.02.2004.

Mortimore, M  Tiffen, M (1995): Population and Environment in Time Perspective: the Machakos story, i Binns, T (eds) People and Environment in Africa. John Wiley  sons, 1995, s. 69-89.

NASA (2004): The Intertropical Convergence Zone. Earth observatory, News, New Images. henta 19.02.2004.

Nicholson, Sharon E. (2001): Climatic and environmental change in Africa during the last two centuries. Climate Research, Clim Res (digital versjon). 17. årgang, 15. august 2001, s. 123-144.

Nicholson, Sharon E.  Xungang Yin (2001): Rainfall Conditions in Equatorial East Africa During the Nineteenth Century as Inferred From the Record of Lake Victoria. Climatic Change. (digital versjon) nr. 48, s. 387–398, 2001.

Pearce, Fred (2002a): Dr Doom-monger I presume. New Scientist. Årgang 175, nr. 2351, s. 50.

Pearce, Fred (2002b): Africans go back to the land as plants reclaim the desert. New Scientist. Årgang 175, nr. 2361, s. 4.

Seip, Hans Martin (2002): Små partikler – store konsekvenser. Cicerone. (digital versjon) Årgang 11, nr. 6, s. 25-27.

Stocking, Michael A. (1996): Soil Erosion. I Adams, W. M. mfl..

UN (2002), United Nations Population Division: World Urbanization Prospects, The 2001 Revision. New York. 

Warren, Andrew (1996): Desertification. I Adams, W. M. mfl.




#Article 71: Avskoging i Afrika (3450 words)


Som det sist koloniserte kontinentet har skogen i Afrika lenge vore eit viktig emne for europeiske og afrikanske politikarar. Skal ein hogga, bruka, eller ta vare på skogen må ein vite kor han er, kor mykje det er av han og eventuelt kvar han vert redusert. Skogen i Afrika har såleis like lenge vore eit emne for forskarar. Likevel visste ein lite og veit framleis etter måten lite om Afrikas skogar. Kontinentet vart seint kolonisert og «invadert» av europearane og har fram til i dag vore eit veldig spreidd folkesett kontinent. Frå Sameinte nasjonars organisasjon for mat og landbruk (FAO) si første skogundersøking i 1948 til den siste i 2001 har institusjonen basert seg for det meste på «ekspertestimat» og/eller upåliteleg nasjonal statistikk. Ein kan dermed frå tabell 1 og 2 (som langt ifrå er komplette) sjå at både kor mykje skog Afrika har, og avskogingstakt for Afrika har variert veldig mykje frå undersøking til undersøking.

Før ein kan diskutere avskoging som eit problem er det viktig å vite kva det er ein snakkar om. Kva er skog? Kva er avskoging? Når er avskoging eit problem, og kvifor? 

Kva som blir definert som skog har heilt vesentleg betydning for kva statistikken seier om kor mykje skog det er og kor mykje skogsarealet blir redusert. Er til dømes ein frukttrehage, ein palmeplantasje eller ei savanne med eit tre her og der, skog? Kor tett må trea stå? Kor høge må dei vera?

Kor stor betydning slike detaljar i skogdefinisjonen kan ha å seie for sjølve statistikken kan ein sjå frå den store endringa i verdas skogsområde mellom FAO (1993) si undersøking «Forest Resource Assessment 1990» (FRA 1990) og «FRA 2000» (FAO 2001).1 I FRA 1990 vart skog definert ulikt i utvikla og utviklingsland (som alle Afrikanske land høyrer inn under). I utviklingsland skulle skogtoppane (kruna) dekka 10 %, medan i utvikla land 20 %2. I FRA 2000 vart skog derimot definert til 10 % trekrunedekke for alle land3. Verda gjekk dermed frå å ha 3442,4 millionar hektar (m ha) skog i 1990 (FAO 1993) til 3869,5 i 2000 (FAO 2001). Skulle ein samanlikna dei to statistikkane ville ein altså sjå at verda hadde fått 12,4 % meir skog mellom 1990 og 2000! Men FRA 2000 kom også med nye tal for 1990 som viste at skogane hadde minka med 2,4 % (FAO 2001). Dette illustrerer kor viktig det er å vera klar over kva definisjonar (og undersøkingar) som er referert før ein samanliknar ulike statistikkar. Ettersom Afrika heile tida har vore eit kontinent av utviklingsland skulle ikkje denne endringa ha innverknad på tala der, men ein kan sjå kor mykje dei likevel har variert i tabell 1.

Matthews (2001:2), som representerer «World Resources Institute» (WRI) framhevar at 10 %-grensa er «låg nok til at den tek med område som dei fleste ikkje-spesialistar ville oppfatte som tundra, trekledd grasslette eller savanne, eller krattskogmdash;ikkje skog.» «Naturleg skog» blir ofte oppfatta som «urørt» eller «utilgjengeleg» skog, og det er den miljøvernorganisasjonane fokuserer på (til dømes WRI 2000a, 2000b og 2002). Denne blir av FAO () definert som «skogar av opphavlege tre, ikkje planta av menneske» (vår omsetjing). Men Fairhead  Leach (1995, 1998) har vist at store område skog i Vest-Afrika som har blitt sett på som avskoga førre hundreåret truleg ikkje har vore «opphavleg skogkledd». Det ein har trudd var attverande skogsøyer i eit område som før var fullstendig skogkledd, viser seg å vera skogsøyer under utvikling (på grunn av menneskeleg påverknad) i eit område som før var savanne. Slik har store skogsområde som ein i dag har sett på som «naturleg skog» eigentleg blitt menneskeskapt.

Med FAO sin hovuddefinisjon blir avskoging ein netto reduksjon i område dekte av skog over tid. Dersom ein brukar definisjonen for naturleg skog kan ein ikkje ta med tilvekst frå plantasjar, og dersom ein definerer skog som «urørt» skog kan ein vanskeleg ta med tilvekst i avskoga område i det heile; det blir då eigentleg snakk om brutto avskoging. Andre vil kanskje definera avskoging som «skogsdegradering», og «degradering» er ofte i den samanhengen ein reduksjon av biomasse og biodiversitet, eller som Grainger (1996:184) skriv det: «mellombels eller permanent reduksjon av tettleiken eller strukturen i vegetasjonsdekket eller artssamansetjinga åt vegetasjonen» (vår omsetjing).

Sjølv om det er så mange ulike definisjonar og ulikskapane kan vera store ser det ut til at FAO sin siste definisjon er den dominerande (til dømes DeFries 2002, og FAO 2004 tilpassar sine tal til denne definisjonen) og ettersom FAO også publiserer tal over plantasjeområde kan ein finna tal for «naturleg skog». I tillegg er det vanleg å bruka ein «closed forest»- eller «dense forest»-definisjon for regnskogområda (til dømes Archard 2002; WRI 2000a, 2002).

I Afrika er det mange land som har veldig lite skog (ifølge FAO 2001 er det 25 land som har under 15 % skog, Noreg har 28,9 %), enten fordi miljøet ikkje er eigna for skog, eller fordi skogen er fjerna. Når skog er ein knapp ressurs blir det problematisk å fjerna den, men sjølv når det er mykje av den kan det vera problematisk:

Kva er så årsakene til avskoging i Afrika?

Jordbruk: Det som vanlegvis blir peika på som hovudårsak til avskoging både før og no er det som blir karakterisert som dårlege jordbruksteknikkar, slik som svibruk, skiftjordbruk og overbeiting. Dette blir nemnd som grunn i FAO sine rapportar, og Grainger () skriv at «large areas of savanna woodland undoubtedly result from prolonged human disturbance which continues to this day». Jordbruk er det Grainger legg vekt på som «human disturbance». I denne samanhengen ser det ut til at Grainger har det som av Fairhead  Leach (1998) blir kalla «the orthodox view», at jordbruk har gjort store område i særleg Vest-Afrika om til savanne. I sin studie i Kissidougou (Fairhead  Leach 1995) har dei derimot vist at prosessen har vore heilt omvendt. Bøndene har faktisk gjort savanne om til skog! Dette brukar dei også i sin studie av Vest-Afrika (Fairhead  Leach 1998). Der finn dei at store område i Elfenbeinskysten som i dag blir sett på som «naturleg skog» i ein «skogssone» trua av avskoging, truleg er omgjort frå skogsavanne til skog det siste hundreåret.

Kull (2000) viser i sin studie av Madagaskar at sjølv om jordbruk har vore med på å fjerna regnskogen aust på Madagaskar, kan ikkje denne årsaka overførast direkte til resten av øya. Store delar av høglandet som før var dekt med gras, har truleg aldri blitt avskoga, men kan i dag etter stor folkeauke visa til «imbricated crop fields, rice terraces, woodlots and fruit trees» ().

Det er nok klart at jordbruk kan føra til avskoging, men ein kan neppe påstå at innfødde jordbruksteknikkar som skiftjordbruk og svibruk universelt fører til dette. Archard () formulerer det slik i ein av dei siste studiane om tropisk avskoging som er publisert: «Skiftjordbruk føregår hovudsakleg i mosaikkane åt 112 sekundærskogar og påverkar berre delvis dei lukka primærskogane» (vår omsetjing), samtidig peikar han på at storparten av området som vart avskoga vart gjort om til jordbruksland.

Den andre store syndaren innan tropisk avskoging er hogst. Hovudårsakene er industriell hogst og vedhogst, i tillegg kjem selektiv hogst som ikkje avskogar, men blir skulda for å degradera skog og bana veg for vidare degradering og avskoging (Grainger 1996; FAO 2003b, c; WRI 2002; Archard 2002a). Industriell hogst av regnskog er vanlegvis drive av transnasjonale selskap og kjem sjeldan landet og lokalbefolkninga til gode. Ulovleg og uregulert hogst er også ein del av problemet i land som ofte har svake og korrupte styresmakter. (FAO 2003a, b). Plantasjeetablering og følgjande hogst derimot, er i det sørlege Afrika drive meir av lokale selskap og har i Sør-Afrika gjeve arbeid til meir enn 12 500 «small growers» ().

Vedhogst til fyringsformål vart i 1997 av FAO ikkje gjeve stor vekt, og 2/3 av fyringsvedbehovet kjem frå «nonforest sources such as woodlands, roadside verges, and wood industries» (WRI 2000). I «Forest Outlook Study for Africa» (FOSA) (FAO 2003a, b, c, d, e, f) blir det gjeve ulik vekt. Sjølv om produksjonen av fyringsved har auka veldig mykje dei siste åra og 91 % av all industriell trefelling blir brukt til fyring, er det ting som tyder på at etterspørselen minkar på grunn av at andre energikjelder kjem til, og at avskoginga råkar skog som er planta for å bli hogd til ved. Det kan sjå ut til at der ein har knappe vedressursar på grunn av avskoging har ein byrja å ta konsekvensane av dette ved å etablera plantasjar (FAO 2003). FOSA føreser at auka etterspørsel vil gå mest ut over bynær skog, men dette vil vera avhengig av marknadskrefter og den uformelle sektoren.

Folkevekst blir også ofte direkte sett i samanheng med avskoging. At delar av dette slik som urbanisering fører til avskoging er ikkje så vanskeleg å forstå ettersom byar treng plass. På den andre sida viser studiar (Fairhead  Leach 1995, 1998; Kull 2000; Leach  Mearns) at folkevekst likså godt kan føre til «påskoging».

Andre årsaker til avskoging som ikkje blir gjeve mykje vekt er slikt som vegbygging og industriell utbygging (vasskraft, gruvegraving).

For å finna gode løysingar på problemet avskoging og vita kor stort det blir i framtida er det viktig å vita kor mykje skog der er, og kor fort den minkar.

Skogen i Afrika vart prioritert av kolonimaktene, både for å ta vare på noko som var nesten heilt borte i Europa, men også på grunn av dei store ressursane som skogane inneheldt. Ser ein langt tilbake i tid så har skogen variert med det vekslande klimaet på jorda (Goudie 1996). Det som er mest interessant er likevel kor mykje menneskeleg påverknad har ført til avskoging. Dei fleste har brukt 1900 som referanseår, og dermed indirekte påstått at det ikkje fann stad menneskeleg påverknad før 1900. Dette er i alle tilfelle det Fairhead  Leach (1998) fann i sin studie av Vest-Afrika, og det er sannsynleg at det kan overførast til andre delar av kontinentet.

Ein går oftast ut frå at i dette referanseåret dekte skogen sitt «klimaks-område» eller hadde si potensielle utbreiing slik som Grainger () og Alhassan (2004) viser til. Ved å rekna ut eit potensielt område ut frå klimatiske forhold og jordforhold, og samanlikna det med dagens skogdekke (som i seg sjølv er ganske usikkert) har ein funne ut at Vest-Afrika på 1900-talet har mista opp til 87 % av skogdekket (Fairhead  Leach 1998). Som ein kan sjå frå tabell 3, har Fairhead  Leach komme til at den reelle avskoginga i Vest-Afrika truleg har vore 20ndash;41 % av det som ein før har trudd.

Noko av det dei baserer seg på når dei har undersøkt Vest-Afrika er den tidlegare refererte studien i Kissidougou i Guinea (frå (Fairhead  Leach 1995). Kull (2000) har komme til liknande resultat på Madagaskar. Der har den rådande «forteljinga» (engelsk: «narrative») vore dominert av ei tru på at Madagaskar sitt klimaks-naturmiljø slik det var før menneske kom, innebar nesten 100 % skogdekke. Konklusjonen har blitt at avskoging har fjerna opp til 90 % av skogdekket. Han viser at sjølv om store delar av den austlege regnskogen har blitt avskoga og framleis er trua av avskoging, er det samtidig lite truleg at storparten av øya som består av høgland nokon gong har vore heilt skogkledd.

Slike nye studiar stiller viktige spørsmål om kva som er årsakene til avskoging i Afrika, og kor mykje skogen faktisk er redusert. Både på Madagaskar og i Vest-Afrika er det lokalbefolkninga som har fått skulda for at 50ndash;90 % av skogen er borte. Spørsmålet er om denne skogen faktisk har eksistert, og om det er lokalbefolkninga som har redusert den. På Madagaskar ser det ut til at kolonial tømmerhogst kan ha hatt veldig stor betydning (Kull 2000), og på Elfenbeinskysten har store koloniale folkeflyttingar hatt mykje å seia for avskoginga (Fairhead  Leach 1998).

Veit ein noko meir om dagens avskoging i Afrika? Er det slik at «det er indikasjonar på at det kanskje ikkje blir noko att for ettertida» ()?. Det som kanskje er største problemet når ein skal svare på dette spørsmålet er mangelen på heilt grunnleggjande data om skogdekket ().

FAO er den klart dominerande kjelda for informasjon om verdas skogsressursar. Problemet har alltid vore og er det framleis i dag at dataa er for upålitelege, definisjonane ulike, og at FAO oftast må basera seg på gamle undersøkingar (median for FRA 2000 var 1991) og «ekspertmeiningar». I tabell 1 kan ein sjå korleis FAO sitt estimat for kor mykje skog det var i Afrika i 1990 har svinga mellom 545, 539 og 703 millionar hektar i undersøkingar publisert i høvesvis 1993, 1997 og 2001 ndash; og dette utan store definisjonsendringar. Ein kan sjå at i 1981 vart det estimert at tropisk Afrika hadde 703 millionar hektar skog i 1980, og tjue år seinare blir det estimert at heile Afrika hadde like mykje skog i 1990.

Dette er tal som blir brukt og referert til i mange, innflytnadsrike og populære verk av til dømes Verdsbanken (WB), WRI, FAO og andre FN-organisasjonar. Samtidig har FAO sidan FRA 1990 også gjort undersøkingar med satellittbilete som basis. Sidan desse berre har dekt den tropiske delen av verda, ikkje har gjeve tal for kvart enkelt land og kanskje også fordi dei har sprika så mykje frå hovudundersøkinga, har den ikkje blitt tillagt vekt. Resultata som vart delvis publisert i FRA 1990 og FRA 2000 som «pan-tropical survey», er henta frå ein ny database på FAO sine internettsider. Dei er her representert som «FAO 2004» i tabell 1 og 2. Ettersom undersøkinga baserer seg på «Landsat»-satellittbilete frå berre 10 % av landarealet i den tropiske delen av verda, teke rundt 1980, 1990 og 2000, har den blitt kritisert for å vera usikker (Matthews 2001).

I seinare tid har det komme fleire undersøkingar som baserer seg på satellittbilete. To av dei er støtta av EU og er i tabell 1 og 2 representert som «TREES-I» og «TREES-II». Achard (2002) brukte i TREES-II, satellittbilete frå fleire ulike satellittar med god oppløysing (standard 1,1 km, men ned til 20 m). Den siste undersøkinga er ei NASA-støtta undersøking som er representert som «AVHRR» (Advanced Very High Resolution Radiometer). DeFries (2002) brukte AVHRR satellittbilete med 8 km oppløysing for kvart år i perioden 1984ndash;1997 og korrigerte det med Landsatdata. 

Medan FAO og DeFries har gjeve statistikk for «tropisk Afrika» har Achard konsentrert seg om «fuktig tropisk Afrika» (sjå figur i  som viser storparten av området som vart undersøkt). Då tropisk Afrika dekkjer storparten av kontinentet med betydeleg skogdekke (sjå figur frå FRA 2000 på  og tabell 2), har nok ikkje-tropisk Afrika lite å seia for statistikken.

Av dei nye undersøkingane er det nok TREES-II som gjev dei mest pålitelege verdiane, ettersom dei har brukt flest og mest nøyaktige satellittbilete og har korrigert ved hjelp av observasjon på «sample sites» som vist i figur i . Men sidan denne undersøkinga berre dekkjer ein mindre del av Afrika og konsentrerer seg om «dense forest» gjev den ikkje heile biletet og kan ikkje samanliknast direkte med annan statistikk.

Også desse nye undersøkingane bør lesast med feilmarginar i mente: satellittbilete kan forstyrrast av skydekke, bileta kjem frå ulike periodar som kan vera ukompatible og FAO si undersøking estimerer som sagt berre ut frå bilete 10 % av av området dei gjev data for. AVHRR-verdiane for avskoging som er presentert i tabell 2 for 80 og 90 åra (høvesvis -0,28 og -0,38 millionar hektar) skjuler difor ein skala på høvesvis 0-0,65 og 0-0,66 m ha. TREES-II tala skjuler ein feilmargin på 0,3 m ha som i motsetnad til AVHRR-undersøkinga er lite samalikna med dei andre kontinenta.

Når ein så skal oppsummera kan det vera nyttig å sjå på FAO sine dokument om plantasjar. Desse viser at område som allereie har lite skog (desse kan samanfattast som dei landa som ikkje blir definerte som del av tropisk Afrika) har forholdsvis mykje plantasjar, og nokon land aukar også sitt skogdekke (FAO 2001). Dersom ein skal ta FRA 2000 alvorleg så er store delar av skogen i land som Algerie, Kapp Verde, Egypt, Libya, Sør-Afrika, Swaziland og Tunisia allereie plantasjar og areal dekt av skog har stige frå 1990 til 20005. Som ein kan sjå frå figur på  dekkjer desse landa storparten av det som ikkje er tropisk Afrika. Slik kan ein konkludera at når ein skal snakka om avskoging totalt sett i Afrika er det nok tenleg å konsentrera seg om tropisk Afrika.

Ettersom TREES-II undersøkinga ikkje brukar same definisjon og ikkje dekkjer heile Afrika, kan den vanskeleg brukast til å finna noko samanliknbart tal for heile tropisk Afrika. Då står ein att med FAO sin FRA 2000-rapport basert på nasjonal statistikk og FAO si «pan-tropical» satellittbilete-undersøking. Afrika har då truleg ein stad mellom 484 og 650 millionar hektar skog etter FAO sin definisjon.

Kor fort skogen minkar er eit heilt anna spørsmål. Som ein kan sjå frå tabell 2 er det store sprik mellom tala. Avskogingstakten har gått ned etterkvart som undersøkingane har blitt publiserte. Dei mest aktuelle viser frå 0,28 til 2,38 m ha årleg avskoging i 1980-åra og 0,38 til 5,26 i 1990-åra. Dersom ein ser bort frå FRA 2000-dataa og konsentrerer seg om satellittbilete-undersøkingane for tropisk Afrika, blir ikkje skalaen like stor. AVHRR-undersøkinga skjuler ein stor feilmargin (0ndash;649 i 1980-åra, 0ndash;662 i 1990-åra), men vil sjølv om ein reknar inn denne vera langt under FAO sine tal. DeFries si undersøking er truleg meir påliteleg enn FAO, fordi DeFries har brukt bilete frå kvart år for heile området, medan FAO har brukt 3 bilete frå 45 «sampling units»6 som for heile det pan-tropiske området dekkjer 10 % av arealet som blir undersøkt.

Men det som er nyttig å vita i afrikansk samanheng er kor det er mest avskoging. Dette har TREES-II-undersøkinga illustrert bra. Dei raude felta i figuren i  viser «hot spots» for avskoging som er område der avskoginga går fort.

Det er store regionale skilnader på avskogingstakten i Afrika. Område som allereie har lite skog i sør og nord ser ut til å ta konsekvensen av dette og etablerer plantasjar. Etterkvart som landa ser fordelane med dette og dersom ein går ut frå ei generell positiv økonomisk og demokratisk utvikling er det sannsynleg at desse områda vil halda seg på same nivå eller eventuelt planta endå meir skog. FAO meiner det er lite gjenverande plantasjepotensial i Sør-Afrika, men at land som Zimbabwe og Mosambik har potensial. I små folkerike land med lite skog som Burundi og Rwanda ser ein også tendensar til at skog blir dyrka for å dekkja etterspørsel etter ved. (FAO 2003). I forhold til dei tropiske skogane i Sentral-Afrika er det likevel små område ein her snakkar om. 

På Madagaskar og i Sentral-Afrika er truleg mykje avhengig av korleis den samfunnsmessige utviklinga elles er. På Madagaskar er håpet fornya om at om ikkje anna befolkninga der skal få betre del i inntektene, no etter at det gamle regimet er kasta. I Sentral-Afrika ser derimot framtida mørkare ut. Som ein kan sjå frå figuren i  er det der det er mest tropisk skog, og i land som Kamerun, DR Kongo, Kongo og Gabon at avskogingspresset er størst. DR Kongo som i mars og juni gjekk gjennom to mislukka kuppforsøk er framleis ustabilt. Samtidig er det allereie no gitt løyve for felling av nesten 45 millionar hektar skog i DR Kongo «med lite sosioøkonomiske fordelar for det kongolesiske folket» (WB 2004, vår omsetjing). Dette gjeld også for resten av Sentral-Afrika inkludert Gabon. Ifølgje WRI () er det seld løyve for felling av 45 % av skogen (som definert i TREES 2000) i Sentral-Afrika og 71 % i Den sentralafrikanske republikk og DR Kongo.

Dersom inntektene frå felling av tropisk skog i Afrika går til internasjonale selskap, korrupte regjeringar og krigføring samtidig som tallause plante- og dyreartar går tapt, er det klart at dette er ei stor ulukke for lokalbefolkninga og verdssamfunnet. Utviklinga i Sentral-Afrika er altså sterkt avhengig av den økonomiske og samfunnsmessige utviklinga i regionen.
Ifølgje TREES undersøkinga er også delar av skogen i Liberia og Elfenbeinskysten trua. Med tanke på ustabiliteten i desse landa er også framtida i denne regionen usikker, sjølv om det kan framhevast at krig kan virka «konserverande» slik som i DR Kongo der «faktisk tømmerproduksjon stod mellombels stille på grunn av krig og dårleg infrastruktur» (WB 2004, vår omsetjing) mellom 1997 og 2002.

Elles er det positive tendensar som peikar mot at vedhogst ikkje vil gå ut over det samla skogdekket, men vil bli erstatta av andre energikjelder og plantasjeproduksjon. Alt i alt ser framtida både lys og mørk ut, det meste heng saman med den generelle utviklinga i Afrika. Dersom ein oppnår ei god demokratisk utvikling kan også skogsressursane fordelast demokratisk til det beste for lokalbefolkninga. Det er jo afrikanarane sin skog det er snakk om.




#Article 72: Hiv/aids i Afrika (1775 words)


Hiv/aids har lenge vore eit stort problem i Afrika.

En utbreidd teori går ut på at hiv opphavleg kjem frå Vest-Afrika (Aase 2004), kontinentet har såleis ei relativt lang historie med viruset og aids-sjukdomen som fylgjer med. Aids vart først diagnostisert i 1981, og hiv identifisert i 1984. Sidan vart sjukdomen i Afrika først oppdaga i Uganda på byrjinga av 1980-talet, der han allereie i 1986 vart erklært ein nasjonal katastrofe. (Aase 2004). Sidan då har meir enn 20 millionar menneske døydd av sjukdomen (UNAIDS 2002), over 75 % av desse afrikanarar (UNAIDS 2003a). Berre i 2004 tok aids truleg livet til om lag 2,3 millionar menneske i Afrika sør for Sahara (ASS) (UNAIDS 2004). Dette er i sterk kontrast til dei 25 000 ofra frå høginntektsland som hadde døydd av sjukdomen fram til 2002 (Piot 2002).

I oppdateringa om aids-situasjonen i verda for 2004, estimerer UNAIDS (2004) at av dei 39,4 millionar hiv-smitta barn og vaksne i verda bur om lag 25,4 millionar i ASS. Dette gjev ein hiv-smitteprevalens for vaksne på om lag 7,4 %. I resten av verda er det berre karibien med om lag 2,3 % som har over 1 % smitta vaksen befolkning. Berre i 2004 reknar ein med at 3,1 millionar menneske i ASS vart smitta (UNAIDS 2004).

Som ein kan sjå frå figur 1, er det i det sørlege Afrika at situasjonen er verst. I denne delen har det eksplodert dei siste 5-10 åra, noko ein kan sjå ved å samanlikne med . Det er også utelukkande i land i det sørlege Afrika at meir enn 20 % av befolkninga er smitta (sjå tabell 1). I Swaziland er meir enn kvar tredje vaksen smitta. Sidan hiv-smitte nesten alltid fører til død innan 10 år så lenge ein ikkje får behandling, er det ikkje vanskeleg å skjønne at det er venta at innbyggjartalet innan få år vil byrje å falle (UN 2003). For storparten av Afrika er heldigvis ikkje stoda så alvorleg, og for Afrika over det heile vil aids «berre» dempe folkeveksten. Det er følgjeleg venta at befolkninga i ASS kjem til å vera 21 % lågare i 2025 enn den ville vore utan aids (UN 2003).

Skiljet mellom den sørlege delen og resten av Afrika er ikkje eit økonomisk skilje, ein kan ikkje sette noko direkte samanheng mellom betre økonomi og meir hiv-prevalens. Det er derimot andre skilje som viser seg.

Det er stor forskjell mellom det muslimske Nord-Afrika (0,1-0,3 % hiv-prevalens) og ASS (7,5 % hiv-prevalens). Eit liknande skilje er det i Sudan mellom det muslimske nord og det kristne sør. Undersøkingar i Senegal og Elfenbeinskysten har også vist at det er liknande ulikheiter mellom muslimske og ikkjemuslimske befolkningar. (Aase 2004). Ein av grunnane til dette skal vera at omskjering av menn, som er vanleg innan muslimsk kultur, hindrar hiv-smitte. Dette er imidlertidig omstridd (Johwa 2003, Quinn m. fl. 2000, Shelton 2002), og det er sannsynleg at også kulturen/religionen i seg sjølv har betydning. Noko som betyr at islamsk kultur har sterkare sanksjonar mot utanomekteskapleg sex.

Det er vanskeleg å sjå noko skilje mellom urbane og rurale område, dette varierer mykje frå land til land. UNAIDS (2002) sine undersøkingar av kvinner som kjem på svangerskapsundersøking viser t.d. at i Lesotho er det mykje større hiv-prevalens blant urbane gravide (42,2 %) enn blant rurale (19 %), i DR Kongo derimot er situasjonen omvendt (4,1 % og 8,5 %), og i Sør-Afrika er det nesten ingen skilnad (24,3 % og 22,9 %).

Den same rapporten viser også at den gruppa som klart utmerkar seg er prostituerte. Hiv-prevalens for urbane kvinnelege prostituerte ligg langt over landsgjennomsnittet og er som oftast frå 10-40 % og heilt opp mot 86 % (Zimbabwe).

Bakgrunnen for at akkurat ASS har så stor prevalens av hiv er samansett. Det er til dømes sannsynleg at hiv kjem frå Afrika og i mange år vart spreidd utan at ein visste om viruset. I tillegg kjem det at Afrika er eit fattig kontinent der dei ulike landa ikkje har så mykje ressursar å setta inn når ein først veit om sjukdomen, verken menneskelege (og intellektuelle) eller økonomiske. Dette er likevel ikkje dei grunnane som Caldwell (2000) er oppteken av. I sin «Rethinking the African AIDS Epidemic» nemner han seks viktige faktorar som bidreg til epidemien i ASS: (1) mykje sex utanfor ekteskapet; (2) mykje prostitusjon pga. mangel på koner eller seksuelt tilgjengelege koner, mobil befolkning (t.d. arbeidsmigrasjon) og overskot av menn i urbane område; (3) mykje andre kjønnssjukdomar som resultat, noko som fører til større sjanse for å bli smitta; (4) at kjønnssjukdomar ikkje blir behandla pga. fattigdom og verdas dårlegaste helsesystem; (5) lite bruk av kondom, t.o.m. innan kommersiell sex; og til slutt (6) lite praktisering av mannleg omskjering (Caldwell 2000:120).

Den kulturelle bakgrunnen for dette skal vera «men's perceived need for sexual relations with more than one woman [...] implied by the centrality of polygyny as a social institution» og «women's limited control over their sexual activity» (Caldwell 2000:119). Den afrikanske kulturen skal ha større rom for utanomekteskapleg sex sjølv om dette ikkje er velsigna av, men heller tona ned av kyrkja. Polygami i seg sjølv er ein faktor ettersom det fører til sex med fleire partnerar. Mykje meir enn 40 % av kvinner i Vest- og Sentral-Afrika kjem til å vera i eit slikt ekteskap i løpet av livet sitt (Caldwell 2000:125). I Malawi har ein tradisjonar i forbinding med overgangsriter der unge jenter blir innvia til vaksentilværet m.a. gjennom sex med såkalla «hyenar» som er eldre menn. Det er også fleire eksempel på mytar som er «direkte hiv-smittande», ein av dei vanlegaste er den om at sex med ei jomfru helbredar sjukdomen. (Aase 2004).

Sex og dermed aids er også emne det ikkje blir snakka ope om, det er mykje overtru i samband med sjukdomen. Problemet er bra illustrert av erfaringar i Sør-Afrika der mødre som kom med døtrene sine til klinikkar for familieplanlegging for å få informasjon om aids ikkje hadde forklart døtrene sine kvifor, og i nokon tilfelle ikkje klarte å forklare dette til klinikken heller! (Caldwell 2000). I ei nigeriansk undersøking fann ein at dei fleste meinte at aids er annleis enn andre sjukdomar mykje pga. at den «was caused by malevolent forces or was a divine punishment» (Caldwell 2000:125). Dette kan setjast i samanheng med eit generelt deterministisk livssyn, der døden er forutbestemt (Caldwell 2000): er det av aids ein skal døy så er det ikkje så mykje ein kan gjera med det.

Kondomar blir i dag rekna for det fremste våpenet i kampen mot aids og andre kjønnssjukdommar. I ein region der 40 % av befolkninga er kristne (Martin 2002, Adherents.com 2004) er det difor mange som meiner det er spesielt farleg når den katolske kyrkja forbyr bruk av kondom. Erkebiskopen av Nairobi meiner til dømes at kondomar fremjer hiv-spreiing. Eit av argumenta til dei katolske kondommotstandarane er at fremjing av kondombruk gjev eit inntrykk av at seksualitet utanfor ekteskapet er ufarleg dersom ein brukar kondom, og at dette leier til auka risikoåtferd. Avhengig om dei blir brukte riktig er kondomane 80-98 % sikre, og kyrkja ser difor ein strengare seksualmoral som det beste verkemiddel. Den katolske kyrkja vert og skulda for å drive det ein kan kalle anti-opplysningskampanjar. Det skal vera eksempel på prestar som påstår at kondomar er belagt med hiv-viruset (Gould 2003, BBC 2003). Afrika er det kontinentet med klart høgast hiv-prevalens og klart lågast bruk av kondom (1,3 % (tal frå 1999, prosent gifte kvinner i fruktbar alder som brukar kondom)) (UN 2004). Det vert hevda at den katolske kyrkja er eit av dei største hinder i kampanjen for bruk av kondomar. Samstundes er det i land i det sørlege Afrika, der den katolske kyrkja står svakt, at hiv-prevalensen er høgast; i t.d. Uganda, der kyrkja er sterkare, har hiv-prevalensen gått nedover i dei seinaste åra. I Sør-Afrika har dei katolske biskopane tillate at gifte par brukar kondom om den eine er hiv-smitta.

Dei hardt ramma befolkningane har heller ikkje lagt press på styresmakter for å prioritere kamp mot aids. Dette er kanskje pga. frykta for å snakke om aids, og særleg frykta for sjølv å innrømme å vera hiv-smitta. Slik kan også styresmakter frykte for å «snakke» om hiv/aids av di dei er redde for å få meir negativ enn positiv merksemd. (Caldwell 2000). Sjølv med innsats frå myndigheitene si side vil ASS-statane vera hindra av dei same problema som hindrar dei innan annan utvikling også, nemleg korrupsjon, fattigdom, dårleg infrastruktur og eit veldig dårleg helsevesen.

Utviklinga og stoda er ikkje lik over heile Afrika, og det er lyspunkt. Styresmaktene i Senegal og særleg Uganda har teke sjukdomen alvorleg og kan visa til gode resultat. I Uganda har t.d. hiv-prevalens for gravide kvinner i Kampala sokke frå ein topp på 30 % til 8 % i 2002, medan nivået er forholdsvis stabilt i andre afrikanske byar. Liknande endringar ser ein rundt om i Uganda og tosifra prevalens har vorte sjeldan. (UNAIDS 2003b). På den andre sida har Uganda allereie mista 10 % av befolkninga og 5 % er framleis smitta (Caldwell 2000).

Slik som Uganda var Senegal raske til å reagere og har klart å halda hiv-prevalens under 1 %. Det er også eit av få land i ASS som har betydlege ordningar for behandling av hiv-smitta med medisinar som hindrar at hiv går over i aids, såkalla antiretroviral terapi (UNAIDS 2003a).

For ASS over det heile derimot ser det ikkje ut til at epidemien er på tilbakegang (UNAIDS 2003b). Samtidig har nok innsatsen mot aids aldri vore større, og ettersom verknadene av epidemien blir tydelege, og folk får erfaring med bruk av kondom, kan ein håpe at epidemien går mot ein knekk dei næraste åra, både i ASS og resten av verda. Merksemda epidemien vart gjeven i Sør-Afrika under siste val er eit godt teikn på at aids blir teke alvorleg. Det er også håp for at fleire afrikanarar kan dra nytte av antiretroviral terapi som kan dempe effekten av epidemien. Særleg medisin for å hindre smitte frå mor til barn ved fødsel er i denne samanhengen viktig. Til slutt kan ein håpe på at forsøk med vaksiner i til dømes Malawi (Banda 2004) vil bera frukter i framtida.

Inntil då vil det viktigaste arbeidet handla om å hindra spreiing av hiv, med kondom som det viktigaste våpenet. For å få folk til å bruka kondom må ein endre haldningane til sex og kondombruk og innrømme kor stort omfang epidemien har. Når t.d. ungdom er svært utsett for å bli smitta frå sex, må både foreldre, kyrkjelege organisasjonar og stat innsjå at også denne gruppa treng kunnskap om og tilgang til kondomar.




#Article 73: No-drama (337 words)


No (japansk 能, nō) er ei klassisk japansk musikk-teaterform frå 1500-talet. No er eit messande drama, kjend for skodespelarane sine sakte, elegante og spartanske rørsler. I vestleg populærkultur er dramaet mest kjend for at skodespelarane nyttar masker som er målte i sterke fargar og etterliknar menneskeandlet med særs distinkte trekk. Sidan 2001 har teaterforma vore oppført på UNESCO si liste over immateriell verdsarv som del av Nōgaku.

Ofte har no vorte skrive om til «japansk opera», av di heile handlinga vert messa, men i motsetnad til i europeisk opera, involverer messesongen som driv handlinga framover i no ei avgrensa tonevidd med lange, gjentakande passasjar i eit smalt dynamisk register. Det er med andre ord ikkje melodien som ligg i sentrum for no-messinga. 

Tekstane er poetiske, og er i stor grad bygd opp på liknande vis som dei mykje yngre haiku-dikta, som er kjende og skrivne over heile verda.

Til liks med den nærliggjande kyogen-farsen har no utvikla seg frå ei blanding av eldre aristokratiske kunstformer, som til dømes dengaku, shirabyoshi og gagaku. Dramaet har i ettertid hatt stor innverknad i utviklinga av andre japanske dramaformer, som til dømes kabuki og butoh. 

I løpet av Meiji-epoken vart no og kyogen rekna som to av dei tre nasjonale dramaformene i Japan.

Kan'ami og sonen Zeami vert gjeven æra for at no framstår i si noverande form.

No-dramaet er bygd opp kring fire faste roller eller rollegrupper som vert kalla Shitekata:

I tillegg kjem:

Sminke vert ikkje brukt, men dei fleste rollene blir spela med masker. Skodespelarane har dekorerte, stoffrike silkedrakter. Spelet er ikkje naturalistisk, men stilisert og tufta på konvensjonar. Ei rørsle kan vera eit innarbeidd symbol eller eit estetisk uttrykk for kjenslene til rollefiguren.

No vert spela på ei firkanta scene med eit måla nåletre på atterveggen som einaste dekorasjon. All trafikk til og frå scena skjer over ei bru i det bakre venstre hjørnet. Scena har skråtak som ligg på berebjelkar. Opphavleg stod desse scenene ute, og dei ber framleis preg av å vera byggverk flytta innomhus.




#Article 74: Slaget ved Stamford bru (190 words)


Slaget ved Stamford bru stod den 25. september 1066, nord i England, mellom den norske og engelske kongen. 

Kong Harald Hardråde leidde eit norsk felttog mot England saman med Tostig, bror til den engelske kongen Harold Godwinson, som meinte han var blitt sviken. Harald var nett krona til engelsk konge, og nordmennene venta liten motstand. Dei vann då òg over jarlane Edwin av Mercia og Morcar av Northumbria ved Fulford, like sør for York. Men då dei kom lenger sør og møtte sjølve den engelske hæren, mislukkast felttoget, og Harald Hardråde fall ved Stamford bru. 

Hendinga har liten plass i engelsk historieskriving, og kjem lett i skuggen av alt som hende seinare det året. Slaget var jamvel avgjerande for ettertida, av di det bidrog til å svekkje den angelsaksiske hæren så mykje at han tapte mot den normanniske invasjonen i slaget ved Hastings like etter. Det markerte òg slutten på vikinginvasjonane av England.

Winston Churchill spekulerer i si Historie over kva som kunne hendt om dei to invasjonane hadde skjedd i omvend rekkefylgje, og prisar seg lukkeleg over at England vart del av ei kontinental stormakt og ikkje ei skandinavisk.




#Article 75: Brus (196 words)


Brus er ein leskedrikk laga med kolsyre, søtingsmiddel og interessante smakar og fargar. Ordet er ei forkorting for bruslimonade, og namnet viser til den brusande effekten som kolsyra gjer drikken.

På svensk kallar ein produktet sockerdrycka eller 'sukkerdrikk', ettersom sukker er slik ein viktig del av brusen. Saman med kolsyra gjer sukkeret brusen skadeleg for tenner. Det finst òg sukkerfri brus som er søta med andre stoff, som aspartam, cyklamat og sakkarin, som kan vera mindre skadelege for tennene. Ved at brus har svært låg PH-verdi og inneheld svært mykje raffinert sukker, er den òg rekna for å vera skadeleg for resten av kroppen.

Ulike brustypar har ofte, eller påstår at dei har, smak av ulike typar frukt. Bruslimonaden hadde sitronsmak medan ein annan gammal norsk brus, Solo, var kjenneteikna av appelsinsmaken sin. Det finst òg meir eksotiske brussmakar, som ananasbrus og litchibrus.

I tillegg finst det fleire brustypar utan naturlege smakar. Coca cola er kanskje den best kjende av desse, men rødbrus og champagnebrus er andre eksempel.

Vatn som ikkje er tilsett sukker og råsaft frå frukt eller andre kunstige smaksemne, men berre kolsyre, blir kalla mineralvatn, eller Farris.

Kjende norske fabrikantar av brus er:




#Article 76: Volda Mineralvatn (137 words)


Volda Mineralvatn AS, tidlegare Brænne Mineralvatn, var ein brusprodusent opphavleg lokalisert på Folkestad i Volda kommune på Sunnmøre og seinare flytt til Furene industriområde.
Foretaket vart starta i 1915, og vart drive av familien Brænne sidan 1927.

Brænne Mineralvatn var ein av dei siste frittståande brus-fabrikantane i Noreg. Dei har slite tungt i konkurransen med romsdalsbaserte Oskar Sylte Mineralvannfabrikk i Molde.

Brænne mineralvatn produserte brusen som vart selt i Lidl-butikkar i Noreg. Lidl vart kjøpt av Reitangruppen i 2008 som ikkje førte avtala vidare

Inntil nedlegginga var det 10-15 personar som arbeidde med framstilling av saft, leskedrikk, brus og mineralvatn hos Brænne. 

Foretaket hadde si eiga vasskjelde, Aasen-kjelda, som ligg eit «steinkast» frå Ivar Aasens heimstad, 150 meter nede i grunnfjellet. Vatnet i kjelda er godkjent som naturleg mineralvatn etter internasjonale krav.

Klassiske produkt:

Produkt på lisens:




#Article 77: Uralske språk (1669 words)


Uralske språk er ein språkfamilie som består av to hovudgrupper: dei finsk-ugriske (som før vart sett som ein sjølvstendig språkfamilie) og dei samojediske. Tre uralske språk, alle finsk-ugriske, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar: ungarsk, finsk og estisk. Med unntak av minoritetar i dei skandinaviske landa og Latvia høyrer mest alle dei andre uralske språka heime i Russland. Nokre av dei, slik som komi og mari, har eigne autonome republikkar, men ein stor del av dei mindre uralske språka er utryddingstruga. Sørsamisk, som blir tala i Noreg og Sverige, er òg sterkt truga.

Dei uralske språka har mange felles trekk, på alle delområda av grammatikken. Mest avvikande frå det uralske grammatiske mønsteret er dei vestlegaste språka; ungarsk, austersjøfinsk og samisk, som er mest påverka av typologisk sett ulike språk. Men desse avvika er ikkje store. 

I alle dei uralske språka dominerer postposisjonane over preposisjonar. SOV (dvs. verbet står etter objektet) er dominerande, sjølv om det blant fleire av dei vestlegaste språka er mykje SVO.

Dei uralske språka har ikkje eigedomspronomen av den typen vi har i norsk, der mine i mine bøker står i fleirtal fordi bøker står i fleirtal. I staden bruker dei eit eige suffiks, slik at finsk for «mi bok» og «mine bøker» blir kirjani (av kirja, «bok»). Dei kan også bruke genitivforma av det personlege pronomenet, som i nordsamisk mu girji «mi bok» og mu girjjit «mine bøker». 

Dei uralske språka har i utgangspunktet ikkje noko verb av typen eige eller ha. Eigeforhold blir i staden uttrykt syntaktisk, på ein av to måtar: Lokalkasus, som i finsk Minulla on auto «eg har ein bil», bokstavleg omsett «eg-adessiv er bil», eller med genitiv, som i marisk məjən mašinašte ola, bokstavleg «eg-genitiv er bil-min».

Negasjon kan i verdas språk uttrykkjast på tre ulike måtar, som fritt adverb, som i norsk, som suffiks på verbet, som i tyrkisk, eller som sjølvstendig verb. Dei uralske språka (bortsett frå ungarsk) bruker dette siste alternativet. I austmarisk er t.d. «eg kjem» og «du kjem» tolam og tolat, «eg, du kom» er toləm, toləš. Negerer vi dette får vi om tol, ot tol for «eg, du kjem ikkje» og šəm tol, šəš tol for «eg, du kom ikkje».

Uralske språk er av den same agglutinerande typen som vi finn i tyrkisk. Kvart suffiks uttrykkjer ein grammatisk eigenskap, og denne grammatiske eigenskapen blir alltid uttrykt med eitt og same suffiks. I mari blir t.d. dativ uttrykt med -lan, og fleiral med -wlak, for alle substantiv, så vi har olmalan og olmalanwlak for « til eitt/fleire eple». I eit språk som norrønt har vi derimot fleire suffiks for dativ, alt etter bøyingsklasse (-i, -u, -a), og kombinasjonen av dativ og pluralis blir uttrykt med eitt udeleleg suffiks, -um, Dei uralske språka som ligg lengst unna den reine agglutinerande typen er samiske språk, dette som resultat av sterk germansk påverknad.

Det uralske urspråket hadde sannsynlegvis i underkant av 10 kasus. Dei fleiste uralske språka har 13-15 kasus, dvs. dei har fått fleire kasus etter kvart, ved ein prosess som kallast grammatikalisering: Tidlegare sjølvstendige ord får reindyrka grammatisk funksjon, og blir hekta på andre stammar som suffiks. T.d. tilsvarer den samiske postposisjonen haga kasus abessiv i finsk (-tta), desse to går attende til same form ta(ga). Denne prosessen ser vi klårt mellom dei permiske språka, der komi har 19 kasus og komipermjakisk har 27 kasus, der dei nye kasusa har komme til i løpet av det siste millenniumet. I det andre ytterpunktet kjem nordkhanti, med 3 kasus for substantiva og 5 for pronomena.

Tabellen nedanfor viser dei rekonstruerte ururalske kasusendingane. Forskarane er samde om hovudtrekka, når lista varierer litt frå forskar til forskar kjem det av at ikkje alle kasusendingane opptrer i alle slektspråka, og det er vanskeleg å seie kven av dei ulike variantane som går attende til ururalsk. Visse av kasusendingane går inn som delar av samansette kasusendingar i dei moderne språka.

Abondolo viser i store trekk same skjema som Hajdú, men samanfattar nokre av dei formantane som liknar på kvarandre. Marcantonio (2002) legg til to lativ-endingar /-a, -ä/ og /-s/ (i mari, mordvinsk, austersjøfinsk og marginalt i samisk) og ein ablativ /-l/ (i mansi). Dei tre grammatiske kasusa er relativt stabile gjennom språkfamilien, men det er meir variasjon for dei lokale kasusa.

Dei uralske kasussystema er nominativ-akkusativ-system, dvs. subjektet til eit intransitivt verb har same kasus som subjektet til eit transitivt verb. Unntaket er nordmansi, der subjektet til eit intransitivt verb har same kasus som objektet til eit transitivt verb, og dermed representerer eit ergativt system. Dei uralske kasussystema består av to delar, eit grammatisk system for subjekt, objekt og possessor, og eit adverbialt system. Til det grammatiske systemet høyrer nominativ, akkusativ og genitiv. Finsk og nabospråka har også ein annan objektkasus, partitiv, og skil dermed mellom objekt for avslutta handling (i akkusativ) og objekt for uavslutta handling (i partitiv). Med opposisjonen akkusativ/partitiv er det også mogleg å uttrykkje bestemtheitsdistinksjonen, dei uralske språka (med unntak av mordvinsk og vepsisk) har ikkje bestemtheit som morfologisk kategori.

Til slutt kjem det eit oppsamlingsheat av andre lokalkasus, komitativ (med), abessiv («utan»), essiv («som»). Repertoaret her varierer ein del frå språk til språk.

Det er verdt å streke under at denne kasusrikdommen ikkje gjer dei uralske språka spesielt vanskeleg å lære. Skilnaden mellom uralsk og indoeuropeisk er snarare at dei i mange tilfelle bruker kasus der t.d. norsk bruker preposisjon.

Som i nesten alle andre språk i det nordlege Eurasia (unntaka er indoeuropeisk og ketisk) manglar dei uralske språka grammatisk genus, dvs. dei deler ikkje substantiv inn i klasser etter kva form determinativa og adjektiva som står til dei får. Dei har heller ikkje genusdistinksjon i pronomena, på nordsamisk tyder son både «han» og «ho», og den finske setninga Hän suutelee häntä «han/ho kyssar han/henne» kan tolkast på alle fire måtar.

Det uralske urspråket uttrykte både dualis og pluralis morfologisk, sannsynlegvis med ein formativ -t for pluralis, og -k for dualis. Dualis er oppretthalde i samisk, i dei samojediske språka, i khanti, og i alle andre mansiske språk enn sørmansi. Alle språka med dualis har dualis i verbbøyinga og eigne dualisformer av verb og possessivsuffiks, som i nordsamisk mun boađán, moai bohte; mii boahtit, «eg kjem, vi to kjem, vi (fleire enn to) kjem». Mansi har i tillegg også dualisformer av substantiv, og skil mellom ei bok, to bøker og fleire bøker morfologisk.

Svært mange av dei uralske språka har vokalharmoni, ein prosess som sett restriksjonar på korleis vokalar kan kombinerast i same ord, og som dermed gjer det lettare å avgjere ordgrensa («viss vokaltypen skiftar, veit vi at vi er over i eit nytt ord»). I dei fleste tilfella harmonerer fremre vokalar med fremre og bakre med bakre (velarharmoni), slik at vi t.d. i finsk kan ha y, ä, ö eller u, a, o i same ord, men ikkje blande dei to setta. Vokalharmoni verkar internt i stammen, slik at vi kan ha eit ord pöytä «bord», og eit pouta «opphaldsver», men ikkje *poutä. Lånord som afääri og olympialaiset er dermed ubehageleg å uttale for dei fleste finnar. Suffiks med desse vokalane kjem i to variantar, slik at vi har illativ -an/-án, og poutaan / pöytään. Nokre språk, som ungarsk og marisk, har også labialharmoni, runda vokalar harmonerer med runda og urunda med urunda.

Tone er vanleg i afrikanske og søraustasiatiske språk, men i uralske språk finn vi ikkje toneskilnader. Dei fleste uralske språka har trykk på første stavinga, t.d. gjeld det samisk og finsk. Nokre av språka har, under påverknad av ulike nabospråk, andre trykksystem. T.d. har marisk trykk på siste vokal som ikkje er schwa, men trykk på første staving viss ordet berre inneheld schwaer.

Sjå også Uralsk språkhistorie

Dei eldste skriftlege kjeldene for noko uralsk språk har vi for ungarsk, frå 900-talet, for karelsk, komi og estisk. Alle andre skriftlege kjelder er frå tida etter reformasjonen. For alle kjeldene, også dei eldste, gjeld det at språkforma i dei skil seg relativt lite frå dei moderne språka. Oversynet over korleis dei uralske språka har utvikla seg frå eit felles urspråk byggjer derfor på ei samanlikning av dei moderne språka.

Tabellen nedanfor inneheld eit sett av ord som viser korleis dei uralske språka er i slekt. 

Sjå også Liste over slektskapsord i uralske språk

Dei uralske språka vart tidlegare vist til med utgruppenamn, desse er sett i parantes. Lista under viser dei sju tradisjonelle gruppene, utan intern klassifisering.

Inndelinga i lista ovafor representerer ikkje den språkhistoriske utviklinga av dei uralske språka. Kva som er det rette synet har vore omdiskutert dei siste tiåra. Standardsynet, slik det kjem fram i dei eldre handbøkene, t.d. hos Collinder, er at språkfamilien er todelt, i på den eine sida samojediske og den andre sida finsk-ugriske språk. Deretter deler familien seg i to vestover:

Ein variant av dette synet er Harms 1998, som er samd ned til finsk-permisk, men deretter deler dei finsk-permiske språka i tre, mao. utan ei volgaisk grein:

Tapani Salminen peikte på problema med å rekonstruere mellomliggande urspråk, og argumenterte for ein flat struktur:

Abondolo 1998 tok eit iriginalt grep ved å ha ein binær struktur, men la dei marginale språka bli splitta av, og stå att med dei ugriske språka til slutt:

Janhunen 2003 gjekk attende til den tradisjonelle binære strukturen, men også han utan volgaisk:

J. Häkkinen 2007 går inn for følgjane inndeling:

Inndelinga av språka er framleis omstridd (2010-talet).

Typologar som er tilhengjarar av å slå saman språkfamiliar, meiner at uralsk er i slekt med jukagirsk, med tyrkiske språk og tungusiske språk i ein ural-altaisk språkfamilie. Joseph Greenberg vil til og med ha med indoeuropeisk og eskimoisk-aleutisk i same familie. Problemet med desse syna er at der er mogleg å rekonstruere eit uralsk urspråk, med eit sett av ord som kan relaterast til dei moderne språka via eit sett av lydovergangar, har noko tilsvarande ikkje vorte gjort for nokre av dei større språkfamiliene som er rekna opp her. At uralsk skulle vere eit isolat er usannsynleg, men språkslektskap ut over uralsk går så langt attende i tid at vi ikkje klarer å bestemme det.




#Article 78: Austersjøfinske språk (954 words)


Dei austersjøfinske språka er ei gruppe av nærslekta finsk-ugriske (og dermed uralske) språk som blir tala i området kring Austersjøen. To austersjøfinske språk, finsk og estisk, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar. Fleire andre austersjøfinske språka har berre ein handfull brukarar att og er i ferd med å døy ut. Det sørlegaste austersjøfinske språket er livisk, som er eit minoritetsspråk i Latvia, er i ferd med å gjennomgå ein revitaliseringsprosess. Dei næraste slektningane til dei austersjøfinske språka er samisk,  mordvinsk, og dei utdøydde språka merja og muroma som vart snakka i områda rundt og aust og nord for Moskva.

Dei austersjøfinske språka er ikkje innbyrdes forståelege, skilnadene dei i mellom er omtrent som mellom norsk, færøysk og islandsk. 

Suhonen 1988 s. 288ff deler austersjøfinsk inn i to hovudgreiner, med finsk, karelsk og vepsisk i den nordlege og estisk, livisk og votisk i den sørlege.

Finsk og estisk har vorte skrive med det latinske alfabetet i bortimot 500 år. Karelsk og vepsisk vart først skrive med kyrillisk alfabet, deretter fekk dei latinsk alfabet på 1930-talet, før det vart skifta til kyrillisk alfabet etter 1937. Etter Sovjetunionens samanbrot har det vorte publisert ABC-bøker på karelsk og vepsisk på det latinske alfabetet, dei siste tiåra også.

Det er ein del variasjon i lydsystema dei austersjøfinske språka i mellom. Alle har rike vokalsystem, men der finsk og livisk har det same vokalsystemet som svensk, har estisk og dei austlegaste språka ein del andre vokalar, m.a. /õ/, ein bakre, urunda vokal. Alle språka har mange diftongar. 

Dei nordvestlege språka har relativt små konsonantsystem, med 3 artikulasjonsstader (labial, alveolar, velar) der t.d. norsk har 4. Dei austlege språka i gruppa, som karelsk og vepsisk har palatalisering som ein viktig prosess, dette er eit fenomen dei deler med russisk, som dei er sterkt påverka av.

Dei fleste språka har ein gjennomgåande opposisjon mellom lange og korte lydar, for vepsisk i aust er lengd mindre gjennomgripande. Dei fleste språka (men ikkje vepsisk og livisk) har stadieveksling, ein prosess der rotkonsonanten vekslar i kvalitet eller kvantitet alt etter kva morfologisk form ordforma har. Dei nordlege austersjøfinske språka har også vokalharmoni.

Grammatisk sett framstår dei austersjøfinske språka som ei gruppe svært like språk, med trekk som samlar dei og skil dei frå samisk og mordvinsk. Alle språka har mange kasus (frå 11 i livisk til over 20 i vepsisk), m.a. med dobbelt sett (indre og ytre) lokalkasus. Kasussystema har ei kjerne av grammatiske kasus: nominativ, genitiv og partitiv (eit opprinneleg akkusativ har (med visse unntak i nokre av pronomensystema) falle saman med genitiv). 

Til liks med alle andre uralske språk manglar dei austersjøfinske språka kategorien genus. Pronomena har ikkje ulike former for å referere til kvinner og menn, og substantiva blir ikkje klassifisert etter eit genussystem (eller noko anna system). Eitt unntak er at nokre av dei austersjøfinske språka har eit pronomen hän som refererer til menneske, og eit se som refererer både til andre levande vesen og til ting og abstrakte omgrep. Systemet er likevel ikkje konsekvent gjennomført, og i finsk, der denne distinksjonen var gjennomført i standardspråket, er han på vikande front (bruk av se blir i aukande grad også brukt for å referere til menneske).

Verba blir bøygd i person og tal (singularis, pluralis), og i modus. 

Den primære morfologiske prosessen er suffiksering, dei austersjøfinske språka er agglutinerande, likevel med ein del flekterande tendensar.

Adjektiv og determinativar kongruerer med hovudordet substantiv i kasus, ingen andre språk i verda enn dei austersjøfinske har kasuskongruens men ikkje genusdistinksjon.

Typologisk sett er dei austersjøfinske språka SVO-språk. Dei har likevel karakterdrag typisk for SOV-språk, t.d. fleire postposisjonar enn preposisjonar og mange infinitte verbformer. Det austersjøfinske (og uralske) språket som typologisk sett skil seg mest ut frå dei andre er nok estisk, som også har vore under sterk germansk påverknad gjennom store delar av det siste tusenåret.

Sjå også: Austersjøfinsk språkhistorie

Den dokumenterte språkhistoria går attende til 1200-talet for karelsk (med funnet av Neverdokument 292 frå Novgorod), og til 1500-talet for estisk og finsk (med religiøse tekstar). Den inndelinga av skriftspråk vi har i dag er relativt ny. Sørestisk og nordestisk vart t.d. samla til eitt felles estisk språk på slutten av 1800-talet (mens võro fall utanfor, dei austfinske dialektane vart inkludert i det finske standardspråket på 1840-talet, mens fleire austersjøfinske språk vart halde utanfor denne prosessen. Dei siste tiåra har meänkieli og kvensk vorte standardisert, desse språka tok aldri del av den samlande prosessen dei finske dialektane gjekk gjennom frå 1840-talet og framover, men vart i staden påverka både av nordsamisk og norsk (for kvensk) og svensk (for meänkieli).

Austersjøfinsk har vore i tett kontakt med baltarar og germanarar i fleire tusenår, frå tida før oppsplittinga av vesturalsk i ursamisk og uraustersjøfinsk. Talrike lånord frå urgermansk, tida før synkopetida, dokumenterer desse kontaktane, som t.d. fi. kuningas og rastas for urg. *kuningaz og *rastaz, der stammevokalen (a fall bort i nordgermansk i synkopetida, og den finale stemte frikativen z (ofte skrive R) vart til r i nordgermansk. Dei austersjøfinske språka har altså halde på dei gamle germanske formene.

Skilnadene dei austersjøfinske språka i mellom er særleg leksikalske. Det uralske ordforrådet og dei gamle lånordslaga er det same i alle språka, men det siste tusenåret har lånordskjeldene vore ulike: Finsk har fått lånord frå svensk, estisk frå tysk, livisk frå latvisk, og dei andre austersjøfinske språka frå russisk. 

Skiljet mellom finsk og estisk er større enn ein kan få inntrykk av ved å høyre på språka, dei har nemleg mange såkalla «falske vener», av typen norsk «kunstig», svensk «konstig», t.d. fi. piimä «surmjølk» est. piim «mjølk», fi. huvittava «morosamt», est. huvitav «interessant».

Hammarström, Harald; Forkel, Robert; Haspelmath, Martin, eds. (2017). . Glottolog 3.0. Jena, Germany: Max Planck Institute for the Science of Human History. Dette er ein god bibliografi over ulike austersjøfinske språk.




#Article 79: Sørestisk (282 words)


Sørestisk (og ofte kalla Võro-språk, etter ein by i Sør-Estland) er eit austersjøfinsk språk som blir brukt i dei søraustlege delane av Estland. Sørestisk blir snakka av om lag 70000 menneske. Tradisjonelt er sørestisk sett som ein dialekt av estisk, men grammatikken skil seg på fleire område mykje frå standard-estisk; mellom anna har sørestisk, i likskap med finsk, vokalharmoni #8212; noko det nordestiske standardspråket ikkje har. Andre grammatiske trekk minner meir om livisk. Brukarar av språket var lenge utsette for eit stort normeringspress. Ei sørestisk folkerørsle arbeider difor for at språket skal få status som minoritetsspråk.

Etter ein lang periode utan standardisert skriftspråk vart det i 1990 laga eit eige skriftspråk for sørestisk. Det er opplæring i dette skriftspråket i 26 skolar i søraust-Estland, og på universitetet i Tartu. Avisa Uma Leht (Vårt) eige blad kjem ut ein gong annakvar veke (2010-talet).

Sørestisk har dei same bokstavane som nordestisk (det vanlege latinske alfabetet pluss bokstavane ä, ö, ü. õ), med desse tillegga: q står for ein glottal stopp [ʔ], y står for ein bakre urunda vokal (mykje lik russisk ы.
Aksentmerket ´ markerer palatalisering av konsonanten som teiknet knyter seg til, ś, ń, l´, t´, k´, h´ etc. Alle andre konsonantar enn q og j kan palataliserast.

Skilnaden mellom sør- og nordestisk går attende til tida då det gjekk ei riksgrense gjennom Estland. Sørestisk stod sterkt som skriftspråk i denne perioden, Det nye testamentet vart omsett til sørestisk i 1686, Wastne Testament. Med nasjonalismen og revitaliseringa av det nordestiske skriftspråket fram mot slutten av 1800-talet, gjekk sørestisk meir og meir ut av bruk som skriftspråk, og det vart ikkje gjort forsøk på å ta det opp att før på slutten av 1980-talet.




#Article 80: Livisk (388 words)


Livisk er eit austersjøfinsk språk, som blir snakka i Latvia. Det er i slekt med finsk og estisk, men ikkje med latvisk, som er eit indoeuropeisk språk. 

Etter den andre verdskrigen var språket vorte mindre og mindre brukt. Austlivisk er nå utdøydd, Den siste talaren i det tradisjonelle språkområdet som hadde livisk frå barnsbein av, Grizelda Kristiņa, døydde 2013. Ethnologue rapporterer at 35 menneske snakkar språket, og berre ti av dei flytande , men språket er i ein kraftig revitaliseringsprosess. 

Det historiske området til språket er Livlandregionen i Latvia, som ligg på Kurzemehalvøya nord for Riga. Det er vorte halde i hevd i åtte landsbyar på vestkysten. Etter den andre verdskrigen gjekk den tradisjonelle levemåten deira i oppløysing. Sovjetunionen la sterke restriksjonar på busetnaden i grenseområda, inkludert den latviske kyststripa. Mange livarar flytta til Riga, og dette hemma bruken av språket.

Første gongen livisk vart prenta og gjeve ut, var i 1863, då ein gav ut Matteusevangeliet på både den austre og vestre dialekten. Talet på trykksaker på livisk er berre eit par dusin. I tillegg til religiøs litteratur har ein laga kalendrar, diktsamlingar og lesebøker. Livli, eit månadstidsskrift, kom ut mellom 1931 og 1939. 

Den siste liviske morsmålstalaren i det tradisjonalle språkområdet døydde i 2013, Det finst likevel mange livisktalande personar. Dei har både høyrt liviskspråklege besteforeldre snakke det, og dei er del av ei revitaliseringsrørsle, som dei siste åra har styrkt seg. Ei døme på dette er t.d. diktsamlinga Trillium frå 2018, med dikt av Valt Ernštreit, Baiba Damberg og K̦empi Kārl.

Livisk  vart tidlegare snakka i store delar av Latvia, det finst mange spor av det i det latviske språket og livisk kultur er ein del av den latviske identiteten.

Livisk har 13 kasus, dei grammatiske nominativ, genitiv, partitiv og dativ, lokalkasusa illativ (inn i), inessiv (inni), elativ (ut av), allativ (bort til), adessiv (på, ved), ablativ (frå), og dei marginale kasusa translativ (over til) og abessiv (utan). Livisk har ikkje possessivsuffiks. Verba blir bøygde i 3 personar og 2 tal, og i 3 modi. Som i andre uralske språk er negasjonen eit verb, men livisk skil seg frå dei andre austersjøfinske språka med at det i visse tilfelle er person- og numeruskongruens både på negasjonsverbet og på hovudverbet, 
Livisk er også namngjete for eit fonetisk fenomen som minnar om det danske stød, jf. Wiik 1989.




#Article 81: Samiske språk (1104 words)


Samiske språk er ei gruppe finsk-ugriske språk (i den uralske språkfamilien) som blir tala av samar i nordlege område i Noreg, Sverige, Finland og Russland (på Kola-halvøya). Dei mest ulike av dei samiske språka er heilt uforståelege seg imellom, men tilgrensande dialektar er alltid forståelege. Difor er det vanleg å seie at dei samiske språka dannar eit dialekt-kontinuum. Det største samiske språket er nordsamisk. Dei næraste slektningane til dei samiske språka er dei austersjøfinske.

Seks av dei samiske språka har standardiserte skriftspråk: Sør-, lule-, nord-, enare- og skoltesamisk, som blir skrive med det latinske alfabetet, og kildinsamisk, som blir skrive med det kyrilliske alfabetet. Dei ekstra bokstavane (ut over a-z og а-я) er vist i tabellen under. For kvart språk er ISO-språkkoden vist i kolonne 2.

Sjå liste over kommunar der samisk har meir eller mindre grad av offisiell status.

Den norske grunnlova §110a gjev samisk offisiell status i kommunane Kautokeino, Karasjok, Tana, Nesseby, Porsanger, Kåfjord, Lavangen, Tysfjord, Snåsa, Røyrvik, Hattfjelldal og Røros. Dei sju første kommunane er innanfor det nordsamiske språkområdet, Tysfjord innanfor det lulesamiske, og Snåsa, Røyrvik, Hattfjelldal og Røros i sørsamisk område.

Samisk er eit av dei fem offisielle minoritetsspråka i Sverige, det er per 1. mai 2010 òg offisielt i 18 svenske kommunar, Statusen til samisk er regulert i samisk språklova. Det samiske området omfattar kommunane Enontekis, Utsjok, Enare og den nordlege delen av Sodankylä. Nordsamisk har status som offisielt språk i alle desse kommunane, og i tillegg har enare- og skoltesamisk offisiell status i Enare kommune.

Samisk (dvs. kildinsamisk) er eitt av dei «26 nordlege språka» i Russland, og det blir undervist i kildinsamisk i Lovozerskij rajon i Murmansk oblast.

Sameland skil seg frå dei autonome områda Færøyane, Åland og Grønland, ved ikkje å bli formelt anerkjent i nordiske samanhengar. Nordisk Råd publiserer likevel ein del av informasjonsmaterialet sitt på nordsamisk.

Dei uralske språka er typiske agglutinerande språk, med suffiksering som dominerande grammatisk prosess. Dei har ikkje genus eller bøyingsklasse, men stammeklasse. Fraser blir bygd opp med kjerne til høgre (postposisjonar heller enn preposisjonar, dvs. «sjøs til» heller enn «til sjøs», verbet etter objektet sitt «Per fisk fanga» heller enn «Per fanga fisk»).

Samanlikna med slektspråka sine er dei samiske språka kanskje dei som har fjerna seg lengst frå den prototypiske uralske modellen, men dei har framleis umiskjennelege uralske drag.

Typologiske drag der dei samiske språka oppfører seg som andre uralske språk er m.a. følgjande (der ikkje anna er sagt er døma frå nordsamisk):

Dei samiske språka har, til liks med dei austersjøfinske språka, vore i kontakt med germanske og til dels baltiske språk i fleire tusen år. Som resultat av dette har dei tatt opp i seg mange typologiske drag som skil dei frå andre uralske språk. Av slike drag kan vi nemne:

Den samiske språkfamilien er like gammal som den austersjøfinske språkfamilien, dei oppstod som separate språkfamiliar då dei skilde seg frå kvarandre, ved at den sørlege delen av dei vestlege uralske språka kom inn under baltisk og germansk påverknad i samband med introduksjonen av jordbruket. Basert på arbeid av Ante Aikio, Jaakko Häkkinen og fleire andre er det mogleg å setje opp følgjande periodeinndeling for samisk (Häkkinen 2010a, 2010b):

Perioden med ur-finsk-samisk tar til med det språklege skiljet mellom den vestlege delen av den uralske språkfamilien på den eine sida, og mordvinsk og ein del andre, no utdøydde språk, på den andre.

Dei eldste baltiske jordbruks-lånorda er felles for både samisk, finsk, mordvinsk og marisk, så noko eige finsk-samisk urspråk kan ikkje ha oppstått før etter dei første spora av jordbruk i Volgaområdet og Baltikum, dvs. i starten av det andre tusenåret før Kristi fødsel. Det er fleire språklege trekk som sameiner samiske og austersjøfinske språk, t.d. stadieveksling, runda vokal i andre staving, bortfall av v framfor runda vokal. Fellestrekk i bøyingslæra er m.a. formativane for komparativ, imperativ, kondisjonalis, potensialis og infinitiv.

Den ursamiske perioden, eller perioden då det er mogleg å skilje mellom på den eine sida eit urfinsk og den andre sida eit ursamisk språk, tar til med meir intensiv kontakt med baltiske og etter kvart germanske språk i den sørlege delen av språkområdet. Det finst også nokre baltiske lånord i mordvinsk, men hovudtyngda av kontakten kom i vest.

I denne perioden ekspanderer også ursamisk nordvestover, og kjem i kontakt med no utdøydde språk, som har late etter seg eit stort lag, eit substrat, av ikkje-uralske ord i samisk, framfor alt ord knytt til landskapsformasjonar, stadnamn, fugle- og dyrenamn, osb.

I denne perioden splitta dei samiske språka seg opp i dei språka vi kjenner i dag.

Det litt tilfeldige årstalet representerer det første skriftlege dokumentet på samisk. Den språkforma dei representerer skil seg relativt lite frå moderne samisk.

Den eldste språklege kjelda for samisk er frå 1557, då ein engelsk sjøfarande, Stephen Borough, skreiv opp ei liste på 95 samiske ord på Kolahalvøya. Lista vart offentleggjord i 1589 av Richard Hakluyt.

Dei første bøkene på samisk, ei ABC-bok og ei messebok, vart trykte i Sverige i 1619, og dei var skrivne på sørsamisk. Den vesle katekismen kom i 1633, og var skriven på same språk. Ei ABC-bok frå 1638 var skriven på eit meir nordleg språk, lulesamisk. I 1648 kom Johannes Tornæus si Manuale lapponicum ut, eit bestillingsverk frå den svenske staten.

På 1700- og 1800-talet var det samemisjon og statskyrkjer som publiserte tekst på samisk. Sjølv om bruken av samisk varierte frå tiår til tiår, var ein sentral del av politikken i fleire periodar at det var viktigare for forkynne den kristne bodskapen på eit språk samane forstod, enn det var å lære dei statsspråka. 

Det sørlege skriftspråket i Sverige (som var basert på pite- og umesamisk vart brukt til å publisere ein katekisme, ei ABC-bok, ei handbok, salmebok, nytestamentet (1755) og Bibelen (1811), skolebøker og ein kalender. I Noreg publiserte Knud Leem og J.A. Stockfleth ordbøker og grammatikkar, men det var først med J.A. Friis si bibelomsetjing frå slutten av 1800-talet at det kom eit skriftspråk som var i bruk blant samar flest (faktisk fram til i dag, i tidsskriftet Nuorttanaste).

Statane sin politikk før 1900-talet var meir prega av ein svak stat enn av ein tolerant politikk. Frå og med moderniseringa av samfunnet, og overgangen til pengeøkonomi, gjennomførte statane også ein assimileringspolitikk, der skoleinternat med forbod mot å snakke samisk var ein sentral del. Det samiske språket heldt fram å fungere som språk i religiøse samanhengar. Fleire samiske rettskrivingar vart innført i løpet av 1900-talet (t.d. Ravila-Itkonen-rettskrivinga i Finland på 1930-talet og Bergsland-Ruong-rettskrivinga i Noreg og Sverige i 1948, men på grunn av dei statlege politikkane vart desse ortografiane svært lite brukt. Først dei siste tiåra har dette biletet endra seg.




#Article 82: Høgnorsk (236 words)


Høgnorsk er ei nemning på ei uoffisiell form for nynorsk der målet er halde ved like i ubroten tradisjon etter det første nynorske skriftmålet (landsmål), som ein finn det hjå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg og andre. Offisiell nynorsk veik av frå denne tradisjonen først og fremst ved rettskrivingsendringa i 1938, med ei tilmåting til rettskrivinga og ordvalet i bokmål og til målføra i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet. Det er altså på desse områda høgnorsken skil seg frå offisiell nynorsk. 

Høgnorskrørsla er i dag organisert i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet. Dei to største lokallaga er Høgnorskringen i Oslo og Vestmannalaget i Bergen. Vestmannen og Målmannen er tidsskrift som kjem ut på høgnorsk.

Omgrepet høgnorsk vart gjort kjent av Torleiv Hannaas i 1922 i artikkelen «Høgnorsk eller flatnorsk?». Der brukar han omgrepsparet høgnorsk og flatnorsk etter mønster frå høgtysk og plattysk. Hannaas dreg opp eit skilje mellom høgnorsken som blir tala i fjell-Noreg og fjordbygdene motsett flatnorsken ein tala i byane og bygdene på det flate Austlandet. «Høgnorsken» såg han som den beste og mest ekte, «flatnorsken» meinte han var mest oppblanda med dansk. Artikkelen er ein polemikk mot samnorskpolitikken som var i emning.
 

Høgnorske namnord og lagord vert bøygde i tal og bundenskap. Namnorda har tre kjønn; hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Desse har anten sterk eller linn bøying, som viser seg i endinga.

Døme på regelbundne sterke og linne namnord i alle kjønn:   




#Article 83: Arne Garborg (220 words)


Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg () var ein norsk forfattar, redaktør, omsetjar og intellektuell. 

Verka hans Garborg, både romanane og essaya tek opp mange tema som har vore og framleis reknast å vera av ålmein interesse, t.d. religionen i moderne tid, tilhøvet mellom lokal og nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk kan få politisk påverknad og makt.

Arne Garborg var frå garden Garborg i Time kommune på Jæren i Rogaland fylke. Her voks han opp saman med foreldre og åtte sysken. Garborg reiste ut for å ta utdanning, trass i at han var odelsgut. Faren hadde ønskt at odelsguten skulle ha vore heime og etter kvart teke over garden. Faren, som var ein høgt respektert mann i bygda, kom ut i eit religiøst prega tungsinn, og tok livet av seg i 1870. Denne hendinga sette djupe spor i Arne Garborgs liv og forfattarskap, mellom anna i jærromanen Fred. I diktringen Haugtussa (1895), eitt av høgdepunkta i norsk bokheim, søkte han attende til liv og tru på Jæren i den førpietistiske tida.

I 1887 vart Garborg gift med forfattaren Hulda Garborg (fødd Bergersen). Dei budde frå 1897 på Labråten på Hvalstad i Asker, ein sentral møtestad for Askerkretsen, det leiande intellektuelle miljøet i Noreg i denne tida. På Jæren fekk Garborg i 1899 bygd ein sommarbustad, jærhuset i Knudaheio. 




#Article 84: Herad (151 words)


Herad, norsk ord mest nytta i nynorsk skriftmål. Bokmålsforma er «herred». Forma herred er òg nytta i samanstillinga «herredskommune».

Ordet «herad» kjem frå norrønt herað; Ei tyding av ordet er «bygd», som i namna «Krødsherad» og «Kvinnherad». Ei anna tyding av ordet er frå mellomalderen, særleg på Austlandet, der det kan tyde tingkrins med særskilt heradsting (vanleg på Island). I islandske lover er ordet mest nytta om tinglaget. Føraren for Heradet var gjerne kalla ein herse. 

Ei tredje tyding er frå 1863, der eit herad er eit fast avgrensa geografisk område på landet som blir administrert som ei eining og med lokalt sjølvstyre; ein landkommune. Skiljet mellom by- og heradskommune vart oppheva i kommunelova av 25. september 1992.

Nokre norske kommunar nyttar nemninga «herad» i staden for kommune i det offisielle namnet sitt: 

I tillegg har nokre kommunar «herad» i namnet:

Herad er òg nytta som namn på eit lokalt område:




#Article 85: Stabblandet (229 words)


Stabblandet er ei øy i tidlegare Tustna kommune på Nordmøre. Sidan 1. januar 2006 har ho vore innlemma i Aure kommune

Stabblandet ligg mellom øya Tustna i vest og øya Ertvågøya i aust. Rett nordom Stabblandet ligg øya Solskjel, og i sør grensar Stabblandet til Vinjefjorden og til Halsa kommune på fastlandet.
Det er to fjellkjeder på Stabblandet, den kompakte Innerbergssalen/Stabben langsetter vestsida av øya og fjella Storøra og Litløra som fortset i ein mindre bergrygg langsetter austsida av øya. Mellom desse ligg dalen Soleimsdalen.

Hovuddelen av befolkninga på Stabblandet bur på den relativt flatlendte nordenden av øya #8212; på gardane Soleim og Nygarden, og særleg i grenda Nordheim lengst i nordaust. Grensande til Solåsundet på vestsida av øya finst grenda Innerberg, og grensande til Imarsundet på austsida av øya finst gardane Ørbogen, Fugelsnes og Aukan. På sørsida av øya ligg garden Fjelnesdalen.

Det er brusamband mellom øya Tustna og Stabblandet og mellom Stabblandet og Ertvågsøya via Jørgenøya. Det var tidlegare ferjesamband både til Edøya i Smøla kommune og til Forsnes på Hitra, samt til Vingsnes på Ertvågsøya. Desse ferjesambanda er no neglagde og nytt ferjesamband er oppretta mellom øya Tustna (Sandvika) og Edøya.
Det er òg veg langsetter austsida av øya heilt til garden Aukan, og langsetter vestsida av øya forbi Soleimsgardane søretter til Innerberg på Stabblandet. Ein skogsveg går vidare frå Innerberg og endar opp i Fjelnesdalen.




#Article 86: Hn/Latin (284 words)


Latin høyrer til den italiske greini av indoeuropeiske mål. Upphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i umrådet Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utyver Italia, og sidan til mange av umrådi kring Millomhavet. Dei eldre måli der vart trengde ut, og latinen lìver vidare i dei romanske måli i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjenom heile millomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med græsk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

Latin er eit syntetisk mål, dvs. at bøygjingsendingar syner kva funksjon eit ord hev i setningi, medan ordstillingi er rimeleg fri. Substantiv vert delte inn i fem deklinasjonar, og bøygde i tal (eintal og mangtal) og fall (nemnefall, vokativ, underfall, eigefall, sidefall og ablativ). Adjektiv og pronomen samsvarar i kyn, tal og fall med substantivi dei stend til. Verbi vert delte inn i fire konjugasjonar, med eigne endingar for kvar person i eintal og mangtal. I motsetnad til norsk, som berre har tvo finitte tempi, nyttar latin langt færre hjelpeverb.

Den latinen som vart tala i Romarriket vert kalla Vulgærlatin, og var ikkje identisk med målet som Cicero, Cæsar og andre forfattarar nytta. Med tidi uppstod regionale skilnader, og me fekk dei moderne romanske måli. Dei fyrste grammatikkane for moderne romanske mål var for provençalsk og katalansk, skrivne på 1200-talet. Jamsides med denne utviklingi, heldt dei lærde fram med å nytta latin i skrift og tala. Uttala av latinen fylgde helst dei nasjonale måli, og samsvara ikkje med klassisk latin.




#Article 87: Gresk (659 words)


Gresk (gresk: Ελληνικά, IPA [e̞ˌliniˈka], Hellensk)
er ei eiga grein av indoeuropeiske språk med ein dokumentert historie på 3 500 år, slik at det er det eldste kjente nolevande språket i den indoeuropeiske familien. I dag vert språket snakka av om lag 15 millionar menneske i Hellas, Kypros, Bulgaria, Albania og Tyrkia. Det finst òg mange greske immigrantsamfunn over heile verda, som til dømes i Melbourne i Australia som har det tredje største urbane greske folkesetnaden i verda, etter Aten og Thessaloníki.

Gresk har vorte skrive med det greske alfabetet, som var det fyrste til å innføre vokalar, sidan 1000 f.v.t. i Hellas og sidan 400 f.v.t. på Kypros. Før dette vart det skrive med linear B i Hellas og kypriotisk stavingsskrift på Kypros. Gresk litteratur har ei historie på nærare 3000 år.

Dei mykenske grekarane var dei fyrste gresktalande som kom til det greske fastlandet, kring 2000 fvt. Dei breidde seg sidan til øyane omkring og vestkysten av Mellom-Asia. Dei ulike førgreske språka er med ei samnemning kalla egeisk. Mange ord er lånte inn i gresk frå egeisk, som ein enno ser i stadnamn (Korinthos, Athenê o.a.).

Den mykenske gresken (sein bronsealder) er den eldste gresken som me har skriftlege kjelder frå. Vitnemål har me berre i brotstykke, etter innskrifter på leirtavler frå utgravingar i Knossos på Kreta og i Pýlos på Peloponnes. Dei er skrivne med stavingsskrift, kalla linear B. Dei er tidfeste til kring 1200 fvt. Kring 1100 fvt. kom store omskifte i Hellas. I 1150 fvt. vart den siste mykenske borga øydelagd. Sidan fylgde utvandringar og nedgangstid, kalla dei mørke århundra (1150-750 fvt.), som er utan skriftlege kjelder.

Den hellenistiske tida (333-31 fvt) varar frå makedonaren Alexander den stores styring og fram til den fyrste romerske keisaren, Augustus (31 fvt-14 evt). Alexander den store skapa eit gresk storrike frå Hellas til Afghanistan. Då Alexander døydde, fall riket saman og kløyvde seg i ulike kongedøme der gresk vart styringsmålet. Med seg til dei nye busetjingane hadde grekarane sitt levevis og mål. Greskt vart eit verdsmål. På 300-talet voks eit einskapleg greskt mål fram som var bygt på det attiske målføret, men med nokre attiske særdrag utskifte. Dette vart kalla koiné (ἡ κοινὴ διάλεκτος), og er mellom anna det Nytestamentet vart skrive på. Ei fylgje var at dei andre greske målføra måtte vika i skrift og tale, om ein ser bort frå dei litterære kunstmåla.

Keisartida (31 fvt-600 evt). I tida 200-167 fvt hadde romarane lagt under seg det meste av den kjende verda, og etter sjøslaget ved Actium i 31 fvt då Octavianus (sidan Augustus) slår Antonius og Kleopatra, var det eit endemål for romersk framtrenging i aust. I 30 fvt legg Roma under seg Egypt, og Antonius og Kleopatra tek livet sitt. Endå dei greske områda kom under romersk styring, heldt gresk fram med å vera styringsmålet i den austlege delen av det romerske riket.

har desse hovudgreinene:

Joniske målføre (attisk og aust-jonisk). 	

Aioliske målføre.

Arkadokypriotiske målføre.

Vestgreske målføre (dorisk og nordvestgresk).

Kunstmål:

Det greske alfabetet voks fram i Hellas mellom 750 og 700 fvt etter fønikisk mønster og kløyvde seg snart i ulike utgåver. Det fønikiske alfabetet hadde ikkje bokstavar for sjølvlyd (vokalar), utan 22 bokstavar for medlyd (konsonantar). Dei fønikiske bokstavane som stod for laryngalar og halvsjølvlyd, lydverdiar som ikkje fanst i gresk, vart difor nytta til bokstavar for sjølvlyd; og vart med det ein høveleg reiskap for eit ikkje-semittiskt mål som gresk.

Føre 500-talet fvt hadde ein to hovudgreiner av alfabetet - det joniske i aust og det khaldeiske i vest. Etter kvart tok det joniske derimot heilt over, og i 403 evt vart dette offisielt oppteke i Athen. Det joniske alfabetet hadde 17 teikn for medlyd og 7 for sjølvlyd, slik det er i nygresk: ΑΒΓΔΕΖΗΘΙΚΛΜΝΞΟΠΡΣΤΥΦΧΨΩ.

Andre teikn:
ϝ (digamma - wau), ϙ (koppa - 90), ├ (h), ϡ (sampi - 900), ϛ (stigma - 6)
...

Frå det khaldeiske alfabetet fekk etruskarane sitt alfabet, som det latinske er bygt på.




#Article 88: Jæren (180 words)


Jæren er eit kystlandskap i Rogaland fylke. Fram til byrjinga av 1900-talet var stavemåten «Jæderen» i bruk. Midt på Jæren ligg kommunane Time og Klepp. Sør-Jæren er Hå kommune. Høg-Jæren omfattar dei høgareliggjande områda i Time og Hå, og delar av Bjerkreim og Gjesdal kommunar.

Jæren er ei kyststripe. Det er prega av låge moreneryggar frå istida, og den næringsrike jorda frå desse. Det flate landskapet ender i jærstrendene.

Jæren er eit av dei beste landbruksområda i landet, men har òg mykje industri. Mykje av industrien er tradisjonelt knytt til landbruk, og mykje er knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Ein jærbu er anten ein som bur på Jæren, eller ein som kjem derifrå. Dialekten (talemålet) vert kalla «jærsk». Forfattaren Arne Garborg, med si sterke tilknyting til området, vert omtala som «jærbu og europear».

Jærbanen er namnet på jarnbanelina Stavanger-Egersund. Jærbanen vart opna i 1878, og gjorde Jæren meir tilgjengeleg for reisande utanfrå. I denne tida var fleire kunstmålarar aktive på Jæren. Jærmalarar som Kitty Kielland og Nicolai Ulfsten var mykje på Jæren, og måla landskapsbilete. 

Lokalavis for jærkommunane er Jærbladet.




#Article 89: Ovid (290 words)


Publius Ovidius Naso, oftast kjent som Ovid (20. mars 43 f.Kr—år 17 eller 18), var ein romersk skald. Han skreiv om kjærleik, romerske festivalar og forlatne kvinner, men er nok mest kjend for Metamorphoses eller Metamorfosane, eit diktverk om ei rekkje mytologiske omskapingar. 

Diktaren er kjend som ein meister av elegisk distikon, og hadde stor innverknad på seinare kunstnarar, frå si eiga tid til Renessansen. Dikta hans inspirerte både diktarar og andre kunstnarar. Mellom anna dei italienske diktarane Francesco Petrarca, Boccaccio og Dante, Chaucer og Shakespeare i England, og seinare Cervantes og Holberg blei inspirerte av Ovid.

Ovid var fødd i Sulmona i Abruzzo. Han blei utdanna innan retorikk i Roma, og prøvde seg på ein karriere som jurist, men evna berre å skrive vers. 

 

Som diktar blei han teken opp i kretsen rundt mesenen Mesella. 

Ovid naut det romerske selskapslivet, der han blei kjend med andre diktarar som Macer og Propertius. Han gifta seg tre gonger; medan dei to første ekteskapa enda med skilsmisse skal han ha hatt eit svært kjærleg tilhøve til den siste, Fabia.

I år 8 landsforviste keisar Augustus diktaren frå Roma av uklare årsaker. Ovid skreiv sjølv at det var på grunn av «eit mistak og eit dikt». Diktet er truleg Ars Amatoria, ei lærebok i elskhug på vers, som passa dårleg med den nye vektlegginga på moral i den romerske overklassen. Feilen hans kan vera ein affære med ein kvinneleg slektning av Augustus, eller at han heldt ein annan kjærleikshistorie løynd.

Ovid drog til Tomis ved Svartehavet, der han skreiv to triste diktverk, Tristia og Epistulae ex Ponto om eksilet sitt. Han sakna heimbyen og den kjære tredje kona si.
Ovid døydde i år 17 eller 18, utan å få koma tilbake til Roma.




#Article 90: Linear B (207 words)


Linear B er ei stavingsskrift som det mykenske målet, tidleg gresk, vart skrive med. Skrifta vart brukt på Kreta og det greske fastlandet i tidsrommet rundt 1400–1200 f.Kr. Linear B har kring 90 stavingsteikn, ideogram og tallteikn.

Skrifta vart først oppdaga og gjeven namn av den britiske arkeologen Arthur Evans under utgravingar i Knossos på Kreta i 1900. Dei over 4000 tavlene frå Knossos utgjer også den største samlinga av linear B-tekstar. Ein har også gjort store funn ved Pylos (ca. 1000 tavler), Mykene og Tiryns på Peloponnes, og ved Thebes i Boeotia (ca. 350). Tekstane vart funne innrissa på små leirtavler i palassarkiva. Tavlene er vorte brende til keramikk og såleis verna for ettertida då palassa vart øydelagde ved brann kring 1200 f.Kr.

Den britiske arkiteten Michael Ventris og filologen John Chadwick påviste i 1952 at språket i linear B-tekstane er det eldste språktrinnet av gresk, mykensk gresk. Somme forskarar meiner at linear B er utvikla frå linear A-skrifta, medan andre ser dei to som parallelle skriftsystem utvikla frå ein felles føreganger.

Rutenettet nedanfor vart utvikla under desiferinga til Michael Ventris og John Chadwick av dei fonetiske verdiene for stavingsteikna. Det må installerast ein egen font for å sjå spesialteikna som elles viser som ein firkant.




#Article 91: Trajansøyla (202 words)


Trajansøyla i Roma, innvigd 12. mai år 113, står midt på Trajans forum på eit lite område (16 x 23 m) og er omgjeve av offentlege bygg i minst tre høgder. Søyla kan skildrast som eit tekniskt meisterstykke. Ho er laga av sytten sylindrar av blå juni-marmor. Høgda er i alt 100 romerske fot, 29,78 meter, diameteren nær fire meter. Søyla står på eit firkanta podium, 5,37 m høgt. Søyla er hól, ei lita dør i podiet fører inn i ei vestibyle med ei spiralforma trapp med 185 steg og 43 små vindaugsspalter opp til toppen der ein statue av keisar Trajan av Romarriket stod. Statuen vart riven i mellomalderen, og vart sidan bytt ut med ein statue av apostelen Paulus.

Då keisaren døydde i år 117, vart oska hans lagd i ei gullurne inne i sokkelen. Soga i stein om dakarkrigane vart ei veldig gravstøtte for ein krigarkeisar. Keisaren skreiv eit verk om dakarkrigane, det er no tapt. Men trajansøyla kan òg seiast å vera ein bokrull som då er ein rull i stein, og ikkje i papyrus. Kring søyla snor det seg ei 200 meter lang relieff-frise, som viser dei dakiske felttoga i 155 scener, med kring 2 500 figurar.




#Article 92: Kinesisk (1485 words)


Kinesisk (汉语/漢語 hànyǔ, 华语/華語 huáyǔ, eller 中文 zhōngwén) er ei språkgruppe i den sinotibetanske språkfamilien. Innan kinesisk tradisjon blir dei mange ulike variantane av kinesisk talespråk gjerne rekna som eitt språk, sjølv om mange dei ikkje er gjensidig forståelege. Lingvistisk kan skiljet mellom desse jamførast med skiljet mellom til dømes dei romanske språka. Skriftspråket har også endra seg over tid, men mykje seinare enn talespråket og har dermed mindre variasjon.

Om lag ein femtedel av folket i verda har ei form av kinesisk som morsmål, og dette er dermed det språket med flest morsmålsbrukarar i verda. Det kinesiske språket (slik det er tala på standard mandarin) er det offisielle språket til Folkerepublikken Kina og Republikken Kina (Taiwan), eitt av fire offisielle språk i Singapore, og eitt av dei seks offisielle språka til Dei sameinte nasjonane.

Kinesisk talespråk er eit tonespråk. Det er i slekt med tibetansk og burmesisk, men ikkje med nabospråka koreansk, vietnamesisk, thai eller japansk. Desse språka har likevel vorte påverka av kinesisk gjennom tidene. Koreansk og japansk nyttar kinesiske teikn i skriftspråka sine, då kalla hanja og kanji. I Nord-Korea nyttar ein ikkje lenger hanja, og hangul er der den einaste skrifta. I Sør-Korea nyttar ein hanja som ein slags utheva tekst. Vietnamesisk har også mange kinesiske låneord, men bruker ikkje lenger kinesiske teikn.

Språkforskarar flest klassifiserer all variantane av kinesisk under den sinotibetanske språkfamilien. Dei trur at det eksisterte eit urspråk (tilsvarande protoindoeuropeisk) som alle dei sinittiske og tibetokarenske språka har opphavet sitt frå. Samanhengen mellom kinesisk og dei andre sino-tibetanske språka er ennå uklar og vert forska mykje på. Forskarar forsøker å rekonstruera protosinotibetansk. Det største problemet er at sjølv om det finst god dokumentasjon som hjelper oss i å rekonstruera lydane av antikk kinesisk, så finst det ingen skriftleg dokumentasjon på skiljet mellom protosinotibetansk. I tillegg så er mange av dei andre språka som kunne ha hjelpt oss i rekonstrueringa av proto-sino-tibetansk dårleg dokumenterte og forstått.

Kartet til høgre syner undergrupperingane av kinesisk. Desse vert ofte kalla dialektar, sjølv om dei lingvistisk sett kan sjåast på som ulike språk. Dei sju hovudgruppene er mandarin (sjå linjene trekt frå Beijing), wu (inkludert shanghaikinesisk), xiang, yuè (kantonesisk), gan, hakka og min. Språkforskarar deler denne siste gruppa i opp til fem eller sju undergrupper, alle med språk som er gjensidig uforståelege. Språkforskarar som skil mellom ti i staden for sju hovudgrupper skil jin frå mandarin, ping frå yue, og hui frå wu. Der finst også mange andre mindre grupper som gjer klassifisering forvirrande. Desse inkluderer blant anna dungan, ein nordvestleg mandarindialekt talt av muslimar av kinesisk opphav som bur i Kirgisistan, danzhou-hua talt på Hainan, xiang-hua 乡话 (ikkje det same som xiang 湘) talt i vestre Hunan, og shaozhou-tuhua talt i nordre Guangdong.

I tillegg til skilja nemnde ovanfor, finst det òg Putonghua og Guoyu, namna på dei offisielle språka respektivt i Folkerepublikken Kina og i Republikken Kina. Begge desse er baserte på mandarindialekten slik ein snakkar i Beijing og vert brukt som eit lingua franca. Dette er derfor stats-, media- og undervisingsspråket i begge desse landa.

Der er ein strid om terminologien som vert brukt for å skildra dei ulike undergruppene til kinesisk. Nokre føretrekk å kalla kinesisk eit språk og undergruppene dialektar, medan andre føretrekk å kalla kinesisk ein språkfamilie og undergruppene språk. Meir om denne debatten finn du nedanfor. På den andre sida, sjølv om Dungan ligg veldig nære mandarin, er det ikkje mange som reknar det som «kinesisk» sidan det er skrive på kyrillisk, og talt av dunganfolket utanfor Kina, eit folk som ikkje vert rekna for å vera kinesisk på nokon måte.

Det er vanleg at kinesisktalande snakkar fleire variantar av språket. Til dømes kan ein person i Sør-Kina ofte snakka Putonghua, den lokale språkvarianten i tillegg til ein annan regional dialekt, som til dømes kantonesisk. Fleirspråklege personar som dette kodevekslar mellom dei ulike språka avhengig av situasjonen. Av og til vert dei ulike dialektane blanda med kvarandre, avhengig av geografisk påverknad. Ein person som bur på Taiwan til dømes blandar ofte uttale, frasar og ord frå mandarin og taiwansk. Denne blandinga er sosialt akseptert i mange tilfelle.

Uttrykk og konsept som kinesarar nyttar for «språk» er ulike dei som vert brukte i vesten. Dette er dels på grunn av den sameinande effekten dei kinesiske teikna har, dels på grunn av ulikskapar i politisk og sosial utvikling i Kina samanlikna med Europa. Europa kløyvde seg etter Romarriket gjekk under og fekk mange små nasjonalstatar, og identiteten til desse vart ofte definert gjennom språket. Kina klarte derimot å halda fram eit kulturelt og politisk samhald i den same perioden.

Fil:Zhongwen.svg|100px|mini|venstre|«Zhongwen» ('Kinesisk [skrift]språk', pinyin zhōngwén) skrive med kinesiske teikn

Ein stor skilnad mellom kinesiske språkkonsept og vestlege konsept er at kinesarar skil tydeleg skriftspråk (文 wén) frå talespråk (语/語 yǔ). I
tillegg skil dei mellom skrivne ord (字 zì) og talte ord (话/話 huá). Tanken om eit særskilt hopehav mellom skrift- og talespråk er sterkare i Vesten enn i Kina. Det finst mange variantar av kinesisk talespråk, den mest framståande er mandarin. Det finst likevel berre eitt sameina skriftspråk, med to noko ulike system i bruk (sjå nedanfor).
Kinesisk talespråk er sett saman av mange regionale og gjensidig uforståelege variantar. I Vesten kjenner mange til korleis dei romanske språka alle kjem frå latin og har dermed mange liknande eigenskapar sjølv om dei er gjensidig uforståelege. Den kinesiske lingvistiske evolusjonen er liknande, men den sosiopolitiske samanhengen er ganske ulik.

Politisk oppstykking i Europa skapte uavhengige nasjonalstatar som er nokolunde like store som dei kinesiske provinsane. Dette skapte eit politisk ønske om å danna separate kulturelle og litterære mål mellom nasjonalstatane. Språka vart standardiserte innan kvar stat.

I Kina eksisterte det heile tida ein kulturell og litterær standard, sjølv om det på same tida ikkje eksisterte noko særskilt ønske om å standardisera talespråket mellom dei ulike byane og fylka. Dette resulterte i ein lingvistisk kontekst som er svært ulik den ein ser i Europa, og dette har hatt sterk påverknad i korleis ein skildrar dei ulike variantane av kinesisk talespråk.

Det var til dømes vanleg at språket til ein nasjonalstat vart standardisert til slik ein tala i hovudstaden. Dette gjorde det lett å klassifisera språk som til dømes fransk og spansk, og var med på å skjerpa dei lingvistiske ulikskapane. Ein bonde på den eine sida av grensa byrja å modellera språket sitt etter slik ein snakka i Paris, medan ein bonde på andre sida fekk meir av ein Madrid-dialekt. Dette skjedde ikkje i Kina, så kategorisering av variasjonar kan vera vanskeleg, delvis fordi ulike dialektar blandar seg med kvarandre. På grunn av dette er språkforskarar ueinige med kvarandre om klassifisering. 

På grunn av dette, ser kinesarar generelt sett på kinesisk som eitt språk. For å beskriva dialektar bruker kinesarar vanlegvis stadsmål, til dømes som i Běijīng huà (北京話/北京话) eller beijingmål, eller Shànghǎi huà (上海話/上海话) eller shanghaimål. Folk flest er dermed ikkje klar over korleis desse ulike hua er kategoriserte som språk basert på gjensidig forståing. Derfor, sjølv om mange naboprovinsar i Nord-Kina har ganske likt talespråk, medan folk i naboprovinsar i Sør-Kina kan ha problem med å forstå kvarandre, blir alle desse språkvariantane rekna som ulike hua, likestilte variantar av eitt kinesisk talespråk.

På grunn av denne oppfatninga om eitt kinesisk talespråk av majoriteten av dei kinesisktalande, nyttar mange språkforskarar denne definisjonen og reknar kinesisk som eitt språk og variasjonane som dialektar. Andre brukar krav om forståing mellom språkbrukarar for å definere frå sju til 17 ulike slektande «språk» under språkgruppa kinesisk, alle med variasjonar ein kan samanlikna med variasjonane i dei romanske språka.

Det bør også merkjast at dette skiljet kan ha politiske overtonar. Å rekna kinesisk som ulike språk kan implisera at Kina faktisk skulle ha vore mange ulike nasjonar, og at hàn-folket faktisk er samansett av fleire ulike rasar. På grunn av er det mange kinesarar som ikkje trivst med denne tankegangen fordi dei er redde for at han kan legitimisera lausrivingsrørsler. Tilhengjarar av taiwansk sjølvstende driv til dømes fram Min- og Hakka-undervising.

Samanhengane mellom etnisitet, politikk og språk kan likevel vera meir komplekse enn dette. For dei som snakkar wu, min, hakka, eller yue og reknar desse som eigne talespråk, men likevel ser på det kinesiske folket som ei eining, ser ikkje på det som ei motseiing. I tillegg erklærer Folkerepublikken Kina offisielt at Kina er ein multinasjonal nasjon, og at termen kinesisk inkluderer grupper som ikkje snakkar kinesisk i det heile teke. Dei som snakkar kinesisk vert kalla hankinesarar, noko som er eit etnisk og kulturelt konsept, ikkje eit politisk konsept. På same måte kan ein finne tilhengjarar av kinesisk samanslåing som også er interesserte i å driva fram dei lokale måla, og tilhengjarar av taiwansk sjølvstende som er lite interesserte i dette temaet.

Dei eldste kinesiske inskripsjonane ein har kjent har vore inskripsjonar på bein frå Shang-dynastiet, men i 2013 fann kinesiske arkeologar primitive i Zhuangqiao som ein trur er rundt 5000 år gamle.




#Article 93: Harald I av Noreg (642 words)


Harald I Hårfagre (om lag 850–933), på norrønt Haraldr hinn hárfagri, er rekna som grunnleggjaren og den første kongen av Noreg. Kongar som ætta frå han vart rekna til Hårfagreætta. Det er mange soger knytt til Harald Hårfagre, og fakta kring kongen er usikre.

Alle norrøne kjelder reknar Halvdan Svarte som far til Harald Hårfagre. Deretter sprikar kjeldene om stad- og slektstilknyttingane. Nokre opplysingar kan ha vore laga ut frå politiske motiv fleire hundre år etter at han levde.

Vidare fortel Are Frode (også gjengjeve av Snorre) at Halvdan Svarte budde på Ringerike eller Hadeland, og at farsslekta kom frå Ynglingeætta. Fagrskinna nemner ikkje noko samband til Ynglingeætta. Diktet Nóregs konungatal, som truleg har Sæmund Frode som kjelde, slår fast at forfedrane til Harald hadde styrt Sogn.

Kjeldene oppgjev ulike mødrer. Dei som oftast er oppgjevne som mor hans er Ragnhild Sigurdsdotter og Ragnhild Haraldsdotter. Fagrskinna og Heimskringla seier at Halvdan Svarte var gift med Ragnhild Haraldsdotter og Ragnhild Sigurdsdotter. Eit seinare tillegg til Fagrskinna seier at Halvdan si andre kone var Helga Dagsdotter frå Hadeland. I Landnamabok er Tora ført som Halvdan si første kone, og ikkje Ragnhild. Snorre meinte at Ragnhild Sigurdsdotter var dotter av Sighurd Hjort, medan forfattaren av Fagrskinna meinte det var Sigurd Orm-i-auet. Historikaren Ólafía Einarsdóttir har hevda at forteljinga om at Ragnhild Sigurdsdotter var mor hans var laga fordi kong Håkon Håkonson av utanrikspolitiske grunnar ønska å kopla den norske kongeslekta til den danske skjoldungeætta. Harald Hårfagre si mor skal då vera Ragnhild Haraldsdotter, dotter av kong Harald Gullskjegg i Sogn.

Harald arva fleire spreidde smårike etter far sin, Halvdan Svarte, som døydde i 860. Igjen spriker sogene om kvar maktbasen hans var: Fagrskinna, den eldste kongesoga me har, oppgjev Vestlandet og Sogn til utgangspunkt, medan Heimskringla gjer det same med Austlandet og Vestfold. Egilssoga fortel at han kom frå «aust i Vika» (truleg Østfold).

To kjende sogemotiv frå Heimskringla er knytt til erobringa hans av nytt land. Den første er draumen til dronning Ragnhild, der Ragnhild drøymer at ho er opphavet til eit tre som breier seg over heile Noreg. Det andre er forteljinga om korleis kongsdottera Gyda Eiriksdotter ikkje ville vera frille med Harald før han herska over eit storrike slik som Gorm av Danmark og Eirik av Sveariket. Harald skal ha vore samd i dette og svore ein eid om at han ikkje ville «skjere eller kjemme håret» før han herska over heile Noreg. For det stygge, ustelte håret han etter kvart fekk, fekk han tilnamnet «Luva». Då han omsider hadde vunne landet, tok Rangvald Mørejarl og klipte han, og gav han namnet «Hårfagre» av di håret hans var tjukt og vakkert.

I 866 erobra han det første av fleire smårike, og i slaget ved Hafrsfjord i Rogaland fylke vann han om lag 872 ein avgjerande siger over fleire småkongar. Han var blitt konge over nesten heile landet, men farar truga utanfrå. Fleire av motstandarane hans hadde flykta og slått seg ned på Island, Færøyane, Orknøyane, Shetlandsøyane, Hebridane og sjølve Skottland, og drog på krigstokt både til Noreg og andre land i Europa. Etter ei tid med dette drog Harald Hårfagre til dei britiske øyane og reinska dei for uvennlege nordmenn, som flykta til Island. Frå då av høyrde til desse øyane Noreg.

Harald Hårfagre hadde mange søner, som alle hadde like stor rett på trona, og kjempa mykje innbyrdes om kven som skulle få henne. Sjølv ville Harald at favorittsonen, Eirik Blodøks, skulle bli konge etter han. Det blei han, men ikkje for lang tid.

Harald Hårfagre skal ha vore far til personane lista opp under. I ettertid var det viktig å kunna visa til slektskap med han. Det er såleis ikkje visst at han i røynda var far til alle.

Med Gyda Eiriksdotter:

Med Åsa Håkonsdotter:

Med Ragnhild Eiriksdotter:

Med Svanhild Øysteinsdotter:

Med Åshild Ringsdotter:

Med Snøfrid Svåsedotter:

Med Tora Mosterstong

 




#Article 94: Eirik Blodøks (644 words)


Eirik I med tilnamnet Blodøks () var son av Harald Hårfagre. Han var konge av Noreg frå 933 til 935.

Det er ukjent korleis Eirik fekk tilnamnet Blodøks (Eiríkr blóðöx). Det kan ha vore fordi han kjempa mot fleire av brørne sine og drap dei. Men ei anna forklaring kan vera at han var rekna som ein dyktig krigar.

Eirik Blodøks var eldste son av Harald Hårfagre og Ragnhild Eiriksdotter. Hjå Tore Roaldsson på Svanøy i Fjordane var han det meste av oppveksttida si. 

Han vart gift med Gunnhild Ossursdotter. Ho vart skulda for å vera trollkvinne, og sogeskrivarane omtala kong Eirik og dronning Gunnhild som tilnærma vonde. Mellom anna var dei lenge i strid med Egil Skallagrimson. Eirik er hovudsakleg omtala i Islendingesogene og i Heimskringla. 

Eirik var kjend som ein stor krigar og hærmann. Allereie som 12-åring drog han i hærferd, med fem langskip. Han var på fleire hærferder både i Aust- og Vesterveg. 

Eirik fekk overdrege kongsmakta frå faren då Harald var 80 år. Eirik tok tidleg livet av fleire av brørne sine, mellom anna Bjørn Farmann. Han vart så i sin tur driven ut av landet av ein yngre bror. Håkon den gode (Adalsteinsfostre) jaga Eirik då han kom heim frå England. Dei norske hovdingane var då særs lei av framferda til Eirik, så dei slutta opp om Håkon. 

I England fekk Eirik Nordimbraland (Northumberland) i len av kong Adalstein. Han busette seg der med familien sin, i Jorvik (York). Herifrå vart han driven vekk i 941 av Edmund, bror av kong Adalstein, etter at han hadde halde fram med framferda si, og han gjorde så fleire plyndringstokt i Irland og Bretagne. Eirik Blodøks fall i eit slag i Stainmoor mot kong Eadred i 954.

Då Harald Hårfagre i år 930 fylte 80 år gav han styret heilt frå seg til sonen Eirik. Dette er nokolunde historisk og kronologisk sikkert.

Eirik har med flåten og hirden sin av røynde veteranar vore sterkare enn motstandarane. Han synest å ha sigra lett over dei på Møllebakken, som no er den austlege delen av Tønsberg by. Der fall både Sigrød og Olav, og truleg er det deira gravhaugar ein fann i 1823 i den nordlege delen av Møllebakken. 

Eirik Blodøks var faren sin favoritt, foran brørne, til å bli norsk konge mellom 933 – 935.

Eirik var gift med den danske kongsdottera Gunnhild Ossursdotter. Ho blei skulda for å vera trollkvinne, og sogeskrivarane omtalar kong Eirik og dronning Gunnhild som vonde. Dei fekk borna Gamle, Guttorm, Harald (Gråfell), Ragnfrød, Ragnhild, Erling, Gudrød og Sigurd Sleva.

Både kongen og dronninga var brutale. Kongen hadde eit ustyrleg sinne, og var uvenleg og tagal. Dronninga var vakker, trollkunnig og ein intrigemakar.

Eirik Blodøks regjerte personleg direkte over resten av det seinare Gulatingslag så lenge han levde. Han styrte også Vika og Vestfold som len under den danske kongen og som undersått under han, tilsynelatande fritt og kvitt og utan leidangsplikt, som Gunhilds medgift.

Kong Eirik brende og plyndra og fór så ille åt at dei norske høvdingane ikkje fann seg i det lenger. Han kravde meir makt enn nokon ville gi han. Dei norske høvdingane slutta seg til den yngste broren, Håkon, då han kom heim frå England.

Olavs son Trygve og Bjørn Farmanns son Gudrød flykta til Opplanda. Dei blei seinare begge drepne av Eirikssønene i 963. Gudrød hadde då gjort seg til herre over Vestfold og Trygve over Vika. Resten av sommaren nytta Eirik til å styrkje herredømmet sitt i Vika og Vestfold.

Resten av Austlandet synest å ha bestått av heilt uavhengige og suverene bonderepublikkar. Og det blei det neppe noka særleg endring på før under Olav Digre. Det som låg nordanfor Møre synest Sigurd jarl å ha styrt heilt suverent til han døydde i 963.

Eiríksmál blei dikta til ære for han på oppdrag frå Gunnhild.

Sønene hans er kjende som eirikssønene.




#Article 95: Håkon I av Noreg (1065 words)


Håkon den gode, også Håkon Adalsteinfostre, (om lag 920-960) var konge av Noreg frå 935. Håkon var yngste sonen til Harald Hårfagre og Tora Mosterstong, og bror til Eirik Blodøks. Soga fortel at Tora var om bord på båt då ho skulle få barnet. Skipet la til land, og der ho fødde, heiter det Håkonshella. Tilnamnet «Adalsteinsfostre» fekk Håkon etter å ha hatt kong Adalstein av England som fosterfar. I England vart Håkon oppdregen i den kristne trua, og er difor kjend som den fyrste kongen som prøvde å kristna Noreg. Han mislukkast på grunn av stor motstand.

Håkon var om lag ti år gamal då han vart send til England, til kong Æðelstán (Adalstein i sogene) for å oppfostrast der. I Heimskringla vert dette framstilla som om Harald Hårfagre narra Adalstein til å ta imot guten. Men kongen hadde hatt mange unge søner frå fyrstehus over heile Europa til oppfostring. Hjå han lærte dei statsmannskunst, militær leiing og politisk strategi. Og dei fekk ålmenutdanning, mellom anna ved det berømte klosteret ved Glastonbury i Wessex. Ein av dei som må ha vore hjå kong Adalstein samstundes med Håkon var ein frankisk prins.

Då Håkon var om lag 20 år gamal vende han heim til Noreg. Broren Eirik Blodøks, som òg hadde ønska seg kongsmakt, måtte rømma landet då Håkon Adalsteinsforstre kom attende til Noreg for å ta kongemakta. Eirik var dårleg likt på grunn av rå framferd, med plyndring og herjing. Håkon fekk difor stønad frå dei norske hovdingane. Slik vart Håkon konge av Noreg.

Det er tydeleg at Håkon fekk bruk for lærdomen frå England. Noko av det fyrste som skjedde var at han reforhandla dei gamle avtalane som faren hadde hatt med jarlane av Møre og Lade. Dette hadde ikkje Eirik klart, og det er truleg ein av grunnane til at han var mislukka som konge. Men Håkon gjenoppretta føderasjonen, han vart anerkjent som overkonge av jarlane, og dermed hadde han gjenreist faren sitt gamle samlingsverk.

Håkon den gode vert særleg knytt til to store reformer i retning av organisatorisk samling av riket, nemleg «leidang» og «lagting». Skipnaden gjorde mogleg eit meir formalisert samarbeid mellom kongen og bondefolket. Håkon bygde òg ut ei eksisterande lokal tingordning til å dekka større geografiske einingar. Desse ser i fyrste omgang ut til å vera nokonlunde identisk med hans eige vestlandsrike (Gulatingslagen) og området til hans nære ven og allierte Sigurd jarl (Frostatingslagen).

Det er heva over ein kvar tvil at Håkon må ha vore døypt som kristen under opphaldet i England. Han hadde fått ei for tida omfattande teologisk utdanning, og at han hadde med seg prestar til landet. Dei tidlegaste sogene fortel eintydig at han lét byggja kyrkjer, og at han fekk tak i prestar til desse kyrkjene. Likevel er han framstilla for ettertida som om han gjekk over til heidendomen igjen. Ein grunn til dette kan vera ei detaljert skildring i Heimskringla om eit par hendingar i Trøndelag ein gong rundt 950-54. Håkon var då i Trøndelag og besøkte Sigurd jarl. Han var med Sigurd og møtte trønderhovdingane, fyrst på Frostatinget der han kom i kraftig munnhoggeri med hovdingane. Så kom Håkon til haustblotet på Lade, der han drakk ein =skål til Odin, men han fekk lista seg til å gjera krossteiknet over drikkehornet. Men på juleblotet på Mære måtte han drikka alle skålane utan krossteiknet, og til og med eta nokre bitar med hestelever. Dette vert av sogeforfattarane tolka som at han hadde sagt frå seg kristendommen.

Håkon måtte fleire gonger verja landet mot brorsønene sine, Eirikssønene, som samarbeidde med danskekongen Harald Blåtann. Danskekongen var bror av dronning Gunnhild, mor deira. 
Ekteskapet mellom Gunnhild og Eirik var etter alt å dømma eit politisk trekk av Harald Hårfagre for å passivisera dansk aggresjon mot riket. Danskekongen var allereie tungt inne i handelen med Aust-Noreg, men handelsruta frå nordområda langs kysten av Vestlandet må ha vore særs innbringande og fylgjeleg særs attraktiv. Og det var denne handelen Harald Hårfagre sat og hadde kontroll med.

Som nemnt måtte Eirik rømma landet, men Gunnhild og hennar fire søner sat i Danmark. Sønene hadde arverett etter Harald Hårfagre, og dei byrja å komma til skjells år og alder. Harald Blåtann let ikkje dette høvet gå frå seg til å prøva ta kontroll over resten av Noreg. Eirikssønene vart rusta til invasjon og sende nordover. Dette var nettopp sommaren etter blota i Trøndelag, og det skulle visa seg at Håkon sin ettergjevnad med trønderhovdingane hadde vore særs klok politikk. Trønderane stilla opp på Håkon si side. Hærane møtte kvarandre i eit spektakulært slag ved kongsgarden på Avaldsnes. Guttorm Eiriksson vart drepen, og danskane rømde.

Det gjekk eit par år, så prøvde dei seg igjen. Denne gongen kom Eirikssønene med ein nesten utelukkande dansk hær heilt opp til Møre. Der sat Håkon på garden Birkestrond som ligg på Freiøya i Kristiansund. Danskane kom overraskande på dei, og det var ikkje tid til anna enn å raska saman folk frå gardane i nærleiken. Likevel klarte Håkon å slå fienden, i det som er kjent som slaget på Rastarkalv, og jaga dei heim til Danmark.

I 961 (eller 960) prøvde Eirikssønene seg for tredje gong. Dei kom med ein stor hær opp til Fitjar på Stord i Sunnhordland. Slaget ved Fitjar vart eit av dei meir dramatiske, men det ser ut som om Håkon også denne gongen klarte å jaga danskane på flukt. Men han vart treft av ein pil i skuldra i sluttfasen av kampen. Soga seier at pila var ein flein, ein slags spesialpil med ein spiss som skulle laga særs djupe og blødande sår. Dei klarte ikkje å stoppe blødinga. Kongen ville heim til kongsgården på Alrekstad, men ved Håkonshella blødde han i hel.

Håkon hadde ei dotter, Tora, men ingen son som kunne arva kongedømet. Soga seier at han på dødsleiet gav beskjed om å kontakta Harald Eiriksson, den eldste av Eirikssønene, som no var den næraste til å arva han. Det vart gjort, og Harald, som etter kvart vart kjent som Harald Gråfell, vart overkonge i Noreg etter Håkon den gode.

Håkon den gode vart såra i eit slag og gravlagd på kongsgarden Seim i Nordhordland.

Soga om Håkon vart skriven ned av islendingen Snorre Sturlason (Snorri Sturluson). Soga er ein del av dei norske kongesogene i Heimskringla.

I 1961 vart det sett opp eit monument over Håkon den gode i Fitjar, laga av bilethoggaren Anne Grimdalen.

 




#Article 96: Harald II av Noreg (265 words)


Harald II Eiriksson (om lag 935-970) var son av kong Eirik Blodøks og soneson av kong Harald Hårfagre. Harald II var konge av Noreg frå om lag 960 til 970. Han vert ofte kalla Harald Gråfell (Haraldr gráfeldr). 

Han var son av Eirik Blodøks og Gunnhild Ossursdotter, men voks opp hjå fosterfaren Harald Gormsson Blåtann. Han hadde åtte sysken.

Tilnamnet fekk han i fylgje Heimskringla etter ei reise til Hardanger. Der såg han ein islandsk handelsmann med mange skinn, som han ikkje fekk seld. Harald gjekk bort til han og spurde om han kunne få eit skinn av han, og det fekk han. Snart hadde alle om bord i Harald sitt skip skinnfellar. Etter dette gjekk salet av skinnfellar så bra at halvdelen som ville kjøpe skinnfell ikkje fekk.

Han overtok trona etter at han vann eit slag mot kong Håkon den gode. Slaget ved Fitjar stod om lag 960. Harald og syskena var i stendig kamp mot Håkon den Gode etter at han dreiv far deira ut av landet. Etter slaget vart Harald konge saman med fire yngre brør. Alle var som underkongar under danskekongen Harald Blåtann. Eirikssønene ville stendig ha meir makt, og prøvde å leggja under seg meir land. Dei gjekk til kamp mot Ladejarlane, som var mektige i Trøndelag, på Vestlandet og i Nord-Noreg. Danskekongen likte ikkje det, og tok parti med Ladejarlane. Harald Gråfell vart kalla til Danmark, der han vart drepen i eit bakhaldsåtak på Hals ved Limfjorden om lag 970. Dei attlevande brørne rømde etter dette landet. Danskekongen gav så makta i Noreg til Ladejarlen Håkon Sigurdsson Jarl.




#Article 97: Harald I av Danmark (2790 words)


Harald I av Danmark eller Harald Gormsson, med tilnamnet Blåtann, var konge i Danmark. Han kan ha blitt fødd litt før år 925, regjerte truleg ei tid saman med faren, Gorm den Gamle, og var konge aleine frå om lag 958 til han døydde i 986 eller 987.

Far til Harald var den danske kongen Gorm den Gamle som er rekna som grunnleggaren av Jelling-dynastiet i Danmark, Mor hans var Tyra med tilnamnet «Danebod».   

Sogene nemner at han hadde ein bror, Knut Gormsson, som var far til Gull-Harald, og ei syster, Gunhild Kongemor, som vart gift ned Eirik Blodøks og var mor til sønene hans, Gunhildssønene. To runesteinar ved Hällestad kyrka  blir rekna som prov på at han òg hadde ein bror som vart kalla Toke Gormsson (tolkinga er uviss).

Han skal ha hatt fleire koner: 

Dei ymse kjeldene opplyser at han hadde mange born, desse er nemnde: 

Adam av Bremen nemner òg at han skal ha hatt ein son som heitte Hiring (kanskje ei forvansking av namnet Hring).

På Jellingsteinen (sjå ill.) er namnet hans rissa inn med runeteikna ᚼᛅᚱᛅᛚᛏᚱ ᛬ ᚴᚢᚾᚢᚴᛦ, som kan lesast som haraltr : kunukʀ, og som på norrønt blir: Haraldr konungr (I latinske kjelder: Haraldus Gormonis filius).

I Heimskringla og i dei fleste norrøne kongesogene, blir han kalla Harald Gormsson, men i sogeverket Ågrip er han nemnt som Haraldz blatannar og i Knytlingasoga er han nemnt som Haraldr konúngr blátönn. I den eldste danmarkssoga, Roskildekrønika (Chronicon Roskildense) som vart nedskriven på latin omkring 1140, er han nemnt som HARALD BLATAN  eller CLACHARALD. I Danmark blir han kalla Harald Blåtand og i England Harald Bluetooth. 

Den mest vanlege forklaringa på tilnamnet, er at kong Harald må ha hatt ei uvanleg stor og svart tann (den norrøne ord-lekken blá tyder blå eller svart), men tydinga er usikker.

Det er uvisst om han vart omtala med tilnamnet «Blåtann» medan han levde. Ei gullskive som blir kalla The Curmsun disk (Harald Blåtanns gullskive), vart funne i 1841 i krypta av ein kyrkjeruin i landsbyen «Wiejkowo» i Polen. Staden ligg like aust for elva Dziwna, og i næleiken av der ein trur at byen Jumne låg i norrøn tid. Ein reknar med at skiva vart laga i kong Harald si levetid (eller om lag då han døydde), og teksten på skiva kan lesast slik:   «Harald Gormsson, konge over Danmark og Skåne, frå JUMNE i bispedømet Oldenburg».

Funnet gir ein indikasjon på at tilnamnet «Blåtann» ikkje var i bruk medan han levde. Samstundes tyder funnstaden på at han hadde ei særs knyting til Jumne, oftast lokalisert til byen Wolin, som ligg berre få kilometer frå Wiejkowo.

Kommunikasjonsprotokollen Bluetooth fekk i 1997 namnet sitt etter kong Harald Blåtann og Bluetooth-logoen er samansett av runeteikna for initialane hans, H (ᚼ) og B (ᛒ).

I Knytlingasoga blir det sagt at Harald Blåtann var konge i tretti år i faren si levetid og i femti år etter at faren var død. Opplysningane er opplagt feil, men han kan ha fått kongsnamn alt omkring år 954, då i ein alder av omkring 30 år, og han kan såleis ha fungert som dansk konge i omkring 35 år. 

Han var ein særs aktiv og resurssterk konge og var uten tvil både klok og mektig. Han førte mange krigar, både i Noreg, i Normandie og mot saksakeisaren Otto II. I «Beretningen om Hamburg stift» nemner Adam av Bremen at han skal òg ha sendt ei hær for å erobre England og i «Danmarks krønike» opplyser Saxo Grammaticus  at han, i tida før faren døydde, hadde herja med ein vikingfåte i austerveg.

I hans kongstid vart det bygt mange store anlegg som i dag er mellom dei viktigaste minnesmerka frå norrøn tid i Skandinavia, mellom andre dei store ringborgene Trelleborg i Slagelse, Nonnebakken ved Odense, Fyrkat ved Hobro og Aggersborg på nordsida av Limfjorden. Den sistnemnde er rekna for å ha vore den største vikingborga i Nord-Europa og er om lag 360 m i diameter og inneheld tuftene etter 48 store langhus. Trelleborga i Skåne, som den gongen var dansk, er frå den same tidsepoken. Brua i Raving Enge, opphavleg om lag 760 m lang, var eit framståane ingeniørarbeid som ein reknar med vart utført omkring år 980.

Arkeologiske granskingar viser at hovudsetet til kong Harald Blåtann må ha vore i Jelling, ikkje langt frå Vejle på Jylland. Utgravingane viser at ein enorm palisade  på 1,4 kilometer, oppført i år 968, omkransar det som ein reknar med var kongsgarden. Byen har ei mengd med historiske minnesmerke, mellom andre to store gravhaugar, restar av ei stor skipssetjing av kampesteinar, Jelling kyrkje og ikkje minst dei to Jellingsteinane. Ein trur at Harald på eit tidspunkt flytta hovudsetet sitt til Roskilde, turleg mest av militære årsaker. I Roskilde reiste han ein kyrkje av tre.

Dei tidlegaste danske myntane vart prega av kong Harald Blåtann, truleg i Jelling (eller i Hedeby). Det er gjort funn av nokre få sølvmyntar av type «halvbrakteat», òg kalla Harald Blåtann sin «kors-mynt». Nokre eksemplar av mynten vart seinast funne i 2015 i den såkalla «Omøskatten» på øya Omø  ved Storebelt.

Så tidleg som i åra 941-942 kom Harald Blåtann til Normandie med ein flåte på 60 skip. Han okkuperte Cherbourg og skal etter kvart ha okkupert Basse-Normandie og skal ha blitt godt motteken Vilhelm Langsverd 
, som då var hertug av Normandie (Kva som var formålet med ekspedisjonen, er uvisst). 

I åra 945 og 946 var det Rikard I (Rikard den uredde) som var hertug, og då var Harald Blåtann på nytt i Normandie. Det var viking-jarlen «Bernard den danske» (Bernard le Danois) som hadde bedt om hjelp til å forsvare hertugdømet mot åtak frå den franske kongen Ludvig IV (òg kalla Louis d’Outremer) og hertug Hugh den store (Hugh the great). Innan 947 greidde dei, saman med normanniske og andre norrøne styrkar, å drive kong Ludvig ut av Rouen og gjenerobre Normandie.

Det ser òg ut til at Harald Blåtann nok ein gong kom til Normandie, omkring 962. Då var det Theobald (Thribault), hertug av Blois, som freista å innvadere Rouen, og dei danske styrkane var òg denne gongen med på eit velluka forsvar av hertugdømet.

Dei norrøne kongesogene gir ei lite truverdig skidring av dei politiske tilhøva i Noreg, i tida etter at Eirik Blodøks reiste frå landet omkring 935. Rett nok låg Eirikssønene, først og fremst Harald Gråfell, i strid med Håkon den gode (Adalsteinsfostre) om herredømet over det riket Harald Hårfagre hadde styrt på vestlandet, og dei var i konflikt med ladejarlane som herska over områda frå Møre og nordover. Men utan tvil var erobringspolitikken til Eirikssønene støtta av Harald Blåtann som på denne tida, saman med faren, Gorm den gamle, hadde byrja å samle det danske kongedømet og var meint på å legge Noreg under sitt herredøme. 

I det latinske sogeverket Historia Norwegiæ blir det sagt at kona til Eirik Blodøks var Gunhild, dotter til danekongen «Gorm den Tullute» (den heimske) og «Tyre den Kloke», og ho var dermed syster til Harald Blåtann. Den danske kong Gorm var dermed morfar til sønene hennar, oftast kalla Gunhildssønene, og dette er bakgrunnen for at Harald Blåtann gjorde gjeldande krav på Noreg. Han sende ein dansk flåte på 60 skip til det avgjerande slaget ved Fitjar omkring år 961, der Håkon den gode fall, og deretter vart Harald Gråfell innsett som norsk lydkonge med Harald Blåtann som overkonge.

Etter ei tid vart kong Harald Blåtann misnøgd med framferda til Harald Gråfell og tykte at han var blitt for råderik. Litt før år 970 hende det at ladejarlen, Håkon jarl den mektige, måtte røme frå Noreg etter ein strid med Gunhildssønene, og Snorre skreiv at han fór til Danmark, der han vart godt motteken av kong Harald Blåtann. Dei hadde då sams interesse av å bli kvitt Harald Gråfell.

Kong Harald Blåtann hadde på denne tida eit problem med brorsonen, han dei kalla Gull-Harald, som hadde teke til å gjere krav på å bli konge i Danmark. Kong Harald og Håkon jarl sette då i verk ein finurleg plan som medførte at kong Harald Gråfell vart lokka til Danmark, der han vart drepen av Gull-Harald i eit slag i Limfjorden, og deretter la Håkon jarl til slag mot Gull-Harald og drap han. I nyare, norsk historieskriving er dette samarbeidet mellom Harald Blåtann og Håkon jarl, omtala i særs negative ordelag. Særleg blir Håkon jarl skildra som ein ram heidning,  «full av ilske og svik, ein kar som ikkje stygdes ved noka lygn eller illgjerd…».  Kva låg til grunn ein slik karakterisitkk? Eit «svik» og eit bakhaldsåtak, kanskje, men knappast den største illgjerninga i norrøn tid. At Harald Gråfell stutt tid i førevegen hadde gjort ei svikefull semje med Grjotgard Håkonsson (Håkon jarl sin farbror) og ei natt hadde kome i løynd inn til Oglo og hadde brent inne Sigurd Håkonsson jarl og alle mennene hans; dét var visstnok ikkje ei illgjerning som var særs nemnande!  

Sidan baud kong Harald Blåtann ut ei stor hær og med 600 skip segla han og Håkon jarl til Noreg og la under seg landet. Om dette er det nemnt i Fagrskinna, side 70. Etter denne tida herska kong Harald Blåtann over Noreg; fylka i Vika (aust for Lindesnes) vart verande dansk skattland, men styringa med resten av riket gav han til Håkon jarl, som no vart danskekongen sin undersått. Mest truleg var det etter dette at Harald Blåtann let reise runesteinen som blir kalla «Jellingstein 2» der inskrifta inneheld desse orda: «..den Harald, som vann seg heile Danmark og Noreg ...».
  
Harald Blåtann sitt herredømme over Noreg enda reelt sett stutt tid etter 974, då Håkon jarl sa seg fri frå dansk styre. Truleg vart Harald Blåtann aldri formelt innsett som norsk konge. Dersom han skal reknast med i den norske kongerekka, må det bli som overkonge i tida frå 960, då Harald Gråfell vart underkonge, til om lag 975.

Adam av Bremen fortel om krigen mellom Harald Blåtann og den tysk-romerske keisaren Otto II (955-983). Det kan sjå ut til at Harald Blåtann hadde gått til krig mot saksiske folkeslag sør for Hedeby, og det var ventande at keisar Otto skulle ta hemn og gjere åtak på Danmark. Det var ved dette høvet at kong Harald bad om assistanse frå Noreg, og våren 974 kom Håkon jarl til Danmark med ein stor styrke. Han vart sett til å forsvare  Danevirke, grensevollen som strekte seg om lag 30 km vest for Hedeby. Skalden Einar Skålaglam nemnde om dette i diktet «Vellekla»:

Om sumaren gjorde keisar Otta åtak mot vollen, og skalden nemner at sør frå kom det «skarer av Friser, Franker og Vender». Der fekk Håkon jarl ein stor siger og framgangen til keisar Otto vart stogga. I Vellekla seier skalden at «sjøhelten jaga saksarane på flukt». Håkon jarl tykte då at oppgåva hans var løyst og han drog styrkane sine attende, og ut av krigen. Men etter ei tid gjekk keisar Otto på nytt til åtak mot Danmark. Han brende Danevirke og inntok handelsbyen Hedeby, og styrkane hans invaderte til sist landet. 

Danmark vart ved dette høvet på eit vis annektert av keisar Otto, men erobringa fekk etter alt å døme ikkje større konsekvensar for kong Harald. Adam av Bremen skreiv at han «vart keisar Otto sin undermann og mottok sitt rike frå han». Snorre skreiv at «han (keisar Otto) og danekongen skildes som vener».

Saxo Grammaticus skriv at Harald erobra landet til slavarane med våpenmakt og laga ei sterk befestning i «Julin», som var den største byen der i landet.
Adam av Bremen nemner fleire stader «slaverbyen Jumne», og at kong Harald døydde der. I det engelske kjeldeskriftet Encomium Emmae Reginae (bok 1) blir det opplyst at kong Harald vart såra og rømde til slavarane, der han døydde.

Der er såleis mange av dei norrøne kjeldene, òg dei aller eldste, som indikerer at kong Harald Blåtann hadde eit særs tilhøve til ein by i «slavarland», dvs seie Vendland eller Polen i dag. Det blir òg rekna som truleg at kong Harald verkeleg etablerte ei «borg» der, som var base for ei gruppe med elitesoldatar. Lokaliseringa av «Jumne» eller «Julin», har til alle tider vore omdiskutert, men ein reknar med at den mest truverdige plasseringa må ha vore i nærleiken av byen Wolin ved utløpet av elva Dziwna i Polen. Teorien er blitt styrkt av arkeologiske utgravingar i området, som viser at der har vore anlegg frå vikingtida.  

I Fagrskinna er det skrive (side 126): «Kong Harald Gormsson herjet i Vendland og lot gjøre en stor borg på det sted som heter Jom, og den er siden kalt Jomsborg. Han satte en høvding over den og fôr selv hjem til Danmark»

I andre av dei norrøne kjeldene frå 1100-talet og seinare, ikkje minst i Jomsvikingsoga blir dene byen kalla «Jomsborg» og elitesoldatane «jomsvikingane». Både i eldre og nyare historieskriving, har soga om Jomsvikingane vore eit mykje brukt tema, særleg i samband med slaget i Hjørungavåg. Sentralt i skildringane er «Jomsvikingsoga» og diktet «Jomsvikingadråpa» av Bjarne Kolbeinsson. Det er likevel ikkje tvil om at mykje av stoffet i soga er å rekne som litterær fiksjon og har liten verdi som  historisk kjelde.

Mange samtidige skaldar gjorde dikt om slaget i Hjørungavåg, og det er verd å merke seg at ikkje i nokon av dikta er nemninga «joms» nytta, men derimot skreiv dei om danske hærmenn (danir) og danske skip (dana skeiðar).  Soga, og skaldeversa, tyder likevel på at hærmenn frå Vendland verkeleg var med i den danske hærstyrken, og at dei var kong Harald sine elitekrigarar som kom frå Jumne. Namn som «Jomsvikingar» og «Jomsborg» var truleg ikkje i bruk på kong Harald si tid, og var litterære konstruksjonar, tillaga om lag to hundre år seinare.

Inskrifta på Harald Blåtanns gullskive (The Curmsun disc – sjå ovanfor) som inneheld namnet JVMN (JUMNE), er òg ein indikasjon på at kong Harald hadde ei sterk knyting staden.

Inskrifta på den store runesteinen i Jelling sluttar med orda: «…gjorde danane kristne.», og ein reknar difor kong Harald Blåtann som kristningskongen i Danmark. (Ingen stad er det nemnt noko om at han nytta vald og drap for å tvangskristne folket sitt, slik ein høyrer om dei norske kristningskongane.) 

Då keisar Otto II erobra Danmark i 974, skal kong Harald ha lova å innføre kristendommen i heile Danmark. 
Adam av Bremenskreiv at kong Harald ved dette høvet vart døypt, saman med både kona si, Gunhild, og sonen Svein, som i dåpen fekk namnet Sveinotto. Men Adam av Bremen skreiv òg ein annan stad at kong Harald og heile hans folk, åtte år tidlegare, i 966, var blitt omvend til kristendommen av «en viss Poppo»

I Roskildekrønika blir det sagt at kong Harald var ein god ven av dei kristne og at han tok ved kristendommen, etter at faren, Gorm den Gamle, var død. Han skal ha medverka til at det vart oppretta bispeseter i Danmark og Skåne, men i så fall må det ha vore tale om misjonsbiskopar, sidan permanente bispesete i Danmark først vart etablert seinare, under kongane Svein Tjugeskjegg og Knut den store. Det blir opplyst at det var kong Harald som først bygde ei kyrkje på Sjelland, tidlegare kalla «Treenighedskirken i Roskilde». Dette var den første kyrkja på staden, truleg ei trekyrkje som vart oppført omkring 985. Seinare er fleire kyrkjer blitt bygt over den gamle og i dag står der Roskilde domkyrkje, som er teke opp på UNESCO si verdsarvliste. Den noverande kyrkja i Jelling vart bygt omkring år 1100, men under kyrkja er det blitt funne spor etter fleire, eldre trekyrkjer, og ein trur at den eldste vart oppført av kong Harald Blåtann.

Fleire av dei norrøne kjeldene fortel om korleis kong Harald Blåtann døydde, men med ulike, oftast lite truverdige versjonar. I dette høvet må ein legge stor vekt på skildringa til Adam av Bremen (bok 2, kap.27 og 28); truleg hadde han opplysningane frå kong Svein Estridsson, som var oldebarnet til Harald Blåtann.
Dei fleste kjeldene er i det minste samde om at det vart stor usemje mellom kong Harald og sonen Svein (Tjugeskjegg), og det enda med at Svein gjekk til krig mot sin eigen far. Kong Harald vart då sterkt såra og rømde ut av landet, medan Svein tok over som dansk konge. Det er usikkert om dette hende i 986, før slaget i Hjørungavåg, eller seinare, i 987.

Harald Blåtann rømde til «slavarane», mest truleg til Jumne. Der døydde han av såret, og Adam av Bremen opplyser at dødsdagen var Allehelgensdag, som er 1. november. Liket hans skal ha blitt ført attende til Danmark og gravlagt i Roskilde, i den kyrkja som han sjølv hadde late bygge for «den hellige treenighed», der Roskilde domkyrkje står i dag. 

Den katolske kyrkja reknar han som martyr og omtalar han som «Den hellige Harald Blåtann av Danmark».




#Article 98: JHVH (2864 words)


JHVH (hebraisk יהוה) er Guds eige namn slik det vert openberra i den hebraiske grunnteksten til Bibelen. På moderne norsk svarar namnet til Jahve eller Jehova.

Dei opphavlege hebraiske konsonantane YHWH (JHVH) vert ofte kalla «tetragrammet» ('fire teikn') eller «Namnet» (fordi det er det mest heilage av dei sju namna på Gud i jødedommen). I jødedommen er det absolutt forbod mot å uttale dette namnet utanom i tempelet i Jerusalem, og til og med i tempelet seier tradisjonen at namnet berre skal seies ein gong om året, av øvstepresten på jom kippur (forsoningsdagen). Sidan templet fell i år 70 blei den opphavlege uttaletradisjonen avbroten. Minoriteten samaritanarar, som på lik linje med jødane stammer frå dei gamle israelittane, har og stor respekt for namnet, men ikkje forbod mot å uttala det. Då vokalteikn vart lagt til den gammalhebraiske bibelteksten av masoretane mange hundre år seinare (rundt 800- og 900-talet), var kunnskapen om rett uttale av namnet gått tapt.

Uttalen Yāhū er sannsynleggjort gjennom uttalen av samansette personnamn som Ēliyyāhū (Elia) og Zəkharyāhū (Sakarja). Mange av desse namna finst i to utgåver – til dømes Ēliyyāhū ~ Ēliyyā (Elia); Zəkharyāhū ~ Zəkharyā (Sakarja); Yirməyāhū ~ Yirməyā (Jeremia). Det eksisterer manuskript som viser at arameisk-språklege jødar som levde i Nildeltaet i det 4. hundreåret f.Kr. uttalte tetragrammet «IAHU» eller «IAHO».

Jāhūah eller Yahwah (med kamés under jod, kubús etter vav og patah-mappik under den siste hé) er, som Jahu, sannsynleggjort av uttala i namn som Ēlijjāhū og Zəkharjāhū. Vokalen a er berre ein glidelyd føre utlyden guttural. I framlyd får ein forma Jəhō-, noko som òg peikar mot forma Jāhūah, ettersom kamés (lang a) naturleg blir forkorta og redusert til ə ved meir enn ei staving frå hovudtrykket. Senkinga av u til o direkte føre guttural (ettersom glidelyden a berre kjem føre guttural i utlyd) stemmer òg med tendensen i hebraisk fonologi. Denne uttalen er òg i samsvar med dialektisk uttale Jāhū (med bortfall av konsonant i utlyd føre glidelyden a oppstod) og den samaritanske forma Jawe med bortfall av den gutturale h og typisk samaritansk forenkling av trippelvokalen aua til awa eller awe – jamfør samaritansk Eluwem (  Eluim  Elohim).

I klassisk rabbanittisk og karaittisk jødedom les ein ordet som «Adonai» (hebraisk אֲדוֹנָי Ădōnāj – ‘min Herre’) dei fleste stadene der konsonantteksten har JHVH. Det er på denne bakgrunnen dei fleste bibelomsetjingane gjengjev JHVH med «Herren» (eller, meir sjelden, «Gud»). Som ei påminning om denne lesemåten sette masoretane inn hebraiske vokalteikn for Adonai saman med konsonantteikna JHVH. Forma Adonai er òg brukt i det norske minoritetsspråket rommani.

Uttalen Sjema (arameisk שמא šəmā) tyder rett og slett «Namnet». Denne uttalen er særleg utbreidd i samaritansk religion. Dette må ikkje forvekslast med «sjemá‘» i den hebraiske truvedkjenninga, som tyder «Høyr!» eller «Høyr etter!».

Uttalen Hasjém (hebraisk , haššēm) tyder, som Sjema, 'Namnet'. Denne forma blir gjerne brukt i ikkje-liturgisk samanheng av askenasisk-ortodokse jødar.

Forma Jehova er brukt iallfall frå 1270 (i Pugio fidei av Raymund Martin) og gjennom religiøs litteratur i heile mellomalderen. Kristne renessansehumanistar på 1500-talet gjekk ut frå at vokalteikna under JHVH faktisk høyrde til sjølve namnet. Denne misoppfattinga var opphavet til at hybriduttalen «Jehova» (Jəhōwā) blei så utbreidd. Forma Jehova blei mykje brukt i eldre kristen litteratur, inkludert bibelomsetjingar. Jehovas vitne har namnet sitt frå denne forma.

I nyare karaisme blir av og til uttalen Jihəve brukt.

I den hebraiske bibelen (Tanákh i den jødiske tradisjonen, Det gamle testamentet i den kristne), finst namnet JHVH første gong i Fyrste mosebok 2:4. Guds namn er henta frå eit verb, den kausative (skapande) forma i imperfektum av det hebraiske verbet ha-wah, 'å bli'. Guds namn tyder derfor 'Han lèt (eller 'får til å') bli'.

Då Moses spurte etter namnet på Gud, fekk han dette svaret: «Eg er den eg er» (hebraisk: אהיה אשר אהיה, uttala ehyeh asher ehyeh. Hayah tyder 'eksisterte' eller 'var' på hebraisk; ehyeh er fyrste person eintal i notid eller framtid (presens eller futurum). Det vert nytta ei rekkje stader i den hebraiske bibelen. Sjølve tetragrammet uttrykkjer tanken om den eine eller suverene guden, skaparen som ikkje er skapt sjølv, og som åleine er fullstendig (uavhengig) i seg sjølv («eg er»). Det kan også uttrykkje tanken om at han heldt fram å gjere seg til den han treng å vere for å gjennomføre sin vilje (å bli). 1913-utgåva av The Catholic Encyclopedia gjev denne tydinga av namnet: «Det passande namnet på Gud i det gamle testamentet; jødane kalla det følgjeleg for det ypparste namnet, det mektige namnet, det einaste namnet, det praktfulle og fryktelege namnet, det skjulte og mystiske namnet, det verkelege namnet, det passande namnet».

JHVH opptrer i den hebraiske bibelen heilt frå skapinga, og det dannar seg eit ganske samansett bilde av det personlege vesenet hans i desse skriftene. Han er omtala som eit andevesen, buande i eit lys utilgjengeleg for menneske, og med enorm vital energi. JHVH vert heva opp høgt over menneska, fordi han er heilag og rein i absolutt forstand, men likevel gjer han seg tilnærmeleg ved at mennesket blir oppfordra til å søkje han i bønn. «Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han til Moses; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva».

I den hebraiske bibelen vert det teika eit bilete av JHVH som alt frå ein kjærleg far og sauehyrde, til ein mektig konge, rettferdig dommar og ein hard eksekutør: «Herren, Herren [JHVH] er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning! Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden» (Andre mosebok 34:6,7). Altså både frykta og elska bibelskribentane JHVH; dei følte seg takksame overfor skaparen sin sin gjevmildskap, såg til han for vern og ofra regelbunde verdifulle ting til han for å sikre seg gunst frå han.

Den kjende historia om dei ti landeplagene i Egypt vanæra dei egyptiske gudane, som viste seg ikkje å vere i stand til å kopiere dei mirakuløse plagane. Denne historia illustrerer kor suveren israelittane såg JHVH, og korleis dei tilskreiv han sigrane sine. Eg er Herren [JHVH] din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.» Etter utfriinga frå Egypt er det at Lovpakta (Moseloven) vert inngått ved Sinaiberget, med Moses som talsmann for folket og med rennene dyreblod som stadfesting av pakten. Denne handlinga sette israelittane til side som eit heilag folk, og som altså berre skulle tilbe JHVH, «Gud åt deira fedrar.» Det vart svært viktig for dei ikkje å «smitte» tilbedinga av JHVH ved å tilbe andre gudar. Dette var og essensielt for dei seinare jødane, noko ein kan sjå blant anna av forteljinga om Daniels tre vener ved kongens hoff under fangenskapet i Babylon. Dette understrekast og i Dei ti bod: «Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren [JHVH] din Gud, er ein brennhuga Gud, [som ikkje vil dela din kjærleik med nokon annan gud».

JHVH vert og omtalt som «Gud Den Allmektige», og har grenselaus makt eller energi. Han er i stand til å sjå både fram og tilbake i tid ned til minste detalj, og også openberre dette for sine tenarar, noko som kjem til uttrykk i dei mange profetiane i Den hebraiske bibel. Dei mest kjende av profetiane er kanskje dei om Messias ('ein som er salva'), som Gud skulle senda for å frelse ikkje berre sitt eige folk, men heile verda. Som tydinga av namnet hans viser ('lèt bli'), har JHVH all makt som skal til for å gjennomføre viljen sin, eller for å styre hendingane slik at hans ord vert oppfylt.

I Det nye testamente (NT) er JHVH identisk med Faderen, men han omtalast både som Herre og Gud. Han skildrast mykje med dei same eigenskapane som i Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet): opphøgd, kongeleg, allmektig, vis og kjærleg, men og fordømmande. Dei første kristne såg Jesus som den lovte Messias, Guds Son – han som oppfyller eller gjennomfører Guds formål: «Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.» Skriftene om Jesus i NT vert altså føydde til Guds Ord i Den hebraiske bibelen, og kunne i større grad fortelje kven JHVH var, og openberre formålet hans.

I dag ser dei fleste kristne JHVH som ein del av Den heilage treeininga, i eining med Sonen (Jesus Kristus) og den heilage anden. Dei vektlegg ikkje Guds opphavlege eige namn, eller tetragrammet, mykje, og det vert sjeldan nemnt i det daglege kristne liv.

Guds namn er nemnd 6 828 stader i den hebraiske grunnteksta til Det gamle testamentet. Israelittane og jødane i gamal tid brukte det flittig som namnet på den eine Gud, i kontrast til dei gudane som vart tilbedd av folkeslag rundt dei. Få moderne bibelomsetjingar gjengir det med eit eige namn (Jahve eller Jehova) i dag. I staden set dei inn titlar som «Gud» eller «Herren».

Alle namn i den hebraiske grunnteksta finst berre skrivne i konsonantar, då skriftspråket jo er utan vokalar; den opphavlege uttala av desse kan såleis vera usikker. Likevel følgjer omsetjingane den praksis å gjengi desse namna med innarbeidde former av det opphavlege hebraiske (Josva, Abraham, David). Ofte er dette versjonar av namna som stammer frå gresk via latin, men som likevel vert brukt som ei god nok omsetjing  av enkeltpersonane sine namn. Andre løysingar, slik som å bruke titlar eller berre konsonantane («kongen» eller «DVD» i staden for David) ville gjort teksten oppstykka og uforståeleg – ikkje minst med tanke på at det finst tusenvis av forskjellige eigenamn i Den hebraiske bibelen.

Når dei fleste omsetjingane i dag vel å bytta ut namnet JHVH i Den hebraiske bibelen med Herren eller Gud, kjem dette av at dei ikkje ser namnet som viktig, eller passande, for den kristne kyrkja. Dessutan følgjer dei eksemplet til to grupper: jødane, som i hundreåra før og etter Kristus la restriksjonar i bruken av namnet; og greske og latinske omsetjarar, som fylgde den praksis å erstatta JHVH med ky’rios (gresk) og Dominus (latin) – Herre. (Namnet er utelate i kopier av Septuaginta frå 4- og 500-talet e.Kr., men finst i dei eldste fragmenta, datert tilbake til det første hundreåret f.Kr. og det første hundreåret e.Kr.) I sine omsetjingar oppgjeb ikkje Det Norske Bibelselskap noka utfyllande forklaring på kvifor JHVH er gjengitt med «Herren». Forma Jehovah blei likevel brukt konsekvent i Ny Baiboly, deira madagassiske omsetjing.

To velkjende omsetjingar som gjengir JHVH med eige namn, er The Jerusalem Bible og The World English Bible, som begge bruker forma Yahweh. Sistnemnde omsetjing er siste utgåve av American Standard Version, som i 1901 argumenterte for å bruke forma Jehovah konsekvent. Den reviderte utgåva av 1952 (Revised Standard Version) argumenterte heilt motsett, og byta ut JHVH med the Lord (Herren) eller God (Gud). Mens siste utgåva no altså vel forma Yahweh. Ut over desse er det stort sett eldre omsetjingar som gjengir Guds eige namn, då som oftast i mellomalderen si populære form Jehova.

Ei anna bibelomsetjing som gjengir JHVH konsekvent med eit tilsvarande namn (på norsk, engelsk, tysk osv.), er Jehovas vitne sin Ny verden-oversettelsen av de hellige skrifter (på bokmål). Det er openbert eit ønske frå vitnenes side å framheva Jehova som ein alternativ variant av JHVH, ettersom denne forma av namnet er blitt vanleg i bruk i vesteuropeiske språk i kvart fall sidan 1200-talet. Jehovas vitne argumenterer med kor ofte namnet finst med i den hebraiske grunnteksten. Dei understreke og at sjølv den nøyaktige uttala av Jesu namn er gått tapt, utan at ein av den grunn unngår å bruke namnet med den forma som er vanleg på dei forskjellige språka.

I Den hebraiske bibelen ver JHVH mange gonger brukt som det eksplisitte namnet på den høgste Guden, den allmektige. I bibelsk tid brukte jødane det både når dei song salmar, når dei konverserte, når dei bad og når dei helste på kvarandre. Forkorta former av namnet finst og i ei rekke bibelske personnamn og i den vanlege hyllinga halleluja – 'lovpris Jah'. Også ikkje-bibelske tekstkjelde, som Moabitt-steinen frå det 9. hundreåret f.Kr., inneheld JHVH og viser at jødane brukte namnet såpass hyppig at dei omkringliggjande folkeslaga beit seg merke i det.

Tetragrammet finst ingen stader i den greske grunnteksten til Det nye testamente (NT). Gud er i staden omtala med titlar som Far/Faderen og Herre/n. I fire vers i Openbaringa kapittel 19 finst uttrykket halleluja, som teknisk sett inneheld forma Jah av gudsnamnet på gresk.

Dei aller fleste bibelomsetjingane bruker derfor ikkje nokon namneform av JHVH i teksten til NT. Overalt i grunnteksten finst uttrykket ky’rios, som tyder Herre, anten det sikter til Jesus, Faderen eller andre herrar, og det er rett og slett dette ordet som vert omset.

Til saman 890 passasjar i teksten viser til uttrykk og allusjonar i Den hebraiske bibelen, og av desse er over 300 direkte sitat, sannsynlegvis frå Septuaginta, som var i vanleg bruk då bøkene i NT vart skrivne. Mange av desse passasjane viser til eller inneheld sitat frå tekster i Den hebraiske bibelen som inneheld namnet. For eksempel viser ein til profetar i fortida «som tala i Herrens namn;» desse talte naturlegvis i namnet til JHVH. Om skribentane av NT verkeleg bevarte tetragrammet i sine sitat frå GT, slik dei første septuaginta-omsetjarane gjorde, eller dei valde å byte det ut med ky’rios (eller the’os, Gud) er forskarane i usemje om. Det er i kvart fall ikkje funne nokon tidleg gresk avskrift av NT som har bevart noko tetragram.

To bibelomsetjingar som avvik frå dei andre i denne samanheng, er Jehovas vitne sin Ny verden-oversettelse, som har «gjeninnført» namnet 237 stader i NT, og Det Norske Bibelselskaps omsetjing til madagassisk, Ny baiboly, som bruker forma Jehovah nokre få stader i NT.

Forskarane er usamde om kor vidt den jødiske praksisen, som så sterkt kom til å redusere uttalen av Guds namn, blei fylgt blant jødane og dei kristne i det første hundreåret. Jesus og disiplane hans snakka arameisk, men kunne truleg og bruke koiné-gresk, og dei kan derfor ha gjort bruk av Den hebraiske bibel både på originalspråket og på gresk når dei las frå, siterte og viste til Skriftene.

Bibelteksten sjølv openberrer JHVH som ein eineståande Gud, i kontrast og opposisjon til andre gudar; ja, i eigentleg forstand er han den einaste guden som verkeleg eksisterer. Han er omtalt som evig, både tilbake og fram i tid, og har følgjeleg ikkje sjølv noko opphav. Skribentane av Det nye testamentet sluttar seg til denne oppfatninga, og Jesus omtalar han som «den einaste sanne Gud». I 1. Mosebok 4:1 legg JHVH sitt namn i munnen på den første kvinna, Eva. Det er og ein del av namnet til Jokebed, mor til Moses, og må derfor ha vore i bruk før Moses fekk openberringa ved den brennande tornebusken. Ulike forskarar har og søkt å finna det eigentlege historiske opphavet til dyrkinga av JHVH, og finne ut om han vart tilbedd og i andre kulturar enn den gamalhebraiske.

Eit av forslaga som er blitt fremma for å forklare JHVH sin historiske opphav, er at israelittane sin JHVH er henta frå tradisjonane til sjasufolk – kananeisk-språklege nomadar frå det sørlege trans-Jordan. Ein inskripsjon frå den egyptiske guden Amun sitt tempel i Karnak, frå farao Amenhotep III si tid (1390–1352 f.Kr.), refererer til «Jhv’s Shasu», noko som viser at denne guden vart tilbedd blant nokre av Shasu-stammane på den tida. Arkeologen Amihai Mazar har foreslått at assosiasjonen mellom Jahve og ørkenvandringa kan ha opphav i dei tørre landområda sør om Israel.

Egyptologen Donald Redford har foreslått at israelittane sjølve i gamal tid kan ha vore ei gruppe sjasufolk som flytta seg nordover inn i Kanaan (i det 13. hundreåret f.Kr.), og at dei for fyrste gong dukkar opp på gravsteinen til Merenptah. Israel Finkelstein har vidare påpeikt at dei busette seg i dei samaritanske og judeiske fjella på den tida.

Enda tidlegare vitnesbyrd viser at JHVH vart tilbedd som Jah (Yah) ved Ebla (2350 f.Kr.) og som Jav (Yaw) ved Ugarit (1800–1200 f.Kr.), kor han var ein av Elohim-ane – Els soner. (Elohim er hebraisk for Gud i majestet-fleirtal.)

På denne bakgrunn foreslår Jean Bottero at Jah (Yah) var den vest-semittiske utgåva av den akkadiske visdomsguden Ea, eit namn avleidd frå sumerisk (E = 'hus', A = 'vatn'), og ein tittel gitt til den sumeriske guden Enki. (Mesopotamia: Writing, Reasoning, and the Gods) Jah og Ea blei då uttalt likt. Akkurat som Ea var JHVH då mennesket sin skapar og han som redda Noah frå den verdsomspennande vassflaumen. Hebraikeren Joel M. Hoffman meiner på sin side at tetragrammet opphavleg vart sett saman av forskjellige variantar av morgudar (materne gudar).

Som Van der Toorn understreker, er ei rekke forskjellige meiningar presentert, men ein har ikkje blitt vorte einige om nokon eintydig etymologi for tetragrammet.




#Article 99: Wikipedia (297 words)


Wikipedia er eit fritt oppslagsverk skrive på dugnad av brukarane ved hjelp av wiki-programvare. Wikipedia er styrt av Wikimedia Foundation, ein organisasjon som vert driven utan økonomisk vinning som mål. I tillegg til vanleg oppslagsverksinnhald, inneheld Wikipedia informasjon som ein ofte finn i almanakkar og atlas, og nyhende.

All teksten i Wikipedia vert utgjeven under GNU fri dokumentasjonslisens, også kjent som GFDL. Det betyr at det er fritt fram å bruka, redigera, kopiera og redistribuera alt innhaldet, så lenge ein held seg til retningslinjene i GFDL. Kort fortalt går lisensen ut på at ein må seia klart frå kor innhaldet er henta frå, og gje andre den same retten til å bruka og vidareutvikla innhaldet.

Andre delar av innhaldet, som til dømes bilete laga av kunstnarar som har døydd meir enn 70 år sidan, er det stort sett ingen som har opphavsrett etter lovane i dei fleste landa og vert i slike tilfelle brukt fritt på Wikipedia.

Innhaldet i Wikipedia vert skrive av brukarane. Sidene er med få unntak alltid opne for redigering av både registrerte og anonyme brukarar, og ingen artikkel er nokon gong ferdig. Dette har gjeve opphav til mange argument mot Wikipedia, som at artiklane vil bli ufullstendige og lite truverdige.

Wikipedia byrja som eit engelskspråkleg prosjekt den 15. januar 2001, og fransk kom raskt etter den 23. mars 2001. Norsk Wikipedia kom til i 2002, og Nynorsk Wikipedia i 2004.

Det har vore gjort mykje arbeid sidan i å gjera Wikipedia fleirspråkleg, og prosjektet har nå meir enn 1 400 000 artiklar på engelsk og meir enn 5 millionar til saman (september 2006). 

Stiftinga Wikimedia Foundation eig tenarane, domenenamnet og utsjånaden til wikipediasidene. Stiftinga har utgjevaransvaret for Wikipedia, og følgjer lovene til delstaten Florida. Jimmy Wales, initiativtakaren til Wikipedia, er formann i stiftinga.




#Article 100: Johann Sebastian Bach (3208 words)


Johann Sebastian Bach () var ein tysk komponist og organist under barokken. Han vert av mange rekna som ein av dei største komponistane nokon gong, men i samtida var han best kjent som ein stor orgel- og cembalovirtuos.

Dei religiøse og verdslege verka hans for kor, orkester og soloinstrument prega barokkmusikken og vart eit høgdepunkt i perioden. Sjølv om Bach ikkje introduserte nokon nye musikkformer, gjorde han den rådande tyske stilen rikare med ein robust kontrapunktisk teknikk, ei tilrettelegging av harmoniar og motiv frå den minste til den største skala og rytmar og struktur frå utlandet, særleg Italia og Frankrike. 

Verka til Bach er akta for den intellektuelle djupna, den tekniske kvaliteten og den kunstnariske venleiken, og omfattar mellom anna dei seks Brandenburgkonsertane, Goldbergvariasjonane, Engelske suitar, Franske suitar, Partitaer og Det veltempererte klavéret, samt Messe i h-moll, Matteuspasjonen, Musikalisches Opfer, Die Kunst der Fuge, Sonatar og partitaer for fiolin, Seks cellosuitar, kyrkjekantatar der 220 av dei er bevart og tilsvarande mange verk for orgel, av dei den kanskje mest kjente orgelkomposisjonen i dag, «Toccata og fuge i d-moll».

Verka hans har gjeve inspirasjon til fleire seinare europeiske komponistar. Bach overlevde barokkperioden og musikken hans vart rekna som umoderne då han døydde. Dei harmonisk komplekse og fleirstemte komposisjonane i barokken stod i sterk kontrast til den enklare, einstemte musikken i wienerklassisismen. Etter at komponisten døydde, vart musikken hans nesten gløymt. Musikken til Bach vart gjenoppdaga på 1800-talet då Felix Mendelssohn-Bartholdy oppførte Matteuspasjonen i Berlin i 1829. Han var òg sentral i utbreiinga av musikken til Bach. I 1850 vart det oppretta eit Bach-selskap.

Johann Sebastian Bach vart fødd i Eisenach i Thüringen, som no er ein del av Tyskland. Han var det yngste barnet til Johann Ambrosius Bach, ein organist ved St. Georg-kyrkja og Maria Elisabetha Lämmerhirt Bach, dotter av ein buntmakar og byrådsmedlem. Far hans lærte han å spele fiolin og cembalo. Onklane hans var alle profesjonelle musikarar; mellom anna kyrkjeorganistar, kammermusikarar ved hoffet og komponistar. Onkelen Johann Christoph Bach var særskild kjend og introduserte han for kunsten å spele orgel. Bach var stolt av den musikalske familien sin og kring 1735 laga han eit utkast til ei slektstavle, «Opphavet til den musikalske Bach-familien».

Mor til Bach døydde i 1694 og far hans berre åtte månader seinare. Det ti år gamle foreldrelause barnet flytta inn med den eldste bror sin, Johann Christoph Bach, organisten ved det nærliggande Ohrdruf. Der kopierte, studerte og framførte Johann Sebastian musikk og mottok verdifull lærdom frå bror sin, som gav han opplæring i klavikordspel. Broren viste han verka til dagens store komponistar frå sør i Tyskland, som Johann Pachelbel (som Johann Christoph hadde studert under) og Johann Jakob Froberger, kanskje til musikken av komponistar frå nord i Tyskland, til franskmenn, som Jean-Baptiste Lully, Louis Marchand, Marin Marais, og til den italienske klaviaturspelaren Girolamo Frescobaldi. Nekrologen til Bach indikerer at han kopierte musikken frå notane til Johann Christoph, men bror hans hadde ikkje gjeve han løyve til å gjere slik, truleg fordi notane var kostbare og private handelsvarer på den tida.

Saman med den eldre skulekameraten George Erdmann,  vann Bach eit korstipend for å studere ved den prestisjefylte St. Mikael-skulen i Lüneburg, ikkje langt frå Hamburg. Bach var då fjorten år gammal. Dette innebar ei lang reise med venen, truleg gjort delvis til fots og delvis ved hjelp av hestetransport. Dei to åra hans der ser ut til å ha vore viktig for å få vidare kjennskap med europeisk kultur enn han ville ha erfart i Thüringen. Forutan å synge i a cappella-koret, spelte han truleg orgel og cembalo på skulen. Han lærte truleg fransk og italiensk og fekk eit solid grunnlag i teologi, latin, historie, geografi og fysikk. Han kom i kontakt med søner av nordtyske adelsmenn, sende til den høgst selektive skulen for å førebu seg på karrierar innan diplomati, regjering og militæret. Det er truleg at han hadde viktig kontakt med organistar i Lüneburg, særleg Georg Böhm og at han vitja fleire av dei i Hamburg, mellom andre Johann Adam Reincken og Nicolaus Bruhns. Gjennom desse musikarane fekk han truleg tilgang til dei største og prektigaste instrumenta han hadde spelt på så langt. Det er truleg at han under denne perioden vart kjent med musikken frå den nordtyske orgelskulen, særleg verka til Dietrich Buxtehude og desse musikkmanuskripta og avhandlingane om musikkteori til desse musikarane.

Kort etter eksamenen hans i januar 1703, like etter at han ikkje hadde kome gjennom ei prøvespeling ved Sangerhausen, fekk Bach ei stilling som hoffmusikar i kapellet til hertug Johann Ernst i Weimar, ein storby i Thüringen. Det er usikkert kvifor han virka her, men det let til at Bach hadde ikkje-musikalske plikter i tenarskapet. I løpet av dei sju månadane hans i Weimar vart hans ry som tangentspelar spreidd. Han vart invitert til å mønstre og gje innviingskonsert på det nye orgelet ved St. Bonifatius-kyrkja i Arnstadt. Bach-familien hadde tette samband med denne eldste byen i Thüringen, omkring 180 kilometer sørvest for Weimar. I august 1703 tok han stillinga som organist ved denne kyrkja, med enkle plikter, ei relativt sjenerøs løn og eit lekkert nytt orgel stemt etter eit moderne system som tillét bruk av ein vid skala tangentar. På denne tida var Bach oppteken av dei seriøse preludiekomposisjonane; desse verka viste alt stram motivisk kontroll i den nordtyske virtuose tradisjon, der ein enkelt kort musikkidé vert utforska med overtyding gjennom éin sats. I desse verka hadde ikkje komponisten enno utvikla seg fullt ut.

Sterke familieband og ein musikalsk entusiastisk arbeidsgjevar hindra ikkje spenning mellom den unge organisten og autoritetane etter fleire år i stillinga. Han var openbert ikkje tilfreds med standarden til songarane i koret; meir alvorleg var det uautoriserte fråværet hans frå Arnstadt i fleire månadar i 1705-06, då han vitja den store meisteren Dietrich Buxtehude og hans Abendmusik i den nordlege byen Lübeck. Denne velkjente hendinga i livet åt Bach gjorde at han gjekk omkring 400 kilometer kvar veg for å få vere saman med mannen han truleg såg som farsfiguren for tyske organistar. Turen styrkte stilen til Buxtehude og var eit grunnlag for dei tidlege verka til Bach. At han vart fleire månader lengre enn det han planla, tyder på at tida med den gamle mannen var av stor verdi for den skapande evna til Bach.

Trass i ei makeleg stilling i Arnstadt ser Bach ut til i 1706 å ha vorte klar over at han måtte frigjere seg frå familiemiljøet og kome seg vidare for å styrke karrieren sin. Han fekk tilbodet om ei meir lønsam stilling som organist i St. Blasius-kyrkja i Mühlhausen, ein stor og viktig by i nord. Året etter tok han opp leiarstillinga i kyrkja med langt betre betaling og vilkår, samt eit godt kor. Fire månader etter å ha kome Mühlhausen, gifta han seg med tremenningen sin frå Arnstadt, Maria Barbara Bach. Saman fekk dei sju barn, der fire overlevde til vaksen alder. To av dei — Wilhelm Friedemann Bach og Carl Philipp Emanuel Bach — vart viktige komponistar i wienerklassisismen som følgde barokken.

Kyrkja og byrådet i Mühlhausen må ha vore stolte av sin nye musikkleiar: Raskt samtykte dei i planen hans om ei kostbar renovering av orgelet i St. Blasius-kyrkja og gleda seg så over den gjennomarbeida, muntre kantaten han skreiv for innviinga av det nye bystyret i 1708 — Gud er min konge (Gott ist mein König) BWV 71, i tydeleg Buxtehude-stil — at dei betalte kosteleg for forkynninga og to gonger i seinare år henta komponisten tilbake for å framføre den. Det same året fekk Bach likevel tilbodet om ei betre stilling i Weimar.

Etter eit knapt år i Mühlhausen forlet Bach byen for å bli hofforganist og konsertmeister i det hertugelege hoffet i Weimar; ein stor skilnad frå den tidlegare stillinga hans der. Den rundhanda løna ved hoffet og høvet til å jobbe utelukkande med ei stor gruppe profesjonelle musikarar kan ha påverka trekket. Familien flytte inn i eit husvære berre fem minuttars gange frå hertugpalasset. I det følgjande året vart det første barnet deira født og dei kom saman med Maria Barbara si eldre, ugifte søster, som vart verande med dei for å vere hjelpe til i huset heilt ho døydde i 1729. I Weimar vart òg dei to musikalsk viktige sønene Wilhelm Friedemann og Carl Philipp Emanuel Bach født. 

Stillinga til Bach i Weimar markerte byrjinga på ein langvarig periode der han komponerte tangent- og orkesterverk og hadde oppnådd teknisk dugleik og sjølvtillit som komponist til å utvide den rådande storstilte oppbygginga og samanfatte påverknader frå utlandet. Frå musikken til italienarane som Vivaldi, Corelli og Torelli lærte han å skrive dramatiske opningar og tok i bruk disposisjonane deira, dynamiske rytmar og bestemte harmoniar. Bach lærte seg desse stilistiske aspekta overvegande ved å transkribere for cembalo og orgel ensemblekonsertane til Vivaldi; desse verka er framleis konsertfavorittar. Han kan ha teke opp ideen å transkribere den seinaste mondéne italienske musikken frå prins Johann Ernst, ein av arbeidsgjevarane hans, som var ein musikar av profesjonelt kaliber. I 1713 vendte greven tilbake frå ei reise i Nederlanda med ei stor manuskriptsamling, nokre av dei kanskje transkripsjonar av den blinde organisten Jan Jacob de Graaf. Bach var særleg tiltrekt av den italienske solo-tutti-strukturen, der ein eller fleire soloinstrument vekslar seksjon for seksjon med heile orkesteret gjennom ein sats. Desse italienske særprega kan ein høyre i utdraget under, i preludiet til Engelsk suite nr. 3 for cembalo (1714).

I Weimar hadde Bach høve til å spele og komponere for orgelet og å framføre eit variert repertoar av konsertmusikk med ensemblet til hertugen. Den meisterlege kontrapunktiske teknikken til Bach og den solide produksjonen av fuger starta i Weimar. Den største fugesamlinga hans er Det veltempererte klavér (Das wohltemperierte Clavier). Den består av 48 preludium og fuger, to i kvar toneart. Dette er eit monumentalt verk for den meisterlege bruken av kontrapunkt. For første gong tok eitt verk i bruk alle tangentane på instrument stemt ifølgje system som Andreas Werckmeister sitt.

Under tenesta si i Weimar byrja Bach å arbeide på Den vesle orgelboka (Orgelbüchlein) for den eldste sonen, Wilhelm Friedemann; denne inneheld tradisjonelle lutherske koralar, sett i komplekse strukturar for å vere hjelpeleg med opplæring av organistar. Boka illustrerer to store tema i livet til Bach: entusiasmen hans  for å undervise og kjærleiken hans til koralen som musikkform.

 
Enno ein gong byrja Bach å leite etter ein meir stabil jobb som kunne fremme dei musikalske interessene hans. Fyrst Leopold av Anhalt-Köthen hyra Bach til å tene som kapellmeister. Fyrst Leopold, som sjølv var musikar, sette pris på talentet til Bach, betalte han godt og gav han mykje spelerom i å komponere og framføre. Likevel var fyrsten kalvinist og dyrka ikkje sakral musikk; derfor var dei fleste av verka til Bach frå denne perioden verdslege, mellom anna Orkestersuitar, Seks cello-suitar og Sonatar og partitaer for solofiolin. Dei velkjende Brandenburgkonsertane er òg frå denne tida.

Medan Bach var i utlandet med fyrst Leopold døydde, tragisk og uventa, kona og mor til dei første sju barna hans Maria Barbara  den 7. juli 1720.  Enkemannen møtte året etter Anna Magdalena Wilcke, ein ung, særs dyktig sopran som song ved hoffet i Köthen. Dei gifta seg 3. desember 1721. Trass i aldersskilnaden — ho var 17 år — ser dei ut til å ha hatt eit vellukka ekteskap. Saman fekk dei meir enn 13 barn, mellom andre Gottfried Heinrich, Johann Christoph Friedrich og Johann Christian skulle verte viktige musikarar. Vidare overlevde tre til moden alder: Elisabeth Juliane Friederica (1726-81) (som gifta seg med eleven til Bach, Johann Christoph Altnikol), Johanna Carolina (1737-81) og Regina Susanna (1742-1809).

I 1723 vart Bach tilsett som kantor for Thomasschule ved Thomaskyrkja (den lutherske Thomaskirche) i Leipzig og som musikalsk leiar for kyrkja i byen. Dette var ei prestisjefylt stilling i den leiande kjøpmannsbyen i Sachsen, eit kurfyrstedøme som grensa til Thüringen. Om ein ser bort frå den korte tenesta hans i Arnstadt og Mühlhausen, var dette den første statsstillinga til Bach i ein karriere der han hovudsakleg tente aristokratiet. Denne stillinga, som han skulle ha til han døydde 27 år seinare, førte han i kontakt med dei politiske planleggingane til arbeidsgjevaren hans, bystyret i Leipzig. Bystyret omfatta to fraksjonar: tilhengjarane av einveldet, lojal til Sachsen-monarken i Dresden, August den sterke; og kjøpmannsfraksjonen, som representerte interessene til kjøpmannsklassen, lauget og lågadelen. Bach var ønska av monarkistane, særleg borgarmeisteren Gottlieb Lange, ein advokat som tidlegare hadde tent ved hoffet i Dresden. Til gjengjeld for å samtykke i stillinga til Bach vart kjøpmannsfraksjonen innvilga kontroll over skulen og Bach måtte godta nokre kompromiss i sine arbeidsvilkår. Sjølv om det ser ut til at ingen i hoffet tvilte på det musikalske geniet til Bach, var det ei pågåande spenning mellom kantoren, som såg på seg sjølv som leiar for kyrkjemusikken i byen, og kjøpmannsfraksjonen, som såg på han som overhovud for skulen og ville legge mindre vekt på religiøs musikk både i skulen og kyrkja. Bystyret betalte aldri dei 1000 talar i året Lange hadde lova, men Bach og familien hans fekk ei mindre inntekt og ei god leilegheit i den eine enden av skulebygningen, som i 1732 gjekk gjennom ein kostbar renovasjon.

Jobben til Bach kravde at han måtte undervise studentar ved Thomasschule i song og framføre musikk kvar veke i dei to hovudkyrkjene i Leipzig, Thomaskyrkja og Nikolaskyrkja. Posten hans innebar òg at han måtte undervise i latin, men han fekk lov å få nokon til å gjere dette for seg. I eit kraftig kreativt utbrot skreiv han opp mot fem årlege kantatesyklusar dei første seks åra i Leipzig (to av dei skal ha gått tapt). Dei fleste av desse verka utskrivne for fleire stemmer tolka evangeliet for kvar søndag og festdagane i det lutherske året. Mange vart skrivne ved å nytte tradisjonelle salmar, slik som «Wachet auf, ruft uns die Stimme» og «Nun komm, der Heiden Heiland», som inspirasjon. 

For å øve på og framføre desse verka i Thomaskyrkja, sat truleg Bach ved cembaloen eller stod føre koret i det nedre galleriet på vestenden. Han ville då ha sett opp mot orgelet som stod fire meter over. Byrådet gav han berre åtte permanente musikarar, noko som var opphav til mindre usemjer med kantoren, som måtte hyre inn resten av dei om lag 20 musikarane som måtte til frå universitet, skulen eller ålmenta. Orgelet eller cembaloen vart truleg spelt av komponisten (når han ikkje stod for å dirigere), husorganisten, eller ein av dei eldre sønene til Bach, Wilhelm Friedemann eller Carl Philipp Emanuel.

Bach fekk tak i sopranar og altstemmer frå skulen og tenorar og bassar frå skulen eller andre stader i Leipzig. Framføringar i bryllaup og gravferder gav ekstra inntekter til desse gruppene. Det var truleg på grunn av dette og for intern opplæring at han skreiv minst seks motettar, hovudsakleg for dobbeltkor. Som ein del av det vanlege kyrkjearbeidet, framførte han motettar frå den venetianske skulen og tyskarar som Heinrich Schütz. Dei var òg modellar for hans eigne motettar. 

Etter å ha brukt det meste av 1720-åra på å komponere kantater, hadde Bach samla seg eit stort repertoar av kyrkjemusikk for dei to hovudkyrkjene i Leipzig. Han ønskte no å gjere andre former og spele utanfor liturgien. I mars 1729 tok han over styrevervet i Collegium Musicum, ei verdsleg utøvargruppe som vart starta i 1701 av den gamle venen hans, komponisten Georg Philipp Telemann. Dette var ein av fleire titals private foreiningar i dei tysktalande byane som vart oppretta av musikalsk aktive universitetsstudentar. Desse foreiningane hadde kome til å spele ei viktig rolle i det offentlege musikklivet og var ofte leia av dei mest framståande profesjonelle musikarane i byane. Det var med andre ord eit smart trekk av Bach som gjorde at han fekk grep om dei viktigaste musikalske institusjonane i Leipzig. Det meste av året gav Collegium Musicum i Leipzig totimarskonsertar to gonger i veka i Zimmerman-kafeen på Catherine Strasse, like ved hovudmarknadsplassen. Eigaren skaffa ein stor hall og fekk fatt i fleire musikkinstrument. Mange av verka til Bach i løpet av 1730- og 1740-åra vart truleg skrivne for og framførte av Collegium Musicum. Av desse var nesten heilt sikkert delar av Clavier-Übung (Klaverøving) og mange av fiolin- og cembalokonsertane.

I denne perioden komponerte han Kyrien og Gloriaen i Messe i H-moll og i 1733 presenterte han manuskriptet til kongen av Polen, storhertug av Litauen og kurfyrste av Sachsen, August II i eit forsøk på å overtale monarken til å utpeike han til kongeleg hoffkomponist. Seinare utvida han dette verket til ei heil messe, ved å legge til ein Credo, Sanctus og Agnus Dei. Musikken var nesten utelukkande teken frå somme av dei beste kantatesatsane hans. Bach vart utpeikt til hoffkomponist og dette ser ut til å ha vore ein del av den langvarige kampen hans om å få betre forhandlingsposisjon med byrådet i Leipzig. Sjølv om den fullstendige messa truleg aldri vart framført i levetida til komponisten, vert det rekna som eit av dei største koralverka gjennom tidene. Mellom 1737 og 1739 tok den tidlegare eleven til  Bach, Carl Gotthelf Gerlach over styrevervet i Collegium Musicum.

I 1747 gjekk Bach til hoffet til Fredrik II av Preussen i Potsdam, der kongen spelte eit tema for Bach og utfordra han til å improvisere ein fuge basert på temaet hans. Bach improviserte ein tredelt fuge på Fredrik sitt pianoforte, noko som då var nytt, og presenterte seinare for kongen eit Musikalsk offer som bestod av fuger, kanonar og ein trio basert på temaet til kongen. Den seksdelte fugen inneheld eit litt anna tema som var meir passande å utdjupe. 

Die Kunst der Fuge, var publisert uferdig etter Bach var død, men truleg skriven fleire år før han døydde. Det består av 18 komplekse fuger og kanonar basert på eit enkelt tema. Det er eit magnum opus innan tematisk transformasjon og kontrapunktiske teknikkar og vert ofte omtalt som oppsummeringa av polyfone teknikkar. 

Det siste verket Bach komponerte var eit koralpreludium for orgel, diktert til svigersonen Johann Altnikol, frå dødsleiet. Det heiter Vor deinen Thron tret ich hiermit (Føre trona di står eg no, BWV 668a). Koralen vert ofte spelt etter den uferdige 14. fugen som avslutning i Die Kunst der Fuge.

Helsa til Bach vart truleg dårleg i 1749. Bach fekk stadig dårlegare syn, og augelegen John Taylor, som hadde utført ein mislukka augeoperasjon på Händel, opererte på Bach då han var i Leipzig i 1750. Bach døydde den 28. juli 1750, 65 år gammal. Ei avis rapporterte at «dødsfallet var uheldige omstende etter ein særs mislukka augeoperasjon» Somme moderne historikarar har spekulert i at dødsårsaka var eit slag etter lungebetennelse.

Bach fullendte den polyfone stilen, og med uforlikeleg teknikk og glimrande fantasi skapte han grunnleggande verk både innan kyrkjemusikk og verdsleg musikk. Han blanda impuls frå eldre tyske, franske og italienske komponistar, og foreinte den tradisjonelle polyfone stilen med ein harmonikk bygd på dur og moll. Bach førte mellom anna fugen til det absolutte høgdepunktet for denne musikkforma. 

I samtida var Bach mest kjend som ein glimrande organist, men få av musikkverka hans vart trykte medan han levde. Fleire av klaver- og orgelverka hans spreidde seg noko gjennom avskrifter. Då Matteuspasjonen vart sett opp av Mendelssohn i 1829 starta ein Bach-renessanse, som fekk eit kraftig oppsving då den store utgåva av dei samla verka hans kom ut andre halvdel av 1800-talet. 

Sjå Musikkverka til Bach.

 




#Article 101: Wolfgang Amadeus Mozart (834 words)


Wolfgang Amadeus Mozart () var ein austerriksk musikar og komponist. Mozart er kjend som vedunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.

Mozart var fødd i Salzburg, i det sjølvstendige erkebiskopdømet Salzburg, og blei døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han blei fødd. Foreldra var Anna Maria Pertl Mozart og Leopold Mozart, ein leiande europeisk musikkpedagog. Han tok til å undervisa sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring.

Både Mozart og den eldre systera Maria Anna blei dyktige musikarar, og reiste på konsertturnéar til fleire av hoffa i Europa. Gjennom dette blei Mozart kjend med stordommar som Johann Christian Bach, som skulle bli ein viktig påverknad. Familien blei òg utsett for fleire epidemiar som herja Europa på denne tida, og mora døydde av feber i Paris i 1778.

Den unge Wolfgang Amadeus var ein uvanleg dyktig musikar. Allereie som sjuåring kunne han spela kva stykke som helst frå bladet, transponera utan vidare, improvisera ariar over ei gjeven basstemme og komponera på staden. Forteljinga om korleis Mozart skreiv ned det hemmelege, nistemmige stykket Miserere av Gregorio Allegri er blitt noko nær ei legende som skildrar kor gåverik han var. Dette stykket var berre tillate å framføra i det sixtinske kapellet, og dei hemmelege notane fanst berre der. Den trettenårige Mozart skreiv ned notane etter å ha høyrd det framført éin gong, og kom tilbake neste dag for å retta nokre småfeil.

Allereie i tenåra var Mozart i ulike periodar tilsett ved hoffkapellet i Salzburg, som konsertmeister hos prins-erkebiskopen av Salzburg. Han heldt stillinga si der fram til 1781(25 år gammal), då han i lengre tid hadde oppfatta ho som trong og lite gjevande. Etter brotet med arbeidsgjevaren i Salzburg, bestemde han seg for å flytta til Wien for å prøva seg som frilansmusikar og fri kunstnar, noko som for så vidt var eit spenstig val på den tida. Han blei til å byrja med ein populær komponist blant adelen i Wien, og spelte ofte piano sjølv på pianokonsertane han skreiv for å marknadsføre seg for wienerpublikummet. Trass i forholdsvis god tilgang på arbeidsoppdrag og elevar, hadde Mozart stadig økonomiske problem, både fordi han ikkje alltid fekk betalt for arbeidet sitt og fordi han ofte sløste vekk dei pengane han hadde. Sjukdommar og depresjonar gjorde òg livet vanskeleg for komponisten.

I 1782 gifta han seg med Constanze Weber, eit søskenbarn av komponisten Carl Maria von Weber. Dei fekk seks ungar, men berre to av dei voks opp. På denne tida blei han òg ven med Joseph Haydn og blei vald inn i same frimurarlosjee som han. Religiøs symbolikk og samfunnskritikk med opphav her kan finnast igjen i operaene Tryllefløyta og Figaros bryllaup.

Etter å ha gjort stor suksess med operaen Figaros bryllaup i Praha, blei Mozart tilboden stillinga som keisarleg kammerkomponist då han kom tilbake til Wien i 1787. Tre år seinare blei han kapellmeister ved Stefansdomen i Wien. I dei seinare åra sine sleit han meir med å få wienerpublikummet til å lika musikken sin. Musikken han skreiv vart meir og meir oppfatta som musikk for musikkjennarar og for komplisert for målgruppa. I 1791 komponerte han Tryllefløyta, endå eit verk han gjorde større suksess med i Praha enn i Wien. Då han skreiv denne operaen, hadde han berre to månader igjen å leva. Mozart døydde såvidt 36 år gammal, av ein ukjend sjukdom, medan han arbeidde på det siste, ufullenda verket sitt, Requiem. Dette var eit bestillingsverk frå ein anonym person, men Mozart skal likevel ha følt at han skreiv Requiem som ei dødsmesse til seg sjølv.

Mozart er ein sentral representant for klassisismen innan musikken, saman med komponistar som Haydn og Beethoven. Ein finn alle dei viktige elementa i stilen igjen i musikken hans: Balanse, klarleik og ukompliserte harmoniar. Utviklinga hans liknar utviklinga til musikkstilen, frå eit enkelt tonespråk brukt av mellom anna Sammartini og Stamitz, til ein mogen stil der kontrapunktteknikkar frå barokken var fletta inn.

Frå han var liten hadde Mozart talent for å etterlikna musikken han høyrde, og dei mange turnéreisene hans gjorde at han fekk høyra mange ulike stilar som han samla i eit særeige komposisjonsspråk. Som barn i London møtte han Johann Sebastian Bach og hans musikk, i Paris, Wien og Mannheim møtte han musikarar og komponistar derfrå. Påverknaden frå italienske ouverturer og humoristisk opera buffa er tydelege i musikken hans.

Mozart komponerte innan nær alle dei store sjangrane, som symfoniar, opera, kammermusikk og soloinstrumentkonsertar, der han særleg utvikla pianokonsertar og gjorde dei populære blant folk. Han skreiv religiøs musikk, som messer, og lett underhaldning, som dansar og serenadar. På same måte som Franz Schubert er Mozart kjend for å ha skapt enkle melodiar som sit lett i minnet.

Den austerrikske musikkforskaren Ludwig von Köchel laga ei kronologisk-tematisk liste over alle verka til Mozart som var kjende. Det er gjort endringar seinare, men komposisjonane 1-626 blir som regel gjevne med K- eller Köchel-nummer.




#Article 102: Klepp kommune (549 words)


Klepp kommune ligg på Jæren i Rogaland fylke og grensar i nord til Sola og Sandnes, i aust til Time og i sør til Hå. Kommunen har hatt dei same grensene sidan formannskapslova i 1837.

Administrasjonssenter i kommunen er Kleppe. Lokalavisa er Jærbladet som òg dekkjer kommunane Hå og Time.

Namnet Klepp stammar frå norrønt Kleppr. Dette tyder klump, som truleg opphavleg vart brukt om høgda Kleppvarden. Ein person frå Klepp blir kalla kleppsbu.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1972. Motivet er ein steinkross frå kring år 1000. Krossen står på gravhaugen Krosshaug. Like ved er Tinghaug. Tinghaug er det høgste punktet på Låg-Jæren, og var tingstad i jernalderen.

Klepp strekkjer seg austover til Frøylandsvatnet og ligg på Låg-Jæren med høgste punkt på 102 moh. Langsetter kysten er sanddyner lagt opp av brenningar og vind, og sør for Orrevatnet er det blåst særleg mykje sand innover land. Det er planta marehalm og buskfuru på dynene for å hindra vidare sandflukt. Nordover er jorda grovare, og nord for Orrevatnet er ho danna av morenemateriale frå ein daudismasse. Mellom Frøylandsvatnet og Figgjoelva i nordaust er det mest utvaska jord som er lagt opp av breelvar på slutten av siste istid.

Dei eldste gardane ligg på morenehaugar i terrenget, ofte i tette klyngjer. Dei største tettstadene i kommunen er administrasjonssenteret Kleppe/Verdalen med  og Pollestad med . Av andre tettstader kan nemnast Orstad og Voll. I tillegg ligg delar av tettstadene Bryne og Kvernaland i Klepp. Elles er det jamn busetnad i kommunen.

Dei eldste spora etter busetnad i Klepp kan førast attende til 6000 fvt. På den tida var det store skogar av eik i området. Fleire runeinnskrifter stammar frå Klepp. I Kleppe er det bygdemuseum. Den gamle kyrkja i Orre, attmed elva frå Orrevatnet, er frå 1250 og vart bygd på i 1864. På Revtangen er det ornitologisk stasjon som ei avdeling av Stavanger Museum.

Klepp er ein viktig jordbrukskommune der 72% av arealet i kommunen er dyrka jord. Jordbruket er kjenneteikna av ei intensiv og variert driftsform som gjev god økonomisk vinning. Kommunen er størst i fylket innan produksjon av korn, poteter og grønsaker på friland. I tillegg har veksthusnæringa vore i vekst. Industrien i kommunen heng saman med jordbruket og er konsentrert til kommunesenteret Kleppe, Klepp stasjon og Øksnevad. Her er næringsmiddelindustri som meieri og potetindustri, i tillegg til verksemder som lagar reiskapar til landbruk. Elles er offentleg og privat tenesteyting viktige næringsvegar i Klepp.

Dei viktigaste vegane i Klepp er Jærvegen Rv44 og Solavegen Fv510. Jærbanen går gjennom austre delen av kommunen, med stoppestader på Klepp stasjon og Øksnevadporten (Orstad). I Klepp ligg Høgskulen for landbruk og bygdenæringar.

Klepp har til saman 10 skular, mellom dei er 6 barne-, 2 ungdoms- og 2 kombinerte (barne+ungdoms) skular. Barneskulane er Bore skule, Engelsvoll skule, Horpestad skule, Kleppe skule, Tu skule og Vasshus skule. Dei to ungdomsskulane er Bore ungdomsskule og Klepp ungdomsskule, medan dei to kombinerte skulane er  Orre skule og Orstad skule.

Klepp ligg i randsona mellom nynorsk og bokmål, medan bokmålet er sterkast i dei nordlege grannekommunane Sola og Sandnes, har nynorsken overtaket i dei sørlege grannekommunane Hå og Time. I Klepp har det vore ein jamn attergang for målet siden kring år 2000, og i 2012 har kring 6 av 10 elevar nynorsk som hovudmål.




#Article 103: Den portugisiske synagogen i Amsterdam (655 words)


Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gylne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Tora (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam). Etter andre verdskrigen og Holocaust er det ikkje meir enn 700 medlemmer i meinigheita. Men denne synagogen, som mirakuløst nok overlevde nazistane sine øydeleggingar (fleirtalet av dei tyske synagogane vart sette i brann), er stadig open for publikum.

Den 12. september 1670 vart tomta kjøpt for oppføring av den nye portugisiske synagogen i Amsterdam. Synagogen vart teikna av den nederlandske arkitekten Elias Boumann. Arbeidet tok til den 17. april 1671, og synagogen vart innvigd på 2. august 1675.

Etter utvisinga av alle jødar frå Spania av dronning Isabel og kong Ferdinand av Castilla i 1492 flykta om lag 30.000 jødar til Portugal, kor det allereie fanst eit tilsvarande tal portugisiske jødar.

I 1496, under styret til Diego Manoel I av Portugal, vart alle desse tvinga til å konvertere til katolisismen mdash; anten dei var portugisiske eller spanske jødar. Den aktive forfølginga av jødar i Portugal byrja med iverksetjinga av inkvisisjonstribunalet i 1540 mdash; ein institusjon som stod ved lag fram til 1821.

Frå denne tida av valde mange såkalla Cristãos-Novos (port.) eller cristianos nuevos (sp.), eller med andre ord dei som var ætta frå dei jødane som hadde vorte tvangskonverterte til kristendommen, å flykte frå Portugal og Spania, der dei altså var forfølgde og undertrykte av ulike grunnar. Ein av grunnane var økonomisk: Ein stor del av den jødiske befolkninga kunne lesa, medan fleirtalet av dei kristne var analfabetar. I tillegg hadde Den katolske kyrkja forbode kristne å taka renter, noko som gjorde at jødar var dei einaste som kunne drive bankverksemd på eit økonomisk forsvarleg vis. Jødane i Portugal mdash; inkludert nykristne mdash; hadde av desse grunnane, særleg ut frå liten grad av analfabetisme og sterk vekt på utdanning, ein høg posisjon i samfunnet i kulturlivet, i medisinen, i kartografien og i vitskap generelt.

Frå kring 1596 kom mange portugisiske familiar av jødisk opphav til Amsterdam (blant andre stader. Desse hadde fått nok av undertrykkjinga i Portugal og ville vende attende til open praktisering av si eiga tru att.

På denne tida, mellom 1580 og 1640, tok Portugal del i Den iberiske unionen under Filip-kongane mdash; ein katolsk allianse som førte open krig mot England. Den spanske inkvisisjonen var aktiv i det sørlege Nederland på denne tida og var årsak til ryet som eit mørksinna og barbarisk folk som spanjolane fekk i Nederland. I Nederland, kor reformasjonen fekk grundig fotfeste, tørsta folket etter fridom frå det katolske Spania og slost no for politisk og religiøs fridom i åttiårskrigen mdash; krigen for nederlandsk sjølvstende.

Slik heng det saman at ikkje berre portugisiske jødar, men òg spanske jødar, grupperte seg saman med dei portugisiske for slik å unngå å bli rekna til den spanske fienden.
Dei iberiske jødane (eller sefardiske jødar) vart snart til ein minoritet, med bylgja av jødar frå Aust-Europa (eller askenasiske jødar); dei sistnemnde var fleire, men òg jamnt over fattigare enn «portugisarane», som snart fekk merkelappen som kulturmenneske, finansfolk og politisk innflytnadsrike.
Enno i dag, etter at nazistane utsletta over 80 % av dei nederlandske jødane under Andre verdskrigen, følgjer det ein dåm av prestisje med dei portugisiske familienamna mdash; med samband attende til det rike portugisisk-jødiske miljøet på 1500- og 1600-talet.

Dei portugisiske jødane tilkjempa seg viktige rettar i samband med si kulturelle og politiske utvikling i Nederland, og dei oppnådde religions- og meiningsfridom mdash; i skarp motsetnad til tilhøva for dei fleste jødiske gruppene i resten av verda.

Det portugisisk-jødiske miljøet produserte mange namn av nasjonalt og internasjonalt ry: Rabbinarar, lærde, filosofar, finansfolk og grunnleggjarar av internasjonale handelskompani. Av desse kan nemnast Baruch de Spinoza, Isaac de Pinto, David Ricardo, Menasseh Ben Israel og Uriel Acosta.




#Article 104: Kommune (175 words)


Ein kommune er eit mindre administrativt område i eit land. Ordet «kommune» kjem av fransk commune, som blei til under den franske revolusjonen. Commune kjem igjen frå latinsk communia til communis. Det latinske ordet tyder ‘felles’ eller ‘sams’. 

I Noreg er det to typar kommunar, (primær)kommunar og fylkeskommunar. 

I Noreg er kommunestyret det øvste politiske organet i kommunen, og det blir vald ved kommune- og fylkestingvalet kvart fjerde år. Då vel lokalbefolkinga, det vil seie kommunen sine innbyggarar, representantar til kommunestyret. Deretter vel kommunestyret ordførar, og han eller ho kjem som oftast frå det største partiet og har fleirtalet i kommunestyret bak seg. Kommunane har òg ein administrasjon med fast tilsette. Den administrative sjefen blir kalla rådmann.

Kommunane vart innført med formannskapslovene frå 1837 og landet vart delt i 392 geografiske område med basis i prestegjelda. Talet på kommunar var størst i 1930 med 747 kommunar. I 2008 var det 430 kommunar i Noreg.

Eit ord som har vore mykje nytta på norsk i staden for kommune er «herad» (nynorsk) eller «herred» (dansk eller bokmål).




#Article 105: Johan Daniel Berlin (290 words)


Johan Daniel Berlin () var ein tyskfødd norsk komponist, organist og bymusikar, og ein av grunnleggjarane av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Berlin vart fødd i den prøyssiske byen Memel, i det noverande Litauen. Far hans var stadsmusikant Johan Heinrich Berlin og mora Maria Elisabeth Seehausen. Han reiste til København i 1730, og lærde hjå bymusikaren Andreas Berg dei neste sju åra. Frå 1737 til 1767 var han bymusikar (stadsmusikant) i Trondheim. Berlin var òg organist i Nidarosdomen (1741ndash;1787) og Vår Frue kirke (1752ndash;1761).

Berlin komponerte ein heil del, men berre få av verka hans er tekne vare på; tre sinfoniaer i D-dur for orkester, ein fiolinkonsert i A-dur og nokre småstykke for cembalo. Han konstruerte nye musikkinstrument ndash; «Viola da gamba Claveer» som blei drive av roterande hjul og «Claveer med Pedal». Eit stemmeapparat laga av han er bevart ved Ringve Museum.

I 1744 gav Berlin ut den første dansk-norske læreboka i musikk, Musicaliske Elementer. I 1765 kom ei avhandling på latin, i tysk omsetjing i 1767. Omsett frå tysk blir tittelen Lærebok i tonometri, eller korleis ein gjennom logaritmiske utrekninga kan koma fram til den såkalla likesvevande temperaturen; med vedlegg: Undervisning i monokord (Monochordum), oppfunne av meg i 1753. Desse skriftene blei gjevne ut på nytt i 1976 av Bjarne Kortsen.

I tillegg til sitt musikalske virke var Johan Daniel Berlin overbranndirektør i Trondheim, vassverksinspektør, arkitekt og kartteiknar. I åra 1762-1771 organiserte han meteorologiske observasjonar for publisering i Kgl. norske Videnskapers Selskabs Skrifter.

Berlin var gift med Dorothea Friis (1711–1782) frå 1730 til 1733. Han var far til Johan Andreas Berlin (1734–72) og Johan Henrich Berlin (1741–1807), som også hadde musikalske karrierar.

Musikalske verk
Etter The Collected Works of Johan Daniel Berlin (1977, red.  Bjarne Kortsen):

Teoretiske verk




#Article 106: Cembalo (118 words)


Eit cembalo er eit tangentinstrument med strengar, der ljoden vert laga av små plekter som knipsar strengane. Cembaloet var saman med klavikordet det vanlegaste tangentinstrumentet frå om lag 1450 til 1750, då hammarklaveret kom.

I motsetnad til på eit hammarklaver (piano), kan ein ikkje endra ljodstyrken stort med anslaget. Derimot har mange instrument meir enn eitt sett strengar (register), som cembalisten kan kopla inn og ut med registertrekk. Ofte er eitt av registera stemd éin oktav høgare enn dei andre (4-fot), og dei største instrumenta har somme tider 16-fotsregister, stemd éin oktav lågare. Som på eit kyrkjeorgel har store instrument ofte to tangentrekkjer (manual).

Cembalo frå slutten av 1700-talet kan òg ha pedalstyrt svellverk for crescendo- og decrescendo-effektar.




#Article 107: Ålgårdbanen (190 words)


Ålgårdbanen eller Ålgårdsbanen er namnet på ei jarnbaneline, sidelina frå Ganddal stasjon på Jærbanen til Ålgård stasjon. Lina er 12 kilometer lang, og vart opna i 1924. Ho var tenkt som byrjinga av Sørlandsbanen, som skulle byggjast om lag der som E39 går no. Men slik vart det ikkje, og passasjertrafikken vart nedlagd i 1955. Størstedelen av godstrafikken forsvann i 1988, og spora på Ålgård stasjon vart rivne opp. 

I 1923 gjorde Stortinget vedtak om bygging av den såkalla «Indre Linje» (Klungland - Bjerkreim - Vikeså - Ålgård). I 1937 gjorde Stortinget nytt vedtak om at den normalspora Sørlandsbanen skulle gå over Egersund og Jæren. 

Dei siste åra har berre dei tre første kilometerane av lina vorte nytta til togtrafikk. På Figgjo stoppestad, som no har vorte museum, kan ein leiga seg skjenesykkel (dresin) og sykla til Ålgård og attende.

Det har vore gjort fleire overslag over kor mykje det vil koste å sette i stand Ålgårdbanen til regulær drift. Det siste overslaget (2012) har gjort at Jernbaneverket ikkje er avvisande til det.

Turen frå Ganddal til Ålgård tok om lag 20 minutt i 1955.

Kilometrering refererer til Oslo V.




#Article 108: Herdla (323 words)


Herdla er ei øy i nordenden av Askøy kommune i Hordaland fylke. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå Kleppestø og Askøybrua.

Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i 1985. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål.

Herdla flyplass vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Den flate Herdlevalen eigna seg til å byggja ein flybase, og Herdla var den viktigaste flyplassen mellom Stavanger lufthamn, Sola og Trondheim lufthamn, Værnes. Bergen lufthamn, Flesland vart ikkje opna før i 1955. Flybasen på Herdla var viktig i forsvaret av ubåtbyen Bergen. Tyskarane bygde og opp Herdla fort, inkludert torpedobatteri Hjelte. Herdla vart kalla laquo;Festung Herdlaraquo;, og alle sivile måtte i løpet av krigen flytta frå øya. Då innbyggjarane kom tilbake i 1945 var det eit enormt oppryddingsarbeid som stod for døra. 

Herdla torpedobatteri vart freda av Riksantikvaren 10. september 2015 . 

Herdla vart 1. januar 1871 skild ut frå Manger som eigen kommune med namnet Herlø heradskommune. Namnet vart endra til Herdla i 1917. Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. I kommunen var om lag 2000 øyar, holmar og båer. Til saman utgjorde dette 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. Øygarden kommune vart skipa, Misje og Turøy vart lagde til Fjell kommune på Sotra. Området Kjerrgarden-Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland-Husebø til Meland kommune. Bognøy vart lagd til Radøy kommune. Herdla kyrkje har lange tradisjonar, og var kyrkje for store delar av gamle Herdla herad.

Folketalsutvikling for tidlegare Herdla kommune frå 1920 til 1964:




#Article 109: Den 17de Mai (143 words)


Den 17de Mai var namnet på ei norsk avis i tida 1894 til 1935. Bladet var oppkalla etter den norske grunnlovsdagen 17. mai. Avisa hadde undertittelen «Norskt Folkeblad». I 1935 skifta avisa namn til «Norsk Tidend». Landsmål var hovudmål i avisa, avisa er difor vorte kalla ei «målavis» eller «norskdomsblad».

Tysdag 9. januar i 1894 kom fyrste utgåva av Den 17de Mai. Arne Garborg og Rasmus Steinsvik gjorde opptak til bladet. Hulda Garborg døypte bladet, og Arne Garborg vart med i bladstova (redaksjonen). Dei same personane var òg knytt til Fedraheimen.

Den 17de Mai kom i fyrstninga ut «kver tirsdag, thorsdag og laurdag» og kosta kr. 1,10 «fjordungaaret» (kvartalet), kr. 6,10 til Amerika, «send 1 gong um vika». I 1910 var bladet mellom dei med mest tingarar i heile landet. Frå 1914 kom bladet ut dagleg. Slik fekk ein eit dagleg nynorsk riksorgan.




#Article 110: Torkel Ravndal (103 words)


 
Torkel Ravndal () var ein styrkeløftar frå Jæren som ei tid var kjend som «Europas sterkaste mann». Ravndal starta på ein karriere som styrkeløftar, og sette tidleg på 1970-talet verdsrekord i markløft. Til OL i 1972 vart han ikkje med, men starta i staden å reisa rundt som muskelmann. Han imponerte med å løfta for eksempel bilvrak og fleire menneske på ei jernstong. Etter kvart vart han ein kjendis det gjekk mange historier om. Mellom anna vart det sagt at han spesielt likte å løfta kvinner og jenter. 

Ravndal voks opp på Figgjo i Sandnes kommune i Rogaland. Han døydde på Bryneheimen sjukeheim.




#Article 111: Jærsk (680 words)


Jærsk eller jærmål er namnet på talemålet som jærbuen nyttar. Det høyrer til dei sørvestlandske målføra. Sjølv om Jæren i realiteten er det flate kystområdet mellom for Tungenes fyr i Randaberg og Ogna i Hå, der Dalane tek til, omfattar ikkje det jærske talemålet heile Jæren. Ein kan avgrensa talemålet for innbyggarane i kommunane Time, Klepp, Hå, Bjerkreim, Sandnes, Sola og Gjesdal. 

Som i alle målføre finst det skilnadar; spesielt mellom den nordlege og sørlege talemåten. I nord får dialekten meir likskapar til stavangersk og dialekten i Sandnes sentrum, medan i sør liknar dialekten meir på dialekten i Dalane. Det finst òg geolektisk og sosiolektisk variasjon; talemåten varierer frå kor på Jæren ein er frå og kva sosioøkonomisk bakgrunn ein har.

Jærsk inngår som eit sørvestlandsk talemål. Det inneber at det er i same dialektgruppe som sognamål, sunnhordlandsdialekt og ryfylkedialekt, blant anna. Jærsk har mange fonologiske kjenneteikn.

Substantiva i jærsk har tre grammatiske kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Det er totalbortfall av kasus i jærsk når det kjem til substantiv.  Grammatisk sett har ikkje jærsk ein distinksjon mellom svake og sterke hokjønnsord; talemålet har mist den særeigne bøyinga for sterke hokjønnsord, som mange andre sørvestlandske målføre har. Dialekten opererer med same bøying for svake og sterke substantiv i hokjønn. Likevel har jærsk ei eiga bøying for hokjønnsord som sluttar på -ing, noko som òg er reflektert i nynorsk. 

N̩ n̩

Alle hankjønna i jærsk får en-endinga i bestemt form eintal, og stort sett bøygd med a- og ane-ending i fleirtal, som ein kan sjå i bøyingsparadigmet nedanfor. 

I likskap med mange andre målføre har jærsk ein syllabiseringsregel i bestemt form eintal: Den fremre urunda vokalen /e/ i en-endinga vil bli redusert til ein stavingsberande nasal. I dette tilfelle er det eit bortfall av fonemet /e/ når det blir redusert. Heilt konkret utartar denne regelen seg slik:hesten  /hestn̩/  I andre omgjevnader, etter plosivar som /k/ og /p/ blir ikkje /e/-fonemet redusert, men blir realisert som [en] eller [ɛn] slik:sekken  /seken/

Jærsk har òg mange hankjønnsord som har halde på gammalt bøyingsmønster frå norrøn tid. Norrønt hadde hankjønnsord som fekk ir-ending i fleirtal, som ‘bygðir’, fleirtal av ‘bygder’. Maskuline ord som har gjennomgått same utviklinga som ‘bygder’ – der endinga ir har gått over til er i jærsk er mellom anna: 

Merknad: Alle svake hokjønnsord får a-ending i ubestemt eintal.

Merknad: Trykktunge ho- og hankjønnsord som sluttar på -n i ubestemt eintal, får hankjønnsbøying i bestemt form, men mistar n-uttalen i bestemt form eintal. Denne endringa har ikkje verknad på tonelaget. Døme:
strand, sand, hund og mann

I vanleg nynorsk deler me ofte inn verba i tre ulike grupper: a-verb, e-verb og sterke verb. I tillegg kjem j-verba, altså ord som vert bøygd svakt i fortid, sterkt i presens. Telja og velja er døme på j-verb. På jærsk er det ikkje like sterke skillelinjer mellom desse verbklassane. Alle verb på jærsk vert bøygd likt i presens, med redusert -e. Verb som nå, slå og gå har sjølvsagt eit anna ulikt bøyingsparadigme enn dei andre verba.
 

I nynorsk verbbøying har me to ulike klassar av svake verb: a- og e-verb. På jærsk er det likevel få skilnadar mellom desse verbklassane; i visse tilfelle får a-verb e-verbbøying. Legg òg merke til mangelen på -ar-ending i presens. Døme: å hoppa.

Jærsk adjektivbøying skil seg frå nynorsk på eit par område.

Merk at fordi dei ubestemte e-endingane i hankjønn og hokjønn eintal opphavlag er svarabhaktivokalar, vert denne forma uttalt med forskjellig tonelag frå dei bundne og fleirtalsformene. Til dømes vil tunge ting i eintal (ein tunge ting) bli uttalt med tonelag 1, ulikt tunge ting med tonelag 2 i fleirtal (tunge ting) eller bunden form (den tunge tingen eller dei tunge tingå), sjølv om dei forma av tung vert skrivne like eins. Ein lesar vil som regel kunne forstå kva for ei form det er snakk om ut frå samanhengen ordet står i, og uttale det riktig ved høgtlesing. Dersom adjektivet har tonelag 2 på eigehand, vil det ikkje vere nokon slik skilnad å snakke om; ta til dømes ein heldige helt mot den heldige helten.




#Article 112: Leidang (351 words)


Leidang (norrønt leieth;angr, leidang/leding, leding, (dansk), ledung (svensk), expeditio (latin) og leidang eller lething (på engelsk), var ei ordning for å få frie bønder til å utrusta og bemanna skip. 

Leidangen, var eit system for å organisera ein kystflåte med tanke på forsvar. Flåten kunne og verta brukt meir offensivt, i handelsspørsmål, plyndring og krigar. På 1000-talet var leidangen på sitt mest suksessrike. Delar av den norske og danske leidangen hærtok landområde vest i England.  

Ordninga var typisk for dei skandinaviske vikingane. Leidangen vart trass i dette etablert meir enn hundre år før starten av vikingtida.

Alle frie menn (bønder) hadde plikt til å delta i eller bidra til utrustinga av leidangen.  Heile leidangen vart mobilisert når framande skip truga landet. Om somrane kunne det vera ekspedisjonar på to til tre månader. I ekspedisjonar utanlands deltok berre delar av leidangen. Desse reisene gav ofte rikt bytte, og hovdingane var med for å få ære og ta del i rikdomen. 

Landet var delt inn etter skipreider (norrønt «skipreieth;a»). Bøndene i ei skipreide måtte byggja og utrusta eit seglskip med årer. Storleiken på skipet var definert som eit visst tal på årer. I starten var dette talet på om lag 40 årer, seinare vart det auka. Våpna på skipet var typisk bogar, spyd, sverd, og økser. Til å verja seg med hadde mennene skjold. 

I Noreg var det 270 slike skipreider i 1277, i Danmark to til tre gonger så mange. Leiaren for ei skipreide vart kalla «styrmann» (norr. «styrimaeth;r»).  Han fungerte som kaptein for skipet. Den minste eininga var dei bøndene som skulle utrusta ein roar (norr. «manngereth;»). 

På 1000-talet er jarlar nemnd som hovdingar i leidangen. På 1100-talet vart biskopane sjef for leidangsflåten. 

I alle dei tre skandinaviske landa utvikla leidang seg til ein skatt, som skulle betalast av alle frie bønder. Skatten vart halden i hevd heilt fram til 1800-talet. Prestestanden og adelen var unnateke frå denne skattabøra. Slik kom skatten til å leggja til rette for at adelen og kyrkja tok over jord. Til slutt vart staten (kongen) meir og meir avhengig av adelen for å kunna mobilisera krigsmakt. 




#Article 113: Erich Maria Remarque (225 words)


Erich Maria Remarque er pseudonym for Erich Paul Remark () — ein tysk romanforfattar som er kjend for sine skildringar i enkelt og kraftfullt språk av liva åt vanlege menneske i skuggen av krigen — særleg frå desillusjonerte soldatar og flyktningar sitt perspektiv. Remarque karakteriserte seg sjølv som ein «militant pasifist».

Erich Paul Remark vart fødd inn i ein katolsk fattig arbeidarklassefamilie i Osnabrück i Niedersachsen i Tyskland den 22. juni 1898. Far hans var bokbindaren Peter Franz Remark og mor hans var Anna Maria Remark, f. Stallknecht. I 1916, atten år gammal, vart han innkalla til militærteneste og send til fronten som tysk soldat under første verdskrigen, der han vart såra fleire gonger. Etter eit rotlaust yrkesliv etter krigen gav han i 1929 ut si mest vidkjende bok, Im Westen nichts Neues (Inkje nytt frå vestfronten). Nazi-Tyskland forbaud bøkene hans og brende dei på bokbål i 1933 — i tillegg til at dei spreidde den usanne propagandaen mot han at han stamma frå franske jødar og at det eigentlege familienamnet hans var Kramer (Remark stava baklengs). Han hadde da budd i Sveits sidan 1931, og i 1939 emigrerte han til USA, der han vart statsborgar i 1947. I 1958 gifte han seg med den tidlegare hollywoodfilmstjerna Paulette Goddard (1911-1990). I 1948 flytte dei til Sveits, der han døydde i Locarno den 25. september 1970.




#Article 114: Sjofár (172 words)


Ein sjofár er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná (jødisk nyår) og jom kippúr (soningsdagen).

Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Askenasiske jødar brukar oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre) eller geitebukk. Jemenittiske jødar brukar derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. 

Sjofáren er kappa av og uthola i den tynne enden, der ein blæs med same teknikk som for waldhorn eller norsk bukkehorn. Det finst tre grunnleggjande signal:

På kvar av høgtidsdagane rosj hasjaná (to dagar) og jom kippúr blir det i vår tids tradisjonelle jødiske gudstenester blåse 100 signal — berre med unntak av når ein av desse dagane havnar på sjabbát (laurdag), når det i vår tid stort sett blir rekna som forbode å blåse i sjofáren.

Askenasiske jødar blæs òg i sjofáren kvar dag i månaden elúl utanom på sjabbát.

I sefardisk jødedom har det tildels vore vanleg å blåse i sjofáren kvar fredag som ei påminning om den kommande helgedagen.




#Article 115: Sosialisme (415 words)


 

Sosialisme (frå latin; socius, forbundsfelle) er ei politisk tankeretning som har størst mogleg økonomisk og sosial likskap som mål. Slik likskap er etter sosialistisk tankegang ein føresetnad for reell fridom for alle. Den økonomiske og sosiale utjamninga kan ifølgje sosialismen ikkje fullførast utan at dei viktigaste produksjonsmidla (naturressursar, storindustri, storkapital) er felleseige og reelt styrte av samfunnsmedlemmene på demokratisk vis. 

Ordet sosialisme vart første gong nytta av filosofen Pierre Leroux i 1834. Han kalla sosialismen doktrinen som ikkje vil svike ideala om fridom, likskap og brorskap. Andre kjelder seier at ordet først vart nytta av Marie Roch Louis Rebaud i Frankrike, eller Robert Owen i England, far til Kooperativismen. Sjølv om desse var dei første til å nytte ordet, er sosialismens far rekna til å vera greven av Saint Simon, Claude Henri de Rouvroy. Han påverka tankebyggverka til Karl Marx. Sosialistiske idear byggjer soleis på den franske revolusjonen sine ideal, og var framme alt før 1820 (utopisk sosialisme). 

Sosialismen som politisk program og politisk rørsle oppstod i den moderne arbeidarklassa som kom i kjølvatnet av kapitalisme-framvoksteren på 1800-talet. Sosialistiske idear vart særleg i vinden i tida etter Julirevolusjonen i Frankrike i 1830, og dei henta tankegodset sitt frå den franske revolusjonen. Det sosialistiske forbundet vart skipa ikkje lenge etter. Karl Marx (1818-1883) og Friedrich Engels slutta seg til denne rørsla i tida før 1848, og vidareutvikla dei sosialistiske tankane til klassisk kommunisme. Påverknaden frå Marx har vore avgjerande for sosialistisk tenking etter dette. Arbeidarrørsla har sidan då vore ei blanding av fagorganisasjonar og sosialistiske parti. 

Sosialisme i ulike variantar har sidan slutten av 1800-talet vore arbeidarrørsla sin ideologi. Dei viktigaste variantane av sosialisme har historisk vore den sosialdemokratiske og den kommunistiske, og ulike variantar av desse igjen. 

Kommunismen som eiga retning blei grunnlagd av Vladimir Lenin (1870-1924). Fram til Berlinmuren fall i 1989 og Sovjetunionen sitt samanbrot i 1991 kalla dei styrande kommunistpartia i Aust-Europa systemet sitt «den reelt eksisterande sosialismen». Demokratiske sosialistar nekta for at denne nemninga var dekkjande, og den vanlege nemninga for desse regima i Vesten var «kommunisme». 

Dei viktigaste partia i den sosialistiske tradisjonen i Noreg i dag, er Det norske Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Raudt (R). Ap har ikkje lenger målet om eit sosialistisk samfunn i formålsparagrafen sin, mens SV har sosialismen både i namnet og i formålsparagrafen. Raudt har òg programfesta målet om eit sosialistisk samfunn.

Sjå òg mellom anna artiklane marxisme, kommunisme, demokratisk sosialisme, sosialdemokrati, Eduard Bernstein, Rosa Luxemburg, Karl Kautsky, Julius Martov og Otto Bauer.




#Article 116: Karl Marx (7871 words)


Karl Marx () var ein tysk forfattar, intellektuell samfunnsgranskar, filosof og politisk økonom. Han blir rekna som den mest framståande tenkjaren i arbeidarrørsla og var saman med Friedrich Engels opphavsmannen til den økonomiske og revolusjonære teorien som blir kalla marxisme.

Sjølv om Marx var oppteken av ei rekkje spørsmål, er han mest kjend for analysen og kritikken av den kapitalistiske økonomien og handsaminga av klassekampen. Marxismen ligg til grunn for mykje av den sosialistiske og kommunistiske tankegangen. Marx var ein skarp kritikar av den kapitalistiske samfunnsordninga på 1800-talet.

Medan han levde var han ikkje like kjent som i dag; mange av verka hans blei heller ikkje utgjevne under levetida hans. Men kort tid etter at han døydde byrja tankane hans å få stor innverknad på ei større breidd av arbeidarrørsla i mange land. Bokverket Das Kapital blir rekna som det viktigaste verket hans. Ei viss tolking av marxismen fekk stor innverknad på den politiske utviklinga, spesielt i Russland. Aust-Europa, Kina, arbeidarrørsla i den vestlege verda og delar av den tredje verda elles har òg late seg inspirera av det som blei oppfatta som marxisme.

Karl Marx blei fødd i 1818 i den tyske byen Trier, som då var i det prøyssiske storhertugdømet Niederrhein. Han var den tredje i ei rekkje av sju barn av det velståande ekteparet Heinrich Marx (1777-1838) og Henrietta Marx (født Presborck, 1788-1863). Faren var advokat og stundom formann for advokatforeininga i byen. Han nedstamma frå ei lang rekkje av rabbinarar og forretningsmenn (opphavleg Marx Levi).

Trier, den eldste byen i Tyskland, var blitt ein av dei mest kosmopolitiske byane i Tyskland. Dette er bl.a. blitt forklart med reformer og impulsar frå den tida då Frankrike regjerte alt tysk land vest for Rhinen, frå 1794 til 1814. Då var Trier (Trèves) departementshovudstad i det franske departementet Sarre.

Landområda rundt Trier opplevde nedgangstider på grunn av fleire års feilslåtte vinavlingar. Ein fjerdedel av innbyggjarane overlevde på hjelp frå fattigkassen, og greve Henri dei Saint-Simons (1760-1825) og Charles Fouriers (1772-1837) sine sosialistiske teoriar fekk innpass.

I 1816, eller kanskje i 1817, hadde faren konvertert frå jødedomen til luthersk kristendom, og endra samtidig namn frå Hirschel Ha Levi til Heinrich Marx. Eigentleg tenderte livssynet til faren mot deismen, og han kjende seg tiltrekt av opplysningstidspersonar som Voltaire (1694-1778) og Rousseau (1712-1778). Når han gjekk over til kristendomen, var det fordi det ikkje ville ha vore mogleg for han å fortsetja som justisråd dersom han fortsette å vere jøde. Dette embetet hadde han fått under napoleonstida, men i 1815 var Trier blitt prøyssisk.

No var Rhinlandet, som Trier ligg i, eit katolskdominert område. Men lutherdomen (som tok opp i seg den reformerte kalvinismen) var statskyrkje i Preussen og såleis den trusretninga i den prøyssiske forvaltinga som var å føretrekke, og det innebar klåre fordelar for han å høyra til denne statsberande konfesjonen. Katolikkar blei diskriminerte i Preussen og hadde ingen utsikter til tilsetjingar i embetsverket eller i ei rekkje andre stillingar avhengige av det offentlege.

Kona hans Henrietta, ei kjøpmannsdotter, var òg av jødisk opphav. Ho òg gjekk noko seinare over til kristendomen.

I 1824 blei òg barna konvertert, sidan kristen vedkjenning var ein føresetnad for ei karriere i det statlege embetsverket på den tida. Karl Marx blei døypt, med dåpsnamnet Karl Heinrich Mordechai Marx. Han fekk altså inga jødisk oppseding, men heller ikkje nokon luthersk, i alle fall ikkje heimanfrå, der deismen var det dominerande livssynet. I staden voks han opp med ideala frå opplysningstida og fekk ei klassisk utdaning, både i heimen og på gymnaset. Han blei altså verken truande kristen eller truande jøde.

Marx blei undervist heime til han var 13 år gamal. Deretter studerte han ved det kongeleg-prøyssiske gymnaset i Trier frå 1830 til 1835 og tok abitur i ein alder av 17 år.

Dette var eit av dei aller eldste gymnasa i Tyskland, og hadde fram til 1774 vore under leiing av jesuittane, før det i rask rekkjefølgje blei til eit kurfyrsteleg gymnas, eit fransk collège og så frå 1815 eit kongeleg prøyssisk. Læreplanen på tida til Marx var samansett lokalt, slik at den var prega av ei underleg blanding av lærestoff og undervisingsstil frå jesuittskulen. Den tida då Marx gjekk der prega liberale idear og påverknaden frå den franske revolusjonen samfunn og politisk tenking.

På gymnaset blei han kjend med kullkameraten sin, den lågadelege Edgar Freiherr von Westphalen (1819-1890), som seinare skulle bli svogeren hans. Året etter han tok eksamen, forlova han seg med Edgars syster, Jenny Freiin von Westphalen (1814-1881), men heldt det hemmeleg. Ho skulle få ein stor påverknad på måten Karl Marx tenkte på.

Etter gymnastida byrja Marx i oktober 1835 ved universitet i Bonn for å studera jus. Han blei medlem av ei studentforeining for studentar frå Trier (Landsmannschaft der Treveraner), og fungerte ei stund som presidenten i foreininga. Mykje av verksemda foreininga dreiv med krinsa rundt gjesting i kneipene i byen. Dette gjekk ut over karakterane hans.

Karl Marx ville likevel heller ha studert filosofi og litteratur, men dette godtok ikkje faren hans som ikkje kunne førestilla seg at sonen kunne sikra seg sjølv eit godt nok livsutkome med ei slik utdaning. Dermed blei Karl det følgjande året tvinga av faren sin til å byte til det atskilleg meir seriøse og akademisk orienterte Friedrich-Wilhelms-universitetet i Berlin.

I Berlin vende Marx for alvor interessene sine mot filosofien, trass i dei føringane faren hans hadde gjeve.

Til å byrja med var det diktarkunsten som blei hovudinteressa hans. Han blei med i eit diktarforbund og skreiv dikt som han sende til sin «Jenny» og faren sin. Dikta og essaya han skreiv hadde tema som krinsa om livet; han nytta ein deistisk-teologisk terminologi som han hadde frå den liberale og deistiske orienterte faren sin. Eitt av dei blei kalla «Guddommen».

Han sysselsette seg òg med filosofane Immanuel Kant (1724-1804) og Johann Gottlieb Fichte (1762-1814) sine tankar, men blei aller sterkast engasjert i den nyleg avlidne filosofen Georg Wilhelm Friedrich Hegel (1770-1831) sin historiefilosofi og læra hans om dialektiske framsteg. Ved sida av interesserte han seg med naturvitskapane, gammal og moderne historie, kunsthistorie og estetikk.

Påverknaden til filosofen Hegel hadde etter at han døydde berre vakse ved universiteta og den fekk ein dominerande posisjon innan det intellektuelle livet i Tyskland. I Preussen var ein versjon av hegelianismen på det næraste blitt ein statsberande filosofi.

Det var i løpet av denne perioden at han blei begeistra for «Die Freien», ei gruppe unge filosofar og journalistar som henta inspirasjonen sin frå Hegel, men på ein annan måte enn den utgåva av hegeliansk filosofi som blei fremma av dei prøyssiske styresmaktene. Die Freien var eksponentar for ei rørsle han alt hadde stifta noko kjennskap til medan han studerte i Bonn. Ettertida gav dei nemninga unghegelianarar eller venstrehegelianarar. Det var ei samansett gruppe.

Nokre av dei best kjende namna frå litteraturen og filosofien på 1800-talet var medlemer av denne diskusjonsgruppa, blant dei var personar som Bruno Bauer (1809-1882), Friedrich Engels (1820-1895), Ludwig Feuerbach (1804-1872), Arnold Ruge (1802-1880) og Max Stirner (1806-1856). Dei møttest gjerne til diskusjonar i ei Weinstube (vinkro) i Friedrichstraße i Berlin. Marx var i utkanten av krinsen; det var fleire av unghegelianarane han ikkje eingong trefte før seinare, om nokosinne.

Det hegelianske «establishment» (som seinare skulle bli karakterisert som «gammal- eller høgrehegelianane) hadde kome til den konklusjon at dei historiske dialektiske utviklingsspranga som var del i den historisk-filosofiske teorien til Hegel var kome til sluttpunktet sitt i det prøyssiske samfunnet, med det effektive byråkratiet sitt, dei gode universiteta, industrialiseringa og låg arbeidsløyse. Men venstrehegelianarane såg for seg ytterlegare dialektiske endringar innan det prøyssiske samfunnet, som burde ta føre seg problemfelt som fattigdom, statleg sensur og diskriminering av ikkje-lutheranarar.

Ludwig Feuerbach hadde ein klår innverknad på Marx kva gjaldt utviklinga hans frå deisme og mot ateisme. Feuerbach, som var fråteken lærestolen sin av dei prøyssiske styresmaktene alt i 1832 og nekta å venda attende til universitetet i 1836, byrja det sistnemnde året å retta kritikk mot teologien og utvikla eit materialistisk verdsbilete (i motsetning til den hegelianske idealismen).

Marx blei òg i nokon grad påverka av Max Stirner, men det er faktisk ikkje heilt avklåra om dei to faktisk møttest - Stirner høyrde til ein eldre generasjon. Kor mykje Stirner i realiteten var influert av Hegel, er òg gjenstand for diskusjon. I alle fall var tenkinga hans nihilistisk, og det er klårt at Marx kjende til tankane hans frå skriftene hans. Sjølv om Stirner hadde få andre tilhengjarar blant kollegaene sine, var boka hans hovudårsaka til at Marx gjekk bort frå delar av det feuerbachianske synet. I staden utvikla han grunnkonseptet til det som han seinare formulerte som historisk materialisme.

I 1841 promoverte Marx per post til doktor i filosofi ved universitetet i Jena med eit arbeid som samanlikna dei greske filosofane Demokrit og Epikur sine naturfilosofiar (Differenz der demokritischen und epikureischen Naturphilosophie).

Eit moment var å drøfte dei to dei ateistiske filosofane sin aktualitet for utviklinga av ateistisk filosofi; Marx meinte at Epikur var viktigare, fordi i systemet hans med atomteorien sin var det rom for den fri viljen. At den fri viljen var viktig for Marx, blir også reflektert av at han ved ein seinare krossveg forkasta Carl Vogt (1815-1895) sine teoriar som gjekk ut på at mennesket og handlingane deira kunne tilbakeførast til komplekse biokjemiske prosessar.

Sjølv om det økonomiske systemet Marx seinare skulle utvikle hadde sterke deterministiske trekk, er det altså ikkje fullt så enkelt at Marx var gjennomført determinist. Han var ingen monist. Sjølv om han utvikla ein heilstøypt materialisme la han aldri heilt frå seg overtydinga si om verdien av den frie viljen eller avstanden han skapte til den biologiske determinismen til Vogt.

Grunnen til at han promoverte i Jena, var at han var blitt åtvara om at ryktet hans som unghegeliansk radikalar ikkje ville gjere han godt i akademiske krinsar i Berlin. Han dediserte doktorgradsoppgåva til faren til kjærasten sin, Johann Ludwig von Westphalen (1770-1842).

Som doktor rekna han med å få eit professorat ganske raskt. Men den prøyssiske regjeringa såg på han som ein leiande person blant dei opposisjonelle venstrehegelianarane, og nekta han – likesom Ludwig Feuerbach, Bruno Bauer og andre – ei vidare akademisk karriere. Marx reiste då til heimbyen sin, Trier.

Før han kom til Trier, hadde Marx fått eit tilbod om å skrive for ei avis som var i ferd med å bli lansert i Köln. Det var eit tilbod som interesserte han. Då mentoren hans, Bruno Bauer, blei avsett frå Friedrich-Wilhelms-universitetet sitt filosofiske fakultet i 1842, oppgav Marx sjølv å få ei stilling innanfor filosofiundervisning til fordel for journalistikken, og flytte til Bonn, som ikkje ligg mange kilometerane sør for Köln. Den 5. mars skreiv han sin fyrste artikkel for den nye radikale kølneravisa Rheinische Zeitung für Politik, Handel und Gewerbe. Avisa, som blei stifta av liberale kølnarar, hadde utkome med sitt fyrste nummer den 1. januar 1842, oppfatta seg som fellesorgan for dei forskjellige opposisjonelle straumdraga frå monarkistiske liberale og til radikale demokratar. Bruno Bauer begynte òg å arbeide i redaksjonen. 

Hausten 1842 flytte Marx frå Bonn til Köln, og den 15. oktober blei Marx redaktør i avisa. Frå då av blei ho enda meir radikalt opposisjonell.

Ein av Marx sine viktigaste artiklar i Rheinische Zeitung var vigd til levekåra til vinbøndene i Moseldalen.

Den 16. november 1842 kom fabrikantsonen Friedrich Engels innom redaksjonen til avisa. Han var på veg til Manchester i England. Dette skulle bli det fyrste møtet mellom Marx og Engels.  Eit resultat av kontaktane til avisa med Engels blei ein serie artiklar om levekåra til den engelske arbeidarklassa. Faren til Engels var medeigar av ei bedrift der, og i 1842 hadde familien sendt han frå heimen deira i Bremen for å arbeide i firmaet. Engels skulle nytte opphaldet til å systematisk granske kåra til proletariatet i alt elendet.

Den prøyssiske pressesensuren såg med særleg merksemd til Rheinische Zeitung, og den prøyssiske styresmakta sende ein spesialsensor frå Berlin som skulle gjennomgå artikkelmanuskripta. Då det viste seg å vere utilstrekkeleg, blei det etablert ein ettersensur. Ikkje berre blei avisa førehandssensurert, men dei ferdige artiklane måtte også leggjast fram for Köln sitt regjeringspresidentsembete. Ettersom Marx sin redaksjon ofte klarte å omgå denne dobbeltsensuren, blei det lagt til ein trippelsensur.

Til slutt blei avisa forboden, den 1. januar 1843. Marx var blitt tvinga til å slutte som redaktør noko før det, men dette var ikkje nok til å redde avisa. Salet stansa i mars 1843.

Det var òg i 1843 at Marx gifta seg med kjærasten sin Jenny von Westphalen, som var dotter av no avlidne friherre Johann Ludwig von Westphalen, som hadde vore prøyssisk regjeringsråd. Deira truloving hadde vore ein løyndom i fleire år, og både familiane Marx og Westphalen var motstandarar av forholdet deira og gifteplanane deira. Bryllaupet stod i den vakre gotiske Pauluskyrkja i kurbyen Bad Kreuznach i Rhinlandet den 19. juni 1843.

Dei skulle få sju barn: Jenny Caroline (1844–1883), Jenny Laura Marx (kalla Laura,1846–1911), Edgar (1847–1855), Henry Edward Guy (kalla Guido, 1849–1850), Jenny Eveline Frances (kalla Franziska, 1851–1852); Jenny Julia Eleanor (kalla Eleanor eller Tussy, 1855–1898) og eitt til som døydde før noko namn var bestemt (juli 1857). Det var altså berre tre av dei som voks opp.

No gjekk Marx tilbake til filosofien og til politisk aktivitet mens han livnærte seg som frilansjournalist. Grunna synspunkta sine blei han nøydd til å flytte same år. Marx flytta med kona si fyrst til Paris, som på denne tida var tilhaldsstad for store grupper av tyske, britiske, polske og italienske revolusjonære. Dei kom til Paris i slutten av oktober 1843.

Rundt årsskiftet 1843/44 skreiv Marx eit manuskript som kritiserte Hegel sin rettsfilosofi. Det skulle bli upublisert under heile levetida hans, sjølv om mange av tankane frå det fann vegen inn i Dei tysk-franske årbøker (sjå nedanfor). I manuskriptet kommenterer Marx avsnitt for avsnitt Hegel si bok om rettsfilosofi frå 1819: Grundlinien der Philosophie des. Rechts. Ein av Marx sine viktigaste innvendingar var at så mange av Hegels dialektiske argument begynte i abstraksjonar. Dette verket inneheld for fyrste gong Marx sitt utsegn om at religion er «opium for folket». Det inneheld også formuleringar om Marx sine særeigne omgrep om framandgjering, som var inspirert av Feuerbach.

Passasjen om opium for folket fanst også i artikkelen i dei tysk-franske årbøkene, i eit avsnitt der Marx hevdar at religionskritikk er føresetnaden for kritikken av alle samfunn.

Han var komen til Paris med det føremålet å samarbeide med venen sin Arnold Ruge. Dei begynte å utgi dei såkalla tysk-franske årbøker (Deutsch-Französische Jahrbücher). Men det blei berre med eitt einaste nummer og berre på tysk; dei katolskprega franske sosialistane og kommunistane ønskte nemleg ikkje å samarbeide med dei tyske ateistane, leidde av Marx.

Også som tysk prosjekt stranda det heile, delvis på grunn av problema med å få til den nødvendigvis hemmelege distribusjonen i Tyskland og delvis fordi det snart kom for dagen prinsipielle meiningsskilnader mellom dei to redaktørane. Ruge held fram med å vere knytt til den hegelianske filosofien og til det borgarlege demokratiet. Men Marx begynte å sysselsetje seg med politisk økonomi. Artiklane Marx skreiv i tidsskrifta dei tysk-franske årbøkene vitnar om at han på dette tidspunktet hadde utvikla ei overtyding om at ein væpna revolusjon av proletariatet var naudsynt.  Vinteren 1844 var samarbeidet over.

Manuskriptet Teser om Feuerbach: I løpet av 1845 forfatta Marx essayet Thesen zur Feuerbach, men offentleggjorde det ikkje. Det skjedde ikkje før i 1888, altså posthumt, på Friedrich Engels sitt initiativ. I dette oppgjeret med Feuerbach finn ein blant anna Marx sin fyrste gjennomarbeidde og heilskaplege religionskritikk. Essensen var at religion er eit samfunnsprodukt. Det er altså noko mennesket og berre mennesket gjer, seier og tenkjer.

Så langt var Marx og Feuerbach på linje, men Marx bygde vidare på denne kritikken. Marx tykte godt om religionskritikken til Feuerbachs, men problemet for Marx er at behova til menneska for religion kjem av samfunnsvilkåra, og det er derfor sjølve samfunnet som ein må gå inn å kritisere. Så langt strakk Feuerbach sin kritikk seg ikkje og derfor var han ikkje fullenda, meinte Marx. Teksten kulminerer i den 11. tesen: «Filosofane har berre fortolka verda forskjellig, men det det kjem an på er å forandre ho.»

Eit sentralt bidrag til dei tysk-franske årbøkene var essayet Zur Judenfrage («Om jødespørsmålet», 1844). Skriftet kritiserte to studiar av Bruno Bauer om framstøyten til jødane for å oppnå politisk emansipasjon (fridom og like rettar) i Preussen. Bauer meinte at jødane berre kunne oppnå politisk emansipasjon dersom dei gav avkall på den særeigne religiøse sjølvforståinga si.

Marx kritiserte Bauer for å gjere dette til eit religiøst spørsmål. Størstedelen av skriftet til Marx er ein argumentasjon for at alle har rett til politisk frigjering og like politiske rettar, same kva religion dei har. Og så til slutt tek han opp rolla til profittjaget i samfunnet, og kritiserer denne, same om det er jødar eller kristne som har denne haldninga. Altså eigentleg ein kritikk av kapitalismen.

Somme av formuleringane til Marx i siste del av skriftet har vorte oppfatta som antisemittiske, sidan han talar om «praktisk judaisme» som det same som moderne kapitalistisk profittjakt. Men poenget hans synest å vere at denne gjennomsyrer heile samfunnet, både jødar og kristne, og at ei sosial frigjering for jødane attåt den politiske, som han alt har argumentert sterkt for, inneber at alle må frigjere seg frå systemtvangen til profittenking.

Den 28. august 1844 knytte Marx det som skulle bli det viktigaste vennskapen i det politiske livet hans. På Café de la Régence på Place du Palais møtte han Friedrich Engels. Engels, som per post hadde vore med på det feilslåtte prosjektet med dei tysk-franske årbøkene, var kome på gjesting til Paris med det for auge å treffe Marx og foreleggje for han det som skulle bli eit av dei viktigaste verka hans, Die Lage der arbeitenden Klasse in England. Dette verket var ei frukt av Engels sitt opphald i Manchester, og som også hadde resultert i ein artikkelserie i Marx' gamle avis i Köln.

Engels blei nokre dagar i Paris, og dette blei starten på eit livslangt tett samarbeid. Det fyrste resultatet var stridsskriftet Die heilige Familie. Gegen B.[runo] Bauer und Konsorten (mars 1845, Engels sitt bidrag var rett nok berre på ti sider). På dette tidspunktet var dei begge framleis tilhengjarar av Ludwig Feuerbach. Det oppsiktsvekkjande med dette skriftet er også at Marx, som polemiserte mot Berlin sine unghegelianarar og sin tidlegare mentor Bruno Bauer, men unngjekk å nemne eitt av medlemene i denne gruppa: Max Stirner, som hadde gitt ut boka Der Einzige und sein Eigentum i oktober 1844. Engels hadde i eit brev til Marx den 19. november kome med ein særs positiv vurdering av denne boka.

Etter at prosjektet med dei tysk-franske årbøkene slo feil, begynte Marx å skrive for avisa Vorwärts!Vorwärts. Ho var stifta og utgitt av eit hemmeleg selskap ved namn Forbundet til dei rettferdige, som Marx seinare skulle bli medlem av og nytte til å fremje overtydingane sine. Avisa blei med Marx sine bidrag raskt den mest radikale av alle dei tyske avisene i Paris (og Europa). Avisa, som agiterte mot den preussiske monarkiske absoluttismen, fekk ein tydeleg sosialistisk profil.

Han las også den franske anarkisten Pierre-Joseph Proudhon (1809-1865) sine skrifter, som Qu'est-ce qua la propriété? Ou recherches sur le principe du droit et du gouvernement («Kva er eigedom?» frå 1840). Det var i denne boka ein finn Proudhons berømte anarkistiske svar: La propriété, c'est le vol, «eigedom er tjuveri». Seinare skulle Marx rette skarp kritikk mot Proudhon.

Samtidig fordjupa Marx seg i historia til Den franske revolusjonen. Kritikken hans av standpunkta til dei tidlege franske sosialistane vitnar om utviklinga hans av eit nytt og eige kommunistisk standpunkt. Marx brukte elles mykje tid til å gjere seg kjend med ei side av realiteten han ikkje tidlegare hadde interessert seg for; leveforholda til dei store byproletariata. I dei såkalla Parisardokumenta, som er dei fragmenta av Marx sine notat frå Paris som framleis er i behald, finn ein hans fyrste utkast til eit økonomisk system som vitnar om den filosofiske inspirasjonen som ligg bak hans system. Her utvikla Marx for fyrste gong utførleg teorien sin om «framandgjerande arbeid», og den hegelianske inspirasjonen er tydeleg. Dokumenta blei ikkje offentleggjorde før i 1932.

Vidare vurderer han det slik at humanismen ikkje kan lyfte seg høgare opp enn det sosiale medvitet i den epoken han er del av. Den borgarlege humanismen har som grunnlag den private eigedomen ettersom han er den sentrale verdien for bursjoasiet, mens proletær humanisme er grunnlagd på kooperativ sosial verksemd, understrekar han i manuskriptet. Desse tankane kunne likevel ikkje utviklast eller gripast fatt i av samtida, ettersom dei ikkje blei kjende. Det er òg vanskeleg å sjå at tankane blei vidareutvikla av Marx sjølv, verken i publisert eller upublisert materiale frå han.

Etter at Vorwärts hadde gitt den heilhjarta stønaden sin til det feilslåtte attentatet mot Pressens kong Friedrich Wilhelm IV blei Marx og mange andre i januar 1845 etter prøyssisk påtrykk beordra til å forlate Paris. Saman med Engels drog han då til Brussel i Belgia. Under ei studiereise dei to hadde til England sommaren 1845 knytte dei kontaktar med den revolusjonære fløya av chartistane.

I Brussel skreiv Marx og Engels manuskriptet Den tyske ideologi, men dei lét vere å offentleggjere det. Det blir rekna i dag som eit av dei viktigaste filosofiske verka til dei to. Det blei skrive rundt 1845, men fyrst i 1932 blei det meste av manuskriptet, som ikkje lenger var komplett, utgitt av Marx-Engels-Instituttet i Moskva (samtidig som Pariserdokumenta). Det var forma som ein dels giftig kritikk av Ludwig Feuerbach, Max Stirner og Bruno Bauer og var ei fyrste omfattande utlegging av Marx og Engels si historieteori, som seinare er blitt kalla historisk materialisme. Særleg brodd hadde det mot Stirner.

I manuskriptet forkasta også forfattarane den i samtida og også seinare rådande oppfatninga av omgrepet kommunisme som eit utopisk mål i det fjerne. Dei såg på kommunismen som eit resultat av ei pågåande rørsle som ikkje kan sjåast lausriven frå den realiteten ein til ei kvar tid oppheld seg i.

I desember 1845 fråsa Marx seg det prøyssiske statsborgarskapet sitt, etter at han hadde fått nyss om at den prøyssiske regjeringa ville prøve å få han utvist frå Belgia.

Deretter skreiv Marx Elendet i filiosofien (1847, fransk originaltittel: Misère de la philosophie. Réponse à la philosophie de la misère de M. Proudhon). Det var ein kritikk av dei franske sosialistane si, og spesielt Pierre-Josephh Proudhon si politiske tenking. Proudhon hadde i mellomtida utgitt eit nytt verk, Système des contradictions économiques, ou Philosophie de la misère (1846), som Marx likte dårleg.

Tidleg i 1846 grunnla Marx og Engels Den kommunistiske korrespondansekomité (Kommunistische Korrespondenz-Komitee) i Brussel. Den skulle arbeide for at dei tyske kommunistane og arbeidarane i andre land blei samstemde ideologisk og samkøyrde organisatorisk, for å førebu grunnen for skipinga av eit proletarisk politisk parti.

Huset der dei to tyske revolusjonære budde frå januar 1847 til februar 1848, rue Jean d' Ardenne 50 i Brussels-forstaden Ixelles, blei ein møtestad for politisk opposisjonelle av mange slag.  Marx deltok i Brussel si demokratiske foreining (Association Démocratique dei Bruxelles), som han blei visepresident for. Han skreiv også av og til artiklar for den tyskspråklege avisa Deutsche-Brüsseler-Zeitung.

Våren 1847 blei Marx og Engels med i ei lita hemmeleg politisk gruppe kalla Forbundet til dei rettferdige. Det var blitt grunnlagt av den tyske radikalaren skreddarlærlingen Wilhelm Weitling (1808-1871) i Paris i 1836 og bygde på Gracchus Babeuf si (1760-1797) tenking, og var opphavleg prega av utopisk sosialisme og kristen kommunisme. I 1839 flytte gruppa sitt hovudsete til London. Forbundet bestod for det meste av tyskarar som var flytta frå landet. 

På den fyrste kongressen til forbundet, i London juni 1847, fekk Marx og Engels saman med den samtidig innmeldte Wilhelm Wolff (1809-1864) vesentleg endra på forbundet; dei fekk det grunnlagt på nytt som eit revolusjonært sosialistisk hemmeleg forbund med internasjonale ambisjonar, under namnet Forbundet til kommunistane.

Det nye forbundet heldt ein ny kongress i London nokre månader seinare, frå den 29. november til den 8. desember 1847. Det deltok utsendingar frå 30 lokalgrupper i Frankrike, Nederland, ei rekkje statar i Det tyske forbund, Sverige, Sveits, Storbritannia og USA. Under denne kongressen spelte Marx og Engels ei endå meir framståande rolle.

Under kongressen blei Marx og Engels bedte om å forfatte ei programerklæring for forbundet. Det blei til Det kommunistiske manifestet (eigentlege Manifestet til det kommunistiske partiet), som blei offentleggjord den 21. februar 1848, på tysk (Manifest der Kommunistischen Partei). Dei aller fyrste utgåvene melde ikkje nokre forfattarnamn, men det blei snøgt endra. Sjølv om både Marx og Engels sine namn skulle bli oppførte som forfattarar, var det berre heilt fyrst at dei hadde noko konkret samarbeid om teksten. Allereie i desember drog dei til kvar sin stad, Marx til Brussel og Engels til Paris. Det blir rekna at det var Marx som aleine stod for manifestet. Han blei ferdig med det i januar 1948 og sende det same månad til London for trykking.

Manifestet blei raskt omsett til ei rekkje språk, til engelsk, fransk, italiensk, nederlandsk og dansk. I Noreg blei delar av manifestet utgjeve allereie i Arbeiderforeningernes Blad, redigert av Marcus Thrane (1817-1890).

I september 1850 blei Marx og Engels ekskluderte frå Forbundet til kommunistane, ettersom dei i strid med statuttane hadde oppretta eit eige sentralorgan i Köln og skulda forbundet sine andre medlemer for å liggje under for «halvlært politiske drøyming».

I 1848 opplevde Europa ei rekkje revolusjonære opprør i fleire land. Fyrst ute var Frankrike i februar, då ei arbeidarrørsle greip makta frå kong Ludvig Filip og dreiv han i eksil til England i det som blir kalla «februarrevolusjonen».  Marx stod då i fare for å bli utlevert frå Belgia til Prøyssen. Då det snart etter utbraut opptøyar også i Brussel blei han arrestert og så utvist, men blei invitert av den franske provisoriske arbeidarregjeringa til å kome tilbake til Paris. Der kom han den 4. mars.

Etter at revolusjonen spreidde seg til Tyskland (den såkalla marsrevolusjonen), drog han og Engels til Köln. Dei kom der den 3. april, og grunnla den revolusjonære demokratiske foreininga. Slik blei Marx den viktigaste leiaren for den revolusjonære rørsla i den prøyssiske Rhinprovinsen. Snart etter blei han sjefsredaktør for den nye avisa Neue Rheinische Zeitung - Organ der Demokratie som starta å kome ut frå 1. juni 1848. Engels var òg med på avisprosjektet og hjelpte til med viktige artiklar.
 

Avisa såg på seg sjølv som arvtakar etter Rheinische Zeitung som Marx også hadde redigert. At avisa i det heile teke kunne bli gjenoppliva var på grunn av at pressesensuren var blitt oppheva som følgje av marsrevolusjonen, både i Preussen og i dei fleste andre av statane i Det tyske forbundet. Dei fleste av medarbeidarane til avisa var medlemer av Forbundet til kommunistane. Om arbeidsforholda skreiv Engels seinare at «redaksjonsførsla var rett og slett eit diktatur under Marx».

Etterpå stramma styresmaktene til. Men Marx visste å utnytte dei nye presselovane til fulle: Til dømes kunne særleg provoserande artiklar dukke opp blant annonsane i avisa, og dermed hadde ikkje styresmaktene noko brukbart utgangspunkt for å gripe inn.

Men politiet kunne også vise kreativitet: Då ein utropte unnatakstilstand etter uroa blant arbeidarane i Köln den 25. september blei dei fleste av skribentane til avisa rettsforfølgde - formelt ikkje for journalistikken sin men for talar dei hadde halde i forskjellige forsamlingar. Nesten alle av medredaktørane, Heinrich Bürgers (1820-1878), Ernst Dronke (1822-1891), Friedrich Engels, Wilhelm Wolff og Ferdinand Wolff (1812-1895), kom seg unna arrestasjon ved å flykte frå Köln. Dei kunne vende tilbake seinare, ettersom rettssakene mot den eine etter den andre gradvis blei innstilte. Engels var ute av spel heilt til ut i januar 1849.

Berre ein av dei seks medredaktørane flykta ikkje, Georg Weerth (1822-1856), men han var til gjengjeld blitt arrestert etter at fyrst Felix Lichnowsky (1814-1848) var blitt myrda i Frankfurt i september 1848. Han blei skulda for sverting av den døde og etter det dømd til  fengselsstraff i fem år og tap av borgarrettane.

Nederlaget til den revolusjonære rørsla fekk konsekvensar over heile Europa. Dei borgarlege liberalarane såg no langt meir alvorleg på kommunistfaren, og fann det best å prøve å skipe felles front med den halvføydale absoluttismen. Etter statskuppet i Preussen i november reagerte Neue Rheinische Zeitung med å oppmode folk til skattestreik og til å gjengjelde vald med motvald.

Under avisa sin korte levetid blei Marx to gonger stilt for retten, fyrste gongen den 7. februar 1849 for eit mindre brotsverk, og andre gongen dagen etter fordi han hadde oppfordra til væpna opprør. Begge gongene blei han frikjend. Under forsvaret sitt erklærte han føre juryen blant anna:

Avisa stod ganske snart heilt isolert i presseverda i opposisjonen sin mot dei nye maktforholda i Tyskland. Ho freista å samle til ein tysk arbeidarkongress i Leipzig. Deretter, og også som følgje av innmarsjen til russarane i Ungarn, opprøra i Dresden, Iserlohn, Elberfeld, Pfalz og Baden, såg den prøyssiske hæren seg nøydd til å «gjenopprette den borgarlege ordenen» i mai. Neue Rheinische Zeitung blei til slutt stansa den 19. mai 1849. Marx blei kjend statslaus.

Eit av dei varige resultata av Marx si verksemd som redaktør blei skriftet Lønnsarbeid og kapital. Det kom ut som ei rekkje leiarartiklar i Neue Rheinische Zeitung frå og med 5. april 1849 og til avisa blei innstilt. Det byggjer på dei forelesingane som Marx i 1847 hadde halde i den tyske arbeidarforeininga i Brussel. At det er blitt sett som ein ufullstendig eining, skuldast at Friedrich Engels gav dei ut samla i 1891, etter at Marx døydde. Marx hadde nok klart framhaldet av serien av leiarartiklar, men Engels fann ikkje dei manuskripta blant Marx sine attverande papir.

Marx blei utvist frå Preussen, og vende då fyrst tilbake til Paris, der også revolusjonen var blitt slått ned og kontrarevolusjonen hadde innført eit strengare styre. Etter demonstrasjonane den 13. juni gav den franske regjeringa han valet mellom å bli internert i Vannes i Morbihan i Bretagne, eller forlate Frankrike heilt. Han valde då å ta med seg familien og reise i eksil til London i juni, og der skulle han bu resten av livet sitt.

Åra i eksil i London skulle bli svært vanskelege for familien Marx, noko som breva hans også vitnar om. Trass i pengehjelp frå Engels måtte familien gjennom den eine prøvinga etter den andre.

I løpet av nokre få år mista han tre av barna sine: Heinrich Guido (1849-1850) og Franziska (1851-1852) døydde av svolt, og Edgar (1847-1855) av tuberkulose.  Karl Marx var svært nedbroten.

Marx hadde litt inntekter frå journalistisk arbeid, men det hjelpte ikkje nok på økonomien til å berge familien ut av elendet. Han skreiv hundrevis av avisartiklar for inntekta si skuld, blant anna for New York Tribune, som engasjerte han i 1852. Den var ei av dei leiande avisene i USA, og det som i dag er International Herald Tribune. I mange år var han Europaredaktøren til avisa. Artiklane var ikkje som vanlege reportasjar: Han skreiv omfattande analysar, ofte som lange artikkelseriar, om den politiske og økonomiske situasjonen i forskjellige europeiske land. Engasjementet varte heilt til utbrotet av den amerikanske borgarkrigen.

Det var ikkje før i 1861 at økonomien betra seg noko, takka vere auka stønad frå Engels. I 1864 fekk familien eit lyft takka vere Marx si morsarv som kom då. Men nokon rikdom blei det ikkje; det blei berre ei forandring frå armod til dårlege kår.

Politisk vigde Karl Marx seg under alle London-åra til internasjonal agitasjon for kommunismen og den kritiske analysen sin av kapitalismen. Nesten kvar dag brukte han i lesesalen på British Museum.

Fyrst gav han ut i form av ein artikkelserie 1849-50 ei skildring om klassekampane i Frankrike 1848-1850 (Klassenkämpfe in Frankreich 1848 bis 1850). Den omarbeidde og utvida han og fylte opp med Der achtzehnte Brumaire des. Louis Bonaparte (1852). Her analyserte han Den andre franske republikk som den 4. november 1848 avskaffa juli-monarkiet og blei til den blei styrta ved det bonapartistiske statskuppet i Frankrike den 2. desember 1851, då Napoleon III (1808-1873) kom til makta og innleidde Det andre franske keisardømmet.

Analysen av dei fortetta hendingane desse få åra gav Marx høve til å vidareutvikle tesane sine. For han framstod februarrevolusjonen og det seinare statskuppet som tydelege illustrasjonar på kva klassekamp verkeleg handlar om. Marx vidareutvikla i dette verket si oppfatning av klasseomgrepet og av historiefilosofien sin, som hevda at samfunnet uavvendeleg stemnar framover mot det klasselause samfunnet.

Dette verket er ei viktig framvising av marxistisk samfunnsanalyse og historisk teori, og inneheld ei rekkje av Marx sine mest kjende og siterte formuleringar.

Der achtzehnte Brumaire skulle få stor innverknad på seinare marxistisk totalitarianisme- og fascisme-forsking. Innan politisk vitskap blir det sett på som eit framståande verk innan politisk teori. Noko som skulle bli særleg lagt vekt på innanfor seinare marxisme og marxisme-leninisme var tesen verket framstilte om at ein sigerrik revolusjon av proletariatet måtte knuse det borgarlege statsapparatet i staden for berre å overta det.

I 1857-58 blei Marx ferdig med eit gigantisk 800 sider langt manuskript som dekte alle seks delane av den marxske økonomiske teorien:  kapital, landeigedom, lønnsarbeid, staten, utanrikshandel og verdsmarknaden. Men verket føyer seg inn i rekkja av skrifter som ikkje blei utgitt under levetida hans. Det var ikkje før lenge etter han var død, i 1941, at det såg dagens lys, under tittelen Grundrisse der Kritik der Politischen Ökonomie. 

Av dei seks felta var det berre det om kapitalen som Marx nokosinne rakk å gi ei ferdig utforming (storverket Kapitalen, Marx sitt magnum opus). Grundrisse blir ofte skildra som eit utkast til Das Kapital, sjølv om det herskar stor usemje om det nøyaktige forholdet mellom dei to tekstane, spesielt kva gjeld metodologispørsmålet.

Det fyrste av Marx sine sentrale og utvikla økonomiske hovudverk følgde så. I 1859 kom Zur Kritik der politischen Ökonomie. Eigentleg var det tenkt som fyrste hefte i ein serie, men Marx slo snart fast at han ikkje var heilt nøgd med detaljane. Derfor begynte han på nytt, og dermed kan ein også sjå Zur Kritik... som eit utkast til Kapitalen, som begynte å kome åtte år seinare.

Mens han arbeidde på Kapitalen fekk Marx igjen høve til å engasjere seg praktisk for arbeidarrørsla: I 1864 var han den leiande organisatoren av Den internasjonale arbeidarane si foreining (kort: Den fyrste internasjonalen). Støytet til organisasjonen var den store solidaritetsdemonstrasjonen i London den 22. juli for polakkane som hadde gjort opprør mot Tsar-Russland. Franske og engelske arbeidarleiarar møttest då og blei einige om å organisere seg internasjonalt. Den store konferansen fann stad i St. Martin's Hall, og heldt det gåande frå den 28. september og i over ein månad. Representantar for engelske, franske, italienske, polske, irske, sveitsiske og tyske arbeidarforeiningar deltok, blant dei også Marx. Marx tok raskt ei leiande rolle. Han forfatta statuttane og prinsipprogrammet, som blei einstemmig vedtekne den 1. november 1864, og blei Internasjonalen sin leiar. I innleiingstalen sin tok Marx utgangspunkt i dei britiske erfaringane og framheva særleg to hendingar: (1) lova om 10-timars arbeidsdag og (2) kooperativrørslene. Slike reformer blei karakteriserte som ein siger for den økonomiske utviklinga til arbeidarklassa. 

Den 26. juni 1865 presenterte Marx for generalrådet teksten Om lønning, pris og profitt der han argumenterte imot tesen om den tette samanhengen mellom lønnsaukingar og inflasjon.

Den fyrste internasjonalen femnde så vidt forskjellige grupperingar som tyske kommunistar, britiske fagforeiningsfolk, britiske liberale, tyske lassallister og franske proudhonister, og personar som den kommunistiske franskmannen Louis Auguste Blanqui (1805-1881), den anarkistiske russaren Mikhail Bakunin (1814-1876) og italienaren Giuseppe Mazzini (1805-1872).

Konfliktar var ikkje til å unngå. Den største gjaldt anarkistane. Men fyrst gjaldt det for Marx å trenge tilbake innverknaden til mazzinianarane, proudhonianarane og særleg owenianarane. Dei siste var eksponentar for det som er blitt kjent som utopisk sosialisme, ei retning innan tidlegsosialismen som framleis var sterk i engelske fagforeiningskrinsar. Det lukkast Marx langt på veg å nøytralisere desse innverknadene under Internasjonalen sin konferanse i Genève i september 1866.

Deretter tok Marx eit uforsonleg oppgjer med anarkistane, representert spesielt med Bakunin som han kjende frå tida i Paris i 1844 og som no budde i Sveits. Sjølv om Marx vann kampen mot anarkistfløya, som blei ekskludert under kongressen i Haag den 2. september 1872, blei sigeren hol. Flyttinga av generalrådet frå London til New York i 1872, som Marx støtta, leidde raskt til samanbrot og praktisk oppløysing av Internasjonalen. Den formelle oppløysinga følgde den 15. juli 1876 i Philadelphia.

Arbeidet med Kapitalen (Das Kapital) tok lang tid. Det var ikkje før i 1867 at fyrste bind av det som skulle bli eit sett på tre bind blei publisert. Forleggjaren var Otto Meissner i Hamburg, som også skulle gi ut dei følgjande (posthume) binda i 1885 og 1894. 
 
Dei ferdige setta som er blitt dei som skulle prege seinare marxisme, blei fyrst redigert av Engels og fekk forord skrive av han (1895). Seinare blei verket noko overarbeidt av den sosialdemokratiske partiideologen Karl Kautsky (1854-1938) og med forord av han (1910); Kautsky føyde også til ei såkalla fjerde bok, med «Teoriar om meirverdien» på grunnlag av eit manuskript funne i Marx sine leivningar. Både Engels og Kautsky sitt ferdiggjeringsarbeid er blitt utsette for kritikk frå forskjellig hald.  
    
Det fulle namnet til verket var Das Kapital. Kritik der politischen Oekonomie (Kapitalen. Kritikk av den politiske økonomien). Det bindet som kom ut i 1867, Der Produktionsprocess des. Kapitals, tok føre seg produksjonsmidla. Dei to posthume binda hadde temaa (Bind II:) Der Cirkulationsprocess des Kapitals (Kapitalen sin sirkulasjonsprosess) og (Bind III: Der Gesamtprocess der kapitalistischen Produktion (Den kapitalistiske produksjonen sin samla prosess).

Marx sa sjølv at målet hans var «å utvikle ein vitskap [dvs. politisk økonomi] ved kritikk til det punktet der den kan fremjast dialektisk», og på dette viset «avdekkje rørslelovane til det moderne samfunnet». Ved å påvise koss kapitalistisk utvikling var ein forløpar for ein ny og sosialistisk produksjonsmåte ville han leggje eit vitskapleg fundament for den moderne arbeidarrørsla.

Eit klart trekk ved Kapitalen er at framstillinga reflekterer den dialektiske metodologien som var utvikla av Georg Wilhelm Friedrich Hegel i bøkene hans Wissenschaft der Logik (1812/16) og Phänomenologie des. Geistes (1807). Ein finn også klare resultat av den innverknaden franske sosialistar som Charles Fourier, comte de Saint-Simon og Pierre-Joseph Proudhon hadde hatt på Marx.

Aristoteles og gresk filosofi generelt var òg ein viktig innverknad på Marx sin analyse av kapitalismen.  Marx si utdanning i Berlin gjorde han fortruleg med greske og romerske diktarar og filosofar, og doktorarbeidet hans frå yngre år hadde samanlikna to filosofar frå antikken i Hellas.

Marx bygde arbeidet sitt i stor grad på verk frå klassiske økonomar som Adam Smith (1723-1790, forfattar av «The Wealth of Nations»), David Ricardo (1772-1823, med verket «Principles of Political Economy and Taxation»), John Stuart Mill (1806-1873, som skreiv «The Principles of Political Economy») og til og med Benjamin Franklin (1706-1790, blant anna «The Way to Wealth»). Nesten alt det han nytta som empirisk underbygging kom også frå engelske kjelder, særleg frå økonomidelen i tidsskrifta The Economist og rapportar frå The Royal Commission of Inquiry.

Når han som relativt fattig mann kunne setje seg inn i slike kjelder, skuldast det at han tilbringa lange dagar i den kjelderike lesesalen i British Museum, som han lettvint kunne kome seg til frå den nærliggjande bydelen Chelsea, der han budde i delar av sitt Londoneksil. Men i tillegg til å byggje på desse økonomane, omarbeidde han materien på ein slik måte at verket hans blei ein syntese som var hans eige originale verk og ikkje berre var ei vidareføring av føringane til nokon annan økonom.

Eitt særtrekk er at Marx i motsetning til dei forfattarane han las gjennomførte ei integrering av økonomiske og sosiale forhold. Både Smith og Ricardo tenderte mot å halde desse frå kvarandre. Marx tok over Ricardo si inndeling i tre klassar (landeigarar, kapitaleigarar/kapitalistar og arbeidarar). Ricardo hadde i seinare arbeid påpeika negative sosiale følgjer av industrialiseringa på ein måte som Marx ikkje reflekterer over i Kapitalen.

Dei økonomiske studia Marx utførte overtydde han om at store framsteg var innanfor rekkjevidde; ja, at det ved hjelp av stadig forbetra teknologi absolutt ville vere mogeleg å nå fram til eit stadium der alle menneskelege behov kunne dekkjast godt for alle og ein kvar. Men for å få til denne rette fordeling av goda ville det vere heilt nødvendig å gestalte samfunnet sosialistisk eller kommunistisk.

Dei liberale var kritiske til Marx sin modell fordi den oppfordra til klassekamp. Det var ifølgje Marx sin modell heilt nødvendig at arbeidarane greip all makt, elles ville ein ikkje nå dette målet, og framandgjeringa ville berre bli verre.

Nøkkelomgrepet framandgjering fekk brei plass i Kapitalen. Dette er eit konsept som går tilbake til Hegel. Unghegelianarane hadde gripe fatt i det, og Feuerbach og Marx vidareutvikla det. Marx gjorde det om frå eit reint filosofisk fenomen til ein karakteristikk av ein sosial mekanisme. Marx nyttar framandgjering (Entfremdung eller Entäusserung) på grunn av den kapitalistiske produksjonsprosessen og eigedomsstrukturen, når arbeidarane ikkje har kontroll med produksjonsmidla og kapitalistane får brorparten av den meirverdien som blir tilført eit produkt ved virket til arbeidarane. Produktet framstår derfor for arbeidaren som noko framand, og som han ikkje har kontroll over.

  
Den viktigaste politiske hendinga for kommunismen og sosialismen i desse åra blei Parisarkommunen i 1871, då parisiske borgarar gjorde opprør og klarde å kontrollere byen i to månader. Marx skreiv i april/mai same år ein av sine i ettertida mest kjende tekstar om den blodige undertrykkinga av opprøret, Borgarkrigen i Frankrike, der han kom med eit entusiastisk forsvar av Kommunen. Igjen dreier det seg om eit verk som ikkje blei offentleggjort då; det blei fyrst kjent i 1930-åra. I manuskriptet trekte Karl Marx igjen sin tidlegare konklusjon om at proletariatet ikkje må slå seg til ro med å få grep om maktapparatet til staten, det må rykkje det opp med rota. Marx priste den nye forma for folkestyre som «kommunardane» etablerte.

Under det siste tiåret av livet sitt gjekk det raskt nedover med Marx si helse, og han var ikkje lenger i stand til å oppretthalde det trykket på forfattarskapen sin som hadde kjenneteikna han før. Tida til maratonløpet var forbi. Men han makta å engasjere seg tungt i einskilde dagsaktuelle spørsmål, særleg i Tyskland og i Russland.

Tidleg i mai 1875 skreiv Marx med stønad frå Engels eit brev til Eisenach-fraksjonen av den tyske sosialdemokratiske rørsla. Brevet blei ikkje utgitt før i 1891, altså etter døden hans. Marx og Engels hadde lenge stått denne rørsla nær. Brevet gav kanskje dei mest detaljerte tilvisingane og kommentarane frå Marx si hand om programmatiske forhold for revolusjonær strategi. Her drøfta han «diktaturet til proletariatet», overgangsfasen mellom kapitalisme og kommunisme, proletarisk internasjonalisme og partiet til arbeidarklassa.

Dette brevet blei det siste større verket frå Marx si hand.

Utgangspunktet var ein planlagd partidannande kongress i byen Gotha. To grupper eller parti skulle her tilnærme seg kvarandre: Etter planen ville eisenacherfraksjonen faktisk slå seg saman med lasallefraksjonen og saman skipe eit sameint parti, det som etter endå nokre år blei til Det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD). Eisenacharane (namnet kjem frå byen Eisenach der dei hadde vedteke det dei meinte var eit strengt marxistisk program i 1869) hadde sendt eit programutkast, «Gothaprogrammet», til Marx for kommentar. Marx meinte det var negativt påverka av ider frå den avdøde tyske sosialistpolitikaren Ferdinand Lassalle (1825-1864), ein mann som Marx hadde sett som ein opportunist som var villig til kompromisse med regjeringa om krava til arbeidarrørsla.

Då kongressen blei halden i Gotha seint i mai, blei det kritiserte programmet derimot vedteke med berre mindre endringar.

Hans noko mindre intense arbeid med Russland avdekte ein interessant ideologisk fleksibilitet. Det dreiar seg om Marx sin korrespondanse med Vera Ivanovna Sassulitsj (1849-1919), ei russisk narodnika som var på full fart til å bli marxistisk revolusjonær.

I det som er blitt kjent som Sassulitsj-brevet (8. mars 1881) drøfta han sjansen for at situasjonen i Russland kunne vere slik at dette føydalsamfunnet kunne hoppe over det kapitalistiske utviklingsstadiet og gå rett over til å byggje kommunismen på grunnlag av felleseigetradisjonar i russiske jordbrukslandsbyar.

Ein annan fleksibilitet frå det normalmønsteret han hadde teikna opp med så stor styrke viste han òg på ein annan måte: Han ville ikkje utelukke at visse land med sterke demokratiske institusjonelle strukturar, som Storbritannia, USA og Nederland, kunne klare overgangen frå kapitalisme til kommunismebygging ved ein fredeleg veg. I land med sterke sentraliserte statsorienterte tradisjonar som Frankrike og Tyskland derimot, såg han ei valdeleg omvelting som heilt uunngåeleg.

Marx levde i fattigdom i dei siste åra av livet sitt, heilt avhengig av økonomisk stønad frå vennene og særleg den spesielle vennen og medforfattaren Engels som hjelpte familien med dei daglege utgiftene og gjelda. Sjukdomssvekkinga hans gjorde at framdrifta med økonomiske arbeid heilt stoppa opp; han leid blant anna av kronisk bronkitt.

Den 2. desember 1881 døydde kona hans, Jenny. Marx var for sjuk til å gå i gravferda. Den 11. mai 1883 døydde dottera, som òg heitte Jenny. Sjølv døydde Karl Marx den 14. mars 1883. Han blei 64 år, og var framleis statslaus. Tapet av kona, og sikkert også av dottera Jenny, hadde ført han inn i ein djup depresjon som sannsynlegvis framskunda døden hans.

Han blei gravlagd tre dagar etter i Highgate Cemetery i London. Ni personar var til stades ved gravferda. Det var Engels, Eleanor, svigersønene Charles Longuet og Paul Lafargue, og fem andre med nære band til dei avdøde - Wilhelm Liebknecht, Friedrich Lessner, G. Lochner, Carl Schorlemmer og Ray Lankester - som òg var overtydde sosialistar.

Innskrifta på gravstøtta, eit monument reist i 1954 av Det britiske kommunistpartiet, er «Workers of all lands, unite!». Den opphavlege gravsteinen var i utgangspunktet enkelt utsmykka.

Berre tre av barna til familien voks opp. Det var døtrene Eleanor, Jenny Caroline og Laura, som liksom foreldra sine engasjerte seg i den sosialistiske rørsla. Laura gifte seg i 1868 med Paul Lafargue (1842-1911), Jenny gifte seg i 1872 med Charles Longuet (1839-1903), og Eleanor levde frå 1883 saman med Edward Aveling (1849-1898). Alle tre svigersønene var aktive som sosialistiske agitatorar; dei to fyrstnemnde i Frankrike og den siste i Storbritannia. Ingen gav faren sin nokre barnebarn.

Begge dei to døtrene som overlevde faren, Laura og Eleanor, var språkintelligente og engasjerte seg i omsetjingsarbeid. Eleanor omsette til og med to stykke av Ibsen til engelsk: Fruen fra Havet og En folkefiende. Noko anna dei skulle få til felles var at dei skulle gjere sjølvmord. Ved begge tilfelle var det i sjølvmordspakter med respektive makar, men i Laura sitt tilfelle blei ho lurt til det - Edward hadde aldri tenkt å ta gift sjølv.

Ifølgje eit gjenstridig rykte hadde Marx ein son utanfor ekteskapet: Frederick Demuth, fødd 1851, sonen til hushalderska hans Lenchen Demuth (1820-1890). Ho hadde arbeidt hos familien heilt sidan 1843. Ungkaren Engels tok ansvaret for farskapet og spara tilsynelatande Marx for ansvaret. Etter Marx døydde flytte ho til Engels og blei hushalderska hans. Dei to i fellesskap tok seg av Karl Marx sine historiske leivningar. Ho døydde av kreft i november 1890, og etter eit ønske frå Jenny blei ho gravlagd i familiegrava til familien Marx.

Verka og tenkinga til Karl Marx blei sterkt gjeldande etter at han døydde. Blant politikarar som meinte seg påverka av tankane hans finn ein Eduard Bernstein, Karl Kautsky, Rosa Luxemburg, Otto Bauer, Julius Martov, Lev Trotskij, Martin Tranmæl, Einar Gerhardsen, Johan Nygaardsvold, Olav Oksvik, Vladimir Lenin, Josef Stalin, Mao Zedong, Pol Pot, Kwame Nkrumah, Fidel Castro, Enver Hoxha og Kim Il-sung.

 




#Article 117: Vladimir Lenin (261 words)


Vladimir Iljitsj Lenin () var grunnleggjaren av den moderne kommunismen og den sovjetiske staten. På Karl Marx si tid og frametter blei omgrepa sosialistisk, kommunistisk og sosialdemokratisk ofte bruka om kvarandre, men frå og med Lenin er kommunisme ei særskild retning i politikken.

Vladimir Lenin blei fødd i Russland i 1870. Det eigentlege etternamnet hans er Uljanov, og Lenin er eit pseudonym han bruka fordi sosialistiske rørsler var ulovlege i det gamle Russland. Lenin blei leiaren for bolsjevikane, den eine hovudfløya i det russiske sosialdemokratiske partiet. Den andre hovudfløya blei kalla mensjevikar, og der var Julius Martov ein av leiarane. Det var bolsjevismen eller leninismen som blei grunnlaget for den moderne kommunismen. Bolsjevikfløya braut etter kvart med dei andre sosialdemokratane, og bruka frå 1918 namnet kommunistisk om partiet sitt.

Bolsjevikane tok makta i Russland i oktober/november 1917. Lenin stod i brodden for denne maktovertakinga, etter at han hadde komme tilbake til Russland frå eksil i utlandet. Statsmakta skulle no byggjast på arbeidarråda (sovjeta), men i løpet av borgarkrigen 1918-1920, som også vestlege land blanda seg inn i, mista desse råda mykje av makta si. Etter at både andre sosialistiske parti og organiserte fløyer i kommunistpartiet blei forbodne, låg heile den reelle makta i den nye sovjetstaten i leiinga for kommunistpartiet. Lenin var likevel tilhengar av eit visst fritt ordskifte innanfor partiet, men etter at han døydde i 1924, og Josef Stalin gradvis tok all makt i parti og stat, blei det slutt på dette. Då blei det politiske politiet bruka mot opposisjonen i partiet, der Lev Trotskij var ein leiande figur.




#Article 118: Namnet Lenin (282 words)


Lenin er eit russisk namn som blei brukt som dekknamn av kommunistleiaren Vladimir Iljitsj Uljanov, og var namnet han blei kjend under. Det er mykje nytta i sovjetisk og sosialistisk samanheng. Lenin er også blitt brukt som personnamn av andre.

Vladimir Iljitsj Uljanov tok dekknamnet «Lenin» i 1901. Namnet blei kjend gjennom ein pamflett, Sjto delat'? (Что делать?), eller 'Kva må gjerast?', gjeven ut i 1902 og signert N. Lenin. Nøyaktig kvifor han valde namnet er ukjend, men ein reknar vanlegvis med at han kalla seg opp etter elva Lena i Sibir. Namnet kan tyda 'mannen frå Lena', og -in-endinga var vanleg i dekknamn på denne tida. Sosialdemokraten Georgij Plekhanov, som Lenin starta avisa Iskra saman med, nytta «Volgin» som dekknamn. Namnet Volgin kjem av elva Volga. Elva Lena er større og lengre enn Volga og renn i motsett retning. 
I april 1912 var elva elles åstaden for ein massakre av streikande arbeidarar utført av tsaren sine styrkar. Lena-massakren førte til arbeidaruro mange stader i Russland.

Fleire stader i Sovjetunionen fekk namn etter Lenin, men mange blei omdøypte etter at Sovjetunionen fall. Leningrad, no St. Petersburg, er det best kjende dømet. Andre er Leninogorsk, Leninsk, Leninsk-Kuznetskij og Leninskij i Russland, Lenin i Aserbajdsjan, Lenin i Tadsjikistan, Lenin i Turkmenistan, Leninskij i Kasakhstan, Lenine og Leninivka i Ukraina og Leninpol' i Kirgistan.

To byar som tidlegare heitte Leninsk i Kasakhstan og Turkmenistan har endra namna sine til høvesvis Bajkonur og Akdepe.
Leninfjellet, eller Pik Lenina, mellom Kirgisistan og Tadjikistan blei døypt om til Ibn Sina-fjellet i 2006.

Lenin og avleiingar har vore nytta i litteratur, til dømes om den viktige figuren Lenina Crowne i dystopien Brave New World av Aldous Huxley frå 1932.




#Article 119: Kommunisme (655 words)


Kommunisme (av latin communis - felles) er ein politisk ideologi grunnlagd av Karl Marx og Friedrich Engels. Kommunisme er òg eit omgrep som vert bruka om det kommunistiske samfunnet, eit klasselaust, statslaust fridomssamfunn, og om dei samfunnsformene som skal fremja ein overgang til eit slikt framtidssamfunn.

Innan marxistisk teori er kommunisme namnet på eit samfunnssystem der den private eigedomsretten er oppheva og eigarskapet til produksjonsmidla er overført til fellesskapet. Sentralt for kommunistane er at samfunnet er klassedelt, og at ein i eit kapitalistisk samfunn har ein konflikt (klassekamp) mellom kapitaleigarar (overklassen eller borgarskapet) og arbeidarar. Ein overgang frå kapitalisme til kommunisme vil innebera at arbeidarklassen tek statsmakta og makta over produksjonsmidla. Kommunistane ser på staten først og fremst som eit middel for ein samfunnsklasse til å undertrykkja ein annan klasse.

Marx meinte at det måtte ein revolusjon (i våre dagar vanlegvis kalla ein sosialistisk revolusjon) til for å ta makta frå kapitalistane. Den første tida etter ein slik revolusjon, fram til samfunnsklassane var oppheva og staten var overflødig, kalla han den første fasen av kommunismen. Dagens kommunistar kallar vanlegvis denne fasen for sosialisme.

I mennesket si tidlege historie fanst det ikkje samfunnsklassar, og folk levde saman i små grupper og måtte samarbeida for å overleva. Slike samfunn kallar ein urkommunistiske samfunn. Eksempel på dette kan vera til dømes indianarstammer som lever av eigne ressursar.

Ordet kommunisme vert i dag ofte assosiert med dei forsøka som har vore på revolusjonar og kommunistiske statar på 1900-talet, særleg Russland, seinare Sovjetunionen, der ein gjennomførte den første sosialistiske revolusjonen (Oktoberrevolusjonen). Vladimir Lenin vidareutvikla marxismen til det ein i dag kallar marxismen-leninismen. Mellom anna utvikla han den leninistiske partimodellen, ein partimodell som har vorte brukt av dei fleste vestlege kommunistparti seinare.

På byrjinga av det førre århundret kalla begge retningane i den russiske arbeidarrørsla, mensjevikane og bolsjevikane, seg for sosialdemokratar. Etter revolusjonen i 1917 byrja bolsjevikane å kalla seg kommunistar i 1918, og frå 1919 då den kommunistiske Tredje Internasjonalen blei danna, har kommunismen eksistert som politisk retning internasjonalt. Kommunistane understreka, i motsetning til sosialdemokratane, at eit sosialistisk samfunn berre kunne oppnåast gjennom ein revolusjon, der ein overtok statsmakta, knuste det gamle statsapparatet og oppretta det såkalla proletariatets diktatur. 

Også Mao Zedong gav viktige bidrag til kommunistisk ideologi ut frå praktisk-politiske erfaringar etter at revolusjonen sigra i Kina i 1949. Etter kvart splitta den internasjonale kommunistrørsla seg i to leirar, den eine fløya støtta Sovjet og den andre støtta Kina. I Noreg støtta AKP(m-l) Kina og Albania, medan NKP stod nærmare Sovjet.

I praksis utvikla dette «proletariatets diktatur» seg i alle land der kommunistane tok makta til ein eittpartistat der den reelle makta låg/ligg hjå leiinga i kommunistpartiet. Under leiarar som Josef Stalin i Sovjetunionen og Mao Zedong i Kina blei diktaturet i stor grad eit personleg herredømme. Stalinisme og maoisme har historisk vist seg å vera ein anti-demokratisk faktor i mange land, sjølv om somme hevdar det finst døme på det motsette. Dei fleste kommunist-regima har i dag anten falle, som i Russland, eller er heilt endra i innhald, som i Kina, der ein har endra systemet til ein slags statsstyrt kapitalisme, og deretter gradvis innført «vanleg» kapitalisme.

Den såkalla eurokommunismen eller reformkommunismen som har utvikla seg i ein del vestlege kommunistparti etter Stalin sin død, kan i praksis seiast å vera sosialdemokratiske retningar.

Kommunisme er i dag ei nemning som blir bruka av svært ulike parti. Det einaste partiet i Noreg som kallar seg kommunistisk, er Norges Kommunistiske Parti. For tida finst det også to norske kommunistiske grupperingar som heiter Ten Folket og Revolusjonær Kommunistisk Ungdom. Det er hevda at også den anti-rasistiske organisasjonen SOS Rasisme er sterkt prega av kommunistar i sentrale tillitsverv.Kommunismen som ideologi og kommunistiske parti har i dag liten oppslutnad i Vesten. Delar av Sør-Amerika og Aust-Asia er dei stadene der revolusjonære kommunistparti står sterkast.

Dei statane som i dag er styrt av parti som kallar seg kommunistparti, er Cuba, Vietnam, Kina og Laos.

 




#Article 120: Josef Stalin (1081 words)


Josef Vissarionovitsj Stalin () var den fyrste generalsekretæren i det sovjetiske kommunistpartiet. Etter Vladimir Lenin døydde, fekk Stalin gradvis meir og meir makt i Sovjetunionen, og var reelt sett øvste leiar i landet frå midten av 1920-åra fram til han døydde. Stalin er kjend som ein av dei mest omsynslause kommunistiske diktatorane i historia.

Pseudonymet Stalin (russisk Сталин) tyder stålmannen. 

Stalin vart fødd i Gori i Det russiske imperiet (no Georgia) der han voks opp i fattige kår. Han fekk utdanninga si på eit presteseminar i Tbilisi, på mange måtar tilsvarande katedralskular i vest. Berre eit fåtal gjekk der, han ville verta prest. Medan han studerte, var han med i ulovleg politisk arbeid. Han blei utvist frå skulen i 1899 sidan han ikkje møtte fram ved eksamen i eit teologisk emne.  

Med ei dekkstilling på det astronomiske/fysiske observatoriet i Tbilisi byrja han aktiv revolusjonær verksemd, med studiesirklar i marxisme, med utgjeving av illegale aviser, organisering av demonstrasjonar og streikar, organisering av paramilitære og pengesamling gjennom bankran, kidnappingar og utpressing. Saman med Kliment Vorosjilov gjennomførte han ein vellukka streik blant oljearbeidarane i Baku i 1908, som førte til den første kollektivavtalen i russisk arbeidarhistorie.

Sommaren 1906 gifta Stalin seg med Ekaterina Svanidze, som seinare fødde det første barnet hans, Jakov. Stalin forlét partiet for ei stund fordi det la ned forbod mot bankran. Han stod bak eit stort pengetransportran som førte til at 40 menneske omkom.

Frå mars 1901 til mars 1917 levde Stalin under jorda med det tsaristiske løyndepolitiet i hælane. Han vart arrestert og fengsla og så send i forvising til Sibir fleire gonger, men klarte som oftast å rømma heilt til han etter arrestasjon i St. Petersburg i 1913 vart deportert til Turukhansk. Stalin måtte opphalda seg tre år i ein liten sibirsk landsby, Kurejka, under svært harde klimatiske og materielle vilkår. Under eit av fengselsopphalda døydde den første kona hans i Baku av tuberkulose, men sonen overlevde. Sonen hans igjen står i dag i brodden for ein organisasjon til reinvasking av Stalins minne.

Stalin var medlem av det sosialdemokratiske partiet frå 1899, og etter splittinga i partiet blei han med bolsjevikane. Trass i politiforfylging lukkast han å delta på partikongressen i Tammerfors/Tampere (1905), Stockholm (1906) og London (1907). Han blei vald inn i sentralkomitéen i 1912 og stod for partiorganet Pravda. Saman med Molotov leidde han eksekutivkomitéen i Bolsjevikpartiet i Petrograd frå mars 1917 til Lenin og andre framståande emigrantleiarar var på plass i hovudstaden. Etter revolusjonen blei Stalin kommissær (minister) for nasjonalitetsspørsmål i regjeringa, under borgarkrigen vart han stendig send ut for å rydda opp og leia krigføringa i akutte situasjonar. Særskilt prekær var stoda i Volgabyen Tsaritsin. Kornforsyningane kom ikkje fram til Moskva og Petrograd, det var fraternisering og korrupsjon mellom ulike grupperingar frå kvite til raude. Stalin som kom til Tsaritsin, 6. juni 1918, gjekk hardt til verks, dei kvite vart tukta, og kornforsyningane kom fram. Byen fekk seinare namnet Stalingrad.
Stalin var loyal mot Lenin som han hadde stor beundring for. Etter at polakkane (Pilsudski) hadde byrja åtakskrig mot Sovjetstaten i 1920 og sovjetarane hadde slått dei tilbake, ville Lenin halda fram mot Warszawa for å ha ei bru til rådsrepublikkane som hadde dukka opp i Tyskland etter det tyske nederlaget. Stalin rådde frå dette av di som han sa, det er skilnad på å slåst mot polakkar i Russland og mot polakkar på deira eiga jord. Stalin bøygde seg for Lenins vilje og røysta for, men det gjekk som han trudde, dei makta ikkje ta Warszawa. I 1922 vart Stalin vald til generalsekretær i kommunistpartiet. Denne posisjonen bygde han ut til ei sentral maktstilling og knytte til seg folk av den yngre garde som ikkje hadde hatt samband med emigrantmiljøet. Etter at Lenin vart arbeidsudugande (han var bl.a. svekka etter eit attentat, 30.8. 1918) fekk Stalin meir og meir kontroll over parti og land. I førstninga manøvrerte han varleg mellom høgre- og venstregrupperingar og synte stor evne til å spela dei ut mot kvarandre. Samstundes hadde han klare planar for oppbygginga av Sovjetstaten; anten måtte ein innhenta Vesten på ti år eller så ville Sovjetunionen gå under. Ei omfattande industrialisering vart sett i gang, ressursane måtte i stor mon hentast i jordbruket slik at kollektiviseringa der gjekk føre seg den første tida utan mange materielle incitament og med sterk motstand frå mange sjølveigande bønder (kulakkar), men etter kvart med utbygginga av sovkhos og ikkje berre kolkhos, vart målet om å gjera bonden til industriarbeidarens likemann i stor mon nådd. På den 15. partikongressen i desember 1927 var retningslinene for den første femårsplanen trekte opp. Femårsplanar kom til å verta kjenneteiknet for oppbygginga av Sovjetunionen. 

Stalin hadde så langt det var råd freista å halda landet utanfor krig med Tyskland, men var klar over at nazistane hadde på programmet å gå mot aust og bolsjevismen. Landet vart førebudd på eit oppgjer, men det tyske åtaket kom tidlegare enn Stalin hadde rekna med, og krigen førte til store lidingar for sovjetfolket. 
Under andre verdskrigen viste det seg at trass i utreinskingar i offiserskorpset hadde Sovjetunionen likevel blitt styrkt som militærmakt, og landet stod sentralt i sigeren over Hitler-Tyskland på det europeiske kontinentet. Sovjetarane var alt rykt inn i Polen då britar og USA-styrkar invaderte Normandie. Men tapa var store både i menneskeliv og materielt. Ein reknar med at minst 25 millionar sovjetiske statsborgarar mista livet under andre verdskrigen. Særleg viktig var forsvaret av Leningrad, som frå 21.8.41 var isolert i 18 månader pga av tysk kringsetting, og kampane om Stalingrad frå august 1942 til 2.2. 1943. Stalin hadde enorm prestisje etter sigeren i 1945, og kommunistpartia hadde stor framgang også i Vest-Europa. Sovjetarane hadde militær kontroll over Aust-Europa, men sjølv var Sovjetsamveldet eit blodtappa land som for ein stor del var ein ruin vest for Ural. Etter krigen heldt Stalin seg strengt til avtalane med Churchill og Roosevelt, som i praksis tydde ei oppdeling i interessesfærer, sovjetstyrkane vart trekte ut av Noreg, Finland, Iran og Austerrike, og sovjetarane intervenerte ikkje til støtte for dei greske partisanane i Hellas som slost mot britar og amerikanarar, men i Aust-Europa fekk sovjet-tru kommunistparti makta og freista å byggja kommunistiske samfunn med Sovjetunionen som modell. I førstninga gjekk dette lett av di andre grupperingar hadde blamert seg kraftig ved å vera tyskvenlege i minsto under første delen av krigen. Fasciststrøymingane hadde vore sterke i Ungarn, Romania, Bulgaria, Kroatia osb. Men etter kvart kom Sovjetblokka i bakleksa når det galdt velstandsutvikling for mellomklassesjiktet og produksjon av forbruksgode av god kvalitet. 




#Article 121: Lev Trotskij (430 words)


Lev Trotskij () var ein sovjetisk kommunistisk leiar. Trotskij (rus. Лев Давидович Троцкий, førenamnet også transkribert som Leo, Leon osb.) organiserte bolsjevikrevolusjonen i Russland i oktober/november 1917, leidde Den raude armeen til siger under borgarkrigen og intervensjonskrigen 1918-1920, var den leiande personlegdomen i opposisjonen mot Stalin innanfor det sovjetiske kommunistpartiet og danna den Fjerde Internasjonalen (FI) i eksil (landflykt) i 1938.

Trotskij heitte opphavleg Bronstein, og kom frå ein jødisk familie i Ukraina. Han slutta seg tidleg til det illegale (ulovlege) russiske sosialdemokratiske partiet (som omfatta sosialistar i heile det russiske storriket, ikkje berre sjølve Russland), der han ikkje høyrde til nokon av hovudfløyene heile tida. Han hadde ei sjølvstendig stilling i partiet, og var delvis sterkt usamd med bolsjevikleiaren Vladimir Lenin. Pseudonymet (løyndenamnet) Trotskij tok han etter ein medfange han møtte da han sat i fengsel for ulovleg politisk aktivitet som ung mann. 

I 1917 slutta Trotskij seg til bolsjevikane, fordi Lenin da etter Trotskij si meining gjekk over til hans politiske linje da han kom heim frå eksilet sitt. Også Trotskij kom heim frå eksil same året, og frå da av var han og Lenin kvarandre sine nærmaste medarbeidarar resten av Lenins liv. 

Lenin og Trotskij var dei tvillaust leiande personane i det tidlege sovjetregimet. Men da Lenin sjukna inn og seinare døydde, synte det seg at Trotskij ikkje hadde noka sterk stilling i systemet. I løynd hadde Josef Stalin bygd opp eit apparat som var loyalt overfor han, og Trotskij blei utmanøvrert. Andre leiarar skjønte ikkje at Stalin kunne bli farlege for dei også før det var for seint, og var med på å setje Trotskij til sides. 

Trass i at stillinga hans blei stadig svakare, kjempa Trotskij ein lang og hard kamp mot Stalin og stalinismen, først innanfor kommunistpartiet til han blei ekskludert, sidan illegalt (ulovleg) utanfor partiet. I 1929 blei Trotskij landsforvist, og levde resten av livet i eksil (landflykt) i fleire land, mellom dei Noreg - frå juni 1935. Her vart han utvist 1936, offisielt fordi han hadde brote vilkåra for opphaldet ved å drive politisk verksemd, men i røynda på grunn av sterkt sovjetisk press.  Deretter fekk han asyl i Mexico, og her vart han drepen av ein stalinistisk agent i 1940. 

Trotskij har skrive fleire viktige politiske skrift, mellom dei ei kraftig åtvaring mot Hitler, og mot at dei tyske stalinistane gjorde sosialdemokratane til hovudfiende mens nazismen truga med å ta makta i Tyskland («For arbeidareinskapsfront mot fascismen», 1931).

Den Fjerde Internasjonalen er etter Trotskij døydde blitt splitta fleire gonger, men finst framleis under namnet United Secretariat of the Fourth International (USFI). 




#Article 122: Sovjetunionen (11292 words)


Sovjetunionen eller Sovjetsamveldet, i daglegtale ofte berre kalla Sovjet (russisk: Союз Советских Социалистических Республик (СССР)), var ein sosialistisk stat i Aust-Europa og Asia som eksisterte i perioden 1922 til 1991. Sovjetunionen var eit samvelde av 15 på papiret autonome republikkar, med Russland som den største og klart dominerande delrepublikken. Dominansen den russiske sovjetrepublikken gjorde til at Sovjetunionen ofte vart omtala som «Russland» eller «Sovjet-Russland» i Vesten, sjølv om denne nemninga ikkje var heilt nøyaktig.

Sovjetunionen voks fram i etterkant av den fyrste verdskrigen då det gamle russiske keisarriket gjekk under i den russiske revolusjonen. Etter ein kaotisk periode som vart kjend som den russiske borgarkrigen fekk bolsjevikane til Vladimir Lenin makta over mesteparten det gamle russiske riket. Etter at Lenin var død gjekk makta etter kvart til Josef Stalin, som med kommandoøkonomien sin og dei brutale metodane sine fekk landet gjennom ei storstilt industrialisering. I 1941 gjekk Nazi-Tyskland til åtak på landet, men etter fire år med dei mest omfattande krigshandlingane verda til no har sett stod Sovjetunionen att som ei av dei to supermaktene i verda. Etterkrigstida vart prega av den kalde krigen, ein ideologisk og politisk maktkamp mellom Sovjetunionen ein god del sosialistiske land på den eine sida og USA og mange vestlege land på den andre sida. Utover på 1980-talet vart det klart at Sovjetblokka tapte denne kampen, og då Mikhail Gorbatsjov overtok makta i Sovjetunionen i 1985 var det klart at det var naudsynt med grunnleggjande reformer i samfunnsstrukturen. Gorbatsjov klarte ikkje lenger å halde landet samla, og i løpet av 1990-91 gjekk den tidlegare så mektige Sovjetunionen i oppløysing.

Det sovjetiske samfunnssystemet var dominert av kommunistpartiet, eit parti som bygde på dei marxist-leninistiske prinsippa. Kommunistpartiet var det statsberande partiet i landet, og det einaste tillatne. Generalsekretæren i partiet var frå midten av 1920-åra den mektigaste personen i Sovjetunionen, og hadde langt meir makt og innverknad enn regjeringa og parlamentet. Sovjetunionen hadde verdas største planøkonomi, der alle aspekt av det økonomiske livet var forsøkt styrt sentralt frå hovudstaden Moskva, mellom anna gjennom såkalla femårsplanar. Landet var prega av liten politisk fridom der mellom andre KGB aktivt overvaka store delar av samfunnet. Landet hadde i glansperioden sin eit vel utbygd sosialt system med eit godt utbygd helsevesen og sosiale stønader.

Det offisielle namnet til Sovjetunionen på russisk var Sojuz Sovetskikh Sotsialistitsjeskikh Respublik, Сою́з Сове́тских Социалисти́ческих Респу́блик [СССР] , Unionen [eller Samveldet] av sosialistiske sovjetrepublikkar [USSR eller SSSR]. Ordet «sovjet» tyder 'råd' og viste i Sovjetunionen til politiske representantar på alle nivå. Sovjetunionen blei opphavleg danna av fire sovjetrepublikkar: Russland, Ukraina, Kviterussland og Den transkaukasiske føderasjonsrepublikken.

Sovjetunionen var med dei 22 402 200 kvadratkilometrane sine den største staten i verda, og tekte ein sjettedel av det busette landområdet i verda. Storleiken på landet kan samanliknast med Nord-Amerika. Den vestlege delen av Sovjetunionen låg i Europa. Han utgjorde om lag 25 % av arealet og var det kulturelle og økonomiske tyngdepunktet i landet. Den asiatiske delen av Sovjetunionen strekte seg til Stillehavet i aust og til Iran og Afghanistan i sør, og var langt tynnare busett enn den europeiske delen. Frå Kaliningrad i vest til Diomedesøyane i aust var det over 10 000 kilometer og 11 tidssoner, og frå Nordishavet i nord til Kusjka ved den afghanske grensa var det nesten 5 000 kilometer.

Grenselinene i Sovjetunionen målte over 60 000 kilometer, og var dermed lengst i verda. Landet grensa til Nord-Korea, Folkerepublikken Kina, Mongolia, Afghanistan, Iran og Tyrkia i Asia, medan det i Europa grensa til Romania, Ungarn, Tsjekkoslovakia, Polen, Finland og Noreg. Heilt i aust skilde Beringsundet på 86 kilometer Sovjetunionen frå USA. To tredjedelar av grenselinene var kystline, der mesteparten låg ved Nordishavet.

Dei fleste naturgeografar delte landet inn i fem distinkte klimasoner. I nord låg tundraen, trelause område med permafrost. Deretter kom taigaen, det sibirske barskogsområdet. Sør for taigaen låg dei gigantiske steppene, skoglaust sletteland der mesteparten av jordbruket vart drive. Lenger sør låg tørre område med mykje ørken. Dei sørlegaste områda av Sovjetunionen var dominerte av fjell, både i Kaukasus og i Sentral-Asia.

Den lengste elva i Sovjetunionen var Irtysj, som saman med Ob danna det sjuande lengste vassdraget i verda, på 5 410 kilometer. Deretter kom Lena på 4 472 kilometer og Amur (delvis langs grensa til Folkerepublikken Kina) på 4 444 kilometer. Det høgste fjellet i Sovjetunionen var Kommunistfjellet (det som i dag er Ismail Samani) i Tadsjikistan på 7 495 meter. Nest høgst var Sigerstoppen i Kirgisistan på 7 439 meter, med Leninfjellet på grensa mellom Tadsjikistan og Kirgisistan som nummer tre med 7 134 meter. I den europeiske delen av Sovjetunionen var Elbrus det høgste fjellet med sine 5 642 meter, medan Volga på 3 692 kilometer var den lengste elva.

Sovjetunionen hadde òg fleire av dei største innsjøane i verda. Den største, Kaspihavet, låg hovudsakleg i Sovjetunionen (sørkysten grensa mot Iran). Andre store innsjøar var Bajkalsjøen, som òg er djupast i verda, og Aralsjøen, som var den fjerde største innsjøen i verda i 1960, men som sidan nesten er oppturka.

Sovjetunionen hadde omtrent 293 millionar innbyggjarar i 1991, og var då den tredje mest folkerike staten i verda etter Folkerepublikken Kina og India. Landet hadde ein folketettleik på 13 personar pr. kvadratkilometer. Innbyggjarane var ujamnt fordelt, og folkesetnaden gjekk frå 129 personar pr. kvadratkilometer i Moldova til seks personar pr. kvadratkilometer i Kasakhstan.

Det var 23 byar med meir enn ein million innbyggjarar i Sovjetunionen i 1989. Den største byen i landet var hovudstaden Moskva med ni millionar innbyggjarar, medan Leningrad (no St. Petersburg) var nest størst med fem millionar. Blant dei andre større byane var delrepublikkhovudstadene Minsk, Kiev, Baku og Tasjkent.

Etniske russarar utgjorde majoriteten av innbyggjarane i Sovjetunionen. Dei utgjorde likevel ein stadig mindre del av det totale innbyggjartalet i landet, og i 1989 var parten nede i 50,8 %. Den samla delen slavarar (hovudsakleg ukrainarar, kviterussarar og russarar) var på same tid på 69,74 %. Dei sentralasiatiske muslimane utgjorde saman med aserbajdsjanarane 14,30 %, armenarar og georgiarar til saman 4 %, moldovarar 1,9 % og dei baltiske folkegruppene til saman 1,94 % av det totale sovjetiske folketalet (alle tal frå 1989).

Flesteparten av dei ikkje-russiske folkegruppene budde i sine respektive sovjetrepublikkar og i andre autonome område. Blant dei etniske russarane var det likevel mange som budde utanfor den russiske sovjetrepublikken. I Ukraina utgjorde russarane i 1989 21,1 %, medan delen russarar i Latvia og i Estland var høvesvis 32,8 % og 27,9 %. I Kasakhstan utgjorde russarane faktisk ein større del enn kasakhstanarar, med høvesvis 40,8 % og 36,0 %.

Sovjetiske forskarar meinte lenge at urbaniseringa i landet ville føre til at dei forskjellige etniske gruppene blei integrert rundt eit felles sett med homogeniserte «sosialistiske verdiar», der folket ville dele felles, urbaniserte opplevingar, i tillegg til å ha felles faglege mål, kulturelle preferansar og familieverdiar. I følgje sovjetisk teori ville derfor etniske motsetnadar bli borte ettersom «yrkeskulturen» i byane erstatta «folkekulturen» på landsbygda. Teorien viste seg å vere ein myte, og sovjetstyresmaktene greidde ikkje å gje det multietniske samfunnet ei kjensle av ein felles, sovjetisk nasjonalitet.

Det vart ikkje publisert offisielle tal over religiøs tilhøyrsle i Sovjetunionen, og landet var offisielt ateistisk. Vestlege kjelder seier likevel at om lag ein tredjedel av innbyggjarane hadde ei aktiv religiøs tilhøyrsle. Dei viktigaste religionane i landet var kristendommen og islam. Innanfor kristendommen var det Den ortodokse kyrkja som hadde størst oppslutnad, men landet hadde også katolikkar og ulike protestantiske trussamfunn. Flesteparten av muslimane i landet høyrde til sunniislam. Det var også ein jødisk minoritet i landet.

Det var store skilnader i kor stor grad religionen var ein del av dagleglivet til sovjetborgarane. Likevel var eit klart fleirtal av innbyggjarane ikkje-religiøse, dette gjaldt spesielt medlemmer av kommunistpartiet og andre i høge statlege stillingar. Ateisme vart framheva i skuleverket, og staten undertrykte religion i varierande grad gjennom heile levetida til Sovjetunionen. Til dømes var berre 500 av dei 54 000 kyrkjene i landet frå før revolusjonen opne i 1941.

Russisk var det dominerande språket i Sovjetunionen, og vart brukt i næringslivet, forsvaret, partiet og i statsforvaltinga. Alle hadde likevel ifølgje lova rett til å bruke sitt eige morsmål. Likevel vart russisk i offisiell språkbruk omtala som «språket for venskap og samarbeid for folka i Sovjetunionen». I 1975 uttala Brezjnev at «under den utvikla sosialismen, når økonomien i landet vårt har smelta saman i eit samanhengande økonomisk kompleks; når det har oppstått eit nytt historisk omgrep – det sovjetiske folket – er det ein objektiv vekst i rolla til det russiske språket som språket i internasjonal kommunikasjon når ein byggjer kommunismen, i utdanninga av det nye mennesket! Saman med eige morsmål vil det å snakke flytande russisk, noko som av sovjetfolket har vorte frivillig akseptert som ein felles historisk arv, bidra til ei vidare stabilisering av den politiske, økonomiske og andelege sameininga til det sovjetiske folket».

I Sovjetunionen vart det snakka hundrevis av ulike språk og dialektar frå fleire ulike språkgrupper. Dei austslaviske språka russisk, kviterussisk og ukrainsk dominerte i den europeiske delen av Sovjetunionen, medan dei baltiske språka litauisk og latvisk og det finsk-ugriske språket estisk vart brukt ved sidan av russisk i Baltikum. I Kaukasus vart det tyrkiske språket aserbajdsjansk brukt ved sidan av armensk og georgisk. I dei russiske nordområda var det fleire minoritetsgrupper som snakka ulike uralske språk, medan dei fleste språka i Sentral-Asia var tyrkiske. Unntaket i Sentral-Asia var tadsjikisk, som er eit iransk språk.

I 1918 vert det sendt ut eit dekret som sa at alle nasjonalitetar i Sovjetunionen hadde rett til opplæring på sitt eige språk. Dette førte til at det også måtte utarbeidast skriftspråk for alle språka som ikkje hadde det. Det fonemiske prinsippet vart lagt til grunn for alfabetiseringa. Dei nye ortografiane brukte anten det det kyrilliske, det latinske eller det arabiske alfabetet, avhengig av den geografiske tilhaldsstaden til språkbrukarane og den kulturelle tilknytinga deira. Etter 1937 gjekk ein over til å bruke det kyrilliske alfabetet for alle språka som hadde fått nytt skriftspråk etter 1917. Hovudgrunnen til dette var at det skulle verte lettare for dei språklege minoritetane å lære skriftspråket til både russisk og sitt eige morsmål. I 1960 vart skulelovene endra, og opplæringa vart meir dominert av russisk. Undervisinga på minoritetsspråk gjekk kraftig ned. På slutten av sovjetperioden føregjekk nesten all undervising på russisk i heile unionen.

Etter at kommunistane tok over makta gjekk den forventa levealderen markant opp for alle aldersgrupper. Eit nyfødt barn hadde i 1926–27 ein forventa levealder på 44,4 år, opp frå 32,3 år tretti år tidlegare. I 1958–59 var den forventa levealderen for nyfødde oppe i 68,6 år. Denne betringa vart brukt av sovjetstyresmaktene til å «bevise» at det kommunistiske samfunnssystemet var overlegent det kapitalistiske systemet.

Trenden heldt fram inn på 60-talet, då den forventa levealderen i Sovjetunionen gjekk forbi den forventa levealderen i USA. Frå 1964 snudde trenden. Medan levealderen for kvinner heldt seg rimeleg stabil gjekk han dramatisk ned for menn. Dei fleste vestlege kjeldene la skulda på aukande alkoholmisbruk og eit dårlegare helsevesen, og denne teorien vart også implisitt godteken av dei sovjetiske styresmaktene.

Betringa i spedbarnsmortaliteten flata etter kvart også ut, og etter ei stund byrja ho til og med å stige. Etter 1974 slutta styresmaktene å publisere statistikkar over dette. Denne utviklinga kan delvis forklarast med at talet på barnefødslar gjekk drastisk opp i dei asiatiske delane av landet der spedbarnsmortaliteten var høgast, medan talet på barnefødslar gjekk markant ned i den meir utvikla europeiske delen av Sovjetunionen. Til dømes gjekk talet på fødslar per innbyggjar i Tadsjikistan opp frå 1,92 til 2,91 frå 1958–59 til 1979–80, medan talet i Latvia var nede i 0,91 i 1979–80.

Trass i strenge reglar som skulle hindre emigrasjon var det mange sovjetborgarar som ønskte å søkje lukka andre stader. Ønsket om å utvandre gjaldt spesielt jødar, sidan desse ofte kjende seg framandgjorde av antisemittiske haldningar i samfunnet og tidvis også antisionistiske kampanjar frå styresmaktene. I Stalin-tida og like etterpå var sjansane til å forlate landet små, men frå midten av 60-talet opna det seg moglegheiter for å utvandre til Israel. Flesteparten av jødane som emigrerte i denne perioden kom frå dei vestlege områda av Sovjetunionen som hadde vorte erobra av nazistane i samband med den andre verdskrigen, og desse emigrantane hadde ofte sionistiske motiv.

Etter 1973 skjedde det ei markant endring i det jødiske utvandringsmønsteret, heretter var det stort sett betre assimilerte jødar frå den russiske delen av Sovjetunionen som emigrerte. Desse hadde ei mindre markant jødisk nasjonalitetskjensle, og forlét som regel Sovjetunionen av kulturelle eller politiske årsaker. Fleirtalet av desse drog til USA. I toppåret 1979 var den jødiske utvandringa på omtrent 50 000 personar, før denne fall kraftig inn på 80-talet til under 1000 i 1984. Under glasnost- og perestrojka-politikken til Gorbatsjov auka - kanskje mest av økonomiske grunnar - den jødiske emigrasjonen til det gamle nivået att.

Sovjetunionen vert vanlegvis sett på som etterkomar av Det russiske imperiet og dei kortliva provisoriske regjeringane til Georgij Lvov og seinare Aleksandr Kerenskij. Den siste tsaren, Nikolaj II, styrte Russland fram til mars 1917 då han vart tvinga til å gå av. I oktober 1917 tok Vladimir Lenin makta i det som vart kjent som Oktoberrevolusjonen. Frå 1917 til 1922 var Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken og dei andre sovjetrepublikkane uavhengige land, før dei gjekk saman i Sovjetunionen i desember 1922.

Moderne revolusjonære tendensar i det russiske riket byrja med Dekabrist-opprøret i 1825. Sjølv om liveigenskapen var avskaffa i 1861 var det på dårlege vilkår for bøndene, noko som gav næring til revolusjonære rørsler. I kjølvatnet av 1905-revolusjonen vert eit parlament – Statsdumaen – oppretta i 1906, men tsaren motstod forsøket på å omdanne landet til eit konstitusjonelt monarki. Den sosiale uroa heldt fram, og problema vart etter kvart forsterka av tapa i den fyrste verdskrigen og matmangelen i dei større byane.

Ein spontan folkeoppstand i Petrograd i mars 1917 gjorde slutt på tsarstyret, i det som vart kjent som Februarrevolusjonen. Det autoritære tsarstyret vart erstatta av ei meir liberal, provisorisk regjering, men denne trekte ikkje landet ut av verdskrigen. Samtidig voks det fram arbeidarråd (såkalla «sovjetar») i heile landet, der bolsjevikane under leiing av Lenin arbeidde for ein ny, sosialistisk revolusjon. I Oktoberrevolusjonen i november 1917 tok bolsjevikane makta frå den liberale regjeringa. Oktoberrevolusjonen vart etterfølgd av den russiske borgarkrigen, ein blodig krig som trass i utanlandsk innblanding enda med siger for sovjetstyret i 1921. Ein krig med Polen vart avslutta med Riga-freden same år, noko som fastsette dei nye vestgrensene til landet.

I slutten av desember 1922 gjekk delegasjonar frå Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken, Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken og Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken saman og framforhandla ein unionsavtale. Avtalen vart godkjend av den fyrste sovjetkongressen og endeleg underteikna 30. desember. Den fyrste framande staten som godkjende Sovjetunionen var Den irske republikken. 1. februar 1924 vart Sovjetunionen godkjend av Det britiske imperiet.

Allereie frå starten av sette bolsjevikene i gang ei massiv omvelting av samfunnssystemet. I 1920 kom GOELRO, ein plan som mellom anna innebar ei intensiv elektrifisering av landet og ei påfølgjande omstrukturering av økonomien. Gjennom planen vart det bygd ut ei lang rekkje store vasskraftverk, mellom andre Dneproges i Ukraina, og vasskrafta gjorde ei påfølgjande industriutbygging mogleg. GOELRO vart prototypen for dei seinare femårsplanane.

Etter den russiske revolusjonen vart Josef Stalin vald til generalsekretær i Sovjetunionens kommunistiske parti i 1922. Mot slutten av livet sitt var Lenin ofte i konflikt med Stalin, Lenin meinte mellom anna at Stalin var ein alt for grov type til å passe som generalsekretær.

Allereie sidan 1917 fanst det ei lita gruppe innan sentralkomiteen som fekk det uoffisielle tilnamnet triumviratet. Dei som var med var Stalin, Kamenev og Zinovjev. Zinovjev var leiar for Komintern, medan Kamenev fungerte som leiar for Politbyrået i sjukefråværet til Lenin. Kort tid før Oktoberrevolusjonen hadde Lenin prøvd å få eit partiutval til å ekskludere Zinovjev og Kamenev frå partiet, fordi dei skulle ha røpa planane til bolsjevikane om revolusjon for den borgarlege regjeringa. Dette vart avverga av Stalin. Hovudmotstandaren av triumviratet var Lev Trotskij.

I eit skriv til sentralkomiteen, klaga Trotskij triumviratet inn for å vere fjernare frå ideala til arbeidarstaten enn krigskommunismen sitt regime under borgarkrigen. Han oppfordra den gamle garden til å sleppe fram dei yngre generasjonane. Dette enda med at Trotskij sjølv vart ekskludert frå partiet ved utgangen av 1927. Han vart fyrst forvist til sovjetrepublikken Kasakhstan, og seinare landsforvist frå Sovjetunionen.

Men om lag samtidig braut også triumviratet saman: Kamenev og Zinovjev kom i opposisjon til Stalin, som fann nye støttespelarar i Nikolaj Bukharin, Jan Rudzutak, Mikhail Frunze og Feliks Dzierżyński. Kamenev og Zinovjev vart fjerna frå maktposisjonane sine i 1926. Under Moskva-prosessane rundt ti år seinare vart desse dødsdømde og avretta.

Frå 1927 hadde Stalin fått all makt i Sovjetunionen. Offisielt nøydde han seg med vervet som generalsekretær i kommunistpartiet, men alle viktige avgjersler måtte innom Stalin.

Etter den såkalla krigskommunismen under borgarkrigen hadde Lenin innført NEP-politikken i 1920-åra for å gjenreise økonomien. Visjonen til Stalin var annleis – han meinte det på kort tid var naudsynt å byggje opp ein sterk industristat for å førebu Sovjetunionen på ein framtidig krig. Han meinte at utviklinga mot eit sosialistisk samfunn kunne skundast på ved å mobilisere ressursane i landet gjennom sterk statleg styring. Han fekk partiet til å vedta femårsplanar for industrialisering, med hovudvekt på å byggje ut tungindustrien, grunnlaget for militær opprusting.

Som del av denne politikken vart jordbruket tvangskollektivisert. For å finansiere den kraftige industribygginga skulle den velståande delen av bondeklassen utarmast, og jordbruket skulle mekaniserast slik at det vart frigjeve arbeidskraft for industrien. Store delar av dei rikaste bøndene («kulakkar» i offisiell sovjetisk språkbruk) øydela avlingane og slakta dyra så dei ikkje skulle verte overtekne av staten. Tvangskollektiviseringa førte til at store delar av kulakkane vart sende i tvangsarbeidsleirar eller drepne.

Industrialiseringa var til ein stor grad vellukka. Sovjetunionen bygde ut store industriverksemder og kraftverk som forsynte både verksemdene og hushalda med straum. Frå 1925 til 1940 auka industriproduksjonen i Sovjetunionen kraftig.

Kollektiviseringa av landbruket møtte stor motstand, men denne vart slått ned med knallharde verkemiddel. I 1932–1933 sørgde Stalin for å auke eksporten av korn frå Ukraina til 44 prosent, i eit forsøk på å knekkje motstanden til dei ukrainske bøndene mot kollektiviseringa. Bøndene vart overvaka av kommunistpartikommisærar, NKVD og regulære hærstyrkar som sytte for at bøndene ikkje gøymde unna korn, og at den oppsette produksjonskvoten vart møtt. I tillegg vart det innført eit internt pass som gjorde det umogleg for bøndene å flytte på seg for å finne mat andre stader. Som følgje av dette oppstod det hungersnaud. Overslaga over kor mange som døydde varierer mykje.

I siste halvdelen av 1930-talet starta Moskva-prosessane. Under desse prosessane vart ei lang rekkje menneske dømde for meir eller mindre fiktive brotsverk. Mange vart dømde til døden. Mellom anna vart mykje av eliten, både i partiet, hæren og intelligentsiaen, utrydda under desse prosessane.

Den sovjetiske utanrikspolitikken hadde hatt som mål å unngå ein ny krig med dei kapitalistiske stormaktene, og om mogleg etablere ein buffersone av kommunistiske satellittstatar rundt Sovjetunionen. Etter at forsøket på å inngå avtalar med Storbritannia og Frankrike hadde mislukkast, underteikna landet i august 1939 ei ikkje-åtakspakt med Hitler. Samtidig med at Hitler gjekk til åtak på Polen vestfrå, okkuperte Den raude arméen den austlege delen av landet, og innlemma området i Sovjetunionen. Deretter okkuperte landet dei baltiske statane og Nord-Romania (Moldovia), som etter Molotov-Ribbentropavtalen var i interessesfæren til Sovjetunionen. Eit forsøk på å okkupere Finland under den finske vinterkrigen var mislukka.

Ikkje-åtakspakta med Tyskland varte ikkje lenger enn til 22. juni 1941, då Tyskland invaderte Sovjetunionen. Den sovjetiske hæren var dårleg organisert og ikkje førebudd på åtaket, og tyskarane rykte raskt djupt inn på sovjetisk territorium og nådde utkanten av Moskva i desember 1941. Då krigslukka gradvis snudde utover i 1942, var dette hovudsakleg grunna ei omorganisering av det sovjetiske offiserskorpset, mellom anna ved at arresterte offiserar vart fritekne for straff og sende til fronten. Verneplikta og tvangsutskriving av fangar sikra Den raude arméen stor tilgang på nye rekruttar. Store leveransar av militært utstyr, særleg lastebilar og uniformer, frå dei vestlege allierte spela også ei viktig rolle. Sovjetleiinga tona også ned klassekampretorikken sin og hevda at nasjonen var i fare, det var livsviktig at alle samfunnslag forsvarte landet.

Det tyske angrepet gjorde til at Sovjetunionen gjekk med i alliansen mellom Storbritannia og Frankrike i kampen mot Tyskland og Italia. Under leiing av dyktige generalar som mellom andre Zjukov pressa dei sovjetiske styrkane etter kvart tyskarane tilbake, etter at krigslykka hadde snudd etter slaget om Stalingrad. På toppmøta i Teheran (1943) og Jalta (1945) vart det lagt eit avgjerande grunnlag for fleire av dei territorielle erobringane som Sovjetunionen skulle gjennomføre i etterkant av krigen. Sovjetunionen annekterte byen Königsberg med omgjevnader frå Tyskland, og pressa også vestgrensa vestover. Dette gjekk ut over Polen. Latvia, Litauen og Estland var også innlemma i Sovjetunionen sommaren 1940. Grenseflyttingane førte med seg ei omfattande etnisk reinsing, der millionar av menneske vart deporterte og mange drepne.

Den kalde krigen (1948–1989) var rivaliseringa som utvikla seg etter den andre verdskrigen mellom gruppene av nasjoner som praktiserte ulike ideologiar og politiske system. På den eine sida var Sovjetunionen og deira allierte, kalla Austblokka. På den andre sida var USA og deira allierte, ofte refererte til som Vestblokka. Konflikten vart kalla den kalde krigen fordi han aldri førte til direkte kampar eller ein «varm» krig i Europa. Begge partane støtta likevel andre land og organisasjonar, både økonomisk og militært, som kriga mot den andre parten eller krefter som den andre parten støtta. Ein seier gjerne at den kalde krigen enda i 1989, då Berlinmuren fall, eller i 1991, då Sovjetunionen vart oppløyst.

Som resultat av sigrane på slagmarka hadde Den raude arméen teke kontrollen over store delar av Aust- og Sentral-Europa. Den sovjetiskkontrollerte delen av Tyskland vart seinare til Den tyske demokratiske republikken («Aust-Tyskland»), medan sovjetvenlege kommunistregime vart installerte i dei andre austeuropeiske landa. Finland fekk sjølvstyre, men Stalin sørgde for at landet var politisk isolert frå vestverda og økonomisk avhengig av Sovjetunionen. I Hellas, Italia og Frankrike hadde nasjonale sovjetiskvenlege kommunistparti vind i segla, og dei fekk stor, som regel fordekt, støtte frå Sovjetunionen.

Dei vestallierte si samkøyring av okkupasjonssonene i Vest-Tyskland og amerikanarane si støtte til den antikommunistiske sida under den greske borgarkrigen endra tilhøvet mellom styrkane. Som dei hadde lova vestmaktene, så gav ikkje Sovjetunionen noka militær støtte til dei kommunistiske styrkane i Hellas. Derimot blokkerte Stalin Vest-Berlin, som var under britisk, fransk og amerikansk okkupasjon. Håpet var at vestmaktene skulle oppgje byen. Blokaden slo feil grunna luftbrua til dei allierte. I 1949 skjøna Stalin at han hadde tapt, og oppheva blokaden. 

Også i Asia hadde Sovjetunionen utanrikspolitisk framgang. Etter at krigen mot Tyskland var over, hadde Sovjetunionen erklært krig mot Japan, og i Operasjon Auguststorm okkuperte dei den japanske delen av øygruppa Kurilane nordvest for Hokkaido. Nederlaget til Japan førte også til at dei kinesiske kommunistane med sovjetisk støtte kunne gå på offensiven. Dei kinesiske kommunistane til Mao Zedong klarte med sovjetisk støtte i 1949 å sigre over det pro-vestlege og veststøtta Kuomintang-styret under den kinesiske borgarkrigen. Sovjetunionen anerkjende raskt Folkerepublikken Kina, som vart ein tru Stalin-alliert. Både i Korea og i Vietnam fekk den sovjetisk-kinesiske alliansen konsekvensar.

Sovjetunionen hadde allereie fylt tomrommet etter den japanske dominansen på den koreanske halvøya, og støtta dei nordkoreanske kommunistane si etablering av ein eigen stat. Sovjetunionen og særleg Kina støtta òg Nord-Korea under den etterfølgjande krigen mot det USA-støtta Sør-Korea.

I maktkampen i Sovjetunionen etter at Stalin døydde i 1953 tapte fraksjonen til Stalin. Nikita Khrusjtsjov vart den nye leiaren av Sovjetunionen, og konsoliderte stillinga si i ei tale til den tjuande sovjetkongressen i 1956 der han kritiserte brotsverka til Stalin. Dette starta avstaliniseringa, og markerte byrjinga på ein periode med eit opnare kultur- og samfunnsliv i Sovjetunionen. Khrusjtsjov-epoken var prega av store innanrikspolitiske eksperiment, mellom anna med omfattande jordbruksreformer slik som Jomfrulandplanen. Utanrikspolitikken til Khrusjtsjov er best hugsa for U2-affæren, der eit amerikansk spionfly på veg frå Pakistan til Bodø i Noreg vart skote ned over sovjetisk luftrom, og Cubakrisa, der verda var på randen av atomkrig.

Khrusjtsjov sat fram til 1964, då han vart kasta frå makta av Leonid Brezjnev og Nikolaj Podgornyj. Saman med Aleksej Kosygin danna desse ein ny leiarskap. Brezjnev vart etter kvart den sterke mannen i Sovjetunionen, og gjenopptok Stalin si linje med fokus på tungindustri. Han prøvde også å mjuke opp tilhøvet til USA, mellom anna gjennom Salt-avtalane. Avspenningspolitikken tok slutt om lag ved inngangen til 1980-åra, då krigen i Afghanistan og opprusting førte til ein ny og kaldare periode i tilhøvet til USA. Brezjnev-epoken gav også økonomisk stagnasjon, noko som førte til folkeleg misnøye mot statsleiinga.

Parallelt med våpenkappløpet i den kalde krigen var det også eit kappløp mellom USA og Sovjet om å kome fyrst til månen. Romkappløpet var ei uformell rivalisering mellom USA og Sovjetunionen som varte frå rundt 1957 til 1975. Stormaktene konkurrerte om å utforske verdsrommet og få fyrste kunstige satellitt og menneske ut i rommet, og deretter få menneske til månen.

Bakgrunnen til romkappløpet var spenningane mellom supermaktene etter den andre verdskrigen. Kappløpet starta då Sovjet skaut opp Sputnik 1 den 4. oktober 1957. Romkappløpet vart ein viktig del av den kalde krigen, og bidrog mellom anna til å gjere moralen høgare og utvikle ny våpenteknologi. Sovjetarane tapte kampen om å kome fyrst til månen, men var mellom anna fyrst ute med å sende eit menneske ut i verdsrommet (Jurij Gagarin i 1961) og fyrst ute med ei romvandring (Aleksej Leonov i 1965).

Fram på 1980-talet var det klart at den økonomiske situasjonen i Sovjetunionens var dyster, og det vart etter kvart sett i gang eit lappeteppe av reformer for å betre situasjonen. Etter at Brezjnev var død var det eit kort mellomspel med Jurij Andropov og Konstantin Tsjernenko, før Mikhail Gorbatsjov vart generalsekretær i 1985. Gorbatsjov sette i gang omfattande økonomiske reformer (perestrojka), og mjuka også opp systemet med offentleg sensur (glasnost).

På slutten av 80-talet byrja delrepublikkane i Sovjetunionen prosessen med å lausrive seg frå unionen, då den sovjetiske grunnlova opna for utmelding. 7. april 1990 vart det nemleg vedteke ei ny lov som gav delrepublikkane lov til å melde seg ut etter folkeavrøystingar med minst to tredjedels fleirtal for sjølvstende. Mange delrepublikkar heldt også for fyrste gong i historia til unionen frie val til nasjonalforsamlingane same år. Dei nyvalde nasjonalforsamlingane byrja snart å vedta lover som gjekk imot det sentrale lovverket. I 1989 vart Boris Jeltsin vald til leiar i det nyoppretta russiske parlamentet, og 12. juni 1990 erklærte det russiske parlamentet at russiske lover skulle gå framfor sovjetiske lover. Den uoversiktlege juridiske situasjonen heldt fram i 1991 medan sovjetrepublikkane seint men sikkert vart de facto uavhengige.

Sjølv om åtte av sovjetrepublikkane godtok avtala vart ho øydelagd av kuppforsøket mot Gorbatsjov i august 1991. Dei konservative kuppmakarane ynskte å stoppe reformprosessen til Gorbatsjov, og var budde på å bruke makt til å halde unionen samla. Kuppet feila, men Gorbatsjov var likevel den store taparen grunna Jeltsin. Maktbalansen var no i favør til delrepublikkane, og i 1991 følgde Estland og Latvia dømet til Litauen frå året før og erklærte sjølvstende. Dei 12 attverande sovjetrepublikkane heldt fram forhandlingane om ein ny union, utan å verte samde.

Gjennom heile levetida til Sovjetunionens var sovjetisk politikk dominert av Sovjetunionens kommunistiske parti, det einaste tillatne politiske partiet. Partiet såg på seg sjølv seg som marxist-leninistisk, og basert på Lenin sitt prinsipp om demokratisk sentralisme. Under Khrusjtsjov og Brezjnev vart dominansen til kommunistpartiet endå sterkare enn han hadde vore under Stalin, då det i røynda var eit meir personleg diktatur enn eit partidiktatur. Den nye sovjetiske grunnlova frå 1977 definerte partiet som «den leiande krafta i sovjetsamfunnet» og «kjernen i det politiske systemet», og sytte for at partiet dominerte i alle stats- og samfunnsorganisasjonar.

Det øvste administrative organet i partiet var politbyrået. Den leiande rolla til partiet gjorde at dette forumet òg vart det øvste statsadministrative maktorganet. Politbyrået skulle i teorien veljast av sentralkomiteen i partiet, men fungerte i praksis som eit sjølvsupplerande organ.

Under politbyrået kom ministerrådet og sekretariatet i partiet. Det sistnemnde hadde hovudansvaret for å kontrollere at administrasjonen følgde opp politiske vedtak, og fungerte som koordinatorar for økonomien og samfunnslivet. Sekretariatet hadde òg som oppgåve å kome med framlegg til politbyrået. Sekretariatet vart leidd av generalsekretæren, som var den mektigaste personen i landet. Alle tilsetjingar i høgare stillingar i statsapparatet måtte også godkjennast av sekretariatet.

Ministerrådet var nominelt sett regjeringa i Sovjetunionen. Under Brezjnev hadde det over 100 medlemmer, og var sett saman av ministrar, statsministrane i delrepublikkane og formenn for ulike statlege komitear (slik som Gosplan), i tillegg til eit formannskap som var leidd av statsministeren i unionen. Ministerrådet skulle leie den daglege administrasjonen av landet, med partisekretariatet i ein kontrollerande funksjon. Ministerrådet kunne også førebu og kome med framlegg til politbyrået.

Den øvste lovgjevande makta i Sovjetunionen var Det øvste sovjet. Parlamentet møttest berre to gonger i året, og vedtok alltid framlegga til partiet og regjeringa utan å protestere. Det øvste sovjetet hadde også eit valt presidium, der leiaren var presidenten i Sovjetunionen og dermed det formelle statsoverhovudet i landet. Presidiet kunne skrive ut lover når Det øvste sovjetet ikkje var samla.

Sovjetunionen var ein av statane som grunnla Dei sameinte nasjonane i 1945, og landet fekk fast plass i tryggingsrådet med tilhøyrande vetorett. Ved sidan av Sovjetunionen som heilskap fekk også Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken og Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken plass i hovudforsamlinga. Bakgrunnen for dette var at Stalin opphavleg hadde kravd at alle seksten sovjetrepublikkane skulle få plass i SN, men under Jaltakonferansen gjorde Roosevelt det klart at då måtte alle amerikanske delstatar få plass på tilsvarande vis. Kompromisset vart dermed at berre Ukraina og Kviterussland vart med, noko som gav Sovjetunionen totalt tre stemmer i hovudforsamlinga. Medlemskapa til Ukraina og Kviterussland SN gav lita meining frå ein juridisk synsvinkel, men sidan Stalin fryktet at SN ville verte alt for dominert av vestmaktene valde Roosevelt og Churchill delvis å imøtekome kravet hans.

Austblokka sitt motstykke til Den europeiske økonomiske fellesskapen var COMECON. COMECON vart stifta i 1949 etter initiativ frå Stalin, og skulle roe ned satellittstatane som ikkje fekk ta del i Marshallhjelpa. Organisasjonen voks etter kvart ut over grensene til Europa, og omfatta 450 millionar menneske i ti land på tre kontinent. Gjennom COMECON fekk medlemslanda koordinert femårsplanane sine med tanke på utanrikshandel, dei utveksla forskingsresultat og teknologi, dei utveksla arbeidskraft og dei kunne samarbeide om utvinninga av naturressursar.

I 1955 underteikna austblokklanda «Traktaten for venskap, samarbeid og gjensidig assistanse», vanlegvis kjend som Warszawapakta. Denne traktaten var meint som eit svar på NATO, som hadde vorte danna i 1949. Warszawapakten var fullstendig dominert av Sovjetunionen, og fungerte i praksis som eit verktøy for å halde dei andre landa i Aust-Europa politisk og militært i sjakk. Warszawapakta hadde ingen eigen kommandostruktur, men var underlagd det sovjetiske forsvarsdepartementet. Slik bidrog pakta til å danne ein fasade av ein felles prosess for å ta avgjerder i aust, medan avtalen i praksis førte til at Sovjetunionen fekk full kontroll over dei militære styrkane til dei som var allierte med dei.

Sovjetunionen var formelt ein føderasjon. Mellom 1956 og 1991 inneheldt unionen 15 nasjonale sosialistiske sovjetrepublikkar (eller unionsrepublikkar), som på papiret kunne trekkje seg ut av unionen. Kvar sovjetrepublikk hadde sin eigen hovudstad, medan Moskva var hovudstad for heile Sovjetunionen. Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken hadde i tillegg ein spesiell status. Kvar av republikkene hadde si eiga forfatning, som saman med den sentrale grunnlova i Sovjetunionen la opp til maktfordelingsprinsippet. I praksis var det likevel regjeringa i Moskva som vedtok alle viktige avgjerder, og dei regionale styresmaktene hadde svært liten innverknad.

Innanfor desse republikkane fanst det såkalla autonome sosialistiske sovjetrepublikkar (til dømes Nakhitsjevan), autonome regionar (til dømes Den jødiske autonome oblasten) og autonome distrikt. Alle desse einingane hadde delstatskarakter, men med mindre sjølvstyre enn sovjetrepublikkane. Ulike tolkingar av Sovjetunionen si grunnlov av 1977 er ein viktig faktor i fleire konfliktar i post-sovjetiske statar. Dette gjeld mellom andre Abkhasia, som var ein autonom republikk, og Nagorno-Karabakh, som var ein autonom region.

I samband med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart alle sovjetrepublikkane sjølvstendige statar. Av desse har dei baltiske statane seinare vorte med i NATO og EU, medan resten av etterfølgjarstatane gjekk inn i Samveldet av uavhengige statar (SUS). Tidlegare sovjetrepublikkar har også gått inn i ei mengde andre mellomstatlege organisasjonar, mellom andre GUAM og Shanghai-gruppa. Tabellen under viser dei tidlegare sovjetrepublikkene og dei noverande landa, og oppsummerer dei viktigaste mellomstatlege organisasjonane desse er med i.

Forsvaret i Sovjetunionen hadde fem greiner: Dei strategiske rakettstyrkane, hæren, flyvåpenet, luftforsvarsstyrkane og marinen. Den sovjetiske hæren var kjend som Den raude armeen, og byrja som styrkane til bolsjevikane under borgarkrigen. Hæren var våpengreina med mest politisk innverknad, og hadde i 1989 to millionar mann under våpen fordelte på 150 motoriserte rifledivisjonar og 52 panserdivisjonar. Den sovjetiske marinen var fram til byrjinga av 60-talet ei relativt lite utbygd forsvarsgrein, men etter Cubakrisa vart ho kraftig utvida under leiing av Sergej Gorsjkov. Sovjetmarinen var spesielt kjend for missilkryssarar og ubåtar, og hadde ein mannskapsstyrke på 500 000 mann (1989).

Dei strategiske rakettstyrkane rådde over meir enn 1 400 interkontinentale ballistiske missil (ICBM) som var fordelte på 28 basar og 300 kommandosenter. Størstedelen av styrken var tunge R-36 (med NATO-namn SS-18) og UR-100N (med NATO-namn SS-19) ICBM-ar, men på slutten av levetida til unionen skifta fokuset til ein viss grad til lettare og meir mobile einingar. Det sovjetiske luftvåpenet hadde hovudfokus på strategiske bombefly, og skulle i ein krigssituasjon slå ut fiendtleg infrastruktur og kjernefysisk kapasitet. Flyvåpenet hadde også jagarbombarar og taktiske bombefly som skulle støtte hæren i kamp. Den femte våpengreina var luftforsvarsstyrkane, som vart skilde ut som ei eiga våpengrein i 1948. Desse opererte det mest omfattande nettverket av antiluftskyts og jagarfly i verda, og hadde ansvaret for å verne sovjetisk infrastruktur, industri og strategiske rakettstyrkar i tilfelle invasjon.

Det øvste forsvarspolitiske organet i Sovjetunionen var Forsvarsrådet. Dette var sett saman av ei blanding av fagmilitære og politikarar, og vart leidd av generalsekretæren i partiet. Forsvarsrådet tok seg av koordineringa med forskingsmiljøa og forsvarsindustrien, bestemte dei overordna militære doktrinane, utforma forsvarsbudsjettet, styrte utplasseringa av sovjetiske styrkar i utlandet, og var dei som hadde løyve til å gje ordre om bruk av atomvåpen. Underlagt Forsvarsrådet var det tre militære organisasjonar: Hovudmilitærrådet, Forsvarsdepartementet og Generalstaben. I tillegg til den praktiske gjennomføringa av vedtaka til Forsvarsrådet hadde desse tre ein rådgjevande funksjon. Hovudmilitærrådet var samansett av toppleiinga i Forsvarsdepartementet, og hadde ansvaret for trening og mobilisering av militære styrkar.

Forsvarsdepartementet hadde ansvaret for den daglege oppfølginga av forsvaret. I tillegg til ein politisk utpeikt forsvarsminister inneheldt departementsleiinga tre førsteviseministrar (der éin av dei var øvstkommanderande for Warszawapakta), og elleve viseministrar frå ulike delar av forsvarsapparatet (både frå den operative biten og frå avdelingar med støttefunksjonar). Generalstaben var inndelt i fem hovuddirektorat og fire direktorat, og stod for strategisk og operativ forsking og planlegging, etterretning og analyse. Dei hadde òg ansvaret for kommunikasjon med pressa og for militærattachéar i utlandet. I krigstid fekk Generalstaben overansvaret for utføringa av militære planar og koordineringa av forsvarsgreinene.

Sovjethæren var direkte involvert i fleire militære operasjonar utanlands i etterkrigstida. Mellom desse var oppstandane i Aust-Tyskland (1953), Ungarn (1956) og Tsjekkoslovakia (1968). Sovjetunionen var også med i borgarkrigen i Afghanistan i ni år frå 1979 og framover.

Sovjetunionen hadde allmenn verneplikt for menn, og omtrent 75 % av dei militære mannskapa var soldatar i fyrstegongsteneste. Verneplikta varte til soldatane fylte 50 (65 for offiserar), og reservestyrkane inneheldt omtrent 50 millionar mann. Det var også repetisjonsøvingar med jamne mellomrom. Kvinnene kunne gjere frivillig teneste, men vart ikkje brukte i kamp. Unntaket frå dette var under borgarkrigen og under den andre verdskrigen, då til saman 800 000 kvinner var innrullerte, mange i stridande avdelingar. Det fanst svært få kvinner i offiserskorpset.

Etter den såkalla krigskommunismen under borgarkrigen hadde Lenin innført den såkalla «nye økonomiske politikken» (NEP) i 1920-åra for å gjenreise økonomien. Visjonen til Stalin var annleis – han meinte at utviklinga mot eit sosialistisk samfunn kunne pressast fram ved å mobilisere ressursane i landet gjennom sterk statleg styring. Han fekk partiet til å vedta femårsplanar for industrialisering, med hovudvekt på å byggje ut tungindustrien, fundamentet for militær opprusting. Den fyrste femårsplanen vart lansert i 1928. Under den andre verdskrigen vart mykje sovjetisk industri flytta langt austover for å unngå at han skulle falle i hendene på tyskarane. Etter krigen vart mykje tysk industri teke som krigsbytte, saman med kunnskapsrike tyske ingeniørar og vitskapsmenn.

Etter NEP-perioden hadde Sovjetunionen ein såkalla planøkonomi – som var sentralstyrt. All økonomisk verksemd fann stad etter planar frå byrået Gosplan. Før kollapsen var den sovjetiske økonomien den største planøkonomien i verda. Bruttonasjonalproduktet (BNP) i Sovjetunionen var estimert til 2,4 billionar USD (1986), noko som tilsvara 8 375 USD per innbyggjar. Den økonomiske veksten (justert for inflasjon) var på same tid om lag 1,5 %. Til samanlikning hadde Noreg i 1989 eit BNP på 75,8 milliardar USD (17 900 pr. innbyggjar) og ein økonomisk vekst på 5,7 %, medan USA hadde BNP på 5,2 billionar USD (21 082 per innbyggjar) og ein økonomisk vekst på 2,9 %.

Det sovjetiske jordbruket var hovudsakleg basert på kollektivbruk og statsbruk, desse stod for mesteparten av produksjonen av kveite, poteter, sukker, bomull, solsikker og lin. Private jordstykke var også viktige i matproduksjonen, her vart det spesielt produsert kjøt, mjølk, egg og grønsaker. Det var stadig underproduksjon av mat, og store mengder korn og kjøt måtte importerast. Sjølv om jordbruket stadig vart prioritert frå staten si side var det mange strukturelle veikskapar i systemet, mellom anna for lite gjødsling, manglande kjølesystem, dårleg lagring og transport, samt urealistisk planlegging og styring av landbrukssektoren. Vidare var det berre 1,1 % av jordbruksarealet som hadde optimale nedbørsmengder, noko som gav sterkt varierande kornhaustar. Store delar av landet låg også for langt nord til å kunne brukast til effektivt jordbruk.

Hovudårsaka til matmangelen var korrupsjon, låg arbeidsmoral og svinn. Éin tredjedel av varene som vart produserte på kollektivbruka og statsbruka forsvann på vegen frå jordet til konsumentane. Samtidig hadde bøndene liten grunn til å slite seg ut på kollektivbruka; ein bonde i 1950 fekk  av inntekta si frå å jobbe på det vesle private jordstykket sitt på fritida og berre  frå fulltidsjobben i stats- eller kollektivbruket. Når dei små små, private jordstykka til bøndene i 1950 stod for 38 % av den samla matproduksjonen i landet er det tydeleg at produktiviteten på fellesjorda var langt lågare enn ho kunne ha vore. Trass i at Khrutstsjov i 1960 erklærte at Sovjetunionen skulle gå forbi USA i kjøtproduksjon før 1980 var det lite som endra seg. På byrjinga av 80-talet stod dei 4 prosentane av dei totale dyrka landområda som vart drivne privat for 60 % av potetavlingane, 40 % av frukt og grønsaker og mellom 30 og 40 % av produksjonen av kjøt og egg. Samtidig gjekk talet på kollektivbrukbønder ned frå 17 millionar på midten av 60-talet til 9 millionar i 1980, noko som gjorde problema i jordbruket endå større.

Sovjetunionen hadde den største havgåande fiskeflåten i verda, som vart etterfølgd av store, moderne fiskeforedlingsskip. Mesteparten av fisket føregjekk i Atlanterhavet og i Stillehavet, berre 10 % av fisket vart gjort i innsjøar og i elvar.

Sovjetisk industri voks etter kvart og gjorde landet til det nest største industrilandet i verda. Graden av industrialisering varierte stort innbyrdes i landet, dei mest industrialiserte delane av Sovjetunionen var det nordvestlege Russland, områda rett aust for Ural og det austlege Ukraina. Minst industrialisert var Sentral-Asia, Moldova, Kviterussland og det vestlege Ukraina. Dei høgast prioriterte industrisektorane var maskinindustrien og metallindustrien, i tillegg til produksjonen av forsvarmateriell. Produksjonen av forbruksvarer vart i liten grad prioritert. Mesteparten av forskingsressursane vart brukte i forsvarssektoren. Sovjetunionen var sjølvforsynt med energi og var dessutan ein viktig eksportør av kraft. Landet var på slutten den største produsenten av olje og naturgass i verda, og den nest største produsenten av kol. Dei viktigaste kjeldene til elektrisk straum var kol, petroleum, atomenergi og vasskraft.

Det var eit mål for sovjetstyresmaktene å vere sjølvforsynte, og utanrikshandelen spela difor ei mindre rolle for næringslivet i landet. I 1985 var importen og eksporten samla på 185,9 milliardar USD, noko som berre utgjorde 4 % av BNP. Dei viktigaste handelspartnarane var dei andre kommunistiske landa i Aust-Europa, handelen med desse utgjorde 67 % av utanrikshandelen. Av den resterande utanrikshandelen var 22 % med i-land og 11 % med u-land. Dei viktigaste eksportvarene var petroleumsprodukt, industriutstyr, metall, tømmer, landbruksvarer, maskinutstyr og våpen og anna militært utstyr. Dei viktigaste importvarene var korn og andre jordbruksvarer, stål (spesielt røyrleidningar), industrivarer og forbruksvarer. Handelen med andre kommunistiske land føregjekk på bilateral basis, der importen og eksporten var like stor. Med Vesten var det stadig underskot i handelsbalansen, men dette vart utjamna av inntekta ved våpeneksport til den tredje verda. Kjende sovjetiske eksportvarer var bilmerka Lada og Moskvitch, lastebilane Kamaz og Ural, våpen som automatgeværet AK-47 og stridsvogna T-55, kameramerket Zenit og andre.

Veksten støtte på problem frå 1970-talet, då industrivekst basert på mengd arbeidskraft og tilgjengelege råvarer ikkje lenger var mogleg. Kvaliteten måtte hevast for å hevde seg på eksportmarknaden, noko som viste seg å vere vanskeleg å få til. Produksjonen av forbruksvarer var alltid mindre enn etterspurnaden, noko som førte til ein vedvarande varemangel. Kvaliteten på mat, klede, husvære og tenester var også ofte mangelfull for innbyggjarane. Seint på 1980-talet vart det innført økonomiske reformer, spesielt under glasnost frå Gorbatsjov, der sentral styring vart redusert til fordel for auka lokalt sjølvstyre og ei viss marknadstilpassing.

Valutaen i Sovjetunionen heitte rubel (valutakode: SUR), og var delt inn i 100 kopek. Det var ikkje lov å omsetje rublar utanfor landegrensene, og innanlands vart vekslingskursen avgjort av styresmaktene. I samband med valutareforma i 1961 vart kursen sett til 90 kopek for éin dollar. Kursen kunne variere frå år til år, til dømes gjekk han gradvis frå 0,838 rublar for éin dollar i 1985 til 0,580 rublar for éin dollar i 1990. Sidan vekslingskursen mot andre valutaer var sett urealistisk høgt, voks det fram ein stor svartbørsmarknad for handel med utanlandsk valuta i Sovjetunionen.

Sovjetunionen hadde om lag 1 100 flyplassar med permanent dekkje i 1991. Flyflåten var på om lag 4 000 sivile fly. Jernbanenettet var på same tid på totalt 147 400 kilometer, der 53 900 av dei var elektrifiserte. Vegnettet var på 1 757 000 kilometer, der 1 310 600 av dei hadde fast dekkje. Landet hadde 123 700 kilometer med navigerbare vassvegar (ikkje inkludert Kaspihavet). Dei viktigaste hamnebyane i Sovjetunionen var Leningrad, Riga, Tallinn, Kaliningrad, Liepāja, Ventspils, Murmansk og Arkhangelsk. Den sovjetiske handelsflåten var på om lag 2 500 havgåande fartøy.

Skuleplikta i Sovjetunionen byrja då borna var sju år, og varte fram til og med vidaregåande skule då elevane var sytten eller atten. Dei fyrste åtte åra var felles for alle elevar, medan det var fire valmoglegheiter for dei siste to åra. 60 prosent valde å bruke dei to siste åra på allmennfag, noko som gav rett til å ta opptakseksamen til universitet og høgskular. Det gjekk òg an å ta ei meir spesialisert og teoretisk utdanning på vidaregåande skule-nivå og gå ut i jobb utan høgare studium, dette tok tre eller fire år. Det fanst òg yrkesskular med studieløp over to til fire år. Det siste alternativet var å gå rett ut i ein industrijobb etter åttandeklasse, men ein måtte då fullføre skulegangen gjennom kveldskurs eller fjernundervising. Likevel mislukkast halvparten i den sistnemnde gruppa i å fullføre vidaregåande opplæring.

Læreplanane i skulen var styrde frå sentralt hald, det same var lærebøker, oppmøtepolitikk og eksamenar. Det vart stilt høge krav til elevane med hovudvekt på realfag og språk, opplæringa i fyrste framandspråk gjekk over seks år. Dei humanistiske faga var ideologisk baserte, med stort fokus på marxisme. Dei siste to trinna var alle elevar pålagde å ha to veketimar med militær trening.

Grunnlova garanterte alle innbyggjarar skulegang på morsmålet, men dette gjaldt ikkje alltid i praksis for brukarar av mindre språk eller for elevar som var busette utanfor eige språkområde. For ikkje-russarar var det òg obligatorisk undervising i russisk. Sidan den store majoriteten av høgare utdanning føregjekk på russisk valde òg mange å sende borna sine på russiskspråklege grunnskular.

Høgare utdanning var delt inn i to system – universitet og høgskular (kalla «institutt»). Ei universitetsutdanning varte typisk i fem år, og var i hovudsak svært spesialisert. Likevel var studentane pålagde å ta emne i ideologiske tema (marxisme, historia til kommunistpartiet), ta eitt framandspråk og ha obligatorisk fysisk fostring. Etter låggradsstudium kunne ein gå vidare til ein kandidat nauk-grad, noko som omtrent tilsvara hovudfag. Den høgaste akademiske graden var doktor nauk, som omtrent tilsvara ein doktorgrad i det gamle europeiske systemet.

Opptak til universitet skjedde to gonger årleg etter tøffe opptaksprøver. Ein søkte seg inn på spesifikke studieprogram, og opptaksprøvene varierte med studieprogrammet. Grunna mange søkjarar var det òg vanskelegare å kome seg inn på spesielt prestisjefylte universitet, mellom desse utmerkte Statsuniversitetet i Moskva og Statsuniversitetet i Leningrad seg som spesielt vanskelege å kome inn på. Talet på studieplassar innanfor kvart fagområde vart avgjort sentralt av departementet for høgare utdanning i Moskva etter dei gjeldande prognosane for dei framtidige behova i industrien. Søkjarar med minoritetsbakgrunn hadde òg ein eigen kvote ved opptak til universitet.

All høgare utdanning var finansiert over offentlege budsjett, og det vart ikkje betalt skulepengar. Studentane fekk òg stipend til livsopphald, og studentar med gode resultat fekk høgare stipend.

Det var i liten grad overlapping mellom utdanningane som vart tilbodne ved universitet og ved høgskular, alle profesjonsutdanningar (som medisin og arkitektur) høyrde heime i høgskulesystemet. Høgskulane var alltid spesialiserte og hadde undervising berre på eitt fagområde (med unntak av dei obligatoriske emna i ideologi, framandspråk og fysisk fostring). Høgskulane var òg meir praktisk retta enn universiteta. Høgskuleutdanninga varte i fem eller seks år.

Universiteta og høgskulane jobba tett saman med industrien, og uteksaminerte kandidatar vart beordra i jobb av spesielle tilsetjingskommisjonar. Dei nyutdanna kunne til ein viss grad kome med ynskje til kommisjonen, men avgjerda til kommisjonen var alltid absolutt. Dette gjorde at ektefellar kunne verte beordra til ulike kantar av landet. Pliktarbeidsperioden varte i to år, og etter dette kunne ein hovudsakleg velje kvar ein ville søkje arbeid.

Massemedia i Sovjetunionen fungerte som den forlenga armen til kommunistpartiet, og hadde som oppgåve både å kontrollere og mobilisere samfunnet. Allereie frå revolusjonen av, var Lenin og bolsjevikane avhengige av støtte frå media for å vinne støtte i folket. Gjennom radio, aviser og andre publikasjonar oppfordra styresmaktene folket til å «byggje sosialismen» samstundes som partilinja vart gjord kjend. Seinare vart filmar, fjernsyn og datamaskiner viktige delar av propagandaen til sovjetstyresmaktene, og alle medium vart brukte til å spreie marxistisk-leninistiske verdiar til folket. Den teknologiske utviklinga gjorde det likevel vanskelegare å halde grepet over massekommunikasjonen, mellom anna gjorde heimevideosystema på 1980-talet det vanskeleg å kontrollere sirkulasjonen av forbodne videokassettar.

I 1988 hadde Sovjetunionen meir enn 8 000 dagsaviser på om lag 60 språk. Desse hadde eit samla opplagstal på omtrent 170 millionar eksemplar. Riksdekkjande aviser var alltid på russisk, trass i at berre halvparten av folkesetnaden var etniske russarar. Andre språk stod for omtrent 25 % av det samla opplaget. Alle avisjournalistar og redaktørar var medlemmer av den partikontrollerte fagforeininga for journalistar, og 80 % var partimedlemmer. Alle tilsetjingar av redaktørar kom frå partiet. Journalistutdanninga var òg sterkt politisk styrt, og den vanlegaste vegen inn i avisbransjen var gjennom instituttet for journalistikk ved Statsuniversitetet i Moskva, der studentane fekk god opplæring i partilinja.

Av dagsavisene var Pravda den største og viktigaste, med 20 millionar daglege lesarar. Pravda hadde hovudfokus på hendingar i kommunistpartiet og innanriks- og utanriksnyhende. Andre viktige aviser var Izvestija (utgjeven av presidiet i Det øvste sovjetet, 8-10 millionar daglege lesarar), Trud («Arbeid», utgjeven av fagforeiningane, 8–9 millionar daglege lesarar) og Komsomolskaja Pravda (utgjeven av Komsomol, 9–10 millionar daglege lesarar).

Frå og med 1970-talet vart fjernsynet det viktigaste massemediumet. I 1988 hadde omtrent 75 millionar hushald fjernsynsapparat, og eit overslag seier at 93 % av folkesetnaden såg på fjernsyn. Sovjetunionen hadde fire fernsynskanalar som til saman sende eit femtitals timar kvar dag. Alle kanalane hadde tilhaldsstad i Moskva. Omtrent 20 % av sendingane var nyhende, med programmet Vremja som flaggskipet. Vremja vart sett av mellom 80 og 90 % av hushalda, og vart sendt klokka 21.00 Moskva-tid. Hovudfokuset for nyhenda låg innanriks, og det var i liten grad meldt om sportsnyhende. Det viktigaste programmet for utenriksnyhende var Vokrug sveta («Verda rundt»), som med dei to sendingane sine kvar ettermiddag og kveld kvar dag trekte til seg mellom 60 og 90 millionar sjåarar. Alle fjernsynsprogram skulle ha ei ideologisk vinkling, spesielt var det viktig å oppfordre sjåarane til å arbeide hardare. Fjernsynsfilmar handla ofte om heltedådar frå den andre verdskrigen eller politiet og tryggingstenesta sin kamp mot «imperialistiske truslar». Barneprogramma var alltid av ikkje-valdeleg natur, medan underhaldningsprogramma la vekt på riktige sosiale verdiar.

Som med fjernsyn og aviser hadde òg radiosendingane ein ideologisk natur. Styresmaktene sende til saman 1 400 timar radio dagleg over heile landet, ofte på så mange som 70 ulike språk. Dei viktigaste radiostasjonane sende frå Moskva, der åtte stasjonar sende 180 timar om dagen. Kontrollen til styresmaktene over eteren var likevel ikkje tilnærma absolutt slik han var med fjernsynet (i Estland fekk delar av landet inn finsk fjernsyn), og dei statskontrollerte stasjonane måtte konkurrere med utanlandske stasjonar trass i sovjetstyresmaktene sine forsøk på å blokkere dei. Viktige utanlandske stasjonar ein kunne ta inn i Sovjetunionen var Radio Free Europe, Voice of America, BBC og Deutsche Welle. Eit overslag seier at to til tre millionar sovjetborgarar lytta til utanlandsk radio med jamne mellomrom.

Allereie i 1918 vart det etablert eit sentralt sovjetisk helsekommissariat. I samband med den fyrste verdskrigen og borgarkrigen var ti millionar menneske døydde av epidemiar, og i 1920 erklærte Lenin at «anten vil sosialismen knuse lusa, eller så vil lusa knuse sosialismen!» Dei ti fyrste åra med sovjetmakt tredobla talet på legar seg, og på slutten av 1920-talet var epidemitrusselen i hovudsak borte. Under Stalin vart det lagt fokus på helsetjenester ved bedriftene, med mål om å auke produktiviteten for å nå dei ambisiøse industrielle produksjonsmåla. Den samfunnsmedisinske framgangen heldt fram under Khrusjtsjov, mellom anna var spedbarnsmortaliteten i Sovjetunionen lågare på 1960-talet enn ho var i Vesten.

Det sovjetiske helsesystemet var basert på mange legesenter i bustadstrøk der borgarane kunne få poliklinisk handsaming. Innbyggjarane kunne velje om dei ville få legetenester der eller i bedriftshelsetenestene. Det var ikkje brukarbetaling, men for medisinar var det ein liten eigenandel. Det var sjukehus i dei fleste byane, men kvaliteten var varierande. Tannhelsetenester var lite prioriterte, og låg i kvalitet langt etter det dei gjorde i Vesten. Som på andre område i sovjetsamfunnet var dei beste sjukehusa reserverte for partifunksjonærar og andre samfunnstoppar.

Legetettleiken var høg i Sovjetunionen. På slutten av 1980-talet hadde landet dobbelt så mange legar per innbyggjar som USA. Dette talet lyg likevel litt, sidan sovjetiske legar ofte hadde arbeidsoppgåver som i andre land vart gjorde av anna helsepersonell, slik som fysioterapeutar. Legeyrket vart sett på som eit kvinneyrke i Sovjetunionen, allereie frå 1930-talet var over 70 prosent av legane kvinner. Dette talet heldt seg stabilt heilt til 1980-talet. Legar hadde langt lågare status og løn enn i vestlege land. På 1980-talet var ei gjennomsnittleg legeløn på 183 rublar i månaden, noko som var langt lågare enn gjennomsnittleg industriarbeidarløn.

Bustadbygging vart med unntak av i NEP-perioden sett på som ei offentleg oppgåve. Under Stalin var industriutbygging prioritert framfor nye bustader, men frå 1957 vart bustadbygging ei sak med høg prioritet. Fram til 1970 vart det bygd 34 millionar bustadeiningar i landet, noko som gav nytt husrom til halvparten av innbyggjarane i Sovjetunionen. Ei gjennomsnittleg leilegheit bygd i Khrusjtsjov- eller Brezjnev-tida var på 45 kvadratmeter, og husa typisk fire til seks personar. Fokuset låg på kvantitet framfor kvalitet samstundes som vedlikehaldsbudsjetta var ikkje-eksisterande, noko som har gjeve eit stort vedlikehaldsetterslep som mange av dei tidlegare Sovjetrepublikkane endå slit med. Dei tette buforholda i kombinasjon med utbreidd alkoholisme gav grobotn for familievald, og bidrog òg til den høge skilsmissestatistikken – meir enn kvart tredje ekteskap gjekk i oppløysing på 1980-talet.

Bustader vart tildelte av lokaladministrasjonane. Det var vanleg med to eller tre år på venteliste for nygifte par før dei vart tildelte den fyrste bustaden sin. For ugifte var situasjonen endå meir håplaus, og mange måtte bu på sovesalar i tilknyting til arbeidsplassen medan dei venta på å verte tildelt bustad. Det var likevel mogleg å gå saman i bustadsamarbeid for å byggje eigne bustadblokker, sjølv om dette var relativt uvanleg. All omsetnad av bustader måtte òg godkjennast av spesielle bustadkommisjonar, noko som skulle halde prisane nede og hindre bustadspekulasjon. Staten såg likevel igjennom fingrane med ein utstrekt svart marknad med bustadbytte, så lenge dette skjedde utan økonomisk vinning. Husleiga i Sovjetunionen var fastsett politisk, og bustader vart kraftig subsidierte.

Det vanlege politiet i Sovjetunionen var kjend som «milits». Det låg under innanriksdepartementet, men dei lokale politieiningane var også til ein viss grad ansvarlege overfor dei lokale sovjeta sine.

I tillegg til vanlege politioppgåver som å handheve alminneleg orden, trafikk, etterforsking av kriminalsaker og registrering av motorkøyretøy, hadde militsen fleire arbeidsoppgåver som skilde dei frå politistyrkane i Vesten. Mellom dei viktigaste var å kontrollere reiseverksemd av utlendingar i Sovjetunionen. Utanlandske statsborgarar i Sovjetunionen hadde ikkje løyve til å reise lenger vekk enn 40 kilometer frå den staden dei var registert på. Militsen hadde difor kontrollpostar utanfor dei større byane der dei sjekka bilar på veg ut for uautoriserte utlendingar. Reiseverksemd utanfor 40-kilometersgrensa måtte klarerast med militsen på førehand, og 97 % av landet var stengt for utlendingar. Reiseverksemda til sovjetiske borgarar var òg underlagd restriksjonar, og militsen hadde ansvaret for å skrive ut innanrikspass for innbyggjarar over 16 år. Militsen heldt òg vakt utanfor ambassadar i Moskva for å hindre «uautoriserte» besøk frå sovjetiske borgarar.

Den sovjetiske tryggingstenesta (KGB, «komitéen for statstryggleiken») var på mange måtar ein stat i staten, og var den viktigaste reiskapen til styresmaktene for å halde opposisjonen i sjakk. Kontrollen til partiet over KGB gjekk via avdelinga til sentralkomitéen for administrative organ, som måtte godkjenne alle utnemningar til høgare verv i tryggingstenesta. KGB fekk ei stadig viktigare rolle i sovjetisk politikk opp gjennom levetida til unionen. Under Brezjnev fekk organisasjonen eit mykje betre omdøme og meir autoritet. I tillegg fekk han mange nye ansvarsområde, noko som bana vegen for KGB-leiaren Jurij Andropov sitt inntog i sovjetisk toppolitikk. Dette førte naturleg nok til ei endå sterkare rolle for KGB i sovjetisk politikk.

KGB hadde opphav i tsjekaen, som vart innstifta av Lenin seks veker etter Oktoberrevolusjonen i 1917 med det formålet å hindre «kontrarevolusjon» og sabotasje. Under Stalin vart tryggingstenesta omdøypt til NKVD og fekk mandatet sitt kraftig utvida, og var mellom anna ansvarleg for drifta av gulag-systemet. På 1930-talet var NKVD verktøy for Stalin i ein serie utreinskingar, etter at han hadde gjeve ordrar om at «politiske kriminelle» skulle arresterast og stillast for retten så fort som råd var. Det var inga ankemoglegheit, og etter førehandsavgjorde farseaktige rettssaker vart dei dømde gjerne skotne i løpet av 24 timar.

Etter at Stalin var død, vart tryggingstenesta omorganisert, og KGB vart oppretta i 1954. Organisasjonen voks seg etter kvart svært stor, og på 1980-talet hadde KGB over hundre tusen tilsette i inn- og utland, i tillegg til eit stort tal informantar. KGB var inndelt i ulike direktorat, og mellom dei viktigaste var det tredje og det femte. Tredje hovuddirektorat var ansvarleg for å overvake og indoktrinere dei væpna styrkane, og hadde offiserar i alle militære avdelingar heilt ned på kompaninivå. Det femte hovuddirektoratet hadde som oppgåve å overvake sovjetiske borgarar. Dette innebar òg ting som å knuse ulovlege organisasjonar, infiltrere kyrkja, hindre kontakt mellom sovjetarar og utanlandske statsborgarar og nedkjemping av ulovleg utgjeven litteratur. Andre viktige avdelingar i KGB var fyrste hovuddirektorat, med ansvar for hemmelege operasjonar i utlandet, slik som industrispionasje, og åttande direktorat, som dreiv overvaking i utlandet. Mesteparten av den militære overvakingen vart likevel utført av den militære etterretningstenesta GRU.

KGB-offiserar hadde høg sosial status i Sovjetunionen, og tilgjenge til mange gode som vanlege borgarar ikkje hadde. I tillegg til at løna typisk låg 2–3 gonger høgare enn i sivile sektorar, hadde KGB-folk tilgang til eigne butikkar med langt betre varer enn elles i landet, i tillegg til spesielle feriestader og andre fritidstilbod. KGB hadde òg etter kvart stor politisk innverknad, under Brezjnev vart det vanleg med ein KGB-representant i partikomitéar på alle nivå. Etter at den tidlegare KGB-sjefen Andropov vart generalsekretær, vart det òg ein trend at KGB-offiserar gjekk inn som partisekretærar og eksekutivkomité-formenn ute i provinsane.

Rettssystement i Sovjetunionen var i utgangspunktet basert på kontinentale, europeiske prinsipp, eit såkalla civil law-system. Parallelt med det vanlege rettssystemet, fanst det også eit eige system for å slå ned på kritikarar av regimet. Grensene for dei to rettssystema var ofte diffuse, og «vanlege» saker kunne raskt falle utanfor det vanlege rettssystemet dersom dei hadde politisk karakter.

Ifølgje marxistisk teori var kriminalitet eit resultat av klassemotsetnader, og under sosialismen ville difor kriminaliteten forsvinne. Men i den kaotiske situasjonen i etterkant av Oktoberrevolusjonen vart Lenin likevel nøydd til å setje opp domstolar, spesielt for å nedkjempe økonomisk kriminalitet. Dei fyrste domstolane hadde eit uformelt preg, og bar ofte preg av reine folkeforsamlingar. Under Stalin vart systemet meir formelt, men samtidig byrja det parallelle systemet for å knekkje den politiske opposisjonen som utvikla seg. Under justisminister Andrej Vysjinskij vart det sett opp spesialtribunal med fullmakt til å gje fengselsstraffer på opptil fem år for alle dei meinte var «sosialt farlege». Stalin brukte også rettsvesenet til å kvitte seg med resten av den sovjetiske leiarskapen under dei såkalla «Moskvaprosessane», der andre medlemmer av politbyrået og leiande offiserar vart skulda for «høgreavvik» og «trotskisme» og avretta.

Etter at Stalin var død, vart tilstandane normaliserte, og Khrusjtsjov innførte ei lang rekkje juridiske reformer. Tryggingspolitiet kunne ikkje lenger arrestere folk slik det passa dei, og påtalemakta si rolle vart styrkt. Samtidig kunne prinsippa for rettssystemet verte diskuterte meir ope i samfunnslivet. Khrusjtsjov desentraliserte dessutan rettsvesenet, og oppmuntra arbeidsplassar og nabolag til å danne folkedomstoler som kunne ta seg av kvardagskriminalitet, men desse mista rolla si etter at Brezjnev tok makta.

Påtalemakta var den viktigaste institusjonen i det sovjetiske rettssystemet i den andre halvdelen av levetida til unionen. Denne var hierarkisk bygd opp med ein riksadvokat på toppen. Påtalemakta var involvert i alle stadium av etterforskingane, og hadde makt til å overstyre politietterforskarar. Påtalemakta hadde også ansvaret for fengselsvesenet – dei kunne avvise ankar både i straffesaker og privatsaker – og ansvaret for å sjekke at reglar vart følgde både i offentlege og frivillige organisasjonar. Påtalemakta var den mest prestisjetunge staden å arbeide for juristar.

Advokatstanden (russisk: advokatura) var delt inn i «kollegium» med om lag 150 advokatar i kvart, og kvart kollegium organiserte advokatkontor i eit visst geografisk område. Her kunne folk få juridisk hjelp, og advokatprisane var kraftig subsidierte av staten. Grunnlova av 1977 garanterte òg fri rettshjelp i straffesaker.

Dommarar vart på papiret valde av folket til periodar på fem år, men som med alle andre valde embete i Sovjetunionen, vart dei i praksis utpeikte av kommunistpartiet. Alle innbyggjarar over 25 år som hadde røysterett var valbare, men i praksis hadde dei aller fleste dommarane juridisk embetseksamen. I den fyrste rettsinstansen var fagdommaren supplert av to lekdommarar, som deltok på lik linje med fagdommaren både i handsaminga av saker og i straffeutmålingane. Lekdommarane vart valde på arbeidsplassar, kollektivbruk og i burettslag for periodar på to år. Høgare rettsinstansar hadde ikkje lekdommarordning.

Kriminaliteten var på mange område låg i Sovjetunionen. All kriminalitetsstatistikk var utarbeidd av staten og er difor upåliteleg, men det var truleg mindre drap, ran og annan valdskriminalitet enn i Vesten. Mesteparten av slik kriminalitet var alkoholrelatert, og unge menn var overrepresenterte. Men den økonomiske kriminaliteten svært stor i Sovjetunionen. Spesielt var tjuveri frå arbeidsplassen eit stort problem.

Fengselsvesenet omfatta stort sett arbeidskoloniar, og det var berre dei forbrytarane som ein såg på som farlegast som vart plasserte i reine fengsel. Tilbakefallsprosenten var langt lågare enn til dømes i USA. Straffene var også vanlegvis låge samanlikna med i USA, og maksimumsstraffa for fyrstegongsforbrytarar var i utgangspunktet femten år. Innsette kunne verte prøvelauslatne etter halvvegs sona straff. Dødsstraff var avgrensa til høgforråding, spionasje, terrorisme og overlagt drap under særs skjerpande omstende, sjølv om det også vart brukt på partifunksjonærar som vart kjend skuldige i tjuveri av offentleg eigedom i større skala.

Partimedlemmer og tilsette i statsadministrasjonen var pliktige til å oppføre seg eksemplarisk, og vart svært strengt straffa dersom dei vart tekne for svindel på det offentlege si rekning. Likevel var korrupsjonen i offentleg sektor stor, og frå og med Khrusjtsjov-tida var Sovjetunionen plaga av organisert kriminalitet med samband høgt oppe i det politiske systemet.

 
Offisiell sovjetisk miljøpolitikk la alltid stor vekt på handling, der mennesket aktivt skulle forbetre naturen. Lenin-sitatet «kommunisme er sovjetmakt og elektrifiseringa av landet!» oppsummerer på mange måtar fokuset på modernisering og industriutbygging. Under den første femårsplanen frå 1928 gjekk Stalin inn for å industrialisere landet for kvar ein pris. Verdiar som miljø- og naturvern vart totalt ignorerte i kampen for å danne eit moderne industrisamfunn. Etter at Stalin var død, vart det noko meir fokus på miljøproblematikk, men dei grunnleggjande oppfatningane av verdien av miljøvern var som før.

Sovjetisk media la alltid vekt på den enorme storleiken til landet og at naturressursane var nærast utømmelege. Dette skapte ei kjensle av at forureining og rovdrift på naturen var uproblematisk. Sovjetstaten hadde òg stor tru på at vitskaplege og teknologiske framsteg skulle løyse alle problem. Den offisielle ideologien sa at under sosialismen ville ein enkelt overvinne miljøproblema, i motsetnad til i kapitalistiske land der problema visstnok ikkje kunne løysast. Sovjetiske styresmakter hadde ei nærast botnlaus tru på at mennesket kunne overvinne naturen. Då styresmaktene på 1980-talet likevel måtte innrømme at det òg var økologiske problem i Sovjetunionen, vart problema forklarte med at sosialismen endå ikkje var fullt utvikla, for forureining i eit sosialistisk samfunn var berre ein mellombels anomali som ville verte løyst når sosialismen gjekk framover.

Tsjernobylulukka i 1986 sette ein støkk i verdssamfunnet. Dette var den fyrste større ulykka i eit sivilt atomkraftverk nokon stad i verda der det vart sleppt ut ei større mengd radioaktive isotopar i miljøet. Likevel var dei radioaktive dosane som vart spreidde langt avgarde relativt små. Det største helseproblemet etter ulykka har vore 4000 nye tilfelle av skjoldkjertelkreft, men dette har ført til relativt få dødsfall (tal frå WHO, 2005). Likevel er langtidsverknadene av ulukka usikre.

Etter at Sovjetunionen fall, kom det fram at miljøproblema var større enn det sovjetiske styresmakter hadde innrømt. Mellom stadene med klare miljøutfordringar var Kolahalvøya ved grensa mot Noreg. Rundt industribyane Nikel og Montsjegorsk var all skog drepen av forureining, samstundes som også Norden og andre delar av Russland vart ramma av utsleppa. I løpet av 1990-talet vart ein i Vesten òg uroa over strålingsfare frå kjernefysiske installasjonar, kasserte atomubåtar og handsaminga av kjernefysisk avfall og brukt kjernebrennstoff. Tidleg på 1990-talet vart det òg kjent at Sovjetunionen dumpa radioaktivt material i Barentshavet og Karahavet, noko som seinare vart stadfesta av det russiske parlamentet. «Kursk»-ulukka i 2000 bidrog vidare til uro i vest.

Kulturlivet i Sovjetunionen gjekk gjennom fleire fasar. I perioden 1918–1929 var det relativt frie forhold og artistar eksperimenterte med ulike stilretningar på leit etter ein eigen sovjetisk kunstnarisk stil. Lenin ynskte at kunst skulle vere tilgjengeleg for massane. Styresmaktene tolererte fleire trendar, så lenge dei ikkje openbert stod i opposisjon til regimet. Innanfor kunst og litteratur blomstra det opp fleire ulike skular, enkelte tradisjonelle, andre radikalt eksperimentelle. Kommunistiske skribentar som Maksim Gorkij og Vladimir Majakovskij var aktive i denne tidsperioden.

Frå staten vart det oppmoda om filmproduksjon, som vart sett på som eit nyttig propagandaverktøy for å kunne nå det breie laget av folkesetnaden som var analfabetar. Den sovjetiske montasjefilmen hadde glanstida si i perioden frå 1920 til 1932. I denne perioden utvikla dei sovjetiske filmskaparane eit nytt nivå med den særeigne interessa si for montasje, eller klipping, av film. Mange av dei beste arbeida til filmprodusenten Sergej Eisenstein er frå denne perioden, mellom anna Panserkrysseren Potemkin. Sidan fekk Eisenstein i likskap med fleire andre problem på grunn av open og skjult kritikk i dei kunstnariske arbeida sine. Kunsten vart også meir einsretta, og hadde som mål å vise kor overlegen kommunismen var over alle andre styringsformer.

Etter den såkalla «Khrusjtsjov-våren» på slutten av 1950- og tidleg på 1960-talet, vart sensuren mindre omfattande (men aldri fullstendig fjerna). Større eksperimentering innanfor kunstlivet vart på ny tillate, med det resultatet at ein såg produksjon av meir sofistikerte og svakt regimekritiske arbeid. Regimet losna fokuset på den sovjetiske realismen, med det resultatet at til dømes mange hovudpersonar i romanar av forfattaren Jurij Trifonov tok hand om problem dagleglivet snarare enn å byggje det sosialistiske samfunnet. Ei undergrunnsrørsle av dissidenter, kjend som samizdat, voks fram mot slutten av denne tidsperioden.

Det var alltid ein klar samanheng mellom idrett og politikk i Sovjetunionen. Den fyrste større partiresolusjonen om idrett gjorde det klart at «idrettsaktivitetar skal ikkje berre sjåast på med synsvinkel frå folkehelse og fysisk trening, ikkje berre som som eit aspekt i den kulturelle, økonomiske og militære treninga til ungdommen, ikkje berre som eit middel i å sosialisere massane […] men som eit middel i å samle bønder og arbeidarar til ulike parti-, arbeidarråds- og fagforeiningsorganisasjonar, slik at dei kan trekkast inn i sosiale og politiske aktivitetar.»

Idrettslivet i Sovjetunionen var organisert under komiteen for kroppskultur og sport, som låg under regjeringa. Denne komiteen hadde igjen 36 idrettslag under seg, der alle unnateke to var knytte til fagforeiningar. Døme på kjende idrettslag som var knytte til fagforeiningane var Lokomotiv, (jernbanearbeidarar), Burevestnik (studentar) og Spartak (personar som var tilsette i mellom anna helsevesenet, handelsnæringa, utdanningssektoren og kulturlivet). Det var også to idrettslag utanfor fagforeiningane sin kontroll: Dynamo (politiet og KGB) og «Arbeidsreserven» (studentar ved tekniske høgskular). Utanfor dette rammeverket av organisert idrett stod CSKA, idrettsklubben til hæren. Jamt over var klubbar i CSKA- og Dynamo-systemet dei med mest sportsleg suksess.

Innanfor individuelle idrettar fanst det eit system for rangering av idrettsutøvarar, masterstvo. Desse kunne få ulike gradar, som gjekk frå «Sovjetisk sportsmeister, internasjonal klasse» og «Sovjetisk sportsmeister» på toppen, ned til «Tredjegrads junior sportsmann» (i aldersklassar) på botnen. Innanfor breiddeidretten fanst det eit anna system, massovost, der folk kunne få gull- og sølvmerke for allsidige eigenskapar i sport i kombinasjon med dokumenterte kunnskapar innanfor hygiene og fyrstehjelp. Begge desse systema vart innstifta allereie i 1930-åra. Utover i levetida til Sovjetunionen vart det også stadig vanlegare med eit system der talentfulle born allereie i ung alder fekk tett oppfølging og intensiv trening, gjerne ved eigne idrettsgrunnskular eller ved spesielle kostskular. Når elevane vart eldre heldt dei ofte fram som idrettsutøvarar på fulltid, medan amatørstatusen gjerne vart halden oppe ved at dei fekk nominelle jobbar i forsvaret eller studentstatus, slik at dei kunne delta i internasjonale konkurransar som kravde amatørstatus (noko mellom anna deltaking i dei olympiske leikane gjorde).

Fram til den andre verdskrigen stod Sovjetunionen utanfor den internasjonale idrettsrørsla. I 1951 vart den olympiske komitéen i Sovjetunionen stifta, og i 1952 i Helsingfors og 1956 i Cortina d’Ampezzo vart landet med i høvesvis sommar-OL og vinter-OL for fyrste gong. Sovjetunionen gjorde raskt internasjonal suksess, og vart nest beste nasjon i Helsingfors og beste nasjon i Cortina på medaljestatistikken. Fram til og med sommar-OL i Seoul og vinter-OL i Calgary i 1988 tok Sovjetunionen til saman 395 gullmedaljar i sommar-OL og 78 gullmedaljar i vinter-OL. Dei mest dominante sovjetiske greinene var turn med 73 gull og friidrett med 65 gull under sommarleikar, og langrenn med 25 gull og lengdeløp på skøyter med 24 gull under vinterleikar. I 1980 var Moskva vertsby for sommarleikane, men arrangementet vart boikotta av mellom andre USA, Noreg og andre vestlege land i protest mot den sovjetiske krigføringa i Afghanistan. Som ein reaksjon på dette, boikotta Sovjetunionen og ein rekkje austblokkland Los Angeles-leikane i 1984.




#Article 123: Mardøla-aksjonen (257 words)


Mardøla-aksjonen er ei viktig symbolhending innan natur- og miljøvern. Sommaren 1970 var det aksjonar mot kraftutbygging i Eikesdal i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Samla er desse aksjonane kalla Mardøla- aksjonen. 
I aksjonane vart det teke i bruk sivil ulydnad. Saka vart særleg symbolsk på grunn av dei høge Mardalsfossane. Leiarane for aksjonen vart fjerna av politiet etter at det vart organisert ein ikkje-valdeleg leir der anleggsvegen skulle gå. 

Av folk som deltok i aksjonane kan nemnast filosofen Arne Næss, filosofen Sigmund Kvaløy Sætreng og politikaren Odd Einar Dørum.

Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm) vart starta i 1969 av ei gruppe filosofar, fjellklatrarar og fotturistar. (snm) skulle vera ei motvekt til dei miljøvernorganisasjonane som dreiv ‘skrivebordsarbeid’, og heller konsentrera seg om konkret arbeid. Dette skulle ein oppnåsgjennom ein anti- organisasjon der saka, ikkje organisasjonen i seg sjølv, var målet. Parentesen rundt namnet skulle symbolisera dette. Den første aksjonen (snm) tok ansvaret for var aksjonen mot utbygging av Mardalsfossen i Eikesdal i 1970. Aksjonen var eineståande fordi han var ein ideologisk grunngjeven direkte aksjon. Bygdefolka i Eikesdal og Eresfjord støtta dei aktive i aksjonen, men aksjonistane måtte trekkja seg attende etter truslar frå romsdølar. Det nye med Mardøla- aksjonen var at sivil ulydnad vart teke i bruk som middel i motstand mot kraftutbygging. Sivil ulydnad vart seinare nytta i stor målestokk under Alta-aksjonen.

Protestar mot vasskraftutbygging var mykje av grunnlaget for å byggja opp ei slagkraftig natur- og miljøvernrørsle i Noreg. 
Etter Mardøla-aksjonen vart det laga ein film «Kampen om Mardøla» og skrive fleire bøker.




#Article 124: Jom kippúr (240 words)


Kippúr eller jom kippúr (frå hebr. יוֹם הַכִּפּוּרִים jōm hakkippūrīm) er den jødiske forsoningsdagen. Høgtida er ei av dei viktigaste i den jødiske kalenderen, og blir gjerne halden også av dei som er mindre religiøse. På kippúr skal ein gjera opp for synder, både som folk og som enkeltperson. Ved å sona for dei får ein òg tilgjeving.

Høgtidsdagen er ein full sabbat der ein ikkje kan utføra noko arbeid. Heile dagen er ein  fastedag, og alle jødar over 12/13 års alder som har helse til det er pålagde å faste frå solnedgang på kippúr-aftanen til det er mørkt etter sjølve kippúr-dagen — det vil seie om lag 25 timar. I denne perioden et ein ingen ting og drikk ikkje noko anna enn kva som er strengt nødvendig for helsegrunnar. Ein skal heller ikkje bada, bruka sminke, ha på seg ting av lêr (som skor) eller ha samleie i denne tida.

Kippúr fell på den tiande dagen av månaden tisjré. Etter den sivile kalenderen havnar kippúr ein dag mellom 15. september og 14. oktober. I 2005 fell kippúr på 13. oktober — det vil seie frå 12. oktober ved solnedgang til 13. oktober etter solnedgang. Dei ti dagane før høgtida, innleia av nyttårsdagen rosj hasjaná, har vore ei tid av anger og bøn. Kippúr står for reinsing frå synd, og på grunn av dette ber mange jødar symbolske kvite klede på denne dagen.

Bønneritualet for kippúr inneheld fleire karakteristiske element: 




#Article 125: Pipeorgel (565 words)


Eit pipeorgel er eit tangentinstrument med piper. Pipene kan vera laga anten av tre eller metall, og luft vert pressa gjennom dei for å laga ljod. Pipeorgelet er best kjent frå kyrkjemusikken, men ein finn det òg i nokre synagoger, i konsertsalar, kinoar og private heimar. Ein orgelspelar vert ofte kalla organist eller (i den norske kyrkja) kantor.

Pipene er laga av tre eller ei legering av bly og tinn. Høgare tinninnhald gjev meir overtonar og ein lysare klang. Stundom vert òg sink nytta, mest i dei lange basspipene. 

Pipene er ordna i stemmer (eller register), som kan koplast inn og ut med registertrekk. Orgelstemmene er anten leppestemmer, som ei blokkfløyte, eller tungestemmer, som ein fagott. Toneleiet vert skrive i fot, der 8' er vanleg tonehøgd, 16' kling éin oktav lågare, og 4' éin oktav høgare enn notert. Stemmer som styrker overtonerekkja (t.d. kvint- og tersstemmer) vert kalla mutasjonar. Dette systemet vert nytta av di den lengste pipa i ei open 8'-stemme er om lag 8 fot lang.
 

Orgelstemmene kan vera etterlikningar av orkesterinstrument, eller tilpassa særskilt for orgelet. Etterlikningane høver som regel best som solostemmer, og har ofte «orkester» i namnet.

Nokre stemmer har fleire piper for kvar tone, det vil seia fleirkorige. Desse får oftast eit romartal etter seg, som til dømes Mikstur IV eller Sesquialtera II. Den fyrste har fire piper for kvar tone, den andre to.

Leppestemmene har anten opne, halvvegs dekte, eller heilt dekte piper. Tonen frå ei dekt pipe er om lag éin oktav lågare enn frå ei jamlang ope pipe. Det finst òg sokalla overblåsande fløyter, som lagar ein tone om lag éin oktav høgare. Breidda på pipa (mensuren) er avgjerande for tonen. Ein breid mensur gjev ein fyldig, grunntonerik klang (prinsipaltone), medan ein smal mensur gjev ein tynn, overtonerik klang (strykartone).

Stemmene er ordna i verk. Dei vanlegaste verka vert kalla hovudverk, svellverk og pedalverk. Hovudverket er grunnlaget for resten av orgelet, med dei bærande prinsipalstemmane. Svellverket står i ein kasse med veggar som kan opnast og lukkast av organisten, noko som gjer det mogleg å variera ljodstyrken. Andre verk ein kan finna i eit orgel er oververk, brystverk, ryggpositiv og fjernverk.

Kvart verk er oftast bunde til eit manual (tangentrekkje), unnateke pedalverket som er bunde til eit sett fotpedalar. Det vanlege manualomfanget i Noreg er C-g3, i USA C-c4, medan fotpedalane går frå C-f1 eller g1. 

Manual, pedal og registertrekk er bygde inn i ein spelepult. Spelepulten kan vera kopla til orgelet med mekanikk, elektrisitet, lufttrykk (pneumatikk) eller med ei sambinding av elektrisitet og lufttrykk (elektropneumatikk).

Me veit ikkje sikkert kven som bygde det fyrste pipeorgelet, men Ktesibios, ein gresk ingeniør som arbeidde i Alexandria på 200-talet fvt., vert ofte gjeven æra for dette. Instrumentet Ktesibios (latin: Ctesibius) laga var eit hydraulis, eller vassorgel, der pipene fekk luft frå ei hydraulisk pumpe. Vassorgelet vart omtykt i Romarriket, både som soloinstrument og som bakgrunnsmusikk til idrettsleikar. Om lag hundre år seinare vart hydraulikken bytt ut med blåsebelgar, som enno i dag er den vanlege luftkjelda i eit pipeorgel.

Etter delinga av Romarriket rundt år 476 blømde orgeltradisjonen vidare i den austlege delen, der Bysants var hovudstad, medan han etter kvart forsvann i den vestlege delen, der Roma var hovudstad. Orgelet kom truleg ikkje attende til Vest-Europa før på 700-talet (Pipin den yngre fekk eit orgel frå Bysants i 757), og vart etter kvart eit viktig kulturinstrument att.




#Article 126: Marxisme (503 words)


Marxisme er ei nemning som blir nytta om ideane til den sosialistiske tenkjaren Karl Marx. 

Marx skal sjølv ha protestert kraftig mot at tankane og teoriane hans blei gjorde til ein «-isme, eit heilskapleg påstått altomfattande system. Somme kalla seg «marxistar» alt i Marx si levetid. Etter den tid var det i nokre år det tyske sosialdemokratiske partiet SPD og Karl Kautsky som liksom ivaretok den marxistiske ortodoksien. Men særleg i den kommunistiske tradisjonen på 1900-talet blei marxismen eller heller marxismen-leninismen (sjå Vladimir Lenin og Josef Stalin) gjort til ei samling ufeilbarlege dogme. 

Slik dogmatisme kan hevdast å vere ei umarxistisk tilnærming, då Marx understreka at det viktigaste er å analysere vitskapleg den faktiske situasjonen i samfunnet (marxisme som analysereiskap). Marx har kome med nokre grunnleggjande analysar av historia, kapitalismen, klassane og klassekampen, og føresetnadene for ei sosialistisk samfunnsordning. Mange sosialistar meiner nokre av desse analysane har vist seg å halde, men på andre område har Marx teke feil. For sosialistar flest er derfor Marx eit utgangspunkt for eiga tenking, og ikkje ein «-isme».

Marxisme i vanleg meining er då ei samling av idéar og teoriar som byggjer på Karl Marx sin analyse og kritikk av kapitalismen. Grunnelementa i denne økonomiske analysen er utvikla i hovudverket Kapitalen (Das Kapital), som Marx skreiv på til sin død i 1883. Bind 2 og 3 blei utgjevne i Marx sitt namn av Friedrich Engels. 

Dei historiefilosofiske teoriane (Den historiske materialisme) utvikla Marx i sine ungdomsskrifter, der også religionskritikken og framandgjeringskritikken kom fram.

Forutan dei ovanfornemnde teoretiske elementa blir nemninga marxisme også bruka i ei breiare meining om bestemte politiske forestillingar, som er skylde dei som blei lagde fram av Marx og Engels i det meir programmatiske skriftet Det Kommunistiske Manifest, eller i det heile teke slike som til vanleg blir kalla sosialistiske eller kommunistiske.

Marxisme blir då i dag dels bruka om dei teoriane som Marx og Engels sjølv utvikla, og dels om dei teoriane som særleg i det 20. hundreåret er utvikla meir eller mindre på grunnlag av desse. Det dreiar seg både om vidareutviklingar av kjernesynspunkta i teorien, og bruk av teorien innanfor nye felt.

Det gjeld til dømes tekstar av tenkjarar som Vladimir Lenin, Rosa Luxemburg, Antonio Gramsci, Karl Kautsky, Lev Trotskij, Theodor W. Adorno, Max Horchheimer, Herbert Marcuse, Ernst Bloch, Erich Fromm, Wilhelm Reich, André Gorz, Walter Benjamin, Samir Amin, Louis Althusser, Nicos Poulantzas, Ernest Mandel, Joachim Israel, Jean-Paul Sartre, Maurice Merleau-Ponty, Pierre Bourdieu Immanuel Wallerstein m.fl. 

Desse tenkjarane representerer så ulike retningar som strukturalisme, freudomarxisme, kapitallogikk og Frankfurterskolen sin kritiske teori, og mange politiske spor som stalinisme, trotskisme, reformisme, venstresosialisme og eurokommunisme.

Marxismen er attmed Freudianismen, strukturalismen og fenomenologien den teori-retninga som har vore mest fruktbar i utviklinga av nye analysemodellar for det tjuande hundreåret sin kulturkritikk. Marxismen har blitt bruka og misbruka innanfor mange empiriske felt – ofte i kombinasjon med nettopp freudianisme, strukturalisme eller fenomenologi.

Sjå òg mellom anna artiklane sosialisme, kommunisme, sosialdemokrati, Eduard Bernstein, Rosa Luxemburg, Karl Kautsky, Julius Martov, Otto Bauer, Vladimir Lenin, Lev Trotskij, Antonio Gramsci.

 




#Article 127: Eduard Bernstein (241 words)


Eduard Bernstein () var den første og er kanskje den mest kjende av dei store «revisjonistane» i den sosialistiske rørsla. Bernstein var fødd i Tyskland i 185], var av jødisk ætt, og aktiv i det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD) både i eksil og i heimlandet. 

I boka  Die Voraussetzungen des Sozialismus und die Aufgaben der Sozialdemokratie («Føresetnadene for sosialismen og oppgåvene for sosialdemokratiet»), som blei utgitt i 1899, reviderte han nokre av Karl Marx sine teoriar, som Bernstein meinte hadde synt seg å vere feilaktige i lys av utviklinga etter dei blei utforma. Bernstein meinte blant anna at sosialismen kan innførast på fredeleg vis og i ein gradvis prosess i land med nokolunde demokratisk styresett. Denne «revisjonismen» utløyste ein stor debatt i den internasjonale sosialistiske rørsla på den tida, som var organisert i Andre Internasjonalen. Særleg Karl Kautsky, Rosa Luxemburg og Vladimir Lenin gjekk til harde åtak på Bernstein. Sjølv om Bernstein «tapte» debatten, er variantar av «revisjonismen» blitt grunnlaget for den faktiske politikken til dei aller fleste sosialistiske parti i verda, i den praktiske utforminga som reformisme.

Men til liks med Marx har heller ikkje Bernstein synt seg å vere ufeilbarleg, så nokre av revisjonane hans er sidan blitt reviderte. Det gjeld blant anna teorien til Bernstein om at kapitalismen var blitt så organisert at han er krisefri. Blant anna den store verdskrisa frå 1929 og frametter motbeviste det.

Bernstein var fødd i Berlin og døydde same staden i 1932.




#Article 128: Rosa Luxemburg (625 words)


Rosa Luxemburg (5. mars 1870 el. 1871–15. januar 1919) var ein leiande marxistisk tenkjar. Ho var den leiande personlegdomen på venstrefløya i det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD), og var med på å grunnleggje det tyske kommunistpartiet (KPD) før ho blei drepen av høgre-orienterte frikorpssoldatar under spartakistopprøret i Berlin i 1919. Luxemburg levde det meste av det vaksne livet sitt i Tyskland, men var likevel ein av dei viktigaste teoretikarane til dei polske sosialdemokratane.

Róża Luksemburg (polsk stavemåte) blei fødd i ein jødisk familie i det noverande Polen i 1871. Ho kom tidleg med i arbeidarrørsla, i form av det forbodne arbeidarpartiet Proletariat. På grunn av det politiske arbeidet sitt måtte Luksemburg flykta frå landet i 1889. Ho drog til Sveits der ho byrja å studera ved universitetet i Zürich: Ho tok filosofi, historie, politikk, økonomi og matematikk samstundes. Hovudemna hennar var statsvitskap, mellomalderen og børskriser.

Ho heldt seg fortsatt aktiv innan arbeidarrørsla. I 1893 skipa ho, saman med Julian Marchlewski og Leo Jogiches, eit tidsskrift med namnet Sprawa Robotnicza ('Arbeidarsaka') som eit motsvar til den veksande nasjonalismen i det polske sosialistpartiet. Luksemburg meinte at den polske vegen til sjølvstende gjekk gjennom revolusjonar i Russland, Tyskland og Austerrike og ein solidarisk kamp mot kapitalismen. Seinare danna ho og Jogiches Det sosialdemokratiske partiet i kongedømet Polen.

I 1898 gifta Rosa Luxemburg seg med Gustav Lübeck og fekk dermed tysk statsborgarskap. Dei flytta til Berlin, der ho blei med i venstrefløya i det tyske sosialdemokratiske partiet, SPD. Ho var av dei skarpaste kritikarane av Eduard Bernstein sin «revisjonisme», der ho hevda at det ikkje er eit spørsmål om reform eller revolusjon, men at kampen for reformene er forma og den sosiale revolusjonen innhaldet i arbeidarrørsla sin kamp. Ho var heller ikkje samd med russaren Vladimir Lenin, som ho hevda ville gi sentralleiinga i partia altfor stor makt, slik at livgivande demokratisk debatt ville komme til å kvelast, og resultatet ville komme til å bli eit diktatur over arbeidarklassen. Ho støtta Julius Martov i striden om dette i det russiske sosialdemokratiske partiet. Rosa Luxemburg er såleis kjend for både å vere svært radikal og samtidig veldig demokratisk, anti-autoritært innstilt.

Da fleirtalet i SPD si riksdagsgruppe stemte for krigskredittar til regjeringa under første verdskrigen, gjekk Rosa Luxemburg, Eduard Bernstein, Karl Kautsky og fleire andre kjende sosialdemokratar og krigsmotstandarar ut av partiet. Dei danna eit nytt parti, kalla det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD). Rosa Luxemburg høyrde til venstrefløya også i det nye partiet, ei gruppe som kalla seg Spartakusforbundet. 

Etter dei russiske revolusjonane i 1917, blei det eit stort press frå krigstrøytte soldatar og arbeidarar også i Tyskland, og den tyske revolusjonen braut ut i november 1918. Keisaren måtte gå av og det blei danna ei provisorisk regjering med folk frå SPD og USPD. Det blei inngått ein våpenstillstandsavtale med vestmaktene. Men radikale soldatar og arbeidarar ville gå lenger enn SPD i å omdanne samfunnet. USPD gjekk ut av regjeringa fordi den under leiing av SPD eigentleg ikkje var særleg radikal i praksis, og fleirtalet i Spartakusforbundet bestemte seg for å danne eit kommunistisk parti som i Russland. Rosa Luxemburg var eigentleg skeptisk til dette, og enda meir skeptisk da andre «spartakistar» stilte seg i brodden for eit opprørsforsøk i Berlin i januar 1919. Oppreisten blei da også slått ned, og Rosa Luxemburg var ein av dei som blei drepne da, etter å ha blitt teken til fange først. 

Det er blitt hevda at sentrale personar i SPD-regjeringa kjende til og godtok planen om å drepa Rosa Luxemburg etter ho var teken til fange. Det at dei tyske kommunistane trudde det var slik, er ei av forklaringane på deira uvilje mot å samarbeide med SPD seinare, jamvel da nazismen trua.

Nokre av dei viktigaste verka til Rosa Luxemburg er:




#Article 129: Karl Kautsky (238 words)


Karl Kautsky (), fødd i Praha og død i Amsterdam, var ein av dei fremste sosialistane i Europa frå slutten av 1800-talet til han døydde i 1938. Han var rekna som den fremste teoretikaren i den Andre Internasjonalen, og hadde stor innverknad på sosialistisk debatt i ein lang periode.

Karl Kautsky blei fødd i ein jødisk familie i Praha i 1854, men budde mesteparten av livet i Wien og Berlin og så Wien igjen. Han blei aktiv i sosialdemokratiet, og grunnla og var redaktør for det teoretiske tidskriftet Die Neue Zeit (Ny Tid), som fekk svært stor innverknad. Kautsky skreiv det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD) sitt Erfurtprogram frå 1895. Han var ein leiande kritikar av Eduard Bernstein sin revisjonisme, og gjekk særleg hardt ut mot sosialdemokratar som såg positivt på kolonialismen. Kautsky blei i denne tida sedd på som ein ortodoks og dogmatisk marxist.

Da første verdskrigen braut ut, vakla han i førstninga fordi han som mange tyske sosialdemokratar sterkt mislikte tsar-regimet i Russland. Men frå 1915 gjekk han mot krigen, og slutta seg i 1917 til antikrigspartiet USPD (det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland). Kautsky tok sterkt avstand frå bolsjevikrevolusjonen i Russland, fordi han meinte det tilbakeliggjande landet ikkje var modent for sosialisme, og fordi diktatur som det bolsjevikiske etter hans syn aldri kunne føre noko godt med seg. Kautsky meinte demokrati var ein absolutt føresetnad for sosialisme.

Nokre av dei viktigaste verka til Karl Kautsky er:




#Article 130: Henry George (1119 words)


Henry George () var ein journalist, politisk økonom og sosialfilosof frå USA. Han gjorde framlegg om ein skatt, eller grunnrente, på jordeige. Tankane hans vart formulert i fleire bøker. Tilhengjarane av teoriane hans vert kalla «georgistar», og av namnet hans kjem ordet «georgisme». Den norske forfattaren Arne Garborg var rekna for å stå georgismen nær. Georgisme er idégrunnlaget for det danske politiske partiet Danmarks Retsforbund.

George vart fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Som 16-åring reiste han ut som sjømann, og etter ei tid til sjøs slo han seg ned i California. Etter nokre mislukka forsøk på gullgraving, starta han ei karriere innan i avisverda. Han starta som trykkar, og enda opp som redaktør og aviseigar. 

På ei ferd til New York vart George ovundra over levekåra til dei fattige i storbyen. Han såg det som eit paradoks at dei fattige i den etablerte storbyen hadde dårlegare levekår enn i det mindre utvikla California. Tankane om dei fattige sine levekår gav tema og tittel til boka Progress and Poverty, eller Framsteg og fattigdom. Boka kom ut i 1879, og vart ein storseljar. På kort tid vart det seld over 3 millionar bøker. 

I boka argumenterte George for at nær all rikdom frå sosiale og teknologiske framsteg i ein fri marknadsøkonomi vart tekne av jordeigarar og monopolistar ved hjelp av leigeprisar. Ein slik konsentrasjon av rikdom som ein ikkje arbeider for var den grunnleggjande årsaka til fattigdom. George såg lite rettferd i å hindra menneske i å nytta naturressursar. Han meinte at slike hindringar var å likna med slaveri. I denne samanhengen kom og omgrepet lønsslaveri inn. 

George kunne sjå desse samanhengane, mykje på grunn av han hadde vore fattig sjølv. På reiser hadde han sett mange forskjellige samfunn, og budde i California i ei tid med rask vekst og framgang. Spesielt hadde han merka seg korleis bygging av jarnvegar i California gjorde at jordverdiar og leiger auka meir enn lønene. 

George utvikla nokre av dei viktigaste delane av sine økonomiske teoriar som ein kritikk av eit døme brukt av Bastiat. Bastiat skulle med dette dømet forklara tilhøvet mellom renter og profitt. 

Bastiat hadde bede lesarane sine tenkja på to snikkarar. Han gav dei namna James og William. James hadde bygd ein høvel, og hadde lånt ut høvelen til William i eitt år. Ville James vera nøgd med å få ein like god høvel attende eitt år seinare? Truleg ville han ha rekna med å få ei trefjøl med som rente. Kjernen i teorien om rente og leige er å skjøna kvifor. Bastiat la vekt på at James hadde gjeve William tilgjenge til verktøy for å få auka produktivitet. James ville såleis gjerne ha betalt for den auka produktiviteten i løpet av eitt år. 

George aksepterte ikkje forklaringa. Han skreiv at sjølv om all rikdom var utgjort av slike ting som høvlar, og all produksjon var snikkararbeid, ville renter bety å stjela frå arbeidarane. Rente kunne såleis ikkje eksistera. På same vis ville det vera om rikdom var universet si materie, og produksjon var å få materien til å endra form. Nokre former for rikdom er fruktbare i seg sjølv. Her kan nemnast ei ku og ein okse. Eit anna døme er ei tønne med druesaft som modnast til vin. Jordarealer i seg sjølv er fruktbar rikdom. Høvlar og andre typar av treg materie kan ein tena renter på indirekte. Pengar er og slik, ein kan få rikdom ved å låna dei ut. Rentene eller fortenesta får ein berre ved å vera delar av den same sosiale sirkelen for utveksling.

Sjølv om George var mest kjend for å erstatta andre skattar med skattar på jordeige, hadde han i tillegg andre politiske framlegg. George var kritisk til strenge patents- og opphavsrettsreglar og han gjekk inn for å mjuka opp patentreglane. I staden kunne styresmaktene støtta opp om forsking og vitskapleg arbeid. Såleis ville ein kunna løysa opp monopolsituasjonar. «Naturlege» monopol måtte skattleggjast. George gjekk inn for ein kombinasjon av fri marknad og godt sosialvesen. Dei sosiale goda skulle finansierast gjennom skatt på jordeige og på monopolføretak. Økonomar som nobelprisvinnar Milton Friedman har gått med på at George sin skatt på jordeige kan vera eit godt system. Skatt på jordeige påverkar vanlegvis ikkje prisen på forbruksvarer. Moderne miljøvernarar har hatt tankar om jorda som ein planet menneska eig saman. Enkelte har gått inn for tanken om skattar og avgifter på forureining, på same vis som på jordeige.

I 1886 var George ein av kandidatane i valet på borgarmeister i New York. George kom på andre plass (betre enn Theodore Roosevelt). Han var kandidat igjen i 1897, men døydde fire dagar før valdagen. Om lag 100.000 menneske var med i gravferda.

Agnes de Mille, barnebarnet til George, meinte at bøkene til George gjorde at han vart den tredje medst kjende mannen i USA. Berre Mark Twain og Thomas Edison var meir kjend. George var og populær som talar. Som talar reiste han til Irland og Skottland. I desse landa var, og til dels er, jordeige eit viktig politisk tema. Ideane til George er i noko grad nytta i Sør-Afrika, Taiwan, Hong Kong, og Australia. Styremaktene krev inn ein jordverdiskatt. Skatten er trass i dette låg og med mange unntak. Eit forsøk av den britiske regjeringa i 1909 til å innføra ein jordverdiskatt, utløyste ei politisk krise. Indirekte førte dette til ei omskiping av overhuset. Henry George var kjend med Karl Marx sine verk. George meinte at om tankane til Marx vart sett i verk, ville det føra til eit diktatur. 

Populariteten til Henry George minka utover på 1900-talet. Trass i dette finst det enno mange georgistiske organisasjonar. Mange kjende personar vart påverka av George. Her kan nemnast George Bernard Shaw, Leo Tolstoj, Sun Yat Sen, Herbert Simon , og David Lloyd George. Lizzie Magie laga i 1904 til brettspelet Monopol. Monopolspelet skulle demonstrera teoriane til George. 

I den siste boka til Martin Luther Kingtrekte han fram Henry George sine tankar om ei minsteløn eller borgarløn. I 2004 valkampen i USA, gjekk Ralph Nader inn for skattar på forureining og jordverdiskattar.

George sine skrifter og teoriar har fått kritikk. Eit døme på dette er den austerrikske økonomen Eugen von Böhm-Bawerk, som kom med eit kritisk syn på George si tilnærming til dømet med snikkaren sin høvel. 

For det første, skreiv Böhm-Bawerk, er det ikkje mogleg å stø dette skiljet mellom to klassar av produksjonstypar. I ein av typane er naturkreftene tenkt å skulla vera eit element som fungerer ved sida av arbeid. I den andre er ikkje dette slik. Naturvitskapane har for lenge sidan synt oss at alt i naturen heng saman. Muskelrørslene til ein person som nyttar høvelen, ville vera lite nyttig, om det ikkje var for hjelp av naturkrefter og jernet i høvelen. 




#Article 131: Den gregorianske kalenderen (343 words)


Den gregorianske kalenderen er ein kalender som vart innført av pave Gregor XIII i 1582 i dei katolske landa. Han er den mest brukte kalenderen internasjonalt, 
og vert mellom anna brukt i Noreg.

Den gregorianske kalenderen blei innført gjennom ein pavebulle frå 24. februar 1582.
Denne kalenderen erstatta den julianske kalenderen som Julius Cæsar innførte i år 45 f.Kr. Den gregorianske skulle korrigere skeivskapen i den julianske kalenderen, som i løpet av åra hadde gjort at ingen av månadane samsvarte med årstidene lenger. Den julianske kalenderen var 0,0078 døgn lengre enn det tropiske året som årstidene følgjer, eller 11 minutt og 14 sekund. Eit tropisk år varar i røynda 365,24219878 døgn.

Den gregorianske kalenderen har derfor 365 dagar, pluss skotår kvart 4. år, bortsett frå år som er delelege på 100. År som er delelege på 400 er likevel skotår.

Det vil seie at år 1996 er skotår, 2000 er skotår, 2004 er skotår, men 2100 er ikkje skotår. Dette gjev ei årslengd på 365,2425, noko som gjev eit avvik frå det tropiske året på berre 3 dagar per 10.000 år.

I Danmark og Noreg vart den julianske kalenderen brukt fram til søndag 18. februar 1700. Då «hoppa» kalenderen til måndag 1. mars, som var fyrste dato etter at den gregorianske kalenderen var innført.

Romerkyrkja lét torsdag 4. oktober gå over til fredag 15. oktober.

På Island og Færøyane vart den nye kalenderen innført litt seinare, med at laurdag 16. november vart følgd av søndag 28. november.

Sverige (og derfor Finland) òg freista ein gradvis overgang. Planen deira var å utelata skotårsdagen i år 1700, deretter 7 dagar i november, deretter droppa skotårsdagen i 1704, 1708 og 1712. Dei gjennomførte det fyrste draget, men så vart det heile gløymt. Kong Karl XII av Sverige måtte difor i 1711 gjenopptaka arbeidet med å få orden på den svenske kalenderen. I 1712 gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, med å ha 30 dagar i februar. Fyrst i 1753 gjekk dei over til den gregorianske kalenderen, med å hoppe frå 17. februar til 1. mars.




#Article 132: Kleppe (123 words)


Kleppe er administrasjonssenteret i Klepp kommune på Jæren i Rogaland fylke. På Kleppe bur det om lag 3000 menneske, men medrekna Verdalen er det  i tettstaden Kleppe/Verdalen.

Klepp kyrkje frå 1846 ligg mellom dei to høgdedraga Kleppevarden og Haugabakka. Nedanfor kyrkja ligg Kleppekrossen, som er sentrum i bygda. 
Det ligg rundt krysset mellom hovudvegen over Jæren (Rv.44) og den ytre hovudvegen vidare nordover til Sola og Stavanger (Rv.510).
Rv.44 går i dag i tunnel under Kleppevarden nord for Klepp kyrkje og vest for det tidlegare vegkrysset.

I Kleppekrossen finst bankar og ymse butikkar . I nordaustre delen av Kleppe ligg Klepp stadion og Kleppe skule. Vidare i austleg retning mot Klepp stasjon ligg idretts- og symjehall, turnhall og ny ungdomsskule (bygd i 2005).




#Article 133: Informasjonskompetanse (225 words)


Informasjonskompetanse er evna til å finna og behandla informasjon ut frå det ein sjølv kan frå før. Ein informasjonskompetent person veit kva informasjon han treng og kor han kan finna denne informasjonen. Vidare bør han kunne vurdera om informasjonen er til å stola på og kan brukast vidare, han bør vera kjeldekritisk. Han bør òg vita korleis ein bruker informasjonen på ein etisk og forsvarleg måte.

Teorien bak informasjonskompetanse er at det ikkje er nok berre å kunne lesa. For å kunne finna fram til og nyttiggjera seg av det ein les, må ein ha bakgrunnskunnskap og kritisk sans. Det å ha informasjonskompetanse er blitt viktigare jo meir informasjon som blir tilgjengeleg, til dømes på Internett og i elektroniske oppslagsverk.

Idéen oppstod i det amerikanske næringslivet. Presidenten i The Information Industry Association, Paul Zurkowski, brukte først omgrepet information literacy i 1973, om menneske som hadde lært seg å bruka den mengda av informasjonsverktøy dei hadde tilgang på til å utføra arbeidet sitt.

Bibliotek og undervisingsstader er dei som særleg ønskjer å gje informasjonskompetanse til brukarane eller elevane sine. Det er mellom anna vanleg å gje nye studentar ved eit universitet kurs i korleis ein finn fram i kartotek og databasar ved biblioteket der. Folkebibliotek kan òg gje kurs til alminnelege folk om mellom anna korleis dei finn fram til informasjon på Internett.

Rettleiingar i informasjonskompetanse:




#Article 134: Retsforbundet (305 words)


Retsforbundet tidlegare Danmarks Retsforbund er eit dansk politisk parti som vart stifta i 1919. Georgismen er det ideologiske grunnlaget for partiet. 
Det politiske partiet Danmarks Retsforbund vart stifta 21. oktober 1919. Stiftarane var inspirerte av den amerikanske filosof Henry George, i tillegg til den danske retts- og moralfilosofen Severin Christensen.

Politikken til partiet byggjer på tre hovudpunkt. Frihandel, avgrensing av statsmakta og «full grundskyld» eller «full grunnrente». Med «full grundskyld» vert meint at staten si einaste rettkome kjelde til inntekt er den samfunnsmessige meirverdien av jordrente i staden for skatt på inntekt frå arbeid. All inntektsskatt, moms og toll skal difor avviklast. Rettsforbundet er altså eit utprega liberalistisk parti.

Danmarks Retsforbund vart første gong vald til Folketinget i 1924. Opp gjennom 1920-talet og 1930-talet var dei representert med ein eller to representantar (dette var før sperrereglane var innført i det danske valsystemet). Under krigen deltok folketingsmedlemmet, og seinare fiskeriminister, Oluf Pedersen som sekretær i det såkalla samarbeidsutvalet.

Etter frigjeringa medverka partiet sin frihandelsideologi til at ein markerte seg sterkt mot etterkrigsrasjoneringa. Det kom mellom anna til uttrykk ved at regjeringa Hans Hedtoft måtte gå av i 1950 på spørsmålet om oppheving av smørrasjoneringa. Ein tala den gong om at regjeringa «gled i smørret». Retsforbundet opplevde i dei fylgjande åra ein markant suksess, og oppnådde ved valet i 1953 ei folketingsgruppe på tolv medlemer.

Etter folketingsvalet i 1960 rauk Retsforbundet ut av Folketinget.

I samband med avrøystinga om Danmark skulle gå inn i EF i 1972 markerte Retsforbundet seg som det einaste borgarlege motstandarpartiet. Partiet deltok i stiftinga av den danske folkerørsla mot EF Folkebevægelsen mod EF. Ved valet i 1973 fekk ein enno ei gong vald inn folk i Folketinget. Ved valet i 1981 fekk partiet ingen inn i Folketinget. Sidan har oppslutnaden gått ned, og etter 1990 har ikkje partiet stilt liste til folketingsval.




#Article 135: Georgisme (365 words)


Georgisme er eit filosofisk og økonomisk teorisett oppkalla etter Henry George (1839-1897). Dei økonomiske teoriane kjem ut frå at sjølv om alle eig det dei skapar, så høyrer jordareal og alt anna i naturen til alle menneske.

Georgistane argumenterer for at alle renter og leiger som kjem frå jordareal, kringkastingskonsesjonar, mineralutvinningsrettar, fiskekvoter og liknande skal gå til samfunnet i staden for eigaren. Slike inntekter er det ikkje nokon som har arbeidd for å få. Av inntektene til «naturlege monopol» skal mykje gå til fellesskapet. Til gjengjeld skal det ikkje ileggjast andre skattar eller økonomiske reguleringar. I praksis vil dette seia å innføra ein høg jordverdiskatt. Det vil ikkje verta noko endring i prisar for jordleige. Grunnane til dette vart først forklarte av Adam Smith.

Dei fleste tidlege georgistiske gruppene kalla seg for Single Taxers, noko som på norsk vil vera enkeltskatt- tilhengjarar. George såg på dette som ei rett skildring av gruppene sitt politiske mål. Målet var å erstatta alle typar skattlegging med ein jordverdiskatt. Seinare grupper inspirert av Henry George finn ein i miljøvern- grupper og mellom folk med interesse for økonomi.

I eit økonomisk klima der skattane er høge og det politiske miljøet er stabilt, er det vanskeleg å få innført jordverdiskatt på ein rask måte. «Georgisme» har vorte eit meir generelt omgrep, som tek opp i seg sjølv små endringar i retning av idealet om ein erstatning av alle typar skattar med ein enkel jordverdiskatt.

Enkelte georgistar er ikkje nøgd med ordet «georgisme». Etter kvart er Henry George lite kjend. Prinsippa var tenkt på før han, og «ismer» oppkalla etter ein enkelt person har mista popularitet. Enkelte nyttar «Geoisme». Omgrepa avspeglar og ulike vinklingar, men alle retningane er samde om at jordverdiar skal skattast av. Fleire har tankar om ei borgarløn, der alle statsborgarar av eit land mottek sin del av inntektene staten har for å selja eller leiga vekk naturressursar.

Liknande tankar vart uttrykte føre Henry George av mellom anna:
William Ogilvie, Adam Smith, John Stuart Mill, John Locke, William Penn, Benjamin Franklin, Thomas Paine og Thomas Jefferson.

Lev Tolstoj, Sun Yat Sen, David Lloyd George, Winston Churchill, George Grey, Walter Burley Griffin, Clarence Darrow, Mark Twain og Albert Jay Nock.




#Article 136: Tempel (227 words)


Tempel er ei nemning som blir brukt om heilage bygningar innan mange religionar. Ordet kjem frå latin templum som tyder 'heilag stad'. Eit tempel blir som regel rekna som ein stad der ein guddom held til, og ein utfører gjerne ei form for tilbeding der. Det finst ofte reglar for kven som kan koma inn og korleis ein skal oppføra seg i tempel.

Tempel er eit vidt omgrep som kan femna om gudshus innan fleire religionar. Det blir noko sjeldnare brukt innan dei abrahamittiske religionane, der muslimar aldri vil omtala ein moské som eit tempel, dei fleste kristne har mange ulike namn på sakralbygg men bruker sjeldan tempel, og jødar ofte samlar seg i ein synagoge eller shul ettersom Tempelet i Jerusalem ikkje finst lenger. Det finst likevel kristne tempel innan ortodoks kristendom og mormontrua, og mange reformjødar brukar ordet tempel om gudshus.

Truande kan gå til tempel for å tilbe guddommar, til dømes ved å be, utføra offerhandlingar, og bli signa av gudebilde eller prestar. Ein kan òg gå til tempel for å vera saman med andre truande.

Det kan stillast visse krav til dei som vil inn i tempel, som at dei skal vera (rituelt) reine og passande påkledde. I visse religionar får berre dei som høyrer til religionen koma inn i tempelet. Det blir òg venta at ein viser ein viss respekt for guddommen.




#Article 137: Hekhál (162 words)


Hekhál (hebr. הֵיכָל hēxāl) (sefardisk) eller aron hakkódesj (askenasisk) er arka eller torá-skåpet i ein synagoge. Hekhálen er eit stort skåp, ofte med fleire dører, som står plassert i sjølve synagogerommet midt på den veggen som vender mot Jerusalem. Hekhálen står oftast på ein opphøgd avsats som blir kalla dukhán.

Hovudfunksjonen til hekhálen er oppbevaring av torárullane. Hekhálen er synagogens parallell til det aller heilagaste i Tempelet i Jerusalem og blir rekna som det heilagaste punktet i synagogen. Når dørene til hekhál blir opna reiser alle seg #8212; og ein blir ståande til dørene blir lukka att.

I vesteuropeisk sefardisk tradisjon er det ikkje forheng (parókhet) framfor hekhál, men dette forhenget er i staden plassert innanfor dørene til hekhál. Dei fleste andre tradisjonar har eit forheng framfor hekhál som skjuler dørene det meste av tida.

Dei fleste askenasiske jødar kallar hekhálen Aron hakkódesj. Dette namnet er òg noko bruka blant mizrahiske jødar. Ein del sefardiske jødar frå Balkan brukar namnet Hekhál hakkódesj.




#Article 138: Tallét (290 words)


Ein tallét, (hebr. טלֵּית ṭallēt (klassisk) el. טַלִּית ṭallīt (israelsk), fleirtal talletót) er eit jødisk bønnesjal med ein spesiell dusk, sisít, i kvart av dei fire hjørna.

Skikken for kven som brukar tallét varierer noko:

Alle sefardiske og askenasiske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.

I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet av er dette vorte vanleg i mange moderne askenasiske meinigheiter òg.

I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handsame talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer dette frå om lag fem- til sjuårsalderen.

Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinner og jenter:

Rabbanittisk jødedom fråråder i utgangspunktet bruk av tallét for ikkje-jødar.

Talléten blir bruka under bønn, hovudsakleg om morgonen og i nokon grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak #8212; sjå nedanfor.

Talléten blir bruka av meinigheita under alle morgongudstenester, og dessutan under ettermiddagsgudstenester av dei som er tildelt ein spesiell misvá #8212; som til dømes alijá. I ein del synagogar brukar alle tallét under ettermiddagsgudstenesta på sjabbát. På jom kippúr brukar meinigheita talletót under alle gudstenestene, inkludert kveldsgudstenesta. Nokre få grupper #8212; først og fremst jemenittiske jødar #8212; har på seg tallét under gudstenesta på fredag kveld.

Skikken varierer for den som leier gudstenesta: I nokre meinigheiter følgjer leiaren den same skikken som meinigheita, og i andre meinigheiter er det skikk at leiaren alltid har på seg tallét.

Ordet tallét er truleg eit lån frå gresk στολη. (stolē, jrf. latinsk stola), men har òg vorte sett i samband med den arameiske rota טלל (ṬLL).




#Article 139: Torárull (120 words)


Ein torárull (hebr. סֵפֶר תּוֹרָה sēfer Tōrā) er ein bokrull med to spindlar som inneheld Toráen. Sjølve dokumentet er handskrive på hebraisk på ein keláf (pergament) av eit reint dyr og rulla opp på dei to spindlane, som kvar blir kalla es hajím (livets tre).

Torárullen er innpakka når han ikkje er i bruk. Samaritanarar, romaniotes, mizrahiske jødar og nokre sefardiske jødar brukar ein laquo;tikraquo; #8212; ein sylinder av tre eller metall. Askenasiske jødar og dei fleste europeiske og nordafrikanske sefardiske jødar brukar ei kappe i staden. Denne kappa går under namna toramantel (ask.), vestido (sef.) eller meíl (hovudsakleg ital.). Italienske jødar brukar gjerne både tik og kappe.

Når torárullen ikkje er i bruk, blir han lagra i hekhálen (arka).




#Article 140: Havre (1549 words)


Havre (Avena sativa) er den tredje viktigaste kornarten i Noreg etter kveite og bygg. Kring år 1900 hadde havre opp mot halve kornarealet i mange europeiske land pga. bruken som hestefôr. Sidan traktoren erstatta hesten i landbruket og bilen og toget i transportnæringa, har havren hatt ei hundre års nedgangstid. På grunn av si gode tilpassing til kjølige tempererte område og mangelen på alternative vekstar, har havren halde stand i Norden. I Norge dyrkar vi havre på ein fjerdedel av kornarealet. Havre har gode eigenskapar, både som mat og husdyrfôr. Interessa for havre til mat er aukande på grunn av dei gunstige helseeffektane.

Havreslekta  Avena høyrer til stamma Avenae i grasfamilien, ei heilt anna enn dei andre kornartane bygg, kveite og rug som tilhøyrer kveitestamma (Triticeae). Den opne blomsterstanden, kalla risla (sjå bilete), kjennest lett frå akset i dei andre. 

Havre er ein sjølvbefruktar og sortar er reine (homozygote) liner. Havreslekta dannar ein såkalla polyploid serie med artar med 14, 28 og 42 kromosom.  Sjølv om alle i slekta har eit grunn-genom med 7 kromosom, så har dette utvikla seg ulikt i ulike artar. Vanleg havre (Avena sativa) er heksaploid med 42 kromosom, (formel 2n=6x=42). Det same har ugraset floghavre (Avena fatua). Begge har opphav i den ville arten Avena sterilis, men det er uklart om floghavre er ei forvilla form av dyrka havre eller ei særskilt grein. Kunnskapen om havrens genetikk og genom ligg langt tilbake for dei andre kornartane. Bare eit fåtal gen er identifiserte

Havre blir sådd om våren. Havre er spesielt godt tilpassa kjølige og tempererte klima og til mindre fruktbar jord. Den er ein låg-innsats vekst som toler jord som er vassmetta (har lite luft), er sur (låg pH) eller næringsfattig, betre enn bygg og kveite. Den har få sjukdomar felles med dei andre og ved einsidig korndyrking kan den sanere smitte. Havre har dermed ein uunnverleg plass i vekstskiftet i norsk korndyrking. Er det godt med nedbør om våren, konkurrerer havre effektivt med ugras, noko som er spesielt viktig i økologisk dyrking. Havren utnyttar også gjødsla betre enn dei andre kornartane. 

Når havren jamt over har dålegare gjennomsnittsavlingar enn bygg og vårkveite, kjem det vel så mykje av lågare innsats. Den er ofte sådd på dårlegare jordarter, på siste plass i vekstskifta og blir mindre gjødsla. Havren har nemleg lengre strå og går lettare i legde. Stråforkortande dverggen er lite brukt i havre, fordi slike sortar er meir utsette for tørke og smitte av Fusarium, ein sopp som i fuktige år kan gjere stor skade. Soppen kan danne soppgifter (mykotoksin) som kan drepe kornet, sette ned spireevna og bli igjen i kornet etter hausting. Soppgifter har blitt det største problemet i norsk havredyrking dei siste 10 åra, og førte til mangel på godkjent såkorn i åra 2010-13. Dette er hovudgrunnen til nedgangen i havreareala dei siste åra. Kvar kornlast levert kornmottak blir i dag kontrollert, det er sett ein grenseverdi for soppgift. 

På grunn av havrens minkande rolle internasjonalt, er foredlings- og forskingsinnsatsen og tilfanget av nye sortar mindre. Dette gjeld ikkje i Norden, og nye norske havresortar foredla av Graminor AS var klart mindre utsett for soppgifter enn 10 år tidlegare.

Sjukdomen kronrust  er det store problemet internasjonalt, både for avling og for kornkvaliteten. Det gjeld særleg i Midtvesten i USA og i Canada, der produksjonen mest går til mathavre. Det gjeld også i Australia og Brasil. Der er havre også dyrka som dekkvekst mot erosjon og beite om vinteren, eller til produksjon av høy.

Havren har liksom andre gras ikkje eit botanisk frø, men ei spesiell frukt, ein karyopse, der  frøskalet er grodd saman med morplantas fruktvegg. Utanpå frukta er skalet danna av inneragna, og til saman blir dei eit «korn» i havre. I nakne havresortar fell skalet av under treskinga. Dei fleste sortar er dekte, dei må bli avskala før bruk til mat eller fôr til einmaga dyr.

Havre har etter avskaling høgare næringsverdi enn våre andre kornartar. Det høge kaloriinnhaldet på 389 kcal/100 g kjem i hovudsak av feittinnhaldet. Meir enn 80% av feittet er umetta likt fordelt på oljesyre og linolsyre. Innhaldet av oljesyre aukar i feittrike sortar og i kjølige klima. Fôring med feittrik havre gir meir mjølk og reduserer det metta feittet i mjølka frå kring 60% til 45% utan endring i smak. Feittrike havresortar er også spesialfôr for travhestar. 

Havre har 8-15% protein, til vanleg kring 10-11%. Proteina inneheld over 80% høgverdige globulin og albumin aminosyrer, og er rike på den essensielle aminosyra lysin. Dette gjer havreproteinet nesten like næringsrikt som soya og morsmjølk. I motsetnad til dei andre kornartane, er næringsverdien like god også når avlinga aukar. Likevel går prosenten protein ned, og å foredle proteinrike havresortar har ikkje til nå blitt prioritert.  Eit finsk føretak har produsert «vegetabilsk kjøtt» basert på havre og åkerbønner. 

Havre har dei siste 25 åra fått ry som god for helsa. Det gjeld på ei rekke ulike måtar: 

Havre er glutenfri fordi den inneheld lite prolamin, den proteintypen som utløyser cøliaki i kontakt med kveite, bygg og rug. Føresett ein eigen produksjonskjede utan desse kornartane, er havre derfor tilrådd som glutenfritt for dei fleste som slit med denne sjukdomen.

Havre har eit høgt innhald av kostfiber (kring 11%), særleg av vassløyselege betaglukanar (kring 3-4%). Dei siste har påviseleg helsefremjande effektar, noko som dei siste 20 åra har auka interessa for havre til mat. Fiber, og spesielt betaglukan, gir ein konsistens i tarmen som fører til absorpsjon av gallesyre, som så minkar utskiljinga av kolesterol i blodet. Både i EU og i USA er det tillate å reklamere med at betaglukan (3 g om dagen, tilsvarande 75 g havre) førebygger hjarte-karsjukdomar.

Vidare fører dei til ei saktare nedbryting av stivelse til sukker og med det mindre insulin. Pasientar med diabetes-2 er tilrådd 2-3 «havredagar» for å få opp sensitiviteten for insulin. 

Dei feittløyselege vitamina tokoferol (E-vitamin) og avenantramid er gunstige. Den siste, som er spesiell for havre, hemmar betennelsar i slimhinner i tarm, i blodårer og i huda og hemar vekst av kreftsvulstar. At havre reduserer sjansen for tykktarmskreft, kan kome av dette og positiv verknad på fordøyinga generelt. 

Kostfibrane kan til gjengjeld hindre opptak av sporstoffa jern, mangan og sink som havren er rik på. Desse kan òg lett bli bundne til ufordøyeleg fytinsyre.

Havre er i hovudsak eit fôrkorn (90%) i norsk samanheng til storfe, sau og hest. Til gris, fjørfe og mat blir havren avskala, på grunn av den ufordøyelege cellulosen i skalet. Betglukanar fører til lågare fôropptak i gris enn den meir lettfordøyelege kveiten.

Forbruket til mat har i Noreg auka frå 3 til 6 kg per person sidan 2001. Dette går i hovudsak til havregryn, müsli, innblanding i brødmjøl m.m. Det er spesielle krav til mathavre. Korna må vere tunge og jamt store med låg skalprosent. Etter avskaling blir dei nakne korna varma opp til 90 grader for å inaktivere enzymet lipase. Elles vil feittet harskne så fort havren blir pressa og valsa til gryn. I butikkvaren «store havregryn» er heile kornet brukt, i «lettkokte havregryn» er korna kutta i mindre stykke før valsing. I alle tilfelle inneheld dei heile kornet og er dermed et fullkornprodukt.

Avena sterilis veks vill langs indre Middelhavet og i Levanten. Dyrka havre synest mest lik den ville A. sterilis i Anatolia. Havren var truleg eit ugras i kveite og bygg då dei breidde seg derifrå. Den opptrer først som kulturplante i Europa, særleg i nord. Då klimaet blei kjøligare i eldre jernalder, kring 1000 f.Kr., fekk havren eit fortrinn. Dette blei utnytta fram til 1900-talet ved at havre blei dyrka saman med bygg som blandkorn. Var vilkåra ugunstige for bygget, sikra havren avlinga.  Havredyrking spreidde seg til mange land under Romarriket pga. behovet for hestefôr til kavaleriet. I Kina er havredyrking like gamal som i Europa, men berre naken havre, som lett kan blandast med ris.

Ordet havre (eldre svensk hafre, tysk Hafer)  kjem frå det latin Capra, som betyr bukk, geit. Det viser igjen til dyrefôr. Det engelske ordet oat (fleirtal oats) er truelg omdanning av det latinske Avena, som er blitt  avos og aovs. Ordet har truleg indoeuropeisk opphav i Kaukasus.

Havre er det tradisjonelle hovudkornet, kalla «corn», i Skottland. Dei tradisjonelle brødprodukta er tørre havrekjeks eller ferske lefser. Den årlege verdsmeisterskapen i havregrautkoking går kvart år av stabelen i Invernesshire. Ordet «porridge» stammar frå det franske pôirot, purre, og viser til ei kjøtgryte eller lapskaus med rikeleg havre- eller byggryn.

Norsk Havreforening arrangerer kvart år eit «NM i havredyrking» som er populært blant korndyrkarar.

Havre utgjer i dag under 1% av verdas kornproduksjon (20.7 millionar tonn i 2013, mot 35.8 i 1993). Areala går stadig nedover, men avlinga per dekar aukar, så produksjonen har auka svakt sidan 2010. Russland  er den største produsenten på verdsbasis (sjå tabell), følgd av Canada, Polen og Finland.  Norden samla er den tredje største på verdsbasis. Canada, Finland og Sverige er dei største eksportlanda, USA er størst på import.  

Den norske produksjonen i 2014 var på 283 000 tonn, på eit areal på 720 000 dekar, som gir ei gjennomsnittsavling på 393 kg per dekar. Arealet har gått nedover sidan 2000, frå over 900 000 til under 600 000 dekar, men har auka igjen til over 800 000 i 2016. Både fallande kornareal og problema med soppgifter slår mest ut for havre. 




#Article 141: Bygg (857 words)


Bygg (Hordeum vulgare) er ei kornplante av grasfamilien. Bygg høyrer til byggslekta, og har frø som vert nytta i matlaging for menneske og dyr, og til å laga alkoholholdig drikke som øl og whiskey. Bygg er den eldste og mest dyrka kornarten i Noreg. Han var hovudkornarten i norsk matlaging fram til 1900-talet, brukt mellom anna til flatbrød, graut og øl. Byggplanten er ein svært hardfør kornart som trivst betre i kaldt vêr enn rug, og i saltare jordsmonn enn kveite. Dyrka bygg er ein domestisert avart av den ville byggplanta (Hordeum spontaneum), som enno veks utemd vest i Asia og nord-aust i Afrika. 

Bygg er ein eittårig art som tilhøyrer grasfamilien (Poaceae) i kveitestamma (Triticeae), nærskyld kveite- og rugarten. På tross av slektskapet kan bygg ikkje kryss-pollinerast med dei andre. Byggplanta er lett gjenkjenneleg med sine lange snerp, i form av ru, tynne «hår», som veks opp av småaksa. Byggplanten kjem i to genetiske hovudvariantar. Desse er torada og seksrada bygg, med høvesvis to og seks småaks. Torada bygg har tre frø i kvar småaks, der berre det midterste av frøa fruktbare, medan dei to laterale er sterile. Seksrada bygg har tre mindre, fruktbare, frø på kvar småaks. I modne planter kan ein sjå skilnad mellom dei ved å se om akset har to eller seks rader med korn. Bygg er ein sjølv-pollinerande, diploid art med 14 kromosom, og vert hovusakleg kultivert med pollen frå si eiga genotype. (Homozygot genotype).

Bygg  har stor genetisk variasjon når det gjeld stresspåkjenningar. Ved utval kan ein utvikle byggsortar som toler salt, sur eller vassjuk jord, og som er sterke mot sjukdomar. Den viktigaste sjukdomen i norsk bygg er i dag bladflekksjukdomar og Fusarium, som kan danne mykotoksin (soppgifter). Alt norsk korn blir kontrollert ved levering til mottaka. 

Bygg er dyrka i eit stort spektrum av miljø, frå høgproduktive område kring Nordsjøen, tørrland med ned mot 300 mm nedbør i Midt-Austen og høgfjell til over 4000 m.o.h. i Etiopia, Andes og Tibet. Bygg er hos oss vårsådd, men kan også bli sådd om hausten. Vinterbygg er berre herdig nok i Danmark og Sør-Sverige, men er blitt prøvd lengst sør i Østfold og Vestfold. Det mest vinterherdige bygget finst i Aust-Asia, der bygg er sådd om hausten etter at ein har haust ris.

Her i landet blir det dyrka seksrada sortar der vekstsesongen er kortast, fordi dei blir tidlegast mogne. Seksradsbygget hadde fram til 1920-talet nordgrensa for korndyrking på verdsbasis i Alta i Finnmark (70 grader nord), truleg ført dit med den finske innvandringa frå Tornedalen. I dag er seksradsbygget igjen i sterk ekspansjon i Nord-Skandinavia og på Island. Toradsbygg er tradisjonelt meir varmekjært og blir mest dyrka i sørlege delar av Norden.

Bygg stammar frå den ville arten Hordeum spontaneum som veks vill frå Levanten til Afghanistan. Den er eit torada vinterbygg. Vårbygg og seksradsbygg er utvikla frå denne. Kjenneteiknet på dyrka former er at aksstilken er seig så ikkje småakset (frøet) fell av. Seksradsbygg og nake bygg (utan fastsitjande agner) er også kulturplanteeigenskapar. Bygg kom til Norden kring 4000 f.Kr. (4)og har sidan vore ein hovudkornart her. I bronsealderen dyrka ein nake bygg utan fastsitjande agner, men i den kjøligare Jernalderen blei dekt seksradsbygg det vanlege.

Bygg er på verdsbasis brukt til fôr, mat og malt for øl- og whiskyproduksjon. Kvalitetskriteria til fôr er i første rekke eit høgt innhald av karbohydrat (stivelse) og protein. Til malt må kornet ha ei høg tusenkornvekt, spire raskt og ha eit lågt innhald av protein. 

Bygg blir brukt i høg grad til mat i ganske få land, som Etiopia og Tibet. Bygg inneheld 6-8% av løyselege kostfiber (betaglukan). Fordi dei reduserer innhaldet av kolesterol i blodet, og elles på blodsukker, tarmfunksjon og tarmkreft, er det i Europa og USA tillate å reklamere med at bygg er sunt for helsa. Bygg er ikkje glutenfritt. Dei siste åra har nye byggprodukt til mat blitt marknadsført her i landet til frukostblanding, graut, knekkebrød, middagsgryn og brød av bygg.

Det norrøne namnet bygg tyder ”det som ein dyrkar” (jfr. å bygge,  tysk bauen, å dyrke). Det gamle namnet konn er universelt for det viktigaste kornet i eit land, jfr. at bygg heiter korn i Sverige og mais corn i USA. Tradisjonane knytt til ølbrygging er svært omfattande med ein rikhaldig litteratur.

Bygg er verdas fjerde største kornart i produksjon, kring 145 mill. tonn. Russland er det største enkeltlandet, men EU-27 har kring 60 mill. tonn (40 %). Dei er og størst som eksportør (10 mill. tonn. 35 %), følgd av Russland og Australia (kvar 5 mill. tonn, 18 %). Forbruket av øl og dermed prisen på malt har stige sterkt dei seinare åra, og det er i visse år knapp tilgang på verdsmarknaden. Av ei årsavling på 140+/-10 mill. tonn går 92 mill. tonn (66 %) til fôr, 28 mill. tonn (19 %) til malt, 9 mill. tonn (6 %) til såkorn og 6 mill. tonn (4 %) til mat . Av 21 mill. tonn ferdig malt blei 19,5 brukt til øl. I Tyskland, Noreg og Sverige er det berre lov til å bruke byggmalt til øl. I andre land blir stivelse frå mais, ris m.m. brukt.

 




#Article 142: Sørlandsbanen (118 words)


Sørlandsbanen er jarnbanestrekninga frå Oslo via Kristiansand til Stavanger. 

Sørlandsbanen vart sluttført i regi av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1. mai 1944 vart Sørlandsbanen opna for normal drift. I lange strekningar går jarnbanen inni landet i staden for langs den tettare folkesette kystlina. Ein grunn til dette var at jarnbanelina skulle vernast mot invaderande styrkar. I tillegg skulle det ikkje vera mogleg å skyte mot jarnbanelina frå krigsskip. Jarnbanen var ei viktig transportåre for transport av soldatar såvel som krigsmateriell.

Stasjonen i Kristiansand er bygd som ein endestasjon, slik at toga som skal fortsetja mot Stavanger eller Oslo må snu der.

Sørlandsbanen kan delast opp i ei rekke understrekningar og sidebanar. Sjå elles stasjonsoversynet nedanfor. 




#Article 143: Synagogen i Malmö (168 words)


Synagogen i Malmö (Malmö synagoga) vart teikna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö er ein av dei få attståande synagogane i Europa som er bygd i maurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagde under Krystallnatta i 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte #8212; laquo;Herrens talraquo; #8212; blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.

Ved innvigjinga av synagogen i Malmö var Malmös første ikkje-kristne gudstenestelokale. Krav frå meinigheita når synagogen skulle byggjast var rom for 200 personar, bustad for vaktmeistaren, og ein mikvé (rituelt bad). Sluttsummen for oppføringa vart kring 65 500 kroner i datidas pengeverdi, som svarar til om lag 3 millionar kroner i dag. Da synagogen fylte 100 år vart ei jubileumsbok utgjeven, Templets sten föll på Föreningsgatan. Malmö synagoga 100 år, skriven av Jan Mark og Claes Fürstenberg og med bilete av Merja Diaz.

Synagogen er open for studievitjing etter avtale.




#Article 144: Jærbanen (145 words)


Jærbanen er namnet på jarnbanelina Stavanger-Egersund. 

Jærbanen kan sjåast på som byrjinga til eller slutten på Sørlandsbanen Stavanger - Kristiansand - Oslo. Strekninga går over det flate kystlandskapet Jæren.

Jærbanen vart opna i 1878 som ein smalsporbane (1067 mm), i 1944 vart bana omgjort til ei normalsporbane (1435 mm). I 1956 vart linja elektrifisert. På grunn av høg lokaltrafikk vart linja utvida med dobbeltspor frå Stavanger til Sandnes stasjon. Anleggsarbeidet starta i oktober 2006. Offisiell opning fann stad på den nye Paradis haldeplass måndag 14. desember 2009 med samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa til stades.

Jærbanen har eit sidespor, Ålgårdbanen, som går frå Ganddal til Ålgård, ein avstand på 12 kilometer. Ålgårdbanen hadde passasjertrafikk frå opninga i 1924 og fram til 1955, men vanleg godstrafikk heldt fram til 1988. I dag kan du i sommarhalvåret leiga dresin på den nedlagde Figgjo stasjon, som er eit museum.




#Article 145: Afrika sør for Sahara (116 words)


Afrika sør for Sahara viser til den delen av Afrika som ligg sør for Saharaørkenen, til forskjell frå Nord-Afrika.

I motsetting til landa nord for Sahara har ikkje landa sør for Sahara ein like einsarta arabisk og muslimsk prega kultur. Religiøst sett finn vi over heile denne delen av kontinentet både muslimsk, kristent og animistisk prega kulturar.

På 1800-talet fordelte kolonimaktene Afrika sør for Sahara seg i mellom. Grensene mellom dei 54 landa var eit resultat av politiske overeinskomstar og vart trekte uavhengig av etniske grupperingar og territorium. Landa omfattar i dag rundt 2000 etniske grupper som til saman snakkar over 1500 språk, så i kjølvatnet av den europeiske kolonialiseringa har det oppstått mange etniske konfliktar.




#Article 146: Jan Mayen (2363 words)


Jan Mayen er ei 377 km² stor arktisk øy med kyst mot Grønlandshavet i nord og Norskehavet i sør. Øya er delvis dekt av ein isbre. Øya ligg på 70,59° N 8,28° V. Her ligg òg den nordlegaste aktive vulkanen i verda, Beerenberg, som med sine 2277 meter òg er eit av dei høgaste fjella i Noreg. Andre norske vulkanar er Bouvetøya og Peter 1.s øy. Fiskerisona ved Jan Mayen er 293 049 km². I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland. 

Jan Mayen er ein del av Kongeriket Noreg, er ikkje eit biland og er ikkje omfatta av Svalbardtraktaten. Øya vert administrert av Fylkesmannen i Nordland, men er ikkje ein del av Nordland fylke.

Dei fyrste mogelege haldepunkta for kunnskap om Jan Mayen skriv seg frå 500-talet, og det er grunn til å rekne med at Jan Mayen var kjend i vikingtida. Henry Hudson gjenoppdaga øya i 1607 og kalla ho  Hudson's Tutches. Etter det vart øya observert fleire gonger av navigatørar og kvalfangarar som gjorde krav på ho eller endra namn på ho. Kvalfangarar frå Hull i England kom til øya i 1611 og gav øya namnet Trinity Island, i 1612 kom den franske kvalfangararen Jean Vrolicq til øya og gav ho namnet ein Île de Richelieu. I 1614 gav den engelske kapteinen John Clarke øya namnet Isabella, same år som Jan Mayen fekk namnet øya har i dag. Joris Carolus gav øya namnet etter ein av kapteinane sine, Jan Jacobs May van Schellinkhout, som hadde kome til øya tre år tidlegare.

På byrjinga av 1600-talet skipa nederlandske kvalfangarar fleire kvaloljekokeri på øya, slik at dei kunne utvinne olje frå kvalspekket. På det meste var 1000 mann i aktivitet på øya i sumarmånadene og fleire mindre festningsverk vart bygde for å hindre plyndring. Intensiv fangst førte nesten til utrydding av grønlandskvalen, og kvalfangsten rundt Jan Mayen vart stogga mellom 1640 og 1650. Øya vart forlaten og i laupet av dei neste 230 åra vitja berre få skip øya.

Det er framleis nokre restar av spekk-kokeria og nokre kvalfangargraver, og for nokre år sidan vart to større skytevåpen funne nær hovudfangststasjonen.

Etter kvalfangstperioden på 1600-talet var det ingen aktivitet på øya før mot slutten av 1800-talet. Ein austerriksk-ungarsk vitskapeleg ekspedisjon gjennomførte kartlegging og utforsking av øya i 1882-83. Karta deira var i vanleg bruk fram til 1950-åra.	

På byrjinga av 1900-talet byrja nordmenn med fangst av fjellrev. Revejakta vart avslutta i slutten av 1920-åra, då intensiv fangst hadde ført til ein sterk nedgang i reveflokken. Av dei fyrste 13 fangsthyttene står fem framleis att. 

Den fyrste meteorologiske stasjonen vart oppretta i 1921 av Hagbart Ekerold og med unnatak av vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar på Jan Mayen. Av den fyrste meteorologiske stasjonen finst det berre tuftene og lause restar igjen.

Delar av øya vart okkupert av Meteorologisk institutt på vegner av Noreg i 1922, og heile øya i 1926. Øya vart underlagd norsk suverenitet ved kongeleg resolusjon 8. mai 1929 og vart ein del av kongeriket 27. februar 1930, jf. Jan Mayen-lova sin § 1 .

Jan Mayen var administrert frå Oslo, gjennom Sysselmannen på Svalbard fram til 1. januar 1995. So vart Jan Mayen lagt under Fylkesmannen i Nordland. At Jan Mayen er ein del av riket, i motsetnad til dei antarktiske rådvelda som er gjort til biland, gjer at konvensjonar som Noreg er forplikta av, òg gjeld på Jan Mayen viss det ikkje er teke unna i ratifikasjonen.

Bortsett frå vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar på Jan Mayen. I frykt for tyske åtak vart det i 1940 avgjort å brenne stasjonen og evakuere mannskapet til England. Men vurderingar av den strategiske verdien til vêrobservasjonane, mellom anna for konvoitransporten til Murmansk, gjorde at ein ynskte å starte opp verksemda igjen. Året etter, i 1941, returnerte mannskapet saman med norske soldatar. På det meste talde styrken 52 mann. Det vart ikkje gjort freistnader frå tysk side på å setje i land troppar på øya, men tyske fly og ubåtar vitja Jan Mayen fleire gonger for å rekognosere og skaffe seg vêrobservasjonar. Unnataksvis skaut tyske fly mot menn og anlegg på bakken, men skadane vart ikkje store, slik at mannskapet kunne levere meteorologiske data gjennom heile krigen.

To tyske fly styrta på Jan Mayen under den andre verdskrigen og mannskapet på totalt 13 omkom. Det fyrste flykrasjet skjedde 15. juli 1942 ved Flykollen, men var ukjend inntil restane av eit tysk Junkers Ju 88 D1 vart oppdaga 23. august 1950 med fire omkomne besetningsmedlemer. Det andre flykrasjet skjedde 7. august 1942 ved Danielsenkrateret. Flyet var av typen Focke-Wulf Fw 200 og alle ni i mannskapet omkom. Området var dekt av tjukk skodde denne dagen, so bombing var ikkje mogeleg. Av same årsak vart ikkje flyet skote på frå bakken, sidan dei norske styrkane ikkje kunne avgjere om flyet var ven eller fiende på grunn av skodda.

I 1959 vart leivningane av mannskapa på dei to flya gravlagde på krigskyrkjegarden i Narvik.

Hausten 1943 gav den norske regjeringa amerikanarane lov til å skipe ein radiolyttestasjon på Midt-Jan for å kunne peile inn den hemmelege tyske radio- og meteorologiske stasjonen på Grønland. Den amerikanske basen gjekk under namnet Atlantic City. Eit vilkår var at amerikanarane skulle fjerne stasjonen og forlate øya straks etter at krigen var ferdig. Amerikanarane vart ståande på Jan Mayen til februar 1946. Den norske regjeringa var sterkt opptatt av amerikansk tilbaketrekking for å hindre at Sovjetunionen skulle få eit påskot for å krevje liknande eller større militære anlegg på Svalbard.

Jan Mayen var den einaste delen av Kongeriket Noreg som fullt ut var under den lovlege norske regjeringa sin kontroll.

I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland.  Andsynes Island godtok Noreg ved avtaler med Island 28. mai 1980 og 22. oktober 1981 ei innsnevring av Jan Mayen-sona, ved at den økonomiske sona til Jan Mayen vert avgrensa av den islandske 200-milssona og ikkje ved midtlina. Tvisten med avgrensinga mot Grønland si økonomiske sone vart avgjort i Jan Mayen-saka mellom Danmark og Noreg av den internasjonale domstolen i Haag i 1993. Avtalene med Danmark og Island vart fremja av Kongen i statsråd 13. februar 1998 og vedteken av Stortinget 2. april 1998

Ekspedisjonen på kystradiostasjonen Jan Mayen radio vart i 1995 nedlagd og overført til Bodø radio, der han vert styrt via satellitt. 

Loran-C-stasjonane i Noreg vart i 2004 avgjort nedlagde innan 1. januar 2006, inkludert stasjonen på Jan Mayen. Regjeringa kunngjorde 9. desember 2005 at dei ynskte å kome med eit framlegg for vidare drift av stasjonane og 23. juni 2006 kunngjorde Fiskeri- og kystdepartementet at drifta ved dei fire norske Loran-C-stasjonane vert lengd til ut 2009. Årsaka til lenginga av drifta er knytt til auka interesse for det bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa. Departementet har fått oppmoding frå mellom anna EU, Storbritannia og Frankrike om vidare drift av stasjonane.

Direktoratet for naturforvaltning skulle hausten 2007 sende ut eit høyringsframlegg til verneplan for Jan Mayen.  
Ifylgje framlegget vil to område verte verna, eit lengst sør på Sør-Jan og eit anna lengst nord på Nord-Jan. Området på Midt-Jan med Forsvaret og Meteorologisk institutt sine stasjonar vert fleirbruksområde. Verneområdet vil gå ut til 12 n.m., men ein vil gje unnatak for fiskeria og det vert ei minstehøgd for overflyging og minsteavstand til fuglefjell.
Fylkesmannen i Nordland vert forvaltningsstyresmakt for verneområdet. Verneplanen vart sett i verk i 2008. 

Øya er 377 km² stor, og ligg 600 km nordaust for Island og 500 km aust for Grønland. Øya ligg om lag 1000 km frå både norskekysten og Svalbard. Ho strekkjer seg 53 km i retning sørvest til nordaust mellom 70° og 72 °N og mellom 8° og 9 °V. 2,5 km brei på det smalaste og 15,8 km på det breiaste.

Øya vert delt inn i tre delar, det smale og låge midtpartiet Midt-Jan og dei berglendte Nord-Jan og Sør-Jan.

Jan Mayen er ein del av den midtatlantiske ryggen. Denne undervasskjeda strekkjer seg heilt sør til Bouvetøya, og er av vulkansk fjell, danna for inntil ein million år sidan i sprekksona mellom kontinentalplatene til Amerika og Europa/Afrika. Jan Mayen er den synlege toppen på eit av desse vulkanske fjella, der fjellfoten er om lag 3000 meter under havet. Jan Mayen sitt kjenneteikn er den 2277 meter høge vulkanen Beerenberg som for ein stor del er dekt av isbrear og utgjer heile den nordlege delen av øya (Nord-Jan). Beerenberg, som framleis er ein aktiv vulkan, hadde sitt siste utbrot i 1985. Heile øya er av vulkansk opphav, men om sumaren gjev mose, gras og hardføre blomar farge til det elles svarte landskapet. Berggrunnen liknar mykje på store delar av Island.

Jan Mayen er det einaste området i Noreg som har aktive vulkansystem og vulkanske bergartar avsett etter istida. Den snødekte vulkanen Beerenberg er framleis aktiv og er den nordlegaste aktive vulkanen i verda. Beerenberg er ein stratovulkan og har hatt seks utbrot sidan 1732, der det siste utbrotet var i 1985. Framleis stig det damp både frå hovudkrateret og somme andre stader på øya.

Ved den smalaste delen av øya ligg dei to einaste innsjøane på øya, Nordlaguna og Sørlaguna. Nordlaguna er 40 meter på det djupaste og var ei viktig ferskvasskjelde. Men i dei siste tiåra har området som skil lagunen frå sjøen vorte smalare, slik at høge bylgjer slår over og gjer vatnet brakt. Sørlaguna er mykje større, men so grunn at ho kan turke ut om sumaren.

Øya ligg i overgangen mellom arktisk og temperert klima med relativt milde vintrar og kalde sumrar, med ein månadleg middeltemperatur på Midt-Jan som ymsar mellom +5 °C og -6 °C. Øya ligg i lågtrykksbana på den nordlege halvkula som ofte fører mild luft sørfrå. Årsnedbøren ymsar med dei topografiske tilhøva, men er om lag 700 mm på Midt-Jan. Øya er ofte dekt av skodde, og dei omkringliggjande havområda er islagde frå februar til april.

Vegetasjonen er dominert av småvaksne urter, lav og mose. Det veks ikkje buskar og tre på Jan Mayen. Somme artar er endemiske.

Avstand frå andre landområde gjer at artsrikdomen er avgrensa på Jan Mayen, men øya er likevel ein viktig hekkestad for fleire sjøfuglartar, og 27 fugleartar hekkar fast på øya . Dei store koloniane med havhest, alkekonge og polarlomvi vert rekna for å ha både nasjonal og internasjonal verneverdi.. Andre store førekomstar av fugleartar er krykkje og lunde. Totalt er det observert 98 ulike fugleartar som vitjar øya frå tid til anna.

Fjellrev var tidlegare det einaste talrike pattedyret på øya, men intensiv fangst i byrjinga på 1900-talet førte til at fjellreven nesten vart utrydda. Klappmyss og grønlandssel har yngleplassar på den nordvestlege delen av Jan-Mayen. Isbjørn kan kome innom når iskanten ligg opp mot Jan Mayen vinterstid.

Dei to mest kommersielt verdfulle marine ressursane rundt øya er reke og haneskjel.

Nordlaguna på Midt-Jan er det einaste ferskvassøkosystemet som ikkje turkar inn i turre periodar og har ein førekomst av ferskvassrøye som ein meiner har vore isolert frå omverda mellom 1500 og 4000 år.

Jan Mayen vart okkupert i 1925 og er regulert ved lov av 27. februar 1930 nr. 2 . Det heiter her at Øya Jan Mayen er en del av Kongeriket Noreg, dvs. same formulering som i Svalbardlova. Grunngjevinga ligg i å knyte desse to områda fast til riket, slik at Grunnlova sitt krav om udeleligt og uafhændeligt Rige skal gjelde. Men lova seier ikkje noko om administrasjonen, bortsett frå rettsvesenet. 

Det er gjeve ei rekkje føresegner til lova og i føresegn om administrasjonen av 21. november 1980 er det fastsett at sysselmannen på Svalbard inntil vidare arbeider som som sysselmann på Jan Mayen, med same «forretningsområde» som i Svalbardlova, bortsett frå forretningane som politimeister, notarius publicus og hjelpedomar. Denne ordninga vart endra hausten 1994, slik at arbeidsoppgåvene frå 1. januar 1995 ligg til Fylkesmannen i Nordland, men utan at Jan Mayen er del av noko fylke eller sjølv er gjort til noko fylke.

Dei einaste innbyggjarane på øya er personell frå Forsvaret og Meteorologisk institutt, i alt 18 personar. Av desse er 14 personar tilsett i Forsvaret medan dei hine er tilsett av Meteorologisk institutt.. Talet på innbyggjarar aukar i sumarhalvåret då vedlikehald vert utført på installasjonane på øya. Tenestetida er seks månader eller eitt år, og personellbyte skjer i april og oktober. Forsvaret sitt personell driftar ein Loran-C stasjon. Både den meteorologiske stasjonen og Loran-C-stasjonen ligg få kilometer frå Olonkinbyen, der alt personell bur.

Det finst ingen utnyttbare naturressursar på Jan Mayen, bortsett frå fisk i havet. Den økonomiske aktiviteten er avgrensa til drift av den norske radio- og vêrstasjonen som ligg på øya og Loran-C-stasjonen til Forsvaret (Forsvarets logistikkorganisasjon IKT).

Jan Mayen radio var ein norsk kystradiostasjon på Jan Mayen som vart bygd i 1921.  
I september 1940 vart stasjonen øydelagd av norske styrkar og mannskapet sendt til Island. I 1941 vart ein ny stasjon bygd. Etter krigen vart denne flytt til ein ny stad. Stasjonen vert i dag kontrollert frå Bodø Radio via satellitt, men ein kan ta lokal kontroll over radioen ved sambandsbrot mot Eik jordstasjon.

Tilgjenge til Jan Mayen er avgrensa. Enklaste måten å kome seg dit er med fly, der ein landar på den 1585 meter lange flystripa på øya. Jan Mayen flyplass er vêrutsett og vert hovudsakleg nytta av Forsvaret sitt C-130 Hercules, som kjem med forsytingar kvar andre eller tredje månad. Byggjinga av Jan Mayen flyplass starta i august 1960 og det fyrste flyet, eit Catalinafly frå Luftforsvaret, landa 17. september 1960 for å hente ein person som var akutt sjuk med bukhinnebetennelse. Det fyrste sivile flyet landa 29. oktober 1961 og var ein Douglas DC-4 frå Braathens SAFE. Før flyplassen vart bygd fekk Jan Mayen post på vinterstid ved flyslepp frå Catalinafly. Øya har inga naturleg hamn og det kan vere farleg å lende frå båt, men det er mogeleg både på nord- og sørsida.

Under ein tur til Jan Mayen, Bjørnøya og Spitsbergen i 1954 kom postflyet ut for ei ulukke på Bjørnøya. 

Jan Mayen sitt postnummer er 8099 og amatørradiokoden er JX. Internettdomenet .sj er tildelt Svalbard og Jan Mayen, men er ikkje teke i bruk.

 




#Article 147: The Rolling Stones (6514 words)


The Rolling Stones er eit engelsk rockeband som vart danna i 1962 i London då multiinstrumentalisten Brian Jones og pianisten Ian Stewart slo seg saman med vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards. Bassisten Bill Wyman og trommeslagaren Charlie Watts var dei andre medlemmane i den første utgåva av gruppa. Stewart, som ikkje vart rekna som passande som tenåringsidol, vart offisielt fjerna frå bandet i 1963, men heldt fram å jobbe for bandet som turnemanager og keyboardist fram til han døydde i 1985. 

Dei tidlege innspelingane til bandet var hovudsakleg amerikanske blues- og RB-songar. Dei oppnådde tidleg suksess i Storbritannia og vart så populære i USA under «den britiske invasjonen» tidleg i 1960-åra. Jagger og Richards danna tidleg eit låtskrivarpartnarskap og tok gradvis over leiinga i bandet frå den stadig meir urolege og ureknelege Jones. Singelen deira «(I Can't Get No) Satisfaction» i 1965 etablerte The Rolling Stones som eit av dei fremste rock and roll-gruppene i verda. Frå og med albumet Aftermath frå 1966, starta Jagger og Richards, med hjelp av dei instrumentale eksperimenta til Jones, å skape meir varierte songar innanfor fleire stilartar. Jones døydde i 1969, kort tid etter han vart sparka frå bandet, og vart erstatta av Mick Taylor. Taylor spelte inn fem studioalbum med The Rolling Stones før han gav seg i 1974. Tidlegare Faces-gitarist Ronnie Wood kom så inn i bandet, og har vore med sidan. Wyman forlét the Rolling Stones i 1993 og bassisten Darryl Jones, som ikkje er eit offisielt medlem av gruppa, har teke over for han sidan 1994.

The Rolling Stones har gjeve ut 22 studioalbum i Storbritannia (24 i USA), åtte konsertalbum og mange samlingar. Totalt har dei seld over 200 millionar plater over heile verda. Det siste albumet deira, A Bigger Bang, kom i 2005. Sticky Fingers (1971) starta ei rekkje på åtte påfølgjande album som nådde toppen av albumlista i USA. I 1989 vart The Rolling Stones innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone dei på 4. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene. Det lurvete og ungdommelege imaget deira er noko mange musikarar framleis prøve å ta etter. 

Tidleg i 1950-åra var Keith Richards og Mick Jagger klassekameratar ved Wentworth Primary School i Dartford i Kent. Dei møtte kvarandre igjen i 1960 medan Richards gjekk på Sidcup Art College. 
Richard minnest dette: «Eg var framleis på skulen og han skulle gå på London School of Economics... Så eg tok eit tog ein morgon, og der var Jagger. Under armen sin hadde han fire eller fem album. Han hadde Chuck Berry og Muddy Waters». Med den felles venen deira Dick Taylor (seinare i Pretty Things), danna dei bandet Little Boy Blue and the Blue Boys. Samstundes var Brian Jones og pianist Ian Stewart aktive i RB-miljøet i London og spelte med Cyril Davies og Alexis Korner. Jagger og Richards møtte Jones då han spelte slidegitar i Korner-bandet Blues Incorporated. Korner leigde stundom òg Jagger og den framtidige Stones-trommisen Charlie Watts. Den første øvinga deira vart organisert av Jones og inkluderte Stewart, Jagger og Richards. Richards hadde vorte invitert av Jagger. I juni 1962 var bandmedlemmane Jagger, Richards, Stewart, Jones, Taylor og trommeslagar Tony Chapman. Taylor forlet gruppa. Jones kalla bandet The Rollin' Stones, etter songen «Rollin' Stone» av Muddy Waters.

Den 12. juli 1962 spelte gruppa sin første formelle konsert ved Marquee Club og stod oppført på plakaten som «The Rollin' Stones». Bandmedlmemmane var  Jagger, Richards, Jones, Stewart på piano, Taylor på bass og Tony Chapman på trommer. Jones ønskte av bandet hovudsakleg skulle spele Chicagoblues, men Jagger og Richards førte rock  roll-stilen til Chuck Berry og Bo Diddley inn i bandet. Bassist Bill Wyman kom inn i desember og trommeslagar Charlie Watts månaden etter. Denne rytmeseksjonen skulle vare om lag tretti år.

Den første manageren til The Rolling Stones var Giorgio Gomelsky, og han ordna ein konsert for bandet på hans eigen Crawdaddy Club der bandet vart verande dei neste åtte månadane. Ein ung, og tidlegare publisist for The Beatles, Andrew Loog Oldham signerte bandet til eit managerpartnarskap mellom han og Eric Easton tidleg i mai 1963. (Gomelsky, som ikkje hadde skriftlege avtalar med bandet vart ikkje konferert). George Harrison, anbefalte samstundes Dick Rowe i Decca Records, som er mest kjend for å ha avvist the Beatles, at han burde gje The Rolling Stones ein platekontrakt. Bandet la ut på den første turneen deira i Storbritannia i juli 1963 og spelte dei første konsertane utanfor London den 13. juli på Outlook Club i Middlesbrough. 

Etter å ha signert The Rolling Stones til ein avtale om å leige lydband hos Decca, fekk Oldham og Easton bandet ut på deira første større britiske turne hausten 1963. Dei stod på programmet som oppvarmarar for amerikanske stjerner som Bo Diddley, Little Richard og The Everly Brothers. Høvet til å studere desse artistane var ein viktig læreprosess for korleis det unge bandet tedde seg på scenen.

Før denne turneen, i juli 1963, gav bandet ut den første singelen sin, ei utgåve av Chuck Berry-songen «Come On», som nådde 21. plass i Storbritannia. I november 1963 fekk the Rolling Stones ein større hit med ei utgåve av Lennon/McCartney-songen «I Wanna Be Your Man», som gjekk til 12. plass på den britiske salslista. 
 
Oldham skapte imaget til bandet som langhåra bråkmakarar for å vere det motsette av det the Beatles gjorde. Bandet turnerte kontinuerleg Storbritannia og hadde fleire framsyningar på TV. Den neste singelen deira, ei oppjaga utgåve av Buddy Holly-songen «Not Fade Away», nådde tredjeplassen i Storbritannia. 
  
Det første albumet deira The Rolling Stones, (i USA gjeve ut som England's Newest Hit Makers) bestod hovudsakleg av songar frå andre artistar som dei brukte å spele på konsertane på denne tida. LP-en inneheldt òg Jagger/Richards-songen «Tell Me (You're Coming Back)» - og to songar tilskriven Nanker Phelge, namnet dei nytta for songar laga av heile gruppa. 

Den første amerikanske turneen til The Rolling Stones i juni 1964 var i følgje Bill Wyman ei katastrofe, sidan dei ikkje hadde gjeve ut musikk i landet enno. Då dei spelte på TV-showet til Dean Martin, The Hollywood Palace, gjorde Martin narr av både håret og framføringa deira. Under turneen fekk dei tid til ei to dagar lang innspeling i Chess Studios i Chicago, der mange av dei musikalske heltane deira spelte inn musikken sin. Her spelte dei inn det som skulle verte den første songen til The Rolling Stones på toppen av den britiske salslista, utgåva deira av Bobby og Shirley Womack sin «It's All Over Now».

På den andre amerikanske turneen deira hausten 1964, spelte bandet like etter James Brown på The TAMI Show som vart filma og vist på kino. Her var fleire band som medverka i den britiske invasjonen. Den 25. oktober spelte bandet òg på The Ed Sullivan Show. Sullivan reagerte på kaoset the Stones skapte og lovde å aldri la dei spele på showet igjen, men hadde dei likevel med på showet fleire gonger seinare. Det andre albumet deira, som berre kom ut i USA, 12 X 5, vart gjeve ut under denne turneen. Dette albumet inneheldt òg hovudsakleg coverversjonar, samt eit par songar av Jagger/Richards og Nanker Phelge.

Den femte singelen til The Rolling Stones i heimlandet, ei utgåve av Willie Dixon sin «Little Red Rooster» med «Off the Hook» (Nanker Phelge) på baksida, kom ut i november 1964 og vart den andre førsteplassen deira i Storbritannia, noko som var ei bragd for ein bluessong. Det amerikanske distribusjonsselskapet til bandet (London Records) nekta å gje ut «Little Red Rooster» som singel der, truleg på grunn av dei seksuelle overtonane i songen. I desember 1964 gav London Records ut den første singelen med Jagger/Richards-songar på begge sidene: «Heart of Stone» med «What a Shame» som B-side. Singelen gjekk til 19. plass i USA.

Det andre albumet til bandet i Storbritannia, The Rolling Stones No. 2, kom ut i januar 1965 - og gjekk til toppen av albumlista. Den amerikanske utgåva, som kom i februar vart kalla The Rolling Stones, Now! og gjekk til femteplass her. Det meste av innhaldet på albuma vart spelt inn i Chess Studios i Chicago og RCA Studios i Los Angeles. I januar-februar 1965 turnerte bandet i Australia og New Zealand for første gong, i alt 34 konsertar for om lag 100 000 tilhengjarar.

Den første Jagger/Richards-songen som nådde førsteplassen i heimlandet var «The Last Time» (februar 1965). Singelen gjekk til niandeplass i USA og var den første singelen av tre som nådde førsteplassen på VG-lista i Noreg. Den første internasjonale hitten deira, som nådde førsteplassen i fleire land, mellom anna Noreg, var «(I Can't Get No) Satisfaction». Han var spelt inn i mai 1965 under den tredje nordamerikanske turneen til bandet. Singelen kom ut i juni 1965 og etablerte the Stones som eit verdskjend band. Den amerikanske utgåva av albumet Out of Our Heads (juli 1965) nådde òg førsteplassen. Han inneheldt sju originale songar (tre av Jagger/Richards og fire tilskriven Nanker Phelge). Den andre internasjonale hitten deira, «Get Off of My Cloud» kom ut hausten 1965, etterfølgd av eit album, som berre kom ut i USA, December's Children.

Aftermath (#1 i Storbritannia, #2 i USA) kom ut seint på våren 1966 og var det første Rolling Stones-albumet som berre inneheldt songar komponert av Jagger/Richards. Jones medverka med eksotiske instrument og la mykje nytt til bandet sitt lydbilete. Den amerikanske utgåva av albumet inneheldt bestseljaren «Paint It Black», som var påverka av arabisk musikk, balladen «Lady Jane» og den nesten 12 minuttar lange «Going Home», den første lange jammen på eit bestseljande rockealbum. Seinare skulle Jimi Hendrix, Cream og andre band utover 60- og 70-åra gje ut slike lange songar regelmessig. 

Salet av singlar nådde eit høgdepunkt for the Stones i 1966. «19th Nervous Breakdown» (februar  1966, #2 i Storbritannia og USA) vart etterfølgd av den første transatlantiske førsteplassen deira, «Paint It Black» (mai 1966). «Mother's Little Helper» (juni 1966) vart gjeve ut på singel i USA, der han nådde åttandeplass. Han var ein av dei første popsongane som tok opp temaet narkotikamisbruk, og er òg kjend for at Jagger song teksten med den naturlege London-aksenten sin, i motsetnad til den meir amerikanske aksenten han nytta på tidlegare innspelingar. 

I september 1966 kom singelen «Have You Seen Your Mother, Baby, Standing In The Shadow?» (#5 i Storbritannia, #9 USA). Dette var den første songen til Stones der det vart nytta blåsarar, baksidebilete på omslaget viste gruppa satirisk kledd som transvestittar og det vart laga ein av dei første musikkvideoane nokon gong, regissert av Peter Whitehead.

I januar 1967 kom Between the Buttons (#3 i Storbritannia, #2 i USA og Noreg). Albumet var det siste Andrew Oldham gjorde for The Rolling Stones, her som produsent. Managerrolla i bandet hadde Allen Klein teke over i 1965. Den amerikanske utgåva av albumet inneheldt den doble A-sida «Let's Spend the Night Together» og «Ruby Tuesday», som gjekk til førsteplass i USA, tredjeplass i Storbritannia og andreplass i Noreg. Då bandet reiste til New York for å spele desse songane på The Ed Sullivan Show endra Jagger teksten i refrenget til «let's spend some time together» for å unngå at framføringa på showet vart kansellert.   

Jagger, Richards og Jones starta no å verte forfølgd av styresmaktene på grunn av narkotikabruken deira. Tidleg i 1967 trykte News of the World ein artikkel i tre delar som heitte «Pop Stars and Drugs: Facts That Will Shock You», det dei kom med påstandar om LSD-festar organisert av The Moody Blues med stjerner som Pete Townshend frå The Who og Ginger Baker frå Cream, og at alle dei leiande popstjernene nytta narkotika. Den første artikkelen anklagde Donovan (som like etter vart utsett for razzia og sikta), medan den andre var retta mot the Rolling Stones.

Ein reporter som medverka til artikkelen hadde ein kveld vore på den eksklusive London-klubben Blaise's, der fleire medlemmar av the Stones visstnok tok fleire fenedrin-piller, viste fram hasj og inviterte vener tilbake til heimen sin for ein «røyk». Artikkelen hevda at dette var Mick Jagger, men det viste seg at det i staden for hadde vore Brian Jones. Kvelden då artikkelen kom ut var Jagger på prateprogrammet til Eammon Andrews og annonserte at han var i ferd med å saksøke avisa for ærekrenking.

Ei veke seinare, søndag 12. februar, utførte politiet i Sussex (tipsa av News of the World) ein razzia mot heimen til Keith Richards i Redlands. Ingen vart arresterte, men Jagger, Richards og venen deira, kunsthandlaren Robert Fraser, vart sikta for narkotikamisbruk. Richards sa i 2003, «Då me vart tekne i Redlands, skjønte med at dette var eit heilt anna spel, og det var då moroa stoppa. Fram til då hadde London vore ein vakker stad der du kunne gjere kva du ville.»

I mars, medan dei venta på konsekvensane etter politirazziaen, valde Jagger, Richards og Jones å dra ein kort tur til Marokko, i lag med Marianne Faithfull, Anita Pallenberg som var kjærasten til Jones og andre vener. På turen vart det stormfulle forholdet mellom Jones og Pallenberg så dårleg at Pallenberg forlét Marokko i lag med Richards. Richards sa seinare: «Det var spikaren i kista for meg og Brian. Han kunne aldri tilgje meg for dette og eg klandrar han ikkje, men men, shit happens.» Richards og Pallenberg vart verande eit par i tolv år. Trass i komplikasjonane drog The Rolling Stones på turne i Europa i mars og april 1967. På turneen spelte dei mellom anna i Polen, Hellas og Italia for første gong.

Medan dei venta på ankesaka spelte bandet no inn ein ny singel, «We Love You», som ein takk til dei lojale tilhengjarane deira. Han startar med lyden av fengselsdører som lukkar seg og videoen som følgde viser antydingar til rettssaka til Oscar Wilde. I juli omgjorde ankedomstolen dommen til Richards, medan Jagger fekk straffa si redusert til betinga fengsel. Rettssaka til Brian Jones fann stad i november 1967, som òg vart dømd til fengsel, men etter ankesaka i desember vart han i staden dømd til å betale £1000 med tre års prøvetid. I tillegg vart han dømd til å søke profesjonell hjelp.

I desember 1967 kom albumet Their Satanic Majesties Request (#3 i Storbritannia, #2 i USA og Noreg), som kom like etter The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. Satanic Majesties vart spelt inn under vanskeleg tilhøve, medan Jagger, Richards og Jones var opptekne med rettssakene sine. Bandet og produsent Andrew Oldham gjekk òg kvar sin veg under denne innspelinga. Oppløysinga var fredeleg, i det minste offentleg; men i 2003 sa Jagger at årsaka var at Oldham meinte dei ikkje var konsentrerte og oppførte seg barnsleg.

Satanic Majesties vart derfor det første albumet The Rolling Stones produserte på eiga hand. Det var òg det første albumet deira som hadde identiske versjonar på begge sider av Atlanteren. Det psykedeliske lydbilete stod i stil med plateomslaget, som viste eit tredimensjonalt bilete teken av Michael Cooper, som òg hadde teke bilete på omslaget til Sgt. Pepper. Bill Wyman skreiv og song eit spor på albumet: «In Another Land», som vart gjeven ut som den første Rolling Stones-singelen utan Jagger på vokal. 

Bandet brukte dei første månadane av 1968 på det neste albumet sitt. Denne perioden resulterte i songen «Jumpin' Jack Flash», som kom ut som singel i mai. Songen og det påfølgjande albumet Beggars Banquet (#3 i Storbritannia, #5 i USA, #2 i Noreg) markerte eit steg tilbake til bluesrøtene til bandet og starten på eit samarbeid med produsenten Jimmy Miller. Albumet inneheldt singelen «Street Fighting Man» (som omhandla den politiske uroa i mai 1968) og opningssporet «Sympathy for the Devil». Beggars Banquet var ei blanding av country- og bluesinspirerte songar og vart hylla då det kom ut. Det er eit musikalsk skilje mellom Satanic Majesties og Beggars Banquet. Bandet hadde gått lei den musikalske eksperimenteringa og ønskte å gå tilbake til røtene sine. I følgje Richards var han sint etter arresteringa og seier at det var mykje sinne i musikken deira på denne tida. På denne tida starta Richards å nytte open stemming på gitaren, som ein kan høyre på mange av songane deira på denne tida. Dette vart eit varemerke for gitarlyden til Stones (og Richards).

Mot slutten av 1968 vart The Rolling Stones Rock and Roll Circus filma. Filmen inneheldt John Lennon, Yoko Ono, The Dirty Mac, The Who, Jethro Tull, Marianne Faithfull og Taj Mahal. Opptaka vart skrinlagde i 28 år, sidan Rolling Stones visstnok var misnøgde med framføringa si, men vart til slutt gjevne ut i 1996. 

Då Beggars Banquet kom ut var Brian Jones uroleg og medverka berre sporadisk til bandet. Jagger sa at Jones ikkje passa psykologisk til denne levemåten. Narkotikabruken hans hadde vorte ei hindring og han fekk ikkje visum til USA. I juni hadde Jagger, Richards og Watts eit møte heime hos Jones, der Jones innrømde at han ikkje ville klare å dra ut på turne igjen. I følgje Richards let alle Jones få sei at han forlét bandet og at han kunne kome tilbake kor tid han ville.  Erstatninga hans var den 20 år gamle Mick Taylor frå John Mayall's Bluesbreakers og han vart raskt med på innspelingane til bandet. 3. juli 1969, mindre enn ein månad seinare, vart Jones funne drukna i bassenget sitt i heimen sin på Cotchford Farm i Sussex.

The Rolling Stones hadde planlagt ein gratiskonsert i Hyde Park i London to dagar etter Brian Jones omkom, og dei valde å gjennomføre konserten som ei hyllest til Jones. Den første konserten med Mick Taylor vart spelt føre om lag 250 000 tilhengjarar. Framføringa vart filma av Granada Television for eit program på britisk fjernsyn kalla Stones in the Park. Jagger las eit utdrag frå Percy Bysshe Shelley sin elegi Adonais og sleppte ut tusenvis av sommarfuglar til minne om Jones. På konserten vart songen «Honky Tonk Women» spelt for første gong. Manageren deira Sam Cutler introduserte dei som «det største rock and roll-bandet i verda» - ei skildring han heldt fram med gjennom den amerikanske turneen deira i 1969, og som har halde ved dei heilt fram til i dag. 

Let It Bleed (#1 i Storbritannia, #2 i Noreg og #3 i USA) kom ut i desember. Det siste albumet deira på 60-talet. Let It Bleed inneheldt songen «Gimmie Shelter» med korvokal frå den kvinnelege songarinna Merry Clayton, «You Can't Always Get What You Want», «Midnight Rambler». Jones og Taylor er med på to spor kvar. Mange av desse songane vart spelte på den amerikanske turneen deira i november 1969, den første dei hadde her på tre år. Like etter turneen arrangerte bandet Altamont Free Concert på Altamont Speedway, om lag 60 km aust for San Francisco. Motorsykkelgjengen Hells Angels vart leigd inn som vakter, noko som førte til at ein tilhengjar, Meredith Hunter, vart knivstukken og slått i hel av ei av vaktene. Delar av turneen og Altamont-konserten vart dokumentert i Albert og David Maysles-filmen Gimme Shelter. Som svar på at det stadig dukka opp fleire bootlegplater gav bandet ut albumet Get Yer Ya-Yas Out! (#1 i Storbritannia, #3 i Noreg og #6 i USA) i 1970. Kritikar Lester Bangs hylla det som det beste konsertalbumet nokon gong.

In 1970 gjekk kontraktane med både Allen Klein og Decca Records ut og under ein kontraktstrid med Klein, oppretta dei sitt eige plateselskap, Rolling Stones Records. Sticky Fingers (#1 i Storbritannia, Noreg og USA) kom ut i mars 1971, det første albumet på deira eige plateselskap. Omslaget vart utforma av Andy Warhol. Albumet inneheldt nokre av dei mest kjende songane til Stones, som «Brown Sugar» og den countryaktige «Wild Horses». Begge vart spelt inn i Muscle Shoals Sound Studio i Alabama under turneen deira i 1969. Albumet inneheldt òg songar som var særs bluesladde. Albumet er kjend for den «lause, falleferdige stemninga» og var det første albumet som Mick Taylor var med på frå starten av. 

Etter Sticky Fingers fekk The Rolling Stones råd frå dei økonomiske rådgjevarane sine om å forlate England. Bandet flytta til det sørlege Frankrike, der Richards leigde Villa Nellcôte og vidare leigde ut rom til bandmedlemmane og følgjet deira. Med Rolling Stones Mobile Studio spelte dei inn songar i kjellaren, som dei gjorde ferdige i Sunset Studios i Los Angeles. Resultatet vart dobbeltalbumet Exile on Main St. (#1 i Storbritannia, Noreg og USA) som kom ut i mai 1972. Albumet vart hylla av kritikar Robert Christgau og slakta av Lester Bangs, som endra meining etter nokre månader. Exile vert i dag ofte trekt fram som eit av dei beste albuma til Rolling Stones. Filmane Cocksucker Blues (ikkje offisiell) og  (frå 1974) dokumenterte den påfølgjande amerikanske turneen.

I november 1972 spelte bandet inn songar i Kingston på Jamaica, for det som skulle verte Goats Head Soup (#1 i Storbritannia, USA og Noreg) i 1973. Albumet gav den store hitten «Angie», men sjølv om albumet selde bra, vart det ikkje så godt teken i mot av kritikarane, noko dei komande albuma òg var prega av. Innspelinga av Goats Head Soup gav mange songar, som til dømes den populære balladen «Waiting on a Friend» som ikkje kom ut før åtte år seinare på Tattoo You.

Innspelinga av albumet vart forstyrra av ei annan strid om narkotika, som starta under opphaldet deira i Frankrike. Ein arrestordre for Richards kom ut og dei andre bandmedlemmane måtte tilbake til Frankrike for avhøyr. Dette, i lag med narkotikadommane til Jagger frå 1967 og 1970, gjorde planane deira om ein Stillehavsturne i 1973 kompliserte. Dei vart nekta innreise til Japan og vart nesten bannlyste frå Australia. Etter dette reiste Stones på turne i Europa (der dei unngjekk Frankrike) i september-oktober 1973, før Richards igjen vart arrestert for narkotikamisbruk, denne gongen i England.

Bandet drog til Musicland studio i München for å spele inn det neste albumet sitt, It's Only Rock 'n' Roll frå 1974 (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg), men Jimmy Miller, som no hadde narkotikaproblem, var ikkje lenger produsent. I staden produserte Jagger og Richards albumet, tilskriven «the Glimmer Twins». Både albumet og singelen med same namn vart hittar. 

Nær slutten av 1974 starta Taylor å verte utolmodig. Situasjonen til bandet gjorde det vanskeleg å fungere som band. Dei forskjellige bandmedlemmane budde i forskjellige land, i tillegg til at dei hadde forskjellige restriksjonar for innreise til fleire land, slik at det vart vanskeleg å turnere. Samstundes gjekk narkotikabruken til Richards ut over kreativiteten og produktiviteten hans, medan Taylor følte at hans eigne kreative bidrag vart oversett. Mot slutten av 1974 forlet Taylor The Rolling Stones.

The Stones nytta innspelingane i München til å finne ein erstatning for Taylor. Gitaristar så varierte som Peter Frampton frå Humble Pie og virtuosen Jeff Beck frå tidlegare Yardbirds var og prøvespelte. Rory Gallagher og Shuggie Otis var òg på prøvespeling. Dei amerikanske studiomusikarane Wayne Perkins og Harvey Mandel var medverkande på albumet, men Richards og Jagger ønskte å halde the Stones reint britisk. Då Ron Wood kom inn i studio og jamma med bandet, visste Richards og alle medlemmane at han var den rette. Han hadde alt spelt på og vore med skrive songen «It's Only Rock 'n Roll» i lag med Richards. Albumet Black and Blue (#2 i Storbritannia og Noreg, #1 i USA)  kom i 1976 og inneheld bidrag frå alle saman. Ron Wood måtte først avslå tilbodet om å verte med i Rolling Stones sidan han var bunden til The Faces. Wood gjekk inn i the Stones i 1976 då Faces vart oppløyst, men var berre ein betalt musikar til Wyman forlét bandet nesten tjue år seinare, då han vart eit fullt medlem av partnarskapet Rolling Stones. 

I 1975 la Rolling Stones ut på turne i Amerika, som starta med at bandet spelte bakpå ein trailer som køyrte nedover Broadway i New York City. 

Jagger fekk bandet inn på El Mocambo i Toronto for å spele inn eit konsertalbum i 1977, Love You Live (#3 i Storbritannia, #5 i USA, #10 i Noreg), det første sidan Get Yer Ya-Ya's Out! tidleg i 70-åra. Richard var avhengig av heroin og han vart derfor forseinka til Toronto, medan dei andre medlemmane alt var framme. Dei sendte eit telegram til Richards og lurte på kvar han var. Den 24. februar 1977 kom Richards og familien hans frå London og vart halde tilbake av tollvesenet i Canada etter at det vart funne ei brend skei og restar av hasj på Richards. 4. mars sa kjærasten til Richards, Anita Pallenberg, seg skuldig i å ha på seg narkotika og fekk bot for lovbrotet. Søndag 27. februar, etter to dagar med øvingar, kom det kanadiske politiet inn i lokalet med ein arrestordre på Pallenberg. Då fann dei 22 gram heroin på rommet til Richards. Richards vart sikta for å ha ført narkotika inn i Canada, noko som hadde ei strafferamme på minst sju år i Canada. Seinare innsåg påtalemakta at Richards hadde fått tak i dopet etter han kom inn i landet. Trass i arrestasjonen, spelte bandet to konsertar i Toronto, men skapte meir kontrovers då Margaret Trudeau, den dåverande kona til den kanadiske statsministeren Pierre Trudeau, vart sett på fest med bandet etter konserten. Dei to konsertane vart haldne hemmelege for ålmenta og El Mocambo hadde vorte bestilt heile veka for April Wine som skulle gjere ei innspeling her. Ein lokal radiostasjon hadde ein konkurranse der premien var gratis billettar til April Wine og vinnarane fekk sjølv velje kva kveld dei ville sjå bandet. Vinnarane som valde billettar for fredag og laurdag kveld fekk seg ei stor overrasking då det var Rolling Stones som spelte i staden.

Narkotikasaken varte over eit år, før Richards fekk betinga dom og ordre om å halde to gratis konsertar for CNIB i Oshawa i Ontario. Begge konsertane vart haldne av the Rolling Stones og The New Barbarians, ei gruppe Wood hadde sett saman for å reklamere for det nyaste soloalbumet sitt. Richards var òg med i dette bandet. Episoden motiverte Richards til å kvitte seg med narkotikaproblemet sitt. Dette skjedde samstundes med at forholdet til Pallenberg tok slutt. Forholdet hadde særleg vorte dårleg etter det tredje barnet deira, ei lita jente som heitte Tara, døydde som spedbarn og Pallenberg framleis ikkje synte vilje til å kvitte seg med heroinproblemet sitt. Medan Richards var i ferd med å løyse dei rettslege og personlege problema sine, heldt Jagger fram jet-set-livet. Han var ofte å sjå på Studio 54, ein discoklubb i New York, i lag med modellen Jerry Hall. Ekteskapet hans til Bianca Jagger enda i 1977.

Sjølv om The Rolling Stones framleis var populære på første halvdel av 70-åra, fekk musikken deira stadig dårlegare kritikk, og etter kvart gjekk det òg nedover med platesalet. Seint i 70-åra hadde punkrock kome til overflata, og the Stones vart kritiserte for å vere dekadente, aldrande millionærar, og musikken deira vart av mange rekna som stilleståande eller irrelevant. Dette endra seg i 1978, då bandet gav ut Some Girls (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg), som inneheldt hitsingelen «Miss You», countryballaden «Far Away Eyes», «Beast of Burden» og «Shattered». Delvis som eit svar til pønken var mange songane raske, enkle og gitardrivne rock and roll-songar. Albumet gjorde the Stones igjen populære hos ungdommen, og bandet deltok på fjernsynsshowet Saturday Night Live. I 1978 turnerte dei berre i Amerika og ikkje i Europa, og brøyt dermed ein tradisjon dei hadde halde kvart tredje år sidan 1967.

Bandet gjekk inn i 1980-åra med ny kommersiell suksess og gav ut det neste albumet sitt, Emotional Rescue (#1 i Storbritannia og USA, #4 i Noreg) i 1980. Innspelinga av albumet var visstnok plaga av uro, og forholdet mellom Jagger og Richards var dårleg. Richards, som var meir edru enn han hadde vore dei siste ti åra, starta å ta meir kontroll i studio - meir enn Jagger hadde vorte vand med - og det oppstod ein strid då Richards følte han kjempa for «sin halvdel av the Glimmer Twins». Emotional Rescue vart ein kommersiell suksess, men vart av kritikarane kalla matt og inkonsistent.

Tidleg i 1981 tredde gruppa saman igjen og valde å turnere USA dette året, slik at dei ikkje fekk mykje tid til å spele inn eit nytt album. Dette året kom albumet Tattoo You (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg) og inneheldt songar som ikkje hadde vorte gjevne ut før, mellom anna singelen «Start Me Up». To songar («Waiting on a Friend» og «Tops») var frå tida då Mick Taylor spelte gitar. Den amerikanske turneen deira i 1981 var den største, lengste og mest fargerike dei hadde gjort til no, og dei spelte frå slutten av september til opp under jul. Det var den mest innbringande turneen i verda dette året. Enkelte konsertar vart tatt opp på band, og i 1982 kom konsertalbumet Still Life (American Concert 1981) (#4 i Storbritannia, #5 i USA, #3 i Noreg) og i 1983 konsertfilmen Let's Spend the Night Together, som var filma i Phoenix i Arizona og Meadowlands i New Jersey.

I midten av 1982 hadde Rolling Stones 20-årsjubileum, og Stones tok det amerikanske sceneshowet til Europa. Dette var den første europeiske turneen deira på seks år, og han var i hovudsak ein kopi av den amerikanske turneen året før. Med på turneen var tidlegare pianist i Allman Brothers Band, Chuck Leavell, som framleis spelar med the Stones. Mot slutten av året signerte bandet ein ny platekontrakt på fire album, verdt 28 millionar dollar, med selskapet CBS Records.

Før dei forlét plateselskapet Atlantic, gav Stones ut Undercover (#3 i Storbritannia, #4 i USA, #3 i Noreg) seint i 1983. Trass i god kritikk, selde albumet langt mindre enn venta og det vart heller ikkje noko turne til albumet. 

På denne tida vart forholdet mellom Jagger og Richards stadig dårlegare. Jagger hadde signert ein soloavtale med CBS, noko som sette ein støkk i Richards. Jagger nytta det meste av 1984 til å skrive songar til det første soloalbumet sitt. I 1985 brukte Jagger meir tid på solomaterialet sitt,  så det meste av innhaldet på Dirty Work frå 1986 (#4 i Storbritannia, #4 i USA, #3 i Noreg) vart skriven av Keith Richards, med fleire bidrag frå Ron Wood enn på noko tidlegare Rolling Stones-album. Det gjekk rykte om at Jagger og Richards sjeldan var i studio samstundes.

I desember 1985 omkom Ian Stewart, som var med å starte bandet, spelte piano og var turnemanager, av hjarteattakk. The Rolling Stones spelte ein privat hyllestkonsert for han på 100 Club i London i februar 1986, to dagar før dei fekk Grammy Lifetime Achievement Award.  

Dirty Work kom ut i mars 1986 og fekk blanda kritikk. Jagger nekta å turnere for å reklamere for albumet, og har seinare sagt at fleire bandmedlemmar ikkje var i stand til å turnere. Richards vart rasande då Jagger i staden la ut på sin eigen soloturne og han har kalla denne perioden i forholdet til Jagger som «den tredje verdskrigen» Soloplatene til Jagger She's the Boss (1985) og Primitive Cool (1987) oppnådde moderat suksess. Med the Rolling Stones inaktiv, gav Richards ut det første soloalbumet sitt i 1988, Talk Is Cheap. Det vart godt teken imot av både kritikarar og tilhengjarar, og selde til gull i USA. 

Tidleg i 1989 vart The Rolling Stones, inkludert Mick Taylor, Ronnie Wood og Ian Stewart (posthumt) innlemma i det amerikanske Rock and Roll Hall of Fame. Jagger og Richards såg ut til å ha lagt striden bak seg og The Rolling Stones sette i gang arbeidet med albumet Steel Wheels (#1 i Noreg, #2 i Storbritannia, #3 i USA). Albumet vart hylla som eit band tilbake i form og inneheldt singlane «Mixed Emotions», «Rock and a Hard Place» og «Almost Hear You Sigh». 

Etter albumet la the Rolling Stones ut på den første turneen sin på sju år som omfatta Nord-Amerika, Japan og Europa, og sceneshowet var det største dei hadde produsert så langt. Oppvarmingsband var Living Colour og Guns N' Roses. Med seg på scenen hadde dei blåsarar og korsongarar. Innspelingar frå turneen resulterte i konsertalbumet Flashpoint i 1991. Albumet inneheldt òg to studiospor spelt inn i 1991, singelen «Highwire» og «Sex Drive».

Dette var den siste Rolling Stones-turneen for Bill Wyman, som forlét bandet etter å ha gått og tenkt på dette i fleire år. Avgjersla vart ikkje gjort offisiell før i 1993. Han gav så ut Stone Alone, ein sjølvbiografi basert på memoarar han hadde skrive sidan dei første dagane i London. Eit par år seinare danna han Bill Wyman's Rhythm Kings og starta å spele inn plater og turnere igjen.

Etter suksessen med turneen tok bandet ein pause. Charlie Watts gav ut to jazzalbum, Ronnie Wood lagde sitt femte soloalbum, Keith Richards gav ut sitt andre soloalbum seint i 1992, Main Offender, og gjorde ein liten turne med store konsertar i Spania og Argentina. Mick Jagger fekk gode kritikk og salstal for det tredje soloalbumet, Wandering Spirit. 

Etter at Wyman forlét bandet, nymastra det nye plateselskapet Virgin Records heile katalogen til bandet frå Sticky Fingers til Steel Wheels, bortsett frå tre konsertalbum. Samstundes kom det eit samlealbum i 1993 kalla Jump Back: The Best of The Rolling Stones. I 1993 starta the Stones arbeidet med det neste studioalbumet. Darryl Jones, som tidlegare hadde spelt med Miles Davis og Sting, vart vald av Charlie Watts som erstatning for Wyman på Voodoo Lounge (#1 i Storbritannia, #2 i USA) frå 1994. Albumet fekk god kritikk og selde bra, mellom anna dobbel platina i USA. I 1995 fekk albumet ein Grammy Award for beste rockealbum. 

I 1994 starta òg Voodoo Lounge-turneen, som varte inn i 1995. Fleire songar frå konsertane og øvingane (hovudsakleg akustiske) kom ut på albumet Stripped, som inneheldt ei utgåve av Bob Dylan sin «Like A Rolling Stone». 

The Rolling Stones enda 1990-åra med albumet Bridges To Babylon (#6 i Storbritannia, #3 i USA, #1 i Noreg), som kom i 1997 til blanda kritikk. Musikkvideoen til singelen «Anybody Seen My Baby?» hadde med Angelina Jolie som gjest og vart mykje vist på både MTV og VH1. Albumet selde nokså bra og turneen som følgde omfatta Europa, Nord-Amerika og andre stader og vart vitja av mange tilhengjarar. Nok ein gong vart det gjeve ut eit konsertalbum frå turneen, No Security, men denne gongen hadde berre to av songane vorte gjevne ut på konsertalbum tidlegare. I 1999 la the Stones ut på No Security-turneen i USA og heldt fram Bridges to Babylon-turneen i Europa. Denne delen av turneen hadde ein mykje enklare produksjon utan dei store sceneeffektane som hadde prega dei førre turneane.

Seint i 2001 gav Mick Jagger ut det fjerde soloalbumet sitt, Goddess in the Doorway, som vart møtt med blanda kritikk. Jagger og Richards tok del i The Concert for New York City, støttekonserte etter terriåtaket i New York 11. september 2001, og spelte «Salt of the Earth» og «Miss You» med eit støtteband. 

I 2002 gav bandet ut samleplata Forty Licks (#2 i Storbritannia, USA og Noreg) som markerte 40-årsjubileumet deira som band. Samlinga inneheldt fire nye songar og selde meir enn sju millionar eksemplar. Same året kalla musikkmagasinet Q The Rolling Stones for eitt av «50 band du må sjå før du døyr» og Licks-turneen 2002-2003 gav mange høvet. 

I 2004 kom det doble konsertalbumet Live Licks, som selde til gull i USA.

Sommaren 2005 annonserte bandet at det var eit nytt album på veg, A Bigger Bang (#2 i Storbritannia og Noreg, #3 i USA), det første albumet deira på nesten åtte år. A Bigger Bang vart gjeven ut 6. september og fekk god kritikk. Singelen «Streets of Love» nådde Topp 15 i Europa. Albumet inneheldt den mest kontroversielle songen frå the Stones på mange år, «Sweet Neo Con», som kritiserte amerikansk nykonservatisme. Richards var kritisk til å ha med songen, fordi han var redd Rolling Stones ville møte dårlege sal i USA, på liknande måte som Dixie Chicks opplevde då dei kritiserte innblandinga til amerikanarane i Irak.

Turneen som følgde albumet starta i august 2005, først i Nord-Amerika, Sør-Amerika og Aust-Asia, før dei tok ein pause våren 2006 og heldt fram turneen i Europa. Den europeiske delen av turneen vart utsett seks veker etter at Keith Richards på ferie fall ned frå eit tre på Fiji og måtte operere kraniet. Fleire konsertar vart haldne i Nord-Amerika i september 2006, og i Europa sommaren 2007. I november 2006 hadde Bigger Bang-turneen vorte den mest innbringande turneen i verda gjennom tidene, og hadde til då tent inn $437 millionar. 

Sommaren 2007 la bandet ut på ein turne i Europa kalla «Bigger Bang 2007». Den siste konserten på turneen vart halde i august 2007. 

The Rolling Stones er kjende for å ha vandra over i forskjellige musikksjangrar gjennom karrieren sin, og til slutt gjort desse stilane til sine eigne. Gjennom heile karrieren har bandet referert til musikkstilar som amerikansk blues, country, folkemusikk, reggae, dansemusikk, verdsmusikk, samt engelske stilar som nyttar strengeinstrument som harpe. Bandet starta karrieren med å spele tidlege rock and roll- og bluessongar av andre artistar, og har aldri stoppa å spele andre sine songar verken på konsertar eller på plate. 

Jagger og Richards delte ei interesse for amerikanske bluesartistar som Jimmy Reed, Muddy Waters og Little Walter, som igjen påverka Brian Jones, som meir eller mindre leia bandet i starten. I følgje Richards var Jones meir inn i T-Bone Walker og jazzblues, men dei fekk han interessert i musikken til Chuck Berry Charlie Watts var òg ein tradisjonell jazztrommeslagar, men vart leia inn mot blues etter å ha vorte med i the Stones.

Trass i Stones godt likte å spele blues- og RB-songar på konsertane sine dei førte åra, var dei første songane dei skreiv sjølve av ei langt breiare musikalsk interesse. Den første Jagger/Richards-singelen, «Tell Me (You're Coming Back)» er av kritikar Richie Unterberger kalla ein pop/rock-ballade, og han seier vidare at dei første songane dei skreiv sjølve ikkje var så sterkt prega av blues, men var ofte saktegåande Merseybeat-aktige popsongar. «As Tears Go By»,  balladen som vart skriven for Marianne Faithfull, var ein av dei første songane skriven av Jagger og Richards, og ein av mange dei skulle skrive for andre artistar. 

Om denne første tida sa Richards, «Det som er utruleg er at sjølv om Mick og eg tenkte på desse songane som verkeleg barnslege og barnehageaktige, gjorde alle det godt på listene. Dette gav oss særs god tiltru på å halde fram å lage songar, fordi i starten var låtskrivinga vår berre noko me gjorde for å kunne sei til Andrew (Loog Oldham) at 'Jaja, i det minste så gjorde me eit forsøk...'» Jagger sa at dei var veldig poporienterte, og at dei ikkje berre høyrte på Muddy Waters, men alt mogeleg.

Singelen «The Last Time», som vart den første store singelen til the Stones, vart eit vendepunkt. I følgje Richards gav dette dei stor tiltru på sine eigne låtskrivartalent og synte dei korleis dei skulle gjere det Songen vart bygd rundt eit riff spelt av Brian Jones og var elles basert på ein tradisjonell gospelsong som The Staples Singers gjorde populær. Songen vart eit symbol på den særs gitarbaserte stilen som skulle kome.

Sjå diskografien til The Rolling Stones.




#Article 148: Månad (278 words)


Månad er ei tidseining mellom veke og år. I dei fleste kalendersystema varer ein månad om lag så lenge som ein månesyklus — derav namnet.

I samaritansk religion, karaisme og islam blir kvar månad primært rekna frå første dag av observert nymåne.

I vanleg (rabbanittisk) jødedom følgjer månadene månefasen, men med mindre justeringar for å unngå uheldige kombinasjonar av sjabbát og heilagdagar. Månadslengda er 29 eller 30 dagar. Kalenderen er utrekna på grunnlag av astronomiske data.

I dei julianske og gregorianske kalendrane er månadene ikkje direkte grunna på månefasar, men på ei fast inndeling av solåret i tolv om lag jamlange månader som kvar varar i 28 til 31 dagar.

Bahaikalenderen deler året inn i 19 månader som kvar inneheld 19 dagar, med fire til fem skotdagar på slutten av kvart år.

Tida mellom to påfølgjande passasjar av månen gjennom perigeum til månen, som er det punktet då månen er nærast jorda. Denne lengda er 27 dagar, 13 timar, 18 minutt og 33 sekund.

Syner til passasje gjennom den oppstigande knuten til månebanen. Denne tida er 27 dagar, 5 timar, 5 minutt og 36 sekund.

Ein siderisk månad er tida det tar for passasjen til månen gjennom timesirkelen til ei stjerne, som er eit fast punkt på himmelen. Denne tida tar 27 dagar, 7 timar, 43 minutt og 12 sekund.

Ein synodisk månad er tida for fasevekslinga til månen eller omlaupstida til månen i forhold til timesirkelen gjennom sola. Denne tida er 29 dagar, 12 timar, 44 minutt og 3 sekund.

Ein tropisk månad er tida mellom to påfølgjande passasjar av månen gjennom timesirkelen til vårjamdøgnspunktet. Denne tida er 27 dagar, 7 timar, 43 minutt og 5 sekund.




#Article 149: Walt Disney (194 words)


Walter «Walt» Elias Disney () var ein amerikansk teiknefilmskapar og ein av dei mest betydingsfulle personar i moderne underhaldningsbransje.

Disney vart fødd i Chicago i Illinois. I løpet av karrieren si mottok han meir enn 950 utmerkingar frå heile verda, mellom anna 48 Oscar-statuettar og 7 Emmy-prisar. Det starta for alvor i 1928 med stumfilmen «Plane Crazy» og sidan lydfilmen «Steamboat Willie». Begge handla om Mikke Mus, som altså var den første av dei kjende figurane som Disney skapte.

Den første langfilmen hans var Snehvit og de syv dverger, som kom ut 21. desember 1937.

Verksemda som Walt Disney grunnla, The Walt Disney Company, produserer teiknefilmar, teikneseriar og andre underhaldningsprodukt. Han grunnla fornøyelsesparkane Disneyland (1954) og Disneyworld, temaparkar som har fått utspring i Japan og Frankrike. I Noreg er den definitivt mest kjente teikneseriefiguren hans Donald Duck. Selskapet hans har stått bak nokon av verdas mest populære teiknefilmar; Askepott, Bambi, Dumbo og ikkje minst Snøkvit og dei sju dvergane. 

Walt Disney har fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame og figurane Donald Duck og Mikke Mus har fått kvar si stjerne. I 1964 vart han tildelt Presidentens fridomsmedalje av president Lyndon B. Johnson.




#Article 150: Matematikk (203 words)


Matematikk kan lettfatteleg seiast å vera læra om generaliseringar kring tal og rom; aritmetikk, algebra, geometri, topologi og så vidare. Med ein moderne definisjon er matematikk læra om strukturar på mengder. Med ein struktur meiner ein då eit system av samband mellom element i ei mengd, definert ut frå binære operasjonar og ein del aksiom. 

I matematikk skil me ofte mellom teoretisk matematikk og praktisk matematikk. Førstnemnde tek for seg matematikken i seg sjølv, medan sistnemnde tek for seg bruk av matematikk innanfor fleire andre fagfelt, mellom anna fysikk, økonomi, samfunnsvitskap og biologi.

Matematikk har sitt eige symbolspråk, matematisk språk, som er rimeleg likt og forståeleg for matematikarar i alle land.

Tradisjonelt vert matematikkemna delt inn i tre greiner: Geometri, algebra og analyse. Denne inndelinga er svært skjematisk i forhold til moderne matematikk, der dei tre kategoriane har smelta saman, mellom anna gjennom analytisk geometri. Likevel vil me her stort sett følgja den klassiske inndelinga.

Diskret matematikk er eit samlenamn for alle matematiske emne som handlar om endelege prosessar, særleg innanfor heiltala. Desse matematiske emna er spesielt relevante innanfor informasjonsteknologi. 

Analyse er den delen av matematikk som handlar om uendelege prosessar, det vil seia prosessar som gjer nytte av grenseverdisetningar. 

Geometri/Topologi

Matematisk statistikk




#Article 151: Aristoteles (521 words)


Aristoteles (gresk Ἀριστοτέλης Aristotélēs, 384 f.Kr.–322 f.Kr.) var ein gresk filosof og naturforskar. Saman med Platon vert han ofte sett på som ein av dei to største filosofane i den antikke verda. Skolastikken, som spelte ei stor rolle innanfor mellomalderkristendommen, har røter i aristotelisk tenking. 

Aristoteles er særleg kjent for å ha utvikla læra om syllogistiske slutningar, for si årsaks- og forandringslære og for si lære om praktisk skjønn og den gylne middelvegen. 

Som son av ein lækjar vart Aristoteles fødd i 384 f.Kr. i Stagira i det nordlege Hellas. Då han var 17, fór han i 367 f.Kr. til Aten for å studera ved Akademiet, Platon sin skule. Der blei han dei neste to tiåra.
Frå 344 til 342 f.Kr. studerte Aristoteles marinbiologi på Lésvos. Deretter hadde han jobb som privatlærar for den komande Aleksander den Store frå 342 f.Kr. til 340 f.Kr., og seinare grunnla han ein skole i Aten, Lyceum, og eit bibliotek.

Om Aristoteles er det dessutan kjent at han stamma.

Syllogismelæra handlar om korrekte og ukorrekte sluttingsfigurar og blir sett på som byrjinga på logikken som vitskap, sjå syllogisme. I forhold til moderne logikk har læra eit svært avgrensa bruksområde. Ho blir fortsatt brukt innan til dømes muslimske og katolske tradisjonar.

Aristoteles sitt fysikkomgrep var mykje vidare enn den moderne forståinga av faget, og han såg til dømes på rørsle som alle former for forandring, også vekst og aldring.

Han såg på universet som bygd opp av fem element, og fire av dei fann ein på jorda: Eld, luft, jord og vatn. Av dette kjem det moderne uttrykket «kvintessens»; av latin quint, 'fem' og essentia, 'essens, element'. 

Aristoteles kom fram til at jorda var ein klode. Han la merke til at når ho skugga for sola under måneformørkingar var ho alltid rund, same kor månen stod på himmelen. Hadde jorda hatt ei anna form ville dette ha påverka utsjånaden til skuggen.

Aristoteles vert rekna som grunnleggaren av biologi som vitskap. Det er to ting som er spesielt verdt å nemna: Vektlegginga av samanhengen mellom final og formal årsak og ei systematisk ordning av alle gjenstandane i naturen i eit hierarkisk system.

For levande skapningar kan final årsak seiast å vera økologisk nisje, eller naturleg plass. Den formale årsaka er tilsvarande anatomien til den levande skapningen. Å uttrykka ein samanheng mellom final og formal årsak vil for Aristoteles til dømes vera å seia at føtene våre er forma slik at me skal kunna gå rundt på jorda. Dette står delvis i kontrast med evolusjonsteorien til Darwin, men sjølve ideen, at det er viktig å skildra ein samanheng mellom funksjon og struktur, er viktig i dag også. 

Aristoteles ordna alle gjenstandane i eit hierarkisk system, med grunnlina menneske-organisk liv (dyr og planter)-uorganiske ting (bruksting og naturlege ting). Kvart nivå har sine karakteristiske vesentlege eigenskapar som ikkje kan reduserast til eit lågare nivå: Plantene har ei vegetativ sjel, dei kan ta opp næring, dyr har i tillegg ei sensorisk og motorisk sjel, dei kan sansa og røra på seg, medan menneska i tillegg har ei fornuftig sjel. Med sjel meiner ein då den formale årsaka til ein levande organisme.




#Article 152: Mosjøen (520 words)


 
Mosjøen (sørsamisk Mussere) er ein by i Vefsn kommune i Nordland. Byen vart til på 1700-talet og har vakse sidan, men staden, som ligg i enden av Vefsnfjorden, er i alle tider vore ein møtestad for folk i landsdelen. Byen er den eldste på Helgeland og den nest eldste i Nordland.

Frå gammalt var Mosjøen sjøplass - altså plass for naust og bryggjer – for garden Mo i Vefsn og etterkvart også for andre gardar lenger inn i landet. Grunneigarane på Mo åtte også landet ved Mosjøen. Dei første innbyggarane som budde i Mosjøen, er nemnt i manntalet for 1701. Då var det to familiar frå Jemtland som hadde tilhald her. Frå 1721 finn dei første regulære husmannsplassane ved Mosjøen. Folketalet vaks ut over 1700-talet, slik at det ved folketeljinga i 1769 var komme opp i 41. Knapt hundre år seinare, i 1865, var folketalet oppe i 379. 

Byen fekk sin første industri på midten av 1800-talet. Det var for det meste skoghogst, tømmerfløyting og dampdrive sagbruk. Då meir moderne industrialisering kom hundre år etterpå, fekk byen meir industri: aluminiumsverk og veveri. Utanom industri og handel, som er den viktigaste næringsvegen, er der vasskraft og forholdsvis lite jordbruk, skogbruk og fiske.

Industrialiseringa og handelen førte med seg direkte kontakt med utlandet, spesielt frå England, sidan sagbruket på Halsøya hadde engelske eigarar. Engelskmenner bringa både språk, kultur og ikkje minst kles- og byggestil til byen. Der finst framleis restar etter engelsktida. I tillegg kom samar, svenskar og austlendingar. Byen vart eit slags Klondyke.

Byen har mange lemningar frå gammal tid og mange hus og bygningar har halde seg godt. Byen har den eldste trehusbusetnaden i Nord-Noreg; i Sjøgata ligg trehus og -bryggjer frå 1800-talet langs elva Vefsna.  Resten av byplata har ein planmessig kvadratur. Særprega er Dolstad kyrkje, ei åttekanta trekyrkje frå 1735 og Fru Hagans Hotel med røter frå 1794, det eldste hotellet i Nord-Noreg. Elles finst der andre typar bygningar, mellom anna hus i hellensk stil med søyler, funkishus og såkalla moderne arkitektur.

Ladestaden Mosjøen fekk grensene fastsett ved kongeleg resolusjon 24. november 1874. I vest grensa byen mot Vefsna, i aust og nord mot Skjerva, mens sørgrensa følgde noverande Mathias Bruns gate. Byområdet omfatta 0,85 km². I 1939 vart halve Dolstad prestegard, med jernbanestasjonen, kaiet og det som seinare vart kalla Åsbyen, overført frå Vefsn kommune til bykommunen, slik at han kom til å omfatte eit areal på 2,5 km². 

Etter at Mosjøen gjekk inn i Vefsn kommune frå 1. januar 1962, har dei gamle grensene vore utan formell betydning. Nye bustadfelt er bygde i Kulstadlia, på Breimoen, på Halsøya og i Halsåsen nord for byen, på Nyrud, Kippermoen og Olderskog sør i byen og på Skjervengan aust for byen. Den nyaste utbygginga har funne stad på Andås i lia søraust for Mosjøen.

Byen er eit kommunikasjonsknutepunkt, med fly, tog, buss og ferje, i tillegg til E6. 

Byen har mellom anna ei større vidaregående skole med tre studiestader, ei folkehøgskole og dessutan eit folkeuniversitet. Kommunalt bibliotek med mykje lokallitteratur.

Mosjøen har eit rikt kulturliv, særleg innanfor musikk og kunsthandverk. Der er mange kafear og restaurantar av ymse slag. 




#Article 153: Flaum (365 words)


Flaum er ei naturleg, men ofte uventa hending som skjer når vatn skòlar over landområde. 

Det kan koma flaum når mykje vatn samlar seg ein stad, til dømes på grunn av store nedbørsmengder, vind som bles i ein viss retning, stor snøsmelting, orkanar, springflod, eller når fleire av desse verkar saman. Flaum skjer gjerne ved at elvar går over breddane sine, men havet kan gjera det same, og mykje nedbør utan avløp kan òg føra til flaum. 

Flaum kan òg skje når ei hindring, til dømes ei demning, brest og vatnet får eit nytt utløp. Jøkulhlaup frå isbresjøar er døme på dette. 

Menneske prøver å hindra flaumar ved å byggja diker og demningar. Dei kan òg auka flaumfaren ved å hogga skogar, slik at vatn flyt friare, eller drenera elvesletter, slik at ekstra vatn ikkje har nokon stad å gå.

Dersom det kjem ein flaum er det likevel lite menneske kan gjera for å hindra dei store vassmengdene. Dei kan bygga mellombels hindringar med til dømes sandsekkar for å leia vatnet ein veg som gjer mindre skade, men elles må dei berre håpa at vatnet snart søkk.

Flaumar kan gjera stor skade, enten ved at store mengder vatn fossar gjennom landet og riv med seg laust og fast, eller ved at vatnet blir liggjande og fører til vasskader på bygningar. Men dei kan òg gjera nytte ved å tilføra vatn til eit uttørka område eller næring til eit dyrkingsområde.

Ein 100-årsflaum er rekna som den største flaumen ein kan vente i snitt kvart 100. år. Dette tyder i praksis at ein reknar det som 1 % truleg at ein så stor flaum kan skje i løpet av eit år. På same måte er ein 5-årsflaum storleiken på ein flaum som statistisk sett berre oppstår kvart 5. år, eller at det er 20 % truleg at han oppstår i løpet av eit år. Desse tala vert ofte brukt i samband med byggingsløyve, miljøregulering og forsikringssaker. 

Ein 100-årsflaum førte i løpet av ei veke til store øydeleggingar i Europa i 2002. 

Storflaumar er ofte uventa hendingar som kan føra til store dødstal. Det finst mange mytologiske forteljingar om flaumar som utslettar verda, til dømes syndfloda i Bibelen.

 




#Article 154: Noreg (2366 words)


Noreg, offisielt Kongeriket Noreg (bokmål: Kongeriket Norge, nordsamisk: Norgga gonagasriika), er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grensar Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Nord for Trøndelag er Noreg langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med dei avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er til liks med øya Jan Mayen ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Noreg gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlege Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men båe desse er omfatta av Antarktistraktaten som legg territoriale krav i Antarktis på (Antarkt)is.

Namnet «Noreg» har norrønt opphav med formene Norðrvegr og seinare Noregr. Dette kjem truleg frå gøtene og danene som omtalte den lange norskekysten som vegen mot nord. Så tidleg som 880, rundt tida kongeriket vart grunnlagt, kalla Ottar frå Hålogaland Noreg for norðmannaland, nordmann-landet - medan Alfred, kongen av England, brukte forma Norðweg, som var føregangaren til det moderne engelske Norway.

Det offisielle namnet på nynorsk er Kongeriket Noreg, på bokmål Kongeriket Norge. På nordsamisk heiter landet Norgga gonagasriika, på lulesamisk Vuona gånågisrijkka og på sørsamisk Nøørjen gånkarijhke.

I vikingtida frå 700-talet til 1000-talet vart områda som no utgjer Noreg, gradvis samla til eitt rike. Kong Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord i år 872, og grunnla det fyrste norske kongssetet på Avaldsnes på Karmøy. Skipsleia mellom Karmøy og fastlandet, den såkalla Nordvegen, gav namnet til Noreg. Norske vikingar var dyktige sjøfararar og dreiv handel med alle landa kring Nordsjøen, og busette seg òg på dei britiske og nordatlantiske øyane, og på Grønland.

Det er usemje om Noreg vart samla med utgangspunkt i Vestfold og Austlandet. Det tradisjonelle synet er at Harald Hårfagre ervde rike i Vestfold og delar av Austlandet og derifrå la under seg det indre Austlandet, Trøndelag og hærtok Vestlandet gradvis sørover kysten. Det går klårt fram or sogene at ei anna mektig ætt med sete i Trøndelag, ladejarlane, hadde sett i gang ei liknande samling om lag samstundes. Desse ættene fekk vekselsvis støtte frå danekongen. Det verkar likevel som om Hårfagre-ætta vann denne maktkampen med kong Olav (den Heilage) si maktovertaking om lag 1015. Etter dette var Lade-ætta slegen attende.

I 995 grunnla kong Olav Trygvason den fyrste kyrkja på Moster på Bømlo, og byrja kristninga av landet. I 1024 sette kong Olav (seinare kalla Olav den Heilage) og bisp Grimkjell kristenretten på Mostratinget same staden. Ein reknar heile riket som kristna ved slaget på Stiklestad i 1030, der Olav fall. Etter ei lang tid med borgarkrigar (borgarkrigstida) vart den arvelege kongsmakta trygd under Sverreætta. Den norske kongsslekta døydde ut i 1387, og landet gjekk inn i ei unionstid i Kalmarunionen med Danmark og Sverige. Etter 1450 heldt kongsfellesskapet fram med Danmark åleine. Tida vert i Noreg kalla «400-årsnatta», av di Noreg var den svake parten i unionen og vart styrt frå hovudstaden København. Etter at Danmark-Noreg vart tvinga til å alliere seg med Napoleon og dimed kom i hop med taparane i Napoleonskrigane, førte Kiel-traktaten i 1814 til at Noreg vart avstått til Sverige. Men det lukkast å gje landet ei grunnlov 17. mai 1814 og å tryggje norsk sjølvstende òg etter at ein kort krig med Sverige tvinga Noreg inn i personalunion med Sverige.

Aukande norsk misnøye med unionen gjennom 1800-talet førte til oppløysing av den norsk-svenske unionen i 1905, stadfest ved ei folkerøysting. Den norske regjeringa baud den norske krona til danske prins Carl, og etter ei ny folkerøysting kåra Stortinget han til konge. Han tok namnet Haakon VII etter dei gamle norske kongane. Den norske kongefamilien, liksom den danske, høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg (ei grein av huset Oldenburg).

Noreg var nøytralt under 1. verdskrigen, men som eit resultat av den tyske invasjonen og okkupasjonen under 2. verdskrigen, vart nordmennene langt meir skeptiske til nøytralitetsprinsippet. Stemninga dreidde mot ei kollektiv tryggingsavtale for landet. Noreg var ei av dei underskrivande partane ved danninga av NATO i 1949 og var mellom landa som grunnla Dei sameinte nasjonane i 1945. Det norske folket har to gonger røysta imot å verta med i EU, nemleg i 1972 (då: EEC) og i 1994 (då: EF). Noreg har likevel ei tilknyting til den europeiske indre marknaden gjennom EØS-avtala.

Noreg er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk regjeringssystem. Etter grunnlova frå 1814 er Kongen statsoverhovud og vel sjølv rådet sitt, men etter riksrettsdomen i 1884 må likevel regjeringa i praksis ikkje få eit fleirtal i Stortinget mot seg. Grunnlova gjev Kongen personleg vidtfemnande rettar, men desse vert ikkje praktiserte i dag, og funksjonen hans er fyrst og fremst vorten seremoniell. Statsrådet, eller regjeringa, er sett saman av ein statsminister og minst sju statsrådar, utnemnde av Kongen. Kongen kan i teorien utnemne kven han vil, men vel alltid den regjeringa statsministeren legg fram.

Det norske parlamentet – Stortinget – har 169 medlemer, som er valde frå 19 fylke for ein fire-årsperiode ut frå eit system med proporsjonal representasjon. Stortinget sine saker vert handsama i plenum, etter saksførebuingar i ulike fagkomitear                  (justiskomiteen, finanskomiteen, landbrukskomiteen, osb).

Dei regulære rettsinstansane omfattar Høgsterett (18 permanente domarar (per 2004) og ein justitiarius), lagmannsrettane (Borgarting, Eidsivating, Agder, Gulating, Frostating og Hålogaland), tingrettane (tidlegare by- og heradsrettane) og forliksråda (handsamar sivile tvistesaker). I tillegg kjem særdomstolar som Arbeidsretten. Domarane ved dei regulære rettsinstansane og særdomstolane vert utnemnde av regjeringa. Den særskilde Riksretten vurderer spørsmål om brotsverk utført av medlemer i Stortinget, Regjeringa eller Høgsterett som slik.

Noreg er oppdelt i 11 fylke (og 356 kommunar):

Noreg har 942 tettstader (2012). Dei med høgast innbyggjartal er:

Nær 80 % (3 958 038 personar) av innbyggjarane i Noreg bur i tettstader. Sjå artikkelen om omgrepet tettstad for definisjonar.

Noreg har eit opprive og fjellrikt landskap. Kystlina på meir enn 20 000 kilometer er broten av steile fjordar og eit mangfald av øyar og holmar. Noreg er òg kjend som midnattssolas land, av di det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går sola ikkje under horisonten ei tid om sumaren, og om vinteren er desse områda utan sollys ei tilsvarande lang tid.

Heile lengda av Noreg fylgjer Nordatlanteren. Tre havområde utgjer kystlina; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak i sørvest og sør, Norskehavet i vest, og Barentshavet i nordaust. Det høgaste punktet i Noreg er Galdhøpiggen med sine 2469 meter.

Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten som er påverka av golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Noreg ligg i ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette dominerer vêr og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare om vinteren, og i den nordlegaste delen herskar meir arktiske tilhøve.

Den norske økonomien er eit rikt kapitalistisk velferdssamfunn, med ein kombinasjon av frie marknadskrefter og offentleg regulering. Regjeringa kontrollerer vitale område som den petrokjemiske sektoren gjennom store statsselskap. Landet er rikt på naturressursar - petroleum, vasskraft, fisk, skog og mineral. Dei store naturressursane har samstundes gjort landet svært avhengig av internasjonale råvareprisar, særleg oljeprisane. I 1999 utgjorde oljeeksporten 35 % av eksportinntektene. Saudi-Arabia og Russland er dei einaste landa som eksporterer meir olje enn Noreg.

Den økonomiske veksten var 0,8 % i 1999, 2,7 % i 2000 og 1,3 % i 2001. Det vart igangsett privatiseringar i 2000, der regjeringa selde 1/3 av det 100 % statseigde oljeselskapet Statoil. Noreg står utanfor EU etter folkerøystingar i 1972 og 1994. Landet er saman med Island og Liechtenstein ein del av den indre marknaden i EU gjennom EØS-avtala.

.
 i Noreg 1951–2013, i tusenar. Data frå SSB.

Folketalet i Noreg er 5 051 275 (2013).

Etnisk sett er størstedelen av folket i Noreg nordisk/nord-germansk, medan eit lite mindretal er samisk eller finsk/kvensk. Samar har status som urfolk, medan skogfinnar, kvenar, romanifolk (reisande, taterar), romfolk og jødar har status som nasjonale minoritetar. Dei siste par åra har innvandring utgjort meir enn halvparten av folkeveksten, og ein aukande del av folket er innvandrarar; 12 % per 1. januar 2013. Dei største innvandrargruppene er polakkar, svenskar, og litauarar.).

Kring 77 % av innbyggjarane er medlemer i den evangelisk-lutherske norske kyrkja (1. januar 2012). Andre kristne trussamfunn utgjer cirka 4,5 % (Den evangelisk-lutherske frikyrkja, Den katolske kyrkja, pinserørsla, metodistkyrkja med fleire) Blant dei ikkje-kristne religionane er islam sterkast representert i Noreg med om lag 2 %, og andre religionar knappe 1 %. Human-Etisk Forbund har om lag 1,5 % oppslutnad. Per 1. januar 2003 var rundt 5 % av innbyggjarane ikkje medlemer i noko trussamfunn eller nokon livssynsorganisasjon som mottek statsstøtte.

I 2004 var éi av tre kvinner og éin av fire menn i aldersgruppa 19–24 år i høgare utdanning (tal frå Statistisk sentralbyrå). Kvinneprosenten har auka mykje sidan 1981, då berre éin av ti kvinner i denne aldersgruppa var i høgare utdanning.

Frå 17 prosent i 1980, har den delen av studentane i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, som er kvinner, vakse til om lag 30 prosent i 2003. Innanfor samfunnsfag og juss har kvinneprosenten stige endå meir, frå 42 prosent i 1980 til over 60 prosent i 2003.

Hausten 2003 var det 209 800 studentar på norske universitet og høgskular.

Det norske språket har i dag to offisielle skriftformer, bokmål og nynorsk. Desse er normerte av Norsk språkråd. I tillegg til desse finst mellom anna dei uoffisielle formene samnorsk, høgnorsk og riksmål. Samnorsk tek opp i seg former frå begge hovudmålformene, men er meir eller mindre gått ut av bruk. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk ca. 1930-1980.

Majoriteten av det norske folket skriv anten bokmål eller riksmål; grensene mellom desse er i dag svært flytande. Den delen av folket som brukar nynorsk som hovudmål nådde ein topp på 34,1 % i 1944 , men har i etterkrigstida gått jamnt tilbake og har i dag falle til 10–15 %.

Nynorsk er eit alternativt skriftspråk som vart konstruert, systematisert og etter kvart etablert som skriftspråk på 1840-talet av Ivar Aasen, grunna på norske dialektar. Aasen kalla språket sitt landsmål; dette vart endra til nynorsk i 1929. Aasen freista å distansere dette språket frå det danskpåverka språket som var i bruk på Austlandet og i borgarskapet. Utover 1900-talet har nynorsken fjerna seg meir og meir frå det opphavlege landsmålet, i retning bokmålet, medan bokmålet har gått meir vekk frå dansk og nærma seg nynorsk og norske dialektar, framfor alt bymåla.

Høgnorsk er ei meir konservativ form av nynorsk, som motset seg tilnærmingstanken. Den høgnorske rettskrivinga byggjer på Aasen-normalen som ofte vert assosiert med Vestlandet og Telemark. Høgnorsk vert nytta av ein liten minoritet av språkleg engasjerte personar. Nokre av desse har tilknyting til Ivar Aasen-sambandet eller miljøet kring bladet Målmannen som har til føremål å fremja høgnorsk.

Riksmål er den største av dei uoffisielle formene og vert mellom anna brukt av store aviser som Aftenposten. Denne målforma ligg nærare dansk og tradisjonelt, moderat bokmål enn det offisielle bokmålet. Bokmålet vert truleg nytta som hovudmålform av mellom 85 og 90 % av alle nordmenn og står sterkast i dei folkerikaste delane av Noreg, som på Austlandet og i storbyane. Bokmålet dominerer i dei fleste samfunnslaga. Riksmålet vert fremja av Riksmålsforbundet. Riksmålet er representert i Norsk Språkråd og har eit eige normeringsorgan, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, som mellom anna utgjev eigne ordlister og Norsk Riksmålsordbok.

Alle dei skandinaviske språka utvikla seg frå tidleg norrønt. Av historiske grunnar kom dansk til å verte det offisielle språket i Noreg gjennom seinmellomalderen. Dansk var sidan mellomalderen fyrst og fremst påverka av lågtysk, der om lag halvparten av ordtilfanget og viktige grammatiske strukturar kjem frå. Det skriftspråket som var i bruk i Noreg fram til byrjinga av 1900-talet var reint dansk, men har gjennom det fylgjande hundreåret vorten tilpassa noko i høve til det danske, slik at ein kan snakke om eit eige norsk skriftspråk.

Ulike samiske språk er i bruk i den samiske minoriteten i landet. Tre samiske språk vert snakka i Noreg, nord-, sør- og lulesamisk. Nordsamisk har ei dominerande stilling, det vert snakka av over 80 % av dei samiskspråklege samane. Eit intensivt bergingsarbeid er igangsett for å få den yngre generasjonen til å taka i bruk dei to andre språka, som er brukte frå Tysfjord i Nordland og sørover til Engerdal i Østerdalen. Oslo er den kommunen i Noreg med flest samisktalande innbyggjarar. I tillegg til skriftspråket er samisk sjølvsagt òg eit språk med mange dialektar. Pite-, ume- og skoltesamisk er utdøydde som språk i Noreg, sjølv om det finst personar som definerer seg i dei tre gruppene òg.

Finsk finn vi i to avgrensa område i Noreg. Til den søraustlege delen av Hedmark, Finnskogen,kom det på 1600-talet innvandrarar frå Savolaks i Finland. Dei hadde vorte lokka til Värmland av svenskekongen, med lovnad om skattefritak, og dei utgjorde ein språkleg minoritet i bortimot 300 år. Som ein del av den finske ekspansjonen nordover kom det i fleire bylgjer innvandrarar frå Tornedalen og Finland til Noreg, og dei vart kalla kvener. Språket deira skilde seg etter kvart frå finsk i Finland (ikkje minst på grunn av finsk språkrøkt dei siste 150 åra), og mange ser på kvensk som eit eige språk.

I Bergen var det frå mellomalderen av eit lite plattysk-språkleg samfunn i samband med hansahandelen. Denne gruppa, som seinare gjekk over til å bruke høgtysk, sokna til Mariakirken. Det tyske samfunnet i Bergen vart stort sett fullt assimilert mot slutten av 1800-talet.

Dei nasjonale minoritetane romanifolk (reisande, tatrar) og roma (sigøynarar) talar tradisjonelt språk av indisk opphav. Sigøynarane talar det hovudsakleg indoiranske språket romanés, meden romanifolket tradisjonelt brukar skandinavisk/indiske blandingsspråk som romani og rodi.

Språk tilknytte den nasjonale minoriteten jødar i Noreg inkluderer fyrst og fremst det hovudsakleg vestgermanske språket jiddisch (blant askenasiske jødar) og det semittiske språket hebraisk.

Dei viktigaste innvandrarspråka i Noreg i dag, målt etter talet morsmålselevar i grunnskulen, er albansk, arabisk, persisk, serbokroatiske språk (serbisk, kroatisk og bosnisk), kurdisk, tamil, urdu (med dei nærskylde språka hindi og panjabi) og vietnamesisk.

Kjende nordmenn omfattar mellom andre forfattaren Ludvig Holberg som skreiv på reint dansk, riksmålsforfattarane Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Sigrid Undset, nynorskforfattarane Tarjei Vesaas og Jon Fosse, eventyraren Roald Amundsen, den ekspresjonistiske målaren Edvard Munch og den nasjonalromantiske komponisten Edvard Grieg.




#Article 155: Frédéric Chopin (517 words)


Frédéric-François Chopin () var ein polsk komponist og pianist. Han vart fødd som Fryderyk Franciszek Chopin, men tok det franske namnet (som han er mest kjend under) då han i ung alder drog tilbake til farens heimland, Frankrike, og slo seg ned i Paris, der han verka det meste av livet sitt. Etternamnet vert nokre gonger skrive Szopen på polsk. Chopin komponerte mesta utelukkande for piano.

Med fransk far og polsk mor vart han fødd i Żelazowa Woła nær Warszawa i Polen, og starta den musikalske utdanninga si i 1816. Han komponerte sitt første verk i 1817 og heldt sin første offentlege konsert i 1818. Han studerte musikk først hos Joseph Elsner og etter 1826 ved musikkakademiet i Warszawa. Han var først og fremst klassisk utdanna, med vekt på Bach, Mozart og Haydn. På grunn av dei svært begrensa tilhøva i Warszawa, drog han som tjueåring til Wien for å skape seg ei karriere, men den austerrikske hovudstaden hadde nok av talentfulle pianistar, og han vart ikkje lagt særleg merke til. Deretter drog han til Paris, der han vart verande resten av livet.

Blant Frédéric Chopins venner var Franz Liszt, Vincenzo Bellini (som han er gravlagd ved sida av Père Lachaise) og Eugène Delacroix. Han var også ein venn av komponistane Hector Berlioz og Robert Schumann. Chopin var ikkje tilhengar av deira musikk, men dediserte nokre av sine komposisjonar til dei.

For å minnast Frédéric Chopin vert det kvart fjerde år heldt ein internasjonal pianokonkurranse i Warszawa.

Chopins kanskje mest kjende vennskap var med forfattarinna George Sand, eit forhold som varte i ti år, til dei vart samde om å skilje lag da Chopins sjukdom vart verre. Ein nemneverdig episode i deira liv saman var ein turbulent og miserabel vinter på Mallorca, kor dei var det meste av tida i uoppvarma hytter. Desperasjonen frå denne tida kan sporast i dei 24 preludia (op. 28), som Chopin skreiv mesteparten av tida på Mallorca. Klimaet fekk ein så alvorleg innverknad på Chopins helse (han leid av ein kronisk lungesjukdom) at han og George Sand var nøydde til å dra attende til Paris for å berge livet hans. Han overlevde, men vart aldri heilt frisk att etter dette opphaldet.

Chopins dødsårsak var offisielt tuberkulose, sjølv om det vert spekulert i om han eigentleg døydde av andre lungesjukdomar som cystisk fibrose eller lungeemfysem. Han hadde ønskte at Mozarts rekviem skulle framførast i gravferda hans, som skulle haldast i Madeleinekyrkja. Rekviemet inneheld større delar kvinneleg koring, men Madeleinekyrkja hadde aldri tillate kvinnelege songarar i koret sitt. Gravferda vart utsett mesta to veker mens debatten raste. Til slutt gav kyrkja etter og oppfylte Chopins ønskje. Han vart gravlagd i Paris, men som Chopin hadde bede om, vart hjarta hans frakta til Polen og murt inn i den heilage krosskyrkja i Warszawa.

Musikken hans høyrer heilt klart til i romantikken i den klassiske musikken, men Chopin likte ikkje omgrepet og ville ikkje assosierast med det.

Alle stykka hans, utan unntak, inkluderer piano. Dei fleste av desse er skrivne for solo piano, men det er også eit mindre tal verk for andre instrument og song.




#Article 156: Sør-Varanger kommune (328 words)


Sør-Varanger er ein kommune som ligg nordaust i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i vest til Nesseby kommune, i aust til Petsjenga i Russland og i sør til Enare i Finland. 

Klimaet er subarktisk, eit tørt innlandsklima prega av kalde vintrar og relativt varme somrar.

Kommunesenteret ligg på Kirkenes, der det bur om lag 3 500 ibuarar. Kirkenes er ein av dei største byane i Finnmark, og er vendepunkt for Hurtigruta og E6. I kommunen er det òg mellomriksveg til Russland og Finland, med tollstader på Storskog (Russland) og Neiden (Finland). Kommunen har eigen flyplass med direkteflygingar til Oslo (Gardermoen), og elles til flyplassar i Finnmark og Troms.

Andre stader i Sør-Varanger er Bugøyfjord, Bugøynes, Hesseng, Jarfjord, Neiden, Sandnes, Skogfoss og Svanvik.

Sør-Varanger var den største kommunen i Finnmark i folketal fram til 1967, då Alta kommune vart større.

Folketalsutvikling for Sør-Varanger kommune frå 1920:

Kommunen vart bygd opp kring gruveselskapet Sydvaranger AS, som dreiv jernmalmgruvene i Bjørnevatn i perioden 1906-1996.

Kirkenes ligg strategisk plassert sentralt i Barentsregionen, og er i dag eit viktig knutepunkt i utviklinga av næringssamarbeid med Nordvest-Russland. Dei viktigaste næringane på Kirkenes er hamnerelaterte verksemder (skipsreparasjon, service) og ulike verksemder retta mot Nordvest-Russland. Andre viktige næringar i Sør-Varanger er handel, reiseliv, sjukehusdrift, jordbruk, reindrift og kommunal verksemd.

Før gruvene i Bjørnevatn vart starta, var Sør-Varanger fyrst og fremst eit samfunn basert på reindrift og fiske, med i hovudsak aust- og nordsamisk og finsk folkesetnad. Etter at gruvene vart opna vart det auka norsk busetnad, og som ei fylgje av den norske bureisingspolitikken vart Pasvikdalen forvandla frå eit område dominert av tradisjonell samisk og finsk næringsverksemd til eit jordbruksområde der norske bønder vart prioriterte av det statlege jordsalsstyret.
 
Russland har eit generalkonsulat på Kirkenes, og fleire land har honorære konsular i byen.

Ordføraren i 2018 er Rune Rafaelsen.

Sør-Varanger har tre venskapskommunar: Enare (Finland), Petsjenga (Russland) og Severomorsk (Russland). Samarbeidet med Petsjenga har vart i over 20 år, og er særleg utvikla på kultursektoren.




#Article 157: Ja, vi elsker dette landet (163 words)


 

Den fyrste versjonen av teksten skreiv Bjørnson under ei vitjing hjå Michael Krohn i heimen hans på Wernersholm i Bergen i 1859. Denne versjonen vart trykt i Aftenbladet 1. oktober same året. Den endelege versjonen som har åtte strofer, vart trykt i Bjørnsons Digte og sange frå 1870. Musikken er av Rikard Nordraak som 21 år gamal skreiv ein mannskorsong. Denne vart framførd offentleg fyrste gongen på Eidsvoll i 1864 av 24 mannssongarar (12 frå Den norske Studentersangforening, 8 frå Handelsstandens Sangforening og 4 frå Kristiania Haandverker Sangforening) i høve 50-års-jubileet for grunnlova. Seinare same dag vart songen framførd i Kristiania, frå «Aulatrappa», hovudtrappa framfor Universitetet i sentrum. Eit mannskor på vel 200 songarar gledde ved dette høvet fleire tusen tilhøyrarar. Med det var tradisjonen med korsong frå Aulatrappa på 17. mai innleidd.

Oftast syng ein den fyrste og dei to siste strofene. Men somme stader er det god tradisjon å syngje alle åtte. 

Songen er blitt kalla ei «identitetsskapande historiebok i miniatyr»:




#Article 158: Stavanger kommune (623 words)


Stavanger er den fjerde største bykommunen i Noreg, og ligg sørvest i landet, midt mellom Nord- og Sør-Rogaland. Han er det administrerande, økonomiske og kulturelle senteret i fylket.

Stavanger sentrum er lite og kompakt. Vågen, der ein tidlegare lasta og lossa skip, er no det sosiale samlingspunktet i byen, med torg, ei rekke serveringsstader, og kai for fritidsbåtar. Stavanger domkyrkje har utsikt over Vågen på ei side og Breiavatnet på den andre. På andre sida av vatnet ligg Rogaland Teater og fleire museum. Smale brusteinsgater og kvite trehus pregar det som er igjen av den gamle byen, men det finst òg bygningar av betong og glas som fortel om ei ny tid.

Namnet til byen kjem frå norrønt stafr, ‘stav’,( i tydinga bratt fjell) og angr, ‘fjord’. Det har budd folk i området sidan den siste istida, men Stavanger blei først ein by under Sigurd Jorsalfar då kyrkja oppretta eit nytt bispedøme med sete der.

Stavanger blei ein kjøpstad i 1425, og utvikla seg gradvis som eit handelssenter for sild, laks, hummar og trevyrke. Statusen som bispesete var likevel det viktigaste grunnlaget for byen, noko som førte til nedgangstider etter reformasjonen. Kristian IV ville helst leggja ned heile byen etter at han hadde flytta bispesetet til Kristiansand. Men Stavanger overlevde, og bygde seg opp innan sildeindustri og skipsfart.

I 1960-åra fekk Stavanger eit oppsving då ein byrja å leite etter olje i Nordsjøen. Utanlandske oljeselskap og arbeidarar etablerte seg i byen, som snart fekk eit meir fleirkulturelt preg. Om lag kvar tiande siddis er i dag opphavleg frå utlandet.

Dei opphavlege kommunegrensene frå 1837 er uklåre, utbreiinga av kommunen strekte seg i hovudsak rundt Vågen, austover over Valberget og Holmen til Østervåg og vidare litt austover, men inkluderte ikkje Verket. Kanskje var øyane Grasholmen og Sjølyst med. Området utanfor grensene låg i Stavanger prestegjelds landdistrikt, seinare nemnt Hetland herad.

Fleire utvidingar med overføring av areal frå Hetland herad til bykommunen følgde mellom 1848 og 1965. I 1848  Verket, Møllehaugen og noko av Ladegård. 1866 kom utviding mot vest, Eiganes frå Kalhammervika til Mosvatnet og mot Våland. I 1878 og 1905 mot aust: Buøya, Engøya, delar av Våland, Storhaug, og i 1923 heile Hetlandshalvøya, resten av Våland og delar av Tjensvoll.

Ved den store kommuneutvidinga i 1965 vart tidlegare Madla kommune og Hetland herad tatt inn i Stavanger kommune. Grensene på fastlandet som blei fastlagde då held fram som gjeldande grenser også etter siste kommunereforma med verknad frå år 2020. I perioden 1965 til 2019 var øya Åmøy delt mellom Rennesøy kommune og Stavanger kommune.

Frå og med 2020 er dei to tidlegare kommunane Rennesøy og Finnøy, og den delen av øya Ombo som låg i Hjelmeland, ein del av nye Stavanger kommune.

Etter gjennomføringa av kommunereforma i Noreg frå 2020, er det øyane i Ryfylke som gjer ut for det meste av arealet til Stavanger kommune. Mindre enn 70 km² av totalarealet på 262,5 km² ligg på fastlandet på Nord-Jæren.
På fastlandet grensar Stavanger i sør til Sandnes kommune, i vest mot Sola kommune og mot Hafrsfjorden, i nord mot Randaberg kommune og Åmøyfjorden, i aust mot Horgefjorden. Dei næraste kommunane til øyane i Ryfylkebassenget over sjø er Hjelmeland og Strand kommune. Frå 2020 går riksveg 13 gjennom Stavanger kommune frå øya Hundvåg, og til Solbakk i Strand kommune gjennom Solbakktunellen i Ryfast.
Det høgste fjellet i kommunen er Bandåsen på Ombo, 514 moh. Den største innsjøen i kommunen er Stora Stokkavatnet, 11 moh. på Nord-Jæren med eit areal på 2,19 km². 

Kommunen er delt inn i ni kommunedelar. Dette er Eiganes og Våland, Finnøy, Hillevåg, Hinna, Hundvåg, Madla og Kvernavik, Rennesøy, Storhaug og Tasta.

Forfattaren Alexander Kielland, diktaren Sigbjørn Obstfelder, målaren Lars Hertervig og komponisten Fartein Valen voks alle opp i Stavanger.




#Article 159: John Dowland (675 words)


John Downland (fødd 1563 i London eller Dublin, gravlagd 20. februar 1626 i London) var ein engelsk songar, luttspelar og komponist. Han er i dag best kjent for dei melankolske songane sine,  som til dømes «Flow my tears», «Come heavy sleep», «I saw my Lady weepe» og «In darkness let me dwell». Utover 1900-talet vart instrumentalmusikken hans gjenstand for fornya interesse, og finst no i repertoara til mange klassiske gitaristar. 

Frå 1579 til 1584 var Dowland i teneste hos den engelske ambassadøren ved det franske hoffet Sir Henry Cobham og  etterfølgjaren Edward Stafford, 3. hertug av Buckingham. På denne tida konverterte han til katolisismen, noko han hevda førte til at han ikkje fekk ein post ved det protestantiske hoffet til Elisabeth I av England. Påstanden er noko tvilsam sidan han ikkje hadde gjort trusskiftet kjend, og det fanst dessutan viktige katolske musikarar som gjorde karriere ved hoffet til Elisabeth I., som til dømes William Byrd. 

Etter at han ikkje lukkast i å få stillinga som kongeleg luttenist etter John Johnson gav han seg i 1594 ut på ein eitt år lang utanlandsreise. Først heldt han seg ved hoffet til hertugen av Braunschweig i Wolfenbüttel og hos Landgreve Moritz von Hessen i Kassel. Så reiste han til Firenze der han fekk kjennskap til at ei gruppe engelskmenn i eksil planla eit attentat på den engelske dronninga. Han skreiv eit brev tilbake til England om dette og reiste derfrå, først til Nürnberg og tilslutt tilbake til London rundt årsskiftet 1596-97, framleis med håp om å få stilling som hoffluttenist. Forhåpningane vart raskt knust då velgjeraren hans Henry Noel døydde kort tid etter at han hadde skrive eit brev til Dowland og bede han kome attende til England.

Det neste utanlandsopphaldet til Dowland førte han til Danmark der han frå 1598 til 1606 var luttenist hos kong Kristian Kvart som hadde eit av dei beste og mest moderne musikkmiljøa i Europa på denne tida. Dowland heva ei stor løn på 500 daler, men treivst likevel ikkje, og under ei reise til England i 1603-1604 nytta han høvet til å overvintre der. Hoffreknskapa til danskekongen gjev at han vart borte «en langsommeleg tid længer, end kongeleg Majestæt han nådigst havde forløvet». Til slutt vart han tilsynelatande sparka på grunn av «upassende oppførsel», det finst dokument som kan tyde på at han har hatt i oppdrag å spionere på den danske politikken overfor England på ei tid forholdet mellom landa var særs dårleg.

Tilbake i England var han nokre år tilsett hos hoffmannen Theophilus Howard, Lord Walden, men 28. oktober 1612 fekk han endeleg den etterlengta posten som Musician for the lute ved det kongelege hoffet til Jakob I av England. Ironisk nok skreiv han nesten ingen fleire komposisjonar, truleg fordi musikken hans var i ferd med å bli umoderne etter kvart som den nye barokkmusikken utvikla seg.

Det musikalske opuset til Dowland omfattar songar med luttakkompagnement, verk for luttsolo og verk for gambeconsort med luttakkompagnement.

Songane hans omhandlar ganske ulike tema. Musikalsk dreier det seg om strofiske songar, sjeldnare om gjennomkomponerte stykke. Akkompagnementet er hovudsakleg homofont med talrike forsiringar. Nokre av songane, som til dømes den kjende «Flow My Tears» eller «Oh, sweet woods» inneheld òg polyfone gjennomkomponerte passasjer der polyfonien er på grensa til det som er spelteknisk mogeleg på ein lutt. Den tekstlege uttalen er stort sett tydeleg. 

Instrumentalmusikken til Dowland er særleg viktig. Komposisjonane hans for gambeconsort med luttakkompagnement markerer ein av dei første høgdepunkta i utviklinga av ein sjølvstendig instrumentalmusikk innan europeisk musikkhistorie. I denne samanhengen kan alle sju variasjonar over temaet frå Lachrimae pavanen (opphevleg ein luttsolo, seinare  omarbeidd til songen «Flow My Tears») nemnast, samt consort-utgåva av luttsoloen «Semper Dowland, Semper Dolens». I begge stykka er den melankolske stemninga som er så vanleg i stykka til Dowland spesielt tydeleg, musikalsk understreka av ein forholdsvis farge- og dissonansrik harmonikk.

Om lag 100 av komposisjonane til Dowland for luttsolo er bevart. Dei høyrer til dei mest krevjande og modne verk for instrumentet og finst i det faste repertoaret til nesten alle luttenistar og klassiske gitaristar.

 




#Article 160: Orgel (112 words)


Orgel er ei samnemning for ymse musikkinstrument. 

I eit pipeorgel er ljodkjelda piper av tre eller metall. Pipeorgelet vert stundom kalla kyrkjeorgel, av di ein oftast finn det i kyrkjer, men det vert òg nytta i enkelte synagoger og i verdslege bygg (til dømes konserthus, kinoar og pizzastover).

Eit trøorgel (og kalla pumpeorgel og harmonium) har ikkje piper, men frie tunger som i eit trekkspel. Trøorgelet var særs vanleg i bedehusa og i skulane før pianoet overtok på 1960-talet.

Hammond-orgelet vart opphavleg utvikla som ei erstatning for pipeorgelet, men er i dag mest nytta i populærmusikken.

Den sovjetiske rakettutskytingsbilen Katyusha var under den andre verdskrigen kjend som stalinorgel av dei tyske soldatane.




#Article 161: Torálesing (368 words)


Torálesing (hebraisk קְרִיאַת תּוֹרָה qərī’at tōrā el. קִרְיַת תּוֹרָה qirjat tōrā) er ein term for offentleg resitasjon av Toráen (Mosebøkene) i synagogen.

Ein del av Toráen, ein parasjá, blir lesen kvar veke. Det er 54 ulike parasjijót (eintal: parasjá), éin for kvar av dei 54 vekene i jødiske skotår. I kortare år, som berre har 50 veker, slår ein saman nokre av dei kortare parasjijót.

Det å bli kalla opp for lesinga av eit avsnitt frå Toráen blir kalla ein ‘alijjá. Dette ærerike oppdraget blir delt mellom fleire menneske. På vanlege kvardagar med torálesing, det vil seie måndagar (eller evt. tysdagar i spesielle fall) og torsdagar, har ein tre ‘alijjót. Det første ‘alijjáen blir alltid gjeven til ein kohén om nokon slik er til stades; den andre blir gjeven til ein levitt; og den tredje blir alltid gjeven til ein «jisraél», det vil seie ein jøde som verken er kohén eller levitt. På høgtidsdagar er det fleire ‘alijjót, og på sjabbát er det heile sju av dei. Alle ‘alijjót etter dei tre første blir normalt gjevne til «jisraél». Dei som feirar ei stor hending i livet sitt, som bryllaup eller barnefødsel, blir gjerne kalla opp for ein ‘alijjá.

I riktig gammal tid var det skikken dei fleste stader at alle som vart kalla opp til ein ‘alijjá las bolken sjølv. Denne skikken finst framleis i nokre tradisjonar, men dei fleste stader er det no slik at det finst ein eigen ba‘al koré som les alle bolkane, medan dei som har ‘alijjá følgjer med i teksten og les signingane føre og etter. I egalitære synagogar er det òg vanleg å ha ei ba‘alat koré mdash; ein kvinneleg lesar.

Den første lesinga frå Toráen er ei viktig hending i livet til ein jødisk gut og blir feira som bar misvá. I egalitær jødedom (t.d. konservativ jødedom, rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom) blir bat misvá-feiringa for jenter oftast markert på same vis.

På festdagen simhat Torá les ein den siste delen av Toráen og fortset vidare til det første avsnittet av byrjinga, for å vise at Toráen er ein slutta sirkel som ikkje tek slutt. Denne dagen fell på den 23. tisjré, om lag tre veker etter den jødiske nyårsfeiringa rosj hasjaná.




#Article 162: Ragnar (112 words)


Ragnar er eit gammalt nordisk mannsnamn. Det er sett saman av «Ragn-», ei ordlekk som er skyld Regin eller Gamalgermansk Reiks (landsstyrar eller rådar, ofte nytta om gudar), og «-ar», ei samantrekking av Harjar som kan tyda hærførar eller krigar. Den fulle tydinga av namnet er då «gudekjempe» eller «gudekrigar». Den kvinnelege forma av Ragnar er Ragna. Ragne er ei kortform.

Ragnar har namnedag 25. mai. 

Ragnar var i bruk i kongsætta i vikingtida, men var ikkje i bruk igjen før på 1800-talet (sjå nasjonalromantikken). Var middels populær i første halvdel av 1900-talet, men vert lite brukt i namngjeving no.

I 2009 var det 5 314 menn som heitte Ragnar i Noreg.




#Article 163: Ragna (189 words)


 i Södermanland søraust i Sverige. På steinen står det: 
rakna * raisti * stain * þansi * at * suin * buta * sit * auk * sifa * auk * r-knburk * at * sit * faþur * kuþ * hil[b]i * at * [hat]s * uit * iak * þet * uaR * sui- * uestr * miþ * kuti. (Ragna reiste denne steinen etter Sveinn, mannen sin, og Sæfa og Ragnbjørg etter far sin. Gud hjelpe sjela hans. Eg veit at Sveinn var i vest med Gautr/Knútr).

Ragna er eit kvinnenamn kjend frå norrøn tid. Det kan enten vera den kvinnelege forma av det gamle nordiske mannsnamnet Ragnar, eller ei kortform av lengre kvinnenamn som byrjar på Ragn-. Det har difor truleg tydinga råd eller guderåd.

Ragna har namnedag 25. mai i Noreg og 1. oktober i Sverige.

Mellom 1880 og 1905 blei over 1 % av nyfødde jenter gjevne dette namnet, men bruken gjekk kraftig ned deretter, og er blitt lite vanleg. Ved byrjinga av 2009 var det 1 818 norske kvinner som heitte Ragna, mot 2 068 i 2006 og 2 265 i 2004.




#Article 164: Islandsk (994 words)


Islandsk (islandsk íslenska) høyrer til den vestnordiske greina av dei germanske språka.

Skrive islandsk språk har endra seg særs lite frå det norrøne skriftspråket på 1300-talet, og islendingar kan utan større problem lesa dei gamle sogene, som verka åt Snorre Sturlason. Derimot har islandsk uttale endra seg så mykje at ein islending frå 1200-talet og ein frå 1900-talet truleg ville ha hatt store problem med å forstå einannan. Den rike og innfløkte grammatikken er jamt over uendra frå norrøn tid, i alle fall når vi ser bort bort frå vokalane i språket. 

Islandsk har til liks med norrønt mellom anna fire kasus for substantiv, konjunktiv modus for verb, bøying av verb etter personar, bøying av talord etter kasus og tal opptil og med fire og så bortetter. Island fører dessutan ein aggressiv og særs konservativ språkpolitikk. Islandsk er såleis eitt av dei mest konservative språka i heile Europa.

Islandsk har ingen store dialektskilnader, men einskilde variasjonar i uttale finst. Éin skilnad er at nokre dialektar uttalar /hv/ som /hv/, medan dei fleste uttalar konsonantsambandet som /kʰv/.

Utanfor Island er språket berre nytta sporadisk bortsett frå eit område i Manitoba i Canada. Dit utvandra ei større gruppe islendingar på slutten av 1800-talet. På Island blir desse referert til som vesturíslendingar (vestislendingar).

Islendingar og færøyingar kan til ein viss grad forstå einannan, med litt trening.

Det islandske alfabetet er som fylgjer:

Det er ikkje lett for nordmenn å uttale islandsk med ein gong, men her kjem eit utval av hovudreglane, skrivne for det meste med vanlege bokstavar.

 á = diftongen /ao/, i der vi har /å/. Jfr. det norske «sognamaolet».
 é = /jeː/ – islandsk mér vert uttala /mjɛːr̥/, ikkje /meːr/.
 ð = /th/ eller [ð], klangfør (stemd), slik som i engelsk the.
 þ = /th/ eller [θ], klanglaus (ustemd), slik som i engelsk thing.
 f = klanglaus (ustemd) [f] nokre stader, men elles klangfør [v], gjerne i ord der vi på norsk òg har /v/. Døme: norsk
      sova, islandsk sofa. Vi får klangfør [v] i båe språka. Ljoden er helst klangfør mellom vokalar; klanglaus elles.
 g = klanglaus [k] i framljod, men elles ein frikativ (spirant): [ɣ]. Ljoden [g] finst ikkje på islandsk.
 k = [kʰ].
 d = klanglaus [t]. Ljoden [d] er ikkje til på islandsk.
 t = [tʰ].
 b = klanglaus [p]. Ljoden [b] finst ikkje på islandsk.
 p = [pʰ].
 
 í = /i/, anten lang eller stutt avhengig av stavinga.
 i = /i/, anten lang eller stutt avhengig av stavinga.
 o = /å/, som 'sova' eller 'over' på norsk.
 ó = diftongen /ou/, som engelsk lang /o/ (t.d. go).
 ú = /o/ som i nummer eller to.
 u = stutt, trykklaus /u/, som i maður, vert uttala om lag [ʏ].
 y, ý = i, í – vokalane /y/ og /i/ har falle saman. Dei er lange eller stutte avhengig av stavinga.
 æ = /ei/ eller /ai/, som austlandsk /ei/.
 ö = /ø/, anten lang eller stutt avhengig av stavinga. Ljoden dukkar gjerne opp der vi har /a/ eller /ø/ på norsk.
 au = /øy/
 ei = /ey/ – trøndsk eller nordnorsk /ei/
 ey = /ei/ – diftongane var opphavleg ulike, men dei har falle saman i nyislandsk.
 
 ll = /tl/, som jærsk fjedl eller adle, men med klanglaus /d/ = [t]. Ofte òg med klanglaus /l/ = [l̥], altså: [tl̥].
 fl = /pl/, ofte òg med klanglaus /l/ = [l̥], altså: [pl̥]. 
 fn = /pn/, som jærsk 'nabn', men med klanglaus /b/ = [p]. Ofte òg med klanglaus /n/, altså: [pn̥].
 rn = /rtn/ – ofte berre /dn/, som jærsk badn, men med klanglaus /d/ = [t]. Ofte òg med klanglaus /n/, altså: [rtn̥] eller [tn̥].
 hv = /kv/ – i dei aller fleste dialektane har gamalt /hv/ gått over til /kv/, slik som i nynorsk og nyfærøysk.
 /h/ før andre konsonantar skal ikkje uttalast, men bokstaven gjer fylgjande konsonant klanglaus: /hr/ = [r̥], /hl/ = [l̥], /hn/ = [n̥].
      Dette kan vera særs vandt for norskspråklege. På gamalislandsk var uttala [hr], [hl], [hn]; h-ane i desse orda  forsvann allereie
      i gamalnorsk. (Døme: islandsk hrafn, norsk ramn. Dette er eit viktig skiljemerke mellom gamalislandsk og gamalnorsk.)
 k før ein vokal skal uttalast [kʰ]. I islandsk står /hj/ for den norske kj-lyden: hjól, hjálp, Hjalti.
 kk = /hkː/, med såkalla preaspirert /h/. 
 pp = /hpː/, med såkalla preaspirert /h/. 

Konsonantar vert gjerne klanglause når dei kjem i slutten av ei staving, jamfør dømet mér = /mjɛːr̥/ ovanfor, i dette dømet med klanglaus [r̥]. Slike klanglause konsonantar har ei sann uttale, og dei lagar ein sann ljod, men desse sanne ljodane kan framstå som nesten umerkande for utlendingar. Dei er vande for nordmenn å uttala reint. 

Islandsk har nesten alltid trykk på fyrste staving. Nokre låneord utgjer unnatak til denne regelen. (Sjå nedanfor om islandsk purisme.)

Lengda på vokalar fungerer i regelen etter akkurat same reglar som vi finn i norsk. Det vil seia: trykksterke stavingar må ha anten 1) ein lang vokal, eller 2) anten ein lang konsonant eller eit konsonantsamband. Om ei trykksterk staving manglar lang konsonant og konsonantsamband, må vokalen i stavinga vera lang. Vokalen er då lang, uavhengig av om vokalen var lang på norrønt. Såleis er vokalen i ordet þig lang, sjølv om vi ikkje skriv *þíg. (Jamfør víg og vík, som «alltid» har hatt lange vokalar.) G-en i ordet vert dessutan uttala som ein klanglaus spirant, altså: [θiːɣ̥], eller [θiːx], avhengig av korleis ein ser på det.

 Keflavík        utt: keplavik
 Reykjavík            reykjavik
 Höfn                 høpn̥
 Þingvellir           thingvetlir̥
 Eyjafjallajökull     eyja-fjatla-jøkutl̥
 Mýrdalsjökull        mirdalsjøkutl̥
 Kírkjubæjarklaustur  kʰirkju-beijar̥-kløystur̥
 Eldgjá               eld-kjao
 Gullfoss             kutl̥foss
 Hveragerði           kʰvera-kerthi
 Hvítá                kʰvit-ao
 Þjórsá               thjour̥s-ao
 jökulhlaup           jøkʰul̥-l̥øyp

Den islandske språknemnda foreslår, i samråd med fagekspertar, nyord (nýyrði). Islendingar aksepterer vanlegvis nyskapnadene. På heile 1900-talet har ein difor funne opp mange ord for nye omgrep basert på det urnordiske ordstammeutvalet. Ei viss språkleg isolering blir balansert av at termar og omgrep blir sjølvforklarande og gjennomskinlege, ofte òg for andre nordbuarar. Døme:

Ei spesielt puristisk form av islandsk kallar vi høgislandsk eller háfrónska.




#Article 165: Polsk (2176 words)


Polsk er eit vestslavisk språk som er brukt i Polen der det er det offisielle språket, og i tillegg i grannelanda Litauen, Kviterussland, Slovakia og Tsjekkia, og i land folkesette av polske innvandrarar. Forskarar reknar med at det finst mellom 39 og 48 millionar menneske som snakkar polsk i dag.

Polsk er det største vestslaviske språket både ut frå talet på talarar og bruksområde. Det høyrer til den lechitiske greina av språkgruppa, saman med pommerske talemål og den utdøydde polabisken, og dannar eit dialektkontinuum med slovakisk og tsjekkisk. I tillegg har polsk påverka dei austslaviske språka kviterussisk og ukrainsk. Sjølv om einskilde slaviske språk utvikla seg annleis, er det framleis ei viss grad av gjensidig forståing mellom dei grunna tidlegare politisk-etniske tilhøve.

Nokre forskarar meiner at schlesisk og kasjubisk er dialektar av polsk. Andre hevdar at desse to er forskjellige språk. 

Det polske dialektlandskapet er ikkje variert lenger - sidan 1960-åra har ein observert tendensen til å vende seg mot standardspråket i alle regionar. Det finst fleire grunnar til denne prosessen: Politiske endringar etter den andre verdskrigen, migrasjon frå landet til byane og frå gamle austlege delar av Polen til dei nyfåtte teritoria mot vest, popularisering av allmenn utdanning og den auka rolla til massemedia. Ein skil mellom seks, sju eller åtte polske dialektar – talet avheng av forskarar si meining om kasjubisk og schlesisk:

Begge dei grenselandske dialektar vert ni snakka utanfor Polen av dei polske minoritetane i Litauen, Kviterussland og Ukraina. «Nyare blanda dialektar» er eit omgrep som vert brukt for å vise til dei nye dialektane som vert danna på tidlegare tyske territorium Polen fekk etter den andre verdskrigen.

Polsk står nærast i skyld med andre lechitiske språk: Kasjubisken og den utdøydde polabisken, men det dannar eit dialektkontinuum med slovakisk (nærast i skyld bortsett frå lechitiske språk) og tsjekkisk. Sjølv om dialektkontinuumet mellom polsk og sorbiske språk vart brote, er forholdet mellom dei framleis klårt synleg. Nedersorbisk viser fleire særdrag til felles med polsk, medan oversorbisk har same tilhøvet med tsjekkisk.

Kviterussisk og ukrainsk, som høyrer til den austslaviske gruppa, er påverka på polsk. Russisken er ogso slektningen til polsk, men leksikalsk avstand er litt større enn i forhold til kviterussisk og ukrainsk. Frå sørslaviske språk står slovensk nærmast den vestslaviske greina, medan makedonsk og bulgarsk viser det store talet på innovative særdrag som ikkje kan verte kjende att i andre slaviske språk.

Ifylgje siste folketeljinga frå 2011 er det 37 815 606 menneske i Polen med polsk som fyrstemål, som svarer til om lag 98 % av befolkninga. Polsk vert snakka og i grannelanda Litauen (av 234 989 polakkar busette der snakkar 187 919, altso 80 %, polsk,) Kviterussland (berre rundt 10 000 polsktalande, sjølv om talet på polakkar er mykje høgare) og Ukraina (18 593 av 144 130 polakkar). Den polske befolkninga i den tsjekkiske delen av Schlesien snakkar ein overgangsdialekt med særdrag av både polsk og tsjekkisk. Denne dialekten har stor prestisje i området. Polsk vert ogso tala i USA, Australia og fleire land i Vest-Europa på grunn av utvandring frå Polen i laupet av 1800-, 1900- og 2000-talet.

Forskarar vurderer at det felles urslaviske språket byrja å brytast ned i mindre dialektgrupper rundt 500-talet, medan polsk utvikla seg frå den vestlege gruppa på 900-talet. Vanlegvis vert polsk språkhistorie delt inn i fire periodar: gamalpolsk (til 1500-talet), mellompolsk (frå 1500- til 1772), tidlegare nypolsk (1772-1945) og moderne polsk (frå 1945).

I gamalpolsk periode viser språket svært mykje fellesutvikling med grannespråka pommersk og polabisk, men ogso med tsjekkisk og slovakisk. Mellom dei viktigaste endringane finst den lechitiske omljoden, utvikling av nye former for preteritum, presumptiv og imperativ, tap av separate former for aorist og imperfektum og fleire omlagingar på bøyingssystemet i nominalgruppa. I tillegg kan det observerast ulike ljodvekslingar, til dømes utvikling av lange vokalar, blanding av nasale vokalar og bortfall av konsonantiske sonantar.

I mellompolsk periode vert leivningar av aorist og imperfektum heilt borte – slike former opptrer ikkje lenger i nyare tekstar. I staden dukkar den nye, forenkla preteritumbøyinga opp. Då tok ogso fleire ljodvekslingar plass – palatalisering av /k/ og /g/ føre /ɨ/, utvikling frå /rʲ/ til /r̝/, tap av kvantitativ differensiering i vokalar på grunn av kvalitativ skifte og synkope i nokre bøyingsformer. Bøyinga sjølv utviklar seg ganske dynamisk. Størstedelen av former ein brukar i moderne polsk stammar frå mellompolske utviklingar. Etterpå vert opposisjonen mellom harde og mjuke konsonantar styrkt, medan trykket flyttar frå fyrste til nestsiste staving i eit ord. I tidlegare nypolsk vert skilnaden mellom /r̝/ og /ʒ/ borte og grafema ż og rz byrjar å tyde på den same ljoden. Talet på vokalkvalitetar vert ogso redusert, medan nasale vokalar fekk asynkronisk uttale som gjorde at dei fonetisk sett eigentleg er diftongar eller ljodkombinasjonar,

Polske stad-, folke- og personnamn opptrer so tidleg som i 800-talet i tekstar skrivne på latin. Den bayerske geografen frå 800-talet nemner dei slaviske folkegruppene, mellom anna desse som seinare sameina seg for å skape Polen. Dagome iudex som stadfesta at Polen var eit kriste land var truleg skrive seint på 900-talet. Fyrste setninga på polsk finst i Boka frå Henryków: day, ut ia pobrusa, a ti poziwai — la meg male og du kvil. Dei fyrste tekstane skrivne heilt på polsk kjem frå 1200- og 1300-talet. Ein kan nemne mellom anna «Bogurodzica», ein religiøs lovsong, og preikene frå Święty Krzyż. I denne perioden får polsk mange lånord frå latin, tysk og tsjekkisk, og seinare ogso italiensk og fransk. Oppfinning av trykking, Reformasjonen og den sokalla «Gylne Fridomen» førte til framheving av polsken som språket til hoffet, administrasjonen og byråkratiet.

Polen sitt tap av sjølvstende i 1795 markerer byrjinga av den nypolske perioden som held fram til 1945. Denne tida er prega av sterk germanisering og russifisering av den polsktalande befolkninga inntil slutten på den fyrste verdskrigen og etterpå i laupet av den andre. Polsk utvikla seg litt forskjellig i dei ulike delane av det førre Polen: Medan polakkar i Galizia, som var kontrollert av Austerrike og seinare av Austerrike-Ungarn, oppnådde stor grad av autonomi og fekk rett til å bruke sitt eige språk, vart folket i delane som høyrde til Preussen og seinare Tyskland germanisert gjennom ulike rettsakter, som til dømes skuleplikt med tysk som einaste undervisingsspråk. I Russland-tilhøyrande delar pågjekk det russifisering på valdeleg vis. Trass i dette kan ein observere ei kraftig utvikling av polsk litteratur. Henryk Sienkiewicz, ein polsk forfattar kjend hovudsakleg for sine historiske romanar, fekk Nobelprisen i 1905.

Polen gjenoppnådde sjølvstende i 1918. Då byrja ulike sosiolektar å utvikle seg. Då vart det ogso innført ein ortografisk reform som framleis gjeld i dag. Etter den andre verdskrigen, på grunn av store migrasjonar frå aust til vest grunna i grenseskifte, vart polsk eit ganske einsarta språk. Det hadde lita dialektal differensiering, bortsett frå einskilde behaldne særdrag.

Tabellen ovanfor viser konsonantiske fonem og allofonane deira i moderne polsk. Som alle slaviske språk, har polsk ganske rikt konsonantinventar og for kvar 100 vokalar er det 210 konsonantar i ein polsk tekst. Opposisjonen mellom harde og mjuke konsonantar er viktig i polsk og kan føre til tydingskifte i einskilde ord, til dømes mały  «liten» — miały  «(dei-hokjønn) hadde».

Statusen av mjuke konsonantar, dvs. om dei er allofonar av dei harde, eller er kvart og eit eit separat fonem, er vanskeleg å fastslå. Bortsett frå postalveolarar kan dei opptre berre i avgrensa tilfelle. Fonema /)/ og / / høyrer ikkje til det nåtidige polske foneminventaret, men kan dukke opp i austlege dialektar og i sceneuttale.

I polsk finst det seks orale vokalfonem: //, //, //, //, // og //. Dei svarer til ti grafem: lt;i, , lt;u og , ,  og lt;a. Vanleg uttalemåte for /i/ er [i], for /ɨ/ – /ɨ/, for /u/ – [u], for /ɛ/ – [ɛ], for /ɔ/ – [ɔ], medan for /a/ – [ä]. Allofonisk variasjon er ikkje stor. Grafema  og  markerer i skrift som oftast ulike kombinasjonar av vokalar med nasalert element – annan vokal eller konsonant – og uttalen deira avheng av posisjonen deira i ordet. 

Uttalen av vokalar, nasale vokalar inkludert, kan variere litt i ulike regionar og er knytt til kvalitative endringar av gamle lange vokalar. I mange dialektar har til dømes den gamle lange a-en utvikla seg til // i staden for //. Schlesisk og særleg kasjubisk har kvar for seg sine eigne særskilde trekk i vokalsystemet.

I polsk er som oftast den nest siste stavinga i ordet trykktung. Denne regelen gjeld for slavisk arveleksikon og størstedelen av lånord frå ulike språk. Unntaket er fleire verbalbøyingsformer: presumptiv og fleirtal i preteritum: chcielibyśmy (~«me ville»), robiliśmy («me gjorde»), latinske og greske lånord som sluttar på -ika, -yka: matematyka («matematikk»), logika («logikk»), nokre samansetningar: rzeczpospolita («republikk»), czterysta («fire hundre») og ein del andre ord som tradisjonelt får uregelmessig trykk på grunn av ulike faktorar (analogi, lån, osv.). Unntaka dannar ikkje tydelege kategoriar verken morfologisk eller semantisk sett, difor opptrer det ofte forskjellige feil i trykkleggjing. Mange, særleg yngre språkbrukarar, flyttar trykket alltid til den regelmessige, nest siste stavinga.

Polsk er eit flekterande språk med fem ordklasser som kan bøyast: substantiv, adjektiv, pronomen (personlege, eigedoms-, demonstrative, relative, spørje-), talord og verb. I tillegg kan visse adjektiv og adverb ha gradbøying. Orda i nominalgruppe bøyer i sju kasus (nominativ, genitiv, akkusativ, dativ, lokativ, instrumental og vokativ), to tal (eintal og fleirtal) og tre kjønn (maskulinum, femininum, nøytrum; bortsett frå substantiv som har ibuande genus). Verba bøyer i person (niosę «eg ber» ndash; niesiesz «du ber»), numerus (niosę «eg ber» ndash; niesiemy «vi ber»), tempus (niesiesz «du ber» ndash; niosłeś «du bar»), aspekt (nieść «å bere ein gong» ndash; nosić «å bere fleire gonger» ndash; zanieść «å ha bore» ndash; zanosić «å bere akkurat no») og modus (niosę «eg ber» ndash; zaniósłbym «eg ville ha bore»). I visse former får verba ogso genusbøying (niosłem «eg bar-maskulinum» ndash; niosłam «eg bar-femininum»). Infinitiv (nieść «å bere») og ei rekkje partisippformer er ogso medtekne i paradigmaa for verbalbøying: presens adverbial partisipp (niosąc «berande-adverb»), presens adjektival partisipp (niosący «berande-adjektiv»), aktivpartisipp for preteritum (niósłszy «*havande bore») og perfektum partisipp (niesiony «boren»). Det finst ogso ei verbalform for preteritum som svarer til norske konstruksjonar med ubestemte pronomen ein og man (niesiono «ein bar»).

Når det gjeld orddanning, er avleiing veldig vanleg, med mange produktive morfem. Samansetting førekjem derimot ikkje so ofte. I mange samanheng der germanske språk ville helst ha eit samansett substantiv, har polsk anten eit uttrykk med adjektiv, eller med eit anna substantiv i genitiv.

I polsk er SVO umarkert ordstilling, men rik morfologi tillèt å bruke ogso andre ordstillingar for å understreke det snakkaren meiner er viktigast i setninga. Dette gjer at polsk syntaks er nokso lausare i samanlikning med til dømes germanske eller romanske språk. Dette særdraget har polsken til felles med størstedelen av slaviske språk. Makedonsk, bulgarsk og kyrkjeslavisk er oppsiktvekkjande unntak. Plasseringa av ulike ledd i setninga spelar lik rolle i polsn som bruk av bunden og ubunden artikkel i språka der binding er ein levande grammatisk kategori:

Alle fire setningar tyder om lag det same: ein katt sit på bordet, og alle er korrekte. Det er fokus som er annleis i dei. I (1) er den viktigaste informasjonen at det er katten som sit på bordet, i (2) mdash; at det er på bordet der han sit, i (3) mdash; at han sit, medan i (4) mdash; at han sit på bordet, medan nokon annan gjer noko anna (til dømes står, ligg eller sit ein annan stad).

Polsk er eit pro-drop-språk som tyder at pronomena som fungerer som subjektet i setninga kan vere utelatne om dei ikkje er trykktunge. Den morfologiske strukturen av eit polsk verb inneheld allereie informasjon om person og ofte ogso kjønn, difor er pronomena redundante og kan fjernast.

Polsk har alltid vore skrive med latinske bokstavar. Dei fyrste dokumenta brukte ulike skrivemåtar, som oftast delvis inspirerte av tysk og tsjekkisk skriftspråk. På 1500-talet forsøkte Jakub Parkoszowic å innføre ortografiske reglar, men forslaget hans vart aldri populært. Særdrag av moderne ortografi opptrer i mellompolsk periode og viser ein stadig evolusjon der radikale reformer vart avviste til fordel for dei som baserte på nokso kaotisk, men allereie godt etablert skriftleg tradisjon. Den siste store reforma av rettskriving fann stad i 1936. Endringane innførte etterpå er små og som oftast gjeld skrivemåten av eigennamn, store bokstavar, teiknsetjing osv. og vert vedtekne og utgjevne av Det polske språkrådet.

Det moderne polske alfabetet består av 32 bokstavar:

a ą b c ć d e ę f g h i j k l ł m n ń o ó p r s ś t u w y z ź ż

A Ą B C Ć D E Ę F G H I J K L Ł M N Ń O Ó P R S Ś T U W Y Z Ź Ż

Bokstavane med diakritiske teikn er rekna som sjølvstendige og vert brukte ved alfabetisk sortering. Ordet łabądź («svane») opptrer difor i oppslagsverk etter ordet liczba («nummer»). I tillegg opptrer sju digrafar: ch, cz, dz, dź, dż, rz og sz, medan bokstavar Q, V og X ikkje dukkar opp i polske ord, unnateke nokre nyare lånord.




#Article 166: Sverd i fjell (114 words)


Sverd i fjell er ein bronseskulptur sett opp til minne om slaget i Hafrsfjord som samla Noreg til eitt rike. Han er laga av tre store sverd som står opp frå svaberget i Møllebukta inst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Skulpturen vart laga av Fritz Røed frå Bryne frå 1980 til 1983. Han vart avduka av kong Olav 7. mai 1983.

Eit større sverd står for kongen som sigra, medan dei to mindre er bilete på dei tapande småkongane. Minnesmerket er også meint som eit symbol for fred. Sverda er sett ned i fjellet for at dei aldri meir skal brukast, slik ein kunne stikka sverd i jorda som ei fredshandling i norrøn tid.




#Article 167: Åland (176 words)


Åland (finsk Ahvenanmaa, «Åborlandet») er eit semi-autonomt, avmilitarisert øyrike og eit tidlegare len i Finland.
Det finske landskapet har over 6 500 øyar som ligg inst i Austersjøen, mellom Sverige og Finland. Dei om lag 26 000 innbyggjarane er svenskspråklege. Hovudstaden og den einaste byen på Åland heiter Mariehamn og ligg på den største øya, Fasta Åland.

Sjølv om Åland ligg nærare Sverige både språkleg og geografisk, vart øyriket sett på som finsk då Finland sa seg sjølvstendig i 1917. Medan finsk nasjonalisme voks på fastlandet, vart ålendingane meir stolte av å vera svenske. Dei aksjonerte for å bli ein del av Sverige, og Finland svara med å byda dei autonom status i republikken. Konflikten er ein av dei få som vart løyste av Folkesambandet, som sa at Åland skulle verta ein autonom region i Finland, men at kulturen og språket deira måtte vernast. For å halda Åland ålandsk har øyane til dømes strenge reglar om kven som kan kjøpa og eiga land der. Samtidig gjorde ein internasjonal avtale øyriket til eit nøytralt og demilitarisert område.




#Article 168: Wangari Maathai (172 words)


Wangari Muta Maathai () var ein kenyansk miljøvernar og politikar. Ho mottok Nobels fredspris for 2004.

Maathai vart fødd i Nyeri i Kenya. Ho var den første kenyanske kvinna som tok doktorgraden i 1971. Dette kunne skje fordi ho fekk stipend til å studera biologi i USA og Tyskland. Etter at ho la merke til den raske forørkninga i Kenya starta ho Grønt belte-rørsla i 1977. I løpet av fjorten år planta rørsla 30 millionar tre.

Som opposisjonspolitikar med sterkt engasjement for miljøvern og kvinnerettar blei Maathai sett på som farleg for regimet til Daniel arap Moi, og blei fengsla fleire gonger. I 2002 blei Maathai likevel velt inn i det kenyanske parlamentet, og i 2003 blei ho utnemnd til visemiljøvernminister.

Ho har fått ei rekke prisar for arbeidet sitt, til dømes Petra-Kelly-Preis frå Heinrich-Böll-Stiftung og den norske Sofieprisen i 2004. 8. oktober det same året annonserte Nobelkomitéen at ho hadde vunne Nobels fredspris.

Maathai vart diagnostisert for kreft i juli 2010. Ho døydde i Nairobi, der ho fekk behandling for sjukdommen.




#Article 169: Rogaland fylke (485 words)


Rogaland er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord til Vestland og i aust til Vestfold og Telemark og Agder. I vest har fylket kystline mot Nordsjøen.

Fylket svarar til det tidlegare Stavanger amt og har sitt nåverande namn frå 1919. Namnet stammar frå folkegruppa rygene, der fyrste ledd er genitiv av det norrøne ordet rygir. Landskapet i fylket femner det meste av norsk natur og Rogaland vert med dette ofte kalla eit Noreg i miniatyr. Her kan ein nemne høgfjell med snø og is som aldri smeltar, mektig fjordlandskap, frodig jordbruksland og berr kyst. Største by og administrerande senter i fylket er Stavanger.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 11. januar 1974. Motivet er ein utskrådd kross med spiss fot, og er forma etter minnesteinen over Erling Skjalgsson som vart reist år 1029. Fylkesblomsteren til Rogaland er klokkelyng, fylkesfuglen er vipa og fylkessteinen er anortositt.

Stavanger er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Av statsadministrasjon har ein Oljedirektoratet i Stavanger.
Rogaland har 26 kommunar. Det svarar til Stavanger bispedømme, femner åtte prosti med 44 prestegjeld og 88 sokn. Fylket er delt i to politidistrikt, sju tingrettsdistrikt og 24 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.

Fylket ligg i den sørlege utkanten av eit klimabelte med sterkt maritimt, «vestorientert» preg og der høge fjell, djupe fjordar og dalar skaper store kontrastar. Innan Rogaland skjer det ein gradvis overgang til dei meir einsarta tilhøva som pregar dei «sørorienterte» Agder-fylka. Kyststraumen frå Skagerrak er ein vesentleg klimafaktor. 

Om vinteren bles det oftast frå søraust, og om sommaren frå nordvest. Sommarvinden har ofte ein market dagleg variasjon på grunn av solgangsbrisen, noko som fører til at vindstyrken ofte kjem opp i liten kuling eller meir. Årsmiddelet av kuling ved kysten er kring 20 %, medan liten storm eller meir skjer ca. 1 % av tida. 

Februar er som regel den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på kring 1 °C ved kysten, og frå –5 til –8 °C i indre strøk og i fjellet. Dei lågaste temperaturane som er målte er frå desember til februar og er frå -15 til –20 °C og ned til ca. –25 °C i indre strøk. Den varmaste tida er juli eller august med ein middeltemperatur på 14–15 °C. Dei høgaste temperaturane er målte i juni-august og er 27–33 °C.

Nedbørsfordelinga er forholdsvis einsarta og både ved kysten og i fjellet er årssummane 1000–1200 mm, i enkelte maksimalområde 30–60 km frå kysten går dei opp i kring 2500 mm. Lågare fjell, mindre vinternedbør og høgare sommartemperatur enn i Hordaland og Sogn og Fjordane gjer at det ikkje er større isbrear i fylket. 

Det er langt meir tåke i Rogaland enn på resten av Vestlandet, noko som delvis skuldast vårtåke over den kalde kyststraumen og at området er meir utsett mot fuktige luftstraumar frå sør. Ved kysten er det tåke 2-3 % av året, med opp mot 4-8 % i april.




#Article 170: Hordaland fylke (726 words)


Hordaland fylke er eit tidlegare fylke i Noreg. Fylket låg mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensa fylket til Telemark og Buskerud. I 2020 vart fylket slått saman med Sogn og Fjordane til Vestland fylke.

Hordaland fylke vart ofte delt inn i innlandsdistrikt og kystdistrikt. Innlandsdistrikta var Hardanger og Voss. Kystdistrikta var Sunnhordland, Nordhordland og Midhordland. Desse distrikta er samanfallande med dei tidlegare fogderia og noverande prostia. Om lag to tredelar av arealet i Hordaland fylke var fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Hordaland var det einaste norske fylket (utanom Oslo) der alle kommunane hadde grenser til hav. Bergen var den største byen i fylket og var sete for administrasjonen til fylkeskommunen. I byen ligg Bryggen i Bergen, som i 1979 vart skriven inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Dei to andre byane i fylket var Leirvik og Odda.

Kysten av Hordaland var i norrøn tid kjend som Hǫrðafýlki. Før 1919 var namnet på Hordaland fylke Søndre Bergenhus amt. Namnet «Hordaland» kjem av folkenamnet Hǫrðar. Hǫrðar er ei avleiing av av det germanske ordet for skog, harud. Harudane tyder altså skogfolket. Det norske namnet var hordane. Namn som Hordnes, Hordvik og Hordamuseet kjem av folket hordane.

Fylkesvåpenet til Hordaland fylke var to krosslagde øksar med ei krone over, på raud bakgrunn. Våpenet vart laga etter eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim på Tysnes. Fylkesblomen til Hordaland er kusymre, fylkessteinen er koronitt og fylkesfuglen er kvitryggspett.

Hordaland har opphavleg vore namnet på dei ytre delane av det seinare fylket; Hardanger og Voss låg såleis utanfor Hordaland. I den fyrste amtsinndelinga frå tidleg i 1660-åra utgjorde Halsnøy kloster og Hardanger eit eige amt i den sørlege delen av det noverande Hordaland, medan resten av fylket saman med Sogn og Fjordane høyrde til Bergen stiftsamt. Dagens grenser fekk Hordaland i 1763, då amta Søndre Bergenhus og Nordre Bergenhus, som svarar til dei noverande fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, vart oppretta. Sørgrensa til Hordaland vart endra i 2002, då Ølen kommune vart ført over til Rogaland.

Bergen by gjekk inn i Hordaland fylke i samband med store kommunesamanslutningar i 1972. Dei tidlegare kommunane Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart slått saman til nye Bergen kommune. Frå same tid vart det slutt på at Bergen var eige fylke.

Med rådande vind frå vest eller sørvest, vert det ført inn mykje mild og fuktig luft over fylket, noko som gjev eit temperert kystklima med mykje nedbør, særleg i kystnære strøk. Dei høge fjella skjermar dei indre områda mot påverknad frå havet, medan fjordar med temperert vatn hindrar vinterkulden, sjølv langt borte frå kysten. 

Vindforholda er prega av terrenget, særleg i låglandet, medan vestavinden dominerer i høgfjellet året rundt. Om vinteren bles det ofte utfallsvind gjennom dalar og fjordar, medan det ved kysten ofte bles mellom sør og aust. Liten kuling eller meir ved kysten har ein kring 10 % av tida. I finvêr om sommaren kan solgangsbrisen gje ettermiddagsvind frå nordvest eller nord. 

Januar og februar er dei kaldaste månadane med kring 2 °C ved kysten, men sjølv dei indre fjordstrøka har ikkje særleg under 0 °C. Innlandet har kring −5 °C, medan høgfjellet i aust har ned mot kring −10 °C. Kulderekordane er frå −10 °C til −15 °C ved kysten, til −25 °C til −35 °C i dalstrøka og i høgfjellet. Middeltemperaturane for juli er 14–16 °C, men temperaturen fell med høgda til kring 10 °C i 1000 m o.h. 
Varmerekorden i låglandet er kring 32 °C, medan ein i høgfjellet har hatt opp mot 20–25 °C.

Hordaland et er eit av fylka i landet som får mest nedbør med ein årsnedbør kring 1500 mm ved kysten og over 3000 mm i ei maksimalsone kring 50 km frå kysten. Vidare austover minkar så nedbøren til kring 1000 mm lengst aust. Hausten er typisk den våtaste tida av året, medan mai er den tørraste. Det er vanleg med lokale ettermiddagsbyer om sommaren i indre strøk, men det meste av nedbøren kjem i samband med frontar og byevêr frå vest. 

Årsmiddelet for tåke ved kysten er 2-3 %, og mest tåke er det om våren og sommaren. I dalstrøka kan ein få lokal strålingståke og frostrøyk om hausten og vinteren. I høgfjellet har ein tåke kring 2-5 % av tida og mest om hausten og vinteren.




#Article 171: Time kommune (428 words)


Time kommune ligg på Midt-Jæren i Rogaland fylke og grensar i nord til Sandnes i nord, i aust til Gjesdal og Bjerkreim, i vest til Klepp og i sør til Hå. Kommunen har stort sett hatt dei same grensene sidan 1838. I 1970 og 1989 vart to mindre område overførte til Gjesdal.

Administrasjonssenter i Time er Bryne. Lokalavisa er Jærbladet som òg dekkjer kommunane Hå og Klepp.

Time har i aust og vest to ulike landskapsformer. Jærsk, flatt landskap pregar dei vestlege områda med store jordbruksareal. I aust hevar landskapet seg og går over til meir kupert heilandskap. Det høgste punktet i Time er Bruskanuten på 430 moh.

Busetnaden i Time er konsentrert kring tettstadene. Kommunesenteret Bryne har . Av andre tettstader kan nemnast Lyefjell med , Undheim med  og Kvernaland med  der over halvparten av innbyggjarane bur i nabokommunen Klepp.

Av kommunearealet på 182 km² er 13 km² ferskvatn og 68 km² jordbruksareal. Landbruket og husdyrhaldet er viktig i Time, med mellom anna hønse-, saue-, storfe- og svinehald. Industrien sysselset trass i dette kring dobbelt så mange.

Sørlandsbanen går gjennom Time og det er eit fabrikksidespor til Kvernaland. Rv44 går vest for Frøylandsvatnet til Sandnes og Stavanger. Aust for Frøylandsvatnet går Fv505 Mellemstrand-Undheim–Kvernaland–Ganddal. Fv506 går frå Bryne austover til Ålgård og Fv504 til Bue der han går inn i E39.

Kommunen og soknet er kalla opp etter garden Time, der Time kyrkje ligg. Kommunen kom til i samband med formannskapslovene i 1837. På Undheim ligg Time bygdemuseum, med mellom anna Fotland kraftstasjon som no er vasskraftmuseum, og husmannsplassen Træe. I tillegg har Kverneland fabrikker bedriftsmuseum. På Lyngaland er det ein gard frå jarnalderen.

Arne Garborg (1851–1924) var fødd i Time. Både barndomsheimen hans, Garborgheimen, og diktarstova og sommarhuset Knudaheio er begge karakteristiske jærhus og er tilgjengelege for publikum som ei avdeling av Time bygdemuseum. I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Det vil vera eit levande senter for demokrati, kunnskap og skaparkraft. 

Tusenårsstaden til kommunen er Bryne Mølle. Mølla er saman med kulturhuset Storstova det regionale kulturhuset i Jæren. Tusenårstreet vart planta ved kyrkjegarden ved Time kyrkje.

Namnet Time stammar frå norrønt Þímin. Fyrste leddet kan ha samanheng med angelsaksisk Þínan, 'bli våt', eller norrønt þiðr, 'isfri', og siktar til myrlendt terreng. Sisteleddet tyder vin, 'eng'. Ein person frå Time blir kalla timebu.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1977. Motivet er på raud botn ei sølv vipa med utslådde venger. Vipa står som symbol for optimisme og førehandstru.




#Article 172: Bryne (226 words)


 
Bryne er ein by og tettstad i Time kommune i Rogaland fylke. Bryne ligg om lag 30 minutt med tog langs Jærbanen sørover frå Stavanger. Bryne har . Ein del av det tilgrensande tettbygde arealet i Klepp kommune, Kåsen, vert rekna med til tettstaden Bryne.

Namnet «Bryne» kjem frå norrønt brún ('kant, skrent') og -vin ('eng').

Bryne voks opp som ein stasjonsby rundt Time Station langs Jærbanen, som vart opna i 1878. Staden vart eit senter for handel, industri, økonomi og etter kvart utdanning. Av ulike institusjonar vart bedehuset Saron opna her i 1878, Jæderen Meieri og Jæderens Uldvarefabrik i 1898, meieriskule i 1906, og Rogaland Landsgymnas i 1924.

I 1921 vart det ved folkeavstemming bestemt at Time Station skulle endre namn til «Bryne». Bryne voks fort til å verta den største tettstaden på Jæren.
 

Den lokale fotballklubben Bryne FK rykka ned frå 1. divisjon i 2016, og vil i 2017 spela i 2. divisjon. 

Rosseland Ballklubb speler i 3.divisjon.

Kinobygget på Bryne er Storstova.

I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Det skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne Garborg og Hulda Garborg sine tankar og visjonar. Målet er å inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og senteret skal vera ein sosial møteplass. 

I 2015 opna Mellombels ølstove, ein utestad som fungerer både som konsertscene og pub.




#Article 173: Sogn og Fjordane fylke (1358 words)


Sogn og Fjordane er eit tidlegare fylke i Noreg, som låg mellom Møre og Romsdal i nord og Hordaland i sør. I aust grensa fylket til Oppland og i søraust til Buskerud. I 2020 vart fylket slått saman med Hordaland til Vestland fylke.

Fylket svara til det tidlegare Nordre Bergenhus Amt og har sitt noverande namn frå 1919. Det var samansett av tre hovuddelar, dei gamle futedøma Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, der dei to siste utgjer Fjordane. Sogn og Fjordane var særmerkt av fleire fjordar og omfatta Sognefjorden, som er den lengste og djupaste fjorden i Noreg. Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet, ligg mellom dei inste armane av Nordfjorden og Sognefjorden. På grensa mellom kommunane Luster og Årdal ligg Store Skagastølstind, som med sine 2405 moh. er den høgaste fjelltoppen på Vestlandet og den tredje høgaste i Noreg.

Fylket var svært fjellrikt, og omfatta fleire gode lakseelvar. Fylket hadde også mange frodige jordbruksbygder og mykje fruktdyrking. Husdyrhald, skogbruk og fiskeoppdrett er også utbreidd. Andre viktige næringar er industri, handel, turisme, privat og offentleg tenesteyting og administrasjon.

Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står oppført på UNESCO si verdsarvsliste.

Førde var den største tettstaden i fylket og Hermansverk i Leikanger kommune var sete for administrasjonen i fylkeskommunen. Florø, som ligg på vestkysten, er den vestlegaste byen i Noreg. Sogn og Fjordane var vennskapsprovins med den kinesiske provinsen Ningxia Hui.

Fylkesvåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon 23. september 1983. Motivet er på sølv grunn tre blå spissar mot venstre, der spissane står for dei tre fjordane i fylket og viser til fylkesdelane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Fylkesblomsteren til Sogn og Fjordane er revebjølle og fylkessteinen er eklogitt.

Terrengtilhøva i Sogn og Fjordane i dag er i hovudsak ei følgja av den tertiære landhevinga og følgjande erosjon, først av rennande vatn langs sprekkar og veikare soner i berggrunnen, seinare av ein omfattande iserosjon. Resultata av dette er synlege i dei djupe fjordane og i dei U-forma dalane der fjordane går vidare innanfor fjordbotnen. Sogn og Fjordane kan delast inn i tre geografiske område:

Sogn utgjer den sørlege delen av fylket, kring Sognefjorden og armane derfrå. Den austre delen av Vest-Jotunheimen ligg i området og i nordaust størstedelen av Breheimen. Utanfor dei ytste delane av Sognefjorden, nord for Utvær fyrstasjon, ligg Holmebåen som er Noregs vestlegaste punkt. Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg, og er den nest lengst fjorden i verda. Landskapet i Sogn er berglendt og frå Sognefjorden går tronge fjordarmar til begge sidene. Frå botnen av fjordarmane fører djupe, tronge og nokså bratte dalar inn mellom fjella som er samansett av harde og gabbroide bergartar. I dei ytre stroka når fjella på øyane sjeldan over 500 moh og ytst på fastlandet ligg dei på 700-800 moh. I indre strok når Hurrungane 2405 moh. Dei ytre stroka er nesten berre for skog medan dei indre har frodig vegetasjon langs fjordsidene og i dei lågareliggjande dalane.
 
Sunnfjord utgjer den sørlege delen av Fjordane i fylket, og femner områda kring dei kortare fjordane som skjer seg inn mellom Sognefjorden og Nordfjord i nord. Sunnfjord er kløyvd opp av ei rekkje vest-aust gåande, tronge og ofte krokete fjordar som er kortare enn i Sogn og i Nordfjord. I aust når Sunnfjord til Jostedalsbreen. Både her og på Myklebustbreen lenger vest når fjella over 1800 moh. Utanfor fastlandet ligg ei rekkje øyar, den største av desse er Bremangerlandet i nord. Dei største tettstadene i fylket ligg i Sunnfjord; Florø på kysten og Førde ved botnen av Førdefjorden.

Nordfjord er landet i den nordlegaste delen av fylket, kring fjorden Nordfjord i tillegg til Stadlandet, og strekkjer seg austover til ryggen av Jostedalsbreen og Strynefjell. Her ligg fjorden Nordfjord på 106 km, den sjette største fjorden i Noreg. I Hornindal inst i Nordfjord ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet. 

Jostedalsbreen ligg mellom dei inste armane av Nordfjord og Sognefjorden. Sogn og Fjordane har eit større breareal enn noko anna fylke i Sør-Noreg, og i dei ytre fjordstroka finn ein grunna den store nedbøren, brear som ligg lågare enn nokon annan stad i landsdelen. Skoggrensa søkk frå toppen 800 moh. i dei indre stroka til 200 m i dei ytre.

Det ligg to nasjonalparkar i fylket: Jotunheimen- og Jostedalsbreen nasjonalpark. Elles er det fleire verneområde av landskap, som Bleia - Storebotnen og den tilstøytande Nærøyfjorden, i tillegg til Stølsheimen på sørsida av Sognefjorden og Ålfoten på sørsida av den ytste delen av Nordfjord. Nærøyfjorden er innskrive på lista til UNESCO over verdas kultur- og naturarv som fjordlandskap.

Dei dominerande luftstraumane, saman med mesteparten av dei vandrande lågtrykka og nedbørsområda, kjem frå vest og sørvest. Vintertid blæs bakkevinden oftast frå austleg kant, ut fjordar og dalar, medan det blæs frå søraust ved kysten. Sommarstid blæs det oftast frå nordvest ved kysten, medan luftstraumane følgjer fjordar og dalar lenger inn i landet, frå vest mot aust.

I ytre og mellomliggjande strok er det mykje nedbør, om lag 1500-3000 mm årleg. Toppnivåa finst som regel 20-30 km frå kysten. I dei meir skjerma indre fjordstroka, me.a. i delar av Lærdal og Luster, er det nokre periodar med årsnedbør på under 500 mm.

Indre fjordstrok har stort sett reint innlandsklima. I desse stroka og i nærliggjande dalar er dei kaldaste middeltemperaturane i januar, frå –3 til –6 °C, og dei varmaste i juli med 13–15 °C. Attmed kysten er februar den kaldaste månaden med middeltemperatur på 1–2 °C, og august den varmaste med middeltemperatur på kring 14 °C. På den nordlegaste delen av kysten, særleg ved Stad, blæs det relativt ofte opp til kuling og storm.

Det eldste vitnesbyrdet vi har om fruktdyrking i landet er frå Sverresoga der Aldinshaugr i Vik (i dag Aldenhaug) blir nemnt. Dette er eit klyngjeprosjekt som går over tre år og omfattar alle bedriftene som jobbar opp mot frukt og bærnæringa i Sogn og Fjordane. Visjonen er at Sogn og Fjordane skal verta eit nasjonalt senter for innovasjon i frukt og bær. 

Fire hovudsamband fører sørover til Hordaland: I vest Fv. 57 frå Rutledal i Gulen til Knarvik i Lindås, E 39 frå Oppedal i Gulen til Knarvik og Bergen, Rv. 13 frå Vangsnes/Vik til Voss og E 16 gjennom fylket til Voss. Til Sunnmøre i nord går det tre hovudsamband, alle med endepunkt i Ålesund: Fv. 61 frå Bryggja i Vågsøy over me.a. øyane Gurskøya og Hareidlandet, E 39 frå Nordfjordeid via Volda og Ørsta, og Fv. 60 frå Hornindal via Stranda og Sykkylven.

Frå Austlandet går det fem heilårs vegsamband til fylket. Fire av desse går frå Sogn; E 16 over Filefjell og Rv. 52 over Hemsedal til Lærdal, Fv. 53 over Tyin til Årdal, Fv. 50 Hol-Aurland. Ein går til Nordfjord, Rv. 15 over Strynefjell til Stryn. Elles er det samband til Austlandet over Sognefjell frå Skjolden til Sogndal via Rv. 55. Ferjesambandet over Sognefjorden på Rv. 5 Fodnes-Mannheller gjev kommunane Aurland, Lærdal og Årdal samband med nordsida av Sognefjorden. Med opninga av den lengste biltunnelen i verda, Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland på 24,5 km, er det vorte etablert eit ferjefritt og vintersikkert stamvegsamband mellom Bergen og Oslo via E 16.

I sør går Bergensbanen på ei kort strekning innan fylket. Frå Myrdal går Flåmsbanen til Flåm ved botnen av Aurlandsfjorden, den brattaste og mest kjente turistbanen i Noreg. Til Lillehammer og Oslo er det ekspressbussamband. Flyplassar i fylket ligg i Florø, Førde, Sandane og Sogndal.

Hermansverk i Leikanger kommune er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen.
Sogn og Fjordane utgjer 26 kommunar, alle med nynorsk som administrasjonsspråk. Fylket har fire prosti med 29 prestegjeld og 82 sokn, og eitt politidistrikt som svarar til fire tingrettsdistrikt og 24 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.

Valresultatet i fylkestingsval i ulike delar av fylket. Kolonnen som heiter del angir del av dei totale stemmene i fylket.
 

Kjelde: 

Fylkestinget har 39 representantar. Åshild Kjelsnes (Ap) er fylkesordførar og Jenny Følling (Sp) er fylkesvaraordførar i perioden.

Ved Stortingsvalet 2009 vart følgjande fem representantar for Sogn og Fjordane valde inn på Stortinget for perioden 2009-2013:

Erling Sande var fast møtande vararepresentant for statsråd Liv Signe Navarsete.

Ved Stortingsvalet 2013 vart følgjande fem representantar for Sogn og Fjordane valde inn på Stortinget for perioden 2013-2017:




#Article 174: Telemark fylke (1090 words)


Telemark er eit tidlegare fylke i Noreg, som grensa til Vestfold i søraust, Buskerud i nordaust, Aust-Agder i sørvest, og Rogaland og Hordaland i nordvest. I 2020 blei fylket slått saman med Vestfold til nye Vestfold og Telemark fylke.

Fylket danna på fleire måtar ein overgang frå Austlandet til Sør- og Vestlandet, både geografisk, topografisk, kulturhistorisk og språkleg. Telemark kunne delast inn i fire regionar: Kragerøregionen Vestmar, Vest-Telemark, Aust-Telemark og Grenland (Skien- og Porsgrunnregionen). Skien var administrasjonssenter og den største av sju andre byar i fylket.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1970 og har på gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks. Dette skal symbolisere vern og vørdnad. Fylkesblomen til Telemark er systermarihand, fylkessteinen er brynestein og fylkesfuglen er linerle.

I Telemark var vassdraga den viktigaste ferdselsåra rundt 1900. Vassdraget frå Skien til Notodden blei kanalisert i 1861, og til Dalen i 1892. Dette følgde til vegbygging mellom anløpsstadene til kanalbåtane og dei nærliggjande bygdene. No til dags har vassdraga og kanalane berre nytte for turisttrafikken sommarstid. E 18 er hovudvegsambandet for dei sørlege delane av fylket, i Grenlandsområdet. E 134 er det viktigaste vegsambandet i dei indre delane av fylket over Notodden, Seljord, Vinje og Haukelifjell. Riksveg 36 som går frå Eidanger til Seljord bind E 18 og E 134 saman, og fungerer som hovudveg frå nordlege delar av Telemark til Grenlandsområdet. Viktige vegar elles er Riksveg 37 frå Kongsberg over Rjukan til Vinje, Riksveg 38 frå Kragerø gjennom Drangedal og Vrådal til Dalen og Riksveg 41 frå Brunkeberg i Kviteseid gjennom Nissedal til Arendal. Om sommaren er det samband frå E 134 i Høydalsmo gjennom Dalen vestover om Setesdal og Sirdal til Stavanger. Til saman har Telemark 4103 km offentlege vegar.

Første jernbane i Telemark blei opna i 1882 på vegstykket Larvik-Eidanger-Skien. Sørlandsbanen som blei bygd 1920-27, går gjennom Telemark frå Meheia, gjennom Sauherad, Bø, Lunde og Drangedal til Aust-Agder. Ei sidelinje går nordover til Notodden og Tinnoset og sørover til Skien. Skien og Porsgrunn har sitt hovudsamband med Oslo om Vestfoldbanen. Lokaltogsambandet går Porsgrunn-Skien-Nordagutu-Notodden. Telemark har flyplassar i Skien, Notodden og Fyresdal.

Telemark har ei kort kystripe, og her og i låglandet kring Langesundsfjorden strøymer det ofte inn havluft mot områda kring nedre del av Skiensvassdraget. Dei indre, lågare områda vert ikkje like påverka av denne lufta, men dei store innsjøane her medverkar til å dempe og forseinke vinterkulda. Den kaldaste månaden er januar og temperaturen varierer då frå kring–2 °C ved kysten til kring –8 °C i indre strøk. Gaustatoppen har –12 °C. Den lågaste målte minimumstemperaturen er kring –25 °C ved kysten og under –35 °C i enkelte indre strøk. Middel for juli er 16–17 °C i låglandet og i dalane, og søkk til kring med kring 0.7 grader per 100 meter oppover i høgda. Den høgaste målte temperaturen er kring 30 °C ved kysten, og opp til kring 33 °C i indre strøk.

Årsnedbøren er jamnt over 800–1200 mm, litt mindre i indre, lågare strøk, og til dels ein god del meir i fjellområda. I innlandet kjem det mest nedbør om sommaren, medan det ved kysten kjem mest om hausten. 

Retninga til dalføra og skjerminga til fjella gjer at det forholdsvis lite vind. Sterke vestlege luftstraumar kan derimot slå ned innimellom og verte forsterka av innsnevringar i dalane. Ved Tinnsjøen har tog blåst av sporet i samband med stormbyer gjennom Vestfjorddalen. Ved kysten bles det oftast frå sørvest om sommaren og frå nordaust om vinteren. Ein sjeldan gong kan pålandsvind av storm styrke føre til store skadar på grunn av opprørt hav og høg vasstand. Det er forholdsvis ofte tåke og tåkedis i Grenlandsområdet, om lag 5 % av året. Den store vassføringa i elva vinterstid fører til at det vert danna is på sjøen frå Langesundfjorden og vestover.

Namnet Telemark (Þelamørk) var opphavleg berre knytt til om lag dei områda ein dag kallar Aust-Telemark og Vest-Telemark. I dansketida blei namnet skrive i bunden form, Telemarken, men då namnet blei teke i bruk som fylkesnamn blei den ubundne forma Telemark etablert. 

Bygdene nedanfor Þelamørk heitte Grenland, mens bygdene nærmast kysten nemndest Grenmar og Vestmar. Grenland femna såleis opphavleg ikkje om kyststripa, slik det gjør i moderne språkbruk, og det er uvisst om det nokosinne har gjort det i historisk tid.

Þelamørk sokna ikkje til noko særleg lagdøme, til skilnad frå mesteparten av Noreg, mens Grenland, Grenmar og Vestmar høyrde til Borgartingslagen. Þelamørk hadde også ei anna form av skattbetaling enn dei sørlegare bygdene, og på slutten av mellomalderen bruktest derfor òg nemningane Skattlandet i nord og Tiendtaket i sør. 

Frå og med 1200-talet har noverande Telemark vore samla i ei eining: Fyrst Skiensyssel, seinare Bratsberg len, frå 1661 Bratsberg amt og frå 1919 det noverande namnet Telemark fylke.

Grenland omfatta opphavleg Lindheim skipreide og Volufors (Ulefoss) skipreide, eller etter noverande kommuneindeling: Bø, Sauherad, Notodden (unnateke Lisleherad og Gransherad sokn), Nome (unnatake gamle Flåbygd sokn), Drangedal (unnateke Tørdal sokn), og vestre delen av Skien).

Då sorenskrivarembetet blei innført i Norge i 1591 blei Grenland ein embetskrins, men krinsen fekk det då nykonstruerte namnet Nedre Telemarken, sjølv om det var historisk misvisande. Namnet Grenland gjekk innan eit århundre i gløymeboka, samstundes som nemninga Telemarken såleis fekk ei utvida tyding. Nedre Telemarken blei i 1843 også namn på eit fogderi, nedlagt i 1898, og eit prosti, nedlagt i 2006,, tilsvarande omtrent det same området.

I byrjinga av 1900-talet gjennomgjekk stadnamna i Noreg ei fornorsking. Dei gamle amta skulle skiftast ut med fylke, og helst få meir historisk forankra namn. Bratsbergs amt fekk det noverande namnet Telemark fylke. (Namnforslaget Telemark og Grenland fylke blei vraka - dobbeltnamn var ikkje ønskelege.) Med det nye fylkesnamnet fekk Telemarks-namnet sin noverande og endå meir utvida tyding.

Domssoknet til sorenskrivaren på Gvarv beheldt namnet frå 1593 (seinare med den ubundne forma Nedre Telemark), sjølv om grensene blei justerte nokre gonger, til domstolen blei nedlagd i 2007. Domssoknet blei oppløyst og lagt til nabodomstolane i Seljord (Vest-Telemark tingrett), Notodden (Aust-Telemark tingrett) og Skien. Sistnemnde domstol fekk arve namnet Nedre Telemark tingrett, sjølv om det berre var Nome kommune som følgde med frå det gamle domssoknet med same namn.

Seint på 1900-talet har omgrepet Midt-Telemark blitt etablert på kommunane Bø, Sauherad og Nome, som ligg nokolunde midt i Telemark fylke. Det er såleis å merke seg at omtrent det same område på same tid har vore kalla både Nedre Telemark og Midt-Telemark.

Skien er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Telemark har 18 kommunar og femner fem prosti med 30 prestegjeld og 63 sokn, vidare fem tingrettsdistrikt og eitt politidistrikt med 17 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.




#Article 175: Finnmark fylke (964 words)


Finnmark (nordsamisk Finnmárku, kvensk Finmarkku)  er eit tidlegare norsk fylke. Det var det nordlegaste og største fylket i flatevidd, men det minste i folketal. Det grensa til Troms fylke i vest, til Lappland (kommunane Utsjoki, Inari og Enontekiö) i Finland i sør og til Murmansk oblast i Russland i aust. Fylket var heile 12,9 % større enn Danmark. Finnmarksvidda dekte 36 % av flatevidda. Frå 1. januar 2020 blei Finnmark del av det nye Troms og Finnmark fylke.

Namnet «Finnmark» tyder 'samelandet'. Samane sin «hovudstad», og sete for Sametinget, er i Karasjok i Finnmark. 

Finnmark vart etter måten seint ein del av Danmark-Noreg. Sjølv om Vardøhus festning vart bygd som ei markering av dansk kontroll, vart samane i området lenge skattlagt frå tre land. På grunn av grensetvistar med Sverige og Russland har politikken andsynes samane alltid vore ein viktig del av norsk utanrikspolitikk i nord.

Området vart fyrst erklært som ein norsk kronkoloni, og var i til skilnad frå resten av riket direkte underlagd kongen i København. Etter oppløysinga av personalunionen med Danmark på byrjinga av 1800-talet vart det oppgradert til amt og ein integrert del av kongeriket Noreg. Frå 1870 hadde Finnmark telegrafisamband med resten av Noreg.

Fylket vart hardt råka av den andre verdskrigen. Tyske styrkar erobra Noreg i 1940. Tyske okkupasjonsstyrkar vart jaga frå grensa til Russland i oktober 1944, og Kirkenes vart erobra av sovjetiske styrkar 25. oktober 1944. Tyskarane vedtok at innbyggjarane i Finnmark skulle dra sørover, og tvinga dei som ikkje ville til å dra. 
Då dei tyske styrkane trekte seg tilbake bruka dei brentjordtaktikken, som gjekk ut på å hindra alle ressursar i å tilfalla den raude arméen. Dette innebar at mesteparten av bygningsmassen og infrastrukturen vart brend og øydelagd. Folkesetnaden på nær 60 000 vart tvangsflytt sørover; Den 28. oktober 1944 kom ordren om tvangsflyttinga (eller evakueringa) av folkesetnaden i Finnmark og Nord-Troms.  Ein tredel av folkesetnaden rømte unna tvangsflyttinga.

Norske styrkar kom til Kirkenes frå Storbritannia 10. november 1944. Det blei gjeninnført eit sivilt norsk styre, og starta hjelpearbeid for folka som var att.  Kort etter krigen sette Stortinget i gang eit omfattande arbeid med å gjenreise Finnmark. Det meste av dette blei gjort i løpet av 8–9 år.

Finnmark fekk sitt første gymnas i 1948, noverande Alta videregående skole.

Tenestytande sektor er den viktigaste.

Fiske er framleis svært viktig, men ved utbygginga av Snøhvitfeltet utanfor Hammerfest tek Finnmark òg spranget ut i oljealderen. Somme har stor von om oljefunn i Barentshavet, berre ein får bore der.

Det er lenge sidan reindrift var den fremste næringa i fylket.

Etter nedgangen i folketalet og fiskeria, har olje og turisme vorte nye satsingsområde.

Sidan Vardøhus festning, som framleis høyrer til Sjøforsvaret, vart bygd for 700 år sidan, har Finnmark vore ein del av Noreg. Vardø kommune kan vise fram fleire kulturskattar i fugleværet på Hornøya og «Lille-Moskva» (Kiberg). Vegen ut mot Hamningberg i Båtsfjord kommune liknar eit månelandskap.

Nordkapp er likevel målet for dei fleste turistane som gjestar Finnmark. Nordkapp har vorte enklare å vitje etter opninga av ny tunnel til Honningsvåg. 

I vestfylket ligg Hammerfest, som reknar seg som den nordlegaste byen i Noreg og som er den nest største byen i fylket. I denne delen ligg òg Alta som mellom anna er kjend for helleristningane som er på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Finnmarksvidda i søraust har to tettstader, Kautokeino i vest, og Karasjok i aust. Sistnemnde er sete for Sametinget. NRK Sameradio sender òg derifrå.

Trass skattefrådrag og rabatt på studiegjelda, vil mange likevel sørover. For ein del er eit opphald i Finnmark einstydande med eit springbrett.  Har ein ei bra utdanning kan ein snøgt få ei god stilling.

Finnmark er ikkje berre eit tospråkleg samfunn, men eit firespråkleg. Attåt norsk og samisk vert det òg snakka kvensk og russisk. Kvensk (eller finsk) vart i 1869 snakka av om lag ein firedel av innbyggjarane i Alta og Vadsø, og det var òg mange kvenar i Porsanger og Hammerfest. Særleg sterkt stod kvensk i Vadsø, som vart kalla kvenbyen. I dag står kvensk sterkast i Børselv i Porsanger (m.a. med eit Kvensk institutt og i Bugøynes i Sør-Varanger. Porsanger kommune er offisielt trespråkleg, men kvensk har ikkje den same støtta frå staten som det samisk har. Russisk har vorte eit nytt innvandrarspråk i Aust-Finnmark. I Kirkenes er mange gater skilta både på norsk og russisk. I grenseområdet mot Russland finn ein vegskilt på russisk.

Sidan 1975 har folketalet i fylket gått ned med kring 8 %.

Vardø er einaste bykommune i Noreg som ligg i den arktiske klimasona, det vil seie at snitttemperaturen i den varmaste månaden i året ligg under 10 °C. Resten av kysten vert heller ikkje stort varmare om sumaren, men så syter Golfstraumen for at det ikkje vert så mykje kaldare om vinteren heller. På Finnmarksvidda derimot kan ein oppleve både -40° og ned mot -50 °C på det kaldaste. Noregsrekorden for kulde har Karasjok med 51,4 grader, målt 1. januar 1886. På kysten er vinterstormane dei verste, og stengjer dei fleste vegovergangane i laupet av sesongen. 

På vidda er temperaturen (om sumaren) ofte godt over 20° C.

Myggen er om sumaren kjend blant dei som ferierer der som den største plaga, særleg på vidda.

E6 går gjennom heile fylket frå Alta i vest til Kirkenes i aust, der den lengste norske europavegtraseen endar strekket heilt frå Svinesund i sør. Ut frå innbyggjartalet har Finnmark eit svært godt vegnett.

Blant fylkesvegane er Fylkesveg 98 (mellom Hammerfest og Tana bru).

Det fins kortbaneflyplassar: Båtsfjord-,
Berlevåg-,
Hammerfest-,
Vadsø-,
Hasvik,
Honningsvåg-,
Mehamn-, og
Vardø-. Større flyplassar fins i Kirkenes, Lakselv og Alta.

Kommunane i indre Finnmark, Karasjok og Kautokeino, har ikkje flyplassar. Hurtigruta går langs heile Finnmarkskysten og snur i Kirkenes.

Det er 35 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2015: 




#Article 176: Finn E. Kydland (209 words)


Finn Erling Kydland () er ein norsk økonom og nobelprisvinnar busett i USA. Hovudområda hans er makroøkonomi og politisk økonomi. 

Kydland vart tildelt Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel for 2004 saman med Edward C. Prescott. Det han og Prescott samarbeida om var å laga ein økonomisk modell for makroteorien med utgangspunkt i mikroteori. Medan makroteori handlar om samfunnet generelt, det vil seie utvikling av inflasjon eller brutto nasjonalprodukt, handlar mikroteori om korleis enkeltpersonar og verksemder ter seg. 

Modellen deira løyste problem frå 70-talet med høg inflasjon og høg arbeidsløyse som dei eldre økonomiske modellane til John Maynard Keynes ikkje kunne hanskast med. Den nye modellen gjekk ut på å binda økonomipolitikken slik at alle visste kva som kom til å skje seinare.

Kydland kjem opphavleg frå Gjesdal. Han skal ha fått interessa for økonomi då han byrja å føra rekneskapa for ein venn som alte opp mink. Han studerte seinare faget ved NHH og tok doktorgrada ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh der han òg er professor. Han har den same stillinga ved University of California.

I tillegg til den djupe interessa si for økonomien liker Kydland òg bluesmusikk. Han er ein ihuga idrettsmann som har sprunge maratonløp fire gonger, og både speler og ser fotball.




#Article 177: Ragnar Frisch (220 words)


Ragnar Anton Kittil Frisch () var ein nyskapande norsk økonom. 

Frisch vart fødd i Oslo, og kom frå ei gamal slekt av gull- og sølvsmedar, og såg ingen grunn til å bryta familietradisjonen. Han gjekk i lære i gullsmedforretninga David Andersen, men i samråd med mora tok han også opp eit studium i økonomi ved Universitetet i Oslo (fordi dette faget var det kortaste og lettaste, i følgje Frisch). Studiet gav meirsmak.

Etter eksamen i 1919 drog Frisch ut i Europa og USA for å verkeleg læra seg økonomi og matematikk. Han tok doktorgrada i matematisk statistikk i 1925, vart universitetslektor, dosent og til slutt professor ved Universitetet i Oslo. Finansiert av Rockefeller grunnla han Institutt for Økonomi i 1932 og blei den første forskingsdirektøren der.

Frisch fekk fleire æresdoktorat og prisar. Dei to største var den italienske Antonio Feltrinelli-prisen og Nobelprisen i økonomi, som han fekk i 1961 og 1969. Han bidrog med mange nye tankar og termar innan økonomifaget, mellom anna ordet økonometri (av fransk économétrie) som han brukte første gong i artikkelen «Sur un problème d’économie pure» (1926). Frisch var sein av grunnleggjarane av Economic Society og redaktør av Econometrica i meir enn 22 år.

Ragnar Frisch gifta seg to gonger, med Marie Smedal i 1920 og Astrid Johannesen i 1953. Han var morfaren til Nadia Hasnaoui.




#Article 178: Finn (226 words)


Finn  er eit mannsnamn og ein namnedel som kan ha norrønt eller irsk opphav. Det har namnedag den 16. oktober i Noreg og Sverige og den 26. september i Finland.

Det norrøne Finnr viser til dei ein tidlegare kalde finnar, nemleg samar. Det har kanskje vore gitt som klengenamn til folk som ætta på desse. Finn kan brukast åleine, men ein finn det i talrike samansetjingar av namn. I mannsnamn er det som regel ei ending, som i Arnfinn og Torfinn. Finn finst òg i nokre få kvinnenamn, som Finnlaug. Namnet finn ein òg i stadnamn, som Finnøy, Finnås, Finnsnes og fylket Finnmark.

Det tradisjonelle irske namnet Finn tyder 'kvit'. Det blir i dag skrive Fionn, og har gjeve dei avleidde namna Finnén og skotsk Fiona. 
Også dette namnet finst i samansette namn, som Fiontan, Fionnuala og Fionnlagh (anglisert som Finley).

Finn er brukt som namn på troll i fleire soger, mellom anna Jätten Finn i Lund i Sverige

Phineas Finn (1867) er det eponyme namnet på ein roman av Anthony Trollope.

Huckleberry Finn er namnet på hovudpersonen i boka Adventures of Huckleberry Finn (1884), skriven av Mark Twain.

Finn var mykje brukt i Noreg på 1920-talet, med ein topp rundt 1930 då over 1,0 % av nyfødde gutar fekk namnet. I 2009 var det 7 684 norske menn som heitte Finn.

Irske sogeheltar og kongar:




#Article 179: Hafrsfjord (278 words)


Hafrsfjord er ein fjord i Rogaland som ligg på grensa mellom kommunane Sola og Stavanger, sør for sjølve Stavanger. Fjorden er kjend for slaget i Hafrsfjord, som i følgje sogene samla Noreg til eitt rike.

På Hestnes, i den smale delen av fjorden, ligg Fluberget, som er det største helleristingsfeltet i Sør-Rogaland. 

Slaget i Hafrsfjord som stod i 872 eller litt seinare då Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike. Det er reist eit monument for slaget og samlinga av Noreg kalla «Sverd i fjell». Monumentet står heilt nord i den indre delen av fjorden. 

Fjorden har innløp mellom Smiodden ved Kvernavik i nord og Fjørnesholmane i sør og strekker seg 9 km sørvestover. Den første halvdelen av fjorden er smal og ligg mellom Kvernavik og Madla i nord og aust og Tananger i sør og vest. Mellom Kvernavik og Tananger går Hafrsfjord bru over fjorden. Brua er om lag 500 meter lang, men går over Prestaskjær som ligg midt i fjorden. 

Etter at fjorden har passert Madla-Sandnes i nord og Hagøya i sør opnar fjorden seg opp og strekker seg her 3,5 km sørover til Stavanger lufthamn, Sola og 2 km nordvestover til Madlamark og Madlamoen. Denne indre delen av Hafrsfjord er om lag 5 km frå nord til sør. På austsida av denne indre delen ligg Forus, Jåttå og Sørnes. I sørenden av fjorden ligg sjølve Sola og flyplassen. 

Hafrsfjord er òg eit delområde i Madla bydel i Stavanger kommune. Området har eit areal på 5,78 km² i 2005 hadde det 4003 innbyggjarar. Hafrsfjord er igjen inndelt i 8 grunnkretsar.

Hafrsfjord kan vere det stadnamnet i det norske språket som har flest konsonantar etter kvarandre: «frsfj».




#Article 180: Egersund (193 words)


 
Egersund er ein by på det norske Sørvestlandet, i Rogaland fylke, med . Egersund vart ladestad 1798, og frå 1965 er han sentralstad i Eigersund kommune. 

Byen var før kjend for fajansefabrikken Egersunds Fayancefabrik, som vart etablert i 1847 og lagd ned 1979. Byen ligg ved sjøen og har mykje verksemd knytt til hamna, mellom anna fiskeri, og dei siste tiåra har verksemd knytt til oljeutvinninga i Nordsjøen vorte ein viktig del av næringslivet.

Egersund har ein jarnvegsstasjon, slik er byen knytt til Jærbanen og Sørlandsbanen. 

På folkemunne vert Egersund kalla «Okka by». Nemninga kjem av at det lokale talemålet merkjer seg ut med at ein seier «okka» i staden for «vår». «Okka by» tyder altså «vår by». Kommunen brukar nokre gonger slagordet «Okka by e dokka by». 

Namna «Eigersund» og «Egersund» har utgangspunkt i det norrøne/gamalnorske namnet «Eikundarsund».

Egersund ligg i Dalane-regionen sør i Rogaland, sør for Jæren. På mange vis er Egersund by ein slags «hovudstad» i Dalane. Dalane omfattar kommunane Bjerkreim, Eigersund, Lund og Sokndal. 
Avisa Dalane Tidende har hovudkontoret sitt i Egersund. Dalane folkemuseum har to avdelingar i Egersund. Ei avdeling er Egersund Fayancemuseum, medan hovudutstillinga er eit folkemuseum.




#Article 181: Eigersund kommune (331 words)


Eigersund kommune ligg i Dalane i Rogaland fylke og grensar i vest til Hå, i aust til Sokndal og Lund og i nord til Bjerkreim og til Sirdal i Vest-Agder. Kommunen har sine noverande grenser frå 1965 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Egersund, Eigersund, Helleland og delar av Heskestad.

Administrerande senter i kommunen er byen Egersund. Lokalavisa er Dalane Tidende, som òg dekkjer tre dei andre kommunane i regionen.

Eigersund utgjer fastlandet og den busette øya Eigerøy. Ved kysten er det lågland med snaue og avrunda berg med lite vegetasjon, utanom kring kommunesenteret Egersund og tettstadene Hellvik og Helleland, der Egersund treplantingsselskap har drive og planta tre i over 100 år. Lenger inn i landet er det meir frodig med ein del skog i dalane. Her er landskapet bratt og i nordaust finst det høgder på 650ndash;850 moh. I sørvest er toppane lågare og ligg på kring 250ndash;350 moh. Det høgste fjellet i kommunen er Store Skykula (906 m) nord for Gyadalen. I området nært Egersund ligg høgdene på rundt 100 moh.

Sørvest for Egersund, utanfor Eigerøy, ligg det eit såkalla amfidromisk punkt, dvs. eit nullpunkt i havet i høve tidvatnet. Tidvatn frå to ulike retningar, den engelske kanalen og nord for Skottland, treffes her og nøytraliserer kvarandre. Resultatet er at det ikkje er forskjell på flo og fjære i Egersund. Langs kysten av Vestlandet og Sørlandet er det på grunn av dette nullpunktet heller ikkje store forskjellar i tidvatnet.

Egersund er eit viktig trafikknutepunkt. Her møtest fleire viktige riksvegar, Fv44 Stavanger-Flekkefjord og Fv42 Arendal–Egersund; Rv502 til Eigerøya. E 39 passerer Eigersund 10 km nordvest for kommunesenteret. Sørlandsbanen går gjennom kommunen; Egersund stasjon ligg like nord for bysenteret. Anløp av kystruteskip, og ferjesamband til Danmark .

Namnet Eigersund kjem av norrønt språk Eikundarsund, sundet mellom eiketre. Ein person frå Eigersund vert kalla for eigersundar.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1972. Motivet er på grøn botn eit opprett eikeblad og står som symbol for utbreiinga eika har i kommunen.




#Article 182: Hå kommune (549 words)


Hå er ein kommune sørvest i Rogaland fylke. Kommunen grensar i nord til Klepp og Time, i aust til Bjerkreim og i sør til Eigersund. Han femner den sørlege parten av Jæren i tillegg til enkelte nordlege delar av Dalane.

Hå vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna. Til kvar av dei gamle kommunane er det knytt ikkje så lite lokalpatriotisme. Difor er kommunalpolitikken særkjenna av ymse bygdelister.

I Ogna er det tydeleg kupert heilandskap med avgrensa jordsmonn som elles i Dalane. Landskapet endrar seg nord for Brusand, der det går over i det særeigne slettelandet med frodig morenejord som kjenneteiknar Jæren. Mot aust lyftar landskapet seg og går over i Høg-Jæren. Her finst dei høgste områda i kommunen, med Bruseknuten på 436 moh. på grensa til Time. Kysten har få skjergardar og det meste av kyststrekninga i kommunen ligg innanfor Jærstrendene Landskapsvernområde.

Busetnaden i kommunen er konsentrert til slettelanda nordover frå Brusand og om lag 80 % av folkesetnaden i kommunen bur på 1/3 av arealet. Frå sør ligg tettstadene Sirevåg med , Brusand med , Vigrestad med , kommunesenteret Varhaug med  og Nærbø med .

Hå er ein viktig landbrukskommune og om lag halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruk. Kommunen har størst jordbruksareal i Rogaland og arealet aukar stort grunna nydyrking av tidlegare unytta område. Hovudvekta i jordbruket er lagt på produksjon av husdyr med grasdyrking, og kommunen er den med flest storfe og størst svinehald i landet.

Industrien i kommunen byggjer i hovudsak på jordbruket med meieri, slakteri og næringsmiddelfabrikkar på Nærbø og produksjon av ferdigmat på Varhaug. På Vigrestad er det møbelindustri. Kommunen er den viktigaste arbeidsgjevaren i lokalsamfunnet med om lag 1000 årsverk.

Gjennom Hå går Jærbanen og alle tettstadene i kommunen ligg langsetter der jarnbanen har hatt haldeplassar og stasjonar. Fv44 går gjennom kommunen frå nord til sør. Aust for jarnbanen går Fv505 frå Varhaug og nord til Kvernaland og Sandnes. Frå Varhaug er det samband med E39 via Fv504. Frå Søyland vest for Nærbø går Fv507 nordover langsmed kysten over Jærens rev.

Den største turistattraksjonen i kommunen er strandsona med rikt fugle- og planteliv, strender og havbølgjer som bryt, høg himmel og eit skiftande lys. Det er opparbeidd gangsti som fylgjer den gamle Kongevegen langs sjøen. Ved Varhaug låg det på 1200-talet ei kyrkje som no er borte. Kyrkjegarden ligg der enno. Ved utløpet av Håelva er det fleire graver frå jarnalderen og der ligg også Hå gamle prestegard som i dag blir brukt til utstillingar. På Nærbø ligg Jærmuseet.

Det er ei rekkje fortidsminne i Hå. Særleg gravfeltet ved Hå gamle prestegard har minne frå jarnalder og folkevandringstida. Hå bygdemuseum har samlingar av kulturhistoriske bygningar og saker frå Grødeland bygdetun frå 1700-talet. 

Forfattarane Tor Obrestad og Helge Torvund vart fødde i Hå kommune. På Obrestad ligg Obrestad fyr og Obrestad hamn.

Namnet Hå er knytt til prestegarden Hå og Håelva. Prestegarden er gjort om til kultursenteret Hå gamle prestegard. Ein person frå Hå blir kalla håbu.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon 5. juli 1991. Motivet er ein stubbrytar, eller steinbukk som ein seier på jærsk. Reiskapen vart mykje nytta på Jæren for å rydda stein før gravemaskinane si tid. Dei tre føtene til steinbukken kan symbolisera dei tre tidlegare kommunane.




#Article 183: Sandnes kommune (421 words)


Sandnes kommune er ein kommune på Nord-Jæren og sørlege Ryfylke i Rogaland fylke. På Jæren grensar Sandnes kommune mot Stavanger og Sola i nordvest, og mot Klepp, Time og Gjesdal i sør. I Ryfylke grensar Sandnes  mot Sirdal og Bykle i aust og mot Strand og Hjelmeland kommune  i nord.

Kommunen er med sine  innbyggjarar den ellevte mest folkerike kommunen i Noreg. Gjennom dei siste tjue åra fram til år 2020 har innbyggjartalet i kommunen årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9 %. Byen Sandnes saman med Stavanger gjer ut for tettstaden Stavanger/Sandnes, den tredje mest folkerike tettstaden i Noreg.

Sandnes si historie kan sporast attende heile 6-7.000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad. 
I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010. I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galdt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes. 

I samband med kommunereforma 2020 blei Sandnes kommune slått saman med tidlegare Forsand i Ryfylke. Med det fekk kommunen utvida flatevidda frå 304 til 1041 kmsup2;, og fekk ei grense mot nabofylket Agder.

Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn. 

Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Øglænd og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.

I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein Sandnesgauken. Ein Sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen. 

Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan kalla seg sandnesar, sandnesbu eller sandnesgauk.

I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Steen  Strøm Kvadrat ligg på Lura i Sandnes nord. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.




#Article 184: Nordland fylke (344 words)


Nordland er ein norsk fylkeskommune. Fylket er inndelt i distrikta Helgeland, Salten, Ofoten, Lofoten og Vesterålen. Administrasjonssenteret ligg i Bodø.

Nordland grensar til Troms fylke i nord, til Trøndelag fylke i sør, og til dei svenske fylka Norrbottens län og Vesterbottens län i høvesvis nordaust og søraust. 

Fylket er parlamentarisk styrt. Fylkesrådet er leia av Tomas Norvoll frå Arbeidarpartiet, medan Sonja Alice Steen frå Ap er fylkesordførar.

Trass i at Nordland har ei stor utstrekning frå nord til sør, er klimaet langs kysten forholdsvis einsarta nord til Lofoten og Vesterålen, som i mange situasjonar markerer eit vêrskilje. Fylket ligg særskild utsett til for lågtrykk som vert danna i Island- og Jan Mayen-området og går raskt mot aust. 

Den vanlegaste vindretninga er hovudsakleg frå sørvest, men det er store variasjonar. Kald utfallsvind frå søraust og aust, særskild sterk ved fjordmunningane, er vanleg om vinteren og kan nå kuling styrke, og ein sjeldan gong storm, når eit kraftig lågtrykk kjem frå vest. I roleg sommarvêr bles det gjerne frå nord eller nordvest ved kysten og innover dei større fjordane. Det er liten kuling eller meir kring 10 % av tida, medan det er storm under 1 % av året. 

Nærleiken til havet gjer at februar som regel er den kaldaste månaden. Middeltemperaturen er kring 0 °C på kysten og øygruppene. Ingen andre stader på same breiddegrader har eit så mildt vinterklima som Lofoten. Dei skjerma innlandsområda nær svenskegrensa er kaldast i januar med temperaturar kring –5 til –10 °C. Middeltemperaturen for juli varierer mellom 11 °C ytst i Lofoten til 14–15 °C i indre strøk.

Årsnedbøren varierer med terrenget frå 600-700 mm på dei ytste øyane til over 2000 mm i kystnære fjellområde. I Lofoten og Vesterålen kan ein særskild sjå store skilnader i nedbørsveridane over korte distansar, noko som hovudsakleg kjem av at sjølv moderate høgder kan utløyse og forsterke byenedbør. I dalstrøka lengst aust er årsnedbøren kring 500–750 mm. Her kjem det mest nedbør om sommaren, medan kysten får mest nedbør på hausten.

Det er 45 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2015: 




#Article 185: Indoeuropeiske språk (140 words)


Indoeuropeiske språk er ein språkfamilie som består av 10 ulike språkgreiner, til saman ca. 443 språk (etter SIL), og som tradisjonelt har vorte snakka i eit område frå India (tidlegare også Kina) til Europa. Etter den europeiske koloniseringa frå 1500-talet og framover blir indoeuropeiske språk snakka i alle verdsdelar, av meir enn 2,5 milliardar morsmålstalarar.

Dei indoeuropeiske språka blir delt inn i 10 ulike språkgreiner, i tillegg til ein del utdøydde indoeuropeiske språk som vi har relativt lite kunnskap om. Forsøka på å gruppere desse ti underfamiliane inn i større grupper har ikkje ført fram, kanskje med unntak av samlefamilien slavisk-baltisk. 

Jf. Liste over indoeuropeiske språk

Karakteristiske drag ved dei indoeuropeiske språka:

Det har vorte gjort mange forsøk på å vise at dei indoeuropeiske språka er i slekt med andre språk, men ingen av desse framlegga har vorte allment aksepterte.




#Article 186: Stril (710 words)


Stril er ei mykje brukt nemning på folket som bur på Strilelandet, det vil seie dei nordvestlege kyststroka av Hordaland fylke. Historieverket «Strilesoga» definerer området til å omfatta Nordhordland og Midhordland utanom det gamle bysenteret i Bergen kommune. «Strilesoga» tek for seg desse kommunane etter kommuneinndelinga pr. 2001: Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden, Fedje, Austrheim, Radøy, Meland, Askøy, Bergen, Os, Fusa, Samnanger, Osterøy, Vaksdal, Lindås, Masfjorden og Modalen.

Ordet stril  kan ha samanheng med landskapet der strilen budde – «strelete» tyder stripete og kan visa til dei lange, smale dalane som går nordvest-søraust i Nordhordland . «Stril» kan og komme av «stridig», strilebøndene nekta m.a. å betale ekstraskatt til futen i 1765 og sto då bak opprøret som seinare fekk namnet «Strilekrigen».

 
Omgrepet «stril» er gamalt, den første vi kjenner med dette tilnamnet er Steingrim Stryl, ein av dei aller fremste stormennene som gjorde 13 år gamle Håkon Håkonsson til konge på Gulatinget på Bergenhus i 1217:  

Etter dette reiste ein mann seg opp som heitte Steingrim Stryl, ein veltalande og klok mann, han gav Håkon kongsnamn, og dei aller fleste tingmennene takka han for det verket. Sidan sa kongen fram ein eid der han slo fast at han skulle halda lovene i landet.»  

Johan Welhaven skreiv i 1842:

  

Nemninga «stril» blei i langt tid brukt i negativ og til dels nedsetjande meining, til å skildra bønder og fiskarar i det nære opplandet til Bergen by. Byfolket og landsfolket var gjensidig avhengige av kvarandre, men særleg tenestefolk og barn i byen kunne bruka mykje krefter på å håna strilen. Ein del strilar var likevel stolte over bygdene og folket, og det følgande sitatet kan tyda på at det føregjekk ei betring på dette området under den nasjonale vekkingstida på slutten av 1800-talet:  

Her fyre Jol var det einkvan som vasla og snakka um at dei inne i Hovudstaden hadde teket paa med eit nytt Blad paa Bondemaal; eg fekk slik ein brennande Hug paa aa hava Fat i detta Bladet, at jamen foor eg mest eins Ærend til Byen til aa spyrja etter, og kor det no gjekk helder inkje, so var eg so heppen at ein Kjellarmann styrde meg inn til Ein dei kalla Maalstrævaren og han gav meg baade Fedraheimen og fleire Blad, og dei er paa Strilemaal mest alle ihop.» 
 

Ein måte å avgrensa strilane på har vore «dei som kan ro inn til Bergen i løpet av ein dag». Strilane rodde inn til fisketorget i Bergen for å selja fisk og andre varer. Slik skaffa dei seg pengar til å kjøpa nødvendige varer i byen.  

Strilane var rekna for å vera annleis enn byfolk. Ein typisk stril kunne peikast ut på kleda og på talemålet strilamål, som klart skilde og skil seg frå bergensk. Urtypen av stril var sagt å vera liten av vekst, tettvaksen og med svært lange armar. Armlengda kom av all roinga. Av strilar fanst typar som «havstril» , «søtmjølkestril», «bygningsstril» og «fjordstril». Kategoriseringa kom av kva strilane dreiv med, og kvar dei budde. Skjellsordet «slostril» er eit seinare påfunn. 

Strilane er framleis eit folk som bur ved kysten, men nemninga «stril» blir stadig sjeldnare brukt til å verkeleg håna nokon. Dette sjølv om strilamålet framleis har svært låg status blant ungdom i og rundt Bergen. No er «stril» mest ein nøytral måte å omtala dei som bur på Strilelandet, dei har begynt å bruka namnet om seg sjølve, og for nokre har også ordet fått ein ekstra positiv klang. Eit eksempel er reiarlaget Simon Møkster Shipping i Stavanger, som har døpt ei heil rekke supplybåtar med namn som begynner med «Stril». Møkster fortalde at for han har nemninga stril alltid stått for kvalitet og hardt arbeid. 

Lokalavisa Strilen starta opp i 1961, og leverer nyhende frå mykje av Strilelandet, særleg Nordhordland. 

Frå 1984 til 1995 samarbeida bergensartisten Ove Thue med Ivar Medaas om å laga musikk og underhaldning for både byfolk og strilar. Musikken og tekstane blei lagt merke til mykje vidare enn berre Strilelandet, og ein ny toleranse breidde seg blant den vaksne delen av byfolket. 

I dag har strilane fått selskap av mange nye naboar, og dette har også endra noko på identiteten. Forfattaren Jan Spurkeland seier det slik : 

Kjende strilar som brukar eller har brukt strilamålet:

Andre kjende strilar: 




#Article 187: Meland kommune (227 words)


Meland er ein tidlegare kommune i Nordhordland som eksisterte frå 1923 til 2020. Området ligg i Vestland fylke, tidlegare i Hordaland fylke. Meland kommune var ein kyst- og øykommune nord for Bergen. Kommunesenteret var Frekhaug, sør på øya Holsnøy. Øya Holsnøy utgjorde hovuddelen av kommunen. I tillegg kom Flatøy, Ypsøy og fleire små øyar. Mot sørvest var Askøy kommune. 

Nordhordlandsbrua frå Bergen kommune kjem i land på Flatøy. Europaveg 39 (E39) går vidare nordover gjennom tidlegare Lindås kommune. Nord for Meland ligg òg Radøy kommune. Mellom Meland og Radøy går Mangersfjorden og Radfjorden. Mellom Askøy og Meland går Herdlefjorden. Meland kommune hadde namn etter garden Meland på Holsnøy. Her er det òg kyrkje (Meland kyrkje). 

Meland sokn var frå 1885 ein del av Alversund prestegjeld og kommune. Meland vart eigen kommune i 1923. Ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland kommune. Ved kommuneendringer i 1964 overtok Meland Flatøy frå gamle Hamre kommune. Gamle Herdla kommune sine område nord på Holsnøy vart og overteke. Områda på Askøy vart overført til Askøy kommune. 

Siste ordførar var Øyvind Helland Oddekalv frå Arbeiderpartiet, siste varaordførar var Nils Marton Aadland frå Høgre.  

Kommunevåpenet til Meland er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Ein navar er eit trebor. 

Lokalavisene er Strilen og Nordhordland, medan regionavisene er Bergens Tidende og Bergensavisen.




#Article 188: Strilen (175 words)


Strilen er ei avis som har hovudkontor i Lindås. Avisa kjem ut i Nordhordlandskommunane, samt i Gulen kommune i tidlegare Sogn og Fjordane. Ho kjem ut 3 gonger i veka.

Sjefsredaktør er Stig Erik Elliot. Avisa Strilen er i konkurranse med avisa Nordhordland.

Namnet Strilen kjem av «stril», eit namn på folket i Nordhordland og Midhordland utanom Bergen. Desse regionane vert ofte til saman kalla «Strilelandet».

Strilen, blad for den vestlandske bonde-, fisker- og arbeiderbefolkning, kom ut frå 7. oktober 1911 til slutten av året 1915. Redaktør var Olav Hauge (1872-1936) frå Strandvik. Strilen fungerte som regionavis for Midthordland og litt til og inneheldt mykje stoff frå Fusa. Dei første åra kom avisa ut i Bergen, kvar laurdag. I 1915 satsa Hauge friskt og starta eige trykkeri i Os. Frå og med 19. mai 1915 kom avisa ut onsdag og laurdag. Det skulle visa seg å bli for tøft økonomisk, og Strilen sovna inn på slutten av 1915. Ei bortimot komplett samling Strilen-aviser er i etterkomarane si eige.  Denne avisa blei gitt ut på bokmål.




#Article 189: Nordhordland (272 words)


Nordhordland er eit distrikt nord i Hordaland fylke, som ikkje har nokre klart definerte grenser. Kommunane Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje og Masfjorden nord for Bergen vert alltid medrekna. Desse kommunane kan reknast som eit kjerneområde med Knarvik som kommersielt sentrum og Mongstad som industrielt sentrum. Som oftast vert også Modalen kommune medrekna og i større eller mindre grad også Osterøy, Vaksdal, Øygarden og Gulen (sistnemnde i nabofylket Sogn og Fjordane).

Dei eldste grensene til Nordhordland er ikkje kjende, men frå 1600-talet vart dei nokså faste. Den opphavelege nemninga var Nordhordlen, som seinare vart til Nordhordland futedøme (fogderi) under Søndre Bergenhus amt. Etter den noverande kommuninndelinga femna Nordhordland då om:

I 1773 vart Eivindvik flytt frå Nordhordland og lagt til Sogn og i 1866 vart Vikafjorden-Bolstadfjorden flytt frå Voss til Nordhordland

Midt på 1800-talet vart Midhordland oppretta som domssokn og prosti, ved frådeling av søre delen av Nordhordland og nordre delen av Sunnhordland. Det innsnevra Nordhordland femna då om:

Samstundes vart Nordhordland futedøme utvida til å omfatte også heile det nye Midhordland. Det er likevel mest den innsnevra definisjonen av distriktet som har halde fram inn til våre dagar. Futedømet vart nedlagt på byrjynga av 1900-talet, men Nordhordland domssokn held fram den dag i dag og vart i 2006 utvida att, då domstolane i Midhordland og Voss vart nedlagde. Nordhordland prosti vart i 1886 delt, og den austre delen danna Osterøy prosti som i 1975 vart nedlagt.

Ivar Medaas og Åslaug Låstad Lygre er to viktige kulturpersonlegdomar frå Nordhordland. 

I kjerneområdet finst to konkurrerande aviser, Nordhordland og Strilen. Dei dekker også Gulen kommune, og i tillegg dekker avisa Strilen også Modalen kommune.




#Article 190: Herdlefjorden (239 words)


Herdlefjorden er ein 19 km lang fjordarm av Hjeltefjorden langs grensa mellom kommunane Askøy og Meland i Hordaland fylke. Fjorden er kalla opp etter øya Herdla som han har innløp ved. På gamle kart er namnet Herløfjorden, i samsvar med stavinga av øynamnet. Herdlefjorden går frå Herdla i nord til Byfjorden ved Bergen og Salhusfjorden i sør. Herdlafjorden går på nordaustsida av Askøy og på sørvestsida av Holsnøy. 

Fjorden har innløp nord for Herdla og sør for Agnøyane på nordvestsida av Holsnøy og går hovudsakleg søraustover. Litt søraust for Herdla ligg den avlange øya Ypso, og her går Rosslandspollen 2,5 km innover på Holsnøysida. Ein like lang poll ligg litt lenger sør på Askøysida, Fauskangspollen inn til Fauskanger. 

Fleire bygder og grender ligg langs fjorden på begge sider. På Askøy finn ein Hapoldo, Abbedisso, Hegernes, Skjelviki og Kyrkjevik. På Melandssida ligg Io, Fløksand og Holmeknappen. 

Herdlefjorden er ei av seglingsleiene inn til Bergen, men Hjeltefjorden er meir brukt. Seglingshøgda gjennom Hjeltefjorden og under Askøybrua er 63 meter. I samband med at Askøybrua opna i 1992, vart det gjeve politiske lovnader om ei alternativ seglingslei inn til Bergen. Tanken er at høge cruiseskip og oljeinstallasjonar skal kunna koma heilt inn i Bergen hamn. Flaskehalsen for innsegling i Herdlefjorden er ved Herdla. Det er planar om å utvida leia ved å sprengja ut i Skjelangersundet og «Det Naue». Saka har vore til utgreiing i fleire år, og naturvernarar protesterer mot planane.




#Article 191: Sola kommune (436 words)


Sola er ein kommune i Rogaland fylke med 19 555 innbyggjarar pr. 1. januar 2004, 9 571 av desse bur i tettstaden Solakrossen. Andre tettstadar er Tananger (5 833), Hålandsmarka (604) og Stenebyen (643). 

Ved inngangen til 1980 var folkemengda i kommunen 12 323.

Sola kommune tilsvarar det som frå 1840 heitte Sola sokn i Håland herad.

Det er sju valkrinsar i Sola kommune; Tananger, Sola, Håland, Dysjaland, Stangeland, Røyneberg og Grannes. 

Stavanger lufthamn, Sola, Hovudredningssentralen for Sør-Noreg og Sola Flystasjon ligg i Sola kommune. I Risavika ligg eit stort hamneanlegg. 

Sola kommune ligg nord på Jæren, ved Hafrsfjord. Kommunen grensar til Klepp kommune i sør, Sandnes kommune i aust og Stavanger kommune i aust og nord. I vest grensar kommunen til Nordsjøen.

I Sola finst mange fine sandstrender, mellom anna Solastranda. Høgaste punkt i kommunen er Kjerrberget (101 moh.).

Arealet er 69 km². Størstedelen er fruktbart sletteland. Jordbruksarealet er 41 km².

Øya Rott er kjend for sitt fugleliv. Her ligg det sørlegaste fugleværet i Noreg.

Sola kommune er rik på spor etter menneskeleg verksemd, frå steinalderen via bronsealderen, vikingtida og fram til i dag. Rike gravfunn, mange fornminne og spor etter store gardar fortel om ei stordomstid heilt attende til bronsealderen.
Rægehaugane er det rikaste gravfunnet i Noreg frå bronsealderen. 

Kjende namn frå vikingtida er Harald Hårfagre (om lag 865- om lag 933) og Erling Skjalgsson (fødd om lag 975). Begge er viktige i Noregssoga.
Erling Skjalgsson er kalla Rygekongen eller Rygane sin konge. Ein kald ettermiddag før jul i 1028 vart han hoggen ned av Aslak Fitjaskalle si stridsøks.

Samlinga av Noreg til eitt rike skjedde truleg rett ved Ytraberget i Sola kommune. Slaget i Hafrsfjord stod i 872 eller nokre år etter det. Ein bautastein med kong Olav V sin signatur vart reist nær toppen av Ytraberget ved 1100-års jubiléet i 1972. Monumentet 'Sverd i fjell' av kunstnaren Fritz Røed vart avduka i 1983. Det ligg i Møllebukta (ved den delen av Hafrsfjord som høyrer til Stavanger kommune).

Sola Ruinkyrkje frå 1120-1150 er restaurert og vart gjenopna i 1995.

Alt på 1200-talet var Sola delt i tre sokn med kvar si kyrkje, ei på Håland, ei på Sola og ei på Tjora. Det var desse tre sokna som i 1840 vart slegne saman til eitt.

Det fyrste heradsstyret i Håland (då skrive Haaland) vart kalla saman i 1837 og valde losoldermann Gabriel Monsen til sin fyrste ordførar.

Den tidlegare kommunen Håland herad vart i 1930 delt mellom Sola og dåverande Madla kommune. Madla vart i 1965 slegen saman med Stavanger).

Solabladet er lokalavis for Sola. Regionavisa Stavanger Aftenblad har òg nyhende frå kommunen.




#Article 192: Hjeltefjorden (303 words)


Hjeltefjorden er ein 46 km lang fjord i Hordaland fylke og ei viktig seglingslei inn til Bergen. Han strekkjer seg frå Fedjeosen sør for Fedje i nord til Byfjorden i sør. I vest er fjorden avgrensa av Øygarden i nord og Fjell kommune i sør på Sotra. I aust er fjorden avgrensa av mellom anna Radøy, Holsnøy, Herdla og Askøy. 

Namnet Hjeltefjorden har samanheng med det gamle norske namnet på Shetland, Hjaltland. Sjøvegen til Hjaltland gjekk gjennom Hjeltefjorden. 

Fjorden har innløp i nord mellom holmane og øyane rett nord for Hellesøy i Øygarden i vest og holmane lengst nord i Radøy i aust. Frå her går fjorden generelt søraustover. Litt over 10 km inn i fjorden ligg Stureterminalen ved Stura på Alvøyna. Her går fleire røyrleidningar frå oljefelt i Nordsjøen, mellom anna frå Osebergfeltet.

Tvers over fjorden frå Stureterminalen ligg innløpet til Mangerfjorden på nordsida av Holsnøy. Han går inn til Manger og held fram søraustover som Radfjorden. Berre nokre kilometer lenger sør ligg Herdla i Askøy kommune på austsida. På nordsida av Herdla og søraustover går Herdlefjorden. 

Hjeltefjorden held fram søraustover og på vestsida går mange sund mellom øyane i Øygarden frå Hjeltefjorden og vestover til utsida av kysten. Kvernhusosen og Hattesundet ligg mellom Seløyna i nord og Alvøyna. Tjeldsøsundet, Nordra Straumsundet og Søra Straumsundet ligg mellom Alvøyna og Ona, Heliosen og Osundet ligg mellom Ona og Blomøyna, Ulvsundet mellom Blomøyna og Rongøyna, Rongesundet mellom Rongøyna og Toftøyna, Svelgen mellom Toftøyna og Misje og Solsviksundet mellom Misje og Sotra. 

På austsida, langs Askøy, går fleire djupe vågar austover frå Hjeltefjorden. Av desse finn ein Kjerrgardsosen ved Kjerrgarden, Davangsvågen inn mot Davanger, Hauglandsosen inn til Haugland. Sør for Hauglandsosen deler Hjeltefjorden ligg Litlesotra der Hjeltefjorden endar. Fleire sund går vidare sørover på vestsida av øya, medan Hjeltefjorden møter Byfjorden på austsida av øya.




#Article 193: Fedje kommune (5025 words)


Fedje (uttale «Feie»)  er ein kommune Vestland fylke, heilt nordvest i Nordhordland. Kommunen vert utgjort av ei hovudøy, Fedje, og om lag 125 småøyar og holmar. Fedje ligg ytst mot havet og er ein vindfull stad. Det flate landskapet her ute er derfor kjenneteikna av lite skog. Hovudnæringa har historisk sett vore fiskeri. 

Kommunen er ikkje landfast og ein er avhengig av ferje for å koma seg dit. Fedje ligg om lag halvannan times biltur nord for Bergen, 4,5 km vest for Sævrøy i Austrheim

Det meste av busetnaden på Fedje ligg rundt lune bukter på nordsida av øya, som Kyrkjevågen og Rognsvågen, men det finst òg spreidd busetnad andre stader på øya. Vestsida er derimot tynt folkesett. 

På ei høgd på vestsida ligg Fedje Trafikksentral som er Vestlandets Sjøtrafikkavdeling sitt administrasjonssenter under Kystverket 2. distrikt. Frå her vert skipstrafikken langs kysten av Vestlandet overvaka, inkludert trafikk inn og ut frå Bergen og Mongstad. Trafikksentralen er bygd på tuftene etter eit tysk radartårn som vart bygd under den andre verdskrigen då om lag 400 tyskarar var utstasjonert her. 

Namnet på Fedje heng saman med det norrøne faða, 'gjerde', som tidlegare har vorte tolka som «gjerdeøya». I dag trur forskarar at namnet i staden tyder «fiskestengsle», medan botanikarar peiker på at namnet kan kome av «feøya», sidan Fedje har vorte nytta som beiteland i lang tid og vart rydda for skog gjennom sviing.

Fedje er den vestlegaste kommunen i landet, og ligg ytst i havgapet. Mellom Fedje og fastlandet ligg den breie Fedjefjorden, i sør ligg Fedjeosen mot Øygarden, i nord ligg Holmengrå fyr ved grensa til Sogn og Fjordane og Gulen, like sør for utløpet til Sognefjorden. 

Landskapet på Fedje er hovudsakleg flatt, og det høgaste punktet på øya, Fedjebjørnen, ligg berre 42 meter over havet. I grensa mellom sjø og land er det snaue svaberg dei fleste stader, og på stadane som er mest ope mot havet stader strekkjer svaberga seg 20-30 meter innover land. 

Med eit areal på berre 9,4 km² er han den minste kommunen i Hordaland, og av dei minste i landet.

Fedje kommune består av omkring 125 øyar. Hovudøya Fedje er den klårt største og inneheld nesten all folkesetnad. To små øyar, Moldnøyane og Kræmmarholmen i Kyrkjevågen, som begge ligg like nordom hovudøya er landfaste og har òg nokre bustadhus. Tidlegare var det òg bustad på Hellisøy og Holmengrå i samband med fyrstasjonane her, men desse er fråflytta. 

Av dei andre øyane i kommunen ligg så godt som samtlege nord for hovudøya i tre små grupper, medan det ikkje ligg nokon i aust, og berre eit fåtal sør og vest for hovudøya. Den nest største øya i kommunen  er Lyngmågøyna og ligg i gruppa nærast sjølve Fedje. Nord for denne gruppa ligg sundet Nordre Ålen og Innarsøyane nord for her igjen. Dei fleste av Innarsøyane er ein del av eit fuglereservat. Nord for Innarsøyane ligg Nordosen og lengst nord Holmengrå og nokre småskjer. Det nordlegaste skjeret i kommunen er Dubleskjeret. Kommunegrensa går eit stykke nord for Holmengrå og her ligg fleire grunner som bølgjene bryt på. 

Mesteparten av innbyggjarane på Fedje bur nord på øya der ein finn fleire lune viker. Tettast er busetjinga rundt Kyrkjevågen, som er skjerma i alle retningar, i nord av Moldøyna. Midt i denne vågen ligg Kræmmarholmen. Like vest for Kyrkejvågen ligg Rognsvågen, som er mest like verna. Rett sør for hovudbusetnaden på Fedje ligg Husavatnet, som trass namnet ikkje er eit vatn, men ein djup våg. Det er lite busetnad rundt denne vågen, truleg fordi munningen til vågen er særs smal og vender ut mot det opne havet. Sildevågen er ein lang og smal våg på nordaustsida av Fedje. Sør for Husavatnet ligg den store og aude utmarka på Fedje. Ho er særs myrlendt med mange torvmyrer. Denne utmarka utgjer mesteparten av øya og er i stor grad folketom. 

Lengst sør på Fedje ligg grenda Stormark. Her var eigen skule og butikk i eldre tider. Like utanfor hamna i Stormark ligg Æskjeret. På folkemunne vert Stormark stort sett kalla Æskjeret og folket her for æskjeringar.

Det finst mange tjørner på Fedje, særleg i utmarka. Dei største er Storevatnet, Langevatnet, Kloken og Brurevatnet. Storevatnet er drikkevasskjelde på Fedje. Husavatnet er ikkje eit ferskvatn, men har eit smalt utløp ut til sjøen. Utløpet er derimot så smalt at vatnet er brakt.

Det meste av busetnaden på Fedje ligg nord på øya, medan resten bur heilt sør på øya. I sentrale område er det hovudsakleg utmark. 

Husa og Kopper er dei to eldste gardane på Fedje. Desse hadde den beste jorda og låg ved dei lunaste vågane nord på Fedje, mellom Kyrkjevågen, Bruvågen og Rognsvågen. Både Husa og Kopper høyrte til matrikkelgarden Fedje med gardsnummer 168. Resten av denne garden vert kalla Nederlandet og omfattar Opphaugen, Eide, Brotet, Grenda, Muren, Stuberg, Uthaugen, Berge, Byttestykket, Børen, Tangane, Vika og Steinborg. Nedrelandet ligg mellom Kyrkjevågen og Rognsvågen, nord for Husa og Kopper. 

Vest for Husa, Kopper og Nederlandet, det vil sei vest for Kyrkjevågen og ut mot storhavet, ligg området Vestkanten, som har sitt eige gardnummer, nr. 169. På midten av 1800-talet omfatta Kremmarholmen heile Vestkanten. I dag er Vestkanten innedelt i Holmen, Kremmarholmen, Smineset, Sulen, Hesteneset, Hesthøyen, Mulen og Muleide, Kongestølen og Smineset. Lengst sør på Vestkanten ligg garden Træsneset, som har gardsnummer 171. 

Nord for Nederlandet ligg to små øyar, Moldøyna og Skotholmen, som har gardsnummer 170. Rognsvågen er ein matrikkelgard som ligg på austsida av vågen med same namn og har gardnummer 167. 

Ein annan del av matrikkelgarden Fedje er Svena og Husøyna aust på Fedje som ligg med Rognsvågen i nord, Husavatnet i vest, Sildevågen i sør og Fedjefjorden i aust. Dette området var frå gamalt av ein del av utmarka til gardane Rognsvågen, Fedje og Moldøyna, og vart nytta som beitemark for husdyra. Fram til 1950-åra vart det drive stølsdrift her og ein hadde eigne sommarfjøs til å mjølke kyrna. Under andre verdskrigen vart det skild ut tomtar her, og særleg frå 1960-åra vart det bygd mange bustader her etter at kommunen regulerte eit byggefelt i Husøyna (som ikkje er ei øy). 

Sør for Husøyna ligg Vågane og Nygård, som omfattar den nordaustlege delen av Stormarka. Dei grensar i nord mot Husavatnet, Husøyna og Sildevågen. Området var utmark fram til det vart lagt ut for sal av Fedje Torvbruk under første verdskrigen. Den første frådelinga i Vågane og Nygård følgde etter i 1917. Jorda vart oppdyrka og det vart drive husdyrhald, men fiske var hovudnæringa som elles på Fedje. 

Lengst sør på Fedje ligg grenda Stormark, som òg vert kalla Æskjeret. Busetnad her kom først om lag 1885 i samband med torvbruket i den store utmarka.

Mest heile øya er dekt av myr- og lyngheilandskap, små vatn og tjørner. Tidlegare vart det drive omfattande torvdrift på øya, og det vart til og med bygd ei toglinje som tok torva til hamna i Stormark. Torvdrifta tok slutt omkring 1920, men framleis er landskapet og vegetasjonen prega av denne drifta. I dag som det meste av beitedrifta er borte har småskog, hovudsakleg gran, og kratt starta å vekse til, særleg dei lunare stadane på øya. 

Myrlandskapet har gjeve Fedje eit særpreg og sjølv oppe på åsryggane finn ein fleire stader opp til to meter tjukke myrlag. Dette terrengdekkande myrlandskapet er mest vanleg i Irland, Wales og vestlege delar av Skottland. Myrlandskapet har oppstått som følgje av at steinalderbøndene rydda bort skogen. 

Eit særmerke for Fedje er villkaninane. Desse kom opphavleg frå Shetland og vart sett ut på Fedje i 1875, den gong berre 3-4 stykk. Dette var ikkje tamme kaninar som rømde eller vart sett ut, og heller ikkje dei liknande jærharane, men ekte villkaninar, som berre har eksistert eit fåtal stader i Noreg. Tidlegare var kaninane talrike og eit vanleg syn på øya, men etter at det voks opp ein større minkebestand i 1960- og 1970-åra har talet på villkaninane gått sterkt attende, og er i dag kanskje heilt forsvunne. Sidan kaninane held til på grasmark og opne skogområde, som det etter beitinga tok slutt er lite av på Fedje i dag, kan dette òg ha vore ei medverkande årsak til at dei er borte. Minken har òg teke over oteren sine jaktmarker, som i dag er i fåtal. I 1978 vart det først gong sett hjort øya, som har sømd den lange vegen over fjorden, og sidan den gong har ei lita stamme halde til her.

Fedje har eit rikt fugleliv, og sørvest i kommunen ligg to sjølfulgreservat. I alt er det observert over 180 fuglegartar på øyane, dei fleste av dei trekkfuglar som flyg langs kysten, men nokre trekkfuglar overvintrar òg på grunn av dei milde vintrane. Dei fleste fuglane er sjø- og vadefuglar, men ein finn òg nokre spurvefuglar som trostar, songarar og finkar. I tillegg finn ein enkelte rovfuglar og ugler, mellom anna havørn. Om lag 40 fugleartar hekkar på Fedje. Fuglar som hekkar på Fedje er smålom, grågås, stokkand, krikkand, ærfugl, siland, orrfugl, tjeld, vipe (kalla siri på Fedje), steinvendar, raudstilk, storspove, småspove, enkeltbekkasin, tjuvjo, hettemåse, sildemåse, gråmåse (kalla storemåse på Fedje), svartbak (òg kalla storemåse på Fedje), fiskemåse (kalla sengsmåse på Fedje), makrellterne, raudnebbterne, tyrkardue, gauk, låvesvale, songlerke, heipiplerke, skjerpiplerke, gulerle, linerle, star, skjor, kråke, ramn, steinskvett (kalla steindulp på Fedje), gråtrost, svarttrost, kjøttmeis, gråsporv og bergirisk.

I dag er det eit par hundre sauer som beiter på Fedje, men tidlegare var husdyrhaldet langt rikare. Dei fleste gardane hadde sine eigne dyr og før den andre verdskrigen var Fedje sjølvforsynt med mjølk. I 1945 var det registrert 144 kyr på øya, men i dag er det ingen att.

Fedje vart ein eigen kommune i 1947 og før den tid hadde han vore ein del av Austrheim (1910-1947) og Lindås (før 1910)

 
Då den siste istida gjekk mot slutten auka havnivået på jorda, og på Fedje låg havet 20 meter høgare enn i dag for om lag 10 000 år sidan, som vil seie at om lag 80 % av dagens Fedje var under vatn. For 8000 år sidan førte landhevinga til at havnivået vart 1,5 meter lågare enn i dag, før havnivået igjen auka om lag 10 meter då innlandsisen i Amerika smelta. Etter kvart tok landhevinga igjen over og ein har fått det havnivået ein har i dag.

Ved hjelp av sedimentprøvar frå tjørnene på Fedje har ein fått ein viss oversikt over korleis vegetasjonen har variert sidan den siste istida. Fram til om lag 4000 år sidan var austlege område av Fedje dekte av open lauvskog. Hovudsakleg har dette vore bjørk, men det er òg funne spor etter ein del svartor, hassel, alm, eik og selje. Dei neste to tusen åra vart skogen tynnare og det vart større flater med lyngheier. For 2000 år sidan og fram til i dag har Fedje vore dominert av lyngheilandskap. Den vêrutsette vestsida av Fedje var den gong som i dag trelause. 

Det er gjort særs få arkeologiske funn på Fedje. Ein del av årsaka til det er at overflata som steinalderfolket levde på i dag ligg under eit to meter tjukt myrlag. På 1800-talet vart det likevel funne ein 3500 år gammal flintdolk frå yngre steinalder, som viste at det var folk her alt den gong. Sedimentfunn frå tjørner på Fedje viser ein høg frekvens av trekolstøv som starta for om lag 7000 år sidan. Mengda av støv tyder på at dette mest kjem av bålbrenning frå bustader ved desse tjørna i denne perioden. Etter kvart har ein funne at mengda av trekolstøv har auka kraftig, større mengder enn ein ville hatt ved vanlege skogbrannar. Dette tyder på at steinalderbøndene har svidd av området for å nytte det til beitemarker. Fedje må ha vore eit gunstig område å ha husdyr på beite, for dyra kunne ikkje rømme frå øya, og ho ligg så pass langt til havs at rovdyra held seg borte. I tillegg var og er klimaet mildt om vinteren slik at dyra klarte seg fint heile året. 

Dei første skriftlege kjeldene som nemner Fedje går tilbake til 1400-talet, då det truleg var fast busetnad her. Av dei tidlege innbyggjarane på Fedje finn ein folk frå Shetland, som følgje av det nære sambandet over Nordsjøen på denne tida. 

Folket på Fedje livnærte seg hovudsakleg av fiske og jordbruk. I 1870-åra byrja fiskarane å få kontantinntekter frå vårsildefisket, og dette markerte byrjinga på ei omlegging frå naturalhushald til moderne pengehushald. Det dukka då opp fleire spesialiserte yrkesgrupper og fleire starta med fiske som eineyrke. I tillegg gav havet andre arbeidsplassar som losing, fyrteneste og sjøfart. Fiskarane på Fedje hadde kort veg til fiskefelta og hadde lune hamner i vågane som verna båtane mot uvêr. Etter kvart som fiskarane fekk motorbåtar var det mogeleg å drive heilårsfiske, som òg var naudsynt for å finansiere dei dyre båtane. 

Fedje fekk først telegraf og telefon kring 1910. Dette gjorde mellom anna arbeidet til fiskarane lettare, som no kunne få melding kor tid silda var på veg inn og om marknadstilhøva. Det regelmessige dampskipsambandet til Bergen sikra fiskarane ein sikker avsetnad på fisken og ein god pris. 

Under den første verdskrigen vart det faktisk gode tider for fiskarane på Fedje. Etterspurnaden etter fisk var stor både hos engelskmennene og tyskarane, som begge tevla om silda. England ville ikkje at silda skulle hamne hos tyskarane og betalte derfor ein særs god pris til fiskarane. Då krigen var over forsvann etterspurnaden og frå 1920 og utover var det lite å hente på sildefiske. Ei god binæring under krigen var losverksemd. Mange handelsskip kryssa over Nordsjøen til England i konvoiar verna av engelske krigsfartøy, og ofte vart handelsskipa samla i nærleiken av Fedje før dei kryssa havet. I denne tida var det ikkje så mange losar i området, så mange fiskarar tok på seg oppgåva med å lose dei forskjellige båtane i farvatnet mellom Sognefjorden og Bergen. 

Nokre veker etter at krigen braut ut i Noreg dukka tyskarane opp på Fedje. Dei sette i gang eit omfattande anleggsarbeid. Det vart sprengt ut bunkersar og nokre bustadhus vart okkuperte. Det vart bygt veg fram til Vinappen på vestsida av Fedje der det vart sett opp kanonstillingar. Huset til eine losen vart rive ned og her vart det bygt eit 40 meter høgt radartårn. Radartårnet hjelpte tyske fly til å finne flyplassen på Herdla i Askøy kommune. Frå Vinappen er det fritt utsyn frå nord til sørvest og tyskarane hadde her god kontroll over skipsfaren i området. Området vart strengt avstengd med gjerde og minefelt. Dei som hadde beiteområde innanfor gjerda måtte ha passersetel for å kom gjennom porten til området. Det vart bygt administrajonsbygg, matsal, bustadbrakker, badstove, sjukestove, vegar, damanlegg, skytebane og ein jernbane som frakta stein opp til der radartårnet vart bygt. Kring 400 tyskarar var stasjonerte på Fedje. 

Den første tyske sjefen på Fedje var truleg nervøs og gav ut portforbod etter mørket for alle innbyggjarane, noko som var vanskeleg då dei fleste hadde utedo. Innbyggjarane klaga til overkommandoen i Bergen og raskt etter vart ein ny sjef sett inn og innbyggjarane kunne ferdast fritt. 

Etter krigen vart dei fleste tyske bygningane på Fedje selde på auksjon og det meste rive ned. Nokre vart nytta som bustadhus. I dag er det framleis mange spor etter tyskarane på Fedje. Trafikksentralen for Vestlandet er bygt på tuftene etter radartårnet, og matsalen til tyskarane har sidan krigen vorte nytta som ungdomshus for bygdelaget. 

Det tok si tid før det kom elektrisk straum til Fedje. Utbygginga av kraftanlegga i indre område av Vestlandet starta i 1910-åra, men det var dyrt og teknisk særs vanskeleg å leggje straumnett utover øyane i Austrheim, og ikkje minst over den djupe og breie Fedjefjorden. På grunn av den store utryggleiken om det var mogeleg å leggje kabel til Fedje, vart dei ikkje medlem av Nordhordland Kommunale Kraftlag (NKK) for å unngå å vere med å betale utbygginga til andre kommunar, medan dei sjølv ikkje fekk straum. Då tyskarane oppretta radaranlegg med elektrisk aggregat på Fedje under den andre verdskrigen vart dette notert av feingane, og to aggregat, det eine frå ubåtstasjonen på Laksevåg i Bergen, vart montert i 1945. Straumen var dyr og motorane til aggregatet vart berre halde i drift frå 0600 til 2400. I 1952 fekk Fedje endeleg straum via kabel frå fastlandet. Sidan Fedje ikkje var medlem av NKK risikerte dei stundom å verte straumlause i periodar med lite nedbør.

I utmarka på Fedje finst store mengder torvmyrer som er 2-3 meter djupe dei fleste stader. Den djupaste delen av torva er den beste av di han er så tettpakka og derfor brenn lengre. Dette vart kalla koltorv fordi han var svart som kol. Sidan det er lite trevirke på Fedje tok ein til å vinne ut torva for å nytte ho som brensel. I snitt nytta kvart husbruk om lag 300 hektoliter torv i året. Mai var som regel den tørraste månaden av året og høgsesong for torvopptaking. Ungane fekk då to vekers «torvferie» for å delta i opptakinga. Kring 1875 vart Fedje Torvkompanie oppretta og mykje torv vart sendt til Bergen. Særleg under den første verdskrigen var det stor drift, og det vart til og med oppretta jernbanelinje frå torvmarkene og ned til hamna i Stormark på sørsida av Fedje. I mellomkrigstida vart det stilt spørsmål til denne rovdrifta og rundt 1920 var det slutt på den kommersielle drifta. Feiingane heldt fram med torvtakinga til kring 1950-åra, då Fedje fekk elektrisk straum. 

I dag er det framleis tydelege spor etter torvdrifta med mange myrhol og bert berg der ein har grave seg ned. 

Frå 1600-talet gjekk all handel på Vestlandet føre seg i Bergen. Bøndene og fiskarane måtte derfor reise hit for å få selje varene sine og kjøpe det dei sjølv trengde. Frå 1702 fekk kjøpmennene i Bergen lov å opprette handelsstader, såkalla «Kremmer-leier», på landet. Det var viktige å finne lune hamner, som låg lagleg til. Eigarane måtte ha bergensk borgarskap og handelsstaden vart styrt av ein gesell. På denne måten fekk byane økonomisk kontroll over distrikta. 

Kræmmerholmen på Fedje er først gong nemnt i 1658. I følgje segna var det ein handelsmann som bygde dei første husa her som takk for at han berga seg i land her etter eit forlis. Kræmmerholmen låg midt i skipsleia og vart den naturlege handels- og gjestgjevarstaden i ytre Nordhordland. Ein viktig faktor for byborgarane var naturlegvis sal og eksport av fisk.

Den gamle hovudbygningen på Kræmmerholmen vart bygd på 1700-talet. På slutten av 1700-talet var Kræmmerholmen på Fedje av dei største handelsstadene i Nordhordland og Fedje var eit viktig fiskevær på kysten. Her var både skjenkestad og herberge. Christopher Karhs, ein av dei rikaste kjøpmennene i Bergen, kjøpte Kræmmerholmen av Jockum Dankertsen i 1799 og eigde i tillegg heile Fedje, inkludert alle oppsitjarar og hus. I tillegg fekk han garden Kvalvåg i Lindås, gjestgjevarstaden Kilstraumen i Austrheim og kyrkja på Fedje med alt inventar. For alt dette betalte han 8800 riksdalar, som var ein stor sum i dei dagar. 

Då grossisten Eriksen frå Stavanger tok over etter Kahrs-familien, vart Kræmmerholmen eit landhandleri. Her vart det seld brød, tobakk og brennevin, medan fiskarane salta fisken sin i naustet. Han gav så mykje kreditt at han rundt 1890 måtte leggje ned Kræmmerholmen og det var slutten for staden som handelsstad. Fram til 1969 vart husa nytta som privat bustad, men i 1971 med støtte frå Norsk Kulturråd starta ein oppussing av husa i eit prosjekt for verne dei gamle handelsstadane i landet. I 1977 overtok Fedje kommune staden, og i 1991 vart Kræmmerholmen opna som gjestgjevarstad igjen med utleige av nybygde rorbuer. I tillegg er det i dag restaurant og museum på staden.

Fedje har hatt kyrkje sidan 1659, og før den tid eit korhus, som vart nemnt første gong i 1636. Fedje fekk først kyrkjegard i 1679, og før den tid vart dei døde frakta over Fedjefjorden til Austrheim kyrkje, ein praksis som ofte kunne vere farefull. I 1888 vart den gamle kyrkja rive ned og erstatta av ei ny i tre med 80 sitjeplassar. Denne vart fort for lita og stod ikkje særleg lenge, for alt i 1941 vart den noverande kyrkja på Fedje innvigd. Ho er i stein og har 400 sitjeplassar. 

Kyrkja står på Stenborg, like oppfor ferjekaien og er godt synleg frå mange stader nord på Fedje, òg frå sjøen.

Då tyskarane forlet Fedje i 1945 stod det att over 30 brakker og småhus etter dei. Den største brakka vart kjøpt av bygdelaget på Fedje og omgjort til ungdomshus. Her var det òg bygdekino ein periode. I tillegg til ungdomshuset vart den større gymnastikksalen òg nytta som samfunnshus. I september 2007 fekk Fedje ein ny fleirbrukshall. Bygget er ein kombinert idrettshall og samlingsstad, og her er mellom anna treningssenter og bowlinghall med fire banar.

Fedje har eigen kino.

Fotballbanen på Fedje ligg mellom Husøyna og Rognsvågen og vart opna  21. august 1977. Banen har har grusdekke. Det er ikkje løpebane rundt fotballbanen, men her finst lengdegrop og kulestøyt/diskosring, skateboardrampe og sandvolleyballbane. Fotballaget til Fedje har i alle år høyrt til dei nedre divisjonane. I 2009 speler A-laget til Fedje i 6. divisjon for tiande sesongen på rad. 6. divisjon er det nest lågaste nivået i Hordaland Fotballkrets, og det har vist seg å vera svært vanskeleg å rykka ned til 7. divisjon.

Fiske har til alle tider vore ei hovudnæring på Fedje, først til eige bruk, og seinare som ei inntektskjelde. 

Det vart fiska på fleire fiskeslag. Feingane deltok i sildefisket til det tok brått slutt i 1960-åra, då silda var nær utrydda. Silda sømde derimot stort sett forbi Fedje, så ein måtte som regel dra eit stykke avstad for å få tak i ho, og dei gongane fangsten var god, vart det som regel overskot på sild og prisane fall. Difor la fiskarane på Fedje om fisket tidleg i 1920-åra, og satsa meir på sei og torsk. Fangsten vart frakta til torget i Bergen og seld fersk der. I tillegg vart det fiska etter makrell, størje og laks. Laksen vandrar forbi Fedje på veg inn til gyteelvane på land. I 1950-åra vart det sett i gang eit større fiske etter makrellstørje, men utover 80-talet vart lite å få, så truleg har det vore overfiske på denne bestanden òg. Linefiske etter lange, brosme, hyse og kveite har òg vore vanleg på Fedje.

Stundom vitjar sjeldne fiskeartar Fedje, og 14. november 1902 vart det fanga ein månefisk i Rognsvågen på Fedje. Han vart kjøpt av Bergen Museum og er framleis utstilt ved Naturhistorisk Museum i Bergen. Fisken er om lag 2,5 m lang og 3 m høg.

I tillegg til fisk har det vorte fanga ein del raudkrabbe på Fedje. I seinare tid har det òg vore ein del fangst av akkar. Fedje hadde tidlegare fleire kvalbåtar som dreiv kvalfangst i Nordsjøen og vestover til Shetland og Island, i seinare stort sett i Barentshavet. Det vart stort sett drive fangst på vågekval, men òg på brugde, som er ein haiart.

På heile 1800-talet var det losar stasjonert på Fedje, og sidan Fedje ligg midt i skipsleia for innseglinga til Bergen frå nord, var det mange skip som trong loshjelp då dei kom hit. Losyrket var derfor ei viktig næring på Fedje, både som hovudnæring og attåtnæring for fiskarane. Etter kvart gjekk talet på losar ned og rundt 1910 var det berre ein los att på Fedje. Under den første verdskrigen hadde engelskmennene stor trong for losar til konvoiane sine som gjekk forbi Fedje, og etter kvart hadde dei fast stasjon på Fedje for skifte av konvoi med utgåande og innkomande skip. Det vart derfor flytta fleire losar til Fedje, samt at mange lokale fiskarar vart nytta som losar i krigsåra. Då krigen var over gjekk talet ned att til ein los, men i 1928 vart dei to. 

Eit vilkår for å verte los var at ein var busett slik at ein hadde godt utsyn over havet frå heimen sin. Losane sat då heime og heldt utkikk etter innkomande skip. Dei heldt sjølv sine eigne losbåtar. I 1930-åra hadde ein los på Fedje om lag 30 oppdrag i året, som gav ei årsløn på 4600 kr, som var ei særs god løn på denne tida. Under den andre verdskrigen bygde tyskarane radartårn på nordvestsida av Fedje, og i 1953 vart det bygd ei loshytte på tuftene etter tårnet, og i 1956 fekk losvesenet her ei skikkeleg losskøyte. Trafikken auka år for år og etter at oljeraffineriet på Mongstad opna i 1970-åra vart det i 1977 bygt ein større og moderne losstasjon på same stad. Då oljeraffineriet på Sture, sør for Fedje, vart bygt avgjorde Stortinget at trafikksentralen for Vestlandet skulle byggast på Fedje. Bygningen vart ført opp på same stad som den tidlegare losstasjonen og stod ferdig til bruk 1. september 1992.

Rundt dei to gode vågane, Kirkvågen og Rognsvågen, nord på Fedje vart det oppretta fleire verksemder på 1900-talet. 

I mellomkrigstida bygde Feie Tranfabrikk A/S ein kvalstasjon i Rognsvågen. Verksemda heldt fram til 1960-åra då dei la ned på grunn av råstoffmangel, og i 1968 tok S/L Hordafisk over tomta og tok til med produksjon av fôrmjøl og fiskeolje. Dei nytta «skitfisk» frå trålflåten i Nordsjøen og avskjer frå fryseriet og hermetikkfabrikken på Fedje som råstoff. I slutten av 80-åra tok Storfôr A/S over drifta og produserte fôr til oppdrettsanlegg og husdyr. Verksemda la ned på byringa av 1990-talet. 

I 1953 vart det bygt ein sardinfabrikk på Fedje. Han vart raskt den største arbeidsplassen i kommunen og hadde særleg mange kvinner tilsett. I 1982 gjekk alle hermetikkfabrikkegiarane i landet saman og skipa Norway Foods. I 1995 vart fabrikken på Fedje nedlagt på grunn av bedriftsøkonomien, utan å ta omsyn til kva dette hadde å seie for lokalsamfunnet. I dag 1997 selde Riber Foods ASA egedomen til Havstad Tinn AS som etablerte tinnproduksjon i lokala. Produksjonen omfatta opp til 20 ansatte, men vart avslutta gradvis da den største kunda Hadeland Lys og Tinnstøperi AS flytta produksjonen til Thailand. I ein mellomfase dreiv Havstad Kræmmerholmen, Galleri Sardin, utlege av fyra på Fedje og turistkontoret på øya. Så vart produksjonen flytta tilbake til Blylaget på Nesodden i dei gamle lokala der i 2007. I 2016 vart fabrikken solgt til Land  Strand Eiendom AS ved Tore Frugård. Det vert no dreven kafe, og resten av fabrikken vert leiligheter. 

Det vart lagt planar om eit fryseri på Fedje alt i mellomkrigstida, men det var først ein realitet i 1961 som Fedje fyrseri A/S. Mange førte fisken sin hit for vidareforedling, og frå 1980-åra har særleg fiskeoppdrettarane vore ein viktig kunde. Her vert fisken både slakta og pakka. Fryseriet førte med seg andre verksemder som røykeriverksemda Fedje Havprodukter A/S i 1987. Etter kvart har desse slått seg saman til Feie Røykeri. Det meste av fisken vert eksportert til utlandet. 

I den seinare tid har det blitt etablert Ølbryggeri og I 2017 vart butikken på Fedje flytta ned i Fryseriet. 

Mot slutten av 1960-åra starta planane om å skipe ei mekanisk verksemd retta mot fiskeflåten ved Rognsvågen på Fedje. I 1971 starta Kleppe Stål A/S verksemda si, men gjekk raskt konkurs og i 1980 overtok Fedje Mekaniske Verkstad A/s verksemda. 

Samstundes med at dei tradisjonelle næringane på Fedje, som kvalfangst og hermetikk, stort sett er i ferd med å forsvinne, er tenesteytande næringar forankra i sjøfart på veg fram. Fedje Treningssenter gjev tryggleiksopplæring for fiskarar. Reiarlaget Bugser og Beredskap gjev arbeid for dei mange tankbåtane som trafikkerer rundt Fedje på veg til og frå Mongstad og Sture.

I tillegg har turismen vorte ei viktig næring på Fedje dei siste åra. Kræmmerholmen er ein gammal handelsstad der det i dag er fiskerestaurant og utleige av båtar og rorbuer, samt eit lite kystkulturmuseum.

Fedje kommune vart den første kommunen i landet som vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2003 og heile kommunenverksemda er miljøsertifisert.

Sjøvegen har alltid vore den viktigaste transportåra for folket på Fedje, og i lange tider var årer og segl naudsynt for å ta seg over fjorden, noko ein ikkje gjorde med mindre ein hadde gode grunnar til det. Det første dampskipet som vitja Fedje var D/S «Horden» i 1884. Dette var ei stor hending for feingane, som heiv seg i båtane og rodde ut til skipet, som låg i Moldøyosen like nordom sjølve Fedje fordi det ikkje var kai å leggje til ved. Alle ville om bord for å sjå denne nyskapinga og kaptein Andersen på «Horden» skreiv til styret i Lindås-Masfjorden Dampskipsselskap etter hendinga «Jeg har oppdaget en ø med ville hvite mennesker». I 1888 vart det bygd kai ved Stenborg, og i 1891 ved Holmen. Det dukka då opp butikkar ved kaiane, og det vart oppretta postkontor på Stenborg. 

Etter kvart som bilen gjorde sitt inntog gjekk D/S «Prektig» frå Rossnes på Radøy til Fedje. Skipet tok stundom med seg nokre bilar på dekk når det var fint vêr. I 1970 fekk Fedje si eiga bilferje, MF «Fedje». Òg denne gjekk frå Rossnes, og hadde ei mellomlanding på Hoplandsjøen. Turen gjekk då heile Fedjefjorden på langs frå Rossnes i sør til nordsida av Fedje, ein tur som tok vel ein time. Den første tida var ferja òg innom Rongevær på vegen. 

I 1990 vart det lagt ny veg og ferjekai på Sævrøyna i Austrheim, og Fedjefjorden vart i staden kryssa på tvers, den kortaste vegen, og reisetida vart om lag halvvert. M/F «Fedje» var ein god båt og låg mest aldri vêrfast, sjølv i den vêrharde Fedjefjorden, men etter kvart som trafikken auka så vart det gjort krav om større båt, og i 2001 vart M/F «Fedjefjord» sett inn i sambandet. 

Det finst ikkje landbaserte kollektivtilbod på Fedje. Fylkesveg 423 går frå dei nordvestlegaste områda av Fedje, via ferjekaien og sørover på austsida av øya til Stormark og Hellisøy fyr. Ferja og ferjekaien vert rekna som ein del av riksveg 568.

Det ligg to fyrstasjonar i Fedje kommune. Hellisøy fyrstasjon på ein holme på sørvestsida av sjølve Fedje og Holmengrå fyrstasjon som ligg nokre kilometer nord for Fedje, ytst i havgapet. Hellisøy fyr kom i drift i 1855, medan Holmengrå vart tent i 1892. Begge fyra lyser framleis, men er i dag avbemanna. Hellisøy fyr hadde tidlegare ein vêrstasjon, men denne vart tidleg i 2000-åra flytta til trafikksentralen på Fedje. I dag vert det drive utleige av fyrvaktarbustadane på begge fyr.




#Article 194: Øygarden kommune (133 words)


Øygarden er ein øykommune utanfor Bergen i Vestland fylke. Øygarden er ein kystkommune med ca. 4500 innbyggjarar. Kommunen vart oppretta i 1964 av gamle Hjelme kommune og delar av Herdla herad. Den 1. januar 2020 slo Fjell, Sund og Øygarden kommunar seg saman, og heldt på namnet Øygarden. Om lag 450 øyar, holmar og skjer utgjer kommunen.
 
Dei største, bebudde øyane er, frå sør til nord: Toftøy, Rongøy, Blomøy, Oøy (Oen), Alvøy og Hellesøy.

På ei av desse øyane, Oøy, også kalla One ligg Kollsnes og bygdene Oen og Breivik.

Saman med Askøy toppar Øygarden statistikken over dei raskast veksande kommunane i Hordaland.  Innbyggjartalet auka med 2,6 prosent i 2005.

Kystmuseet i Øygarden og Nordsjøfartmuseet i Tælavåg i Sund gjev saman ut tidskriftet Havstrilen.

Øygarden Fotballklubb spelar fotball i 1. divisjon, OBOS-ligaen (2020).




#Article 195: Sotra (139 words)


Sotra er ei øy vest for Bergen i Hordaland fylke. Ho er 246 km² stor og har om lag 30 500 innbyggjarar. Den nordlege delen av øya høyrer til Fjell kommune, medan den sørlege halvdelen av øya høyrer til Sund kommune. På folkemunne femner ofte nemninga Sotra også om øyane Bildøy og Litlesotra. I nord grensar Sotra til øyane Turøy og Misje rett sørom kommunegrensa mot Øygarden kommune, den nordlege halvdelen av øya høyrer til Fjell kommune. 

Ei dansk omskriving – Sartor – har tidlegare vore i bruk. Dette namnet vert i dag berre brukt av enkelte firma på Sotra (Sartor Storsenter, Sartor Maskin AS og Sartor Skytterlag).

Liatårnet er det høgaste fjellet på Sotra med ei høgd på 341 meter over havet. Eit anna fjell er Gardafjellet.

Sotra Sportsklubb sitt herrelag spelar i 2. divisjon avdeling 2 (2020).




#Article 196: Fjell kommune (126 words)


Fjell kommune er ein tilegare norsk kommune i Hordaland fylke. Øykommunen låg utanfor Bergen i Vestland fylke, og omfatta fleire øyar. Mellom desse kan nemnast Alvøy, Bildøy, Bjorøy, Litlesotra, Misje, Turøy i tillegg til nordre del av Sotra. Sørparten av Sotra høyrer til Sund kommune. Nabokommuna i nord er Øygarden. Over Hjeltefjorden i nordaust låg Askøy som eigen kommune. 1. januar 2020 vart Fjell slegen saman med Sund og Øygarden kommunar til nye Øygarden kommune. 

Fjell kommune var ein kommune i vekst. Etter at Sotrabrua stod ferdig i 1971 vaks innbyggjartalet frå under 7000 til godt over 20.000 på 2000-talet. Administrasjonen heldt til på Straume på Litlesotra like ved kjøpesenteret Sartor Senter.

Lokalavis for Fjell, Sund og Øygarden er Vestnytt. 

Folketalsutvikling for Fjell kommune frå 1920:




#Article 197: Bjerkreim kommune (1047 words)


Bjerkreim kommune ligg sør-aust i Rogaland fylke og grensar i nord til Gjesdal, i sør til  Eigersund, i vest til Hå og Time og i aust til Sirdal i Vest-Agder fylke. Delar av kommunen er rekna å vera ein del av Høg-Jæren, men kommunen vert mest sett på som ein del av regionen Dalane.

Kommunesenteret Vikeså ligg ved E39, hovudvegen mellom Stavanger, Kristiansand og Oslo. Gloppedalsura, den største steinura i Nord-Europa, ligg i Bjerkreim. Då tyskarane rykte fram våren 1940 under
den andre verdskrigen, møtte dei sterk motstand frå norske styrkar i Gloppedalsura. Hendinga vert omtala som kampane i Gloppedalsura. Bjerkreimselva, som renn gjennom mest heile kommunen, er eit vassdrag med mykje laks.

Bjerkreim kommune ligg mellom det flate Jæren i sør og Setesdal – vesthei og Ryfylkeheiane i nord. I sør er heiane låge og jorda godt eigna til landbruksdrift. Reiser ein nordover møter ein fjell og dalar, og lengst i nord strekker toppane seg over 900 meter. Dei høgaste toppane er Vinjakula på 907 meter og Skykula på 906 meter. Bjerkreim ligg såleis vel plassert i ein region som ber namnet sitt med rette - Dalane.

I dei sørlege og lågare liggande delane av kommunen finn ein store areal som vert dyrka, og kulturlandskapet set sitt vakre preg. Mot nord finn ein urørte heier med mange idylliske plasser for dei som likar seg i heia både sommar, haust, vinter og vår.

Dalføra ligg i nordaustleg retning. Dei største dalføra er Ørsdalen og Austrumdalen. Desse dalane er prega av store vatn og steile høge fjell – vestlandsfjordane i miniatyr? Det største vatnet er Ørsdalsvatnet, 18 km langt. Dette vatnet og naturen omkring kan du oppleva ved å ta båten Ørsdølen ein søndag om sommaren. I nordvest finn ein Gloppedalsura – ei av dei største steinurene i Nordeuropa.

Ein sentral del av landskapet i Bjerkreim er Bjerkreimsvassdraget. Dei fleste av dei vatn, bekkar og elvar som finst i kommunen høyrer til dette vassdraget, som endar si ferd mot havet ved Egersund. Dei siste åra har laksefisket teke seg opp, og elva er blant dei beste fiskeelvane i Noreg.

Det har vore busetnad i Bjerkreim så langt tilbake som 5000ndash;6000 år. Funn frå steinalderen dokumenterer så tidleg busetnad. Uadalsområdet på Storrsheia. 2ndash;3 km nord for Vikeså Sentrum ved E39 er døme på gamal gardsdrift og busetnad. Her har budd folk frå 350 og fram til Svartedauden i 1349. Området er svært særprega og i fylkessamanheng det mest intakte anlegget. I same beltet ligg og Auglend med tydelege merke etter langhus som var reiste her.

Desse anlegga viser at folk var bønder som dyrka korn og levde av jakt, fiske og enkelt jordbruk. På 1800 talet var bygda busett på bruk som blei fråflytta og nedlagt på slutten av 1800 talet og første del av 1900 talet. Berre langs Ørsdalsvatnet var det busett folk på fleire bruk. likeeins i austre del av kommunen t.d. på gardane Brattebø og Kvitlen. Alle desse bruka er nå fråflytta.

I krigsåra 1940ndash;45 var Bjerkreim arena for fleire krigshendingar. Slaget i Gloppedalsura i aprildagane i 1940 står som symbol på den norske motstandkrafta, fleire tyskarar miste livet i desse kampane. Fleire Bjerkreimbuar engasjerte seg i motstansarbeid, og hausten 1944 gjekk tyskararane til åtak på Gjedrem der fleire norske flyktningar var i skjul. Seinare er denne hendinga blitt kalla Slaget på Gjedreim. Om lag 100 bjerkreimbuar vart sett i tysk krigsfangenskap, men alle kom heim att. Hadde krigen vart nokre dagar lenger, var det nok mange som aldri hadde sett bygda att.

Næringsvegen i Bjerkreim har alltid vore prega av jordbrukarar, og særskilt har sauehald vore ei sentral næring. Dei store fesjåa for sau var storhendingar på nivå med 17. mai-feiringa. På 1970-talet stilna sjåa av og vart avløyst av Bjerkreimsmarken som er blitt ein årleg folkefest med eit breitt engasjement.

Bygda har endra seg mykje, særleg dei siste 40 åra. Sentera Vikeså og Bjerkreim har utvikla seg til små «bygdebyar» med eigne bustadområde. Folketalet har auka frå vel 1nsbp;800 innbyggjarar til i dag nær 2nsbp;500. I denne perioden har skular, barnehagar, sjukeheim og heradshus blitt reist, og bygda har fått eit heilt anna tenestetilbod enn før. Det har i tillegg til dei arbeidsplassane som blei skapt av offentleg sektor og blitt skapt mange nye arbeidsplassar innan industri og service. Jordbruket har og hatt ei svært positiv utvikling og framstår i dag som ei moderne næring på høgde med andre distrikt i Rogaland. Bjerkreim er ikkje lenger ei bygd med einsidig næringsliv knytt til jordbruket, sjølv om denne næringa framleis betyr mykje for mange.

Bjerkreim har som politisk/organisatorisk eining vore om lag uendra sidan formannskapslovene vart innført i 1837. I 1960-åra var det ei grenseregulering og Maudal blei overført frå Bjerkreim til Gjesdal. Bygda har hatt eit levande folkestyre og ordførarar som har markert kommunen og bygda godt. Så langt ein kjenner til er det berre Tollef Gjedrem som er blitt vald direkte inn på Stortinget. Han sat på tinget i perioden 1906ndash;1921.

 
Kulturen har også hatt ei positiv utvikling i siste halvdelen av 1900-talet, med nye bygg og stor aktivitet i frivillige lag og organisasjonar. Bygda har fått eiga storstove med Bjerkreimshallen.

Gode kommunikasjonar som blei bygde for 30ndash;40 år sidan med E39 som livsnerven gjennom bygda, har gjort det lettare for folket både når det gjeld arbeid, utdanning og fritid.

Kommunen har vald ein plass i Bjerkreim sentrum til tusenårsstad for kommunen. Denne staden ligg ved avkøyringa til skulen og kyrkja, vis-à-vis gamle Bjerkreim Varesenter. No er det ein fiskebutikk der. Det er lagt opp ein fin steinmur, lagt belegningsstein, planta pent og plassen har benker til å sitja på.

I Bjerkreim er det tre kyrkjer/kapell. Bjerkreimskyrkja blei reist i 1835 og er ei Linstovkyrkje.

Seinare blei det reist kapell på Ivesdal og for vel 20 år sidan kombinert skule og kapell i Ørsdalen. Likevel blei ikkje Bjerkreim eige prestegjeld før for om lag 10 år sidan. I mange år var Bjerkreim og Helleland felles prestegjeld og soknepresten var busett på Helleland. I bygda har det vore sterke religiøse og kristne tradisjonar. «Far» til dei sterktruande, Knud Spødervold, var fødd i bygda og levde lenge her. Salmediktaren Trygve Bjerkrheim var og fødd i bygda, men familien flytte til Austlandet når han var berre 7ndash;8 år. Fleire misjonærar har og denne bygda som heimstad.




#Article 198: Bokn kommune (223 words)


Bokn kommune ligg i Rogaland fylke i regionen Haugalandet og grensar i sør til Kvitsøy og Stavanger kommune, i nord  og aust til Tysvær og i vest til Karmøy. Kommunen vert utgjort av tre øyar der det bur folk, og i tillegg 123 småøyar og holmar. På øya Vestre Bokn bur det mest folk, og nokre mindre på øyane Austre Bokn og Ognøy.

Kommunesenteret er Føresvik.

Av næringsvegar har kommunen ein del jordbruk, men har òg viktige føretak som Bokn Plast og fiskemottak. 

Bokn har eige bibliotek og matvarebutikkar. Kommunen har éin skule, Bokn skule, som er både barne- og ungdomsskule med om lag 120 elevar. Tilknytt skulen finn ein òg Bokn barnehage.

Bokn har brusamband mot resten av Haugalandet og nord-Rogaland og ferjesamband mot sør over Boknafjorden. Sambandet er ein del av Europaveg 39, ein del av hovudvegen mellom Bergen og Stavanger. 

Høgaste punkt er Boknafjellet 294  moh på Vestre Bokn. Fjelltoppen har vore lett å kjenna att og orientera seg etter på sjøen. Namnet Bokn skal tyda seglingsmerke. 

Kommuneblomen til Bokn er kusymra, som lokalt gjerne blir kalla kusom. Blomen vart kåra i ei avstemming.

Kommunevåpenet vert skildra som «Varde i sølv på blå botn». Blåfargen symboliserer at kommunen er ein øykommune med hav kring. Sølvfargen symboliserer rikdomane i havet. Varden symboliserer øyane slik ein kan sjå dei på litt avstand. 




#Article 199: Gjesdal kommune (146 words)


Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke. Gjesdal er rekna å vera ein del av Høg-Jæren. Kommunen grensar i nordvest mot Sandnes, i nord mot Forsand, i aust mot Sirdal, i sør mot Bjerkreim, og i vest mot Time.

Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, om lag 30 km søraust for Stavanger. Arealfordeling: jordbruk: 6 %, produktiv skog: 5 %, ferskvatn: 8 %, anna areal: 81 %. Kommunesenteret Ålgård ligg ved E39, 15 km frå Sandnes. Om lag 75 % av innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.

Lokalavisa for Gjesdal er Gjesdalbuen. «Gjesdalbu» er ei nemning på ein som kjem frå Gjesdal kommune. Gjesdalbuen Finn E. Kydland vart i 2004 tildelt Nobelprisen i økonomi.
Kydland voks opp på Søyland, medan mora seinare flytte til kommunesenteret Ålgård. 

Den største fossen i Rogaland, Månafossen, finst her, inst i Frafjord.




#Article 200: Landbruk (186 words)


Landbruk er eit omgrep som omfattar næringane jordbruk, hagebruk og skogbruk og omfattar ei rekkje næringsgreiner der dyrking av jord er grunnleggjande for produksjonen. Agrikultur er eit omgrep på fleire språk for det same. Det har latinsk opphav, og tyder «jorddyrking». 

Landbruk er i all hovudsak å produsera mat, fôr, næring og fiber ved å dyrka visse planter. I tillegg gjeld det oppdrett av husdyr. Hagebruk, skogbruk og meieribruk er greiner av landbruk. 

Ein person som driv landbruk kan verta kalla «landbrukar», medan «jordbrukar» eller «bonde» viser til ein som driv jordbruk. Ved mindre driftseiningar blir den som driv garden gjerne kalla «småbrukar». Ein person som driv skogbruk vert kalla skogbrukar. I Noreg har mange gardsbruk òg skog og det er vanleg å driva jordbruk om sumaren og skogbruk om vinteren. Slike bruk vert kalla kombinertbruk og drifta kombinertdrift. Ved kysten har det vore vanleg å kombinera jordbruk og fiske. Ein person som driv med ein slik kombinasjon vert ofte kalla fiskebonde. 

Landbruk kan klassifiserast på ulike måtar. Om ein klassifiserer etter det som vert produsert kan ein nytta fyljande klassifisering:

Landbruk (jordbruk, hagebruk og skogbruk)




#Article 201: Venceslaus Ulricus Hammershaimb (190 words)


Venceslaus Ulricus Hammershaimb (), òg kjend som V. U. Hammershaimb eller Venzel Hammershaimb, var ein færøysk prest og filolog. Hammershaimb vert rekna som grunnleggjar av det noverande færøyske skriftspråket. Slik kan han liknast med Ivar Aasen. 

Hammershaimb er av tysk ætt på farssida, men voks opp på Færøyane og kjende seg som færøying. Han vart utdanna som teolog i København der han vart kjend med den danske presten og filosofen Grundtvig, men busette seg på Færøyane i 1855, der han var prest på Streymoy. Heile tida interesserta han seg for, og studerte, dei ulike dialektane av morsmålet sitt, færøysk. Han vart prost på Færøyane i 1867, og var på Lagtinget i tre periodar. Han budde med kona i Danmark frå 1878 til han døydde i København i 1909.

I 1846 gav Hammershaimb ut ei bok om færøisk ortographie eller rettskriving. Denne boka har vore gjeldande for færøysk språkføring opp til vår tid. Skriftspråket la han sterkt opp til det norrøne utgangspunktet. Til slutt vart det eit kompromiss, som er akseptabelt for alle dei færøyske dialektane. I tillegg ligg ikkje skriftspråket alt for fjernt frå gamle tekstar, og andre nordiske språk. 




#Article 202: Færøysk (433 words)


Færøysk (færøysk: føroyskt) er del av den vestnordiske målgreina, som rommar måla islendsk, færøysk, nynorsk, norske dialektar og det no utdøydde målet norn. Den norrøne målgreina høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måla.

Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane der det har vore offisielt språk sidan 1937.

Som islandsk, har færøysk utvikla seg or dei gamalnorske målføra nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar kan til ein viss grad forstå kvarandre, men ikkje utan problem.

Færøysk har 10 korte vokalar, alle desse har lange motpartar, nokre av dei er diftongerte. I tillegg har færøysk også 3 diftongar. Færøysk har 21 konsonantar, fordelt på fire artikulasjonsstader og fire artikulasjonsmåtar:

 

Færøysk er, saman med islandsk og nokre svenske målføre, einaste nordiske målet, som enno har dei fire nordgermanske kasus: nominativ (hovudfall), akkusativ (underfall), dativ (sidefall) og genitiv (eigefall). I talmålet (og dermed og i skrift) er genitiv mest ute av bruk; setningane vert snudde på så eigeforma kjem fram med preposisjonar i dativ. Genitiv vert derimot nytta i faste vendingar og i fyrste leden i samansette ord.

Substantiv og personfornamn vert bøygde i fall. Som hugseregel nyttar ein spørjeordet som på færøysk er ein del av fallnamnet:

Færøysk har ei konservativ rettskriving, noko som gjer færøysk lett å lesa for ein islending. Færøysk nyttar det latinske alfabetet, med 29 bokstavar.

Dei er: A Á B D Ð E F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V Y Ý Æ Ø. 
C, Q, W, X, Z vert ikkje nytta, men finst i somme låneord (òg Ü og Å i etternamn), men skikken er å byta desse bokstavane om med færøyske bokstavar med same uttale.

Færøysk har ei ytre språksoge som minnar mykje om den norske: Skriftspråket var meir eller mindre likt det i Noreg og på Island fram til 1400-talet. Etter reformasjonen tok dei danske styresmaktene i bruk dansk i staden, på same måten som i Noreg. Med nasjonalromantikk og nasjonalisme ut over 1800-talet voks interessa for færøysk språk, og Venceslaus Hammershaimb utarbeidde, omtrent samtidig med og på same måten som Ivar Aasen i Noreg, eit nytt skriftspråk for dei færøyske dialektane. 

Færøysk står på mange vis midt mellom vestnorsk og islandsk. Av kasusa er genitiv meir eller mindre ute av bruk, men skilnaden mellom nominativ, akkusativ og dativ står fast. Verba blir bøygde i tal, og i presens eintal også i person. 

Fonologisk har færøysk gått gjennom mange nydanningar. Lange vokalar har vorte diftongisert, og ein del konsonantsamband har vorte forsterka.




#Article 203: Baruch Spinoza (503 words)


Benedictus de Spinoza () kalla Baruch Spinoza i synagogeprotokollane og kjend som Bento de Spinoza eller Bento d'Espiñoza i samfunnet han voks opp i, blir saman med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz rekna som ein av dei store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggjaren av moderne bibelkritikk.

Baruch de Spinoza vart fødd i Amsterdam i ein spansk-portugisisk sefardisk familie og vart kjend for syna sine på panteisme og nøytral monisme, og dessutan av di Etikken hans er skriven i form av postulat og definisjonar som om det var ei geometriutgreiing. Sommaren 1656 vart han bannlyst av det jødiske samfunnet for påstandane sine om at Gud er mekanismen av naturen og universet og at Bibelen er eit metaforisk og allegorisk verk som blir bruka til å undervise om Guds natur. Begge desse påstandane er baserte på ei form for kartesianisme. Etter bannlysinga tok han i bruk førenamnet Benedictus — den latinske forma av det hebraiske namnet Baruch og det spansk-portugisiske namnet Bento.

Ettersom publikumsreaksjonane Spinoza fekk på Teologisk-politisk utgreiing ikkje fall heldige ut for Spinoza og hans variant av kartesianismen, avstod han frå å gjeva ut verka sine. Etikken vart utgjeven etter at han døydde — som del av Opera postuma, redigert av venene hans.

Spinoza, som mellom anna er vorten kalla «den største kristne» (!) og «den største ateisten», hevda at «Gud» og «Naturen» er to namn for den same verkelegheita, nemleg den usamansette substansen som ligg under universet og som alle mindre entitetar berre er modus eller modifikasjonar av. Han hevda at Deus sive Natura («‘Gud’, eller ‘Naturen’») er eit vesen med uendeleg mange eigenskapar, og at utbreiing og tanke var to av desse. Hans skildring av eksistensen sin natur kan seiast å handsame dei fysiske og mentale universa som to ulike og parallelle underunivers som verken overlappar eller samhandlar med kvarandre. Denne formuleringa er ei historisk signifikant panpsykisk løysing på kropp og sjel-problemet som er kjend som nøytral monisme.

Spinoza var ein gjennomgåande determinist som meinte at absolutt alt som hender skjer som resultat av nødvendigheit. For han er menneskeleg framferd heilt ut regelbunden, og fridom er å forstå at vi er regelbundne og å forstå kvifor vi fer fram som vi gjer. Fridom er altså ikkje moglegheita til å seie laquonei» til det som skjer med oss, men moglegheita til å seie «ja» og å fullt ut forstå kvifor ting lyt skje på det viset.

Filosofien åt Spinoza har mykje til felles med stoisismen, men han skilde seg skarpt ut frå stoikarane i ein ting: Han nekta plent på synet deira at fornuft kunne vinne over kjensler. Tvert imot, hevda han, kan ei kjensle berre overvinnast av ei sterkare kjensle. For han stod det avgjerande skiljet mellom aktive og passive kjensler — der dei aktive kjenslene er dei ein rasjonelt sett forstår og dei passive kjenslene dei ein ikkje rasjonelt forstår.

Eit portrett av Spinoza fanst på den gamle 1000-gylden-seddelen, som var gyldig valuta i Nederland fram til euroen vart innført i 2002.




#Article 204: Odda kommune (701 words)


Odda er ein tidlegare norsk kommune i Hordaland fylke. Administrasjonsstad og sentrum i Odda kommune var byen Odda, som ligg inst i Sørfjorden i Hardanger. Kommunen grensa i nord mot Ullensvang, i aust mot Vinje, i sør mot Suldal og Sauda, og i vest mot Etne og Kvinnherad. Tettstader i Odda kommune var mellom anna Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Av andre stadnamn i Odda kan ein nemna Buer, Mannsåker, Ragde, Reinsnòs, Seljestad og Vetrhus. 1. januar 2020 vart Odda slegen saman med Jondal kommune og Ullensvang herad til nye Ullensvang kommune. 

Riksveg 551 med Folgefonntunnelen bind frå 2001 Odda saman med Kvinnherad. Europaveg 134, Haukelivegen går forbi Røldal. Haukelivegen går over Haukelifjell i mange tunnelar. Heilårsvegen bind saman Austlandet og Vestlandet. Avisa Hardanger Folkeblad kjem ut i Odda. 

I 1913 vart Odda eigen kommune, skilt ut frå Ullensvang herad. I 1964 vart Odda slegen saman med Røldal kommune. 
Odda er og kjent som ein viktig stad for turisme, med fossar som Låtefossen og mykje natur. Hardangervidda og Folgefonna med brearmen Buarbreen er naturområde ikkje langt frå Odda sentrum. Frå 1840-talet og fram til industriutbygginga starta i 1906, var Odda først og fremst ein turiststad. Keisar Wilhelm II av Tyskland var årviss gjest frå 1889 til 1914. Før industrialiseringa var Odda eit av dei viktigaste turistmåla i verda på grunn av naturattraksjonar som isbre, foss og fjord på eit konsentrert og lett tilgjengeleg område. Reiselivet skaut for alvor fart då skipsruta mellom Newcastle upon Tyne og Bergen opna i 1890. Her var 10 hotell sist på 1800-talet. Eit nytt Hotel Hardanger vart opna i 1896, etter at det gamle brann ned. Hotellet var ein av dei største tre-. bygningane i Noreg, og dominerte hamna i Odda. Hotellet var prydd med treskurd av Lars Kinsarvik og veggmåleri av Nils Bergslien. I 1904 kom noko nær halvparten av alle utanlandske besøkjande til Noreg innom Odda. Det kunne liggja fleire cruiseskip på hamna på ein gong i Oddapollen. Turismen avtok etter som industriutbygginga tok til. Opninga av Bergensbana i 1909 var ei anna årsak til at dei reisande tok vegen utanom Odda. Utbrotet av første verdskrig i 1914 jaga utlendingane heim frå ferie. 

Odda er kjend som ein industrikommune, med føretak som Odda Smelteverk, Boliden Odda AS (Norzink) og Tizir Titanium  Iron AS (TTI). Industrien er særkjenna som kraftkrevjande industri, som får elektrisitet frå vasskraftverk i området. Kraftverket Tysso I vart bygd opp i Tyssedal for å gje kraft til industrien i Odda, og smelteverket opna i 1908. Smelteverket la grunnlag for sterk utviding av tettstaden Odda. Ved smelteverket vart industriprosessen Oddaprosessen utvikla. 
På 1950-talet og 1960-talet vart Odda rekna som ein rik kommune. På 1990-talet vart verksemda ved smelteverket gradvis trappa ned. Samstundes har folketalet i kommunen vore på veg ned. På 1970-talet budde det over 10 000 menneske i kommunen, i 2005 hadde dette sokke til litt over 7 000. Våren 2003 gjekk Odda Smelteverk konkurs, og kommunen er inne i ei omstillingsperiode for å skapa ny sysselsetting. Mellom anna har det vore forsøk på å satsa på kultur for å skapa ny vekst.

Folketalsutvikling for noverande Odda kommune frå 1920:

Mange forfattarar kjem frå Odda. Mellom anna Frode Grytten tek utgangspunkt i livet i Odda i forteljingane sine. Til dømes tek romanen Bikubesong utgangspunkt i livet kring smelteverket og bustadblokka Murboligen i Odda. 
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har hovudsete i Tyssedal, men har òg ei avdeling med arbeidarbustader i Odda sentrum. Museet dokumenterer historie knytt til vasskraft og industri. Kommunen sin tusenårsstad er Tysso I kraftstasjon, som òg vart Århundrets byggverk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Stasjonen vart oppført mellom 1906 og 1918 og er i dag freda. Kraftstasjonen vert nytta både til utstillingar og konsertar. 
Musikkmiljøet i Odda er variert. Odda Musikklag, Odda Skolekorps, Tyssedalkoret og Odda Songlag er fire hovudpunkt i musikklivet. Blueslaget Lokst Utøve er det største blueslaget i Noreg. Dei skipar til både helgefestivalar og enkeltkonsertar av høg kvalitet. Solistar og musikkgrupper er det mange av og dette er med på å skapa eit variert og livleg lokalsamfunn. Vasskraft og industrihistoria til området vart synt fram i framsyninga av Tyssedalkoret og DVD`en «Arven» hausten 2004. Odda Dramatiske Selskap syner årlege teater-framsyningar i Formannshuset.

 vert kalla «oddingar».




#Article 205: Vefsn kommune (782 words)


Vefsn er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Administrasjonssentrum ligg i Mosjøen. Kommunen grensar i nordvest mot Leirfjord kommune, i nord og aust mot Hemnes, i søraust mot Hattfjelldal, i sør mot Grane kommune, og i vest mot Brønnøy, Vevelstad og Alstahaug kommune.

Vefsn er frå gammalt namnet på landområdet som har vassføring til Vefsnfjorden, som på norrønt hadde namnet Vefsnir. Fjordnamnet er truleg henta frå det gamle namnet på elva Vefsna.  Namnet er truleg ei avleiing norrønt vefja – 'vikle omkring'. Veffsne sokn er omtalt i 1544, Veffzenn fierding i 1567.  Vefsn fjerding omfatta den gongen også Hattfjelldal kommune, Grane kommune og store delar av det som sidan vart Leirfjord kommune.

Vefsn kommune vart etablert med formannskapslovene av 1837. Kommunen omfatta den gangen et landareal på 6 500 km2 og hadde 4 100 innbyggarar. I 1862 vart Hattfjelldal utskilt som eigen kommune, i 1875 vart Mosjøen utskilt som eigen bykommune, og i 1927 vart Grane og Drevja utskilt som eigne kommunar. 1. januar 1962 vart Vefsn, Drevja, Mosjøen og Elsfjord kommunar slått saman til éin landkommune, og i 1995 vart kommunen utvida vestover, då fastlandsdelen av Tjøtta sokn i Alstahaug kommune vart overført til Vefsn. Kommunen omfattar etter dei siste grensereguleringane eit areal på 1 929 km2 og har vel 13 000 innbyggarar. Kommunesenteret er Mosjøen, som blir rekna som ein by.

Det gamle Vefsnsamfunnet var eit jordbrukssamfunn med fiske som viktigaste kjelda til pengeinntekt. Etter 1860 utvikla skognæringa seg som den viktigaste næringsvegen, ved sida av bergverk, småindustri, forsvar og handel. Laksefisket i elva tiltrekte seg pengesterke turistar frå utlandet. Mosjøen fekk ladestadrettar i 1874. Året etter vart Mosjøen – flata mellom elvane Vefsna og Skjerva – skild ut som ein eigen bykommune med 774 innbyggarar.  Byen utvikla seg raskt til eit velorganisert bysamfunn. Den eldste bydelen, Sjøgata,  er i nyare tid verna. Ovanfor Sjøgata er gatene ordna i eit planmessig kvadratur. Byparken i Mosjøen vart etablert like etter 1900. Parken vart freda som kulturminne i 2009. 

Vefsnsamfunnet opplevde ved slutten av 1800-talet også ein kulturell vokster. Området fekk eit sterkt foreningsliv som engasjerte store deler av folket. Eit viktig kulturelt kraftsenter var Vefsn folkehøgskole som vart etablert i 1899 og som etterkvart vart lokalisert på Toppen på Halsøya. I 1900 vedtok skulestyret å innføre lærebøker på nynorsk mål ved undervisninga i Vefsnskulen. Etter kommunesamanslåinga i 1962 har bokmålet overtatt som det dominerande språket både i undervisning og administrasjon.

I 1924 var vegsambandet mellom Mosjøen og Trøndelag ferdig. I 1940 vart Nordlandsbanen ført fram til Mosjøen, og byen vart eit trafikknutepunkt. Mosjøen lufthamn på Kjerstad vart opna i 1987.

Industrireisinga på 1950-talet førte til ny vekst i Mosjøen, og mange flytta inn til sentrum for å arbeide på veveriet eller aluminiumsverket. Rundt byen kom det opp villaer, einebustader og rekkjehus – først i Åsbyen og på Olderskog, sidan på Hals og i Kulstadlia. Det nyaste bustadfeltet ligg på Andås, rett aust for byen.

Det eldste offentlege bygget i Vefsn er Dolstad kyrkje, vigsla i 1735. Dolstad har vore kyrkjestad for Vefsn sidan høgmiddelalderen. Sør for kyrkja ligg Vefsn bygdesamling, som er driven  av Helgeland museum. Museet har andre utstillingslokalar og hovudkontor i Sjøgata i Mosjøen.

Vefsn er ein industrikommune.  Det største verket er Elkem Aluminium, som saman med ein anodefabrikk og ISS Industrielt vedlikehold utgjer tyngdepunktet i industrimiljøet i Mosjøen.  

Mosjøen er eit viktig handelssentrum på Helgeland. Kvart år i september - frå gammalt ved mikkelsmesse - vert det arrangert tiendbyte, ein marknad med røter langt att i tida. Store enkeltverksemder er Helgeland Sparebank og HelgelandsKraft. Av  statlege verksemder har byen hovudsete for politimeisteren på Helgeland, heimevernet (HR14) og delar av fylkesmannens landbruksavdeling.  Vefsn sjukehus er ein del av Helgelandssykehuset.

Jord- og skogbruk er enno viktige næringar som tryggjar busettinga i vefsnbygdene. 

Kultur er òg eit viktig næringsgrunnlag i Vefsn.  Mosjøen vidaregåande skole har ei populær musikkline, som saman med distrikstmusikarane og mange amatørkor og -orkester gjev grunnlag for eit rikt musikkliv. 

Nordlandsbunaden for kvinner er utvikla i Vefsn.  Husflid og kunsthandverk er både kultur og næring i Vefsn.  

Statskyrkja har tre sokn i Vefsn, med Dolstad, Elsfjord og Drevja kyrkjer. Elles har den katolske kyrkja, pinsevennane, adventkyrkja, Jehovas vitner, Frelsesarmeen og Misjonskirken eigne kyrkjebygg i Mosjøen.

Frå gamalt var Vefsna den viktigaste transport- og ferdselsåra.  Tømmerfløytinga hadde stort omfang frå 1860-talet og 100 år framover.  Elva var òg ei viktig lakseelv til ho vart øydelagd av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Elva vart behandla med rotenon i 2011 og 2012, med håp om å utrydde lakseparasitten.

Vassdraga til elvane Vefsna, Fusta og Drevja er alle freda. 

Dei vestre delane av kommunen er freda som Lomsdal-Visten nasjonalpark. Det høgste fjellet i Vefsn er Geittinden. Andre markerte fjell er Brurskanken og Lukttinden. 




#Article 206: Sjukdom (432 words)


Sjukdom er nedsett helsetilstand som kan koma på grunn av ytre påverking, indre ubalanse eller ein inntrengjar i kroppen. Sjukdommar kan vera alt frå mildt plagsomme til smertefulle og dødelege. Dei kan koma til enkeltindivid eller smitta i store epidemiar. Dei aller fleste organismar kan utsetjast for sjukdom.

Menneske og dyr har brukt ulike middel for å prøva å motverka sjukdom, dels ved prøving og feiling, dels ved meir systematiske studie. Trass i dette er me ikkje blitt kvitt sjukdom. Det kjem stadig nye typar, somme ufarlege, andre livstruande.

I denne artikkelen ser me hovudsakleg på sjukdommar hjå menneske.

Negative påverkingar som feilernæring eller stress kan leia til sjukdom, anten direkte, ved at ein til dømes får ein mangelsjukdom eller blir deprimert, eller indirekte, ved at immunforsvaret blir svekka og ein inntrengjar får overtaket i kroppen. Inntrengjaren er gjerne ein bakterie, eit virus eller ein parasittisk organisme.

Sjukdommar kan òg koma som følgje av hormonell ubalanse, på grunn av arvestoff som er svekka ved fødselen eller seinare, eller rett og slett fordi kroppen blir eldre.

Ein som er sjuk kan ha feber, minska krefter og matlyst, verka i kroppen, eller merka at kroppsfunksjonar er i ulage. Ein lege prøver å finna så mange symptom han kan og stiller så ein diagnose om kva sjukdom pasienten lir av.

Ofte er symptoma på sjukdommen eit teikn på at immunforsvaret er i ferd med å reinska kroppen. Ellers kan det vera at inntrengjaren har teke over så mykje at eitt eller fleire organ sluttar å verka.

Sjukdommar vert klassifisert etter det internasjonale klassifikasjonssystemet ICD-10. Blant kategoriane er infeksjonssjukdommar, psykiske lidingar, hormonelle sjukdommar, nervesjukdommar og hudsjukdommar (nokre namn er korta ned). I tillegg vert sjukdommar klassifiserte etter til dømes symptom, etter varigheit og etter alvorsgrad. Det er til dømes viktig å skilja mellom akutte og kroniske sjukdommar.

Sjukdommar kan finnast konstant i eit folk som lærer seg til å leva med dei, eller koma i voldsame epidemiar som kan påverka samfunnet dramatisk. Kor alvorleg ein sjukdom er i eit område avheng av kor godt verna ein er mot sjukdomen. Til dømes har europearane klart seg forholdsvis godt mot forkjøling og influensa, medan andre folkegrupper har slite sterkt med desse. 

Blant store epidemiar er svartedauden og spanskesjuka.

I forsøk på å finna bøtemiddel mot sjukdom har menneske tydd til omsorg og stell av den sjuke, legande urter og moderne legemiddel, men også offer, bøner og magiske formlar. I nyare tid er vestleg medisin blitt ein vitskap der ein veit mykje, men slett ikkje alt, om korleis ein skal takla inntrengjarane.

Sjå  for ei oversikt over ulike sjukdommar.




#Article 207: Firkantfolket (504 words)


Firkantfolket er eit folk Donald Duck og Ole, Dole og Doffen møter på ein ekspedisjon til Andesfjella i historia «Eggemysteriet» av Carl Barks.

Firkantfolket dukkar opp i historia «Eggemysteriet», som Carl Barks var opphavsmannen til (originaltittel «Lost in the Andes», Donald Duck Four Color no. 223, april 1949).  

I Andeby museum fell ein firkanta stein i golvet medan 4. assisterande vaktmeister Donald tørkar støv. Det syner seg at det ikkje er ein stein, men eit 100 år gamalt firkanta egg. Etter det ein veit om, kom «steinen» frå Andesfjella. 

Donald og onkelungane Ole, Dole og Doffen dreg på ekspedisjon til dei inste avsidesliggjande Andesfjella. I ein djup dal legg dei merke til at det meste er firkanta. Brått kjem det ein merkjeleg person som syng. Han har firkanta hovud og firkanta nase. I den norske omsetjinga syng han «På Vossevangen der vil eg bu, der veks det kløver yver heia». I den amerikanske versjonen syng han på sørstatshymna «Dixie»: Oh, ah wish ah was in Dixie! Hooray! Hooray! 

I starten skjønar ikkje Donald  Co. kva firkantmannen syng, men etter kvart skjønar dei at målforma er nynorsk med preg av «vossamaol». Det syner seg at professor Tron Dreyerdal budde i dalen frå 1863 til 1868   Han kom opphavleg frå Voss i Noreg, og lærde firkantfolket å tala nynorsk med vossasvip (i originalen heiter han Rhutt Betler og kjem frå «Bumminham, Alabama»). I tillegg lærde han dei å setja pris på alt som har med Voss å gjera. Firkantfolket bur i den firkanta byen «Gufseplassen» (engelsk Plain Awful, noko som kan omsetjast med «beintfram grufullt»). 

Teikneserien vart utgjeven i Noreg våren 1963, og vart mykje omtala grunna bruk av nynorsk i omsetjinga. Bladet Donald Duck vert i Noreg utgjeve på bokmål, slik at innslaget av nynorsk vekte merksemd. På eit vis gjekk firkantfolket og Eggemysteriet inn i den norske språkstriden. Av enkelte nynorskfolk vart det teke ille opp at nynorsk vart skildra som knapt skjønleg, og i tillegg knytt til eit merkverdig folk i avsidesliggjande strok. Slik kan ein seia at nynorsk vart låtteleggjort. 

I ettertid har «Eggemysteriet» vorte ein teikneserieklassikar, som av lesarane vart kåra til den beste Donald-historia i norsk samanheng. I alle høve er det den mest omtala Donald- historia i Noreg. 

Keno Don Rosa skreiv seinare ein oppfølgjar til soga, som fortel korleis Donald, gutane og Onkel Skrue reiser attende til Gufseplassen for å attføre to firkanta hanar som lengtar heim. I mellomtida har folket på Gufseplassen skift både klesdrakt og dialekt, og ber same klede som Donald (blå matrosdress). Dei ter seg og som han. Dette tyder berre at indianarane i området møter andre folk så sjeldan at ein einaste framand fører til store sosiologiske omskifte. Etter møtet med Skrue skiftar dei klesdrakt  og stil nok ein gong, etter mønster av Skrue. Gulbrand Gråstein er og med i soga, og mange av dei innfødde tek opp klesdrakta hans med. Enden på visa blir at gutane let eit eksemplar av Hakkespettboka til dei yngre indianarane, «for å vera på den sikre sida».




#Article 208: Etymologi (840 words)


Etymologi (frå gresk ἐτυμολογία ‘læra om den sanne tydinga til ord ifølgje avleiinga’, dana av ἔτυμος étymos ‘verkeleg, sann; den sanne, verkelege tydinga til eit ord ifølgje avleiinga’ og -λογία ‘lære’, av λόγος lógos 'ord, tale’) eller ordsoge er læra om eller studiet av opphavet til orda og korleis dei har utvikla seg gjennom tidene, både når det gjeld form og tyding. Etymologien til eit ord vil difor i praksis ofte anten seie oss kva form og tyding vi trur den opphavlege ordstammen hadde eller kva framandspråk ordet er lånt inn frå. For norsk og mange andre språk finst det spesielle etymologiske ordbøker som kan gi slike opplysningar.

For studiet av etymologi og for historisk og samanliknande språkvitskap meir allment er skiljet mellom arveord og lånord heilt grunnleggjande. Eit arveord er eit ord som har vore ein del av ordtilfanget i eit språk frå dei eldste tidene, medan eit lånord på eitt eller anna tidspunkt har kome inn frå eit anna språk. Døme på arveord i norsk er bror, dotter, far og mor, som er nedarva frå det indoeuropeiske grunnspråk, i motsetnad til lånorda sjarm, sjekk og sykkel, som har blitt overtekne frå andre språk:

Det norske arveordet dotter er etymologisk skyldt med mellom anna det persiske arveordet doxtar دختر 'dotter', fordi begge orda er nedarva frå *dhugHtér- 'dotter' i det indoeuropeiske grunnspråket. Etymologisk slektskap mellom eit arveord X i språk A og eit arveord Y i språk B føreset at språk A og B høyrer til den same språkfamilien, slik at arveorda X og Y er nedarva frå eit ord Z i det grunnspråket som språk A og B har utvikla seg frå. Norsk er eit germansk språk og persisk eit indoiransk språk, og germansk og indoiransk er to av greinene i den indoeuropeiske språkfamilien.

I den historiske utviklinga frå Z til X og Y kan det ha skjedd ei lang rekkje fonologiske og semantiske endringar, slik at det ikkje utan vidare er lett å sjå at X og Y har noko med kvarandre å gjere. Likskapen er med andre svært ofte mykje mindre enn mellom norsk dotter og persisk doxtar دختر 'dotter'. For å slå fast at eit ord X i språk A og eit ord Y i språk B faktisk er etymologisk skyldt, må ein kunne vise at både X og Y står i eit regelrett fonologisk tilhøve til ord Z i grunnspråket. Dersom ein ikkje fylgjer dette prinsippet strengt, kan ein lett kople i hop ord (i to ulike språk) som ikkje har noko med kvarandre å gjere etymologisk. Det er nærliggjande å tru at det latinske verbet habēre 'ha' og det tyske verbet haben 'ha' er etymologisk skylde, sidan både uttale og tyding er påfallande lik, men det er dei ikkje. Tysk er eit germansk språk og latin eit italisk språk og germansk og italisk er to greiner av den indoeuropeiske språkfamilien, men dei regelrette fonologiske korrespondansane mellom tysk og latin er mellom anna slik at ein tysk h og ein latinsk h ikkje kan ha same etymologiske opphav. Tysk h har utvikla seg frå indoeuropeisk *k, medan latinsk h kjem av indoeuropeisk *gh. Går vi haben og habēre nærmare etter i saumane, viser det seg at tysk haben er etymologisk skyldt med latin capere 'gripe, ta' (begge kjem av indoeuropeisk *kH1p-), medan latin habēre er etymologisk skyldt med tysk geben 'gje' (begge kjem av indoeuropeisk *ghebh-).

For den historisk-komparative språkvitskapen er arveord mykje viktigare enn lånord. Arveorda er det materiale ein nyttar for å påvise slektskap mellom språk, medan lånorda konsekvent må haldast utanfor. Dei nordsamiske orda gussa /kussa/ 'ku', gáica /kaaj:htsa/ 'geit' og sávza /saav:tsa/ 'sau' – og dei tilsvarande sørsamiske govse 'ku', gaajhtse 'geit' og saavhtse 'sau' – liknar dei tilsvarande norske orda, men dei samiske orda er lånord frå urnordisk. Dei har kome så tidleg inn i samisk at ein kan rekonstruere ursamisk *kusǝ 'ku' og *sa:vʦǝ 'sau', lånte frå urnordisk *kūʀ 'ku' og *sauðiʀ 'sau'.

Den mest omfattande etymologiske ordboka på eit nordisk språk er Våre arveord. Etymologisk ordbok (1430 sider), som Harald Bjorvand, professor i germansk filologi ved Universitetet i Oslo og Fredrik Otto Lindeman, professor emeritus i samanliknande indoeuropeisk språkforsking ved Universitetet i Oslo fyrste gongen gav ut i 2000, med ei utvida og omvølt utgåve i 2007. Frå før hadde vi Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (1903-06) av Hjalmar Falk og Alf Torp, som no er forelda.

Sámegielaid etymologalaš diehtovuođđu er ei nordsamisk etymologisk ordbok på internett. Her finn ein etymologiske motsvar i alle samiske språk og alle uralske språk, samt ei rekkje rekonstruksjonar, frå ursamisk til ur-uralsk. Av eldre litteratur kan nemnast ordlista i Itkonen (1969), som inneheld mykje nyttig etymologisk informasjon for nordsamisk.  er nyttig for alle uralske språk.  har ursamiske rekonstruksjonar og former frå ni samiske språk.

For finsk er det nyaste verket Nykysuomen etymologinen sanakirja (), eit verk på 1633 sider. Frå før finst sjubandsverket Suomen kielen etymologinen sanakirja ().

The Romany Language in Norway () inneheld mykje etymologisk informasjon om ordtilfanget i romani, både om arveord og lånord.




#Article 209: Barentshavet (309 words)


Barentshavet er ein del av Nordishavet. Det er eit havområde mellom Noreg og Russland nord for polarsirkelen som er kalla opp etter den nederlandske oppdagaren Willem Barents. I vest møter Barentshavet Norskehavet, medan det grensar mot Franz Josefs land og Novaja Semlja i aust. Svalbard ligg mot nordvest.

På grunn av Golfstraumen held den sørlege delen av Barentshavet seg isfri året rundt. Dei svært nordlege hamnene i Murmansk og Vardø nyt godt av det. Golfstraumen fører òg til eit rikt biologisk liv, frå planteplankton og kril til torsk, sel, kval og sjøfugl.

Noreg og Russland er framleis ikkje blitt einige om territorialgrensene i Barentshavet, og derfor finst det eit område i havet som blir kalla Gråsona. Dette området er regulert gjennom Gråsoneavtalen. Havområdet Smottholet ligg utanfor både den norske og den russiske økonomiske sonen.

Det vert førebudd mykje petroleumsverksemd i området. 
På russisk side vert utbygging av Shtokmanfeltet førebudd. 

Barentsregionen er ei nemning på landområda kring Barentshavet.

Norsk sektor

Det er bora 81 leitebrønnar  i Barentshavet og Tromsøflaket per februar 2009. Det vart i 2008 gjort funn i seks av åtte leitebrønnar, og nærare 60 oljeselskap har søkt konsesjon for oljeboring i den 20.konsesjonsrunda.

Det er til saman i Barentshavet og Tromsøflaket konstatert 11,2 millionar Sm3 olje og 6,8 milliardar m3 gass i felt som det kan vere aktuelt å byggje ut. Det vil seie om lag 5% av rassursane i Nordsjøen.

Miljørisiko

Frå miljøvernorganisasjonar og miljøvernsmyndigheiter  har det vore uttrykt stor motstand og skepsis til oljeverksemd i Barentshavet. Dei meiner at sjølv ordinære driftsutslepp kan skade den sårbare økologiske balansen, og at eit uhell kan vere katastrofalt under dei rådande temperatur- og vêrforholda. Miljøvernorganisasjonane har krevja at det vert skipa petroliumsfrie område i Barentshavet og det nordlege Norskehavet. 7.april 2006 la den norske regjeringa fram ein forvaltningsplan for Barentshavet. 

Noreg erklærte suverenitet og har drive havoppsyn sidan 1977.




#Article 210: Elisabet (250 words)


Elisabet, Elisabeth og Elizabeth er bibelske kvinnenamn som er utbreidd i heile den kristne verda. Namnet finst i fleire variantar, tilpassa dei fleste språka i Europa. «Elisabet» er ein gresk variant av det hebraiske Elisjeba (אלישבע), som tyder 'Gud (Elohim) er fullkomen'.

Elisabet(h) vart svært populært i Noreg i andre halvdel av det tjuande hundreåret. Det nådde ein topp som babynamn rundt 1980, men har sidan mista popularitet. Elisabeth har namnedag 19. november i alle dei skandinaviske landa.

Elisabeth er mest kjend som mora til Johannes døyparen. Som Isak var han eit mirakelbarn mora fekk på sine eldre dagar etter å ha gjeve opp håpet om barn. I det gamle testamentet finn me òg ei Elisabeth, ho var kona til Aron. Bibelen fortel at den yngre Elisabeth var av Aron si slekt. Innan seinare kristendom blei også den heilage Elisabeth av Thüringen ein viktig helgen.

Namnet blei etter kvart mykje brukt av kongelege, noko som gjorde mykje til at det blei spreidd. Den heilage Elisabeth som levde på ellevehundretalet var ei ungarsk kongsdotter som blei fransiskanarnonne og levde resten av livet sitt i from armod. Elizabeth I av England, Isabella II av Spania og Jelizaveta av Russland gjorde nok òg sitt for å få namnet på moten.

Det finst 17.502 kvinner som heiter Elisabeth i Noreg, og 827 som heiter Elizabeth (tal frå Statistisk Sentralbyrå, frå 1. januar 2004). Nokre vanlege norske former av namnet er Elise, Elsa, Lisa, Liss, Lisbet og Betty.

Andre utbreidde kortformer: Ella, Elli, Lisa, Sisi




#Article 211: Jørgen Løvland (420 words)


Jørgen Løvland () var ein norsk politikar som vart statsminister. Elles var han ein lærarutdanna redaktør. Løvland var sentral under unionsoppløysinga i 1905, og vart Noreg sin fyrste utanriksminister. Politisk høyrde han til partiet Venstre, og var statsminister i Noreg frå 28. oktober 1907 til 18. mars 1908. Han var òg oppteken av norskdom og av målsak. 

Jørgen Gunnarson Løvland (eller Lauvland), var bondeson fødd på garden Lauvland i Evje, som ligg i Setesdal i Aust-Agder fylke. Ole Gunnarsson Lauvland var ein eldre bror.

Løvland utdanna seg ved Holt seminarium (lærarskulen Christianssands Stifts Seminarium på Holt i Aust-Agder), der han tok avgangseksamen i 1865. Frå 1866 til 1885 verka han som lærar og redaktør i Kristiansand.

Løvland gjekk inn i rikspolitikken var stortingsrepresentant frå 1886 til 1888, frå 1892 til 1897 og frå 1913 til 1915. Han var odelstingspresident frå 1892 til 1897. I 1893 leia han dei radikale som ville ta opp konsulatsaka.

I 1898 blei Jørgen Løvland statsråd i Johannes Steen og seinare Otto Albert Blehr si regjering. Frå 17. februar 1898 til 22. oktober 1903 var Løvland arbeidsminister, leiar for Departementet for de offentlige arbeider, frå 1. mars 1899 til 15. juni 1900 var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm. 

I regjeringa Michelsen var Løvland norsk statsminister i Stockholm. Han leia den norske statsrådsdelegasjonen i Stockholm frå 11. mars 1905 til 7. juni 1905. Frå 15. juni 1905 til 27. november 1905 var han fungerande utanriksminister, og deretter Utanriksminister, minister for de udenrigske Anliggender. 

Frå 28. oktober 1907 leia han regjeringa Løvland, eit samarbeid mellom Venstre og Moderate Venstre som statsminister og utanriksminister. Regjeringa gjekk av 19. mars 1908. 

Frå 1910 til 1913 leia Løvland ein kommisjon som skulle greia ut spørsmål om revisjon av matrikkellovgjevinga og ein særskild skatt for verdistiging av grunn. Han var stortingspresident frå 1913 til 1915. Løvland blei deretter kyrkje- og undervisingsminister i regjeringa Knudsen II, frå 26. oktober 1915 til 21. juni 1920.

Løvland hadde også vervet som formann i Den norske nobelkomitéen frå 1901 til 1922. 
Han var leiar i Noregs Mållag frå 1909 til 1912.

Løvland fekk ei rekkje utmerkingar for verksemda si. 7. november 1898 vart han utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden. Den 20. januar 1900 vart han forfremja til kommandør med stjerne, og fekk storkrossen for fortenestefull embetsverksemd den 31. oktober 1907.

Løvland døydde i Kristiania i 1922. 7. juni 1928 vart ei byste av Løvland avduka i «æreslunden» på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Noregs Mållag og vener sette opp dette minnet.




#Article 212: Den norske grunnlova (393 words)


Den norske grunnlova er ei grunnlov som stammar frå 1814. Ho er den høgste rettskjelda i Noreg, og legg grunnlaget for statsforma i landet. Grunnlova, naturretten, konstitusjonell sedvanerett, menneskerettane og internasjonal rett utgjer dei viktigaste fundamenta for norsk statsform, rettsforståing og lovverk.

Grunnlova byggjer på folkesuvereniteten som reknar med ein viss samfunnskontrakt mellom folket og dei som styrer, og på maktfordelingsprinsippet mellom dei ulike maktorgana i landet. Ho slår fast at folket legitimerer makta gjennom å utnemna den lovgjevande makta (Stortinget). Lova tek også for seg tilhøvet mellom denne lovgjevande makta, den utøvande makta (regjeringa) og den dømmande makta (domstolane). 

Den norske grunnlova blei vedteken 16. mai 1814, og er blant dei eldste grunnlovane i verda som framleis er i bruk.
Ved stortingsvedtak 6. mai 2014 vart språket i grunnlova omsett frå 1800-tals dansk, slik at det no er to offisielle utgåver av lovteksten - éin på «tidsmessig bokmål» og éin på moderne nynorsk.

Kongeriget Norges Grundlov blei vedteken av Riksforsamlinga på Eidsvoll den 16. mai 1814 av 112 menn og underskriven den 17. mai. Lova blei sanksjonert av den valde kongen, Kristian Frederik (kronprinsen av Danmark), to dagar seinare. Etter ein kortvarig krig med Sverige vart Noreg tvinga inn i personalunion med Sverige og måtte revidere grunnlova i høve til dette 4. november 1814, til den såkalla Novembergrunnlova. Desse endringane blei omgjorde ved oppløysinga av den vel 90-årige unionen 7. juni 1905 ndash; byrjinga på sjølvstendet til det moderne Noreg.

Grunnlova var inspirert av den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og menneskerettserklæringa frå den franske revolusjonen i 1789, og dei påfølgjande amerikanske og franske konstitusjonane. Då ho blei til var den norske grunnlova blant dei mest radikale grunnlovene i Europa.

Grunnlova var opphavleg skriven på dansk, og seinare grunnlovsendringar fekk same språkdrakt. Språket blei først modernisert til bokmål og nynorsk i 2014. Ei nynorsk omsetjing av grunnlova vart skriven av Nikolaus Gjelsvik på oppdrag frå Justisdepartementet i 1901. Denne vart fremja som grunnlovsforslag av sju stortingsrepresentantar 15. juni 1906. Dette forslaget vart avvist.

Før 200-årsjubileet for Grunnlova hadde eit utval leidd av Hans Petter Graver utarbeidd framlegg til ny bokmålstekst og nynorsktekst. Desse framlegga vart forkasta av Stortinget med 82 mot 87 røyster. I staden vart ei framlegg på riksmål, utarbeidd av Finn Erik Vinje, vedtatt med 165 mot 4 røyster, samtidig som nynorskteksten frå Graver-utvalet vart vedtatt med 168 mot éi røyst.




#Article 213: Alta kommune (117 words)


Alta kommune (nordsamisk Álttá suohkan, kvensk Alattion komuuni) er ein kommune som ligg vest i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Byen Alta er den største i Finnmark (bystatus sidan 1999) med . I heile kommunen bur det . 

Byen er opphavleg samansett av dei tre gardane Bossekop med samisk tilknyting, Altagård med sete for amtmannen i Finnmark 1738-1814 og Elvebakken som har finsk eller kvensk tilknyting. I 1964 vart Alta slått saman med den mindre kommunen Talvik.

Alta er vidkjend for helleristingane som vart oppdaga i 1973 og står på UNESCO si verdsarvliste. 

Alta har vore den største kommunen i Finnmark sidan 1967, då han passerte Sør-Varanger i folketal.
Folketalsutvikling for noverande Alta kommune frå 1920:




#Article 214: Båtsfjord kommune (117 words)


Båtsfjord (nordsamisk Báhcavuona gielda, kvensk Båtsfjord komuuni) er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke.

Formannskapsdistriktet Vardø (by og landdistrikt) blei oppretta i 1838 og omfatta dei seinare kommunane Vardø og Båtsfjord. For å etterleva skiljet mellom by og landdistrikt i formannskapslovene blei Vardø i 1839 formelt delt i Vardø kjøpstad og Vardø landdistrikt, men på grunn av liten folkesetnad ble dei i kommunal forstand først skilde ved kgl. resolusjon av 22. mai 1868, med verknad frå 1. januar 1869. Kommunen blei heitande Vardø landsogn fram til 1955. 1. januar 1964 vart ein del av kommunen med 621 innbyggjarar, eller om lag 20 % av folkesetnaden i kommunen, overført til Vardø kommune.

 




#Article 215: Gamvik kommune (309 words)


Gamvik (nordsamisk Gáŋgaviikka gielda, kvensk Gamvik komuuni) er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen ligg på austdelen av Nordkinnhalvøya. Han grensar mot nabokommunane Lebesby i vest og Tana i sør, medan han har kyst mot Tanafjorden i aust.

Administrasjonssenteret i kommunen er Mehamn, der ein også finn Mehamn lufthamn.

Kommunen blei danna i 1914, då dåverande Tana herad blei delt i tre.

Det høgaste fjellet er Duolbagáisá på 672 moh.

Spor etter tidlegare busetjingar viser at område i kommunen har vore folkesette for over 10 000 år sidan. Fiske og jordbruk har i lang tid vore livsgrunnlaget for både fastbuande og sesongarbeidarar. Spesielt var god hamn og den korte avstanden til fiskefelta viktig. Pomorhandelen, som varte fram til 1917, bestod stort sett av bytehandel med russarane og karelarane. Fisk blei bytt mot mjøl, tømmer og andre varer. 

Frå 1885 til 1899 bygde og dreiv kvalfangarpioneren og harpunoppfinnaren Svend Foyn her. Frå 1900-1903 var Tanen hvalfangerselskab i drift. Fabrikken var den største i sitt slag i Finnmark. Då fisket slo feil på slutten av 1800-talet, la fiskarane skulda på kvalfangsten. Den 2. juni 1903 gjekk 1200 fiskarar til åtak på fabrikken og reiv han ned. Dette opprøret blir kalla «Mehamn-opprøret». For fyrste og einaste gong i nyare tid sette norske styresmakter inn regulære militære styrkar for å halda oppe lov og orden. Fabrikken blei aldri bygd opp igjen, men Mehamn fekk ein sentral plass i kvalfangsthistoria.

Mot slutten av andre verdskrigen, 6. mai 1945, blei seks sivile, uvæpna fiskarar torturerte og skotne av tyske soldatar.

Den første flystripa i kommunen var i fiskeværet Gamvik. Denne blei etablert i samarbeid mellom Røde Kors Hjelpekorps og A/S Varangfly, seinere Norving, som ambulanse- og taxiflystripe i 1971. Gamvik lufthamn er no nedlagt.

Andre tettastader er Skjånes, Langfjordnes, Nervei og Gamvik. 

Folketalsutvikling for Gamvik kommune frå 1920:




#Article 216: Karmøy kommune (185 words)


Karmøy kommune er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunen grensar i nord til Haugesund. Aust for Førdesfjorden er Tysvær kommune, i sørvest er øykommunen Bokn, i sør Kvitsøy og vest til havs Utsira kommune. 
Karmøy kommune vart til i 1965 ved at kommunane Skudenes, Åkra, Kopervik, Stangaland, Torvastad, Skudeneshavn og delar av  Avaldsnes vart slegne saman.

Karmøy har tre tettstadar som vert rekna som byar (Kopervik, Skudeneshavn og Åkra).

Karmøy har ein flyplass kalla Haugesund Lufthamn. 

Ved Avaldsnes låg Noregs første kongesete. Her hadde Harald Hårfagre sin hovudkongsgard. Avaldsnes er omtalt fleire stader i Snorres kongesagaer. Særleg kjent er historia om Asbjørn Selsbane i Olav han Heilagast saga. Det vart eit dramatisk møte mellom kongen og solahøvdingen Erling Skjalgson.

På Avaldsnes står i dag Avaldsnes kyrkje, som kong Håkon IV av Noreg lét byggje i 1250. Like inntil kyrkjeveggen mot nord og hellande inn mot veggen står Noregs høgaste bautasteinen, kjent som Jomfru Marias Synål. Segna fortel at den dagen toppen av steinen rører kyrkjeveggen, inntreffar dommedag. Kanskje er det eit snev av sanning i påstanden om at munkane i seinmiddelalderen hogg toppen av bautasteinen?




#Article 217: Hjelmeland kommune (508 words)


Hjelmeland er ein kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Kommunen fekk sine noverande grenser på fastlandet ved kommunesamanslåinga 1. januar 1965, då Hjelmeland vart slegen saman med mesteparten av kommunane Årdal og Fister. Øya Ombo blei overført  til Stavanger kommune frå 1. januar 2020.

Hjelmeland var opphavleg namnet på Hjelmeland prestegard, som i dag går under namnet Prestagarden. Etter kvart vart Hjelmeland også namnet på skipreidet og prestegjeldet, og no i nyare tid er Hjelmeland blitt namnet på heile kommunen. Namnet Hjelmeland kjem av den karakteristiske hjelmforma åsen Hjelmen, som ligg midt i kommunesenteret.

Hjelmeland kommune grensar i nord mot Suldal, i aust mot Bykle, i sør mot Sandnes og Strand, og i vest mot dei austlegaste øyane i Stavanger kommune: Ombo, Halsnøy og Fogn.

Bygder i Hjelmeland kommune er Randøy, Ombo, Jøsneset, Jøsenfjorden, Vormedalen, Fjellet, Hjelmeland, Fister, Hetlandsbygda, Nessa og Årdal.

Tradisjonelt har landbruk og fruktdyrking vore dei viktigaste næringane i Hjelmeland, men i kommunen blir det også drive med ein del anna næringsverksemd. I Årdal driver firmaet Norstone store sandtak med eksport til fleire land. Sanden blir henta frå fleire stader i bygda, og den blir sortert og reinsa ved eit eige anlegg på industriområdet Mælsøyrane, før den blir lasta opp og frakta vidare med skip. Sandtak av mindre dimensjonar er det også i Tøtlandsvik og bygda Jøsenfjorden. Marine Harvest driv fleire oppdrettsanlegg i kommunen, og på Hundsnes driv den same verksemda lakseslakteriet Ryfisk, der det dagleg blir eksportert fersk laks med ei rekkje trailerar til marknadane i Europa. Marine Harvest har gjennom selskapet Sterling White Halibut lukkast med kommersielt kveiteoppdrett ved Kjeaura utanfor Tøtlandsvik i Jøsenfjorden, og på Jøsneset produserer King Mikal Salmon røykjelaks. Dei tradisjonelle jærstolane kjem også frå Hjelmeland, og dei to einaste produsentane av desse stolane - Slåke Trevarefabrikk og Aksel Hansson - har fabrikklokale sentralt i sentrumsområdet på Hjelmeland. På Randøy var det tidlegare skiferhellebrot, og frå eitt av desse brota blir det framleis teke ut noko byggjestein i noko mindre omfang. Kommunen fekk òg sitt første kjøpesenter, Sandetorjå, i 1999.

Den viktigaste samferdselsåra er Riksveg 13, som går gjennom storparten av kommunen, frå kommunegrensa til Strand i sør og til Suldal i nord. Vegen gjev samband sørover til Stavanger gjennom ferjesambandet frå Tau, og det er planar om at Tau-sambandet skal erstattast med ei 24 kilometer lang tunell, Ryfast. Riksveg 13 kryssar Jøsenfjorden med ferja MF Hjelmeland, og det er samstundes planar om eitt fastlandssamband her også, Jøsenfast, men dette prosjektet ligg endå fleire år fram i tid. Ei rekkje av dei gamle rutebåtkaiane er framleis i bruk til passasjertrafikk med hurtigbåtar til og frå Stavanger, via Judaberg på Finnøy. Elles er nokre daglege bussavgangar mellom Hjelmelandsvågen og Tau det einaste kollektivtilbodet.

Frå 1.1.2010 er Strandbuen lokalavis for kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand.
Frå 1973 til 2009 var Bygdaposten for Hjelmeland lokalavis for kommunen, men hausten 2009 vart Bygdaposten kjøpt opp av og slått saman med Strandbuen.
I 2013 vart lokalmagasinet Mitt Hjelmeland gjeve ut for første gong. Hetland Media, Terøy Media, Safi Media og Staurland Skribleverk står bak utgjevinga.




#Article 218: Utsira (216 words)


Utsira er ei øy, eit sokn og ein kommune lengst vest i Rogaland fylke. Utsira er den minste kommunen i Noreg målt i innbyggjartal, og den nest minste målt i flatevidd.

Utsira sokn er gammalt, men det er uvisst om her fanst kyrkje allereie i mellomalderen. Soknet var ein del av Torvastad kommune heilt fram til sommaren 1924, då det vart utskifta til ein kommune for seg sjølv, med 414 innbyggjarar.

På gamalnorsk heitte øya Utsira berre Síri (nominativ) og Síra (genitiv). Fyrste stavinga «Ut», som kan samanliknast med Out Skerries på Shetland, vart lagt til på 1500- talet. Innbyggjarane kallar framleis øya for Sira og ein innbyggjar vert sjølv kalla «sirabu». Opphavet til namnet Sira er ein ikkje sikre på, men det kan tyda 'sterk straum'.
Sira er au namnet på åna som skil Rogaland og Vest-Agder.

Kommunevåpenet i blått og sylv står for fyrlyset frå Utsira fyr slik det lyste tidlegare. Det blei utforma av  John Digernes i 1982.

Kommunen har 6,15 km² land, nesten alt på sjølve øya Utsira, der òg all folkesetnad finst. Øya ligg 15 km vest for Karmøy, og turen til og frå øya tek 75 minutt med ferje frå Haugesund. Øya har to ferjeleie, Nordvikvågen i nord og Sørevågen i sør, og den førstnemnde er mest brukt. ved utsira.kommune.no; 




#Article 219: Askøy kommune (169 words)


Askøy er ein kommune og ei øy i Vestland fylke. I tillegg til sjølve øya Askøy, ligg øyane Herdla, Ramsøy og Horsøy i kommunen, og dessutan ymse mindre øyar. 

Ved grensereguleringar i 1964 fekk Askøy kommune overført delar av gamle Herdla herad, i tillegg til dei delane av Meland kommune som låg på Askøy.  Frå 1837 til 1918 var Laksevåg ein del av Askøy 

Kommunesentrum er Kleppestø. I 1992 opna Askøybrua, som no er hovudsambandet til Bergen. Frå Kleppestø går det snøggbåt som tek 10 minutt inn til Bergen sentrum. Lokalavisa Askøyværingen har hovudkontoret sitt i Kleppestø.  

Namnet «Askøy» kjem av garden Ask, på austsida av øya. I sin tur har garden namn frå treslaget ask. Eit gamalt namn på Askøy er «Fenring», eit namn som går igjen i sagalitteraturen. 

Kommunevåpenet syner på ein bakgrunn av sylv eit grønt asketre. 28. september 1961 vart det godkjend av  Askøy kommunestyre. Våpenet er teikna av Magnus Hardeland. Motivet er eit asketre som står på ei øy eller kolle med sjø foran. 




#Article 220: Ullensvang herad (471 words)


Ullensvang herad er ein tidlegare kommune i Hardanger i tidlegare Hordaland fylke. Ullensvang var ein av dei kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». 1. januar 2020 vart kommunen slegen saman med Odda kommune og Jondal kommune til Ullensvang kommune.

Heradet grensa i nord mot Granvin herad og Ulvik herad, i nord og aust mot Eidfjord kommune, i aust mot Vinje kommune i Telemark fylke, i sør mot Odda kommune, og i vest mot Jondal kommune. Vest for Hardangerfjorden ligg Kvam herad. 
Lokalavisa Hardanger Folkeblad («Folkablae»), som kjem ut i Odda, dekte Ullensvang herad.

Heradet låg på båe sidene av Sørfjorden i Hardanger, på sør- og nordsida av Utnefjorden, på vestsida av indre Samlafjorden, på vest- og austsida av den sørlege delen av Eidfjorden. Langs Samlafjorden ligg gardane Litlås og Storås, Kvalvik, Alsåker, Vines, Lote og Hesthamar. På sørsida av Utnefjorden ligg Utne, på nordsida Tjoflot og Ulgenes. På vestsida av Eidfjorden ligg Kaland og Djønno, på austsida Ytre Bu og Ringøy. Nordaust for innlaupet til Sørfjorden ligg Kinsarvik. På austsida av Sørfjorden ligg Urheim, Lutro, Lofthus, Opedal, Børve, Sekse, Hovland, Espe og Fresvik. På vestsida av Sørfjorden, nordover frå Odda mot Utne ligg Kvitno, Eikhamrane, Måge, Bleie, Reidsete, Vikebygd, Nå, Rogdo, Aga, Velure, Jåstad, Haustveit, Hauso, Grimo, Langasete og Trones. 

Nordre snutten av Folgefonna ligg i heradet. Mykje av vestsida av Hardangervidda utgjorde størstedelen av arealet til heradet og over 80 % av arealet i Ullensvang låg 900 meter eller meir over havet. 

Det høgaste punktet i Ullensvang var Hårteigen, 1690 meter over havet.

Kommunen heitte fram til 1870 Kinsarvik, då skifta kommunen namn til Ullensvang. I 1913 vart så Ullensvang delt i tre, Odda, Ullensvang og Kinsarvik. I 1964 vart Ullensvang slege saman med Åsgrenda frå Kvam herad, Eidfjord kommune og Kinsarvik herad med unntak av Kvanndalsområdet på nordvestsida av Hardangerfjorden. Eidfjord vart skild ut att som eigen kommune i 1977.

I tiårsperioden 1996–2006 gjekk folkemengda i Ullensvang tilbake med 10,4 % mot 7,3 % i Hardanger som heilskap.

Folketalsutvikling for noverande Ullensvang kommune frå 1920:

Heradet var kjend for jordbruk og fruktdyrking, og for fruktbløminga om våren. Mange av gardbrukarane dreiv med ein kombinasjon av fruktdyrking og sauehald. Det meste av jordbruks- og skogbruksarealet er brattlendt, ofte svært brattlendt. Turisme var den andre viktige næringsvegen.

I Ullensvang låg 6 barne- og ungdomsskular: Kinsarvik Skule, Opedal Skule, Sekse Oppvekstsenter, Vikebygd skule, Vines skule og Hauso skule. Det fanst ikkje vidaregåande skule i Ullensvang, dei næraste ligg i Odda, Kvam og Voss.

Heradsstyret gjorde vedtak om fleire tusenårsstader i Ullensvang, men éin hovudstad, som er Utne sentrum. Sentrum og kaiområdet vart opprusta, og markeringa av tusenårsstaden, ein skulptur, vart reist. Skulpturen er utforma av kunstnaren Ingunn van Etten og står på kaia. Han vart avduka sommaren 2007.

Ullensvang har dei siste åra fått fleire årlege festivalar: 




#Article 221: Kvam herad (258 words)


Kvam herad er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke. Kommunen grensar i nord mot Vaksdal, i nord og aust mot Voss i sør mot Kvinnherad, og i vest mot Bjørnafjorden og Samnanger. I aust ligg Hardangerfjorden og på austsida av fjorden ligg Ullensvang. 

Kvam ligg om lag ein times køyring frå Bergen. Kommunen har tre tettstadar: Norheimsund, Øystese og Ålvik og mange mindre bygder, mellom anna Strandebarm, Fykse, Innstranda, Mundheim, Omastrand, Steinsdalen, Tørvikbygd og Vikøy.  Fjellplatået mot Bergen vert kalla Kvamskogen og er ein populær utfartsstad for bergensarar og andre hordalendingar. På Kvamskogen er det kring 1500 hytter, 16 skitrekk og 50 km langrennsløyper.

Kvam er ein av dei få kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune».
Ein person som kjem frå Kvam herad vert gjerne kalla ein kvemming. 

Namnet «Kvam» kjem av gamalnorsk Hvammr, som tyder '(liten) dal'. Truleg gjeld dette Steinsdalen som strekkjer seg vestover frå Norheimsund.
Vikøy kyrkjesogn vart til Vigør herred 1. januar 1838, omdøypt til Kvam Herad i 1912. 1. januar 1882 vart garden Kjepso flytt til Kvam frå Ullensvang, og delar av Strandebarm vart lagt til 1. januar 1965.

Tusenårsstaden i Hordaland, kunsthuset Kabuso, ligg i Øystese

Kommunestyret har 27 representantar. I perioden 2019-2023 er åtte parti representerte:

Torgeir Næss (Ap) er ordførar i perioden.

Dei største arbeidsplassane i Kvam er smelteverket Elkem Bjølvefossen og skipsverftet Fjellstrand.  Dernest fins ei lang rekkje av mekaniske verkstadar, transport- anlegg- og bygningsverksemder, møbelindustri og reiseliv.  Jordbruk, skogbruk og fruktdyrking, fiske og fiskeoppdrett er og framleis viktige næringsvegar i Kvam.

Sjå 




#Article 222: Granvin herad (258 words)


Granvin herad  er ein tidlegare norsk kommune i Hardanger  i Hordaland fylke. Granvin var ein av dei kommunane i landet som nytta nemninga «herad» i staden for «kommune». Våpenet til kommunen er ei hardingfele.
Heradskommunen vart oppretta i 1891. 1. januar 2020 vart Granvin slegen saman med Voss kommune til Voss herad.

Granvin er ein av dei sju hardangerkommunane. Granvin er lett å koma til med båt eller bil. Granvinsfjorden går heilt inn til sentrum, til det gamle trafikk-knutepunktet Eide. Riksveg 13 går mellom Voss og Granvin. Fylkesveg 7 går til Bergen langs Hardangerfjorden. Det tek 30 minutt til Voss og ca. 2 timar til Bergen eller til Flesland flyplass med bil. Det går òg buss til Bergen og Voss. Frå Kvanndal går det ferje til Kinsarvik og Utne i Ullensvang herad.
Hardangerbana, som var ein sidebane til Bergensbanen og førte frå Granvin til Voss, vart lagt ned i 1985.

Bygda har tradisjonelt vore tufta på skog- og jordbruk som næringsveg. Dette er òg grunnlaget for seinare års industriutvikling, med Granvin Bruk

Granvin vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. Det første namnet var Graven heradskommune, men i 1898 vart dette endra til Granvin.

I april 1940 var det kamphandlingar ved Skjervefossen i kommunen, etter at tyske troppar hadde blitt sett i land inst i Granvinsfjorden og heldt fram over land mot Voss.

Folketalsutvikling for Granvin kommune frå 1920:

Det første listevalet i Granvin vart halde i 1928.

a Fellesliste Venstre/Kristeleg Folkeparti

Granvin er eitt delområde som er deld inn i åtte grunnkrinsar.




#Article 223: Fusa kommune (216 words)


Fusa er ein tidlegare norsk kommune som låg i Hordaland fylke, fram til han 1. januar 2020 vart del av Bjørnafjorden kommune. 
Kommunen grensa på land til Samnanger, Kvam, Kvinnherad, Tysnes og i sjø til Os.

Kommunen hadde om lag 1 400 husstandar. Kommunesenteret var Eikelandsosen.  Lokalavisa for området er Os og Fusaposten.

Fusa var i perioden frå 1837 til 1854 del av Ous herad saman med Samnanger og Os. Fusa vart skild frå Ous som eigen kommune og eige prestegjeld frå 1855. I 1903 vart Fusa igjen delt i tre kommunar etter kyrkjesoknegrensene. Fusa, Strandvik og Hålandsdal var eigne kommunar i tidsrommet frå 1903 til 1963.  I 1964 vart dei tre kommunane samla att. I 2020 vart han slått saman med Os til  Bjørnafjorden kommune.

I 2003 vart Kongedømet Fusa utropt som eit kunstprosjekt med ei kroning av kunstnaren Morten Holmefjord som visekonge.

Folketalet auka med 0,6 prosent i 2005.

Leigland bygg er ein fjerde generasjons byggmeister. Leigland bygg AS har om lag 60 tilsette og driv blant anna med ferdighus, elementproduksjon, hovudenterpriser og andre byggmeister-, ingeniør- og arkitekturtenester.

Frank Mohn (Framo, produsent av pumper for offshore og shipping) er ein stor arbeidsgivar.

Eide Fjordbruk er ei tredje generasjons familiebedrift, som driv med matproduksjon av fisk. Eide-familien har tradisjonar frå 1600-talet innan matproduksjon.

Folketalsutvikling for noverande Fusa kommune frå 1920:




#Article 224: Buskerud fylke (711 words)


Buskerud er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Vestfold og Telemark i sør, til Hordaland i vest, til Sogn og Fjordane i nordvest, til Oppland i nord, og til Oslo og Akershus i aust. Fylket blei administrert frå Drammen.
I 2020 blei Buskerud ein del av nye Viken fylke.

Namnet «Buskerud» kom frå garden Biskopsrud i Modum. 

Fylkesvåpenet til Buskerud viser ein ståande blå bjørn på ein sølvfarga bakgrunn. Området hadde tidlegare fleire bjørnestammar. Sidan slutten av 70-åra har ingen bjørn budd fast i Buskerud, men det hender ein omstreifar kjem innom.

Bjørnen er blå for å minna om Blaafarveværket i Modum, og bakgrunnen sølv kjem frå dei gamle sølvgruvene på Kongsberg. Fylkesblomen til Buskerud er stor nøkkerose og fylkessteinen er drammensgranitt.

Fylket strekkjer seg frå Hemsedalsfjella og Hardangervidda i nordvest til Hurumlandet ved Oslofjorden i søraust. Store parallelle dalføre med elver går gjennom fylket, frå sørvest Numedal med Numedalslågen, Sigdal med Simoa, Hallingdal med Hallingdalselve og Snarumselva, og Ådal med Begna og Ådalselva.

Det er svært variert natur i fylket, veldyrka lågland, høgfjell og store skogar. 7 % av fylket ligg under 150 moh., 41 % ligg 900 moh. eller høgare. I søraust ved Drammens- og Oslofjorden er det kyststrøk med skog- og landbruksområde. Landskapet hevar seg så gradvis mot vasskiljet i vest og nordvest. Dei fire markerte dalføra fører nordvestover opp mot høgfjellet. Nokre fjellområde er meir enn 1000 moh.

Delar av Hardangervidda nasjonalpark (oppretta 1981) ligg i Buskerud fylke, i Hol og Nore og Uvdal kommunar.

Klimaet er for det meste innlandsprega, sidan fylket har kort kystlinje og er godt skjerma frå fjella i sørvest og i nord. Oslofjorden påverkar berre dei lågare strøka frå Lågendalen til Tyrifjorden. Om sommaren bles det typisk frå mellom sør og vest, medan det om vinteren som regel bles frå nordaust, men vindstyrken er generelt låg. På grunn av terrenget bles det som regel opp dalane om sommaren, medan dreneringsvinden strøymer nedover dalane om vinteren. 

I januar er middeltemperatur frå −8 °C til −11 °C, lågast i dei øvre dalføra. I juli er middeltemperaturen kring 16 °C i låglandet til kring 10 °C i 1000 moh. Nær Oslofjorden vert det noko mildare både om vinteren og sommaren. Kulderekorden i området er frå −30 °C til −35 °C i indre strøk, lågast på Nesbyen med −38 °C. Varmerekorden for heile landet er òg sett i Nesbyen, den 20. juni 1970 vart det målt 35,6 °C her. 

Årsnedbøren varierer frå kring 500 mm i dei skjerma områda som slettene på Ringerike og dei indre dalføra, til over 1000 mm i åsane nær Oslofjorden. Mest nedbør fell det om sommaren, medan det er minst seint på vinteren og på våren. Vinteren er lang med moderate snømengder, som gjer at fjellområda i fylket er godt eigna for vintersport.

Det er store regionale ulikskapar i folkesetnaden. Meir enn halvparten av dei som bur i fylket bur i dalføret langs Drammenselva i søraust og utover mot Hurumhalvøya. I den sørlege halvdelen ligg dei tre største byane i fylket, Drammen, Kongsberg og Hønefoss.

Austlandsdialekt pregar språket i sørlege og austlege delar av fylket, og her vert bokmål brukt som skriftspråk. I nordfylket er det vanleg med fjelldialektar og nynorsk skriftspråk.

Dei 43 representantane i fylkestinget vert samla minst fire gonger i året.

Partifordeling etter valet i 2015: 

Roger Ryberg (Ap) er fylkesordførar og 
Olav Skinnes (Sp) er fylkesvaraordførar.

Buskerud fylke har ni stortingsmandat. For denne perioden møter desse faste representantane for Buskerud på Stortinget:

Drammens Tidende dekkjer Drammensområdet, Lågendalsposten Kongsberg og Numedal, Ringerikes Blad Ringerike, medan Hallingdølen dekkjer Hallingdal. NRK har ein redaksjon i fylket som lagar radio- og TV-sendingar. Det er òg ei rekkje mindre lokalradiokanalar rundt omkring i fylket.

Europaveg 16 går søraust-nord gjennom Hole via Ringerike og Flå til Nes på ferda si frå Oslo til Londonderry i Nord-Irland, Storbritannia . Europaveg 18 passerer gjennom Lier og Drammen og fortset vidare sørover i Vestfold. E134 startar i Drammen og går vestover i sørfylket til Haugesund via Kongsberg.

Drammensbanen kjem inn i fylket gjennom Lieråsen tunnel. I Drammen vert banen delt i Vestfoldbanen som går sørover og Bergens- og Sørlandsbanen. Dei to siste har same trasé nord-vestover til Hokksund, der Sørlandsbanen tek av mot sør-vest til Kongsberg medan Bergensbanen dreg nordover gjennom fylket til Hønefoss og Hallingdal. 
 




#Article 225: Finn Kalvik (156 words)


Finn Kalvik () er ein norsk visesongar. Han vart fødd på Fåvang, men voks delvis opp i Oslo.

Kalvik starta karrieren sin på slutten av sekstitalet. Han framførte eigne viser, sette tonar til dikt av mellom anna Inger Hagerup og André Bjerke, og omsetje utanlandske songar som Cat's in the Cradle av Harry Chapin (på norsk heitte songen Ride Ranke). I trioen «Det viser seg» samarbeida han med Øystein Sunde og Lillebjørn Nilsen.

I 1981 vann Kalvik den norske Melodi Grand Prix-finalen med songen «Aldri i livet». Han vann også Gammleng-prisen i 1986 i klassen vise.

Ved slutten av nittitalet opplevde Finn Kalvik å vera midtpunktet i fjernsynsprogrammet Åpen Post. Eit av dei faste innslaga deira heitte «Finn Kalvik-nyhetene» og blei av mange oppfatta som ein parodi på artisten sjølv. Dei ansvarlege for Åpen Post, derimot, meinte at det berre var uskuldig moro, og fekk etter kvart Finn Kalvik sjølv til å vera med på «nyheitene».




#Article 226: Bergen (5124 words)


Bergen er ein by og administrasjonssenter i Bergen kommune i Vestland fylke. Byen ligg på vestkysten av Noreg og er den største byen på Vestlandet. Bergen heitte opphavleg Bjørgvin, som tyder «den grønne enga mellom fjella». Han vart grunnlagd av Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299 då denne funksjonen vart flytta til Oslo, men var framleis største byen i landet til ut på 1830-talet. Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune låg i Bergen. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke.

Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå. Universitetet i Bergen har i dag rundt 17 000 studentar og 3 000 tilsette. Byen har fleire forskingsinstitutt som Havforskningsinstituttet, NIFES og Chr. Michelsens Institutt CMI. Her finst òg statlege etatar som Fiskeridirektoratet. Bergen lufthamn, Flesland er den internasjonale flyplassen som er knytt til byen.

Namnet «Bergen» kjem frå norrønt Bergvin eller Bjǫrgvin, av berg eller bjǫrg, ‘berg’, og vin, ‘eng’. Folk frå Bergen vert kalla bergensarar.
Bergen er også kjend som «byen mellom de 7 fjell». Dei sju fjella uttrykket viser til er Sandviksfjellet, Fløyfjellet, Blåmanen, Ulriken, Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn. 

Byvåpenet til Bergen er ei sølv borg på gull fjellgrunn mot raud bakgrunn. Våpenet har røter tilbake til 1200-talet. Det var opphavleg eit dobbeltsegl; framsida viste eit langskip med drakehovud på stemnene, medan baksida viste ei borg med mur rundt på eit tredelt fjell. Det er baksidemotivet som er vidareført til den moderne utgåva. På 1400-talet fekk byen eit nytt segl, basert på baksiden av det eldste seglet, men med nokre endringar. Fjellet under borga blei mellom anna omdanna til sju kuler for sju fjell. I nyare tid blei den gamle borgtypen gjeninnført, men ein heldt på den sjudelte fjellgrunnen. Byvåpenet med dei noverande fargane blei gokjend 1924. Dette året godkjende ein også byflagget, som er danna av byseglet på ein kvit flaggduk. Flagget har ein raud kant rundt dei tre frie sidene. 

Bysongen til Bergen er «Sang til Bergen», også kjend som «Udsigter fra Ulrikken», «Bergenssangen» eller  «Jeg tok min nystemte». Han er skriven av Johan Nordahl Brun.

Bergen vart grunnlagd av kong Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299, då Oslo vart sete for kongen. Byen heldt stillinga som største byen i landet til ut i 1830-åra, og var frå ca. 1350 til ca. 1750 prega av den hanseatiske handelsverksemda, som bygningane på Bryggen langsetter austsida av Vågen minner om. 

Dei eldste delane av byen finn ein i Vågsbunnen og mot Holmen, det vil seia det området som i dag heiter høvesvis Bryggen og Bergenhus.
Busetnaden spreidde seg etterkvart både langs strendene mot nord og vest og sørover i Bergensdalen.

Bergen fekk bystatus under Olav Kyrre, ifølgje seinare kjelder i år 1070. Sogene fotel at Olav Kyrre bygde ei kristkyrke (domkyrkje) i tre på Holmen. Samtidig tok han til med å byggja eit større kyrkjebygg i stein. I 1163 blei bispesetet for Vestlandet flytta frå Selja til Bergen

Den «andre grunnleggjaren» av byen var kong Øystein Magnusson (1103–1123), som bygde ein kongsgard i tre like ved dei to kyrkjene. Heile byområdet var ein del av kongseigedommen Ålrekstad (Årstad), men under kong Øystein flytta kongemakten ned til sjølve byen. Frå midten av 1200-talet blei trebygningane i kongsgarden erstatta med steinhallar, blant desse Håkonshallen, og anlegget blei omgjeve av murar med tårn. I eit av desse innretta kongen eit kanselli.

Aukande handel med fiskevarer frå nord og utanlandske varer som korn, klede og vin førte til vekst og stor tyding for Bergen.  Tyske kjøpmenn etablerte seg i Bergen frå kring 1350 som ein fastbuande koloni tilknytt Det tyske (hanseatiske) kontoret. Etter kvart fortrengde hanseatene dei norske farmennene på dei viktigaste utanlandske marknadane. Frå kring 1310 var dei nesten einerådande i farten på England. Framleis opprettheldt sjøfararane islandsfarten, den farlegaste av handelsvegane, til 1413.

Etter flyttinga av hovudstadsfunksjonane til Oslo i 1299 og svartedauden i 1349–1350 blei seinmellomalderen ei svakare tid for det bergenske bysamfunnet, og skipsfarten innskrenka seg til nokre skip i kystfart mellom Nord-Noreg og Bergen. På 1500-talet tok bysamfunnet seg opp igjen, no som eit borgarskap med eigen magistrat. Lensherrar som Christoffer Valkendorf og Erik Rosenkrantz trengde hanseatane tilbake. Hanseatane sitt område skulle berre omfatta Bryggen på nordaustsida av Vågen. Bydelar som hadde vokse fram i løpet av mellomalderen langs sørvestsida av Vågen (Strandsiden og Nordnes) og i Vågsbunnen, tilhøyrde det nye borgarskapet. Det fekk tilskot gjennom innvandring frå mange kantar; Danmark, Tyskland, Skottland og Nederland. Desse gav sjøfarten nye impulsar og tok opp nye forbindelsar, frå Arkhangelsk i nord til Sicilia i sør, frå slutten av 1500-talet. Ein slik konjunktursyklus går igjen i fleire hundreår. Næringslivet i byen sakka akterut i første halvdel av kvart hundreår. Deretter kom det gylne tider, gjerne ledsaga av ei ny innvandringsbølgje. Det var høgkonjunktur frå 1670, med innvandrarar frå Bremen og Niedersachsen og andre stader i Tyskland og Danmark. I 1765 fann den såkalla Strilekrigen stad i byen. Frå 1777 kom ei ny bølgje av nedersaksarar, og frå 1850-åra hadde byen særleg stor innvandring frå ulike område i Noreg, mest frå vestlandsfylka. I denne nye industrielle tidsalderen tok Bergen leiinga innan norsk skipsfart med ein rask overgang frå segl til damp. Den første dampskipsruta frå byen, til Christiania (Oslo), opna i 1827. Det Bergenske Dampskibsselskab blei stifta i 1851.

Fram til inn på 1900-talet var dei viktigaste utførslevarene fiskeprodukt. I tidlegare tider blei det også skipa ut trelast frå Bergen. På 1800-talet fekk bergensk skipsfart eit oppsving gjennom utviklinga av liberalistiske idear og opphevinga av den britiske Navigasjonsakta i 1849. Då kunne nemlig handelsflåten gå i fraktfart samtidig som han framleis stod for eksport og import for byen. Samstundes fekk byen moderne industri i form av tekstil og konfeksjon, mekaniske verkstader, handelsmøller, småindustri, vass- og gassverk, i tillegg til økonomiske nydanningar som private bankar og assuranseselskap, og ein ny børsbygning. Byen fekk si første moderne sentrumsregulering etter ein brann i 1855.

Etter første verdskrigen blei Bergen ramma av økonomiske kriser. Fallittar, stengde industrianlegg og skip i opplag kom i tillegg til følgjene av ein storbrann i 1916. Frå 1935 opplevde næringslivet ei avgjort betring, men andre verdskrigen med okkupasjonen påførte byen skadar som målt i pengeverdi låg høgare enn i nokon annan norsk by. Også talet på drepne og såra var høgt i Bergen og Laksevåg. 
Særleg i 1944 blei byen råka av den store eksplosjonskatastrofen 20. april, og allierte bomberaid den 4. og 29. oktober. Ved slutten av krigen låg bygningane på Bergenhus, Nykirken og Tollboden i ruinar. 

I 1979 kom Bryggen på UNESCO si verdsarvliste.

Opp gjennom tidene har det vore mange bybrannar i Bergen. Ein storbrann i 1248 på austsida av Vågen øydela elleve kyrkjer. I 1476, 1640, 1660, 1675 og 1686 blei Bryggen råka av nye storbrannar.
I 1702 blei det meste av byen øydelagd av brann. Etterpå blei Bryggen gjenreist i gammal stil. Ein brann på Strandsiden i 1756 øydela 964 bygningar og mange sjøbodar. Under ein storbrann 15. til 16. januar 1916 gjekk 380 bygningar i sentrum tapt, og 2700 personar vart heimlause. Ein storbrann la 4. juli 1955 nordre parten av bygningane på Bryggen i oske.

Bergen ligg på Bergenshalvøya i Midhordland, som saman med Nordhordland utgjer regionen Bergen og omland i Vestland fylke. Bergen kommune har sjøgrenser mot kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Meland og Osterøy. På land grensar kommunen til Vaksdal, Samnanger og Os. Bykjernen ligg omtrent midt i kommunen, ved Byfjorden i den nordlege delen av Bergensdalen. Sentrumet i byen ligg i den nordvestlege enden av Bergensdalen, ved Byfjorden og fjordarmane Vågen og Puddefjorden, nord for Store Lungegårdsvannet. Kommunen har kystlinje frå nordaust til sørvest, og landegrenser berre i søraust.

Dei sju fjella som har gjeve byen kallenamnet sitt er:

Bergen har eit mildt og fuktig kystklima. Det er små temperaturendringar gjennom året. Med ein årsmiddeltemperatur på 7,7 °C er Bergen mellom dei høgste i Noreg. På grunn av den geografiske plasseringa mellom kysten og fjella har Bergen i gjennomsnitt 213 døger med nedbør i året. Dette kvalifiserer Bergen til ein 22. plass blant 357 undersøkte europeiske storbyar. 21. januar 2007 vart det ein ny rekord då det vart registrert heile 84 samanhengande døger med nedbør. Den gamle rekorden frå 1975 var på 59 døger. Gjennomsnittleg årleg nedbørsmengd er 2 250 mm.

Temperaturnivået har tendert til å vera noko høgre dei seinaste åra. Ser ein på dei seinaste 18 månadene, frå 1991 til 2009, har middeltemperaturane frå januar og juli auka til høvesvis 2,9 °C og 15,5 °C. 

Bykjernen i Bergen ligg omkring strenden til Byfjorden i nord og rundt fjordarmane Vågen i aust, Puddefjorden i vest og Store Lungegårdsvannet i sør, oppover langs fjellsidene av dei omliggande sju fjella, og sørover i Bergensdalen. Svært mykje av kommunearealet er høgtliggjande snaufjell ein ikkje kan byggja på.

Det historiske hjartet i byen er sentrert rundt Vågen. Ytst på austsida ligg Holmen, no Bergenhus festning med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet, alle frå mellomalderen. På Bergenhus var det tidlegare òg kongsgard, bispegard, kloster, katedralskule og fleire kyrkjer, blant desse den gamle domkyrkja Kristkirken, som blei riven av militære grunnar i 1531. Her låg relikviane av vernehelgenen for Bergen, Heilage Sunniva, som no er heidra med ein statue på staden. På denne staden blei kongane for Noregsveldet krona, vigd og gravlagde. 

I sjøkanten nord for festninga ligg Bontelabo og passasjerhamna Skoltegrunnskaien. Herfrå og sørover langs festningsmuren og den austlege stranda av Vågen går Festningskaien som endar ved Bradbenken, basen for skuleskipet Statsraad Lehmkuhl frå 1914. På høgda aust for festninga ligg mellomalderborga Sverresborg frå 1184, og mellom dei to festningane ligg Koengen, som no ofte blir nytta som konsertområde. Dette strøket heiter Bergenhus.

Sør for Bergenhus ligg Dreggsallmenningen (sjå allmenning), med Mariakyrkja frå 1100-talet der det blei halde gudstenester på tysk til 1886, og Bryggens Museum. Vidare sørover langs austsida av Vågen ligg Bryggen med Det hanseatiske kvarter, Schøtstuene og Hanseatisk museum. Kvartalet mellom Dreggsallmenningen i nord og Nikolaikirkeallmenningen i sør består av trehus som blei bygde i gammal hanseatarstil etter bybrannen i 1702, men dei seks nordlegaste husa er kopiar som blei gjenreiste etter bybrannen i 1955.

Kvartala sør for Nikolaikirkeallmenningen består av bygardar i mur i same stil som blei reist etter byreguleringa i 1901 etter teikningar av Jens Zetlitz Monrad Kielland. Mellom det sistnemnde kvartalet går Lodin Lepps gate og Finnegardsgata frå kaifronten i vest til den eldste gata i byen, Øvregaten i aust, og kryssar Rosenkrantzgaten som går frå Nikolaikirkeallmenningen i nord til Vetrlidsallmenningen med Fløibanen og Kjøttbasaren i sør. Det ligg 61 freda bygningar i området, som står oppført på UNESCO si verdsarvliste, og heile strøket blir kalla Bryggen.

Inst i Vågen ligg Fisketorget og Zachariasbryggen, Vågsallmenningen, den gamle Børsbygningen i Bergen og dessutan bygningane som tidlegare husa Norges Bank og Bergens Kreditbank, og Korskirkeallmenningen med Korskirken frå 1100-talet og fleire bankar og pittoreske gamle bygningar, gateløp og smau. Sørover frå Vetrlidsallmenningen går Vesle Øvregate som ei fortsetjing av Øvregaten og Kong Oscars gate som ei fortsetjing frå Bryggen. Begge kryssar Krosskirkeallmenningen og går saman ved Bergen domkyrkje frå 1150. Herfrå held Kong Oscars gate fram sørover forbi Bergen katedralskole med røter tilbake til 1153, og Domkirkegaten vestover forbi Hordaland politikammer  til Allehelgensgate. Dette strøket blir kalla Vågsbunnen.

Kong Oscars gate held fram sørover frå den kryssande Nygaten forbi Seminarium Fredericianum (Bergen barneasyl) frå 1752, Lepramuseet med Sankt Jørgen hospital frå 1411 og Sankt Jørgen kyrkje frå 1706, Danckert Krohns stiftelse frå 1789 og Zander Kaaes stiftelse frå 1770 (begge i seinbarokkstil), Sankt Jacobs kyrkjegard frå 1629 og Domkirkehjemmet sjukeheim, og endar ved Bergen handelsgymnasium og Stadsporten (byport frå 1628) som markererbyrjinga av Kalfarveiens og grensa mot Kalfaret. Dette området sør for Nygaten heiter Marken og har mange trehus og smau, avgrensa i vest av Kaigaten langs austbreidden av Lille Lungegårdsvannet, som kryssar Strømgaten som går langs sørbreidden av vatnet. Her ligg Kunsthøgskulen i Bergen, Grand Hotel Terminus, Bergen Jernbanestasjon, Bergen Offentlige Bibliotek og Nonneseter kapell frå 1250.

Strømgaten kryssa tidlegare ein vasstraum som band saman Lille Lungegårdsvannet med Store Lungegårdsvann lenger sør, men som no er fylt igjen og erstatta av Fjøsangerveien, som går frå Straumgata i nord til hovudkrysset for innfartsårene frå bydelane like ved Bergen hovudbrannstasjon i sør. I området mellom Fjøsangerveien og Kaigaten lenger aust, låg tidlegare Nonneseter kloster. Det endra namn til Lungegården etter at kong Fredrik I gav anlegget til riksråd Vincens Lunge i 1528. Ei gruppe bygardar er erstatta av Bergen Storsenter med Bergen Busstasjon og Bygarasjen, og dessutan fleire statlege administrasjonsbygg. Nokre mindre restar av klosteranlegget er verna. På vestsida av den gamle straumen ligg Vestre Strømkaien med legevakt, administrasjonsbygg, næringsbygg og fleire vidaregåande skular. Denne sida av straumen heitte Nygårdstangen, eit namn som i dag òg dekker dei gjenfylte områda ved nordenden av Store Lungegårdsvannet.

På austsida av Nordneshalvøyen langs vestsida av Vågen ligg Strandkaien med butikkar og hurtigbåtterminal frå Fisketorget i sør til Murallmenningen i nord. Parallelt med Strandkaien går Strandgata. På Murallmenningen ligg den gamle byporten Muren frå 1561, som i dag blant anna rommar Buekorpsmuseet. Herfrå fortset C Sundtsgate med ei rekkje hotell nordover og kryssar Holbergsallmenningen og Nykirkeallmenningen med Nykirken frå 1763. Parallelt med denne held Strandgata fram som gågate mellom Muralmenningen og Holbergsallmenningen og vidare nordover forbi Bergen tekniske fagskole og Bjørgvin vidaregåande skule til Nykirkeallmenningen, men ikkje som gågate. Lenger vest ligg Klosteret, der gamle Munkeliv kloster frå 1110 tidlegare låg. Nord for dette ligg parken Klosterhaugen, og i sør ligg vakttårnet Corps de Garde frå 1794, som opphavleg vart bygd for borgarvæpninga og seinare nytta som branntårn. På Holbergsalmenningen blei Ludvig Holberg fødd i 1684. Frå Munkebryggen like ved går Beffen i skytteltrafikk over Vågen til Bryggen. Detta strøket blir kalla Strandsiden.

Frå Nykirkeallmenningen fortset både C. Sundtsgate og Strandgata vidare nordover til Tollbodallmenningen med Tollboden frå 1761 i barokkstil. Strandgata held fram herfrå forbi Fiskeridirektoratet og munnar ut i Nordnesgaten som går fram til Nordnesparken. I denne parken, som er omgjeven av sjø på tre kantar, ligg Nordnes sjøbad og ein totempåle som blei skjenkt til byen sitt 900-årsjubileum i 1970 av venskapsbyen Seattle. Her ligg òg Havforskningsinstituttet og Akvariet i Bergen, og dessutan ei rekkje sjøbuer langs Vågen. Frå Nordnesgaten går Nordnesbakken vestover til Haugeveien, som går sørover på ei høgd med utsikt både mot Vågen og Puddefjorden. Denne held fram forbi avdelingar av Høgskulen i Bergen, Fredriksberg fort frå 1600-talet og fleire aldersheimar og bygardar. Dette strøket blir kalla Nordnes.

På vestsida av Nordneshalvøya, mellom Nordnesparken i nord og Holbergsallmenningen i sør, og mellom Haugeveien i aust og Puddefjorden i vest, ligg bustadsområdet Verftet med trehus og smau og ei kai, og dessutan kulturhuset USF Verftet, restaurantar, og meir moderne leilegheitsanlegg i sjøkanten. Her låg det tidlegare eit skipsverft som heitte Georgernes Verft. Her ligg òg lokala til TV 2 og Studio Bergen, som er base for dansekompaniet Carte Blanche. Hovudgata i området heiter Verftgata, og heile strøket blir kalla Verftet.

Sørover frå Holbergallmenningen går Haugeveien over i Klosteret, og held vidare fram sørover til Murallmenningen som Klostergata. På begge sider av desse gatene ligg det skråninger med trehus og smau, på austsida tilhøyrer dei Strandsiden og på vestsida Nøstet. Sistnemnde ligg sør for Verftet og strekkjer seg frå Holbergsallmenningen i nord til Kjellersmauet og Baneveien i sør, og frå Klosteret og Klostergata i aust og vestover til Jekteviken i Puddefjorden, med Hurtigruteterminalen og Sørnes sjøbad. Langs sjøsida går hovudgata Nøstegata vestover og nordover med kaianlegg og næringsbygg i sjøkanten. Aust for denne ligg Skottegata, og ved Klostergata lengst i aust ligg Stranges stiftelse frå 1609 (noverande bygning frå 1751). Ved Murallmenningen i sør er innkøyrsla til det underjordiske parkeringsanlegget Klostergarasjen.

Mellom Murallmenningen i nord og Lille Lungegårdsvann i sør ligg Bergen sentrum. Frå Murallmenningen fortset handlegatea Strandgaten sørover og parallelt med Strandkaien forbi kjøpesenteret Kløverhuset og Svaneapoteket med røter frå 1588, til hovudgata i byen, Torgallmenningen. Lenger vest, og parallelt med Strandgata, går Markeveien som er forbunden med Klostergaten via Smørsbroen. Mellom Strandgaten og Markeveien går Christian Michelsensgate, der blant anna lokala til Bergensavisen ligg. Bergen tinghus, som rommar Bergen tingrett, Nordhordland tingrett og Gulating lagmannsrett, ligg ved Tårnplassen.

Den breie Torgallmenningen er omgjeven av handelshus i klassisistisk stil som blei bygde i 1920-åra, etter bybrannen i 1916. Her ligg Sjømannsmonumentet og kjøpesentera Galleriet og Sundt varemagasin. På Olav Vs plass ligg Den blå stein. Vest for denne går Torggata, der mellom anna lokala til Bergens Tidende ligg.

Sør for Ole Bulls plass ligg Byparken med Musikkpaviljongen, og lenger sør ligg Festplassen ved nordbreidden av Lille Lungegårdsvannet. Vest for byparken ligg Vestlandske kunstindustrimuseum, og aust for byparken ligg Telegrafbygningen som no er kjøpesenter og hovudkvarter for Konkurransetilsynet. 

I Rådhuskvartalet ligg Det gamle rådhuset frå 1558, Manufakturhuset frå 1646, Magistratbygningen frå 1702, Hagerupgården frå 1705, Det gamle tinghuset frå 1865, Bergen kretsfengsel frå 1867, Gamle Bergen hovudbrannstasjon frå 1888 og Det nye rådhuset frå 1974. 

På vestsida av Øvre Ole Bulls plass ligg Logen Teater frå 1883. Ved nordenden av plassen ligg Teaterparken frå 1855 med Den Nationale Scene frå 1909.  Christian Michelsens gate ligg aust for parken med det freda Kalmarhuset frå 1936 i funksjonalistisk stil og Bergen Sentralbad. I denne gata låg òg det gamle Komediehuset på Engen frå år 1800, som hadde romma Det norske Theater og seinare Den Nationale Scene. Det blei øydelagd under bombinga i 1944.

Vest for Engen ligg Sydnes, som ugjer den nordlege delen av eit høgdedrag som ligg mellom dei hittil skildra områda i aust og den austlege stranda til Puddefjorden i vest. Den nordlegaste delen blir kalla Dragefjellet, og her ligg Magnus Lagabøtes plass med Universitetet i Bergen sitt juridiske fakultet. På høgda går Ivar Aasens gate, Sydneshaugen og Øysteins gate parallelt sørover frå Dokkeveien til Sydnesplassen, med Johanneskirken frå 1894 og det humanistiske fakultetet til universitetet. Frå Sydnesplassen går det ei brei trapp ned til Vestre Torggate og sentrum. Sør for Sydnesplassen ligg Haakon Sheteligs plass med Den kulturhistoriske avdelinga til Bergens museum, Universitetsbiblioteket i Bergen, lyststaden Fastings Minde og Bergens Sjøfartsmuseum. Olav Kyrres gate går forbi studentkulturhuset Det Akademiske Kvarter og vidare gjennom sentrum i aust. 

Sør for Sørnes blir høgda kalla for Nygårdshøyden. Dette området er prega av herskapshus og bygardar. Ved Muséplassen ligg Den naturhistoriske avdelinga til Bergens museum og administrasjonen tillUniversitetet i Bergen administrasjon. Ved Christiesgate ligg Sankt Paul katolske skule med røter frå 1873 og steinkyrkja Sankt Paul katolske kyrkje frå 1876. Ved Menneskerettighetenes plass held fleire menneskerettsorganisasjonar til, mellom dei Raftostiftelsen, i området bak den botaniske Muséhagen. Parkveien går sørover forbi  Studentsenteret til Nygårdsparken, og Olaf Ryes veg går vestover forbi den studentdrivne konsertstaden Hulen mot Møhlenpris, som ligg sør og vest for høgda. Allégata går forbi det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved universitetet og ender ved Geofysisk Institutt, der høgda sluttar. Området herfrå og sørover til Store Lungegårdsvannet blir kalla Florida, og her ligg Nygårdsbroen som markerer byrjinga på Nygårdsgaten med Florida sjukehus og avdelingar av Høgskulen i Bergen. På austsida av Lars Hillesgate ligg Bergen maritime vidaregåande skule og fleire private vidaregåande skular, fylkesadministrasjonen i Hordaland, og lenger nord dei tre avdelingane til Bergen Kunstmuseum langs Rasmus Meyers Allé, som følgjer vestbreidden til Lille Lungegårdsvannet. Mellom Lars Hillesgate og Nygårdsgaten ligg Sankt Jakob kyrkje frå 1921, Handelshøgskolen BI, Grieghallen frå 1978 og Edvard Griegs plass, Griegakademiet, Nygård skule og det psykologiske fakulteta til universitetet. Ved John Lunds plass ligg den samfunnsvitskaplege fakultetet til universitetet. Til saman dannar området Nygård.

Sør for Dokkeskjærskaien og vest for Nygårdshøyden ligg bustadsområdet Møhlenpris med eit kvadratisk gatenett med mange gamle bygardar, og blant desse kvartala ligg òg den såkalte Trikkebyen. Ved grensa mot Sørnes i nord munnar Nygårdstunnelen frå Nygårdstangen ut, og denne vestlege innfartsåra held fram over Puddefjordsbroen til Gyldenpris. Sør for dette ligg Bergen Tekniske Museum. På Marineholmen låg det tidlegare ein marinebase og skipsverftindustri, i dag erstatta av Vitensenteret, Nansensenteret og Høyteknologisenteret, alle med Nygårdsparken i ryggen oppover mot Nygårdshøyden. Desse områda utgjer strøket Møhlenpris.

Den nordlege delen av vestsida til Puddefjorden blir kalla Laksevåg, og er den delen av Laksevåg bydel som ligg innanfor dei sju fjella og difor blir rekna til bykjernen. Laksevåg ligg ved foten av byfjella Lyderhorn, Damsgårdsfjellet og den nordlegaste delen av Løvstakken, og dessutan i dalføra mellom desse, og er avgrensa av Byfjorden i nord og av Puddefjorden i aust. I dalføret mellom Lyderhorn og Damsgårdsfjellet ligg Ytre Laksevåg med bustadsområda Lyngbø, Gravdal og Nygård. På Nygård ligg Laksevåg vidaregåande skule og Nygård kyrkje og kyrkjegard. I Gravdal ligg Sjøkrigsskolen, Kommandantboligen og Kvarven fort, og over byfjorden ligg Askøy i nord. På Laksevågneset nord for Damsgårdsfjellet ligg bustadsområdet Kringsjå med Laksevåg senter og industri i sjøkanten. På Damsgård ligg skipsverftet Bergen Mekaniske Verkstad (BMV), Laksevåg sentrum, Laksevåg kyrkje frå 1875 og Damsgård hovudgard frå 1700-talet i rokokkostil.

Sør for Damsgård ligg Gyldenpris, med Puddefjordsbroen over til Møhlenpris og sentrum, Løvstakktunnelen gjennom Løvstakken til Fyllingsdalen bydel, og Damsgårdstunnelen gjennom Damsgårdsfjellet til Ytre Laksevåg. Her ligg Gyldenpris studentbustader, Sankt Markus kyrkje og lyststaden Urdihuset i seinempirestil, og dessutan tett bustadsbusetnad i fjellsida og industri langs vatnet. Ved Danmarksplass ligg Forum kino og Krohnsminde stadion. Vidare sørover langs Løvstakksiden ligg Solheim, med Solheim kyrkje, Solheim kapell, Solheim gravplass, handlegata Solheimsgaten og næringsområdet Solheimsviken med messesenteret Arenum, der det tidlegare var omfattande verftindustri. Bustads- og næringsområdet Minde husar Tinemeieriet, post- og godsterminalar og lokala til NRK Hordaland. På Kronstad ligg herregarden Kronstad gard frå 1781 i empirestil, Krohnsminde idrettsplass, Haukelandshallen, Årstad vidaregåande skule og Årstad kyrkje frå 1890. På Kronstad ligg òg Høgskulen i Bergen i eit bygg innvigd i 2014. Sør for Kronstad ligg Fridalen med Brann Stadion, Fridalen kyrkje, Langhaugen vidaregåande skule, Christieparken og Leaparken. På austsida av Tveitevannet lenger sør ligg Slettebakken med Bergenshallen, Slettebakken hovudgard, Slettebakken kyrkje og Sletten senter. Sør for Tveitevannet ligg Fantoft, med Fantoft studentby, Fantoft stavkyrkje og Chr. Michelsens Institutt. På Landås ligg Landås kyrkje, Landåshallen idrettshall, Landåstorget kjøpesenter og Høgskulen i Bergen si avdeling for lærarutdanning. Nattland husar Nattland studentby og omfattande busetnad oppover i Nattlandfjellet. Alle dei her nemnde områda har svært tett busetnad og utgjer til saman Årstad bydel i Bergen kommune, i dei nordlege delane av Bergensdalen, mellom byfjella Ulriken i aust og Løvstakken i vest.

Mellom Landås i sør, Kronstad i vest og Kalfaret i nord ligg sjølve Årstad, som òg høyrde til gamle Årstad kommune, men som i dag høyrer til Bergenhus bydel. I dette området låg mellomalderkongsgarden Alrekstad, og her ligg Haukeland universitetssjukehus, Ulriksbanen, Haraldsplass diakonale høgskule og Haraldsplass Sjukehus, Statsarkivet i Bergen, Alrek studentheim, Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen, avdelingar av Høgskulen i Bergen og mange gamle herskapsvillaer. 

Langs austsida av Store Lungegårdsvannet og oppover i fjellsida til Fløyfjellet, mellom den gamle bygrensa mot Årstad i sør og Stadsporten i nord, ligg det herskapelege strøket Kalfaret. Kalfarveien går her forbi Pleiestiftelsen for spedalske frå 1857, Assistentkyrkjegarden frå 1837 og Bergen handelsgymnasium. Frå Seiersbjerget går Kalfarveien sørover forbi dei gamle lokala til Hansa bryggeri, som no er omgjort til leilegheitsanlegget Hansaparken, museum og mikrobryggeri, og vidare forbi Bergen byarkiv til bustadsområdet Fløen.

Nord for festningane Bergenhus og Sverresborg, ligg strøka Skuteviken nedanfor Nye Sandviksveien og  Ladegården ovanfor, og gata held fram forbi Rothaugen til strøket Sandviken lenger nord, med den nygotiske steinkyrkja Sandvikskirken frå 1881. Langs Byfjorden frå Bontelabo går Sjøgaten med ei rekkje verneverdige gamle sjøbuer kalla Skuteviksboder og Sandviksboder (med Norges Fiskerimuseum). Busetnaden strekkjer seg langt oppover i fjellsida, og her oppe held Fjellveien fram forbi utsiktpaviljongen Mon Plaisir, lystgarden Christinegård frå 1700-talet,  og trappa/turstien Stoltzekleiven som leiar opp mot toppen av Sandviksfjellet. Fjellveien endar opp ved lyststaden Måseskjæret frå 1795 ved den austlege stranden til Byfjorden. Like ved ligg Stoltz' reperbane frå 1690-åra, som er den eldste verna reiparbanen i Europa. Nord for dette ligg Ytre Sandviken. Her ligg det kutlurhistoriske friluftsmuseet Gamle Bergen Museum ved lyststaden Elsero, og ovanfor dette i aust ligg Sandviken sjukehus. Herfrå går Munkebotn oppover fjellsida forbi forsvarsverket og utsiktspunktet Sandviksbatteriet og vidare til toppen av Sandviksfjellet. Nordover i strøket ligg bustadsområde som Nyhavn, Breiviken (med Norges Handelshøyskole), Øyjorden, Biskopshavn (med nøsteforma Biskopshavn kyrkje frå 1966), Eikeviken, Hellen (med badeplassen Helleneset) og Lønborg. Ytre Sandviken er dermed det nordlegaste strøket i bydelen Bergenhus, og markerer slutten på bykjernen mellom dei sju fjella.

Bergen er eit viktig knutepunkt på Vestlandet og den einaste byen mellom Stavanger og Trondheim med både jernbane, stamflyplass og viktig eksport- og importhamn. Byen er endepunkt for Bergensbanen. Bergen lufthamn ligg på Flesland, om lag 16 kilometer sørvest for bysenteret, med direkte flygingar til dei fleste større flyplassane i Noreg og ei lang rekke utanlandske destinasjonar. Frå Bergen fører ei rekke samband med rutebåtar både lokalt, langs kysten og til utlandet. Bergen er utgangspunkt for Hurtigruta nordover, og det er samband med hurtigbåt til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, Hardanger/Sunnhordland og Rogaland med Stavanger.

Dei viktigaste vegsambanda er E 16 frå aust og E 39 frå nord og sør. Av andre viktige vegar kan nemnast riksveg 555, som gjev ferjefritt samband vestover, til øykommunane Fjell, Sund og Øygarden. E 16 gjev heilårs, ferjefritt vegsamband mellom Bergen og Oslo via Voss, Aurland og Valdres.

Det har vore gjort omfattande arbeid for å betre vegsambanda gjennom byen, særleg på E 39 nordover, og det er i denne samanhengen bygd fleire større tunnelar. Fleire bruprosjekt har endra kommunikasjonstilhøva dramatisk, mellom anna Sotrabrua (1971), Askøybrua (1992), Nordhordlandsbrua over Salhusfjorden (1994) og Osterøybrua over Sørfjorden 1997. I 1996 opna Bjorøytunnelen, ein undersjøisk vegtunnel mellom Håkonshella og Bjorøya i Fjell kommune.

Bergen husar det eldste musikkselskapet i Noreg, Harmonien, med symfoniorkesteret Bergen Filharmoniske Orkester. Det faste teateret Den Nationale Scene, Carte Blanche Dansekompani, musikkstiftingane Vest-Norges Opera og Opera Vest held til her. Konserthuset Grieghallen er frå 1978.

Det blir halde fleire festivalar i Bergen. Nokre av dei er festspela i Bergen, Nattjazz,  musikkfestivalen  Bergenfest, 
samtidsmusikkfestivalen Borealis, studentfestivalen  UKEN, Kystsogevekene, Phonofestivalen, Bergen internasjonale filmfestival, Bergen internasjonale musikkfestival og Holbergdagene. Byen er også kjend for buekorpsa sine, som først blei skipapå 1850-talet. 

Kinoar i byen er Magnus Barfot, Konsertpaleet og Bergen Kino. Den tidlegare største kinoen i Bergen, Forum kino, blei lagt ned i 2005.

Bergen Museum blei grunnlagd i 1825 med stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie og biskop Jacob Neumann som to av grunnleggjarane. Det er i dag landsdelmuseum på Vestlandet og driv omfattande fleirfagleg forsking og formidling som ein integrert del av universitetet i byen. Museet består av De kulturhistoriske samlinger med utstillingar innan arkeologi, etnografi, kulturhistorie og kunsthistorie, De naturhistoriske samlinger med utstillingar innan botanikk, geologi og zoologi og ei museumsavdeling om historia til sjølve museet, og dessutan Muséhagen, ein botanisk hage utanfor bygningen.

Bergens Sjøfartsmuseum ligg like ved dei kulturhistoriske samlingane, og har utstillingar som dekker heile sjøfartshistoria frå dei eldste tidene til i dag, med ei rekkje unike gjenstandar og ei omfattande samling modellar av kjende fartøy.

Bergen Kunstforening er den nest eldste kunstsamskipnaden i Noreg, og blei stifta i 1838 av målaren J.C. Dahl. Samskipnaden eig kunstgalleriet Bergen Kunsthall, som er ein av dei største norske visingsstadene for samtidskunst, og ein markant aktør i formidling og produksjon av nasjonal og internasjonal samtidskunst.

KODE Kunstmuseene i Bergen er ei samanslutting av Bergen kunstmuseum, som er eit av dei største kunstmusea i Norden, med kunst frå 1400-talet til vår tid, Vestlandske kunstindustrimuseum, som viser kunsthandverk gjennom 500 år og dessutan ei unik samling med kinesisk kunst, og tre musum knytte til komponistheimane Edvard Grieg Museum Troldhaugen, Siljustøl Museum (Harald Sæverud) og Museet Lysøen (Ole Bull). Det blir òg halde konsertar i dei tre sistnemnde musea.

Bymuseet i Bergen er ei samanslutting av ei rekkje kulturminne og kulturhistoriske musum i Bergen, som omfattar Alvøen hovudbygning, Bergen Skolemuseum, Bryggens museum, Damsgård hovudgard, Gamle Bergen museum, Hordamuseet, Håkonshallen, Lepramuseet og Rosenkrantztårnet. Bryggens Museum presenterer funn frå verdsarvstaden Bryggen.

Det Hanseatiske Museet og Schøtstuene omfattar schøtstuene og ein av dei best verna handelsgardane på Bryggen frå hanseatartida, og viser forsamlingsrom og ei autentisk handelsstove med blant kjøpmannskontor, soveplassar for drengene og gjestestove, og originale gjenstandar som er samla inn frå dei ulike hanseatiske handelsgardane på Bryggen.

Akvariet i Bergen, som blei finansiert ved ein innsamlingsaksjon blant borgarane i byen, opna i 1960 og var då det største og mest moderne akvariet i Nord-Europa. Akvariet viser eit representativt utval av norsk marin fauna, og dessutan selar, pingvinar, karpefisk, krokodillar, slangar, skjelpadder og andre eksotiske dyr.

Norges Fiskerimuseum i Sandviken er eit spesialmuseum som dekker alle aspekt ved utnyttingaav fiskeriressursane i havet gjennom tidene og dessutan fiskerihistoriske filmar, arkiv, fotografi og spesialsamlingar med sjøkartfiskekart, båttegninger, fiskerialmannakker osb.

Bergen Tekniske Museum er ein del av dei tekniske samlingane i Bergen og vert drive av fleire organisasjonar. Utstillinga viser den tekniske utviklinga på Vestlandet og i Bergen, med hovudfokus på landtransport. Museet har ei stor samling av gamle framkomstmiddel som veteranbilar, trikkar, bussar, syklar, motorsyklar, og dessutan ei av dei gamle fløibanevognene, og historisk militærmateriell, brannvernsutstyr, eit fungerande boktrykkeri og køyring med gamle sporvogner.

Norsk Trikotasjemuseum er eit nasjonalt teknisk-industrielt kulturminne og ein del av Museumssenteret i Hordaland. Det ligg i gamle Salhus Tricotagefabrik som blei etablert i 1859 som ein av dei første trikotasjefabrikkene i landet og nedlagd i 1989. 

Buekorpsmuseet blei etablert i 1977 og viser effektar, buekorpsfaner, trommer, sablar osb. frå alle aktive buekorps i Bergen og nokre av dei som er nedlagde. Museet har òg ein komplett offisersuniform frå borgervæpninga. Totalt har det vore over 200 buekorps i byen gjennom åra. Museet ligg i Murhvelvingen frå 1561.

Byparken ved Lille Lungegårdsvannet blei laga etter bybrannen i 1855 i fransk stil, i likskap med Teaterparken lenger nord, som fungerte som festplass i byen før teaterbygningen blei bygd der i 1909. Nygårdsparken på sør- og vestsida av Nygårdshøyden er den største parken i byen. Han blei laga i 1885 i engelsk stil, og var teikna av den danske hagearkitekten S. Lund Leiberg i 1880. Ytterst på Nordnes ligg Nordnesparken, som blei anlagt i 1889. Same året blei Muséhagen anlagt som botanisk hage på Nygårdshøyden. I Sandviken ligg Meyemarken som var namnet på Otto Meyer sin eigedom på den tidlegare grunnen til Ladegården. Meyermarken blei anlagt her i 1988 i engelsk stil etter eit initiativ frå samskipnaden Høddens Vener. I tillegg har byen mindre parkar som Klosterhaugen, Skanseparken og Øvre Ole Bulls plass. Bergenhus festning, Sverresborg og Fredriksberg fort er andre grøne lunger og rekreasjonsområde sentralt i bybiletet.

Bergensdialekten er kjend for å skilja seg frå hordalandsdialektane elles, og ber særleg preg av påverknad frå tyske hanseatar. Han er mellom anna vorte forenkla slik at han berre har to grammatiske kjønn, samkjønn og inkjekjønn, mot tre i dei andre målføra (hankjønn, hokjønn, inkjekjønn).

Fleire aviser som vert redigerte både på bokmål og nynorsk kjem ut i Bergen, som til dømes Dagen og Bergens Tidende. 




#Article 227: Pattedyr (868 words)


Pattedyr (Mammalia) er ein dyreklasse innan zoologien som høyrer til virveldyra. Det finst over 5 000 nolevande artar av pattedyr, mellom anna mennesket, og ein finn representantar for klassa i nær sagt alle økosystem på jorda. På grunn av storleiken til dei fleste pattedyra utgjer dei ein vesentleg del av biomassen i dei fleste lokale faunaer. 

Det finst ei rekke felles kjenneteikn hos pattedyr:

Pattedyra stammar frå amniote krypdyr. Strukturar av øvre delar av kraniefunn har gjort det mogleg å identifisere tre hovudgrupper som byrja spalte seg av i karbontida i Paleozoikum:  

Synapsidane var kjenneteikna med eitt par opningar i kranietaket for feste av tyggemusklar. Dette var òg den første gruppa av amniotar som spreidde seg til landjorda. Dei første synapsidane utvikla seg vidt ut i herbivore og karnivore former som har fått samlenamnet pecylosauriar. 

Frå ei anna tidleg gruppe av karnivore synapsidar kom dei første forløparane til pattedyra, therapsidane. Desse var den einaste gruppa av synapsidar som overlevde Paleozoikum og utvikla seg vidare. Dei fleste var små, men nokre var opp til fire meter. Therapsidane er dei første med ein effektiv gange på meir rette ekstremitetar festa under dyret. Sidan stabiliteten vart redusert når dyret heva seg over bakken, utvikla cerebellum (muskelkoordineringssenteret) i hjernen seg mykje. Kranieform og muskelsystemet i kjeven forandra seg mot auka effektivitet i næringsopptaket. 

Therapsidane utvikla seg i talrike herbivore og karnivore former, men dei tidlegaste formene døydde ut i den store utdøyingsperioden i enden av perm. Tidlegare vart pelycosauriar og therapsidar omtala som «pattedyrliknande krypdyr», men dette gjer ein ikkje lenger sidan dei ikkje er ein del av den eigentlege krypdyrlinja.

Ei therapsid gruppe av kjøttetande og pattedyrliknande krypdyr som overlevde inn i mesozoikum var cynodontane (Cynodontia). Desse utvikla fleire nye trekk som ein finn att hos pattedyr av i dag, mellom anna viktige endringar i skjelettet og sekundært ganetak som gjorde det mogleg å puste sjølv om det heldt eit byttedyr i munnen, togg mat eller saug mjølk av mora. Innanfor den mangfaldige cyodontforgreininga var det ei lita gruppe kjøttetarar kalla trithelodontider som likna mest på dei etterfølgjande pattedyra. 

Dei første pattedyra som utvikla seg i sein trias var små spissmus-liknande dyr med stort kranium, kjeve med ny form og ein ny type difydont tannsett der tennene berre vart skifta ut ein gong. Til samanlikning hadde dei tidlegare og meir primitive amniotane eit polyfyodont tannsett med kontinuerleg utskifting av tennene gjennom heile livssyklusen. Den forandra kjeveutforminga resulterte i at enkelt knoklar frå kjeveopphenget vart vidare redusert og hamna til slutt i mellomøret som øyreknoklar. Ein reknar med at dei første pattedyra var endoterme, men med lågare kroppstemperatur enn dei moderne placentale pattedyra. 

Hår eller pels hadde ein viktig funksjon som isolasjon. Dette tyder på at talg- og sveittekjertlar må ha utvikla seg samstundes for å smørje håra og gi auka varmetap når det var naudsynt. 

Ein trur dei tidlegaste pattedyra klekka ut ungane frå egg i lite utvikla form slik at dei var avhengige av morsmjølk, varme og skydd. Denne forma for reproduksjon ser vi i dag berre hos monotrematane nebbdyr og maurpiggsvin. 

Allereie midt i trias hadde dei tidlege pattedyra utvikla nesten alle dei nye trekka som ein finn hos moderne pattedyr. Det gjekk likevel nærare 150 millionar år før dei breidde seg ut i stort mangfald. Dette fenomenet trur ein skuldast at pattedyra i byrjinga levde «i skuggen av» dinosaurane. Medan dinosaurane var talrike og i stort artsmangfald, døydde alle grupper av synapside amniotar ut - med unntak av pattedyra sine forløparar. Dei spissmusliknande pattedyrartane som overlevde var sannsynlegvis nattlege arter. 

Det var ikkje før i krit, og særleg i den seinare eocentida som byrja for 54 millionar år sidan, at den raske utbreiinga av dei «moderne» gruppene starta. Denne utviklinga i kenozoikum kan delvis forklarast med den store mengda tomme habitat som stod att etter dei utdøydde amniote gruppene mot slutten av krit. 

Vilkåra for at desse gruppene av dyr greidde å utvikle seg i stor stil var at dei hadde stor rørsleevne, var endoterme, hadde utvikla ei form for «intelligens», var tilpassingsdyktige, fødde levande ungar som dei tok seg av (yngelpleie) og som ernærte seg av mjølk som hodyra sjølv produserte. 

Det var ikkje lenger nok å legge egg i reir og la ungane skaffe seg føde frå det ytre miljøet som einaste reproduktive taktikk.

Klassifiseringa av dyr og planter har gjennomgått mange endringar etter Carl von Linné sin opphavlege taksonomi i Systema naturae frå 1735. For pattedyr nyttar lærebøkene i stor grad klassifiseringa til George Gaylord Simpson frå 1945 og McKenna  Bell sin revisjon av Systema naturae som vart etablert i 1997. Med moderne DNA-analyse har ein òg kunna finne ny informasjon om kva slektskap og opphav dei ulike artane har.

Tradisjonelt har pattedyr vore delt inn i dei følgjande tre underklassene:

 
Nemninga placentale pattedyr tyder «pattedyr med morkake», frå det latinske ordet for kake, placenta. Pungdyr har faktisk både livmor og morkake og ein har etterkvart kome fram til at skilnaden mellom pungdyr og dei andre pattedyra som føder levande ungar elles er liten. I moderne taksonomi er difor pungdyr og placentale pattedyr er slegne saman i ei felles underklasse Theria.

Ei moderne klassifisering av pattedyr i underklasser med tilhøyrande ordenar ser difor slik ut:,




#Article 228: Drammen kommune (239 words)


Drammen er ein bykommune i Viken fylke. Byen Drammen ligg på begge sider av Drammenselva der ho munnar ut i Drammensfjorden. Drammen hamn er ei naturleg hamn som har vorte brukt sidan vikingtida.

Bragernes på nordsida av Drammenselva og Strømsø-Kobberviktangen på sørsida av elva vart gjeve ein faktisk, men ikkje formell status som ladestadar i eit kongebrev frå 1636. Desse to ladestadane fekk i 1715 rettar som kjøpstadar kvar for seg. Kjøpstaden Drammen vart skipa i 1811 ved at Bragernes og Strømsø vert slege saman, og dette er rekna som grunnlegginga av den noverande byen Drammen. Stiftamtmann, statsråd og lagtingspresident Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838) var ein av dei som tok initiativet til å slå saman Bragernes og Strømsø til Drammen i 1811, og difor fekk Rosenkrantzgata i dei noverande administrative bydelane Bragernes og Åssiden namn etter han i samband med at byen vart hundre år i 1911. Den 1. januar 2020 slo Drammen, Svelvik og Nedre Eiker seg saman til nye Drammen kommune. 

Drammen kommune har  innbyggjarar, men byen har vakse slik at han strekker seg inn i nabokommunane Lier, Asker og Øvre Eiker. Tettstaden Drammen har difor  og er dermed den femte største i Noreg.

Namnet er ei forvansking av det gamle namnet «Drafn», som var namnet på den inste delen av Drammensfjorden, 'fn'-leddet har som på dei fleste plassane austafjells blitt til 'mn'. Vidare har det blitt sett inn ein vokal for å forenkle uttalen av 'mn'-leddet.




#Article 229: Hans Jonas (581 words)


Hans Jonas () var ein tysk-amerikansk jødisk filosof og etikar. Han har påverka miljø-filosofar som Murray Bookchin. 

Jonas vart fødd i Mönchengladbach der far hans åtte ein tekstilfabrikk. Mora var dotter til den øvste rabbinaren i Krefeld. Jonas studerte filosofi og teologi i Freiburg, Berlin, Heidelberg, og fekk til slutt doktorgrad ved Marburg der han studerte under Martin Heidegger og Rudolf Bultmann. I Marburg trefte han Hannah Arendt som også var doktorand der, og dei to blei vennar for livet.

I 1933 blei Heidegger medlem av det tyske nazistpartiet, noko Jonas tok som eit personleg svik. Han forlét Tyskland det same året då Det Tyske Blindelaget viste bort alle dei jødiske medlemmene sine. Han drog til England og derifrå til Palestina i 1934. Der trefte han Lore Weiner, som han blei trulova med. I 1940 kom han tilbake til Europa for å bli med i den britiske hæren, som hadde laga ein spesiell brigade for tyske jødar som ville slåst mot Hitler. Han blei send til Italia, men han fann likevel tid til å skriva fleire brev til Lore som inneheldt ei blanding av filosofi og kjærleik. Dei to gifta seg i 1943.

Etter krigen drog han tilbake til Mönchengladbach for å leita etter mor si, men fann ut at ho hadde blitt send til gaskammera i Auschwitz. Han drog tilbake til Palestina og deltok i Israel sin krig mot dei arabiske statane i 1948. I 1950 reiste han til Canada og i 1955 til New York, der han budde resten av livet. Han døydde i New York den 5. februar 1993.

Jonas meinte at den moderne «teknologiske alderen» hadde skapa ei krise i den vestlege verda. Teknologi gjev mennesket meir makt «over materie, over alt som lever på jorda, og over mennesket sjølv.» Slik makt gjer oss meir fridom. Men me har brukt fridommen utan ansvar eller verdikjensle. Kvar av oss veit at gjerningene våre vil føra til veldig mange problem for menneske i framtida, til og med for andre folk i notida. Men dei fleste av oss driv på med slik framferd likevel, som om ingen andre og ingenting har «verd i seg sjølv». Det er, sa han, som om me som bur i den teknologiske alderen har spurd «Kvifor må me bry oss om framtida til dei fjerne etterkomarane våre, eller framtida til jorda vår?» og svara «Me har ingen grunn til å bry oss, iallfall ikkje grunn nok til å minska bruken av makta me har.»

Jonas hevda at det viste at tildriven som lét oss bruka teknologi utan å tenka på følgjene og tildriven som fekk vanlege folk til å bli nazistar var den same. Etikkane som til då hadde funnest hadde ikkje rekna med dei nye maktene menneske hadde no, og kunne ikkje regulere denne tildriven. Det var nødvendig å skapa ein ny etikk som kunne takla eit slikt problem. «Tidleg etikk trengde ikkje å tenka på den globale tilstanden eller den fjerne framtida og tilværet til mennesket,» sa Jonas, «men no er det veldig viktig.»

I sitt best kjente verk Das Prinzip Verantwortung (norsk «prinsippet ansvar») frå 1979 skapte Jonas denne etikken med hjelp av filosofi. Han tok Immanuel Kant sine kategoriske imperativ og skapa nye imperativ frå dei: «Handle slik at gjerningane dine samsvarar med det varige og ekte menneskelege livet», og «ikkje skad vilkåra som trengst for at mennesket kan vera til på jorda.» Dei siste åra av livet sitt søkte Jonas også til teologi for å skapa grunnar for etikken sin.




#Article 230: Jødar (729 words)


Jødar er medlemmer av religionen jødedom og/eller medlemmer av ei folkegruppe, eller ei gruppe nærskylde folkegrupper, som hovudsakleg praktiserer jødisk religion.

I sin tilsynelatande motsetnad mellom ein klar etnisk/kulturell definisjon på den eine sida og relativt stor geografisk spreiing og lokal variasjon i språk og kultur og tildels genetikk på den andre, er problema med ein klar definisjon ikkje ulike dei tilsvarande problema med definisjonen av sigøynarar som folkegruppe.

Etter rabbanittisk-jødisk religiøs lov (sjå Halakhá) er du jøde om du (1) er fødd av ei jødisk mor eller (2) om du har konvertert til jødedommen. Nokre andre jødiske grupper reknar farsarven som avgjerande for om nokon er jødisk. I dei moderne rabbanittisk-jødiske retningane reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom godtek mange rabbinarar nokon som jødisk anten dei har jødisk mor eller far, så lenge dei har fått ei jødisk oppseding.

I følgje Bibelen var israelsfolket opphavleg inndelt i tolv stammar. Dette stammesystemet braut i hovudsak saman for over 2000 år sidan, med unntak av Levi (levittane), med si undergruppe kohaním (prestar). Desse to gruppene har framleis sine spesifikke rollar i synagogen — noko som kan ha vore med på å halde oppe identiteten deira. Stammetilknytinga blir, i motsetnad til det å vera jøde, arva på farssida.

Det jødiske synet på misjon og konvertering har variert mykje gjennom historia og varierer òg mykje mellom ulike jødiske grupper. I askenasisk ortodoks jødedom er hovudsynet at misjon er ulovleg og at konvertering bør vera ein lang prosess med høge krav. Andre retningar av jødedommen har for det meste meir toleranse for misjon og ein noko enklare konverteringsprosess — noko som fører med seg at ikkje-ortodokse konverteringar ofte ikkje blir godtekne av ortodokse rabbinarar.

Viktige etniske undergrupper av jødar inkluderer dei relativt nærskylde sefardiske, italienske og askenasiske jødane, og i tillegg mange undergrupper av mizrahiske jødar. Grupper som skil seg sterkare ut inkluderer mellom anna Beta Israel frå Etiopia og bené Israel frå India.

I dei fleste jødiske gruppene er hebraisk det grunnleggjande språket for kulturelt samanbindande religiøse ritual, inkludert livssyklusritual. Dei tradisjonelt sett viktigaste unntaka er Beta Israel og bené Israel, som hadde mist hebraisk som språk ein gong føre nyare tid. Viktige språk med halvsakral status inkluderer arameisk i dei fleste jødiske gruppene, og lokalt òg språk som jødearabisk, spansk, jødespansk, portugisisk, gresk og jiddisch.

Morsmål har tradisjonelt vore eit av språka nemnde ovanfor eller andre lokale språk i området der ein budde.

Blant askenasiske jødar har jiddisch vore morsmål sidan mellomalderen, og sjølv om talet på jødar med jiddisch morsmål er sterkt redusert i vår tid, har språket framleis brei appell som kulturelt ikon bland askenasiske jødar — særleg i Europa og Nord-Amerika

Hebraisk gjekk av bruk som morsmål ein gong kring byrjinga av den moderne tidsrekninga, men var gjennomgåande bruka i religiøs samanheng ved sida av araméisk og etterkvart arabisk. Frå kring 1000-talet av vart hebraisk bruka i aukande grad for dikting, jødisk teologi, filosofi og vitskap.

Som munnleg spontanspråk har hebraisk vore i bruk i varierande grad i handel, jødisk utdanning og internasjonalt samkvem meir eller mindre kontinuerleg. I Éres Jisraél (det historiske Israel, delar av det historiske landskapet Palestina) har hebraisk vore mykje i bruk (ved sida av arabisk og jødespansk) blant sefardiske og mizrahiske jødar sidan slutten av 1400-talet.

Hebraisk som morsmål vart atterinnført av hovudsakleg askenasiske jødar med grunnlag i lokal sefardisk dagleg uttale sist på 1800-talet.

Ein vesentleg samlande faktor for jødar som etnisitet er matkulturen.
Det er særleg tre faktorar som bind dei ulike tradisjonane saman:

I hovudtrekk har askenasiske jødar vore nekta innreise og busetjing i Noreg frå 1600-talet og fram til 1814, med enkelte periodar der innreise (men ikkje busetjing) lét seg gjera med leidebrev. Sefardiske jødar hadde for det meste innreise- og bustadsrett føre 1814, men svært få nytta seg av dette.

Frå 1814 av var det totalt innreiseforbod for alle jødar. Sefardiske jødar fekk atterstadfest innreise- og busetjingsretten av den norske høgsteretten i 1845, men askenasiske jødar fekk ikkje innreise- og busetjingsrett før grunnlovsendringa i 1851.

Sidan slutten av 1800-talet har det eksistert jødiske trussamfunn i Oslo og Trondheim. På første halvdel av 1900-talet var det òg mindre jødiske samfunn i byar som Bergen, Drammen og Kristiansund, men desse vart stort sett lagt øyde under Andre verdskrigen med nazistane sin deportasjon av norske jødar i 1942 til dødsleirane i Auschwitz.

I dag er jødar offisielt definerte som nasjonal minoritet i Noreg.




#Article 231: Samar (1274 words)


Samar (tidlegare òg kalla lappar eller finnar) er eit folk som hovudsakleg høyrer heime i høgfjellsområda mellom Noreg og  Sverige, på Nordkalotten og på Kolahalvøya. 

Samane som folkegruppe oppstod med det samiske språket, som oppstod i området mellom Sør-Finland og dei store sjøane i Karelen rundt byrjinga av vår tidsrekning, då vestleg uralsk delte seg i uraustersjøfinsk i sør og ursamisk i nord. Seinare spreidde samisk seg nordover, vestover og sørover, og erstatta eit tidlegare språk, som sette tydelege spor i samisk. I sør vart så samisk assimilert av finsk i løpet av det andre tusenåret av vår tidsrekning.

På grunn av assimileringspolitikken ovafor samane frå slutten av 1800-talet og framover er det vanskeleg å seie kor mange samar som finst. Eitt overslag er at det i det samiske befolkningsområdet bur om lag 75 000 samar. I overkant av ein tredel av desse snakkar ulike samiske språk, framfor alt nordsamisk.

Tradisjonelle samiske levevegar inkluderer reindrift, der dei følgjer etter store reinflokkar på beitevandring, kystkultur, med kombinasjon av småbruk og fiske — gjerne kombinert med båtbygging eller anna handverk og husflid (i Noreg), og innlandsfiske (som t.d. i Enare).

Namnet «same» er den skandinaviske forma av det samiske ordet sápmi (nordsamisk) eller saemie (sørsamisk), som viser til både område, folkegruppe og språk. 

Opphavet til ordet saemie eller sápmi er eit lån til ur-samisk/finsk frå urbaltisk *žeme ’land’ (jf. russisk земля [zemljá], som i Novaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk *šämä ’landet (i nord)’, dvs. den delen av Finland baltarane hadde kontakt med. Dette ordet gjennomgjekk seinare den særfinske lydendringa š → h (ei lydendring som vi ikkje fekk i samisk), så vi fekk Häme, namnet på området Tavastland (der Lahtis ligg). I samisk gjekk ordet i staden gjennom lydendringa š → s, og i sterkt stadium i nordlege dialektar også gjennom dissimileringa m → pm, slik at vi fekk Sápmi, ’Sameland’. Det same ordet *sämä lånte baltarane attende frå finnane (før lydendringa š → h i finsk) som namn på Finland, i forma *šāma. Denne forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som *šāma. Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fekk *sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar og e → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet er Suomi. Dei som budde i «Det egentliga Finland» (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs. suomalaiset, hämäläiset og sápmelaččat har altså alle etnonym som går attende til same lånord, ordet for ’land’ i urbaltisk.

Orda sápmelaš og hämäläinen har same struktur:  hápmelačča  hämä-lä-inen, der -la/-lä er eit affiks som tyder stad, mens *-nce tyder person frå denne staden.

Ein konkurrerande teori er at šämä går attende til eit etnonym med tyding svart, altså at samane / tavastlendingane skulle vere dei svarte, i motsetnad til namnegjevarane (dei kvite). Jf. Koivulehto 1997 i festskrift til Kiviniemi). Eit argument for denne teorien er nettopp bruken av -la- i etnonymet, i og med at det -la tyder stad burde ordet det står til ikkje vere ordet for ein stad. Koivulehto sin teori er ikkje allment akseptert.

Det er truleg samane Tacitus skriv om når han i De origine et situ Germanorum frå år 98 nemner fenni. 

Nemninga «skridfinnar» vart nytta om samane av Prokopios kring år 550. Han nytta forma skrithiphinoi. Namnet kjem frå norrønt «skríða», 'løpe på ski', og «finnar» i den gamle norske tydinga 'samar'.

Då dei germanske og baltiske folkeslaga kom til Baltikum og Norden med jordbruket, støtte dei på jegerkulturar. Dei sørlege folkegruppene kom inn under framand påverknad og vart jordbrukarar, og språket deira vart utvikla m.a. til dei austersjøfinske språka. Lenger nord, utan dei same vilkåra for jordbruk, vart dei nordlege folkegruppene verande utanfor denne påverknaden, og språket deira utvikla seg i ei anna lei til samisk. 

Arkeologiske funn tydar på samisk tilknyting til skiferkulturen og til den kamkeramiske kulturen.

I  neolittikum og bronsealder tyder arkeologiske funn på noko kontakt mellom samiske og norrøne folkegrupper, men av dei hovudsakleg levde i ulike kulturtradisjonr. Frå jernalderen av er det meir spor etter kulturblanding. Samtidig kan gruppene ha blitt «mer oppmerksomme på sin egenart.»

På slutten av 700-talet skreiv Paulus Daconus ved Karl den store sitt hoff om skridfinnar, og viser til skia til samane. På 800-talet skildra Ottar eit folk som passa rein og vart kalla fenni. I Historia Norvegiæ, ei Noregshistorie frå 1200-talet, blir landet skildra slik at nordmennene budde langs kysten, og samane på innlandet.

Frå tidleg på 1700-talet styrka dei nordiske statane seg, og dei oppretta misjonsverksemd både på Grønland og i Sameland. Samemisjonen både i Danmark-Noreg og Sverige-Finland trykte samiskspråklege religiøse testar og sende prestar til dei samiske områda. Denne politikken heldt, med ein del variasjon, fram til slutten av 1800-talet. I den same perioden vart også dei fleste statsgrensene i Sameland fastsett.

Frå og med slutten av 1800-talet innførte statane ein ny politikk, der fokuset skifta frå kristning til språkleg og ideologisk assimilering inn i majoritetssamfunna.

Frå og med 1970-talet har Noreg, Finland og Sverige i varierande grad ført ein meir positiv samepolitikk, med grunnlegging av Sameting, innføring av samisk i skoleverket og oppbygging av samiske institusjonar.

Ein teori er samane tidlegare har snakka eit anna språk, men skifta til nordleg ur-austersjøfinsk (eller nordaust-ur-uralsk) etter påverknad frå m.a. finsk, men slik at det vesturalske språkområdet seinare har vorte delt, etter graden av baltisk og germansk påverknad. Denne teorien kan sameinast med at DNA-studier viser at samar og finnar skil seg frå kvarandre ein god del DNA-messig.

Frå og med 1990-talet har dei etniske gruppene i Europa og Sibir vorte genetisk kartlagt, framfor alt med hjelp av mitokondrie-DNA. Det har t.d. vist seg at den genetiske distansen mellom samar og samojedar er større enn mellom danskar og samojedar. Genetisk sett skil samane seg meir frå dei andre europeiske folka enn dei skil seg frå kvarandre, sannsynlegvis fordi dei stammar frå ei lita gruppe forfedrar som kom frå ulike område. Forskinga tyder på at samar har mitokondrie-gen frå folk som levde på den iberiske halvøya under istida yngre dryas.

Den første innvandringsbølgja som kom til norskekysten skal ha vore menneske som hadde budd på den iberiske halvøya. Ei ny innvandringsbølge kom frå Svartehavet eller Ukraina. Truleg kom det ei seinare innvandring frå aust, sannsynlegvis frå Sibir, og desse menneska blanda seg med gruppene som allereie budde i Skandinavia og gav opphav til det vi i dag kjenner som samar, ifølgje genetikaren Torsten Günther.

Overgangen frå ein stor grad av sjølvberging til ein pengeøkonomi fall saman med den målretta assimileringspolitikken, i alle landa der det bur samar. Som result av dette har samane i langt større grad enn urfolk i andre land tatt del av levestandardauka i den same perioden.

Reindriftsnæringa har, særleg etter innføringa av snøscooteren på midten av 1960-talet, vorte meir kapitalintensiv. I reindriftsnæringa i Noreg var det 950 årsverk i 2015, nesten alle som driv med rein i Noreg er samar. Reindrifta i Finland skil seg frå den i Noreg ved at berre ein liten del av reindriftsutøvarane er samar. Mange samar er sysselsette i andre primærnæringar, som jordbruk og fiske. I pakt med moderniseringa har samane også gått inn i tertiærnæringane i dei samiske områda, særleg etter at dei samiske områda frå 1970-talet og framover har fått fleire og fleire utdanningsinstitusjonar.

Båtbygging var ein viktig næringsveg for mange samar tidlegare. Båtbyggartradisjonen i Nord-Noreg har vorte stadig mindre utbreidd; i heile Nord-Noreg er det berre ein handfull eldre menn som opprettheld tradisjonen (2010-talet). 

Talet på elevar i norsk grunnskole som tok i mot undervising i samisk førstespråk var 2 116 i skoleåret 2014/2015. Av desse fekk 74 undervising i sørsamisk, 99 i lulesamisk, og 1 943 i nordsamisk.




#Article 232: Jørgen (175 words)


Jørgen er eit mannsnamn av gresk opphav.

Namnet stammar frå greske Geôrgios (Γεώργιος), eit mannsnamn sett saman av geô (jord) og ergo (å arbeida). Det tyder altså 'jordbrukar' eller 'bonde'. 
Namneforma Jørgen har lågtysk opphav, og har vore mykje brukt i Danmark og Noreg. På norsk har ho og vore forveksla med Jørund. Andre nordiske former av namnet er Ørjan og Georg. Namnet har òg kvinnelege utgåver, der det som tilsvarar Jørgen er Jørgine. 

I 2010 var det 10 898 menn som heitte Jørgen i Noreg. Etter ein nedgang i bruken i løpet av 1900-talet, steig han igjen frå rundt 1970, til ein topp på over 1,0 % rundt 1990.

Heilage Jørgen, drakedreparen som òg er kjend som sankt Georg, var ein viktig kristen helgen, og gjorde sitt til at det audmjuke namnet spreidde seg i Europa og vidare. Det finst no i forskjellige former i dei fleste europeiske språka. 

Jørgen hattemakar er eit omgrep som vert brukt for å symbolisera «vanlege» folk, då ofte samanlikna med kong Salomo, som symboliserer storfolk, rikfolk og liknande.




#Article 233: Jørgine (103 words)


Jørgine er den kvinnelege forma av mannsnamnet Jørgen, danna ved å leggja til endinga -ine. 

I motsetnad til mannsnamnet er Jørgine svært lite brukt i Noreg. Det var 156 kvinner i Noreg som bar namnet den 1. januar 2004, og 81 i 2014. Det har vore noko meir populært i Danmark, men i 2015 hadde namnet berre 30 danske berarar. Namnet var meir utbreidd på 1800-talet.

Jørgine er namnet på ein roman av nobelprisvinnaren Johannes V. Jensen. Namnet finst òg i ein gamal dansk song av Jeppe Aakjær om ei jente som lét seg freista: «Jørgine var en pige alt ud af bondestand».




#Article 234: I (161 words)


I (i) er den niande bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (I ι), og den 11. bokstaven i det ukrainske alfabetet. Det greske alfabetet overtok bokstaven frå fønikisk skrift. På semittisk heiter bokstaven jod. Grekarane gav han namnet iota og nytta han for vokalen i, medan han på semittisk er j, halvvokal (konsonantisk i). På latin vart han nytta både som i- og j-lyd. I dei siste tiåra fvt. og seinare nytta ein ein lang i-lyd eller ij-lyd ved å gjere streken i bokstaven ekstra lang. Frå 1100-talet vart det vanleg å sette ein tynn strek over bokstaven, og frå 1300-talet sette ein i staden ein prikk over for å skilje han ut. 

I runealfabetet er han den tredje runen i andre ætt. 

Bokstaven uttrykker ord på både norsk og engelsk: På norsk er dette ordet ein preposisjon, medan på engelsk er det det personlege pronomenet for første person, eintal, i subjektsform.

i er det matematiske symbolet for  √–1.




#Article 235: Aass Bryggeri (126 words)


Aass Bryggeri er det einaste gjenverande bryggeriet i Drammen, og det eldste bryggeriet i Noreg. Bryggeriet vart tufta på Nedre Sund på Bragernes i 1834, av Poul Lauritz Aass, og er framleis eigd av familien Aass og ligg på same stad som i 1834, trass i at sjølve bygget har vorte bygd ut og modernisert fleire gongar. Under utbyggingane har den opphavlege stilen alltid vorte ivareteken, slik at bryggeribygget i dag framstår som ein heilskapleg og tradisjonsrik bygning. 

I 1869 byrja Aass å produsere mineralvatn i tillegg til øl, og er i dag medeigar i Aksjeselskapet Solo. Bryggeriet produserer òg ein eigen akevitt, oppkalla etter tuftaren.

Av produkt frå bryggeriet er Aass særs kjend for juleølet og bockølet sitt.

Administrerande direktør er Terje Aass (pr. 2005).




#Article 236: Hammerfest kommune (169 words)


Hammerfest (nordsamisk Hámmerfeastta suohkan, kvensk Hammerfesti komuuni) er ein kyst- og øykommune på vestkysten av Finnmark, nord i Troms og Finnmark fylke. Kommunen omfattar øyane Kvaløya, Seiland og Sørøya og Porsangerhalvøya på fastlandet. Han grensar til Måsøy kommune i nordaust, Porsanger i aust, Alta i sør og Hasvik i vest. Byen Hammerfest ligg på Kvaløya, som er forbunde med bru til fastlandet. Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar, på 70°40' nordleg breidde. Andre tettstadar i kommunen er mellom anna Kvalsund, Rypefjord, Forsøl, Akkarfjord, Hønseby, Hellefjord, Kårhamn, Skarvfjordhamn og Sandøybotn.

Sjølv om han ligg langt nord for polarsirkelen, har byen ei isfri hamn. Hammerfest har tradisjonelt vore eit senter for fiskeri, handel, kommunikasjonar og offentlege tenester i Vest-Finnmark. I dag er byen også sterkt prega av utbygginga av Snøhvitfeltet, sidan gassen frå feltet skal førast i land og skipast ut i ein LNG-terminal på Melkøya utanfor byen. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struves meridianboge.

Folketalsutvikling for noverande Hammerfest kommune frå 1920:




#Article 237: Karasjok kommune (374 words)


Karasjok kommune (nordsamisk Kárášjoga gielda) er ein kommune i indre Finnmark i Troms og Finnmark fylke. Han har grense til Finland i sør og aust, og i tillegg til kommunane Porsanger og Tana i nord og Kautokeino i vest. Med ei flatevidd på 5464 kmsup2; er Karasjok den nest største norske kommunen, etter Kautokeino.

Innbyggjarane i kommunen snakkar finsk, norsk og nord-samisk, og kommunen er tospråkleg, med samisk og norsk som forvaltingsspråk. Rundt 80 % av dei er av samisk opphav, og kommunen blir gjerne kalla samehovudstaden. Fleire samiske institusjonar ligg i Karasjokk, mellom anna det norske Sametinget, NRK Sámi Radio, Samisk kunstnarråd og Samisk kunstnarsenter.

I Karasjok kan ein få utdanning på samisk, frå barnehage og grunnskole og seinare på sámi joatkkaskuvla, samisk vidaregåande skole. De Samiske Samlinger og Samisk spesialbibliotek ligg òg i Karasjok. Forlaget Davvi Girji har hovudkontor i kommunen. Den samiske avisa Min Áigi kom ut her fram til 2008. Avløysaren Ávvir har redaksjon i Karasjok og Kautokeino.

Karasjok kommune femner om store delar av Finnmarksvidda. Han ligg langs det øvre elvebekkenet til Tanaelva (Deatnu) og sideelvene Anarjohka og Kárášjohka. Den sistnemnde har gjeve namn til kommunen. Medan johka er samisk for 'elv', kan karas ha to tydingar. Mest truleg er det frå det samiske ordet for 'trefat', men det kan òg koma frå finsk kara som tyder 'buktande'.

Det høgaste fjellet er Vuorji (1024 moh).

Tradisjonelt har primærnæringane vore viktigast i kommunen. Framleis driv mange med reindrift, rundt 18 % er på eitt eller anna vis med på dette. Anna jordbruk og tilleggsnæringar som jakt,  fiske og bærplukking livnærer òg mange. Husflid knytt til samiske tradisjonar som knivar, klede og sølv er òg ei viktig næring.

Dei fleste er likevel tilsette i kvartiærnæringar, som tenesteyting og offentleg forvalting. Turisme er blitt stadig viktigare for Karasjok.

Karasjok blir rekna som eit knutepunkt i Finnmark, både for fastbuande og turistar. Europaveg 6 går gjennom kommunen på veg frå Lakselv til Tana. Det finst bussamband med Tana, Vadsø og Kirkenes i austfylket, og Lakselv, Hammerfest, Kautokeino og Alta i vestfylket. Karigasniemi er offisiell grensepost til Finland. Elles ligg kommunen nokså nær to flyplassar, 7 mil frå Lakselv flyplass og 15 mil frå Ivalo flyplass i Finland. 

Folketalsutvikling for Karasjok kommune frå 1920:




#Article 238: Kautokeino kommune (175 words)


Kautokeino kommune (nordsamisk Guovdageainnu suohkan, finsk Koutokeinon kunta, kvensk Koutokeinon komuuni) er ein kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke, og den største kommunen i Noreg. Godt over 90 % av dei som bur i Kautokeino har samisk som morsmål, og kommunen er rekna som det kulturelle senteret i det nordsamiske området.

Kautokeino er den kommunen i Noreg med lågast folketettleik med 0,3 innbyggarar per kvadratkilometer (2005).

Kommunevåpenet er ein lavvo i gull på blå grunnfarge. Lavvoen symboliserer kommunen sine tradisjonar frå samisk kultur og eigenart. Fargen gull er eit symbol på rikdomment og mangfaldet til den samiske kulturen. Den blå botnen står for arktisk klima og natur.

Kautokeino vart relativt seint ein del av Danmark-Noreg, så seint som på 1700-talet var kyrkja i Kautokeino ei svensk kyrkje.

Kautokeino er kjend for å vere heimstaden til Kautokeinoopprøret i 1852, eit opprør mot norsk framferd i Sameland. Opprøret var inspirert av Lars Levi Læstadius.

Då Alta-Kautokeino-vassdraget vart planlagt regulert, var det planar om å setje heile Masi under vatn.

Folketalsutvikling for Kautokeino kommune frå 1920:




#Article 239: Kvalsund kommune (111 words)


Kvalsund (nordsamisk Fálesnuori gielda, kvensk Valasnuoran komuuni) var ein kommune i dåverande Finnmark fylke. Kommunen vart del av Hammerfest i 2020. Kommunesenteret låg i tettstaden Kvalsund. Kommunen hadde 1 101 innbyggarar i 2008. Hovuddelen av Kvalsund kommune ligg på fastlandet, men til kommunenen høyrer og delar av øyane Kvaløya og Seiland. Kvaløya har fastlandstilknytning over Kvalsundbrua.

Folketalsutvikling for Kvalsund kommune frå 1920:

Fiske, tilverking og omsetting av mellom anna torsk, er viktige næringsvegar.

Det vart vunne ut kopar i området fram til 1931. På 1970-talet vart mineralet utvunne igjen ei stund.
Det vart gjeve  for ny koparutvinning på slutten av 2010-talet, med løyve til lagring av gruveavfall på botn av Repparfjorden.




#Article 240: Nordkapp kommune (166 words)


Nordkapp (nordsamisk Davvinjárgga gielda, kvensk Kappan komuuni) er ein kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Han grensar i sørvest mot Måsøy, i sør mot Porsanger, og i søraust mot Lebesby kommune. Størsteparten av kommunen ligg på Magerøya, men han omfattar også delar av fastlandet på aust og vestsida av Porsangerfjorden. Kommunen heitte Kjelvik kommune fram til 1950.

Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur i Honningsvåg, ein annan tettstad er Nordvågen. Andre busetnader er Kamøyvær, Skarsvåg og Gjesvær.

Det kommunen er mest kjend for og som namnet kjem frå er Nordkapp, ei 307 meter høg klippe som vanlegvis er omtala som det nordlegaste punktet av Europa. 
Årleg er det rundt 200 000 besøkjande turistar i løpet av sommaren. Knivskjellodden vest for Nordkapp ligg faktisk omtrent 1500 meter lengre nord, men dit er det ikkje 
bilveg. Nordkapp vart fyrst namngjeten da den engelske oppdagaren Richard Chancellor runda klippa i 1553 under eit forsøk på å finne ei sjørute gjennom nordaustpassasjen.

Folketalsutvikling for Kjelvik/Nordkapp kommune frå 1920:




#Article 241: Porsanger kommune (160 words)


Porsanger (nordsamisk Porsáŋggu gielda, kvensk Porsangin kommuuni) er ein kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen er den tredje største i Noreg. Han grensar i nordvest mot Hammerfest og Måsøy, nord mot Nordkapp, i aust mot Lebesby, i sør mot Karasjok, og i vest mot Alta. Han heitte Kistrand kommune fram til 1964, og var del av Finnmark fylke fram til 2020.

Porsanger er den einaste offisielt trespråklege og trekulturelle kommunen i Noreg, med nordsamisk, kvensk og norsk som offisielle språk. 

Største tettstad og kommunesenter er Lakselv, som ligg inst i Porsangerfjorden. Mindre bygder ligg langs fjorden på båe sider, med Kistrand, Olderfjord, Børselv og Billefjord som dei viktigaste. I innlandet, langs E6 mot nabokommunen Karasjok finn ein Porsangmoen, med Garnisonen i Porsanger, og Skoganvarre. Stabbursdalen nasjonalpark ligg vest for Porsangerfjorden.

Lokalaviser i kommunen er Finnmark Dagblad og Ságat. 

Plante- og dyreliv: Valdak [eller Váldatjeaggi ] på Stabbursnes er eit kjent hekkeområde.

Folketalsutvikling for Kistrand/Porsanger kommune frå 1920:




#Article 242: Tana kommune (197 words)


Tana (nordsamisk Deatnu, offisielt Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Troms og Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Tana grensar også til den finske kommunen Utsjoki. Utsjoki ligg sør for Polmak og aust for Tanaelva.

Ein kan passera grensa ved Polmak eller over Samelandsbrua ved Roavvegieddi. 

Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, nordsamisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.

Eidet mellom Tanaelva og Karlebotnmyrene ved Gollevárri er sperra av det største fangstsystemet for villrein i Noreg. Anlegget har 530 fallgraver. 

Kommunen blei skipa i 1837 i samband med at Formannskapslovene tredde i kraft. Fram til 1914 omfatta kommunen også Gamvik og Berlevåg.

Fjordar i kommunen er mellom anna Leirpollen og Tanafjorden.

Stangnestind er den høgaste toppen på Varangerhalvøya, på 724 moh.

I bygda Austertana ligg den lengste sandstranda i Noreg.

Folketalsutvikling for noverande Tana kommune frå 1920:




#Article 243: Vadsø kommune (110 words)


Vadsø kommune er ein kommune aust i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i nord til Båtsfjord, i nordaust til Vardø, i vest til Tana og Nesseby, og møter Berlevåg i eitt punkt i nordvest. Sør for Varangerfjorden ligg Sør-Varanger kommune. I tillegg til byen Vadsø, ligg tettstaden Vestre Jakobselv i Vadsø kommune. Det meste av vidda innanfor kysten er verna som Varangerhalvøya nasjonalpark. Det høgste punktet i kommunen er Skipskjølen (633,8 moh.), som også dannar grensepunkt mot Båtsfjord kommune.

Vadsø var administrasjonsenter for det tidlegare Finnmark fylke. Fylkeshuset i Finnmark låg i kommunen.

Vadsø kommune oppslukte nabokommunen Nord-Varanger i 1964.

Folketalsutvikling for noverande Vadsø kommune frå 1920:




#Article 244: Vardø kommune (392 words)


Vardø er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar mot nabokommunane Vadsø i vest og Båtsfjord i nordvest. I dag bur det  innbyggjarar i kommunen, av dei i overkant av 2000 i sjølve byen Vardø, som ligg på den 3,7 km² store Vardøya. Den nest største tettstaden er Kiberg. Vardø er den austlegaste byen i Noreg og heile Vest-Europa. Hammerfest og Vardø er dei eldste byane i Nord-Noreg sidan dei fekk bystatus samtidig i 1789.

Busetnaden i Vardø går heilt attende til tida da Håkon V Magnusson fekk bygd Vardøhus festning som skulle forsvare Noregs austgrense. Vardø fekk bystatus i 1789, og er dermed i lag med Hammerfest Nord-Noregs eldste by.

På fjellet Domen vest for det 1,7 km breie Bussesundet som skil Vardøya frå fastlandet, var det på 1600-talet ei rekkje hekseprosessar der særleg unge kvinner vart dømd til døden og avretta. Venuspassasjen vart i 1769 også observert frå Valen, eidet som knyter vestre og austre del av Vardøya saman, og var viktig for berekninga av avstanden mellom Jorda og Sola.

Fiske har lenge vore hovudinntekta til Vardøsamfunnet. I etterkrigstida betydde Forsvaret også mykje for kommunen, som på det meste hadde 4200 innbyggjarar. Byen er no under omstilling, og sivil overvaking av havområda utanfor ser ut til å bli eit nytt satsingsområde i tillegg til utvikling av turismen. Vardø er eit svært attraktivt reisemål blant fuglekikkarar.

Vardøya er tilknytt Europaveg 75 gjennom den 2892 meter lange Vardøtunnelen under Bussesundet. Tunnelen som vart teken i bruk 22. desember 1983 og offisielt opna av kong Olav V i 1984 var den første undersjøiske tunnelen i Noreg. På Svartnes som ligg på fastlandssida av Bussesundet er det bygd ei ny og moderne hamn. Vardø er anløpshamn for hurtigruta. Svartnes huser også Vardø lufthamn. På Vardøya ligg kystradiostasjonen Vardø radio.

Kibergsneset ved Vardø er det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Her ligg restar av eit tysk kystfort frå den andre verdskrigen.

Byen er bygd opp rundt fiskeforedling. Dei siste åra har Lønnsgarantifondet og Kontoret for voldsoffererstatning kome til byen som kompensasjon for tap av andre statlege arbeidsplassar.

Tidlegare låg Luftforsvarets stasjon Vardø her, men den vart nedlagt og vidareført under Luftforsvarets stasjon Sørreisa. Etterretningstjenesten har ein stasjon på Vårberget i Vardø, der den omstridde Globus II-radaren står. Det er framleis eit lite militært kommandantskap på Vardøhus festning.




#Article 245: Ivar Aasen-instituttet (103 words)


Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda var fram til 2013 eit forskingsinstitutt med knutepunktfunksjon for nynorsk skriftkultur. Frå 1. januar 2013 vart instituttet omgjort til Forskingssenter for skriftkultur, og underlagt Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærerutdanning, Høgskulen i Volda.

Forskingssenteret tilbyr mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur, som er eit kulturstudium der det nynorske eksempelet vert brukt for å vise korleis menneska har forma skrifta, og skrifta har forma menneska. Instituttet arrangerer seminar og fagmøte, har eigen skriftserie og samarbeider med Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda i Ørsta. Instituttet har fire tilsette.

Stephen J. Walton er professor ved senteret.




#Article 246: Dei Nynorske Festspela (164 words)


Dei Nynorske Festspela er ei årleg mønstring av nynorskorientert kultur. Alt frå litteratur og nynorskhistorie til musikk og biletkunst er representert. 

Festspela blei første gongen arrangerte i august 1992 under namnet «Nynorsk Festspelveke». Sidan 2000 har stiftinga Nynorsk kultursentrum hatt ansvaret for arrangementet, med Ivar Aasen-tunet som sentrum for tilstellingane. Festspela blir no haldne siste veka i juni. I 2006 markerte festspela også hundreårsjubileumet til Noregs Mållag.

Kvart år utnemner Dei Nynorske Festspela ein særskilt diktar som opptrer fleire gonger i løpet av veka dei held på, og ein kunstnar som stillar ut nokre av sine verk. I dei siste åra har mellom anna Olaug Nilssen, Frode Grytten, Åse-Marie Nesse, Einar Økland og Marie Takvam vore festspeldiktarar, medan Astrid Eidseth Rygh, Margreth Olin og Raymond Klæbo har vore festspelkunstnarar.

Prisen Årets nynorskbrukar blir også delt ut under festspela. Vinnarar av denne prisen har mellom anna vore Ringstabekk skole i Bærum, Martin Toft, redaktør for universitetsavisa Uniforum, den nynorske rappegruppa Side Brok og Kari Traa




#Article 247: Lov om målbruk i offentleg teneste (160 words)


Lov om målbruk i offentleg teneste, med kortnamna mållova og målbrukslova, regulerer bruken av bokmål og nynorsk i staten. 

Lova og forskriftene til lova har føresegner om jamstilling mellom bokmål og nynorsk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune, bruken av nynorsk og bokmål i statsorgana, retten for kommunane og fylkeskommunane til å krevje skriv frå statsorgan på bokmål eller nynorsk og føresegner om dei rettane privatpersonar og private instansar har til å få brev, eksamensoppgåver, skjema o.a. frå statsorgan på si eiga målform.

Kultur- og kyrkjedepartementet administrerer lova, fører tilsyn med målbruken i departementa og følgjer opp klagesaker. Språkrådet fører tilsyn med statsorgan under departementsnivå, informerer om lova og følgjer opp klagesaker.

Lova har ikkje føresegner om sanksjonar ved grove brot på reglane. Både det tidlegare Norsk språkråd og det noverande Språkrådet har peika på at det er behov for sanksjonar. 

Lova tok til å gjelde 1. januar 1981 og avløyste lov om målbruk i statstenesta frå 1930.




#Article 248: Bryne Fotballklubb (478 words)


Bryne fotballklubb vart stifta 10. april 1926 frå Bryne i Rogaland. Herrelaget speler i 2. divisjon avdeling 2 (2020). Noverande hovudtrenar er .

Stadionet til Bryne er Bryne stadion og har ein tilskodarkapasitet på  ( seter), avgrensa til . Publikumsrekorden vart sett i 1980 mot erkerival Viking, då det var 13 621 tilskodarar på stadion. 

Dei største merittane til klubben er cupsigeren i 1987 etter mål av trønderen Kolbjørn Ekker, og seriesølv i 1980 og 1982. Klubben spelte i 1. divisjon (tilsvarande Tippeligaen) frå 1976 til 1988. Klubben rykte opp til eliteserien hausten 1999, men rykte ned att til 1. divisjon i 2003.

Klubben var i 1. divisjon (tilsvarande eliteserien) frå 1976 til 1988. Perioden 1989-99 blir gjerne kalla for mørketida eller ørkenvandringa i klubbhistoria. Trass i fleire gode framstøyt med namngjetne spelarar i rekkene lukkast det aldri heilt denne tiårsperioden. Omgrepet «Haustsprekken» blei lansert som ein forklaringsmodell av lokale ekspertar, ettersom Bryne ofte leia tabellen i suveren stil etter vårsesongen, for dernest å detta nedover tabellen på hausten. Men så, etter 10 år i kjellaren, rykte klubben opp igjen til eliteserien hausten 1999. 

For ein liten klubb som Bryne blei det ein tøff retur til den norske toppdivisjonen. Kvar sesong var ein kontinuerleg kamp for å unngå nedrykk. Men trass i at laget kvart år blei tippa ned av ekspertane klorte dei seg fast. Spelestilen var kjenneteikna meir av fysisk styrke enn av teknisk finesse; eit kjennemerke som gjorde Bryne lite populære i Fotball-Noreg. Etter fire sesongar, der 2002 utmerka seg i positiv forstand, måtte klubben ta den tunge vegen ned i 1. divisjon hausten 2003. Med seg på vegen fekk dei den tvilsame æra av bli det første toppserielaget nokonsinne som tapte alle bortekampane. 

Klubben enda i 2006 på sjette plass i Adeccoligaen etter ein  skuffande sesong, som kulminerte med at Magnus Johansson trekte seg frå stillinga som hovudtrenar. Hans Olav Frette tok over ansvaret ut sesongen.

Etter fleire forsterkingar og eit styrkt sportsligapparat før 2008-sesongen skulle Bryne kjempe i toppen av Adeccoligaen denne sesongen då det var heile tre plassar med direkte opprykk. Rolf Teigen vart henta inn som hovudtrenararen som skulle bringe Bryen opp i det gjævaste selskapet, saman med han hadde klubben òg Frode Olsen (sportsjef), Kurt Hegre (keepertrenar) og Erik Fuglestad (spelarutviklar). Store delar av sesongen vart ein kamp i botnen. Forventningane var større både blant spelarar og tilhengjarar, og klubben måtte kutte i budsjettet pga. tapte inntekter som følge av den svake sesongen.

Mons Ivar Mjelde tok over Bryne i 2009-sesongen. Den 22. november 2009 vart Tommy Bergersen klar som ny Bryne-trenar etter at Mjelde gav seg etter sesongen 2009

Roger Eskeland la opp som fotballspelar. 

Lars Gaute Bø, Kolbjørn Ekker, Bjørn Gulden, Leif Rune Salte, Roar Pedersen, Hugo Hansen, Tor Fosse, Paal Fjeldstad, Arne Larsen Økland, Børre Meinseth, Jan Madsen, Geir Giljarhus, Stig Norheim, Paul Folkvord, Kjetil Sigurdsen, Bjarne Lodden.




#Article 249: Wollert Konow (4360 words)


Wollert Konow () var ein norsk politikar (V, FrV), brukseigar og Noregs statsminister i 1910-1912. Han var fast representant for Venstre på Stortinget frå 1880, der han markerte seg som ein del av den radikale fløya av venstremennene på tinget. Han sat i første omgang fast på Stortinget i tre periodar fram til 1889, og stod sentralt i striden om statsrådane sin møterett på Stortinget, den såkalla Statsrådssaka. Han vart seinare ein sentral kritikar av Sverdrup-regjeringa, som han og andre radikale venstremenn syntest var altfor moderat. Ved Stortingsvalet i 1888 var han ein av dei radikale venstremennene som vart «hogd ned» av dei moderate i Venstre og mista stortingsplassen.

Han kom attende som stortingsrepresentant i 1898, men vart permittert frå 1899 grunna dårlege økonomiske tilhøve ved møllebruket sitt på Stend. Med åra fekk han eit meir konservativt politisk syn, og var usamd med Venstre i mellom anna sosiale reformer og konsesjonslovene. Han var med på skipinga av Frisinna Venstre i 1909, og vart vald inn som stortingsrepresentant for partiet i 1910. Frisinna Venstre og Høgre gjorde eit godt val, og danna ei samarbeidsregjering med Konow som statsminister. Regjeringa var frå starten mislikt i Høgre-kretsar, og då Konow under ein tale til Bondeungdomslaget i 1912 omtala målsaka i positive vendingar, trekte Høgre-statsrådane seg frå regjeringa. Konow forsøkte fyrst å rekonstruere regjeringa, men måtte til slutt gå av.

Konow var ordførar i heimkommunen Fana i ei årrekkje, og arbeidde mykje for å betre samferdsla både i kommune og fylke. Han var også med på skipinga av Bergens Glasværk i 1875 og Fana Sparebank i 1878.

Wollert Konow vart fødd i 1845 på Stend hovudgard i Fana som tredje sonen til Wollert Konow (1809-1881) og kona hans, Marie Oehlenschläger Konow. Mora var dotter av den kjende danske diktaren Adam Gottlob Oehlenschläger, medan faren kom frå ein opphavleg tysk familie som hadde slått seg ned som handelsmenn i Bergen på 1700-talet. Faren var, likeeins som sonen, ordførar i Fana og stortingsmann.

Ei tid etter at den då 15 år gamle Konow hadde byrja på Bergens katedralskole i 1861, vart familien nøydt til å selje Stend hovudgard fordi utgiftene ved gardsdrifta vart for store. Garden vart selt på auksjon til amtstinget som tok garden i bruk som jordbruksskule. Faren heldt likevel unna eit jordstykke på 25 dekar, møllebruket sitt og vass- og fallretten frå Stendavatnet. Familien hadde slekt i Bergen som tok seg av Konow, slik at han sjølv ikkje leid noka naud grunna dei økonomiske vanskane til faren. Ved katedralskolen kom han i kontakt med målsaka, og jamvel om han ikkje offentleg uttrykte noko sterk støtte for målsaka i tida på katedralskolen, var han tidleg ute med å tinge bladet Dølen og melde seg også inn i Vestmannalaget når laget vart skipa. Konow vart trass i dette ikkje målmann i vaksen alder.

I 1861 reiste Konow til Kristiania og tok til med jusstudiar. Men etter eit opphald i Danmark vart han gripen av den folkeopplysningstanken som grundtvigianismen hadde vekka. I 1864 avbraut han jusstudiane og starta ein folkehøgskule på Halsnøy kloster i Sunnhordland. Skulen vart starta med hjelp frå den seinare stortingsmannen Nils Juel, som var bonde på Halsnøy. Skulen var den fyrste folkehøgskulen som vart skipa på Vestlandet. Få elevar møtte opp når skuleåret tok til på hausten, og neste haust var talet på elevar enda lågare. Konow freista ei stund å be om statsstøtte, men slo etterkvart dette frå seg.

Det var på denne tida Konow vart kjend med Bjørnstjerne Bjørnson. Trass i aldersskilnaden fann dei straks at dei delte mange politiske oppfatningar, både når det galdt folkehøgskulen og unionsspørsmåla. Denne vennskapen kom til å vare heilt fram til diktarens død i 1910. Konow hadde sett opp til Bjørnson heilt frå barndomen av, og vennskapen dei i mellom kom til å bety mykje for han seinare i livet. Dei skreiv jamt og trutt til kvarandre, og utveksla ofte synspunkt i politiske stridssaker.

I 1872 flytta Konow skulen til Mossige på Jæren. Der hadde han fått lovnader om høgare elevtal og betre økonomiske tilhøve. Om lag 30 elevar møtte opp når skulen tok til i september same året. Skulen måtte likevel leggjast ned etter berre eitt år - Faren trong hjelp på møllebruket, og Konow flytta attende til Stend.

Når Konow vende attende til Stend var tidene i møllebransjen monaleg gode. Han gjekk snøgt til verks for å effektivisere møllebruket, og sende ein søknad til kommunen om løyve til å grave ut ein kanal for å sikre vassforsyninga. Det tok ikkje lang tid før produksjonskapasiteten auka, og i 1875 var i alt 15 mann i arbeid på mølla. Med åra kom han også til å utvide garden med eit hundre måls jord. I 1875 gifte Konow seg med Fredrikke Wilhelmine «Frigga» Kooter, som var dotter av ein bankbokhaldar.

Då faren døydde nokre år seinare, flytta mora attende til København, medan Konow og Frigga tok over eigedomen på Stend. Konow engasjerte seg frå fyrste stund i lokalmiljøet, og hadde allereie i 1875 vore med på å skipe Bergens Glasværk. I 1878 var han med på å skipe Fana sparebank, og sat som styreformann samanhengande i 28 år frå skipinga og fram til 1905. Frå 1877 var han varamann til Stortinget for Søndre Bergenhus, og frå 1878 medlem av heradsstyret. Like før jula 1879 vart han vald til ordførar i Fana. Han var ordførar i bygda fram til 1901, med unntak av to avbrot. Konow kombinerte lenge dette vervet med arbeidet på Stortinget. Han vart likevel ein populær ordførar, og i hans tid som ordførar var Fana prega av ein vekstperiode. I 1933 fekk han følgjande omtale av bygdehistorikaren Hermod Hjellestad: «Ingen einskild mann har gjort så mykje for bygdi som Konow». Som ordførar arbeidde Konow mykje med samferdsel, og gjorde mellom anna mykje for å realisere Nesttun-Osbanen som vart opna i 1894.

I januar 1879 fekk Konow brev med melding om å møte på Stortinget heile våren. Ein representant hadde seld garden sin, og sidan lova sa at ein måtte eige jord for å ha møterett på Stortinget, måtte Konow møte i hans stad. Konow byrja snart å like seg på Stortinget, og utfalda seg som talar på Stortinget. Han vart ein del av gruppa av venstremenn som var knytte til folkehøgskuletradisjonen og kravde norsk sjølvstende, jamvel om dei på det tidspunktet meinte at dette kunne oppnåast innanfor unionen.

Året på Stortinget gav meirsmak, og Konow fekk etterkvart ambisjonar om å kome inn med fast plass på Stortinget. Venstre var i medvind ved Stortingsvalet i 1879, og han vart vald inn frå Søndre Bergenhus amt med god margin.

Konow vart straks ein markant og viktig del av venstregruppa på Stortinget. Det viktigaste for han og resten av opposisjonen var på dette tidspunktet statsrådssaka: Striden som dreidde seg om regjeringsmedlemmane skulle møte i Stortinget. I denne striden var han ein av dei radikale stortingsrepresentantane som samla seg om Johan Sverdrup sin leiarskap. Konow hadde eit dårleg forhold til Oskar II grunna kongen sin motvilje til å sanksjonere lova om møteretten til statsrådane, og ein av dei fyrste tinga han gjorde som stortingsmann, var å fremja eit lovforslag om mildare dom for majestetsfornærming, men trekte det attende etter oppmoding frå stortingsfleirtalet, som syntest at forslaget var for drastisk. Konow gjekk likevel ikkje inn for å redusere kongens apanasje då dette kom opp i 1882. Han var rett nok samd i at kongen fekk for mykje i høve til dei tronge tidene, men meinte at eit slikt initiativ måtte kome frå kongen og regjeringa sjølve.

Konow hadde i løpet av tida på Stortinget fått ein stadig sterkare posisjon som stortingsmann. Under valkampen og før det endelege nominasjonsmøtet kritiserte likevel den konservative pressa han for å ha eit distansert forhold til kristendommen, og høgrefolk åtvara om at hans «Politik vil lede til Omstyrtelse af Stat og Kirke». Etterverknadene av kritikken førte til at han måtte nøye seg med å verte den femte og siste stortingsmannen som representere Søndre Bergenhus amt. På landsbasis hadde Venstre derimot auka oppslutninga, og oppnådde reint fleirtal på Stortinget.

Då Konow reiste til hovudstaden i januar 1883 var det semje mellom venstremennene om at ein måtte organisere den breie venstreopposisjonen som ei fast gruppe i Stortinget. 30. januar 1883 vart Stortingets Venstreforening skipa, og året etter vart Norges Venstreforening skipa. Konow spelte ikkje noka hovudrolle når partiet vart stifta, men var aktiv i kulissane. Dette medførte at han sat i landsstyret alt frå 1884 og i fem år framover.

I juni 1880 hadde Stortinget vedtatt ein ny grunnlovsparagraf om statsrådane sin møterett, etter at kong Oscar for fjerde gong nekta å godta stortingsvedtaket om møteretten. Dette gjorde ein jamvel om Det juridiske fakultet hadde fastslått at kongen hadde absolutt veto i grunnlovssaker. Men den konservative regjeringa kunngjorde ikkje vedtaket. Venstre planlagde derfor å stille regjeringa for riksrett, men for å få til dette måtte samansetninga av Stortinget vere i Venstre sin favør. Partiet ønskte derfor høyre kva folket meinte gjennom val. Fyrst etter at Stortingsvalet i 1883 førte til framgang for Venstre, kunne ein altså røyste om å reise riksrett mot regjeringa.

Riksretten som følgde i 1883-1884 medførte at statsminister Christian August Selmer vart domfelt for å ha brote pliktene sine som statsminister og regjeringsmedlem. Alle høgsterettsdommarane røysta for frifinning, men sidan lagtingsmennene utgjorde fleirtalet i riksretten vart dei dømde uansett. Selmer og regjeringa nekta fyrst å gå av, men måtte fråtre når det vart gjord kongeleg resolusjon om avskil 11. mars.

Parlamentarismen hadde enno ikkje vorte eit politisk prinsipp, og Kong Oskar II ønskte ikkje å be ein venstremann om å danne regjering. Han forsøkte i det lengste å få skipa til ei høgreregjering. I juni gav han endeleg opp og bad Johan Sverdrup om å skipe ei ny regjering. Konow og fleire andre venstremenn vart skuffa når det viste seg at fleire av statsrådane som vart utnemnde av Sverdrup hadde eit fjernt tilhøve til partiet. Enda verre vart det når det viste seg at ingen frå den radikale delen av Venstre vart med i regjeringa. Konow hadde sjølv vore ein aktuell kandidat til å innta ein regjeringsposisjon, men kom altså ikkje med. Grunnen til at ingen av dei radikale venstremennene kom i regjering, skuldast at Oscar II nekta Sverdrup å ta med nokre av dei mest aktive radikale venstremennene i regjering.

Usemjene mellom stortingsrepresentantane var til tider store. Heilt frå regjeringsskipinga hadde statsrådane krangla om utnemninga av embetsmenn, og fleire av dei statsrådane som ikkje var utprega venstremenn nekta å gå inn for venstremenn når høgrefolk med lengre ansiennitet var tilgjengelege. Trass i dette var samhaldet framleis sterkt når typiske venstresaker vart lagt fram for Stortinget.

Ved valet i 1885 gjekk Venstre framover og tok eit par nye mandat. Trass i framgangen hadde dei moderate i partiet gått kraftig til åtak på dei radikale, inkludert Konow. Krangelen mellom dei to grupperingane hadde bakgrunn i vårens strid i Stortinget om saker som sokneråd, presteval og oppgjeret om diktarløn til Alexander Kielland. Konow kom seg likevel heilskinna gjennom striden, og vart den kandidaten som fekk nest flest røyster av valmennene i Søndre Bergenhus.

Venstre hadde lenge kjempa for ei demokratisering av kyrkja, og i opposisjon hadde ein kjempa for å opprette sokneråd. Då dei radikale fekk vite at kyrkjeminister Jakob Sverdrup gjekk inn for at berre «konfirmerede og nadverdsberettigede Mænd» skulle få røysterett vart det uro. I 1887 røysta «reine Venstre», som dei radikale hadde byrja kalle seg, saman med Høgre ned alle framlegg som hadde med soknerådsspørsmålet å gjere. Konow og andre regjeringskritikarar si haldning var at det var betre med inkje demokrati i kyrkja, enn det dei såg på som eit ufullstendig demokrati.

I 1888] gjorde moderate venstremenn felles sak med Høgre og kasta den radikale Ole Anton Qvam som visepresident i Odelstinget. Konow, som hadde vore odelstingspresident sidan 1884, slapp førebels unna. I februar vart det kalla inn til oppvaskmøte i Venstre. Der vedtok det radikale fleirtalet å løyse opp foreininga, for så å skipe si eiga stortingsgruppe.

Stortingsvalet i 1888 vart prega av buskagitasjon og hets. «Hug dem ned» sa den moderate avisa Kristianiaposten, medan den radikale pressa, inspirert av eit av Konows utsegner under valkampen, døypte regjeringa «Høires Skilpadder». Valet vart ei katastrofe for Dei Reine, både på landsbasis og i Søndre Bergenhus Amt. I Søndre Bergenhus fekk ikkje Dei Reine ein einaste stortingsrepresentant, medan Dei Moderate fekk inn fem representantar. Mønsteret var det same i andre delar av landet, og fleire sentrale stortingsrepresentantar frå Dei Reine fekk ikkje attval.

Tapet av stortingsplassen var eit stort slag for Konow. Han fekk med tida fleire førespurnader frå Venstre, men i dei fleste høve stogga pliktene og gjeremåla på møllebruket han: Han var mellom anna eit aktuelt namn når Johan Sverdrup freista å rekonstruere regjeringa i 1889. I 1891 fekk han tilbod om å verte norsk statsminister i Stockholm av Johannes Steen. Dette var ei særs viktig stilling, sett i lys av det spente tilhøvet mellom dei to unionslanda grunna konsulatsaka. Dei økonomiske forpliktingane heime på Stend førte likevel til at han såg seg nøydd til å avslå førespurnaden.

Etter at Stortingsvalet i 1895 gav Venstre fleirtal, søkte den sitjande høgreregjeringa avskil. Grunna den etterkvart så tilspissa konsulatsaka mangla dei fleste venstremenn tillit hjå kongen og regjeringa i Sverige. Statsminister Emil Stang tilrådde Wollert Konow som ny statsminister, av di han hadde stått utanfor dei siste unionspolitiske basketaka. Forslaget vart avslått av Oskar II, mellom anna fordi Konow ville ta med seg aktive venstremenn i ei eventuell regjering. Stang vart dermed tvunge til å halde fram som statsminister.

Seinare same året vart «knyttnevepolitikken» overfor Sverige avslutta, og tingingar med Sverige tok til. Konow var ein av Noregs representantar i dei påfølgjande tingingane. Drøftingane vart langdryge, og han mista trua på at dette var vegen å gå. Tingingane var mislukka og vart avslutta i 1898. I 1897 takka han endeleg ja til å verte stortingskandidat, og trådde igjen inn i det politiske livet. Valet vart ein stor siger for Venstre, og partiet oppnådde den største valsigeren og den høgaste representasjonen partiet nokon gong har hatt.

I den påfølgjande debatten om kven som skulle danne ei ny venstreregjering, meinte mange, mellom anna redaktør Olaf Thommessen i Verdens Gang at Konow burde verte statsminister i staden for den aldrande Johannes Steen. Han vart kalla inn til kongen etter valet for å drøfte situasjonen, og mange svenske aviser meinte at svenskekongen føretrekte Konow over Steen, fordi han meinte at Konow hadde betre føresetnader for å jamne ut motsetnadene mellom Noreg og Sverige i unionen. Det var likevel Steen som til slutt trekte det lengste strået. Konow hadde lenge vore ute av politikken, og i partileiinga ottast ein at han ikkje var den same som før. På Stortinget vart han vald til president i Odelstinget, og attåt det var han også formann i næringskomitè nr.1.

Konow innstilte seg så på eit liv som stortingsmann, men hadde vanskar med å finne den same motivasjonen som han hadde hatt i tidlegare år. Medan Venstre utetter 1890-åra hadde vorte eit sosialradikalt parti med føremål om å setje i verk sosiale reformer, vart Konow stendig meir konservativ og varsam, og i strider som omhandla klassemotsetnader var han redd for at den veksande arbeidarklassa skulle verte for kravstor, og høyrde såleis til eit mindretal i partiet. På Stortinget engasjerte han seg ofte i næringspolitiske spørsmål. Mellom anna andsynes fiskeripolitikk og tollsaker.

Det var dårlege tider for Konow sitt møllebruk på Stend, og det synte seg vanskeleg for han å kombinere rolla som stortingsmann og mølleeiga. Han var derfor mykje vekke frå Stortinget i 1899. Konow fekk innvilga permisjon frå stortingsarbeidet hausten 1899, og greidde å sleppe unna heile sesjonen året etter. Ved Stortingsvalet i 1900 vart Konow atter ein gong sterkt oppmoda av venstrefolk om å stille til val, men tykte seg endeleg ferdig med rikspolitikken.

Avstanden mellom Konow og Venstre vart enda større utetter i 1900-åra. Han vart stendig meir kritisk til sitt eige parti, og meinte at Venstre brukte for mykje energi på sosiale reformer, heller enn å demme opp mot sosialismen. Alt før Stortingsvalet i 1903 gjorde Konow det klart at han var ferdig med sitt gamle parti, og etterkvart vart han tilknytt Samlingspartiet.

Utetter i det neste tiåret var det mølledrifta og økonomiske investeringar heller enn politikk som kom til å opptake han. Han vitja ofte Bergsdalen om somrane, og kjøpte fleire vassdrag og fossefall der. Seinare vart desse investeringane truleg ein av grunnane til at Konow vende attende til politikken, jamfør striden om vasskraftutbygging, konsesjonslover og heimfallsrett. Arbeidet med å lage konsesjonslover for å få nasjonal kontroll over naturresursane starta lovande i etterkant av unionsoppløysinga. Alle var samde om å hindre at den utanlandske kapitalen vart for stor, striden kom til å handle om konsesjonslovene skulle femne om både utlendingar og nordmenn, og dei som berre ville verne norske interesser mot utanlandske kapitalkrefter. Venstre og sosialdemokratane ønskte konsesjon også overfor nordmenn, medan Høgre og det seinare Frisinna Venstre heldt noko slikt for å vere eit åtak på den private eigedomsretten.

Når Venstre, som hadde kvitta seg med konservative og moderate krefter ved konsolideringa i 1908, vedtok strenge konsesjonslover, vekte det harme hjå mange konservative, også Konow. Mange talte om at dei borgarlege veljarane måtte samlast i eit parti igjen, på same måten som med Samlingspartiet før unionsoppløysinga. I mars 1909 vart Frisinna Venstre skipa i Kristiania. Mellom skiparane var Christian Michelsen, Wollert Konow og elleve stortingsmenn. Seinare slutta også kjende personlegdomar som Johan Hjort, William Nygaard, Ernst Sars, Richard With, Gerhard Henrik Armauer Hansen og ikkje minst Fridtjof Nansen seg til partiet.

Konow hadde no stabilisert økonomien ved møllebruket, og den seinare politiske utviklinga hadde samstundes gjeve han ein ny gjev og eit ønske om å tre inn i politikken igjen. Ved stortingsvalet i 1909, der ein opererte med direkte val i einmannskrinsar, var han nominert i Voss krins, men tapte valet, og hadde dermed tenkt å gje seg. Valordninga var derimot konstruert slik at det var mogleg med omval, og etter tidlegare statsminister Christian Michelsen sin inngripen, vart Konow nominert og vald frå Midhordland krins.

Då Frisinna Venstre vart skipa vart dei ønskte som samarbeidspartnarar av Høgre, og før valet fann det stad eit uformelt valsamarbeid mellom dei to partia i fleire valkrinsar. Partia hadde mange samanfallande synspunkt. Båe var for parlamentarismen og ville verne den private eigedomsretten. Det fanst også ulikskapar mellom partiprogramma, til dømes andsynes målsaka, der Frisinna Venstre stilte krinsane sine fritt, medan Høgre støtta riksmålet.

Stortingsvalet medførte ein reduksjon av Venstre si stortingsgruppe frå 53 til 46 mann. Høgre fekk 41 mandat, Frisinna Venstre 21, Arbeiderdemokratene to og DnA 11. Høgre og Frisinna Venstre hadde vunne eit snautt fleirtal med 64 av 123 mandat. Det var uvisst om stortingsfleirtalet skulle medføre at det eine partiet danna regjering med støtte frå det andre, eller om ein skulle skipe ei samarbeidsregjering. Konow sjølv tykte at partia skulle unngå å danne ein koalisjon og at Høgre som største parti heller skulle danne regjering med parlamentarisk støtte frå Dei Frisinna. Dette var også hovudsynet til dei andre leiarane i Frisinna Venstre, mellom anna fordi ein ottast at Høgre ville komme til å dominere for sterkt i ei eventuell koalisjonsregjering og føre til ei svekking av Frisinna Venstre. I Høgre såg ein derimot annleis på det, og frykta at ein med Dei Frisinna som støtteparti måtte legge politikken sin lenger mot venstre for at heile den Frisinna stortingsgruppa skulle kunne godta han. Utanom dette var heller ikkje tilliten til stades slik at ein kunne skipe eit samarbeid som ikkje tok form av ei koalisjonsregjering, fordi ein ikkje kjende seg trygg på støtte frå Frisinna Venstre frå sak til sak.

Den fyrste oppgåva som melde seg ved regjeringsskipinga var kven som skulle vere regjeringssjef. Det var ulike omsyn som talte for at båe partia kunne få statsministeren, men hovudønsket innan dei to partia var å finne ein «Personlighet, som av seg selv utpeker sig til nu at ta Ledelsen». Jens Michelsen hadde ein status som gjorde at han stod øvst på lista i båe leirar, men sidan han orsaka seg med dårleg helse, stod høgremennene Jens Bratlie og Fredrik Stang d.y. og Konow fram som sannsynlege kandidatar. Dei Frisinna trong ein førar med appell, og Konow hadde både politisk røynsle og oratoriske eigenskapar. Sentralt for at han til slutt vart statsminister er den støtta han fekk frå Michelsen, som meinte ein frisinna statsminister ville meistre den parlamentariske situasjonen betre enn ein høgremann. Mange venstreorienterte hjå Frisinna Venstre kunne dessutan ikkje godta Bratlie sitt kandidatur, fordi dei tykte han låg for langt til høgre, medan Konow hadde eit godt rykte i båe parti. Høgre sleit dessutan med å slutte seg unisont til ein av sine to kandidatar, og vart kløyvd mellom ein liberal Stang-fløy og ein konservativ Bratlie-fløy.

Det vart avtalt at kvart parti skulle få fire representantar i regjeringa, men denne balansen var skipla når det vart kjend at Konow stilte krav om å utvide regjeringa frå 8 til 9 mann. Han ville ikkje ha noko ansvar for eit av fagdepartementa som statsminister, slik sedvanen hadde vore tidlegare. Han var i det heile ikkje oppteken av å oppretthalde partibalansen, men la heller vekt på å få ei regjering med dyktige fagfolk. Dette viste seg til dømes når han tilbaud venstremannen Carl Geelmuyden om å ta plass i regjeringa. Høgre vart sterkt kritiske når dei oppdaga at Konow valde ut høgremenn med svake band til partiet. Betre vart det ikkje av at styrkeforholdet i regjeringa enda med 4 høgremenn og 5 frisinna. Regjeringsskipinga fekk ei dårleg mottaking hjå dei konservative, spesielt i byane. Morgenbladet sa til dømes at dei sakna ein «Ordfører for Høires Politik». C.J. Hambro skreiv at det innan Høgre i Kristiania rådde «en overordentlig sterk misnøie med regjeringen».

Konow si regjeringsfråsegn var svært generelt utforma, og han valde å ikkje nemne omstridde saker som til dømes målsaka og alkoholpolitikken med eit einaste ord. Konow ønskte med dette å avpolitisere desse stridsspørsmåla, men allereie på dette tidspunktet var det usemje om kva stilling ein skulle ta til mellom anna målspørsmålet. Når spørsmålet om den niande statsrådsposten var teke opp i Stortinget, måtte Konow til slutt stille kabinettspørsmålet for å vere sikker på at kravet hans vann fram. 1910 var i høve til det komande året politisk roleg, jamvel om regjeringa opplevde å verte svekka etter at Sofus Arctander trekte seg frå stillinga som handelsminister fordi Stortinget vedtok almenn røysterett for kvinner ved kommuneval.

Utetter i 1911 hamna regjeringa i langvarige feidar om vasskraftutbygginga. Det viste seg at opposisjonen i båe partia ikkje var så stor, og at fleirtalet ikkje hadde noko hast med å endre reguleringslovene, slik spesielt industrieigarar i Høgre ivra for. Likevel arbeidde ein for å få i stand eit lovverk som samsvara med den private eigedomsretten. Justisminister Herman Scheel kom med eit utkast som svekka staten si stilling. Ei tverrpolitisk spesialnemnd vart så nedsett for å forbetre utkastet. Nemnda la nokre månader seinare fram eit lovforslag som hamna på det standpunktet som Venstre forfekta. Reguleringslova vart utetter våren og sommaren vedteke i både Lagtinget og Odelstinget, og Konow og Scheel møtte sterk kritikk frå Høgre, jamvel av dei som i utgangspunktet ikkje ville endre reguleringslovene med det fyrste, fordi ein meinte at Konow hadde lete seg presse av venstresida i Frisinna Venstre. Høgre aksepterte til slutt nederlaget, men forholdet mellom koalisjonspartia vart permanent skadelidande.

På nyåret 1912 takka Konow ja til ein festinvitasjon frå Bondeungdomslaget i Kristiania. På festen vart Konow hylla av Marius Hægstad, og når Konow heldt ein tale for å kvittere sa han mellom anna at «ingen opportunistiske politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning at maalsaken har været den sak, som sterkest har baaret det norske folk frem i det siste halve hundreaar». Denne utsegna provoserte ikkje berre Høgre, men også delar av Frisinna Venstre. Hovudorganet til Frisinna Venstre, Tidens Tegn kritiserte Konow for å ha brote den nøytralitetslina som regjeringa hadde følgt i målspørsmålet, og meinte at «hans evne som politisk leder har faat et knæk, som ikke kan repareres». Få dagar seinare kravde avisa Konow sin avgang. Høgre såg no sitt snitt til å kvitte seg med Konow, som spesielt etter striden kring konsesjonslovene hadde vorte upopulær. Konow hadde likevel enno støtte frå fleirtalet i Frisinna Venstre si stortingsgruppe, men Høgre kom fram til at han hadde undergrave stillinga som regjeringssjef. Konow nekta likevel å gå frivillig. Han sjølv meinte at talen han heldt var som privatmann, ikkje statsminister, og at framferda frå Høgre var «et indgrep, en indskrænkning i ytringsfriheten, i retten til at hævde sit personlige liv, som ikke statens tjenestemænd maa være unddrat mere end de øvrige borgere». 9. februar vart avskilssøknadane frå 5 statsrådar levert inn, og av dei alle Høgre sine statsrådar. Konow prøvde i ettertid i det lengste å rekonstruere regjeringa. Mellom anna vart diplomaten Fritz Wedel Jarlsberg tilboden stillinga som utanriksminister, men avslo etter å ha rådspurd stortingspolitikarar, som meinte at ei regjering ikkje ville vore levedyktig. Til slutt kunne ikkje Konow gjere noko anna enn å trekkje seg som statsminister.

Etter at han trekte seg som statsminister vende Konow attende til Stortinget, og vart vald til stortingspresident etter Jens Bratlie, som no var statsminister. Denne stillinga hadde han fram til enden på stortingssesjonen i august 1912, då han trekte seg ut av politikken.

Etter at Konow trådde ut av politikken mottok han fleire helsingar frå folk som ønskte han attende til den politiske arenaen. Han fekk endåtil tilbod frå Frisinna Venstre om å stille til val i Midhordaland krins, men avslo tilbodet, fordi han tykte han var for gammal. Sjølv om han var ute av politikken tok han stundom del i offentlege ordskifte. I 1915 heldt han ein tale i Det Norske Studentersamfund om «vor stilling som nøitrale». Jamvel om han ønskte å verne om norsk nøytralitet under første verdskrigen, uttrykte han sympati for Storbritannia, ein sympati han meinte også fanst i befolkninga. Med åra vart likevel den politiske aktiviteten mindre. Til gjengjeld han vart mellom anna styrar for Bergens-avdelinga av Noregs Bank, kvar han arbeidde i fleire år før han vart sjuk i slutten av 1923. Han gav også ofte kunstnarar økonomisk støtte, mellom dei Gustav Vigeland. Wollert Konow døydde i mars 1924 av strupekreft.




#Article 250: Wollert Konow (H) (145 words)


Wollert Konow () var ein norsk politikar og gardbrukar. Han vart fødd i Bergen, men flytta seinare til Hedmark fylke. 

Frå 1882 var Konow gardbrukar på Tjerne i Ringsaker. Han sat som stortingsrepresentant  i fleire periodar. Frå 1891 til 1893 var han statsråd og sjef for Indredepartementet i Johannes Steen si 1. regjering. Frå 1900 til 1903 var han  landbruksminister i Johannes Steen si 2. regjering og Otto Blehr si 1. regjering.

Konow representerte Venstre på Stortinget frå 1886 til 1891 og frå 1895 til 1918. Frå 1919 til 1921 var han stortingsrepresentant for Landmandspartiet, og frå 1922 til 1924 for Frisinnede Venstre.

Wollert Konow representerte Hedemarkens amt på Stortinget, det seinare Hedmark fylke. 
I politisk samanheng vert han ofte referert til som Wollert Konow (H), der H-en står for «Hedemarken». Bokstaven vert sett til for å skilja han frå fetteren, politikaren Wollert Konow (SB). 




#Article 251: Elias Blix (332 words)


Elias Blix () var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland fylke Mattismessedagen 1836, og døydde i heimen sin i Kristiania (Oslo) i 1902. Han vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

I 1862 var Blix med på å skipa «Den nordlandske Forening» og var den første forman i organisasjonen. I 1868 var han med på å skipa «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter. 

Blix tok teologisk embetseksamen i 1866, og han vart professor i teologi 1878 ved Universitetet i Oslo.

Frå 26. juni 1884 til 23. februar 1888 var Blix statsråd i Kyrkjedepartementet. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I 1885 gjorde Stortinget vedtak om at landsmålet skulle vera jamstilt med bokmålet, det såkalla Jamstellingsvedtaket. Som politikar representerte Blix partiet Venstre.

Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarseminar i Tromsø på 1850-talet. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Sommaren 1866, etter at han hadde teke teologisk embetseksamen, vitja han Gildeskål.  Her hjelpte han soknepresten med konfirmasjonsundervisninga, han skal òg ha bede om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja.  Men Blix fekk ikkje lov til å preike - somme meiner soknepresten ikkje ville sleppe han til, fordi han ikkje likte Blix sitt arbeid som målmann; andre meiner soknerpresten hadde gjeve han melding om at det ikkje sømte seg for born av ålmugen å stå på preikestolen. Hendinga i Gildeskål skal etter soga vere årsaka til at han ikkje vart prest og han aldri kom attende til Gildeskål.

Blix var med på arbeidet med å omsetje Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix var ein stor salmediktar, og skreiv meir enn 200 salmar.  Ved kgl. res. av 4. mai 1892 vart salmeboka hans, Nokre Salmar, autorisert for kyrkjeleg bruk. I Norsk Salmebok er det teke med over 50 salmar av Blix.




#Article 252: Birkebeinar (294 words)


Birkebeinane eller birkebeinarane (frå norrønt: birkibeinn) var ein opprørsflokk og eit politisk «parti» i borgarkrigstida i Noreg.

Namnet sitt hadde dei frå det at det var så dårleg stell med fottøyet deira, fattige og forkomne som dei var, at dei surra bjørkenever rundt føtene for å halda varmen.

Birkebeinane var opphavleg ein opprørsflokk av småfolk som slutta opp omkring tronkrevjaren Øystein Øysteinsson Møyla på midten av 1170-talet. Med kong Sverre Sigurdsson kom birkebeinane til makta i 1177, men fekk ikkje full kontroll før valet av Sverre sin soneson Håkon Håkonsson i 1217. Mindre stridar heldt fram til 1223, og eit siste opprør av hertug Skule Bårdsson vart knust i 1240. Birkebeinane og Sverreætta sat med makta til 1319.

I moderne tid vert skirennet Birkebeinerrennet og sykkelrittet Birkebeinerrittet skipa til. Kvart år går ferda frå Østerdalen til Gudbrandsdalen. Tilskipingene er til minne om birkebeinane si ferd over fjellet i 1206.

Håkon Sverresson var leiar for birkebeinane og konge av Noreg frå 1202 til 1204. I den korte regjeringstida si hadde han nedkjempa baglarane sitt kongsemne og forlikt seg med biskopane, som hadde vore i eksil. Håkon døydde tidleg og ugift, utan nokon klar arving. Dermed starta ei ny baglar-reising, som førte til ei deling av landet, med eit baglar-kongedøme på Austlandet og rundt Oslofjorden, og eit birkebein-kongedøme på Vestlandet og Trøndelag.

Håkon Håkonsson vart fødd i område som vart kontrollert av baglane, og det at han var son til ein birkebeinarkonge sette både han og mora i ein svært farleg situasjon. Difor flykta ho nordover med guten, mot Trøndelag. Birkebeinerrennet og Birkebeinerrittet er til minne om ein del av denne ferda i 1206, då birkebeinane Torstein Skeivla og Skjervald Skrukka bar kongssonen med seg på ski gjennom dårleg ver for å bringa han i tryggleik.




#Article 253: Borgarkrigstida (198 words)


Borgarkrigstida  eller innbyrdeskrigane er nemningar på kampar om makta i Noreg mellom 1130 og 1240.

Borgarkrigstida kan delast inn i tre fasar:

Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Etter lova kunne alle ekte og uekte etterkommarar at kongen bli konge, og nye kongsemne hevda å vera kongssøner, og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokka mellom anna lendmannspartiet, birkebeinane og baglarane. Kong Sverre utrudde dei fleste av lendmennene og konsoliderte makta si, men møtte ny motstand frå kyrkja og erkebiskopen i Nidaros, Øystein Erlendsson. Son til Sverre, Håkon Sverresson, inngjekk forlik med kyrkja, men døydde etter kort tid. Håkon Håkonsson vart vald til konge i 1217 mot kandidatuet til Skule Bårdsson. I 1237 fekk Skule tittelen hertug, men det var ikkje nok til å stagga ambisjonane hans, og i 1239 fekk han gitt seg sjølv kongsnamn på Øyratinget. Skule vart etter kvart drepen av kong Håkon sine menn. Borgarkrigane i Noreg tok så slutt. 

I lista er tronkrevjarane markert med eit ekstra innrykk. Desse vert vanlegvis ikkje rekna med i den norske kongerekkja. 




#Article 254: Håkon IV av Noreg (1790 words)


Håkon IV Håkonsson (1204ndash;1263) var konge av Noreg i perioden 1217ndash;1263. Han var son av Håkon Sverresson og Inga frå Varteig, og vart vald til konge av birkebeinarane i 1217. I løpet av Håkon si regjeringstid vart det slutt på borgarkrigane. Det siste opprøret vart leia av svigerfar hans, hertug Skule, som vart drepen i 1240. I 1247 vart Håkon krona av kardinal Vilhelm av Sabina i Bjørgvin, og den siste halvparten av regjeringstida hans var ei tid av fred og konsolidering av kongedømmet. Symbolet på denne perioden er Håkonshallen i Bergen.

Håkon vart fødd i 1204 i det som i dag er Eidsberg kommune i Østfold. Mora til Håkon var Inga frå Varteig. Ho hevda at faren var birkebeinarkongen Håkon Sverresson. Han hadde vitja Varteig året før og hatt Inga som frille ei stund. Håkon Sverresson var død då Håkon vart fødd, men fleire av mennene hans stadfesta Inga sine påstandar, og birkebeinane godkjente Håkon som kongsson.

Borgarkrigstida i Noreg varte frå om lag 1130 til 1240. I denne tida pågjekk det mange ulike stridar av ymse omfang og styrke. Bakgrunnen for desse stridane var dei uklare norske tronfylgjelovene, sosiale forhold og kampen mellom ulike aristokratiske parti og mellom kyrkja og kongen. Det var for det meste to ulike flokkar, kjent ved ulike namn. Til slutt stod striden mellom birkebeinar og baglar. Midtpunktet for flokkane var som oftast ein kongsson som vart sett opp som kongsemnet til flokken. Håkon Sverresson var leiarar for birkebeinane. I den korte regjeringstida si hadde han nedkjempa baglarane sitt kongsemne og forlikt seg med biskopane, som hadde vore i eksil. Håkon døydde tidleg og ugift, utan nokon klar arving. Dermed starta ei ny baglar-reising, som førte til ei deling av landet, med eit baglar-kongedøme på Austlandet og rundt Oslofjorden, og eit birkebein-kongedøme på Vestlandet og Trøndelag.

Håkon Håkonsson vart fødd i område som vart kontrollert av baglane, og det at han var son til ein birkebeinarkonge sette både han og mora i ein svært farleg situasjon. Difor flykta ho nordover med guten, mot Trøndelag. Ein del av denne ferda i 1206, då birkebeinane Torstein Skeivla og Skjervald Skrukka bar kongssonen med seg på ski gjennom dårleg ver for å bringa han i tryggleik, vert minna kvart år gjennom skiløpet birkebeinerrennet.

Slik kom Håkon Håkonsson fram til birkebeinarkongen Inge Bårdsson, som godkjente Håkon som kongsson. Då Inge døydde i 1217 vart Håkon vald til konge, framfor Inge sin halvbror, jarlen Skule Bårdsson, som òg kravde trona. I samband med striden rundt kongevalet måtte Inga frå Varteig bera jarn for å prova Håkon sitt farskap, i Bergen i 1218. Kyrkja var i byrjinga negativt innstilt til Håkon, delvis fordi han var uekte fødd. I 1223 vart det heldt eit riksmøte med alle biskopar, jarlar, lendmenn og andre framståande menn, i Bergen for endeleg å avgjera om Håkon var rett konge eller ikkje. I tillegg til Skule kravde òg Guttorm, ein uekte son av kong Inge, Knut Håkonsson, ein nevø av kong Inge, og Sigurd Ribbung som påstod å vera soneson til kong Magnus Erlingsson trona. Men kyrkja hadde no stilt seg på Håkon si side, og retten hans til trona vart stadfesta av erkebiskopen. Han vart likevel ikkje krona før i 1247.

I 1217 døydde òg Filippus Simonsson, den siste baglarkongen. Skule Bårdsson handla raskt og tilbydde baglarane forsoning under Håkon som konge. Baglarane godtok dette, oppløyste flokken sin og gav seg under kong Håkon. Dermed var Noreg igjen samla under ein konge. Enkelte gamle baglarar som kom dårleg ut av forliket fann eit nytt kongsemne, Sigurd Ribbung, som dei sa var son av baglarkongen Erling Steinvegg, og reiste ein ny opprørsflokk, ribbungane. Sigurd Ribbung gjekk etter kvart med på å overgi seg til Skule, og tok del i riksmøtet i Bergen i 1223. Seinare rømte han og fornya opprøret sitt. Etter at han døydde av sjukdom tok ribbungane Knut Håkonsson som kongsemne. Dei vart endeleg slått i 1227 då Knut overgav seg til kong Håkon og fekk forlik med han.

I starten på Håkon si regjeringstid hadde Skule mykje av den verkelege makta. Då Håkon vart konge vart det bestemt at Skule skulle regjera over ein tredel av riket, som jarl. I førstninga var denne tredelen Oslofjord-området, men i 1223 fekk Skule Trøndelag som sin del av riket, og hadde setet sitt oftast i Nidaros. Etter kvart som Håkon vart vaksen tok han over meir og meir av riksstyringa sjølv, noko som førte til konfliktar med Skule. Som forsøk på å forsona dei to vart Håkon i 1225 gift med Skule si dotter, Margrete Skulesdotter (Margrét Skúladóttir). Forholdet mellom Håkon og Skule var likevel anstrengt. I 1237 fekk Skule tittelen hertug, som første i Noreg. Om lag samstundes vart det ordna slik at han ikkje lenger skulle styra Trøndelag som sin tredel av riket, men ha ein tredel av alle syssel i landet. Slik fekk han ikkje lenger eit samanhengande maktområde, noko som har vorte tolka som at stillinga hans vart svekka. I 1239 fekk Skule gitt seg sjølv kongsnamn på Øyrating, og gjekk til open krig mot Håkon. Håkon fekk då gitt sonen sin, Håkon Unge, kongsnamn. Skule freista å få Knut Håkonsson med seg, men han valde Håkon si side, og Håkon utnemnde han til jarl. Håkon vann over Skule i slaget i Oslo i 1240, og seinare same året vart Skule drepen i Nidaros. Etter dette var det ingen lenger som truga Håkon sin maktposisjon i Noreg. Skule sitt opprør vert ofte rekna som å vera slutten på borgarkrigstida i norsk historie. Som ein konsekvens av striden mellom Håkon og Skule vart Snorre Sturlason, som hadde vore Skule sin mann, drepen av ein av Håkon sine menn på Island.

Frå 1240 var Håkon si regjeringstid prega av indre fred og konsolidering av kongedømmet. Dette var starten på det som har vorte kalla gullalderen til det norske mellomalderkongedømet. I 1247 oppnådde Håkon endeleg å bli godkjent av paven som norsk konge. Paven sende kardinalen Vilhjalm av Sabina (Wilhelm) til Bergen for å krona han. I 1256 baud Håkon ut leidang og reiste på hærferd til det danske området Halland. I 1261 gjekk grønlendingane med på å gi seg inn under kongen av Noreg, og i 1262 gjorde Island det same, noko som lenge hadde vore eit mål for Håkon. Noregsveldet hadde no den største geografiske utstrekninga nokon gong. I 1263 rusta Håkon ut ein stor leidangsflåte og reiste til Skottland, for å beskytta Sudrøyane, (Hebridane), som hadde kome under angrep av skottekongen Alexander III. Med hjelp av vassallane sine, kongen av Sudrøyane og kongen av Man, gjenoppretta Håkon kontroll over Sudrøyane og sende og styrkar innover i landet. Forhandlingar med skottekongen vart trekt ut av skottane, fordi dei visste at Håkon til slutt ville få problem med å halda flåten sin samla så langt heimefrå. Ein del av flåten hans utkjempa ein trefning med ein større skotsk styrke ved Largs, i det som seinare har vorte kalla Slaget ved Largs, og vorte hevda som ein siger av både skottar og nordmenn. Ein irsk delegasjon kom til Håkon og tilbydde å husa han og flåten hans gjennom vinteren dersom Håkon ville hjelpa dei mot engelskmennene. Håkon ser ut til å ha vore interessert i forslaget, men mennene hans nekta. Då vinteren kom hadde han ikkje klard å tvinga fram ei avgjersle i striden med skottekongen. Han sjølv reiste tilbake til Orknøyane for vinteren, medan mesteparten av flåten vende heim til Noreg.

Medan Håkon var på Orknøyane vart han sjuk, og døydde 16. desember 1263. Han vart gravlagd for vinteren i St Magnus-katedralen i Kirkwall. Då våren kom vart lekamen hans brakt attende til Noreg og han vart gravlagd i Kristkyrkja på Holmen i Bergen. Denne kyrkja vart riven i 1531, staden der ho stod, på det som i dag er Bergenhus festning, er i dag avmerkt med ein minnestein.

På dødsleiet stadfesta Håkon at han berre visste om ein son som overlevde han, Magnus, som vart konge etter han.

Norske historikarar har hatt svært ulike syn på Håkon Håkonsson si regjeringstid. På 1800-talet, då nasjonsbyggjing var eit viktig mål for historikarar, vart Håkon sett som den mektige kongen som avslutta borgarkrigane, og regjerte over det største norske riket nokonsinne. P.A. Munch er representativ for dette synet. Tidleg på 1900-talet kom ein reaksjon mot dette synet. Håkon vart no sett som ein uviktig og gjennomsnittleg mann, som tilfeldigvis var konge då det var gode tider for det norske kongedømet. Dette var særskilt synet til marxistiske historikarar, som med sin historiske materialisme gjerne tonar ned betydninga til enkeltpersonar i forhold til større historiske og økonomiske prosessar. Halvdan Koht var typisk for dette synet. Koht, og mange andre historikarar, vurderte dessutan Håkon opp mot Skule, og valde side i denne 700 år gamle strida. Håkon vert òg ofte samanlikna med farfaren, kong Sverre, og mange meiner at han ikkje var ein like dynamisk og karismatisk leiar som Sverre var. I nyare tid har Sverre Bagge påpeika at det meste av det me veit om både Håkon og Sverre kjem frå sogene deira, som er å rekna som offisielle biografiar. Difor veit me ikkje meir om deira karakterdrag og personlegdom enn det forfattarane av sogene har vald å fortelja oss, og dette igjen kjem an på kva forfattarane sitt mål var med å skriva sogene. Me har difor eit tynt grunnlag for å samanlikna Håkon og Sverre, og ei slik samanlikning kan verka lite meiningsfylt.

Det som er klart er at Håkon vart fødd inn i eit samfunn herja av krig, væpna gjengar og krigsherrar, og døydde som den uomstridde herskaren over eit stort og internasjonalt respektert kongedøme, der kongemakta hadde vorte klart styrkt. Håkon mottok sendemenn og utveksla gåver med herskarar så langt borte som Tunis, Novgorod og Castilla. Ved hoffet hans vart høvisk ridder-litteratur frå kontinentet og bibelske soger omsett til gamalnorsk. Han stod for større byggeprosjekt i stein, noko som var kostbart i Noreg på denne tida. Han fekk mellom anna bygd Håkonshallen i kongsgarden på Holmen i Bergen. Håkon stod òg for større lovarbeid, mellom anna vart blodhemn forbode.

Med frilla Kanga Unge:

Med kona, Margrete Skulesdotter (Margrét Skúladóttir): 

Håkon Unge og Magnus vart gitt kongsnamn medan faren endå levde for å sikra ei fredeleg arvefylgje når Håkon døydde, men så lenge han sjølv var i live var det Håkon som var den øvste herskaren.

Hovudkjelda vår til kunnskap om Håkon er Hákonar saga Hákonarsonar (Soga om Håkon Håkonsson), som vart skriven i 1260-åra, berre få år etter Håkon sin død. Soga vart bestilt av sonen hans, Magnus Lagabøte, og vart skriven av den islandske sogeskrivaren og høvdingen Sturla Þórðarson, ein nevø av Snorre Sturlason.

Ei litterær behandling av Håkon sin strid med Skule finn me i Henrik Ibsen sitt skodespel Kongsemnerne, frå 1863.




#Article 255: Magnus Lagabøte (1282 words)


Magnus Lagabøte (norrønt Magnús lagabœtir) eller Magnus Håkonsson (norrønt Magnús Hákonarson) () var konge av Noreg frå 1263 til 1280. Han var gift med Ingeborg, dotter av danskekongen Erik Plogpenning. Paret fekk sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar av Noreg.

Magnus var son av Håkon Håkonsson. Kong Håkon la ut på krigstokt mot Skottland sommaren 1263 for å verna Sudrøyane (Hebridane og Man), som var del av Noregsveldet. Felttoget ende utan ei klar avgjerd, men kong Håkon døydde på Orknøyane den 17. desember 1263. Ettersom Magnus allereie var regjerande konge då faren var borte, førte ikkje dødsfallet til noko brot i den politiske kontinuiteten. 

Magnus utførte eit stort arbeid for å modernisera lovverket, noko som gav han tilnamnet sitt, Lagabøte (lovforbetraren). Lovarbeidet førte til at Noreg var eit av dei første kongerika i Europa som var samla under ei lov.
Magnus var ein av dei første norske kongane som sette eit rekkjetal bak namnet sitt. Han kalla seg «Magnus den fjerde» i latinske dokument, som Bergenstraktaten frå 1273 og Sættargjerden i Tønsberg frå 1277. Det hadde vore fem kongar med namnet «Magnus» før han ifølgje kongesogene, men to av dei var samkongar og førte ikkje dynastiet vidare. Dei vart difor ikkje rekna med i kongerekka på denne tida. 

Magnus var den yngste sonen til kong Håkon Håkonsson (Hákon Hákonarson) og kona hans Margaret Skuladotter (Margrét Skúladóttir). Han vart fødd i Tunsberg og døypt i mai 1238. Mesteparten av oppveksten var han i Bergen. Soga om Håkon Håkonsson fortel av Magnus heldt ein god tale som femtenåring, og at han fekk sløkka ein brann på eit kongeskip som ung.

Då den eldre broren hans Håkon Unge vart konge saman med far sin under hertug Skule sitt opprør i 1240, vart Magnus hertug. Ifølgje Soga om Håkon Håkonsson var det aktuelt å gje han eit hertugdøme som omfatta ein tredel av landet, men dette vart ikkje endeleg avklart. Det verker likevel som om han styrte over Sørvestlandet. 
I 1250 var han vitne då kong Håkon skreiv under ein freds- og handelsavtale med Lübeck i Bergen.

I 1257 døydde Håkon Unge, og Magnus vart tronarving. Same året gav faren han kongsnamn, som han hadde gjort med Håkon Unge før han. 
Håkon Håkonsson prøvde å finna eit godt gifte til sonen hjå døtrene til kong Abel av Danmark og kong Henrik III av England utan hell.
Til slutt vart Magnus gift i Bergen med den danske prinsessa Ingeborg Eriksdotter, dotter til den drepne danske kongen Erik Plogpenning. Ho vart nærmast bortført frå klosteret ho budde i i Danmark, etter at forhandlingar om giftarmålet med den danske kongen hadde gått i stå. 

Bryllaupet stod i kongsgarden i Bergen den 11. september 1261. «Steinhallen» eller Håkonshallen stod klar til feiringa, og ekteparet vart krona.
Seinare vart kampen for å få Ingeborg si farsarv ei viktig kjelde til konflikt mellom Noreg og Danmark. Magnus og Ingeborg vart krona straks etter bryllaupet, og Magnus fekk Ryfylke å styra over for å få sine eigne inntekter. 16. desember 1263 døydde kong Håkon på Orknøyane under felttoget sitt mot Skottland for å bevara norsk styre over Sudrøyane, og Magnus vart eineherskar i Noreg.

Magnus sitt styre førte med seg ei omlegging frå den noko aggressive utanrikspolitikken til faren. I 1266 inngjekk han Perth-traktaten med skottekongen, der han gav opp norsk styre over Sudrøyane og Man mot ein større sum sølv og ei årleg avgift. Samstundes godtok skottekongen norsk styre over Orknøyane. I 1269 inngjekk han Winchester-traktaten som stadfesta det gode tilhøvet til den engelske kongen, Henrik III. Magnus ser òg ut til å ha eit godt forhold til den svenske kongen Valdemar Birgersson, og i 1260-åra vart den første grenseoppgangen med Sverige gjennomført. Då Valdemar vart avsett av dei to brørne sine og flykta til Noreg i 1275 førte det til at Magnus kalla ut ein leidangsflåte for første og einaste gong. Med ein stor flåte møtte han den nye svenske kongen, Magnus Ladulås ved landsgrensa for å prøva å tvinga fram eit forlik mellom dei to brørne, men utan hell. Magnus Ladulås ville ikkje gi etter for presset, og Magnus Lagabøte trekte seg attende utan krigshandlingar.

Magnus utførte eit stort arbeid for å modernisera lovverket, noko som gav han tilnamnet sitt, Lagabøte (lovforbetraren). Tidleg i regjeringstida modifiserte han dei ulike landskapslovene, før han gjekk til arbeidet med å laga ei felles lov for heile landet. I 1274 var Magnus Lagabøtes landslov - eit felles lovverk for heile landet, inkludert Færøyane og Shetland - ferdig. I 1276 vart denne følgt opp av Magnus Lagabøtes bylov, som inneheldt særskilte føresegner for byane. Ei utgåve av landslova vart og utarbeidd for Island. Ei felles lov for eit heilt land var på denne tida ei nyskaping, som til då berre hadde blitt innført i kongerika Sicilia og Castilla. Landslova slo fast prinsippet om at drap var eit brotsverk mot staten heller enn individet, og avskaffa grunnlaget for blodhemn. Autoriteten til kongen vart styrkt, som grunnlaget for domsmakt. Arvefylgjelova vart slått fast, i tråd med den som Håkon Håkonsson innførte i 1260, ein ektefødd son skulle arva trona. Den kongelege arvefylgja var ei viktig og vanskeleg sak, så seint som i 1240 hadde det blitt ført innbyrdeskrig i Noreg om dette spørsmålet. I 1273 gav Magnus kongsnamn til den eldste sonen sin, Eirik, og hertugtittel til den yngste sonen sin, Håkon. Slik var arvefylgja utvitydig fastlagd.

Sjølv om Magnus var ein personleg svært from og religiøs konge hamna han i konflikt med erkebiskopen, Jon Raude, grunna lovarbeidet sitt. Erkebiskopen gjorde motstand mot kongelege forsøk på å kontroll over kyrkjeretten, og prøvde å bevara kyrkja si makt over kongeval. I 1277 vart det inngått eit forlik, sættargjerda i Tunsberg, som klarla forholdet mellom kyrkja og kongemakta. Kyrkja heldt på ein stor grad av skattefridom og utstrekt fridom i juridiske saker, men gav opp det gamle kravet sitt om at kyrkja var den norske kongen sin føydale overherre.

På det kulturelle feltet vidareførte Magnus faren sitt arbeid med å innføra den høviske hoffkulturen frå kontinentet til Noreg. I 1277 vart dei to høgaste gradane i kongshirda, lendmann og skutilsvein, erstatta av dei felleseuropeiske titlane baron og riddar. Samstundes fekk baronane og riddarane ekstra privilegium, og retten til å bli tiltalt som herre (herra). Magnus er truleg den første norske kongen som brukte eit ordenstal i sin eigen tittel, han kalla seg sjølv Magnus IV (han talde ikkje Magnus Haraldsson og Magnus Blinde). Straks etter at faren var død fekk han islendingen Sturla Þórðarson til å skriva faren sin saga. I 1278 fekk han den same Sturla til å skriva sin eigen saga. Magnus Lagabøtes saga vart dermed den siste av dei norrøne kongesogene, men berre brotstykke er att av han.

Våren 1280 vart Magnus sjuk i Bergen, og døydde 9. mai. Han hadde allereie planlagd å få sonen Eirik krona til midtsommars som medkonge, no vart Eirik istaden einekonge, 12 år gamal. Den verkelege makta fall til eit formyndarstyre, der Magnus si dronning, Ingeborg var framtredande. Magnus vart hugsa som ein god konge, som hadde styrt med lov heller enn med makt. Nokre moderne historikarar har sett han som ein veik konge, fordi han gav opp Sudrøyane og Man og var for ettergjevande mot kyrkja sine krav. Andre ser dette som kloke avgjerdsler. Det er høgst tvilsamt om Noreg kunne halda fast ved øyane vest for Skottland dersom skottane først sette inn ressursar på å ta dei, og vidare krigføring ville difor neppe ført fram. Magnus sitt forlik med kyrkja førte til ro innanlands, men kyrkjepolitikken vart kraftig lagt om av formyndarstyret til sonen Eirik, som seinare fekk tilnamnet «Prestehatar». Magnus vart gravlagd i klosterkyrkja til fransiskanarane i Vågsbotn, som sidan 1500-talet har vore Bergen domkyrkje.




#Article 256: Kvensk (327 words)


Kvensk (på kvensk kvääni, tidlegare kainun kieli eller kveenin kieli) er eit finsk-ugrisk språk som òg kan klassifiserast som ein dialekt av finsk. Kvensk er språket til kvenene — ei folkegruppe som er etterkommarar av finnar som innvandra til Troms og Finnmark frå 1600-talet av frå grensedalen mellom Sverige og Finland, Tornedalen, og frå Nord-Finland. Kvensk språk har ein viss status som språk i Porsanger kommune.

I kvenske/finskætta miljø er det mykje diskusjon om ein ynskjer eit eige kvensk skriftspråk eller å halde på det riksfinske som blir lært i skulane i dag. 

På eit møte i 2008 vart det vedtatt at skriftspråksnormalen som er under utarbeiding, skal basere seg på eit kompromiss mellom alle dei kvenske dialektane, og samstundes vere ei tilnærming mot meänkieli.

I januar 2006 vart det starta eit studium i kvensk ved universitetet i Tromsø. Studiet går over tre semester, og ein kan studere enkeltemne som kvensk språk og kvensk kultur og litteratur.

På 1800-talet vart kvenene av norske myndigheiter sett på som viktige i arbeidet med å dyrke opp Finnmark. Frå og med starten av 1900-talet slo Noreg over til ein politikk som gjekk ut på å hindre bruken av kvensk og samisk. Jordsalsloven, Lov av 22. mai 1902 om avhendelse av og bortforpaktning av Statens jord i Finnmark, § 1c sa at «Avhendelse må kun skje til norske statsborgere – som kan tale, læse og skrive det norske sprog og benytte dette til daglig bruk». NRK vart oppretta i 1933. Allereie året etter vart den første NRK-bygde radiosendaren utanfor Oslo opna — og det i Vadsø. Etter oppfordring frå Forsvaret delte NRK ut 50 radioapparat gratis til samar og kvenar i grensestroka mot Finland, så det er ikkje tvil om kva motiva bak denne radiosatsinga var.

I starten av 1990-åra vart det mogleg å ha finsk/kvensk som andrespråk i skolen i dei tre nordlegaste fylka.

Den norske regjeringa erklærte 26. april 2005 at dei såg på kvensk som eit eige språk. 




#Article 257: Hedmark fylke (688 words)


Hedmark fylke er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa mot Trøndelag fylke i nord, Oppland fylke i vest og Akershus fylke i sør. I aust grensa Hedmark til Sverige og dei svenske Dalarnas län og Värmlands län. Hedmark vart del av Innlandet fylke 1. januar 2020.

Hedmark fylke vart skilt ut frå Oplandenes amt i 1781 under namnet Hedemarkens amt. Fylket kunne delast opp i distrikta Hedmarken og Solør i tillegg til Østerdalen, Odalen, Vinger og Eidskog. Det hadde to byar: Hamar og Kongsvinger. I tillegg kalla Elverum seg by etter det generelle høvet tettstadar med minst 5000 innbyggjarar og bymessig folkesetnad kan nytta seg av.

Over heile det tidlegare fylkesområdet finn ein jordbruk, og i enda større grad skogbruk.
Barskog dominerer nesten fullstendig. Den eurasiatiske taigaen byrjar i fylket mellom Hamar og Elverum, går vidare til Sysslebäck og Malung i Sverige og held fram til Austersjøen og gjennom Finland og Russland til Stillehavet. Taigaen er kjenneteikna av barskog som gran og furu på skogbotn av lyng og mose, med innslag av bjørk og rogn og av og til grasdekte enger.

Det høgaste fjellet i fylket er Rondeslottet på 2178 moh., grensa til Oppland fylke går over denne toppen, akkurat som same grense delar Noregs største innsjø Mjøsa mellom fylka.

Elles låg det meste av fylket i det som blir kalla lågland, sjølv om den nordlege og nordvestlege delen hadde fjellområde som Rondane, og den nordaustlege slike som Sylene. Frå Sylene er det høgland store delar av strekninga derfrå og sørover langs svenskegrensa heilt til Finnskogen i Grue og Kongsvinger.

Klimaet i hedmarksområdet er typisk kontinentalt og berre i sørvest dempar Mjøsa og Oslofjorden vinterkulda. 

Det bles sjeldan kraftig og som regel følgjer vinden dalføra, frå nordvest om vinteren og frå søraust om sommaren. Om vinteren vil den svake vinden føre til at ein ofte har temperaturinversjonar, der temperaturen stig med høgda. Januar er kaldast med ein middeltemperatur frå −6 til −8 °C i sør, −10 til −13 °C i nordlege dalstrøk. Stundom kan temperaturen falle til under −40 °C i nord og Engerdal målte i januar 1987 −47 °C som kulderekord i fylket. I juli varierer middeltemperaturen frå kring 16 °C i sør til kring 13 °C i øvre dalføre. Det er òg kjøligare enn dette i høgda. Varmerekordane i fylket ligg på kring 30 °C. Dei indre dalstrøka kan få frostnetter sjølv på sommaren. 

Fylket har ein årsnedbør på 600-800 mm, og mest nedbør kjem det om sommaren. Nedbøren aukar i høgda og er opp i 1000 mm sør på Hedmarksvidda, og kan vere så låg som kring 400 mm i skjerma dalstrøk. 

Fylket kan få ein del tåke nær vatn sør i fylket. Dette er typisk strålingståke og er vanlegast om hausten og tidleg på vinteren. På Hedmarksvidda kan det bli ein del tåke i sørleg vind, som fører inn lågt skydekke. 

Hedmark fylke har namn etter landskapet Hedmarken på austsida av Mjøsa, gamalnorsk Heiðmǫrk, der fyrstelekken kjem av folkenamnet heidner. 

Det er funne restar av steinalderbusettingar over nesten heile fylkesområdet. Helleristningar av elg er funne ved Mjøsa i Ringsaker. 

Det eldste bronsealderfunnet i Noreg er gjort på Nes på Hedemarken. Jernalderfunn er gjort over heile fylket, spesielt mange frå vikingtida. Gravhaugar finst frå bronsealder fram til kristen tid.
Solør skal ha vore eit mektig kongerike mellom 300 og 800 i følgje Ynglingesagaen .

I Hamar-området utvikla det seg ein byliknande struktur med kaupang på Åker i Vang allereie på 500-talet.

I vikingtida vart dette senteret flytta til den odden i Mjøsa som seinare fekk ei domkyrkje (domkyrkjeodden) i samband med at staden vart bispesete i 1152. Her kan det rundt 1050 ha vore slått mynt. 

Svartedauden ramma området hardt, og det var her som ellers i landet ei nedgangstid. Rett før reformasjonen forsvann Hamar som marknad, og ved reformasjonen i 1536 forsvann bispesetet. 

Fylket vart råka av alle krigane Noreg og Danmark-Noreg var med i.
Under den andre verdskrigen var det viktige kampar mellom tyskarar og nordmenn ved Midtskogen gard og Kongsvinger i april 1940. Tyske fly bomba Elverum i april 1940.

Det er 33 representantar i fylkestinget

Partifordeling etter valet i 2015: 




#Article 258: Vest-Agder fylke (572 words)


Vest-Agder er eit tidlegare fylke i Noreg. Fylket var det sørlegaste i landet og grensa til Rogaland i vest, Aust-Agder i nord og aust og til Skagerrak i sør. Det omfatta kyststrekninga frå Kvåsefjorden aust for Kristiansand til Åna-Sira, den nedre delen av dalføret til Otra og dei nord–sørgåande dalane Mandalen, Audnedalen, Lyngdalen, Kvinesdalen og Sirdalen med omliggjande skogs-, hei- og fjellområde. I Vest-Agder låg Noregs sørlegaste punkt, øya Pysen, søraust for Mandal. Lindesnes er det sørlegaste punktet på fastlandet.

Vest-Agder blei oppretta som fylke i 1685 då Agdesiden amt blei delt i Nedenes amt (seinare Aust-Agder fylke) og Lister og Mandals amt (nåverande Vest-Agder fylke). Fylket fekk sitt nåverande namn i 1919. Administrasjonen i fylkeskommunen hadde hovudsete i Kristiansand. I 2020 blei Vest-Agder del av nye Agder fylke.

Fylkesvåpenet til Vest-Agder er på grøn botn ei gull eik. Motivet er valt sidan eika var eit viktig råmateriale for eksport i Vest-Agder i tidlegare tider. Våpenet blei godkjent ved kongeleg resolusjon 12. desember 1958 og er teikna av Hallvard Trætteberg. Fylkesblomen til Vest-Agder er sommareik og fylkessteinen er farsunditt.

Sørlandsbanen går aust–vest gjennom fylket eit stykke innanfor kysten. Dei mange nord–sørgåande dalane har gjort det naudsynt med ei rekke lange tunnelar på Sørlandsbanen mellom Kristiansand og grensa mot Rogaland, mellom anna landets 4. og 5. lengste jernbanetunnelar, Kvinesheitunnelen (9065 m) og Hægebostadtunnelen (8474 m). E 18/E 39 (E 18 aust for Kristiansand) går gjennom fylket like innanfor kysten. Vegen passerer alle dei viktigaste tettstadene unnateke Farsund og Vennesla. I nord går Fylkesveg 42 (Arendal–Egersund) gjennom fylket, på tvers av dei nord-sørgåande dalføra. I fleire av desse dalane går riksvegar som bind dei indre strøka saman med kystområda, mellom anna Setesdalsvegen (Riksveg 9, Kristiansand–Haukeligrend) nordover frå Kristiansand og Fylkesveg 43 nordover frå Farsund og Lyngdal. Vest-Agder hadde i 2005 3911 km offentlege vegar, 4,2 % av landets vegnett. Kristiansand har ferjesamband til Danmark. Kjevik flyplass ved Kristiansand har i tillegg til ei rekke innanlandske samband også internasjonal trafikk. Flyplassen på Lista har berre charter- og godstrafikk.

Fylket ligg delvis på kvar si side av det store vasskiljet i Sør-Noreg, og har område som er utsett for vestavinden, men òg område som er verna mot aust. Den rådande vinden er austleg om vinteren, og vest til nordvest om sommaren. Kyststrekninga ved Lindesnes og Lista har forholdsvis ofte kuling, sjølv om sommaren. 

Februar er den kaldaste månaden av året og ved kysten har ein då ein middeltemperatur på litt over 0 °C, medan det er vanleg med –3 til –5 °C i innlandet. Juli og august har middeltemperaturar på 15–16 °C i lågareliggande strøk heile fylket. 

Ytre strøk av Vest-Agder har ein årsnedbør på kring 1000 mm, men lengst aust kjem det mindre enn dette. Mest nedbør kjem det eit stykke frå kysten i ei sone som får 1500-2000 mm. Dei indre dalstrøka får igjen mindre nedbør enn dette. Somme vintrar kan det falle store snømengder i austlege område i austavinden, medan det blir lite snø vest for Lindesnes.

Vennesla har noregsrekorden for snøfall på 24 timar. Den 4. februar 1960 fall det heile 131,8 mm snø, og snødjupna auka frå 15 til 52 cm. Same døgn fekk Mestad i Oddernes 128,7 mm nedbør og her auka snødjupna med 77 cm, frå 19 til 96 cm. Indre og høgare strøk kan få mykje snø i byevêr frå vest til nordvest.

Heiene har ein del tåke, særleg på hausten, medan kysten har mest tåke om våren.




#Article 259: Kristiansand kommune (179 words)


Kristiansand kommune er ein kommune i Agder fylke. Administrasjonssenteret er Kristiansand, som den største byen i regionen Sørlandet og er sete for fylkesadministrasjonen i Agder fylkeskommune. Den 1. januar 2020 vart Songdalen, Søgne, og Kristiansand kommunar slege saman. Kommunen vart heitande Kristiansand.

Kristiansand er òg eit viktig knutepunkt for transport og kommunikasjon. Byen er ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 over Setesdalen. Med Sørlandsbanen har byen jarnbanesamband med både Oslo i aust og Stavanger i vest.
Flyplassen på Kjevik er forbunde med fleire byar i Noreg og Europa, mellom anna Amsterdam og København. Det er hyppige ferjeavgangar til Hirtshals i Danmark.

Kristiansand sitt våpen viser ei løve under ei furu på raud bakgrunn, med ei krone over og eit valspråk rundt. At krona er lukka og ikkje open, som i andre byvåpen, syner at byen vart grunnlagd av ein konge. Furua viser til at byen vart grunnlagd på ei furumo, og løva kjem frå det norske riksvåpenet. Valspråket som står under våpenet er «Causa Triumphat Tandem Bona» - den gode saka vinn til slutt. 




#Article 260: Per Sivle (489 words)


Per Sivle () var ein norsk diktar, redaktør og journalist. Mest kjend er han for «Den fyrste song», som vart publisert første gong i 1877, sogedikt som «Tord Foleson» (1885) og barneforteljinga «Berre ein hund» (1887).

Per Sivle vart fødd i Flåm i Aurland i Sogn og Fjordane fylke. Mora, Susanna Andersdtr Ryum, var tenestjente, og faren Erik Hansson Sivle var omreisande heste- og fehandlar. Dei busette seg som innerstar på Stalheim i Voss. Mora døydde på barnseng då Per var to og eit halvt år gammal, og Per voks opp hjå i fosterheim hos slektningar på nabogarden Brekke. Per heldt kontakten med faren, og kunne følgje med når faren var ute på handelsferder.

Per Sivle gjekk Sogndal folkehøgskule to vintrar (1874-75) og tok mellomskuleeksamen i Kristiania 1876 før han begynte i gymnasklasse på Aars og Voss' skule i Oslo. Etter ein nervesjukdom, som han kom til å bli plaga med resten av livet, måtte han avbryte utdanninga det siste gymnasåret.

Han gifta seg 1. august 1887 med Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen. Dei fekk dottera Susanna i 1888.

Den første boka hans var En Digters Drøm (1878), utgjeven under psevdonymet Simon de Vita. Året etter gav han ut diktsamlinga Digte. Desse bøkene er prega av pietistisk forkynning. 

Sjukdom og tvil leidde Per Sivle ut i ei religiøs krise. Men snart engasjerte han seg ut i politikken som redaktør for to Venstre-aviser. Han redigerte Buskeruds Amtstidende i 1883-84. Etter tre år i Danmark var han så redaktør for Kristianiaposten (1887-91). Sidan forsøkte han å livnære seg som diktar.

Boka Sogor, som kom i 1887, inneheld barne- og dyreskildringar med både logn humor og djupe kjensler. Sidan følgde Blandet Selskab (1891), Streik (1891) som vart omsett til svensk (1892) og tysk (1915), og Folk og Fæ (1898).

Sivle synte seg som ein meisterleg humorist og folkelivsskildrar i dei folkelege bøkene Vossa-Stubba (1887), Nye Vossa-Stubbar (1894) og Sivle-Stubbar (1895). Desse stubbane er fortalde på vossamål.

Dei mest verdsette diktsamlingane hans er Noreg (1894), Bersøglis- og andre Viser (1895), Skaldemaal (1896), En Fyrstikke og andre Viser (1897) og Olavskvæde (1901). I den nasjonale reisinga nordmennene opplevde før unionsoppløysinga i 1905, vart Per Sivle med sine verk blant oppsongarane. I dikt med emne henta frå den norske soga gjorde han fortida til inspirasjon i unionsstriden. Desse dikta vart henta fram att under okkupasjonen 1940-45.

Dei personlega dikta hans svinga mellom undergangsstemningar og aktiv livstru. Dikta er skrivne med fast, hoggande rytme. Per Sivle skreiv både riksmål og landsmål, og det skal vere innanfor landsmålsdiktinga ein kan finne det mest verdfulle.

Per Sivle fekk statens diktarstipend fem gonger i 1890-åra etter løyving frå Stortinget. Han mista stipendet i 1904. Han var sjuk og vart særs nedbroten etter avgjerda. Ei tid før han døydde, synte han venen Anders Hovden manuskriptet til songen «Ja, no skal Noreg ha takk fyr meg». 6. september 1904 forlet han leiglegheita si med ei helsing liggande i nattbordsskuffa: 




#Article 261: Vilhelm I av England (185 words)


Vilhelm Erobraren (), også kjend som Bastarden, var ein normannisk fyrste som invaderte England i 1066 og innførte normannarstyret der. Som kong William I av England styrte han England frå 1066 til 1087. 

Vilhelm var fødd i Falaise i Normandie i det noverande Frankrike som uekte son av hertug Robert I av Normandie og ei garvardotter som heitte Herleva eller Arlette. Vilhelm etterfylgde faren som hertug i 1035, og vart då hertug Vilhelm II av Normandie. Etter fransk lov hadde ikkje søner fødd utanom ekteskap arverett. Ved dette høvet var det nordisk lov som var gjeldande i Normandie, og då var slik arv mogleg. 

Då den barnlause fetteren hans, Edvard vedkjennaren, døydde i januar 1066, gjorde Vilhelm krav på den engelske trona som arving. Den 14. oktober 1066 sigra han over den krona kongen av England, Harald Godwinson, i slaget ved Hastings, og vart den første normannarkongen av England. 

På engelsk blei Wilhelm mellom anna kalla William of Normandy, William the Conqueror og William the Bastard. På fransk heitte han Guillaume le Bâtard, Guillaume II de Normandie, Guillaume le Conquérant eller Guillaume Ier, roi d'Angleterre.




#Article 262: Kjemi (513 words)


Kjemi er tradisjonelt definert som læra om stoffa og forholdet mellom stoffa, det vil seia om korleis stoffa reagerer med kvarandre og ordnar seg i forhold til kvarandre. Med grunnlag i nyare teoriar kan også kjemi uttrykkast som læra om elektron og overføring av elektron. 

Kjemi vert ofte inndelt i to hovudkategoriar: Organisk og uorganisk kjemi, der førstnemnde er læra om karbonsambindingar, medan sistnemnde tek for seg resten av kjemifaget. Ein kan òg dela faget inn i andre kategoriar som fysikalsk kjemi, teoretisk kjemi, miljøkjemi og analytisk kjemi

Kjemi utvikla seg frå alkymi. På 1700-talet utvikla kjemien seg til ein vitskap. På denne tida vart oksygen oppdaga. Seinare voks det fram ulike retningar, til dømes organisk og uorganisk kjemi. 

Grunnstoffa er sentrale i kjemifaget; det er uavhengige stoff som ikkje kan omformast i seg sjølve. Desse vert samanfatta i det periodiske systemet. 

Eit grunnstoff er ei samling av like atom, med eit bestemt protontal i kjernen og eit like stort elektrontal rundt kjernen. Dette talet kallar me atomnummer til grunnstoffet. I det periodiske systemet finn me ei oversikt over alle grunnstoffa, organisert etter atomnummer.

Nøytrontalet i kjernen kan variera; isotopar er stoff av same grunnstoff som har ulike nøytontal. 

Som eit døme kan me ta hydrogen, det enklaste grunnstoffet. Det har kjemisk symbol H og atomummer 1, men nøytrontalet kan vera 0 (vanleg hydrogen), 1 (deuterium) eller 2 (tritium). 

Eit grunnstoff vert sjeldan funne åleine i naturen; dei er som oftast i sambindingar med andre grunnstoff. Motdøme er til dømes oksygen, som kan finnast i to allotrope former: oksygengass og ozongass, men også desse er kjemiske sambindingar, då dei inneheld respektive to og tre oksygenatom, og ikkje eit enkelt eit. 

Kjemiske sambindingar er gruppert i tre kategoriar — molekyl, salt og metall — som kvar for seg er karakterisert ved ein bindingstype: Elektronparbinding, ionebinding og metallbinding. Desse bindingane kallast med eit samleord intramolekylære bindingar, det vil seie bindingar mellom atoma i sambindinga.

Døme på kjemiske sambindingar er molekyl som metan (CH4), karbondioksid (CO2) og vatn (H2O), salt som natriumklorid (NaCl), kaliumsulfat (K2SO4) og magnesiumoksid (MgO) og metall som platina (Pt), wolfram (W) og tinn (Sn).
 

Organiske sambindingar er det store fleirtalet av karbonsambindingar, berre med unntak av karbondioksid (CO2), hydrogencyanid (HCN), og liknande stoff. Uorganiske sambindingar er på si side alle sambindingar som ikkje er organiske. 

Me kjenner til fleire millionar organiske sambindingar, medan talet på uorganiske sambindingar er beskjedent i forhold.

Intermolekylære bindingar er bindingar mellom ulike kjemiske sambindingar. Blant desse har me mellom anna hydrogenbindinga og dipol-dipol-bindinga.

Kjemiske stoff reagerer med kvarandre, og me får danna nye kjemiske stoff. Døme er at hydrogengass og oksygengass reagerer, og me får vatn, eller at organiske sambindingar i veden vert forbrent i vedomnen under nærvær av oksygengass. Dette er kjemiske reaksjonar

Av vanlege reaksjonstypar har me redoksreaksjonar og syre-base-reaksjonar. Oppløysingsreaksjonar vert også nemnde, men dette er ikkje eigentlege reaksjonar, men endringar av intermolekylære bindingar (forholdet mellom ulike sambindingar endrar seg).

I kvardagslivet gjer ein seg stadig nytte av kjemiske reaksjonar, til dømes i forbrenning, matlaging, endring av utsjånad (sminking, hårfarging og -fjerning) og vaskemiddel.




#Article 263: Troms fylke (512 words)


Troms (nordsamisk Romsa, kvensk Tromssaer eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Finnmark fylke i nord, til Nordland fylke i sør og til Lapplands län i Finland og Norrbottens län i Sverige i aust. 1. januar 2020 blei det del av nye Troms og Finnmark fylke.

Fylket hadde kystline mot Norskehavet, og landskapet er prega av både hav og fjell. Det omfatta talrike øyar, som Senja, Kvaløya og Ringvassøy, og fjordar, med Lyngenfjorden som den lengst. I kystområdet har fiske alltid vore den viktigaste næringsvegen. I det fjellrike innlandet, derimot, har ein hovudsakleg livberga seg gjennom dyrehald.

Det norske forsvaret var ein viktig arbeidsgjevar i Troms. Den sjette divisjonen, fleire fly- og helikopterbasar og radarstasjonar ligg her.

Troms fylkeskommune hadde eit parlamentarisk styresett i motsetnad til formannskapsmodellen som er det vanlege i kommunar og fylkeskommunar. I denne modellen vel fylkestinget eit fylkesråd som er det utøvande organet. Tilhøvet mellom fylkesrådet og fylkestinget er då prinsipielt det same som mellom regjeringa og Stortinget. Fylkesrådet er avhengig av å ha tillit i fylkestinget for å kunne styre. Fylkesrådet i Troms var etter valet i 2015 sett saman av fem personar utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp), Venstre (V) og Kristeleg folkeparti (Krf). 

Partifordeling ved val: 

Fylkesvåpenet viser ein griff. Dette er eit fabeldyr som er halvt løve og halvt ørn. Som våpen symboliserer griffen motet til ørna og styrken til løva. Griffen var merket til Bjarkøyætta. Denne slekta var i seinmellomalderen ei av dei rikaste og mektigaste i Noreg. Baron Bjarne Erlingssøn som døydde i 1313 førte griffen som våpen. Godset hans omfatta sannsynlegvis store delar av det som i dag er Troms fylke.

Det er 37 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2015: 

Klimaet i Troms er prega av den kompliserte topografien, som gjev stor skilnad mellom kyststrøk og indre strøk. 

Om sommaren bles bakkevinden som regel frå nord-nordaust ved kysten, medan det i fjordar og dalføre bles inn mot dei varmare indre strøka. Om vinteren bles det ofte kald utfallsvind og ved kysten er retninga som regel frå søraust til sørvest. Kuling og storm er ikkje så hyppig som på utsette kyststrekningar i Nordland og Finnmark. 

Februar er den kaldaste månaden av året med ein middeltemperatur på kring –2 °C, medan middeltemperaturen i indre dalstrøk varierer frå –6 til –9 °C. Dei lågaste minimumstemperaturane som er målt er frå -10 til –15 °C ved kysten og frå –30 til –40 °C i dalstrøka. Middeltemperaturen for juli er 11–12 °C ved kysten og kring 14 °C i indre dalstrøk. Når det i midnattssoltida strøymer varm luft frå søraust, kan det bli opp mot 30 grader ved kysten og over dette i indre strøk. 

På grunn av topografien varierer nedbøren sterkt i fylket. Årsnedbøren er omkring 750 mm i ytre kyststrøk og 1000-1500 mm i ein maksimalsone langs kystfjella. Over dei skjerma dalstrøka fell det berre 300-600 mm. Nær kysten kan det somme år komme særs mykje snø i samband med ustabil havluft frå nordvest. Ytre strøk har ein del tåke på sommaren, men det er elles sjeldan tåke i lågareliggande strøk. 




#Article 264: 1968 (266 words)


Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land, der det best kjende fann stad i Paris i mai. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idear motsvar av mellom anna det republikanske partiet i USA, som hevda å tala for ein «taus majoritet», og konservative politikarar som franske gaullistar og britiske Enoch Powell.

Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland. 

USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøyar og demonstrasjonar mot vietnamkrigen, som var i ferd med å mista folkestøtte. Demokratane sitt presidentnominasjonsmøte i august dette året blei råka av uro både innan partiet og ute i gatene i Chicago. Partiet orienterte seg mot venstresida, medan republikanarane vann veljarar gjennom å appellera til «det tause fleirtalet», som var imot mange av dei radikale endringane opprørarane stod for.

Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og vonbrot, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst framleis innan seinare politikk.,

Pågåande hendingar i 1968 var Andre Chimurenga-krigen i Rhodesia (1964–1979), Kulturrevolusjonen i Kina (1964–1969), Den namibiske sjølvstendekrigen, (1966–1988) Borgarkrigen i Yemen (1962–1970), og Vietnamkrigen (1959–1975).

av Trevor Griffiths skildrar 1968 i Storbritannia.




#Article 265: Jorvik (149 words)


Jorvik var vikingane sitt norrøne namn på den engelske byen York. Jorvik var i vikingtida hovudstaden i Nordimbraland (Northumberland eller Northumbria). Nordimbraland omfatta mellom anna Yorkshire og delar av Lancashire. Slik var Nordimbraland større enn seinare tiders Northumberland. Snorre Sturlason omtala Nordimbraland som ein femtepart av heile England. Store delar av nord- England vart påverka av nordisk kultur gjennom Danelagen. 

Jorvik hadde blitt grunnlagd som eit romersk fort kalla Eboracum og blei deretter ei angelsaksisk handelshamn med namnet Eoforwic. Denne vart erobra av svenske og danske vikingar i november 866, og vart hovudstaden i eit lite kongedøme. 

Kongedømet hadde handelssamkvem med store delar av verda, noko som avspeglar seg i arkeologiske funn. Om lag år 1000 hadde Jorvik det nest største folketalet av byane på dei britiske øyane. Berre London hadde større folketal. 

Wilhelm Erobraren gjorde ende på sjølvstendet til Jorvik og etablerte fleire slott med garnisonar i byen. 




#Article 266: Nordisk familjebok (105 words)


Nordisk familjebok er eit klassisk svensk oppslagsverk. Første opplag kom ut i 20 band i åra 1876ndash;1899. Andre opplag vert kalla ugleopplaget eller på svensk Uggleupplagan. Bokryggen på fleire av banda er dekorert med ei ugle. Andre opplag kom ut i 38 band frå 1904 til 1926. Det vert sett på som det mest komplette svenske oppslagsverket (encyklopedi).

Tredje opplag (20 + 3 band) vart utgjeve mellom 1923 og 1937 var eit sterk konsentrering av leksikonmaterialet. I 1942 overtok Svensk uppslagsbok AB (det seinare Förlagshuset Norden AB), rettane til Nordisk familjebok og gav i åra 1951 til 1957 ut det fjerde opplaget i 22 band.




#Article 267: Misje (176 words)


Misje er ei øy i Fjell kommune, nord for Sotra i Hordaland fylke. Ho ligg 37 kilometer nord- vest for Bergen langs bilvegen. Geografisk sett er Misje den første øya i Øygarden. Fram til 1964 høyrde Misje med til den dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst og delt mellom fem kommunar. I lag med naboøya Turøy gjekk Misje inn i Fjell kommune. Misje er ei lita øy, 2 km lengd frå sør til nord og 1 km brei. 

Innbyggjartalet er om lag 200 personar. Tidlegare var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen. På delar av 1900-talet gav ein sardinfabrikk arbeid til både born, menn og kvinner. 

Misje fekk bru til Sotra i 1982, og rutebåten slutta å gå. Nærbutikken og postkontoret vart nedlagt. Misje har likevel eige postnummer: 5366 Misje. Misje har også brusamband til Toftøy i nord, og gjennomgangstrafikken til Øygarden går difor over Misje. 

På Misje er det barneskule, og skulekrinsen omfattar Turøy og Misje. Ved skulen er eit lokalmuseum (Misje museum) i eit gamalt hus.




#Article 268: Turøy (204 words)


Turøy er ei øy i Fjell kommune, nordvest for Sotra i Hordaland fylke. Turøy ligg om lag 40 kilometer nordvest for Bergen med bil. Grensa mellom Øygarden kommune og Fjell kommune går gjennom sundet som skil Turøy og Toftøy. Fram til 1964 høyrde Turøy med til dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst, og Turøy gjekk til liks med naboøya Misje inn i Fjell kommune. I gamal tid var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen. 

Turøyvarden står på det høgste punktet på Turøy, 74,51 meter over havet. Frå varden er det fritt utsyn i alle retningar. Varden er frå 1896, murt i gråstein og tjærebredd. Den er vel fem meter høg og har sirkelform, er synleg langt til havs og er eit godt sjømerke. Det kan ha vore varde her tidlegare.
I 1991 fekk Turøy bru. Kort tid etter at Turøybrua vart tatt i bruk vart butikk, skule og postkontor lagt ned. Postadressa er 5365 Turøy. Turøy har 147 innbyggjarar (2017).

Turøy er ein god stad for fuglekikking, og Universitetet i Bergen hadde ein periode fuglestasjon på øya. Krigshelten Leif Andreas Larsen starta si første reise over Nordsjøen under andre verdskrigen frå Turøy, med motorkuttaren Motig 1.




#Article 269: Manger (302 words)


 
Manger er namnet på ein tettstad i Radøy kommune, på eit tidlegare prestegjeld i Radøy kommune og på eit sokn, og det var tidlegare namnet på ein kommune i Nordhordland. Tettstaden har . 

Manger er ein tettstad som er kommunesenter i Radøy kommune i Hordaland fylke. Staden ligg vest på Radøya. Riksveg 56 går gjennom staden.

Manger folkehøgskule som mellom anna har musikklinje spesialretta for messingblåsarar og slagverkarar ligg i bygda, og saman med mellom andre Manger Musikklag har det vore medverkande til at det har utvikla seg eit rikt korpsmusikkliv i området.

Også idrettsmiljøet på Manger er godt. Blant anna husar bygda den norske bordtennisspelaren Tommy Urhaug som har fleire VM- og EM-gull. Det finst ein symje- og idrettshall i bygda, Radøyhallen. Der trenar mellom anna Radøy Symjeklubb. I hjarta av bygda ligg hovudsetet for Radøy/Manger Fotballklubb. Det har også vore eit godt sykkel- og friidrettsmiljø i bygda.

Manger var eit prestegjeld i Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Prestegjeldet famna same område som Radøy kommune, og hadde tre sokn; Hordabø, Manger og Sæbø. Desse sokna tilsvarar stort sett dei tre tidlegare kommunane med same namn. Det er fire kyrkjer i prestegjeldet; Hordabø kyrkje, Manger kyrkje, Sæbø kyrkje og Emigrantkyrkja på Sletta. I tillegg var prestegjeldet medeigar i Fjon fjellkyrkje.

Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837.
Etter kvart vart sokna Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø delt i frå til eigne sjølvstendige heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Hordabø. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa dåverande Manger mot Hordabø kommune i nord, til Lindås i aust, til Sæbø i sør og til Hjelme kommune i vest.

Folketalsutvikling for tidlegare Manger kommune frå 1930 til 1963:




#Article 270: Radøy kommune (171 words)


Radøy er ein tidlegare kommune i Hordaland fylke som eksisterte frå 1964 til 2020. Området ligg i Nordhordland i Vestland fylke. Kommunen omfatta størsteparten av øya Radøy og ein del omliggande øyar. Kommunen grensa i aust til Lindås kommune, over fjordane som ellers omgir Radøy, ligg Meland i sør, Øygarden i vest og Austrheim i nord.

I 1964 vart dei tidlegare kommunane Manger, Sæbø og Hordabø slegne saman til Radøy kommune. I tillegg kom Bognøy frå tidlegare Herdla herad, Straume krins med Fesøy frå Austrheim herad og Sletta krins frå Lindås herad. Titland som tidlegare hadde høyrt til Sæbø, vart overført til Lindås kommune. 

 

Motivet på kommunevåpenet symboliserer båtfunnet på Mangersnes, eit av dei eldste funna av småbåtar i Noreg, og er to svarte keipar på gul botn. Kommunevåpenet er teikna av Even Jarl Skoglund og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 14. juni 1991. 

Vestnorsk Utvandringssenter ligg på Sletta på Radøy. 

Den kjende bordtennisspelaren Tommy Urhaug, som har VM- og EM-gull i idretten sin er oppvaksen og bur i kommunesenteret Manger.




#Article 271: Hjelme (116 words)


Hjelme er eit sokn i Øygarden. Hjelme gamle kyrkje vart bygd i 1875. 

Hjelme vart eigen heradskommune frå 1910, då han vart skilt ut frå Manger heradskommune. Fram til 1912 var namnet Hjelmen. Då vart det ved kongeleg resolusjon av 5. november 1912 endra til Hjelme. Ved kommunesamanslåinga i 1964 gjekk Hjelme kommune saman med ein del av Herdla kommune og vart den nye Øygarden kommune. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Hjelme i sør og sørvest til Herdla kommune og i aust til Manger. I nordvest ut mot Nordsjøen grensa Hjelme til Fedje kommune. I vest grensa kommunen mot Nordsjøen og havet.

Folketalsutvikling for tidlegare Hjelme kommune frå 1920 til 1964:




#Article 272: Austevoll kommune (611 words)


Austevoll er ein øykommune vest i Vestland fylke. Kommunen ligg i Midhordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeve av kommunane Sund i nord, Os i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør. Kommunen består av 667 store og små øyar, og har eit samla areal på 117,2 km², og ei strandline på 337 km. Kommunen har 4 680 innbyggjarar pr. januar 2011.

I generasjonar har fiskeri vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst innanfor havbruksnæringa, og kommunen vert i dag rekna for landets største innan oppdrett av laks. Offshorenæringa er også viktig for kommunen og det største offshorereiarlaget i Noreg, DOF ASA,  er heimehøyrande i Austevoll. Totalt tre børsnoterte selskap har hovudkontorene sine på Storebø i Austevoll, desse er reiarlaget DOF ASA, havbruksselskapet Austevoll Seafood ASA og verftsgruppa Bergen Group ASA.

Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største bygda. Kommunen har vidaregåande skule, Austevoll vidaregåande skule, og ein maritim fagskule. Havforskningsinstituttet har ein forskingsstasjon i Austevoll.

I sør har kommunen ferjesamband frå Husavik til Sandvikvåg i Fitjar. Frå Hufthamar går det ferje nordover til Krokeide i Bergen kommune. Snøggbåten mellom Bergen og Sunnhordland anløper Hufthamar og Bekkjarvik.

Austevoll var blant dei første stadane i Hordaland som vart isfritt mot slutten av istida. Det er funne spor av busetnad tilbake til den eldre steinalderen, for 10 000 år sidan. Næringsvegane har til alle tider vore fiske, fangst og jakt, i tillegg til enkelt jordbruk.

Frå innføringa av Formannskapslova av 14. januar 1837 var Austevoll og Sund éin kommune. I 1886 blei Austevoll eigen kommune. 1. januar 1964 blei delar Fitjar (Selbjørn og sørlege Huftarøy) overdrege til Austevoll kommune.

I ei kommuneoversikt datert den 31. januar 1840 (Fortegnelse over Rigets samtlige Formandsskabsdistricter) er Østevold (med Møgster Sogn) oppført som ein separat kommune åtskild frå Sund. (Dette ville ha vore i samsvar med lova - for sjølv om soknene Austevoll og Møkster høyrde til Sund prestegjeld så høyrde til dei ulike fogderier: Sund høyrde til Nordhordland fogderi og Austevoll og Møkster Sunnhordland fogderi. I slike tilfelle kunne eit prestegjeld bli delt i to separate kommunar.) Men denne delinga kan i so fall ikkje ha vore virksam lenge: I alle seinare oversikter (fram til 1886) er Austevoll oppført som ein del av Sund kommune.

Austevoll består av 667 småkuperte øyar og holmar. Kommunen har ei strandline på 337 kilometer, og eit areal på 117,1 km². Dei største øyene dannar ein halvsirkel, med opning vestover. Frå nordvest, rekna med klokka, ligg Storekalsøy, så Hundvåkøy, lengst aust ligg Huftarøy, sørvest for Huftarøy ligg Selbjørn, og vest for Selbjørn ligg Stolmen. Heilt vest i kommunen, mellom Storekalsøy i nord og Stolmen i sør, ligg øyene (frå nord og sørover) Horgo, Møgster og Litlakalsøy.

I vest grensar kommunen til Nordsjøen, i nord ligg Krossfjorden, Bjørnafjorden i nordaust, Langenuen i aust og Selbjørnsfjorden i sør. Den høgaste toppen i Austevoll er Loddo, på 244 meter.

Av dei 667 øyene er berre åtte busetnad gjennom heile året. 29 prosent av dei busette bur i tettbygd strok. 28 prosent av dei busette er 17 år eller yngre, noko som er 4,4 prosent over landsgjennomsnittet. 4,7 prosent av dei busette er 80 år eller eldre.

Austevoll kommune vert styrt etter formannskapsmodellen. Kommunestyret består 21 representantar, samansett av Framstegspartiet (5), Høgre (8), Arbeidarpartiet (5), Senterpartiet (1) og Kristeleg Folkeparti (2). 

Etter valet i 2015 vart Morten Storebø vald til ordførar i kommunen. Kommunen blir styrt av eit fleirtal i kommunestyret utgått av Høgre og Arbeidarpartiet.

Austevollsbrua, eit bruprosjekt som skal knyte Huftarøy og Hundvåkøy saman, har sidan byrjinga av 1990-åra vore ei viktig politisk sak. Bruprosjektet vart opna i november 2007.

 




#Article 273: Mat (323 words)


Mat er det me et for å få i oss dei næringsstoffa kroppen vår treng. Smak, tekstur og utsjånad kan likevel vera like viktig som nytteverdien til det me et. Ulike område har derfor utvikla sine eigne, heilt forskjellige former for kokekunst.

Ein skil som regel mat frå drikke, sjølv om dei har mykje av dei same funksjonane. Mat kan finnast i like flytande form som drikke, men me seier som regel at me et mat (også flytande, som suppe) medan me drikk drikke.

Menneske i tidlegare tider brukte mykje av kreftene sine på å skaffa mat, enten ved å samla, jakta, eller dyrka jorda. Ettersom landbruket er blitt meir og meir effektivt treng me ikkje bruka så mykje tid eller pengar på å skaffa oss mat. Det er faktisk blitt slik at nokre av oss får for mykje næring, noko som fører til livsstilsjukdommar som overvekt og eventuelt hjarte- og karsjukdommar eller kreft. Andre, derimot, får for lite eller feil næring, anten fordi dei er fattige eller fordi dei har eteforstyrringar. Dette kan føra til mangelsjukdommar, ufullstendig utvikling, eller i verste fall til at dei døyr av svolt.

Mennesket er rekna som altetande, det vil seia at me kan ta til oss næring frå mange ulike kjelder, både frå dyr og plantar. Det finst likevel mange kulturelle grenser for kva ein meiner er bra å eta. Religionar som islam, jødedom, hinduisme og buddhisme har til dels kompliserte reglar for kva som er lovleg mat og kva som ikkje er det. Andre kulturar har grenser som er mindre uttalte. Dei fleste nordmenn vil til dømes unngå å eta larvar eller maur fordi dei tykkjer det er ekkelt.

Mat blir brukt til å markera høgtider, anten ved at ein lager ein særskild rett eller ved at ein avstår frå ein viss type mat. I svært mange kulturar er det òg vanleg å ofra mat til gudar eller ånder, anten dagleg eller på spesielle dagar.




#Article 274: Cuyahoga-elva (426 words)


Cuyahoga er ei elv i det nordaustlege Ohio i USA. Ho har eit løp på 160 km som tek til i Geauga County, renn sørover til Cuyahogafossen og deretter svinger brått mot nord før ho renn gjennom Cleveland og ut i Eriesjøen.Ho er ei av dei veldig få elvane i verda som med eitt har stått i lys lue. 

Elva blei til for omtrent 13 000 år sidan då dei siste isbreane i Nord-Amerika slipte seg ned til sjøen. Elva var viktig for indianarane som flytte dit på 100-talet fvt. Dei gav elva namnet «Cuyahoga», som tyder 'skeiv elv' i språket deira, og brukte henne til fiske og transport.

I det 17. hundreåret kom dei første europearane til nordaustre Ohio. Dei fleste av dei var pelshandlarar og drog dit for å jakta på dei mange pelsdyra som fanst der. Med pelshandel kom også økonomisk utvikling. Ohio-kanalen var graven ut i 1825 og Pennsylvania- og Ohio-kanalen i 1832 for å gjera det lettare å transportera varer. Mange fabrikkar blei bygde, og området blei rikt og urbanisert. 

Med rikdom kom ureining. Folk hadde ikkje omsut for miljøet i dei dagane, og dei fleste fabrikkane lét kloakkvatnet renna rett ut i elva. Problemet blei verre etter at John D. Rockefeller starta eit oljeselskap i Cleveland. Det var snart så mykje olje, bensin, måling, og metall dumpa i elva at ho «rann med alle fargane i regnbogen.» 

I det 19. hundreåret blei området eit stort senter for bil- og stålindustri. Elva var no daud, og hadde inkje oksygen. Ingenting kunne leva i henne, og det var så mykje olje i elva at ho var blitt brannfarleg. Den første gongen ho tok fyr var i 1936, då ein gneist frå ein blåselampe kveikte noko søppel som dreiv på elva. Dei neste tretti åra var det mange fleire brannar. 

Den 22. juni 1969 kl. 11.56 tok eit oljeflak på elva fyr, noko sørom Cleveland. Dette var ikkje den største brannen på elva, men det vekte USA si merksemd. Bladet Time publiserte ein artikkel om brannen og elva sin tilstand. «Elva renn ikkje», sa artikkelen, «ho sig,» og «ein som fell i elva druknar ikkje, han rotnar.»

For miljøaktivistar og politikarar som brydde seg om miljøet blei elva eit symbol på skjemminga av miljøet i USA. Miljøvernbyrået blei grunnlagt det neste året, og etter tre år, i 1972, blei «Rein luft-lova» fastsett. Dei to lovene er endå grunnreglane som miljøvernet i USA er bygt på.

Elva har blitt mykje betre dei siste tretti åra, og er no ei av 14 «arvelut-elvar» i USA.




#Article 275: Nordsjøen (1470 words)


Nordsjøen er eit grunnhav og eit randhav av Atlanterhavet som ligg innkransa av Noreg og Danmark i aust, Dei britiske øyane i vest og Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike i sør. 

Nordsjøen grensar mot Norskehavet i nord og er bunde saman med Atlanterhavet gjennom Den engelske kanalen i sør. I aust formar han bukta Skagerrak mellom dei tre skandinaviske landa, som er forbunde til Austersjøen gjennom Kattegat, Øresund, Storebælt og Lillebælt. 

Store elvar som munnar ut i Nordsjøen er Elbe i Cuxhaven, Weser i Bremerhaven, Ems i Emden, Rhinen og Maas i Rotterdam, Schelde i Flushing, Themsen i Southend-on-Sea og Humber i Hull.

Nordsjøen har alltid hatt eit rikt fiske, noko som alle naboane har utnytta i uminnelege tider. Det finst mykje olje og naturgass under havbotnen, noko spesielt Noreg nyt godt av.

Namnet på Nordsjøen har opphav i den geografiske plasseringa i forhold til Friesland. Friesland ligg i sørenden av Nordsjøen. Vest for Friesland ligg Austersjøen, i sør ligg den tidlegare Zuiderzee, som tyder Sørsjøen og som i dag er IJsselmeer, og det oppdemde området Middelzee (Midtsjøen). Namnet vart derfor truleg gjeve av frisarane, som levde på sørkysten av Nordsjøen. Det tidlege spanske namnet på havet var Mar del Norte.

Vikingtida byrja i 793 med åtaket på Lindisfarne og dei neste 500 åra regjerte vikingane Nordsjøen. Med langskipa sine plyndra dei, gjorde handel og oppretta koloniar og utpostar langs kysten av Nordsjøen. 

Då dominansen til vikingane forsvann tok Hansaen over handelen i Nordsjøen. Sjølv om Hansaen hadde senter i Austersjøen, hadde dei viktig handelspostar i Nordsjøen. Varerer frå heile verda vart frakta over Nordsjøen på veg til hansabyane. 

Ved 1441 hadde nederlendingane stått opp som ein økonomisk og maritim rival til Hansaen og på 1500-talet hadde nederlendingane vorte den førande økonomiske makta i området. Varer frå fjerntliggande koloniar vart frakta via Nordsjøen til marknader i heile Europa. 

Den nederlandske makta under gullalderen deira uroa England, som såg ei framtid i marin handel og koloniar. Denne konflikten var opphavet til dei første tre engelsk-nederlandske krigane mellom 1652 og 1673. Mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen i 1714 hadde ikkje nederlendingane lenger noko stor makt i europeisk politikk. 

Den mektige marinen til britane vart berre utfordra av Napoleon og hans allierte før 1900-talet. I 1800 slo mindre marinemakter seg saman i Forbundet av væpna nøytralitet for å sikre nøytral handel under konfliktane mellom Storbritannia og Frankrike. Den britiske marinen slo den samla styrken til forbundet under slaget ved København i 1801 i Kattegat. Storbritannia slo seinare den franske marinen i slaget ved Trafalgar utanfor kysten av Spania.

Spenningane i Nordsjøen auka igjen i 1904 med Doggerbank-hendinga der russiske marinefartøy tok feil av britiske fiskebåtar og japanske skip og skaut mot dei, og så på kvarandre. Denne hendinga, britane sin allianse med Japan og den russisk-japanske krigen førte til ei stor diplomatisk krise. Krisa enda med at Russland slo Japan og betalte kompensasjon til fiskarane. 

Under den første verdskrigen møtte Storbritannia sin Grand Fleet og Tyskland sin Kaiserliche Marine kvarandre i Nordsjøen, som vart ein viktig krigsskodeplass. Den større britiske flåten klarte å opprette ein blokade gjennom store delar av krigen som avgrensa tilgangen til forsyningar for Sentralmaktene. Av store slag i Nordsjøen finn ein slaget i Helgolandbukta, slaget ved Doggerbanken, Jyllandsslaget og det andre slaget i Helgolandsbukta. Storbritannia gjorde enkelte taktiske feilgrep, men klatre å oppretthalde blokaden og haldt den tyske marinen til kai. Samstundes utgjorde den tyske marinen ein så stor trugsel at dei fleste hovudfartøya til Storbritannia vart verande i Nordsjøen. 

Under den andre verdskrigen var det òg mykje aktivitet i Nordsjøen, men denne gong var det meir ubåtar og minesveiparar og raske marinefartøy. 

Dei siste åra av krigen og dei første åra etter vart store mengder våpen kasta i Nordsjøen. Dette var hovudsakleg granater, landminer, sjøminer, rakettkastarar, patroner og enkelte kjemiske våpen. Estimata varierer, men truleg vart hundretusenvis av tonn ammunisjon kasta.

Etter krigen vart Nordsjøen langt mindre militært viktig sidan alle landa rundt var medlemsland av NATO. Nordsjøen vart økonomisk viktig frå 1960-åra då det vart oppdaga store olje- og gassressursar.

Alle landa som grensar til Nordsjøen krev territorialfarvatn på tolv nautiske mil der dei har eksklusive fiskerettar. Som følgje av torskekrigen har Island derimot eksklusive fiskerettar 320 km ut frå kysten og inn i delar av Nordsjøen. Den felles fiskeripolitikken i EU vart oppretta for å samkøyre fiskerettane og hjelpe til i stridar mellom EU-statane og Noreg. 

Etter det vart oppdaga mineralressursar i Nordsjøen kravde Noreg rettane til kontinentalsokkelen sin. Dei andre landa protesterte. Desse rettane er hovudsakleg delt langs midtlinja. 
Havbotn mellom Tyskland, Nederland og Danmark vart først fordelt på nytt etter langvarige forhandlingar og domavgjersle i Den internasjonale domstolen.

Uro for miljøet førte til MARPOL 73/78-forliket, som oppretta 25 km og 80 km store vernesoner langs kysten av desse tre landa. Konvensjonen for vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet vart oppretta for å bevare havet i regionen. Tyskland, Danmark og Nederland har ein tresidig avtale om vern av Vadehavet og mudderflatene som går langs kysten av dei tre landa sør i Nordsjøen. 

Nordsjøen ligg stort sett på den europeiske kontinentalsokkelen. Det einaste unntaket er ei smal sone like utanfor Noreg kalla Norskerenna. Nordsjøen grensar til Storbritannia i vest og den nordlege og sentrale delen av det europeiske kontinentet i aust og sør, inkludert Noreg, Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike. 

I sørvest går Nordsjøen over i Den engelske kanalen på andre sida av Doversundet. I aust går Skagerrak og Kattegat vidare til Austersjøen. I nord er det ein vid opning mot Norskehavet, som ligg i den nordaustlegaste delen av Atlanterhavet. 

Bortsett frå landområda vert grensene til Nordsjøen rekna for å vere ei linje frå Lindesnes i Noreg til Hanstholm i Danmark med Skagerrak på andre sida. Av statiske årsaker vert stundom Skagerrak og Kattegat stundom rekna som ein del av Nordsjøen. Den nordlege grensa er ikkje like tydeleg, men vanlegvis vert det trekt ei linje frå den nordlege delen av Skottland til Stad i Noreg. 

Overflatearealet til Nordsjøen er om lag 575 000 kvadratkilometer med eit volum på rundt 54 000 kubikkilometer.Dette gjer Nordsjøen til det 13. største havområdet i verda.

Mykje av den same berggrunnen ein finn i landområda i sør og sørvest, finn ein òg i Nordsjøen og han er mellom anna heilt ulik mykje av den eldre berggrunnen ein finn på land i Noreg. 

To store avsetningsbasseng dekkjer Nordsjøen. Det sørlege bassenget har mellom anna avsetningar frå karbontida, medan det nordlege har særs tjukke avsetningar, opp til 3000 meter, frå tertiær. Den undersjøiske Fyn-Ringkøbingryggen skil dei to bassenga. Begge bassenga inneheld saltavsetningar frå permtida, såkalla zechstein-salt, med dei tjukkaste laga nær midtlinja mellom britisk og norsk sokkel. Grøfter fylte med sediment som går frå nord til sør, Sentralgraben og Vikinggraben, inneheld store førekomstar av olje og naturgass.

Den sørlege delen av Nordsjøen består av mykje sandstein som inneheld kol, og sandsteinen er ein viktig kjeldebergart for mange førekomstar av gass. Gassen ligg i ein porøs ørkensandstein frå permtida som ligg under eit lag av steinsalt. I sentrale og nordlege område finst Kimmeridgeskifer, ein svart skifer som er ein viktig kjeldebergart for både olje og gass. I Ekofiskområdet ligg førekomstane i ein krittkalkstein under eit skiferlag. I Statfjordområdet består reservoara av porøse sandsteinar frå øvre trias og juratida. På Friggfeltet er det sandstein frå den eldste delen av tertiær.

Under siste istida var området mellom Danmark, Tyskland og England tørrlagd. Havnivået var truleg minst 100 meter lågare enn i dag på grunn av all vatnet som var bunde i isbreane. Dette flate slettelandet grensa mot den 100 km breie Norskerenna. Dette gjorde at ein truleg kunne sjå isbreane over renna frå nordsida av dette slettelandet. Jegerfolk nytta dette Nordsjølandet både under og like etter istida, før isen trekte seg attende, havnivået steig og heile området vart dekt av havet att. Trålarar i området har fått både torv i trålen under fiske i området, medan handsama flint er funne under oljeleiting, noko som beviser at dette området var tørrlagd. 

Det norske oljeeventyret tok til i sekstiåra. Det første feltet med olje, Balderfeltet, blei funne i 1967, og sidan fann ein fleire oljerike felt på norsk territorium. Ekofiskfeltet var det første feltet ein byrja å vinna ut.

Nordsjøen er eit sterkt pressa havområde, omgjeve som det er av folkerike område med mykje industri, og utsett for intensivt havbruk. Direkte inngrep som fiske har redusert bestanden av fisk i sjøen dramatisk. Indirekte utslepp av organiske miljøgifter og tungmetall kan forgifta Nordsjøen. 

Landa som grensar til Nordsjøen har byrja å samarbeida om å redusera skadane. Fleire internasjonale organisasjonar, som Det internasjonale rådet for havforsking og OSPAR, studerer ulike sider ved det som skjer i havet og kjem med råd om kva som bør gjerast. Ein har redusert nokre problem, som utslepp av kloakk og andre miljøgifter. Andre står det att mykje arbeid med.

 




#Article 276: Norsk Allkunnebok (281 words)


Norsk Allkunnebok er eit ti-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966.  I tillegg kom det ut eit eige atlasband.

Redaktør for verket var Arnulv Sudmann. I redaksjonen elles sat Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid. I alt bidrog om lag 350 medarbeidarar med artiklar til allkunneboka. Arbeidet var for ein stor del gjort utan betaling, rekna som kulturelt dugnadsarbeid. Etter estimat gjort ved Norsk Ordbok er Norsk Allkunnebok på ca. seks millionar ord. 

Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve med signerte artiklar, der forfattaren står til ansvar for opplysningane.

Redaksjonen la vinn på å vekte norske tilhøve, ved å dra fram nytt tilfang frå bygdekunst og bygdesoge, arbeidsliv på bygdene, folkeliv og folkeminnegransking. Av næringsvegar la dei særleg vinn på å få med stoff om bygdenæringar som jordbruk, skogbruk og fiske. Innanfor norsk geografi har verket med alle norske poststader, dampskipstoppestader, telegrafstasjonar, kyrkjesokn, herad og byar; det har opplysningar om fjordar i Noreg, elvar, fossar, fjell, dalar, øyar og storgardar.

I siste bandet er det med ein bolk med tillegg og rettingar. Det store kommunebrigdet som gjekk for seg under utgjevingstida gjorde at mange artiklar om norske herad var vortne forelda før verket var ferdig, og det vert kort greidd ut om bakst i siste bandet.

Arbeidet med allkunneboka var eit nybrottsarbeid, på mange område måtte redaksjonen finne fram til ein nynorsk terminologi der det før var heilt urydda mark. 
Økonomiske vanskar hos forlaget gjorde at særleg dei to siste banda vart skadelidande. 

Leksikonet er oppdatert fram mot trykkedatoen, som er trykt på kvart legg, til orientering for lesarane.  Inndelinga av banda er slik:




#Article 277: Kvener (486 words)


Kvener er medlemmer av ei folkegruppe i Troms og Finnmark som er etterkommarar etter innvandrarar frå Finland frå 1600-talet av. Opphavleg morsmål for kvenene er kvensk, eit finsk ugrisk språk nærskyldt med finsk. Kvenene har status som nasjonal minoritet i Noreg.

Kvener synest opphavleg å ha vore ei vestfinsk folkegruppe som dreiv med kombinert fangst- og handel i nord. Dei har identiteten sin knytt til Nordkalotten. Ottar si forteljing til kong Alfred av England, fr 800-talet, nemner kvenene som ei folkegruppe i området i tillegg til samar, karelar og nordmenn.

Kva tid kvensk busetjing tok til i Nord-Noreg er vanskeleg å vita, fordi kjeldematerialet er mangelfullt og problematisk- både innanfor stadnamnforsking og arkeologi. Når det gjeld skriftlege kjelder, veit vi likevel at i skattemanntalet frå første halvdelen av 1500-talet er det belegg for kvensk busetjing. Også skattemanntalet frå andre halvdelen av 1500-talet stadfestar kvensk busetjing - både som skattemenn og som drenger. Dette blir stadfesta i 1600-talsmaterialet ved at tingbøkene au omfattar kvenene.

Ordet kven har gjennom hundreåra hatt ulike meiningar. Kvenene har au vore gjenstand for ein liknande, aktiv fornorskingspolitikk som samane. Fornorskingspolitikken vart særleg aktivt praktisert frå 1880 og hundre år framover. Han var prega av nasjonalisme med låg toleranseterskel og otte for kvenene som ein mogleg tryggingspolitisk risiko.

Målet om fornorsking fekk følgjer for distrikts- og tryggingspolitikken. Det er likevel den kulturpolitiske delen og kva skolen og språket hadde å seie som er mest interessant i denne samanhengen. Norske lærarar og norsk språk var einerådende i skolen. Stortinget vedtok så seint som i 1936 at finsk ikkje lenger kunne nyttast som hjelpespråk i skolen. For grunnskolen sitt vedkommande varte dette til 1980. Kvenene sitt språk vart undertrykt for å svekkje den etniske identiteten. I perioden 1945 til 1970 vart reglar som tok sikte på fornorsking ikkje handheva i like stor grad, men heller ikkje formelt avvikla. I mønsterplanen frå 1985 vart finsk for første gong nemnt i offentlege læreplaner. I 1996 vedtok Stortinget at finsk vart gjeve offisiell status som andrespråk i område av Troms og Finnmark med kvensk eller finsk befolkning. Kvenene sin språksituasjon blir au diskutert i samband med bruk av stadnamn og namn på kommunar, særleg i trespråklege regionar i dei nordlegaste fylka.

Fornorskingsprosessen har ført med seg liknande former for trakassering, mindreverdskjensle og problem med å hevde seg i samfunnet for kvener som for samar. Først på 1970-talet vart det nytt liv i det kvenske miljøet, kan hende som ein indirekte effekt av utviklinga for samane. Dette førte til auka medvit om eigen kultur og til organisering på etnisk grunnlag. Det er i dag to organisasjonar som mottek statsstøtte. Men det er forskjellige syn i den kvenske gruppa om eige språk og eiga minoritetsstilling. Det er ingen sikre anslag på kor mange kvener det finst i dag. Spørsmålet om kvenene sin formelle minoritetsstatus blir drøfta i samband med norsk ratifisering av Europarådet sin rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar.




#Article 278: Anne-Cath. Vestly (437 words)


Anne Catharina Vestly (), meir kjend som Anne-Cath. Vestly, var ein norsk barnebokforfattar og skodespelar, fødd på Rena i Østerdalen.

Anne-Cath. Vestly opplevde ein barndom med mykje flytting, noko som går igjen i mange av bøkene hennar. Ho skildrar seg sjølv som eit sjenert barn som vart modig berre ho fekk opptre. Etter kvart vart draumen hennar å bli skodespelar. 

Vestly laga sine eigne små kabaretprogram som ho oppførte i privatheimar under den andre verdskrigen. Ho blei lagd merke til, og kom med i Studioteateret som starta etter krigen. 

Etter å også ha underhalde på tivoli, byrja Anne-Cath. Vestly å skriva høyrespel for barn for NRK. I 1952 byrja ho å sjølv lesa tekstane sine i Barnetimen for dei minste. Forteljingane blei til ei rekkje bøker som ho gav ut frå 1950- til 2000-talet.

Anne-Cath. Vestly døydde i Mjøndalen i Nedre Eiker.

Ho fortalde historier om dagleglivet til små barn på ein levande, barnleg måte, som gjorde at både små og store vart gripne av det ho fortalde. Men forteljingane hennar er ikkje berre kos. Dei skildrar samfunnet slik det er, og tek for seg mykje av det barn strir med i kvardagen, som syskensjalusi, det å mista ein forelder, eller å vera redd for at det skal bli krig. 

Nokre av emna vekte reaksjonar. Då Ole Aleksander fekk ei lillesøster og foreldra forklarte at ho kom frå magen til mora, var det mange som vart sinte for at ho lærte ungane slik «styggedom». Det var òg mange som ikkje likte at ho skildra ein heimeverande far og ei mor med karriere i bøkene om Aurora.

Anne-Cath. Vestly sine hovudpersonar er for det meste barn under skulealder, med unntak av Mormor, som har gått igjen i fleire seriar. Ho byrja med å fortelja om vesle Ole Aleksander som budde i eit høghus i Oslo, men flytte snart handlinga ut av «Den store byen». Vestly-universet dreier seg rundt Tiriltoppen, ein oppdikta drabantby utanfor hovudstaden, men handlinga kan òg gå føre seg på Gampetreff og Vetleby på Austlandet, Fabelvik i Nord-Noreg, eller verkelege stader, som Amsterdam og Lagos.

Sjølv om forfattarverksemda vart viktigare, gav ikkje Anne-Cath. Vestly heilt opp med skodespelet. Ho laga fjernsynsserien om Kanutten saman med mannen Johan Vestly, der Alf Prøysen òg var med som Romeo Clive. Seinare spela ho Mormor i filmatiseringane av bøkene om dei åtte ungane. Ho brukte kanskje òg skodespelarteknikk når ho lærte seg å spela fiolin for å kunna skriva om Guro og fiolinen, eller når ho reiste til Island for at Mormor òg skulle kunna reisa dit.

(Desse hefta kom ut på Tiden Norsk Forlag i både bokmåls- og nynorskutgåver.)

 




#Article 279: Haróset (274 words)


Haróset (hebraisk  ḥărōset) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettane under det jødiske sedermåltidet på dei to første kveldane av pesah (den jødiske påska). Haróset symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt.

Spanske og portugisiske sefardím i Vest-Europa (Italia, Frankrike, Belgia, Nederland og Storbritannia; og i mindre grad òg i Hamburg-området og Skandinavia) og Amerika lagar tradisjonelt ein ḥaróset som inneheld både frisk frukt (t.d. eple), tørka frukt (t.d. rosiner), nøtter, kanel og raudvin. Som nøtter brukar ein oftast mandlar og/eller valnøtter; er ein allergisk mot nøtter, kan ein bruke pinjekjernar eller solsikkefrø i staden. Det er mykje variasjon i oppskriftene frå stad til stad og frå familie til familie. Andre ingrediensar som stundom blir bruka inkluderer fiken, pærer, appelsinjus, eddik, banan og kokos mdash; og nokre gonger til og med eit ørlite grann finmolen teglstein.

Når ein lagar sefardisk ḥaróset, legg ein først den tørka frukta i bløyt i vinen (eller appelsinjusen), deretter finhakkar eller raspar ein nøttene og dei friske fruktene. Nokre kokar dei tørka fruktene, andre kokar alle ingrediensane og nokre blandar alt rått. Sefardisk ḥaróset har oftast finhakka ingrediensar og det ferdige resultatet er oftast mørkt av farge, liknar på tjukt fikensyltetøy i konsistens og lèt seg lett forme. Mange sefardím trillar haróseten til olivenstore kuler for servering.

Askenasisk ḥaróset (jiddisch charóises) er mykjegodt likeeins over heile det askenasiske kulturområdet: Ein blandar grovhakka eple, grovhakka valnøtter (eller mandlar), kanel og litegrann raudvin og eventuelt honning. Askenasím kokar ikkje ḥaróseten sin. Det ferdige resultatet er oftast ein lysebrun til grå, lettvoren masse med tydeleg tekstur.




#Article 280: Bibelen (561 words)


Bibelen (gjennom latin frå gresk βιβλιος ‘bok’). er ei samling av kanoniske skrifter i jødisk og kristen religion. 
Bibelen i si kristne form blir i dag utgjeven på 2355 språk (2003).

Den kristne bibelen inneheld to samlingar av skrifter som i kristen tradisjon oftast blir kalla Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Det gamle testamentet, eller Den hebraiske bibelen, er ei samling av hebraiske skrifter som ein reknar med vart endeleg fastsett kring byrjinga av den moderne tidsrekninga. Den hebraiske bibelen finst i tre hovudversjonar: Den samaritanske Toráen, som inneheld ein eigen samaritansk versjon av dei fem Mosebøkene på hebraisk; Tanákh, som inneheld ein jødisk versjon av Toráen eller dei fem Mosebøkene og i tillegg profetiske og poetiske skrifter; og Septuaginta, som inneheld ei gresk omsetjing og tolking av Tanákh med mange tillegg, inkludert ekstra bøker (dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene). I tillegg kjem dei ulike arameiske omsetjingane av Mosebøkene, der Targúm Onkelos blir rekna som den viktigaste. Det kristne Gamle testamentet varierer noko i faktisk innhald, men er vanlegvis ei omsetjing som kombinerer element frå Tanákh-tradisjonen og Septuaginta-tradisjonen — med meir vekt på Tanákh-tradisjonen i protestantisk kristendom og meir vekt på Septuaginta i katolsk kristendom.
Den gamle testamentet eller Den hebraiske bibelen blir rekna som heilag i jødedommen, kristendommen, islam og bahá'í.

Det nye testamentet er skrive på den seinantikke greske språkforma koiné. Det nye testamentet er rekna som heilag i kristendommen, islam og bahá'í. Jødedommen reknar ikkje Jesus for å vera Messias eller ein autoritativ profet, og godtek ikkje Det nye testamentet som kanonisk.

Kristendommen skil seg frå mange andre religionar, også dei nært beslekta religionane jødedom og islam, ved at dei kristne legg særleg vekt på å omsetje bibelen til så mange språk som mogleg. Den første omsetjinga av bibelen er dermed ei viktig språkhistorisk hending for mange språk, som t.d. gotisk og finsk. I Noreg vart den første norske bibelen omsett kring 1310 for Håkon V Magnusson. Denne bibelen, som er kjend under namnet Stjórn (‘Styre’), inneheldt Mosebøkene, de historiske bøkene fram til 2. kongebok med tillegg frå Krønikebøkene og ei alternativ utgåve av Josvas bok. Etter reformasjonen kom det (nye) biblar på dansk (1543) og (1550) (Reformasjonsbibelen), svensk (1541, Gustav Vasas bibel, islandsk (1584) og finsk (1548), men ikkje på norsk. Det norske bibelselskapet vart stifta i 1816, men brukte dei første nitti åra til å trykke opp danske biblar. I 1904 gav bibelselskapet ut ei bibelutgåve der delar av ordforrådet var fornorska. Det første nynorske nytestamentet kom i 1870, den første nynorske bibelen kom så seint som i 1921. Den første samiske i 1895, omsett av Lars Jacobsen Hætta, med utgangspunkt i Niels Vibe Stockfleth si omsetjing av Det nye testamentet i 1840. Den neste nordsamiske Bibelen,  på rettskrivinga frå 1979, vart lansert i Kautokeino 26.8. 2019.

Heile eller delar av bibelen er omsett til 2355 språk, eller til om lag 4/6 av språka i verda, dvs. til bortimot alle språka med meir enn ca. 1000 talarar. Mange ser på dette arbeidet som kulturimperialisme, men samtidig utgjer dette arbeidet både eit steg på vegen mot å utvikle skriftspråk og lesekunne, og det er også den kanskje viktigaste kjelda til kunnskap om ulike språk. Verdas største bibelomsetjar institusjon er Summer Institue of Linguistics (SIL), ein institusjon som også står bak , den viktigaste nettstaden til kjennskap om den sosiolingvistiske stoda til fleirtalet av verdas språk.




#Article 281: Balsfjord kommune (825 words)


Balsfjord kommune (nordsamisk Báhccavuona suohkan, kvensk og finsk Paatsivuonon komuuni) er ein fjord- og landbrukskommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. 

Balsfjord grensar i nord til Tromsø kommune, i aust til Storfjord, i sør til Målselv, og over fjordane i vest til Senja kommune. 

Kommunen ligg på begge sidene av Balsfjorden, og det meste av Malangshalvøya høyrer til kommunen. I søraust strekker kommunen seg nesten til svenskegrensa.  

Balsfjord kommune blei oppretta i 1860, då han blei skild ut frå Tromsøysund kommune. Kommunen hadde då 3610 innbyggarar. I 1871 blei Malangen skilt ut som eigen kommune. I 1875 blei eit område med 7 innbyggarar overført til Balsfjord frå Lyngen kommune. I 1904 blei eit område med 5 innbyggarar overført frå Balsfjord til Målselv kommune. 1. januar 1964 blei Malangen slått saman med Balsfjord igjen, men ein del av gamle Malangen kommune, med 118 innbyggarar, og ein del av gamle Balsfjord kommune, med 2 innbyggarar, blei samtidig overført til Målselv kommune. Eit ubebygd område blei òg overført til Storfjord kommune. 1. januar 1966 blei også Sørelvmo krins overført frå Balsfjord til Målselv kommune. 

Malangen i den vestlege delen av kommunen var eigen kommune fram til 1964.  

Kommunen er dominert av dei to fjordane Balsfjorden og Malangen. Rundt fjordane er slake, fruktbare lier som gir gode forhold for jordbruk. 

Dei sørlege delane av kommunen, mot Målselv, har mange store vatn: Sagelvvatnet, Josefvatnet, Indre og Ytre Fiskelausvatn, Takvatnet (samisk: Dávkajávri) og Fjellfrøsvatnet (samisk: Geatkejávri).  

Austover fører Balsfjordeidet over til Storfjord. Nord for dette eidet ligg dei sørlegaste fjella i Lyngsalpan (samisk: Ittugáddi) der den 1505 meter høge Piggtinden står på grensepunktet mellom Balsfjord, Tromsø og Lyngen kommunar. Heilt i søraust ligg Tamokdalen (samisk:Dápmotvuovdi)  omkransa av dei massive fjella som er karakteristisk for Indre Troms. 

Dei høgaste fjella i Balsfjord er: 

Folketalsutvikling for noverande Balsfjord kommune frå 1910:

a Dette talet omfattar Naveren og Målsnes, som var del av gamle Malangen kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då dei blei overførte til Målselv kommune. Dette området hadde då 118 innbyggarar. Det omfattar òg garden Skogli ved Heia, som var del av gamle Balsfjord kommune fram til 1964, då det blei overført til Målselv kommune. Dette området hadde då 2 innbyggarar. Det omfattar òg Sørelvmo krins, som blei overført til Målselv kommune i 1966. Dette området hadde då 131 innbyggarar.

Balsfjord kommune er delt inn i  tre statistiske delområde (innbyggertal 2013):

Innafor kvar av dei tre grunnkrinsane finn vi dei ulike matrikkelgardane (gnr)i Balsfjord (sjå òg )

Kommunen har to tettstader: 

E6 går gjennom kommunen. Frå Nordkjosbotn går E8 til Tromsø (73 km), han går òg austover mot Finland, med felles trasé med E6 frå Nordkjosbotn til Skibotn. 

Rv 87 går frå Øvergård på Balsfjordeidet gjennom Tamokdalen til Øverbygd og Rundhaug i Målselv kommune og endar i Brandmo-krysset i Bardu der han møter E6. 

Fv 858 går frå E6 i krysset ved Tømmerelvbrua, gjennom Storsteinnes og Meistervik, langs Balsfjorden til nordenden av halvøya, og vidare til Balsnesodden før han går gjennom Ryatunnelen til Kvaløya i Tromsø kommune. 

Fv 7892 går frå Oldervik langs Malangen og Straumsfjorden tilbake og møter Fv 858 på Balsnesodden på nordenden av Malangshalvøya.

I 1981 gav Balsfjord kommune ut første bind av bygdehistoria si for åra fram til 1830. Boka kan lesast  

I 1991 gav Balsfjord kommune ut andre bind av bygdehistorie si for åra 1830-1920. Boka kan lesast 

Balsfjord er saman med Tromsø og Karlsøy medlemmar i Tromsø-områdets regionråd.

Balsfjord kommune har følgjande skolar :

I tillegg har kommunen også 

Det er òg ein folkehøgskole i kommunen:

Det er i tillegg ein vidaregåande skole i kommunen:

Balsfjord kommune har ein godt utbygd pleie- og omsorgsteneste, med bl.a.

I 2018 var 82,4% av folket medlemmar i Den norske kyrkja, 5,1% var medlemmar i andre trus- og livssynssamfunn. 

Den norske kyrkja har fleire kyrkjebygg i Balsfjord: 

Balsfjord og Malangen menigheter har kontorstad på Storsteinnes. 

Balsfjord er ein del av Troms politidistrikt, Nord-Troms tingrett og Hålogaland lagmannsrett.

Dei viktigaste avisene i nærområdet er:

Balsfjord er den største landbrukskommunen i Nord-Noreg, og landbruk og tilhøyrande industri er dei viktigaste næringane i kommunen.  

Kommunen seier det sjølv slik i Strategisk næringsplan 2016-2025:  (side 5)

Landbruket representerer en viktig rolle for bosetting og tjenesteproduksjon i kommunen. Jordbruket alene gir en sysselsetting på om lag 230 årsverk og en verdiskapning på 61 mill. kroner i 2013. Ringvirkningene av landbruket er på ca. 150 avledede årsverk. 

Sysselsettingstala for 2018 viser at dei viktigaste næringane var desse: 

Balsfjord folkebibliotek 

Malangskoret, stifta 1904 

Balsfjord bygdekor, stifta 1973 

Balsfjord musikkorps  

Balsfjord historielag, stifta på 1970-talet 

Balsfjord mållag, stifta 1977

Storsteinnes Idrettslag 

Nordkjosbotn Idrettslag 

Laksvatn Idrettslag  

Malangshalvøya Ballklubb

Fjæragalleriet 

Riksantikvaren har eit oversyn over kulturminne i Balsfjord i databasen Kulturminnesøk 

Balsfjord Fjordmuseum og Våtmarksenter på Storsteinnes er ein del av Midt-Troms Museum. 

Aursfjordsaga, som er den einaste bevarte oppgangsaga i Nord-Noreg, er òg ein del av Midt-Troms Museum. 

Din Tur har i samarbeid med Balsfjord og Omegn Turlag sørgd for merking av 36 vandreruter i kommunen. 

.




#Article 282: Bardu kommune (320 words)


Bardu kommune (nordsamisk Bearddu suohkan, kvensk Perttulan komuuni) er ein innlands- og fjellkommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. 
Kommunen grensar til kommunane Sørreisa og Målselv i nord, til Salangen og Lavangen i vest og til Narvik kommune i sør. I sør og aust ligg Kiruna kommune i Sverige. Namnet Bardu skal komme frå det norske mannsnamnet Bardo som igjen kjem frå det gammalnorske namnet Bergþórr. At eit vanleg personnamn har fått ein slik omfattande bruk blir forklart med at namnet Bardu står som ei forkorting for Bardudalen og at ein av dei første nybyggarane i denne dalen må ha hatt dette namnet. 

Bardu kommune ligg i fleire samanhengjande dalføre mellom fjella i Indre Troms og har nærare 4000 innbyggjarar. Den administrative og politiske leiinga er i kommunesenteret Setermoen.

Forsvaret har sidan 1898 hatt ei omfattande verksemd i kommunen og er den største arbeidsgjevaren. Bardu er også  vasskraftkommune med fleire store kraftverk langs Barduelva.

Etter at flaumen Storofsen råka mellom anna det indre Austlandet hardt sommaren 1789 sette fogden i Senjens og Tromsø fogderi, Jens Holmboe, i gang eit stort arbeid for å få gje folk som hadde kome ille ut, ein ny start som busetjarar i Bardu. 
Det vart starten på ei stor tilflytting av folk frå Østerdalen og Gudbrandsdalen på 1700- og 1800-talet til Indre Troms.

Bardu kommune vart oppretta som eigen kommune i 1854, då han vart skild ut frå Ibestad kommune.

Folketalsutvikling for Bardu kommune frå 1855:

Bardu kyrkje som stod ferdig i 1829, er den einaste kyrkja i kommunen. 
Eit kyrkjelydshus vart ført opp i tilknyting til kyrkja i 1993.

I tillegg er det tre kapell i kommunen, eitt i kvart dalføre; Nedre Bardu kapell, Øvre Bardu kapell og Salangsdalen kapell.

Det er åtte større og mindre kyrkjegardar og gravlundar i kommunen.

Kommunevåpenet viser ein svart jerv på gul botn. 
Jerven er eit symbol på dei store skogane og det rike dyrelivet i kommunen.




#Article 283: Berg kommune (433 words)


Berg kommune (nordsamisk Birggi suohkan) er ein tidlegare norsk kommune som låg på yttersida av Senja i Troms fylke. Han grensa mot Lenvik kommune i aust, mot Tranøy kommune i sør og mot Torsken kommune i sørvest. 1. januar 2020 blei dei fire kommunane slått saman til nye Senja kommune.

Spisse tindar med fleire toppar over 800 moh. reiser seg bratt opp frå kysten og fjordsidene. Breidtinden er den høgste (985 moh.) og ligg sør for Mefjordbotn og Stormoa nest høgst (973 moh.) og ligg innanfor Bergsfjorden. Bratte og tronge dalar treng inn mellom tindane, fleire av dei endar i botnar fylt med sjøar og vatn. Fjellgrunnen er vesentleg gneis og granitt av prekambrisk alder.

Svanvatnan i søraust er verna mot kraftutbygging, det er også verneverdig fugleliv i Svandalen og Bergsøyan ved innløpet til Bergsfjorden. Tidvatnet i Trongstraumen ved Straumsnes kan ha opptil 7 knops fart.

På Skaland ligg A/S Skaland Grafitverk, som er største bergverket i Troms. Verket brann ned i 1985, men vart bygd opp att og er framleis i drift, trass i konkurs og flerie eigarskifte i 1990-åra. Forutan grafittverket er fiske og fiskeforedling dei viktigaste næringsvegane i Berg kommune. Det er fiskeindustri i Senjahopen og Steinfjord. Fisket etter torsk er viktigast, og fiskeflåten består i hovudsak av mindre fartøy. Kommunen har fleire reiselivstilbud, mellom anna Senjatrollet og Hamn i Senja.

Kraftstasjonen i Bergsbotn (utbygd 1985) gir ein årleg produksjon på 30,9 GWh i gjennomsnitt.

Fylkesveg 86 Andselv–Torsken går gjennom den sørlege delen del av Berg kommune, og passerer Trongstraumen ved Straumsnes på ei 140 m lang bru. Frå Straumsbotn går fylkesveg 864 med tunnel til Skaland. Ein fylkesveg forbind Bøvær med Skaland, og derfrå går veg i tunnel til Steinfjord og Ersfjord. Fylkesveg 861 går frå Finnsnes til Mefjordbotn; herfrå går det veg vidare til Senjahopen og Mefjordvær. Ei om lag 4 km lang veg med 2 km tunnel opna i 2004 og knyter saman nordre og søre del av kommunen.

Berg kommune har berre eitt delområde, som igjen er delt inn i følgjande ni grunnkrinsar (innbyggjartal 2008):

Ikkje oppgjeve bustad (23)

Berg kommune omfatta den noverande Torsken kommune fram til 1902, då Torsken vart skild ut. Etter det har kommunegrensene vore uendra. Kommunen var den minste i Troms etter folketal før 1925, då Øverbygd kommune, som var mindre, vart oppretta. Folketalet i kommunen nådde toppen i 1958, då han hadde 1524 innbyggjarar. Frå 2002 til 2008 var Berg den nest minste kommunen i Troms - han vart mindre enn Lavangen kommune i 2002, men passerte i sin tur Torsken kommune i 2008.

Folketalsutvikling for Berg kommune frå 1910:




#Article 284: Dyrøy kommune (156 words)


Dyrøy kommune (nordsamisk Divrráid suohkan) ligg i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen femner Dyrøya og ein del av fastlandet austom øya.  Kommunen grensar til Sørreisa i nordaust, og Salangen i sør. Over Tranøyfjorden og Solbergfjorden i nordaust ligg Senja. Dei viktigaste næringsvegane har vore jordbruk og fiske, men begge delar har vore i tilbakegang dei siste åra. Folketalet har vore minkande i fleire tiår. 

Det har vore brusamband frå Dyrøya til fastlandet sidan 1994 då Dyrøybrua vart opna. Av større stader på fastlandet er Brøstadbotn, Espenes og Kastnes.

Dyrøy kommune har berre eitt delområde. Det er delt inn i åtte grunnkrinsar (folketal 2008):

På fastlandet:

På Dyrøya:

Utan oppgjeve bustad (5)

Dyrøy kommune vart oppretta 1. september 1886, då han vart skild ut frå Tranøy kommune. Kommunen hadde då 1281 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart den delen av Tranøy kommune som låg på fastlandet, overført til Dyrøy kommune. Etter dette hadde kommunen 2278 innbyggjarar.




#Article 285: Gratangen kommune (104 words)


Gratangen kommune (nordsamisk Rivttáid suohkan) er ein fjordkommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Han ligg sør i fylket, og grensar til Narvik kommune i Nordland i sør, i nord og aust mot Lavangen, og i vest mot Skånland i nye Tjeldsund kommune. Over Astafjorden i nordvest ligg Ibestad kommune. Kommunen ligg rund fjorden Gratangen, som han har fått namnet etter.

Gratangen kommune vart oppretta i 1926, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. Sidan då er kommunegrensene ikkje endra.

Den 25. april 1940 vart 34 soldatar i Trønderbataljonen drepne her i kamp med tyske soldatar.

Folketalsutvikling for Gratangen kommune frå 1930:




#Article 286: Harstad kommune (208 words)


Harstad, på nordsamisk Hárstták, er ein kommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.

Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.

Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:

Harstad by har tolv bydelar: Trondenes, Sama, Harstadåsen, Skaret, Sentrum, Heggen, Seljestad, Harstadbotn, Åsby, Gangsås, Stangnes og Kanebogen.

Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.

Sidan kommunesamanslåingane i 1964 var Harstad kommune den nest største kommunen i Troms etter folketal.

Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:




#Article 287: Ibestad kommune (119 words)


Ibestad (nordsamisk Ivvárstáđiid) er ein øykommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Det er øyene Andørja og Rolla som utgjer kommunen. Over fjordane som omgjev øyene ligg kommunane Senja og Dyrøy i nord, Salangen i nordaust, Lavangen og Gratangen i aust, Skånland i sør, og i vest ligg Harstad.

Det er undersjøisk vegsamband mellom Rolla og Andørja via Ibestadtunnelen som går under sundet Bygda. Frå Andørja er det brusamband til fastlandet over Mjøsundbrua.

Folketalsutvikling for noverande Ibestad kommune frå 1930:

a Dette talet omfattar ikkje ein del av øya Rolla som var del av Skånland kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då han vart overført til Ibestad kommune. Dette området hadde då 143 innbyggjarar.

Resultat frå kommunevalet 2007




#Article 288: Karlsøy kommune (488 words)


Karlsøy kommune (nordsamisk Gálssa suohkan) ligg i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Karlsøy er ein rein øykommune som femner om lag 600 øyar, holmar og skjer. Dei største øyene er Vanna (eller Vannøya), Karlsøya, Helgøya, Reinøya, Nord-Kvaløya og Nord-Fugløy, tillegg høyrer store delar av Rebbenesøya og Ringvassøya til kommunen. Karlsøy har mot sør grense mot Tromsø kommune, og over fjordane i aust ligg kommunane Lyngen og Skjervøy. Karlsøy høyrer til regionen Nord-Troms.

Landarealet til kommunen er 1003 km². Arealfordelingan viser at 7 % er jordbruksareal, ca 10 % er skog, og dei attståande 83 % er uproduktive område. 

I nord og vest grensar kommunen mot havet, og fiskeri er hovudnæringa i Karlsøy kommune, både når det gjeld arbeidsplassar og omsetjing. Fiskeindustrien er hovudsakleg lokalisert til Vannavalen, Kristoffervalen, Vannvåg og Torsvåg på Vanna og Dåfjord og Dyrsfjord på Ringvassøya. I tillegg til tradisjonelle fiskebruk, vert det drive fiskeoppdrett og klippfiskproduksjon. Karlsøy er mellom dei viktigaste eksportørane av saltfisk i verda, med Portugal, Spania og Brasil som viktigaste avtakarar. 

Det finst også anna industri i kommunen, mellom anna eit brønnbåtselskap, isoporkassefabrikk, pallefabrikk og turistanlegg. 

Karlsøy kommune har tre skular: Vannvåg skole (20 elevar i 2019) og Vanna montessoriskole på Vannøya, og Hansnes skole (118 elevar i 2019) på Ringvassøya. Skuleavdelinga ved Stakkvik oppvekstsenter på Reinøya vart nedlagt hausten 2011, og sidan har det berre vore barnehage der.  

Kommunen har eit rikt fugle- og dyreliv med spesielt store havørnkoloniar. Øyene har gode forhald for jakt, fiske og friluftsliv. Naturen spenner frå karrige kystlandskap med bratte fjell ytst i kommunen til skogkledde dalar og fiskerike elver lenger inne mot fastlandet.

Kommunesenteret Hansnes, med , ligg på nordaustsida av Ringvassøya, ytst i Langsundet. Hansnes er ein tettstad med butikkar, overnattingstilbod, lækjarsenter, kyrkje, skule, barnehage og sjukeheim. Ringvassøya har fastlandssamband via Kvalsundtunnelen på riksveg 863, som går frå Kvaløysletta i Tromsø kommune. Frå Hansnes er det ferjesamband med Vanna, Reinøya og Karlsøya. Mikkelvik på nordsida av Ringvassøya har ferjesamband med Rebbenesøya. Finnkroken på Reinøya og Vannvåg på Vanna har også snøggbåtsamband med Tromsø. Midt på Ringvassøya ligg Skogsfjordvatnet, som er den største innsjøen på ei øy i Noreg. 

På Nord-Fugløy, som er eit av dei mest kjende fuglefjella i Noreg, finn ein ein av dei største havørnbestandane i Europa, og her hekkar også store mengder lundefugl og alker.  Grunneigarane sankar molter og egg frå klippene i sesongen.

Sjølve Karlsøya, som kommunen har fått namnet frå, har ei lita grend med kyrkje frå 1800-talet. 

Helgøya, med kyrkjestaden Helgøy, var tidlegare kommunesenter for Helgøy kommune, som vart slegen samann med Karlsøy kommune i 1964. Helgøy kommune femnde den vestlege delen av dagens Karlsøy kommune. Helgøya er i dag fråflytt, men kyrkja vert framleis brukt ved særskilde høve. Då vert det sett opp ferje til Helgøy for passasjertrafikk.

Vanna har fleire grender, med Vannvåg og Vannareid som dei største. I Burøysund er det eit bygdemuseum, og i Torsvåg er det utsikt over Atlanterhavet frå Torsvåg fyr.




#Article 289: Kvæfjord kommune (1478 words)


Kvæfjord kommune (nordsamisk Giehtavuona suohkan) ligg i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Han er den vestlegaste kommunen i fylket og grensar mot Harstad kommune i aust, Tjeldsund og Lødingen i sør og nordlandskommunen Sortland i nord og vest. Kommunen ligg på Hinnøya, langs Kvæfjorden med dei mindre øyene Kvæøya og Gapøya.

Kvæfjord hadde 3 018 innbyggjarar per 1. april 2011. Av dei bur om lag halvparten i kommunesenteret Borkenes.

Kvæfjord er kjend for lange jordbrukstradisjonar og store avlingar med jordbær og poteter og også for bakverket kvæfjordkake. Fjorden har tidlegare òg vore kjend for det gode sildefisket.

Det finst mange gamle variantar av namnet på bygda. Dei første som vert nemnt er «Quidiafiorde», med forskjellige stavemåtar, og seinare har det vorte forenkla til mellom anna Quidefiord, Quefiord og i 1723 Qvæfiord. Ifølgje Oluf Rygh og bokverket hans, Norske Gaardnavne, må namnet stamme frå Kviðjafjordr, der Kviðja viser til øya som i dag heiter Kvæøya og ligg midt i fjorden. Kviðja kan tyde 'buk' eller 'mage' (kviðr), og byggjer i så fall på den bøygde forma på øya.

Andre moglege forklaringar på namnet er at det kjem av kvidugr, altså fruktsommeleg, eller kvi, kvia som kan tyde oppdyrka og innhegna jordstykke i utmark, eller ein samlingsplass for husdyr (kve).

Det samiske namnet på fjorden, Giehtavuotna, tyder 'handfjorden' og kan byggje på forma på fjorden - som ei hand med fleire fingrar (sidefjordar). Dette namnet kan òg vere ein bakgrunn for det norske.

Kvefjord og Kvedfjord var i lang tid korrekte offisielle skrivemåtar i tillegg til Kvæfjord.

Kommunevåpenet til Kvæfjord er ein jordbærplante i gull mot ein grøn bakgrunn. Det blei godkjend i 1986.

Kommunen ligg rundt fjordane Kvæfjorden og Gullesfjorden, samt ein sidefjord til Gullesfjorden, Austerfjorden. Kvæøya deler Kvæfjorden i to sund. Sundet på nordsida heiter Bygdesundet, og på sørsida ligg Øysundet. Ytst i fjorden ligg Gapøya og Gapøyholman. Tidlegare omfatta kommunen òg Godfjorden, som vart overført til Sortland kommune 1. januar 2000. 

Rundt Gullesfjorden, i den sørvestre delen av kommunen, er det høge og spisse fjell med bratte lier. Det høgste punktet i Kvæfjord, 1 116 moh., er på fjellet Reinspælen, som ligg vest for Gullesfjorden. I nord og aust er det meir avrunda fjell, breiare dalar og meir viddelandskap, som på Melåheia. Dei fleste vassdraga i kommunen er små og næringsfattige.

Bortsett frå i området Straumsbotn–Storjord, ligg det aller meste av busetnaden som eit smalt belte langs kystlina.

Riksveg 83 går frå Harstad og inn i Kvæfjord kommune over Kvæfjordeidet, og den tre km lange riksveg 849 går frå Gåra og inn til kommunesenteret Borkenes. RV83 går så forbi dei inste gardane i Kvæfjorden, langsmed Øysundet og Gullesfjorden, og kryssar han med ferjesambandet Refsnes-Flesnes. I Langvassbukt møter vegen riksveg 85, som går frå Europaveg 10 i Gullesfjordbotn og mot Sortland. E10 frå Lødingen mot Lofoten går gjennom den sørlegaste delen av kommunen.

Kvæfjord har eit typisk subarktisk maritimt klima, og er verna av høge fjell. Jordbruket gjer seg dessutan nytte av sørvendte lier og ljose netter i midnattssol. Kald nordavind kan stå rett inn i fjorden frå Nordishavet, og etter periodar med varme sommardagar tar den med seg havtåke som legg seg i fjorden.

Det er veldig stor forskjell på nedbørsmengda i dei forskjellige delane av kommunen, i nord er det lite nedbør samanlikna med relativt mykje i sør. Denne nedbørsgradienten er ein av dei største i Noreg.

Tabellen nedanfor viser normalverdiar for perioden 1961−1990.

Kvæfjord har fylkesrekorden for største årsnedbør i Troms fylke. På Eidet i Gullesfjorden vart det målt 2 622 mm i 2003.

Bergartane i området vert dominert av eldre, relativt tungt forvitrelege grunnfjellsbergartar, i hovudsak granitt. Vest og sør for Gullesfjorden er det gneis som har ein alder på meir enn 2,5 milliardar år.  Det finst smale belte av kalkspatmarmor i området, som gjev viktig tilskot av kalk til vegetasjonen.

På byrjinga av 1900-talet freista ein å starte bergverksdrift ved Kjengsnes i Austerfjorden, og på Skår på Kvæøya (jernmalm), i Straumsfjellet og på Berg (kopar). Drifta var ulønsam, og opphørde etter kort tid. Den mest vellukka lokaliteten var Skår, kor det vart henta ut nokre tusen tonn jernmalm.

Istider har lagt att mykje morene. Det må ha vore tungt arbeid å rydde stein frå jordene, sidan det er så mykje botnmorene i området, men resultatet vart veldig godt.

Tre område i kommunen er verna som naturreservat: Gapøy naturreservat, Gapøyholman naturreservat og Gullesfjordbotn naturreservat.

Kvæfjord kommune har fått utarbeida ein eigen database for kartlegging av verdifulle naturtypar og artar som er oppført på den norske raudlista. Alle dei sju naturtypane som Direktoratet for naturforvalting reknar som verdifulle med tanke på det biologiske mangfaldet, er registrert i Kvæfjord.

Kommunen har fått i spesielt oppdrag å ta vare på den raudlista arten snøsoleie.

Folketettleiken er størst på nordsida av Kvæfjorden. Grendene Vikeland, Gåra, Strand, Trastad og Dale høyrer i tillegg til tettstaden Borkenes med i dette området med samanhengande busetnad og innmark. Utanfor Dale ligg grendene Elde og Bremnes, og innanfor ligg Vik, Straumen og Storjord. I Gullesfjorden ligg Hemmestad, Refsnes, Flesnes og Langvassbukt. Kvæøya har grendene Hundstad og Vebostad.

Det er tre postnummer knytt til kommunen: 9475 Borkenes, 9476 Borkenes (postboksar) og 8409 Gullesfjord.

Kommunestyret i Kvæfjord kommune har 23 medlemmer. Kommunen nyttar formannskapsmodellen, og formannskapet har fem medlemmer.

Dei tre siste kommunevala har Kvæfjord kommune prøvd ut ordninga med direkte ordførarval. Dette førte i valet i 2007 til at Lillian Hessen vart ordførar frå partiet Venstre, sjølv om samarbeidet mellom partia Ap, SV og Sp har fleirtalet i kommunestyret og formannskapet.

Kommunen har to barne- og ungdomsskular, Borkenes skule og Flesnes skule. I tillegg har ein skule, Vik skole, berre 1.-7. trinn. Elevane derfrå går vidare på Borkenes ungdomsskule. Dei tre skulene har SFO-tilbod. Kommunen driv òg barnehagar på Borkenes, Elde og i Vik.

Rå vidaregåande skule tilbyr undervisning i idrettsfag, restaurant- og matfag, naturbruk, helse- og sosialfag og blomsterdekoratør, i tillegg til tilrettelagt undervisning i forskjellege studieretningar. Skulen drivast av Troms fylkeskommune.

Grendene inst i Gullesfjorden nyttar skule- og barnehagetenester i Lødingen kommune. Dei busette på asylmottaket går på vaksenopplæring i Harstad.

Det er kommunale lækjarkontor og helsestasjon på Trastad, og den fylkeskommunale tannklinikken ligg like ved. Kommunen har ei felles lækjarvaktordning med Harstad, slik at lækjarvakta er på UNN Harstad (Harstad sjukehus) utanom opningstidene på lækjarsenteret.

Harstad Tidende er lokalavis for kommunen, som dessutan ligg innanfor dekningsområdet til Bladet Vesterålen. UL Fram gjev ut bygdemagasinet Kveaalen, som skriv om kultur, lokalhistorie og aktivitetane til UL Fram.

Kommunen har eit prestegjeld og sokn, med ei hovudkyrkje, Kvæfjord kyrkje, og Langvassbukt kapell i Gullesfjord. Det er ei gravlund ved Kvæfjord kyrkje og ei på Flesnes.

Det er ein baptistkyrkjelyd på Borkenes.

Kvæfjord ligg i Sør-Troms og inngår i følgjande administrative inndelingar:

Kvæfjord var tidlegare ein del av Senja fogderi.

Kommunen har i alle tider vore eit jordbruksområde, og fiske har òg vore viktig. Potet og jordbær frå kommunen er kjend og ettertrakta. Jordbæra har til og med fått plass i kommunevåpenet. Tidlegare var det ein sildoljefabrikk på Borkenes, og det har òg vorte eksperimentert med oppdrett av blåskjell.

Institusjonen Nord-Norges Åndssvakehjem på Trastad, som vart oppretta av Nord-Norges Diakonistiftelse på 1950-talet, har hatt mykje å seie for kommunen, òg etter at han vart lagt ned i 1991. Institusjonen var omsorgs- og utdanningsinstitusjon for psykisk utviklingshemma frå heile landsdelen. Sidan HVPU-reforma i 1991, som gav ansvaret for omsorg til kvar særskild kommune, har Kvæfjord framleis hatt ein stor omsorgsteneste. I 2005 vart den private institusjonen Kvæfjord Opplevelse og Avlastning (KOA) oppretta, og er i dag eit selskap i utvikling. I tillegg til avlastnings- og barneverntenester, driv KOA òg eit asylmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar.

Kvæfjord har sitt eige kulturhus, kjend som «Sosialbygget», som er det tidlegare kapellet på Trastad gard. I tillegg brukast samfunnshuset til UL Fram, Fram, til mange kulturaktivitetar. Fårebygget er eit galleri og atelier som er ein ombygd fjøs. Borkenes skolekorps samarbeider med den kommunale kulturskulen, og har dirigent og fleire instruktørar frå Forsvarets Musikkorps Nord-Norge i Harstad. Kommunen eig og driv ein idrettshall med gymnastikksal og symjehall, Kvæfjordhallen.

På Trastad Samlinger kan ein sjå kunst laga av psykisk utviklingshemma. Kunsten stammar både frå tida då Trastad Gard var ein institusjon for psykisk utviklingshemma, og frå dei noverande internasjonale kontaktane til galleriet. Museet har òg ei utstilling som viser historia til institusjonen, og dagleglivet der.

Hemmestad brygge er ein del av det regionale museet Trondarnes Distriktsmuseum. Distriktsmuseet har òg ansvar for kulturminnearbeid elles i kommunen. På brygga, som er ein tidlegare handelsstad, er det utstillingar som viser kulturhistorie frå Kvæfjord.

Kommunen har eit kulturlandskap med både gamle og nye kulturminne. Det går ein kultursti frå Skallan til Rå kor ein kan sjå restar av installasjonar som skulle forsvare Harstad under 2. verdskrig, gravhaugar, sommarfjøs og anna.

Kommunen har vald to museum i kommunen som tusenårsstader. Desse to er breiddeprosjektet Hemmestad brygge og søyleprosjektet Trastad Samlinger.

Folketalsutvikling for Kvæfjord kommune frå 1900:




#Article 290: Kvænangen kommune (167 words)


Kvænangen kommune (nordsamisk Návuona suohkan, kvensk Naavuonon komuuni) ligg lengst nord i Troms-delen av Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar mot Loppa kommune i nord, Alta i aust, Kautokeino i sør, Nordreisa i sørvest, og Skjervøy i vest. Kvænangen høyrer til regionen Nord-Troms.

Namnet Kvænangen kjem av «kvæner» ('kvener') som er norsk for laquo;finsktalande folkraquo;, og angr som er norrønt for laquo;fjordraquo;.

Næringsverksemda i Kvænangen har lenge vore basert på primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske, men dei fleste sysselsette i kommunen arbeider no innan tenesteytande næring. Nye næringar som har hatt vekst i kommunen er fiskeoppdrett og turisme.

Kommunesenteret i Kvænangen er Burfjord. Næraste flyplass er Sørkjosen lufthamn i nabokommunen Nordreisa, med flyruter til Tromsø, Hammerfest og Kirkenes.

Kvænangen kommune vart oppretta i 1863, då han vart skilt ut frå Skjervøy kommune. Folketalet var då 2785. I 1965 vart Meilandsområdet på fastlandssida av Haukøysundet, med 12 innbyggjarar, overført frå Skjervøy til Kvænangen, og i 1972 gjekk eit ubygd område same vegen.

Folketalsutvikling for Kvænangen kommune frå 1875:




#Article 291: Kåfjord kommune (164 words)


Kåfjord kommune (nordsamisk Gáivuotna suohkan, kvensk Kaivuonon komuuni) er ein kommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Han grensar til Nordreisa kommune i nord og aust, Storfjord i sør, og mot Lyngen i vest. I søraust har kommunen grense til Finland.

I tillegg til administrasjonssenteret Olderdalen har kommunen tettstadane Birtavarre, Kåfjorddalen, Djupvik, Nordmannvik og Manndalen eller Olmmaivaggi, der den internasjonale urfolkskulturfestivalen Riddu Riđđu blir halden årleg.

Kåfjord kommune vart oppretta i 1929, då han vart skilt ut frå Lyngen kommune. I 1992 vart fire gardar i grunnkrinsen Nordnes overført frå Lyngen kommune til Kåfjord kommune. 2. mai 1994 fekk kommunen offisielt tospråkleg namn, Gáivuotna - Kåfjord, då det samiske namnet vart lagt til kommunenamnet. I 2016 fekk Kåfjord kommune godkjent søknad om kvensk kommunenamn etter behandling i statsråd 15. april. Dermed ber kommunen offisielt eit trespråkleg kommunenamn. 

Folketalet i  kommunen nådde toppen i 1970, då folketalet var 3362. Sidan då har det vore jamn nedgang i folketalet.

Folketalsutvikling for Kåfjord kommune frå 1930:




#Article 292: Lavangen kommune (161 words)


Lavangen (nordsamisk Loabák) er ein kommune i Indre Sør-Troms i Troms og Finnmark fylke. Han grensar mot kommunane Salangen i nord, Bardu i aust,  Gratangen i sør, og mot Ibestad over Astafjorden i vest.

Kommunen har den einaste kommunale sameskolen i Troms. 

Lavangen kommune vart oppretta 1. januar 1907, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart kommunen innlemma i Salangen kommune, men 1. januar 1977 vart kommunen skild ut att som eigen kommune. Området Lavangsnes, som tidlegare hadde vore del av Lavangen kommune, vart då verande i Salangen kommune.

I 1999 blei Lavangen kåra til landet sitt femte beste kommune å bu i av Norsk Familieøkonomi.

Frå Lavangen vart gjenoppretta som eigen kommune i 1977 og fram til 2002, var han den nest minste kommunen i Troms etter folketal, berre større enn Bjarkøy kommune. I 2002 vart også Berg kommune mindre enn Lavangen, fordi nedgangen i folketal gjekk raskare der.

Folketalsutvikling for Lavangen kommune frå 1910:




#Article 293: Lenvik kommune (222 words)


Lenvik kommune (nordsamisk Leaŋgáviika suohkan) er ein tidlegare norsk kommune i Troms fylke. Han hadde kyst mot Norskehavet og fjorden Malangen i nord  - på hi sida av Malangen låg Tromsø i nord og Balsfjord i nordaust. I søraust grensa Lenvik mot Målselv kommune, i sør mot Sørreisa kommune og i vest mot Tranøy og Berg. Om lag 60 % av arealet til kommunen låg på Senja, medan resten ligg på fastlandet. Administrasjonssenter var Finnsnes. 1. januar 2020 blei Lenvik slått saman med dei tre nabokommuneae Berg, Torsken og Tranøy til Senja kommune.

Lenvik kommune var ein av dei opphavlege kommunane som vart oppretta med Formannskapslovene i 1837, og var då større enn han er no. I 1848 vart Målselv kommune skilt ut frå Lenvik som eigen kommune og i 1855 skjedde det same med Hillesøy. I 1871 vart eit område med 70 innbyggjarar overført til Malangen kommune. 1. januar 1964 vart den delen av Hillesøy som låg på Senja og øya Hekkingen slått saman med Lenvik att, saman med den delen av Sørreisa kommune som låg på Senja og gardane Hellemo, Paulsrud, Johnsgård og Stormo frå Tranøy kommune. Etter dette hadde Lenvik kommune 8825 innbyggjarar. I 1972 vart eit område med 63 innbyggjarar overført frå Målselv kommune til Lenvik kommune.

Lenvik kommune er deld inn i følgjande seks delområde (innbyggjartal 2008):




#Article 294: Lyngen kommune (175 words)


Lyngen kommune (nordsamisk Ivggu suohkan, kvensk Yykeän komuuni) er ein kommune som ligg mellom fjordane Lyngen og Ullsfjorden i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i vest mot kommunane Karlsøy og Tromsø og i aust mot Skjervøy, Nordreisa, Kåfjord og Storfjord. 

Dei eldste spora etter busetjing i Lyngen er frå yngre steinalder (3000 f.Kr. til år 0). 

Lyngen kommune utgjer det meste av halvøya mellom Lyngenfjorden og Ullsfjorden i Troms. Kommunesenteret er Lyngseidet, der avstanden mellom fjordane er berre tre kilometer.

Landskapet er dominert av fjell, særleg fjellmassivet Lyngsalpan som også har den høgaste toppen i fylket, Jiehkkevárri (1833 moh).

Namnet Lyngen viser til Lyngenfjorden og kjem av det norrøne ordet «logn» som tyder «stille» eller «roleg». Fjorden er største i fylket og skjer seg 85 km inn i landet.

Den 20. februar 2004 vart Lyngsalpan landskapsverneområde oppretta i statsråd. Dette sikrar eit av dei mest markante fjellområda i Nord-Noreg for framtida. Verneområdet er prega av tindar, brear, ville og tronge dalar og landskap som styrtar frå høgfjell og rett ned i havet.




#Article 295: Salangen kommune (185 words)


Salangen kommune (nordsamisk Siellága suohkan) er ein kommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i nord mot Dyrøy og Sørreisa kommunar, i aust mot Bardu, i sør mot Lavangen, og over Sagfjorden i vest mot Ibestad. Kommunen høyrde tidlegare til Troms fylke, og ligg i indre Sør-Troms. 

Kommunesenteret Sjøvegan ligg inst i Sagfjorden. 

Kommunevåpenet viser ein sølvgrå sel på blå botn. Bakgrunnen for kommunevåpnet er namnet til kommunen som på norrønt er Selanger, med tydinga 'Selfjorden'. 

Salangen kyrkje ligg i kommunesentret Sjøvegan og vart teken i bruk i 1981. Kyrkja er bygd av betong og tre. Elvenes kapell ligg på Elvenes 11-12 km austom kommunesentret Sjøvegan.

Det er snøggbåtsamband med Brøstadbotn, Engenes og Harstad.

Det er bussamband med Tromsø, Finnsnes, Harstad og Narvik.

Salangen har tre idrettslag, Salangen idrettsforening, Øvre Salangen idrettslag og Seljeskog idrettslag.

Salangen kommune vart oppretta i 1871, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart nabokommunen Lavangen kommune innlemma i Salangen kommune, men vart skild ut att i 1977. Området Lavangsnes vart då verande att i Salangen kommune.

Folketalsutvikling for Salangen kommune frå 1875:

 




#Article 296: Skjervøy kommune (114 words)


Skjervøy kommune (nordsamisk Skiervvá suohkan, kvensk Kieruan komuuni) ligg i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i sørvest (på Uløya) til Nordreisa kommune, og grensar elles over dei omliggjande fjordar og havstykke i aust mot Kvænangen og Loppa og i vest mot Lyngen og Karlsøy. Øygruppa Skjervøy kommune omfattar øyene Skjervøya, Kågen, Arnøya, Uløya, Laukøya, Haukøya, Hakkstein, Vorterøya og Follesøyene. Kommunen høyrer til regionen Nord-Troms.

Tettstaden Skjervøy er administrasjonssenter i kommunen. Vel 2350 av dei vel 2900 som er busette i kommunen bur i tettstaden. 

Skjervøy har snøggbåtsamband til Tromsø, og Hurtigruta har òg anløp her. Næraste flyplass er Sørkjosen lufthamn i nabokommunen Nordreisa, om lag 45 minuttars køyring frå tettstaden Skjervøy.

 




#Article 297: Skånland kommune (120 words)


Skånland er ein tidlegare kommune i Troms fylke med administrasjonssentrum på Evenskjer. 1. januar 2020 blei han slått saman med Tjeldsund kommune til nye Tjeldsund kommune i det nyoppretta Troms og Finnmark fylke. Evenskjer blei administradjonsstad for den nye kommunen.

Skånland kommune vart oppretta i 1926, då han vart skilt ut frå Trondenes kommune. 1. januar 1964 vart kommunen slått saman med Astafjord kommune, samstundes som den delen av kommunen som låg på øya Rolla vart overført til Ibestad kommune.

Folketalsutvikling for noverande Skånland kommune frå 1930:

a Dette talet omfattar ein del av øya Rolla som var del av Skånland kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då han vart overført til Ibestad kommune. Dette området hadde då 143 innbyggjarar.




#Article 298: Torsken kommune (407 words)


Torsken kommune (nordsamisk Doaskku suohkan) er ein tidlegare norsk kommune i Troms fylke. Han låg på yttersida av øya Senja. Kommunen grensa i nord mot Berg kommune, og i sør og aust mot Tranøy kommune. Torsken kommune fekk grensene sine i 1964, då områda sør for Selfjorden i sør vart ført over til Tranøy. 1. januar 2020 vart Torsken slått saman med dei tre nabokommunane Berg, Lenvik og Tranøy til Senja kommune.

Busetnaden i kommunen er konsentrert om typiske fiskevær. Størst er tettstaden og administrasjonssenteret Gryllefjord. Kommunen har fleire spisse tindar på 600-1000 moh., og mellom tindane går djupe botnar og tronge søkk. Det er også meir opne, myrlendte dalar og mange vatn. Frå vest er kommunen sterkt innskoren av Selfjorden, Sifjorden og Torskefjorden.

Kommunen ligg nært ressursene på dei store fiskebankane utanfor Vesterålen og Sør-Troms, og i 2004 vart det ført i land 9,8 mill. tonn til ein verdi av 76,3 mill. kr til fiskemottaka i Torsken, Gryllefjord, Kaldfarnes og Grunnfarnes. Av desse er Gryllefjord viktigast med den største bedrifta i kommunen, Gryllefjord fryseri AS med filetproduksjon. Kommunen har ein del fiskeoppdrett og har forholdsvis lite produktiv skog, men det er planta ein del gran på lune område. I sørlege delar finst brukbare jordbruksareal. Det er fem gardar med meir enn 5 daa jordbruksareal i kommunen (1999).

Vegnettet deler kommunen i to: Ein nordre del med Gryllefjord og Torsken som har vegsamband med Indre Senja og Finnsnes på fylkesveg 86, og ein søre del med den resterande busetnaden som har eit samband via fylkesveg gjennom Kaperdalen til fylkesveg 86. Det går hurtigbåt frå Flakstadvåg til Harstad, og ei ferje frå Gryllefjord til Andenes om sommaren.

Torsken kommune har berre eitt delområde. Det er deld i følgjande sju grunnkrinsar (folketal 2008):

Kommunevåpenet er ein ankerkross i gult på svart bakgrunn. Ankerkross har særleg vore brukt i kyrkjer på kysten, og er eit eldgamalt kristent symbol. Det symboliserer på den eine sida kampen for tilværet (krossen) og på den andre sida ei trygg hamn (ankeret). Kommunevåpenet skal slik seie noko om staden kommunen ligg på og utfordringane folket har i omgjevnadane dei lever i. Ivar Enoksen står bak ideen til våpenet og har også teikna det.

Torsken kommune vart oppretta 1. januar 1902, då han vart skild ut frå Berg kommune. 1. januar 1964 vart Rødsandområdet overført til Tranøy kommune.

Torsken kommune var frå 2013 den minste kommunen i Troms etter folketal.

Folketalsutvikling for Torsken kommune frå 1910:




#Article 299: Tranøy kommune (322 words)


Tranøy kommune (nordsamisk Ránáidsullo suohkan) er ein tidlegare kommune i dåverande Troms fylke. Kommunen låg på den sørlege delen av øya Senja. Kommunen grensa til Torsken kommune i nordvest, til Berg kommune i nord, og til Lenvik kommune i aust. Over sundet i aust låg Dyrøy, mot sør Ibestad kommune og i sørvest Harstad kommune.

Tranøy kommune hadd sine siste grenser frå 1964, då den ytste delen av Senja, Lemmingvær og sørsida av Selfjorden vart overført frå høvesvis Bjarkøy og Torsken, medan områda på fastlandet på sørsida av Solbergfjorden vart overført til Dyrøy og Stormoenområdet sør for kaperelva på Senja til Lenvik.

Administrasjonssenteret i kommunen låg i Vangsvik, ved Solbergfjorden, medan helse- og sosialadministrasjon hadde sete i Stonglandseidet. Kommunen hadde ingen tettstader.

Dei viktigaste jordareala i det tidlegare kommuneområdetligg på kambrosilurmark. Dei kalkhaldige bergartane gjev god dyrkingsjord, og jordbruket speler ei viktig rolle i næringslivet i tidlegare Tranøy kommune. Det meste av jordbruksarealet blir brukt til grasproduksjon, i tillegg til dyrking av nokre fôrvekster og poteter. På myrområda i dei austlege delane av kommunen har det vore drive ei betydeleg nydyrking etter 1945. Jordbruk blir i stor grad drive som kombinasjonsnæring, særleg saman med fiske. Avverkinga i skogane er låg. 

Fiske var den viktigaste næringsvegen i kommunen, særleg i dei ytste delane som ligg nær opp til dei store fiskefelta i Vesterålen og Sør-Troms. Berre ein mindre del av fangstane blei bringa i land i kommunen. Av dei yrkesaktive hadde i 2001 39 % arbeid utanfor kommunen, 25 % i Lenvik og 5 % i Tromsø.

Landskapet i Tranøy kommune er prega av relativt høge fjell i grunnfjellsområdet (Svanfjellet 898 moh. på grensa til Berg og Torsken), og eit flatare landskap i dei austlege delane, myrlendt med bjørkeskog. I Tranøy ligg Ånderdalen nasjonalpark, som er 68 km² stor med svært variert natur, mellom anna urskog og kjempefuruer.

Kommunen har hatt forholdsvis stor utflytting sidan andre verdskrig, med eit minkande folketal som resultat.




#Article 300: Tromsø kommune (1056 words)


Tromsø (nordsamisk Romsa) er ein bykommune i Troms og Finnmark fylke. Han er den tredje største bykommunen i landet, og den sjuande etter folketalet. På 1800-talet var den vesle byen ofte besøkt av utanlandske handelsmenn og turistar, og dei var overraska over kultur, klesdrakt og språkkunnskapar mellom borgarskapet i byen, og kalla difor byen «Nordens Paris», eit utnamn som i dag ofte feilaktig blir knytt til nattelivet i byen og det generelt høge aktivitetsnivået. 

Tromsø er administrasjonssenter for Troms og Finnmark fylke, og var tidlegare administrasjonssenter for Troms fylke.

Tromsø kjøpstad blei etablert ved ei kongelig forordning av 20.6.1794. Grensene i nord var Hansjordnes i nord og Strandskillet i sør, og grensa mot vest gjekk oppover omtrent til Dramsvegen - Kongsbakken - Vestregata. Prestegarden med kyrkja og kyrkjegarden var ikkje ein del av byen, og dei låg som i øy midt i byen, og dei blei ikkje innlemma i byen før i 1856. 

Det var fleire utvidingar av bygrensene. Store endringane kom i 1915 og 1955 då byen blei kraftig utvida mot sør og nord, og mot vest. 

Den største byutvidinga kom i 1964. Ved kgl.res. av 7.12.1962 blei Tromsø bykommune slått saman med Hillesøy kommune sin del av Kvaløya og øyene nord for Hekkingen, Ullsfjord kommune med unnatak av Svensbyområdet og Tromsøysund kommune til ein ny kommune. Samanslåinga gjaldt frå 1.1.1964. Den nye kommunens fekk namnet Tromsø kommune.

Tromsø kommune fekk si noverande utstrekning 1. januar 2008 da den søre delen av Reinøya blei overført til Karlsøy kommune.

Tromsø har vore den største kommunen i Troms i folketal sidan 1910-talet, då han passerte Trondenes kommune, med unntak av åra frå slutten av 1940-talet til kommunesamanslåinga i 1964, då Tromsøysund kommune var større. 

Folketalsutvikling for noverande Tromsø kommune frå 1910:

Tromsø kommune er delt inn i 20 statistiske delområde fordelt slik (innbyggjartal 2015): 
På Tromsøya: Tromsø (7 482), Sommerlyst (7 615), Nordre Tromsøya (7 980), Mortensnes (9 211), Søndre Tromsøya (5 729)
Sentralt på fastlandet: Kroken (4 752), Tomasjord (5 466), Tromsdalen (5 051), Reinelva-Hundbergan (3 164)
Sentralt på Kvaløya: Kvaløybyen (9 416)
Elles på fastlandet: Fastlandet nord (549), Ramfjordområdet (1 197), Malangshalvøya (294), Ullsfjord (796)
Elles på øyene: Kvaløya søraust (831), Malangskjeften (630), Kattfjord (324), Ersfjord-Røssholmdjupta (476), Kvaløya nordvest (630), Øyene nord (715)
Bustad ikkje oppgitt (373)

I 2014 hadde tettstadane i Tromsø kommune desse innbyggjertala i følgje SSB:

Tromsø er endepunkt for Europaveg 8, som går frå Åbo via Kilpisjärvi, Skibotn og Nordkjosbotn. Mellom Skibotn og Nordkjosbotn deler E8 trasé med Europaveg 6.
Fylkesveg 91 går frå Fagernes, 20 kilometer sør for Tromsø, til Breivikeidet. Herifrå går det ferge over Ullsfjorden til Svensby i Lyngen kommune. Frå Lyngseidet går det ferge over Lyngen til Olderdalen i Kåfjord kommune der Fv 91 møter Europaveg 6.
Fylkesveg 858 går frå Eidkjosen vest for Tromsø sentrum med tunnel Larseng-Vikran til Storsteinnes i Balsfjorden og vidare til Tømmerelva aust for Storsteinnes der Fv 858 møter E6.
Fylkesveg 862 går frå Hungerbukta i Tromsdalen via tunnel på Tromsøya og over til Kvaløya der vegen fortset  sørover til Eidkjosen og via Kattfjorden til Brensholmen. Fv 862 fortset vidare på Senja.
Fylkesveg 863 går frå Kvaløysletta via Kvalsundtunnelen til Hansnes i Karlsøy kommune.
Fylkesveg 864 går frå Tomasjord via Tønsvik og Snarby til Oldervik.

Tromsø lufthavn ligg på Langnes, ca. 4 km frå sentrum. Flyplassen er den femte største i Noreg, med over to millionar passasjerar i året (2014).

Hurtigruta kjem til Tromsø kvar dag.
Nord-Norgebussen går både sørover til Narvik og austover til Alta. 
Det går tre hurtigbåtruter til og frå Tromsø: linje 2 går sørover til Harstad med anløp på Finnsnes, i Brøstadbotn og på Engenes, linje 3 går nordover til Skjervøy med fleire anløp undervegs, linje 4 går går sørover til Lysnes på Senja med anløp på Vikran og Tennskjer.
Frå Breivikeidet går det bilferge til Svensby i Lyngen kommune. I tillegg er det i sommarhalvåret bilferge frå Brensholmen på Kvaløya til Botnhamn på Senja. 
Det går også bilferge frå Bellvika på Kvaløya til Vengsøya. 

Troms fylkestrafikk har ansvar for busstilbodet i Tromsø kommune.

Det er funne spor etter busetting i området som er 9000 år gamle. Den første kyrkja vart bygd her i 1252, og blei den nordlegaste kyrkja i verda. Ho vart kalla Sancta Maria juxta paganos, eller «Sankta Maria blant heidningane». Frå om lag same tida stammar Skansen, som er ein skanse bygd i torv. Denne blei bygd for å verge området mot herjingane til russarane og karelarane. 

Tromsø fekk bystatus og privilegium som kjøpstad i 1794, men på denne tida hadde byen eit innbyggjartal på rundt 80 menneske. På 1800-talet vart byen viktigare. Han vart bispesete i 1834 og fekk ein lærarskule og eit skipsverft i 1848. Tromsø Museum vart skipa i 1872 og Mack-bryggjeriet i 1877.

Ved slutten av hundreåret var byen blitt eit viktig handelssenter i nord, og var utgangspunktet for mange ekspedisjonar til Arktis, og polaroppdagarar som Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og Umberto Nobile brukte byen som utgangspunkt. Nordlysobservatoriet vart grunnlagd i 1927. 

Flyplassen blei opna for trafikk i 1964. Universitetet i Tromsø blei vedtatt oppretta i 1968 og opna i 1972. I 1998 flytta Norsk Polarinstitutt til Tromsø. Hausten 2005 opna nybygget til Hålogaland Teater.

Tromsø har aldri hatt jernbane. Tettstaden Tromsø er den tredje største byen i Europa utan ein jernbanestasjon, etter byane Łomża og Herten. 

Kommunestyret i Tromsø vedtok 19. oktober 2011 å innføre parlamentarisme som styringsmodell for kommunen. Tromsøs første byråd var eit fleirtallsbyråd utgått av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, med til saman seks byrådar. Bystyret har 43 medlemmar. Øyvind Hilmarsen vart første byrådsleiar. Etter valet i 2015 vedtok kommunestyret å gå tilbake til formannskapsmodellen. Det skjedde sommaren 2016. Kristin Røymo frå Arbeidarpartiet var byrådsleiar i denne perioden frå valet og til parlamentarismeordninga vart oppheva, medan Jarle Aarbakke var ordførar. Ved avslutninga av parlamentarismen vart Kristin Røymo ordførar, medan Jarle Aarbakke vart varaordførar.

Det er fleire vidaregåande skolar i Tromsø: Kongsbakken videregående skole, Tromsdalen videregående skole, Kvaløya videregående skole, Breivang videregående skole, Ishavsbyen videregående skole og SMI-skolen.

UiT Norges arktiske universitet har åtte fakultet og 14551 studentar (våren 2016), med særleg kompetanse på telemedisin, fiskeriforsking, samiske språk, teoretisk lingvistikk, nordlysforsking og polarforsking generelt. I 2009 vart UiT slått saman med Høgskolen i Tromsø, i 2013 med Høgskolen i Finnmark og i 2016 med Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Narvik

Tromsø har to dagsaviser, Nordlys og Tromsø.




#Article 301: Ølen (263 words)


Ølen er ein tidlegare kommune i Sunnhordland. Kommunen vart frå 1. januar 2002 overført frå Hordaland fylke til Rogaland fylke i samsvar med fleirtalet av innbyggjarane sine ynske. Seinare vart Ølen kommune slege saman med den dåverande Vindafjord kommune, som kommunen grensa til over land i sør. Kommunen grensa dessutan til Etne kommune i Hordaland fylke i aust, og over sjøen til Hordalandskommunane Kvinnherad kommune og Stord kommune i nord og Sveio kommune i vest.

Kommunesenteret Ølensjøen var den største tettstaden. Andre tettstadar var Ølensvåg, Vikebygd og Bjoa. 

Ølen kommune vart slegen saman med Vindafjord den 1. januar 2006. Namnet på den nye kommunen vart Vindafjord, kommunesenteret vart lokalisert i Ølen sentrum (Ølensjøen). Nytt felles kommunestyre var det val på i samband med stortingsvalet 2005.

Namnet Ølen kjem av norrønt språk Olund eller Ǫlund. Dette kan ha vore det opphavlege namnet på Ølensfjorden. Tilhøyrande innbyggjarnamn er Ølensbu eller Ølsbu. Namnet har samanheng med norrønt ala, næring eller føde, og kan sikta til rikdom på fisk. Namna Ølensjøen og Ølensvåg er laga ut frå namnet #x01EB;lund. Eit namn nytta i dansketida var Aalund (Ålund). Namnet vart nytta til innpå 1800-talet. Ølen vart eigen kommune i 1916, og omfatta då kyrkjesokna Ølen og Bjoa. I 1964 kom til Austre Vikebygd til. Det heradet Vikebygd vart delt mellom kommunane Sveio kommune og Ølen. Før 1916 var Ølen ein del av Fjelberg (Fjeldberg) herad og prestegjeld. Ølen høyrde til dette prestegjeldet fram til 1954, då Ølen vart eige prestegjeld som omfatta sokna Ølen og Bjoa, frå 1964 òg Vikebygd sokn. Soknet er i dag tilsvarande Ølen kommune.




#Article 302: Norn (301 words)


Norn (ei samandraging av adjektivet «norrøn») er eit nordisk språk som vart tala på Shetland, Orknøyane og Hebridane før skotsk byrja ta over på 1400-talet. Norn var til liks med islandsk og færøysk eit vestnorsk utflyttarspråk, utgått frå norrønt, og høyrer saman med islandsk, færøysk og norsk til dei vestnordiske språka. Det var i bruk av somme heilt fram til 1800-talet, og vi finn restar att i ordforråd og namn, men i dag er norn rekna som eit utdøydd språk.

Ei folkevise på norn, «Hildinakvadet», vart skriven ned av G. Low i 1774. Det mest omfattande vitskaplege arbeidet er gjort av Jakob Jakobsen, og hans arbeid dannar utgangspunkt for mykje av den seinare forskinga på norn. 

På grunn av mangel på kjelder finst det ingen presise oversikter over lydverket i norn. Ut frå dei fåe skriftlege kjeldene ser ein mange likskapar med dialektar i sørvestnorsk. Det gjeld overgang frå /p, t, k/ til [b, d, g] før eller mellom vokalar og ein overgang frå /θ/ og /ð/til [t] og [d]. Morfologien var relativt lik dei andre vestnordiske språk; substantiv hadde to numerus, tre kjønn og fire kasus, medan verbbøyinga var tilsvarande lik.

Michael Barnes peikar i «The Norn Language of Orkney and Shetland» (1998) på at visse domene vart tapte tidlegare enn andre. Jakob Jakobsens granskingar i Det norrøne sprog på Shetland (1897) viser at norn heldt seg lengst i intimsfæren og i tradisjonelle domene som fiske og landbruk; norn overlevde derimot ikkje moderniseringa. Ein viktig bakgrunn for at norn ikkje overlevde moderiniseringa, var at Shetland og Orknøyane på 1400-talet kom under skotsk herredøme, seinare under britisk styre, og at kontakten med den nordiske språkfellesskapen fall vekk. Innflytting av skottar var saman med allmenne økonomiske og politiske vilkår med på å fremje skotsk som språk. Seinare kom engelsk inn som hovudspråk. 




#Article 303: Natur og Ungdom (478 words)


Natur og Ungdom (NU) er Noregs einaste miljøvernfylking for ungdom. NU er ungdomsfylkinga åt Naturvernforbundet, men er sjølvstendig driven. 
Alle medlemene må vera under 25 år. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig. Leiar er Ola Skaalvik Elvevold (2010).

Natur og Ungdom oppgjev eit medlemstal på om lag 7000. Desse har danna over åtti lokallag i heile landet. Lokallaga har som oppgåve å ta opp miljøsaker der dei bur.

Viktige saker er å kjempa mot menneskeskapte klimaendringar, til dømes ved å få betre busstilbod slik at fleire kan reisa kollektivt og å hindra bygging av gasskraftverk i Noreg. Dei har òg engasjert seg mot boring etter olje i Barentshavet.

Natur og Ungdom vart stifta som ungdomsfylkinga til Norges Naturvernforbund den 18. november 1967. Det finst òg ein tilsvarande dansk organisasjon som heiter Natur og Ungdom som blei stifta i 1960.

Det var Norsk Feltbiologisk Ungdomsforening (NFU) og Oslo Katedralskoles Naturvernforeining som gjekk saman om å forma den nye organisasjonen. Bakgrunnen var at begge hadde søkt om å verta ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet, men laget, som berre ynskte seg éi ungdomsfylking, bad dei om å samarbeida. Samanslåinga av ungdomslaga førte til ein del konfliktar, men òg til at kunnskap om naturen vart kopla saman med ynsket om å verna han.

Byrjinga var tung for Natur og Ungdom, som hadde få medlemer og sleit med styringa. Men etter kvart som miljøproblema vart betre kjende auka medlemstalet og nye lokallag kom til, og Natur og Ungdom vart meir synleg som kamporganisasjon for miljøet.

Natur og Ungdom var i fyrstninga mest opptekne med jordvern og sjølvberging. Vidare engasjerte dei seg sterkt i «Aksjon mot atomkraft», og på grunn av stor folkeleg motstand vart det aldri tillate med atomkraft i Noreg.

Etter kvart skulle organisasjonen verta kjend for fleire aksjonar, både lovlege og ulovlege, mot dei dei meinte var dei største miljøsyndarane. Under ein protest i 1984 mot at verksemda Titania A/S i Sokndal lovleg kunne dumpa 2,2 millionar tonn olje og steinstøv blanda med kjemikalium i Dyngadjupet utanfor Jøssingfjorden vart aksjonistar frå Greenpeace og Natur og Ungdom arresterte for å lenkja seg til lasteanlegget på fabrikken for å stansa transporten av malmen. Dette var fyrste gong medlemer av Natur og Ungdom fekk bøter for sivil ulydnad. I 1990 fekk Titania pålegg om å leggja avfallet sitt på land, slik miljøvernarane hadde kravt.

Mot slutten av 80-talet voks miljøengasjementet blant folk, særleg ungdom, og Natur og Ungdom fekk mange fleire medlemer og auka aktivitet.

Organisasjonen tok eit klart standpunkt mot norsk medlemskap i EU, og fann fram mange miljøverngrunnar for dette.

Natur og Ungdom har utført mange direkte aksjonar opp gjennom åra, men dei har òg utforska og laga meldingar om miljøproblem. Laget samarbeider gjerne med andre organisasjonar, til dømes Kollektivkampanjen i 1997, som dei utførte saman med fagforeiningane til bussjåførane.

Organisasjonen gjev ut bladet Putsj, som er framhaldet av Skog og Mark og Natur og Samfunn.




#Article 304: Arktis (593 words)


Arktis er namnet på områda rundt Nordpolen. Det finst fleire definisjonar på nøyaktig kva område det gjeld. Somme tider meiner ein berre ismassane som flyt rundt polen når ein snakkar om Arktis, men vidare definisjonar tek med nordlege landområde, som Svalbard, Grønland og det nordlegaste Amerika. Desse definisjonane nyttar gjerne Polarsirkelen eller den nordlege tregrensa som ytre grense for Arktis.

Dersom ein bruker den snevre definisjonen av Arktis, finst det ikkje land der. Overflaten er danna av store isflak som støyter saman og bryt seg laus frå kvarandre. Tek ein med landområda litt lenger sør, vil ein finna at dei også er prega av is. Dei er tundralandskap, det vil seia at det meste av jorda er frosen året rundt.

Trass i dette har Arktis eit rikt dyreliv. I hava og under isen er det liv. I tillegg til fisk og havpattedyr finn ein til dømes mosdyr, sjøpungar, krepsdyr og muslingar. Symbolet på Arktis er likevel isbjørnen.

Namnet Arktis kjem frå det greske ordet Arktos, som tyder bjørn. Stjernebileta som grekarane kalla Store Bjørn og Vesle Bjørn ligg i nord, og dermed blei dette dyret knytt til nordlege trakter. At isbjørnen er det dyret dei fleste assosierer med Arktis, gjer namnet endå meir passande. Antarktikos, eller Antarktis er dermed motstykket til bjørnelandet, og ligg på andre sida av jordkloten.

Nordishavet tilfører både fukt og varme til Arktis, sjølv om det kan vere kaldt nok her. Fukta gjer at det vert noko meir skya og tåke her enn i Antarktis. Polhavet får tilført mykje ferskvatn frå elvar og gjennom nedbør, og har derfor stor isdanning. Isutbreiinga er typisk størt i mars og minst i august-september, noko som påverkar både temperatur og nedbør. Det er derimot store skilnader frå år til år. 

I Polhavet vert klimaet delvis styrt av ein høgtrykksrygg mellom det nordlege Canada og Aust-Sibir som er best utvikla om våren. Middeltemperaturen for februar går ned mot -40 °C nord for Grønland og på øyane lenger vest, medan Beringsundet og Spitsbergen har kring −20 °C. Den varmaste månaden er juli og middeltemperaturen ligg nær eller litt under 0 °C i heile dette området. Kyststrøka har typisk litt over null grader. Det kjem mest nedbør på sommaren og tidleg på hausten, men ikkje meir enn 150 mm og mindre enn dette i Nord-Amerika. 

Området frå Grønland og austover mot Novaja Zemlja har eit maritimt polarklima, og ei tunge med temperert klima strekkjer seg heilt opp til 71 °N i havet vest for Noreg. Temperert havvatn strøymer inn i Polhavet frå Norskehavet og gjer at isgrensa nord for Spitsbergen ofte ligg nord for 80 °N. Isfjell frå Grønland gjer derimot at havtemperaturen er låg langt mot sør. Bjørnøya er typisk for denne sektoren med middeltemperatur i januar på -7,9 °C, og i 4,5 °C i august. Det er forholdsvis ofte tåke om sommaren, i juli heile 22 % av tida, medan han vinteren gjennom berre er kring 2 %. Bjørnøya har i snitt sju klårvêrsdagar per år. 

Øygruppene utanfor Eurasia og Nord-Amerika er prega av landområda innanfor, særleg på vinterstid. På grunn av sterkt varmetap over land får ein nærast ein monsuntendens der lufta strøymer frå land mot det mindre kalde havet. Sjøtemperaturen kjem sjeldan over frysepunktet. Det vert ofte pålandsvind med påfølgjande tåke og skyar på kysten. Område som er skjerma frå havet kan få ganske fine temperaturar på sommarstid i midnattssola, og temperaturar opp mot 20 °C er ikkje uvanleg her.

Noreg, USA og Russland har opna for oljeboring, per 2018.
Ingen utvinning av olje eller gass skjer (per 2018) i arktisk Canada. 




#Article 305: Donald Duck (137 words)


Donald Duck er ein teikneseriefigur som første gong vart bruka i Disney-filmen The wise little hen (Den vesle kloke høna), som kom 9. juni 1934. Han spelar hovudrolla i Donald Duck  Co, som har kome ut sidan 1948 og er det mest selde teikneseriebladet i Noreg.

På 40-talet gjorde Carl Barks Donald om frå ein stor hissigpropp utan sjølvstendig tenkjesett, til ei and med familie, kvardagsproblem og eventyrlyst. I Barks sine seriar, som dei fleste nyare forteljarar grunnar på, bur Donald i Andeby saman med sine tre nevøar Ole, Dole og Doffen Duck. Donald er sjølv nevø av Skrue McDuck, den rikaste mannen i Andeby og moglegvis i heile verda. Donald er kjærast med Dolly Duck, men må heile tida kjempa for å behalda ho mot sin eigen griseheldige fetter Anton Duck (òg kjend som Anton Antonsen).




#Article 306: Tælavåg (190 words)


 
Tælavåg, også skrive Telavåg, er ein tettstad i Sund kommune. Tettstaden har . Staden ligg like ved det opne havet på Sotra utanfor Bergen i Hordaland fylke. Han er mest kjend for krigsbrotsverket som hende der den 30. april 1942. 

Telavåg låg sentralt til for nordsjøfarten til motstandsrørsla, og både Shetlandsgjengen og andre skøyter henta og sette i land agentar i området. Dei lokale hadde òg vore ivrig med i motstandsarbeid. 

Etter drapet på to offiserar i ei skotveksling mellom Gestapo og motstandsfolk frå Kompani Linge, meinte dei tyske okkupasjonsstyrkane at dei måtte setja eit eksempel. Reichskommisar Josef Terboven kom sjølv til bygda for å sjå til at ho vart straffa. Heile Telavåg vart jamna med jorda, og alle dei mannlege innbyggjarane sende til Sachsenhausen. 31 av dei 72 som vart sende til konsentrasjonsleiren døydde der.

Telavåg har fått ein spesiell plass i norsk okkupasjonshistorie. Ein finn ingen liknande hendingar i Noreg. Dei næraste parallellane er Lidice i Tsjekkia og Oradour-sur-Glane i Frankrike. Telavåg var eit av tiltalepunkta ved Nürnberg-domstolen som gjaldt norske tilhøve. 

Historia om Telavågtragedien og motstandsarbeidet blir skildra i Nordsjøfartmuseet, som vart opna i Telavåg i 1998.




#Article 307: Ole, Dole og Doffen Duck (492 words)


Ole, Dole og Doffen Duck (engelsk Huey, Dewey and Louie Duck) er tre oppdikta andungar som er trillingar og nevøar til Donald Duck i teikneseriar og teiknefilmar av Disney. Gutane ser heilt like ut, som tre små kvite ender, men skil seg frå kvarandre gjennom fargen på kleda, særleg lua. Eit særtrekk er at dei ofte «deler» ei utsegn seg imellom, ved at ein seier førstedelen, ein annan andredelen, og den siste slutten.

Ole, Dole og Doffen er alle generalar og høgt dekorerte medlemer i den speidar-aktige hakkespettrørsla.

Ungane dukka opp for fyrste gong 17. oktober 1937 i amerikanske avisstriper laga av Ted Osborne og Al Taliaferro, og på film i Donalds Nephews frå 1938, som tok utgangspunkt i teikneserien. Dei fleste sogene handlar om opplevingar dei har saman med Donald, men tv-serien Ole, Dole og Doffen på eventyr (eng. DuckTales) frå 1980-talet og Quack Pack frå 1990-talet gav dei meir av ein hovudrolle.

Ole, Dole og Doffen blei presentert som søner av søstera til Donald, Della Duck, og skulle bu hjå onkelen mellombels. Dei blei seinare sende tilbake til foreldra, men kom seinare tilbake til Donald utan forklaring, og blei adopterte av han i 1942.

Opphavleg var dei reine rakkarungar som Knoll og Tott. Grunnen til at gutane først blei sende til Donald var at far deira var på sjukehus etter ein eksplosjon under stolen hans som dei sjølvsagt stod bak. I dei tidlege episodane dreiv dei helst med apestrekar, men seinare, særleg i soger laga av Carl Barks, blei gutane meir nyanserte og forstandige, og er i dag ofte dei kloke barna som må hjelpa den korttenkte onkelen sin ut av ei knipe.

Dei engelske namna til endene er Huey, Dewey og Louie. Taliaferro har forklart i intervju at han kalla dei opp etter dei samtidige politikarane Huey Long (1893-1935), Thomas Edmund Dewey og Disney-animatøren Louie Schmitt (1908-1993). Namna skal vere kortformer av Huebert, Deuteronomy og Louis, i følgje fjernsynsserien Quack Pack.

Det er verdt å merka seg at trillingane har verkelege namn med homofone enderim på engelsk. På mange andre språk går ulike former for rim igjen, men ein har ofte valt å bruka tullenamn. Til dømes har dei på italiensk allitererande, kvekkeaktige namna Qui, Quo og Qua, og til dømes dansk og nederlandsk har liknande namnetypar, med like konsonantar framme og bak og berre skilnad i vokalane. Spanske omsetjingar har derimot ekte namn, som rimar ved at ein legg til diminutivet -ito og i den europeiske versjonen også allitterer med J.

Dei norske namna til nevøane har både ekte (Ole) og uekte namn (Dole) — Doffen kan vera eit kallenamn. Dei to første namna har enderim medan dei to siste allitterer. I tillegg går O og E igjen i alle namna, utan at dei rimar fullstendig. Namna minner om den skandinaviske barneregla «Ole dole doff, kinkliane koff, kofliane, birkebane, ole dole doff». Namna har seinare inspirert den norske artisten Ole I'dole (Ole Evenrud).
 
Namna på andre språk er:




#Article 308: Carl Barks (173 words)


Carl Barks () var ein vidgjeten amerikansk teikneserieskapar. Han skreiv og teikna mest historier om Donald Duck, og laga mellom anna Andeby, Skrue McDuck og B-gjengen. I Noreg var Barks i mange år berre kjend som den gode teiknaren.

Barks var fødd i Oregon. Foreldra var gardbrukarar, og familien flytta mykje rundt i Statane for å søkja lukka. Kanskje på grunn av dette, eller fordi høyrsla tok til å svikta, vart Carl eit einsamt barn og brukte lang tid på å fullføra skolegangen. Som vaksen tok han fleire jobbar, men i 1935 vart han tilsett i Disney Studios der han kom til å gjera ein god karriere.

Ein kan seia at Carl Barks er den som gav Donald og dei andre endene i Andeby sjel. Han gav dei i alle høve personlegdomar og bakgrunnar. Donald har mange av eigenskapane til teiknaren, mellom anna er han ein sinnatagg som stadig skifter mellom dårleg betalte jobbar. Barks lét òg endene reisa ut i verda og gjorde seg flid med å få detaljane til å stemma.




#Article 309: Skrue McDuck (725 words)


Skrue McDuck er ei oppdikta and i Disney-teikneseriar og teiknefilmar. Skrue er onkel til Donald Duck. Han dukka fyrste gong opp i Carl Barks si historie Jul på Bjørnefjell som kom ut i 1947. Opphavleg hadde Barks berre tenkt å bruka Skrue i denne historia, men han vart snart ein av dei mest brukte figurane i Donald-universet. Don Rosa har skrive ein lang serie om livet til Skrue McDuck, med utgangspunkt i detaljar frå historiene til Barks.

Skrue McDuck, med det opphavlege namnet Scrooge McDuck, er basert på den gamle gniaren Ebenezer Scrooge i A Christmas Carol (Ei juleforteljing) av Charles Dickens.

Skrue er verdas rikaste and. Han bur i ein diger pengebinge der han sjølv kan passa på og nyta rikdommen sin – til dømes ved å symja i pengane. Skrue tevlar stadig med Gulbrand Gråstein og Rikerud om kven som er den rikaste, medan B-gjengen stadig truger med å ta pengane hans. Magica fra Tryll er ein annan erkefiende som stadig prøver å ta frå Skrue den første mynten han tente, den magiske lykkeskillingen.

Skrue vart fødd inn i ein fattig arbeidarfamilie som eldste born av Fergus McDuck og kona hans Dawny, i 1867. Slekta hadde før vore ein mektig skotsk klan, men var jaga frå ættlandet sitt av dei samvitslause whiskervillane. På tiårsdagen fekk Skrue eit skopussarsett av faren, for at han skulle læra å tene pengar sjølv, og om mogleg vinne fram i verda. Den første mynten han tente var ein amerikansk ti-cent, og denne fekk Skrue til å arbeide di hardare. Få år seinare tok han hyre på eit kvegskip og reiste til New Orleans. I Louisville i Kentucky møtte han farbroren Angus McDuck, og vart tilsett på elvebåten hans. Her råka han ut for den første B-gjengen.

Seinare arbeidde Skrue i mange ulike leier, som driftekar og som skjerpar etter kopar, og som fyrbøtar. Etter ei nær-døden-oppleving heime i Skottland fekk han det føre seg å leite etter gull. Dette dreiv han med dei neste åra, i Transvaal, i Australia, i ulike delar av Amerika, og endeleg i Yukon under Gullrushet i 1898. Her fann han den store Gåsegg-klumpen han tufta rikdomen sin på. Skrue var kjend som ein sparsam og nøyereknande kar som ikkje nytta gullet sitt på moro og fåfengde gleder, og dette gjorde han rik.

Kring 1902 var Skrue milliardær, og reiste heim til Skottland for å grunne rikdomen sin vidare derfrå. Men han vart ikkje vel motteken og reiste av med søstrene sine etter at faren var daud. I Klondike hadde ein annan gullgravar, bror av bestemor Duck, selt han ei tomt i ei lita bygd kalla Andeby. Her, på tufta av eit gamalt fort, bygde Skrue pengebingen sin same året, og reiste vidare ikring i verda etter meir forretningar og rikdom. Han kom endeleg heim om lag 1930, og då var Andeby vaksen stor, sameleis som han sjølv.

Då Skrue kom heim greidde han å støyte frå seg søstrene sine (og dei to borna til yngstesøstera, Donald og Della). Skrue heldt fram åleine, og vart meir og meir lik namnen Ebenezer Scrooge, til han la ned heile forretninga og drog seg attende til eit stort hus utanfor byen. Her var det han møttest med søstersonen Donald Duck og dei tre søstersønene hans att, Ole, Dole og Doffen, jula 1947. Frå då av var det som Skrue fekk att meininga med livet, og tok fatt på forretning og reising att. 

Skrue var først tenkt som ein gnikar, ein pengegirug gamal knark utan syn for andre verdiar i livet. Med tida vart dette skift noko, slik at ein ofte kan sjå korleis Skrue står framfor avgjerande val, der han ofrar rikdomen ein augneblink, for eit større gode. Oftast vel han å dekkje over dette, slik at andre skal tru han berre er den gamle knarken utan medkjensle. Sanninga er at Skrue har mykje skam i livet, og høg moral. Hjå Don Rosa er det tydeleg han set meir pris på opplevinga enn vinninga i siste runde, og lèt rikdomen gå til andre som treng han meir (til dømes staten Haiti ved eit høve). 

Det har vore grunna på om haldninga til Skrue har samanheng med oppveksten i Skottland og ein sterk presbyteriansk tankegang der. Soleis har det vore drøfta samanhengar mellom tankegangen hjå Skrue og framveksten av vestleg kapitalisme, sett i lys av filosofen Max Weber. 




#Article 310: Martin Linge (261 words)


Martin Jensen Linge () var ein norsk skodespelar, offiser og motstandsmann under andre verdskrigen. Han leidde nokre av dei første norske styrkane i Storbritannia under den andre verdskrigen, som seinare vart kalla Kompani Linge etter han.

Martin Linge var fødd i Negarden på Linge i Norddal på Sunnmøre. Han var son av bonden Jens Linge og Gunhild Muldal. Linge var gift med Margit F. Vogt (søster av samfunnsøkonomiprofessoren Johan Vogt), dei var foreldre til båtkonstruktøren Jan Herman Linge og besteforeldre til forfattaren Espen Haavardsholm.

Sytten år gamal kom han inn på underoffiserskulen i Trondheim og vart etter tre år korporal. Hausten 1914 tok han til på Katedralskulen i Trondheim. Der var han mellom anna formann i Fraternitas Nidrosiensis og skreiv ein del for Minerva (på nynorsk). Etter artium gjekk Linge krigsskulen, då denne var fullført byrja han i skodespelarlære hos fru Movinckel. Han debuterte på Centraltheateret i 1921, før han gjekk over til Det Norske Teatret. 

Heile vinteren 1940 stod ryggsekken hans ferdigpakka slik at han kunne dra ut i felten på kort varsel. Ved invasjonen 9. april reiste han til Setnesmoen ved Åndalsnes, der vart han skada av ein granatsplint og kom til England med eit hospitalskip. Linge vart utpeika til ei ny avdeling med namnet «Norwegian Independent Company No 1», betre kjent som Kompani Linge. Svolværraidet i 1941 var det første allierte strandhogget i det okkuperte Europa. I desember 1941 leidde Linge den norske avdelinga under Måløy-raidet, men vart skoten og drepen på trappa til Ulvesund Hotell i Måløy. Kronprins Olav avduka minnebauta på heimstaden Linge 17. juni 1946.




#Article 311: Hjørungavåg (126 words)


Hjørungavåg er ei grend i Hareid kommune på Sunnmøre. 
Dei tettbygde delane av Hjørungavåg er ein del av tettstaden Hareid.

Grenda og vågen hadde tidlegare namnet Liavåg. På 1700- og 1800-talet vart det etablert ein teori om at det var Liavågen ved Hareid som var slagstaden for Jomsvikingslaget, og denne løysinga vart rekna for sanning i lang tid. I 1897 vart det oppretta eit postopneri i Liavåg, men namnet vart då sett til «Hjørungavaag».  Som ein konsekvens av dette var namnet på sjølve vågen seinare offisielt endra til Hjørungavåg.

I følgje Snorre Sturlason var det her Håkon jarl leia slaget mot Bue Digre og jomsvikingane. Slaget i Hjørungavåg er tidfest til rundt år 986. Teorien om kvar helst den historiske vågen Hjörungavágr låg,  er særs omdiskutert.




#Article 312: Eggemysteriet (1198 words)


Lost in the Andes!, på norsk kalla Eggemysteriet, er ein teikneserie med Donald Duck, skriven og teikna av Carl Barks. Teikneserien vart utgjeven i 1949 i Dell Comics' Four Color Comics nr. 223, og handlar om Donald og nevøane hans, Ole, Dole og Doffen, som reiser til Andes i Sør-Amerika for å finna opphavet til nokre mystiske firkanta (kubiske) egg dei oppdaga på eit museum i Andeby.

Teikneserien kom ut i Noreg i bladet Donald Duck  Co nr. 13–17 våren 1963 og er truleg den mest omtala Donald-historia i landet, mellom anna på grunn av at det mystiske firkantfolket snakkar nynorsk med vossasvip i den norske omsetjinga. Eggemysteriet er rekna som ein teikneserieklassikar og har vore kåra til den beste Donald-historia av lesarar i Skandinavia og Tyskland.

Don Rosa skreiv og teikna ein oppfølgjar, Return to Plain Awful («Tilbake til Gufseplassen») i samband med 40-årsjubileet til Eggemysteriet i 1989. I oppfølgjaren drar Donald og nevøane, denne gongen saman med Skrue McDuck, attende til sivilisasjonen dei møter i originalhistoria.

Historia handlar om Donald og nevøane Ole, Dole og Doffen. Dei er medlemmer av ein museumsponsa ekspedisjon, der ein leiter etter kjelda til nokre firkanta «artefakter» oppbevart i museet i Andeby, som viste seg å vera firkanta egg då Donald miste ein i golvet og knuser han. Det oppstår ei aukande interesse, både frå vitskapleg og kommersielt hald, til å finna opphavet til desse egga og hønsa som legg dei. Det einaste som er kjent er at dei kom frå Peru og vart funne einkvan stad i Andesfjella.

I løpet av ferda til Sør-Amerika bruker Ole, Dole og Doffen nokre av dei gamle firkanta egga frå museet til å laga ein omelett. Dette fører til at medlemmane av ekspedisjonen vert matforgifta. Når båten deira når Peru, er det berre dei yngste i gruppa, og lågast rangerte i hierarkiet, som er i form til å halda fram med ekspedisjonen: Donald og nevøane hans.

Søkinga deira etter firkanta egg i Andes ser i starten håplaus ut, ettersom dei lokale innbyggjarane anten trur dei er galne eller lettlurte, som kan narrast til å kjøpa falske egg. Omsider møter dei ein gamal mann, som fortel dei korleis far hans ein gong fann firkanta steinar lik dei firkanta egga. Faren hadde funne dei på ein bortkomen utforskar, som hadde kome frå ein nærliggjande dal som er dekt av evig tåke. Utforskaren, som hadde vandra til han vart utmatta, døydde kort tid etter. Faren til den gamle mannen selde seinare nokre av «steinane» i ein lokal landsby og desse enda opp som dei firkanta egga i museet.

Duck-familien følgjer tråkket etter den avlidne utforskaren inn i tåka. Etter dagar med vandring finn dei ein busett dal i fjella, gøymt i tåka. Innbyggjarane der er heilt kubiske, med firkanta hovud og nasar. Dei snakkar nynorsk med vossedialekt som dei lærte av den førre besøkjande, den bortkomne utforskaren. Han var professor Tron Dreyerdal frå Voss og budde i dalen frå 1863 til 1868, som han namngav «Gufseplassen». I den norske omsetjinga syng den fyrste personen Donald og nevøane møter på Gufseplassen «På Vossevangen der vil eg bu, der veks det kløver yver heia». I den amerikanske versjonen syng han på sørstatshymna «Dixie»; «Oh, ah wish ah was in Dixie! Hooray! Hooray!» 

Medan dei er i dalen blæs Ole, Dole og Doffen bobler av tyggegummi. Dette er ulovleg på Gufseplassen, sidan det er strengt forbode å laga runde objekt der. Den einaste måten dei kan unngå straff og forlata dalen på, er om Ole, Dole og Doffen lagar firkanta bobler. Dei greier det ved å læra dei firkanta kyllingane å blåsa tyggjegummibobler, og deretter gøyma dei under genserane og lata som dei lagar boblene sjølve. 

Duck-familien overtyder den gjestmilde lokalbefolkninga til å la dei gå. Firkantfolket er lei for at dei må dra, sidan dei gav ny informasjon frå verda utanfor til den isolerte sivilisasjonen deira. Dei gjev Donald og nevøane kompasset professoren hadde etterlate på Gufseplassen, som låg oppbevart i eit museum. Når dei forlét dalen, nemner Donald at «folka på Gufseplassen hadde så lite i eige, men var likevel dei lukkelegaste menneska dei nokon gong hadde møtt.» 

Donald og nevøane vandrar i dagevis for å sleppa unna tåka, med to firkanta kyllingar i bagasjen. Når dei endeleg kjem ut, er kyllingane framleis i live, men dei måtte eta egga. Fyrst når dei kjem til Andeby att, innser dei at ekspedisjonen var mislukka: Begge kyllingane er hanar og kan dimed ikkje leggja egg. Historia endar med at Donald vert rasande på dei som tør å nemna egg og kyllingar for han.

Barks hadde høyrt vitsar om firkanta egg og kyllingar sidan barndommen sin og ville bruka dei som grunnlag for ei historie. Handlinga kombinerer tema og historieelement som Barks ofte brukte i historiene sine. Ein mytisk skapning eller eit legendarisk artefakt som fører til ein eventyrleg ekspedisjon, lang søking etter informasjon, som ofte verkar fåfengd, ein isolert sivilisasjon gøymt frå verda utanfor på grunn av naturtilhøva, Duck-familien som bringer nye idéar med seg men som kan oppfattast som trugslar og ei avslutning der karakterane endar opp med å tapa og kjem heim att tomhendte, er alle slike tema.

Historia har vore rekna som representativ for verka til Barks generelt og var ein suksess i seg sjølv, ofte vørda som mellom dei beste historiene av Barks. Referansar til denne historia dukkar ofte opp i verka til dei som byggjer vidare på arven etter Barks og tilhengjarar av verka hans. Forfattaren sjølv fortalde i eit intervju i 1962 at «Den beste historia mi, teknisk sett, er nok den med dei firkanta egga.»

Teikneserien vart utgjeven i Noreg i bladet Donald Duck  Co nr. 13ndash;17 1963, og vart mykje omtala på grunn av bruken av nynorsk i omsetjinga til Vivi Aagaard. Donald Duck  Co vert i Noreg utgjeve på bokmål, slik at innslaget av nynorsk vekte åtgaum. På eit vis gjekk Eggemysteriet og firkantfolket inn i den norske språkstriden.

Nr. 16 (utgjeve 17. april 1963) var det fyrste bladet firkantfolket opptredde i, og då bladet vart lagt ut på Deichmanske bibliotek, kom det inn fleire protestar til biblioteket. Av nokre nynorskfolk vart det teke ille opp at nynorsk vart skildra som knapt skjønleg og knytt til eit merkverdig folk i avsides strok, og på denne måten gjort til lått. Leiaren for barneavdelinga på biblioteket, fyrstebibliotekar Rikka Deinboll, la nr. 16 og 17 til sides, slik at saka kunne behandlast av Det rådgivende utvalg for tegneserier i Norge (DRUFT). 24. april vart avgjerda til DRUFT publisert i norske aviser. Utvalet kom samrøystes fram til at «episodene ikke kan sies å være diskriminerende for noen norsk språkgruppe». Samtidig la utvalet til at nynorsken i omsetjinga var full av feil, «med en blanding av gamle og nye former».

Eggemysteriet har kome ut fleire gonger seinare i Noreg. Andre utgåve var i boka «Jeg Donald Duck» i 1974, og i denne versjonen snakka firkantfolket bokmål, som dei hadde lært av ein professor frå Andeby. I alle seinare utgåver er det brukt nynorsk att, og den einaste skilnaden er at språkfeilane frå originalutgåva er retta opp.

I ettertid har Eggemysteriet vorte ein teikneserieklassikar, og historia har fleire gonger vorte kåra til den beste Donald-historia i Noreg.




#Article 313: Rabbanittisk jødedom (124 words)


Rabbanittisk jødedom er den hovudretninga av jødedom som reknar Misjná og Talmúd som religiøst autoritative skrifter ved sida av Tanákh. Rabbanittane blir rekna som arvtakarar av farisearane.

I motsetnad til rabbanittisk jødedom står karaittisk jødedom — ei retning som meiner at Tanákh (som dei gjerne kallar Mikrá) åleine er religiøst bindande, og at Misjná og Talmúd ikkje har nokon særskild autoritet. Karaittane sjølve reknar seg som etterkommarar etter sadukkearane.

Rabbanittisk jødedom er vidareført hovudsakleg gjennom mizrahisk, sefardisk, italiensk, jemenittisk og askenasisk jødedom.

Grupper som ikkje kjende til den talmudiske litteraturen, og som dermed fell utanfor skismaet mellom rabbanismen og karaismen inkluderer Beta Israel frå Etiopia og bené Israel frå India. Desse gruppene er i nyare tid i aukande grad vortne integrerte i rabbanittisk jødedom.




#Article 314: Musikk (196 words)


Musikk er lyd som blir skapa for å underhalda, uttrykka seg, eller dyrka fram kjensler i dei som høyrer han. Melodi, harmoni, rytme og vekslinga mellom lyd og stille er viktige element i musikken. Ordet musikk kjem frå gresk mousikê (μουσικη), som er avleidd av ordet for muse.

Alle menneskesamfunn har ei eller anna form for musikk, og det meste kan brukast til å få fram vellyden. Stemmen er kanskje den viktigaste lydskaparen, men det finst òg ei stor mengd musikkinstrument, laga av materiale som tre, skjel, skinn, horn, stein, metall og plastikk.

I mange samfunn har musikk vorte delt inn i to grove kategoriar. Den eine typen vert laga og høyrt på av folk flest, og kan kallast folkemusikk eller populærmusikk. Den andre krev ei lang utdanning for å laga og kanskje til og med for å verdsetja, og vert gjerne kalla klassisk musikk. Grensene mellom desse typane er aldri heilt faste - ein seriøs komponist kan gjerne bruka ein folkesong i eit verk, medan ein melodi frå eit seriøst verk lett kan verta allemannseige. Seriøs musikk vert ofte kalla klassisk musikk.

Musikk har nært slektskap til rørsle, og dans høyrer saman med fleire musikkformer.




#Article 315: Gaffel (645 words)


Ein gaffel er ein reiskap som ein bruker til å halda fast eller løfta mat med ved hjelp av to eller fleire tindar. 

Dei fleste gaflar i dag er laga av stål, men andre vanlege material er sølv, tre og plastikk. Enkle gaflar kan vera flate, men som regel er gripefelen og somme tider skaftet kurva for betre handtering. Skaft på metallgaflar er ofte forsiktig eller mykje dekorerte.

Det er no veldig uvanleg å eta utan gaffel i Noreg, men det var ikkje alltid slik.  Gaflar var ikkje i bruk her før det 18. hundreåret.  Dei som var litt kultiverte åt med to knivar, som dei brukte både for å skjera maten og for å ta han frå tallerken til munnen.   Men dei fleste åt berre med hendene.

Gaflar vart først brukte i Midtausten i det 10. hundreåret, for å halda kjøtt fast medan ein skar eller rista sausen av.  Dei hadde berre to tindar, og begge var beine.  Gaflar spreidde seg til Det bysantinske riket der dei snart blei veldig populære blant adelen.  Sølvgaflar var mest vanlege, men rike familiar brukte gaflar av gull med edelsteinar på skafta.

I 1077 blei Teodora, dottera til den bysantinske keisaren Costantino Ducas, gift med Domenico Selvo, dogen av Venezia sin son.  Det var første gongen europearar hadde sett nokon som åt med gaflar, og dei fleste likte ikkje idéen.  Pier Damiani, kardinal-biskopen av Ostia, skreiv at det var ei krenkjing imot Gud å bruka gaflar - han gav oss ti naturlege gaflar då han skapte fingrane våre, og dei var alt ein turvde.  For folk flest såg det ut som eit anna døme på Teodora sin ovlivnad - som hennar måte å vaska seg i doggdropar som slavar hadde samla.  Ho blei så upopulær at då ho låg daudssjuk med borttæring var det nesten umogleg å finna nokon som ville ta seg av henne.

Men adelen i Italia hadde lagt merke til at gaflar kunne vera ganske nyttige, spesielt når ein åt ein rett med ein klissete saus.  Dei neste tre hundre åra blei gaflar meir og meir brukt i Italia.  I det 16. hundreåret var gaflar kjent i dei fleste delar av Europa, men dei var ikkje i vanleg bruk endå.  I England var gaflar sett på som italiensk jåleri, sjølv om kongane Henrik VII og VIII åtte nokre få gaflar.  Kyrkja stod også sterkt imot gaflar og prøvde å forby dei.  Grunnen var at gaflar var veldig populære blant prostituerte fordi ein som brukte gaflar kunne ha veldig reine hender.  

Gaflar spreidde seg vidare nokoleis.  Folk som reiste til Italia lagde merke til bruken av reiskapane, og mange av dei byrja å bruka gaffel sjølv.  Det var vanleg å ha eit par stykke kjøtt i ein stor bolle på bordet, og i ei verd der mange ikkje hadde reine hender var det veldig lurt at ingen andre rørte maten som dei ville eta.  Dei spanske var dei første utanfor Italia som godtok gaflar - ganske mange gaflar er blitt funne i vrekgodset av den spanske krigsflåten.  Dei franske byrja å bruka gaflar i det 17. hundreåret.  Dei modifiserte også tindane slik at dei blei litt bøygde som dei er i dag.  Det gjorde gaflar nyttigare, fordi dei no kunne brukast til å løfta opp mat som ei skei, og den nye forma blei snart mønsteret for resten av Europa.  England var det siste landet der gaflar kom i bruk, men i det 18. hundreåret blei dei vanlege der også.

Gaflar og knivar var veldig lenge personlege ting, som tannbørstar er no.  Ein reisande måtte bera dei med seg når han reiste.  Det var også venta at gjestar på ein bankett skulle ta sine eigne gaflar og knivar med.  Det var berre i det 19. hundreåret at gaflar blei billige nok (og reinsemd god nok) til at vertar og hotell kunne ha nok for alle gjestar.




#Article 316: Welsumer (102 words)


Welsumer er ein hønesort som vart framavla i Nederland på byrjinga av 1900-talet. Han er oppkalla etter Welsum i Nederland. Utgangspunktet var blant anna rhode island red og barnevelder.

Rasen legg store mørkebrune egg med hardt skal. Desse egga skulle fyrst og fremst seljast til England, der det var stor etterspørsel. 
Welsumer er ein av dei tre rasane som legg mørkast egg (dei to andre er barnevelder og maran). Han er ein god verpar, og kan legga opptil 160 egg i året. Hønenen har ingen utprega rugelyst, sjølv om det hender at dei legg seg ned for å ruga. Welsumerkjuklingar er livlege.




#Article 317: Mikvé (110 words)


Ein mikvé (hebr. מִקְוֶה miqve eller מִקְוָה miqvā, ofte òg מקווה), fleirtal mikvót (sef.) eller mikvaót (ask.), er eit jødisk rituelt bad. Som mikvé kan brukast alt reint og «levande vatn» — det vil seie havet, ei innsjø, eit vatn, ei elv, ein bekk eller ei stor nok samling av regnvatn. Det vanlegaste er at ein byggjer eit eige basseng for bruk som mikvé. Dette bassenget må få hovuddelen av vassmengda si direkte frå levande vatn.

Mikvót blir bruka til rituell reinsing og i samband med konvertering.

Neddykking i mikvé (for menneske) eller dypping i mikvé (for gjenstandar) blir kalla tebilá.

Kristne døypefontar har sitt historiske opphav i jødiske mikvót.




#Article 318: Boknafjorden (233 words)


Boknafjorden er ein brei fjord som skjer Rogaland fylke halvvegs i to. I nord er han avgrensa av øyane Karmøy og Bokn og fastlandet, på sørsida ligg mellom anna Kvitsøy, Rennesøy og Finnøy. Boknafjorden deler seg sidan i ei rekke smale fjordar innover i Ryfylke.

Sjølve Boknafjorden er danna ved at berggrunnen har sokke ned, og er mest for ein havarm å rekne, ulikt det typiske for vestlandske fjordar som er at isbrear har grave seg ned i og utvida allereie danna sprekkar i fjellgrunnen. Dette gjer Boknafjorden ulik andre fjordar på Vestlandet, og han er open og vid med mange øyar. Lenger inne får han sidearmar som er smale og langstrekte.

I det store prosjektet om å få Rogaland ferjefritt, med hjelp av bruer over og tunnelar under vatnet, er tunnel under Boknafjorden ei viktig sak. Arbeidet med den planlagde tunnelen, kalla Rogfast, er på planleggingsstadiet og byggjestart var opphavleg rekna til 2012, men sidan prosjektet ikkje vart nemnd i Nasjonal Transportplan 2010-2019 må truleg byggjestarten utsettast til etter 2020.

Sjølve Boknafjorden er om lag 35 km lang frå innløpet sør for Karmøy til innløpet til Nedstrandfjorden. Heile fjordsystemet med Boknafjorden og alle sidefjordane er derimot langt lengre og frå innløpet ved Karmøy og til botn av Lysefjorden er det om lag 100 km. 

Lengda av Boknafjorden langs dei forskjellige fjordsystema: 

Fra kysten mot innlandet

Satellittbilete over Boknafjorden med større delfjordar avmerkt.




#Article 319: Tycho Brahe (430 words)


Tycho Brahe (), døypt Tyge Ottesen Brahe, var ein dansk adelsmann og eit av dei store namna i dansk vitskapshistorie. Han grunnla den moderne observerande astronomien. 

Brahe er mest kjend for sine nøyaktige og omfattande astronomisk og planetære observasjonar. Han vart fødd på Knudstrup (Knutstorp) slott utanfor Landskrona i det danske Skåne. Brahe var ein kjend astronom og alkymist og har i nyare tid blitt skildra som «den første kompetente sjela i moderne astronomi med stor lidenskap for nøyaktige empiriske fakta».

I hans De nova stella i 1573 motsa han den aristoteleske trua om ein uforanderleg himmel. Dei nøyaktige målingane hans indikerte at «nye stjerner» (stella nova, no kjend som supernova), særleg den frå 1572, mangla parallaksen som var venta for eit fenomen som ikkje er ei stjerne, og var derfor ikkje «atmosfæriske», halelause kometar, slik ein tidlegare trudde, men måtte vere over atmosfæren og månen. Ved hjelp av ulike målingar synte han at kometar heller ikkje var eit atmosfærisk fenomen, slik ein tidlegare trudde, og måtte passere gjennom tilsynelatande «uforanderlege» astrosfærer.

Som astronom arbeidde Brahe med å kombinere det han såg som geometriske fordelar av det kopernikanske systemet med dei filosofiske fordelane til det ptolemaiske systemet i sin eigen modell av universet, det tychonske systemet. I tillegg var han den siste store astronmen som arbeidde utan teleskop for observasjonane sine. 

Tycho Brahe fekk ein eigedom på øya Hven og betalte for bygginga av Uraniborg, eit tidleg forskingsinstitutt, der han bygde store astronomiske instrument og tok mange nøyaktige målingar, og seinare Stjerneborg, undergrunnen, då han oppdaga at instrumenta hans i det første observatoriet ikkje var stødig nok. På øya, der han oppførte seg autokratisk, grunnla han fabrikkar som papirfabrikasjon for å sørgje for at han hadde materiale til å trykkje resultata sine på. 

Etter ei usemje med den nye dansk-norske kongen Kristian IV av Danmark-Noreg i 1597, vart han invitert til den bøhmiske kongen og tysk-romerske keisaren Rudolf II til Praha, der han vart den offisielle keisarastronomen. Han bygde det nye observatoriet i Benátky nad Jizerou. Her hadde han frå 1600 til han døydde i 1601 Johannes Kepler som assistent. Kepler nytta sidan observasjonane til Brahe til å utvikle Kepler-lovene for planetrørsle.

Leivningane hans har blitt grave opp to gonger, i 1901 og i 2010, for å undersøke omstenda rundt dødsfallet hans og for å stadfeste kva materiale den kunstige nasa hans var laga av. Konklusjonen var at han truleg døydde av sprengd blære slik det først vart føreslått og at den kunstige nasa truleg var laga av messing og ikkje sølv eller gull slik ein trudde på hans tid. 




#Article 320: Akevitt (915 words)


Akevitt er eit nordisk brennevin med rundt 40 volumprosent alkohol som kan vera klart eller gyllent på farge. Akevitten er som regel laga av potet, men kan også lagast av korn, og smakssett med ulike krydder og urter. Han blir i dag særleg drukken ved høve som jul og nasjonale høgtider.

Namnet «akevitt» er avleia av aqua vitae, latin for 'livsens vatn'. Drikken er òg kjend ganske enkelt som brennevin.

Akevitt kan også lagast av korn eller andre landbruksprodukt som poteter eller andre grønsaker (i Noreg mest potet) og restar frå foredling av poteter og grønsaker, på same måte som snaps. Potetene blir mosa og gjæra, og så destillert i ein kontinuerleg prosess. Deretter blir den reine spriten blanda med krydderdestillat. 

Brennevinet får den særmerkte smaken sin frå dei mange kryddene . Karve og dill er av EU definert som hovudkrydder om produktet skal kunne kallast akevitt, men andre krydder kan også blandast i for å gje god ange, mellom anna anis, fennikel, kardemomme, vanilje, koriander, sitronskal og lakris. Etter EU sitt lovverk må ein akevitt ha minst 37,5 % alkoholstyrkje. I Noreg kan ein akevitt ha opptil 60 % alkoholstyrkje, men i andre land kan styrkjen vere høgare.

Dei fleste norske akevittane er gulbrune av farge og har vore lagra i kortare eller lengre tid på eikefat. Eit unntak er når lagringa føregår i gamle eikefat som ikkje fargar drikken, og ein får ein klar taffelakevitt.

Akevitt produsert i Island er ikkje fatmogna. Nokre av akevittane i mellom anna Danmark har brun farge, men dette kan kome både av fatmogning og av tilsett karamellfarge (E 150).

Fleire norske akevittar vert flaskemogna, noko som gjer akevitten rundare.

Akevitt vert som oftast drukke ublanda, men blir gjerne servert saman med øl. Nokre hevdar at han smakar best når han er drukke frå eit glas som har vorte litt kulsa, men kjennarar drikk fatmogna akevitt romtemperert på same måte som whisky og cognac. I grannelanda er gjerne akevitten nedkjølt for å døyve den sterke smaken av reint krydderbrennevin, og der drikk ein ofte glaset i eitt drag. 

Brennevinet blir sett på som ein tradisjonsdrikk, og blir ofte drukke i faste samanhengar. Han er populær på julebord og til sjølve julefeiringa. Det er òg vanleg å servera akevitt på den norske nasjonaldagen syttande mai eller den svenske midsommarfeiringa. Særleg i Sverige er det vanleg å synga drikkeviser til.

Drikken blir ofte servert til sursild, lutefisk, røykt fisk eller kreps. Han kan òg drikkast saman med ulike typar julemat, som smalahovud, lutefisk, rakefisk pinnekjøt eller ribbe. Det blir ofte sagt at akevitten hjelper ein å fordøya feit mat.

Me veit ikkje kor lenge ein har laga akevitt i Noreg, men den første gongen han blei nemnd var i 1531. Den 13. april det året sendte Eske Bille, ein danske som var slottsherren til Bergenshus, ei pakke til Olav Engelbrektsson, den siste erkebiskopen i Noreg, som då budde på Steinvikholm slott i Stjørdal. Pakka hadde som innhald

Akevitten som Engelbrektsson fekk var ikkje det same som me drikk i dag - det var basert på korn og ikkje potetsprit som no, og den var nok sterkt prega av fusel (ureinsa). Akevitt har etter dette utvikla seg i over fire hundre år til han blei drikken som av særleg nordmenn vert sett stor pris på i dag.

Det finst mange forskjellige typar akevitt laga etter forskellige oppskrifter, med forskjellige krydderblandingar, og forskjellig lagringstid for akevitten. Dei fleste norske akevittypane vert lagra i frå nokra månader til tolv år på brukte sherryfat, og er derfor både sterke på smak og mørke på farge. Danske og svenske akevittar er gjerne lysare. 

Løiten Linie, Gammel Opland, Lysholm Linie og Simers Taffel er rekna som dei fire klassiske norske merka, men mange set òg pris på Gilde Non Plus Ultra. I Danmark er Aalborg det viktigaste merket og i Sverige O.P Andersson.

I 1780 fekk Catharina M. Lysholm bygd briggen «Trondhiems Prøve» saman med bror sin, og i 1805 segla skipet fra Trondheim med Batavia (i våre dagar Indonesia) som mål. I lasta var det fleire fat akevitt. Medan andre varer valt selde, klarte ikkje akevitten å konkurrere med lokal arrak, og fata vart med heim att. Rett før jul i 1807 kom «Trondhiems Prøve» attende til Trondheim, og fata med to år gamal akevitt. Ein fann da ut at akevitten hadde gått gjennom ein mogningsprosess og ein hadde fått eit heilt anna brennevin enn tidlegare. 'Linie-akevitten' var med andre ord «oppfunne». Det skulle likevel gå fleire år før nevøen til Catharina, Jørgen B. Lysholm, byrja å marknadsføre linjeakevitten.

Det vert også sagt at 'Preciosa' frå Drammen reiste sørover og runda Kapp Horn i 1840 som den fyrste norske skuta på dei kantar. Skipet hadde med seg akevitt, og mannskapet meinte at akevitten smakte mykje betre etter sjøreisa enn før - men det var altså 33 år etter at trønderane hadde oppdaga det same.

Linie Aquavit er i dag produsert av Arcus AS, og dei to variantane er Løiten Linie og Lysholm Linie. Som før går akevitten over ekvator til Australia og attende. Akevitten ligg på fat som er spent fast inne i stålcontainarar som ligg på dekk. Fast transportør er Wilh. Wilhelmsen ASA, eit oppdrag dei har hatt sidan 1920-talet.

Norsk akevitt er beskytta geografisk nemning for akevitt produsert i Noreg.

Norske Akevitters Venner gjev ut medlemsbladet AquaVIT (fire utgåver per år) med mykje interessant stoff rundt norsk mat- og drikkekultur med akevitten i høgsetet. Mange nordmenn feirar den 13. april som «akevittens dag».




#Article 321: Zebed habbát (549 words)


Zebed habbát (òg skrive Zeved habbát) (hebr. ) er den hovudsakleg sefardiske namneseremonien for jenter og svarar delvis til den delen av berít milá for gutar som ikkje involverer omskjering.

I askenasisk jødedom er den formelle namngjevingsseremonien for ei dotter vanlegvis berre ei enkel annonsering av faren åt den nyfødde jenta i synagogen. Ikkje-ortodokse og moderne ortodokse askenasiske jødar har i det siste skapt ulike seremoniar for nyfødde jenter inspirert av den sefardiske zebed habbát-seremonien.

Zebed habbát er vanlegvis markert i løpet av den første månaden etter fødselen og kan bli feira privat i synagogen eller med eit selskap heime. Seremonien blir gjerne leia av hakhámen (rabbinaren) eller hazzánen (kantoren).

Hovudelementa i seremonien er mora si takkseiing for berging (Birkat gomél); resiteringa av Høgsongen 2:14 (og, om dotra er den første dotra åt mor si, Høgsongen 6:9) og sjølve namngjevingsbøna i form av laquo;Mi sjebberákh (immoténu)raquo; (sjå nedanfor). Tilleggselement kan inkludere Davidssalme 128 og Birkat kohaním (Prestesigninga).

Orda i parentes blir sagde i den marokkanske tradisjonen, men ikkje i London-tradisjonen.

Sara og Rebekka, Rahel og Lea og profeten Miriam og Abigajil
og dronning Ester, dotter av Abihajil #8212;
Han signe denne elska jenta og late namnet hennar (i Israel) vera ... [fornamnet åt jenta]
med god lukke og i ein signa time;
og må ho vakse opp med god helse, fred og ro;
og må far hennar og mor hennar få sjå
gleda hennar og bryllupet hennar og søner, velstand og ære;
og vere dei frisk til alderdoms;
og vere dette [Guds] vilje, og sei de: Amen!rdquo;.

I tradisjonell askenasisk jødedom blir faren kalla opp til Toráen anten neste gong Toráen blir lesen i synagogen (måndag, torsdag og laurdag, og dessutan ved nymåne og på faste- og heilagdagar) eller, i nokre tradisjonar, den første sjabbáten etter at jenta vart fødd. Namnet blir så annonsert. Dette er skikken blant alle ultraortodokse og hasidiske askenasiske jødar. Nokre held ei privat eller offentleg feiring som på jiddisch blir kalla kiddesj for familie og vener anten heime eller i synagogen. Dei som har denne skikken reknar dette som ei viktig handling som aukar den framtidige mazzl (lukka) åt den nyfødde jenta. Gjestane ønskjer faren eller foreldra:  mdash; laquo;Må de oppnå å oppdraga henne til (å følgje) Toráen, til huppá (bryllupsbaldakinen) og til gode gjerningar!raquo; Nokre skyt òg inn laquo;og til å gifte seg med ein son av Toráenraquo;.

I dei siste årtia har mange askenasiske jødar utvikla ei namngjevingsseremoni for jenter som oftast blir kalla simhat bat (feiring av dotra) eller berít bat (pakta åt dotra). Denne seremonien er framleis laus i kantane, men har vorte vanleg i dei fleste retningane av askenasisk jødedom. Ulike former av dette ritualet blir bruka i moderne-ortodoks jødedom, konservativ jødedom, rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom. Denne nyare seremonien blir avvist av den ultraortodokse harediske jødedommen.

Feiringa inneheld typisk sett ei offentleg velkomsthelsing, ei namngjeving gjort over eit glas vin med sitat av passande bibelvers og tradisjonelle signingar. Kvinneleg omskjering er strengt forbode i jødedommen, men blant dei askenasiske jødane som utfører dette ritualet ser ein på ritualet som delvis parallelt med omskjeringsseremonien for jødiske gutar.

I Moreh Derekh, rabbinarhandboka åt den amerikanske konservative jødedommen sin rabbinske hovudorganisasjon, er ein seremoni skissert med utgangspunkt i tradisjonelle former og med ein del valfrie element som foreldra kan velja å inkludere:




#Article 322: Beiarn kommune (792 words)


Beiarn er ein kommune i Salten i Nordland. Han grensar i nord mot Bodø kommune, i aust mot Saltdal kommune, i sør mot Rana kommune og i vest mot Meløy og Gildeskål kommune. Beiarn er i dag kanskje mest kjend på grunn av det gode laksefisket frå medio juni til september, og Beiarelva er av dei beste i Nordland på både laks og sjøaure.

Landbruk er den viktigaste næringsvegen i kommunen. Administrasjonssenteret i kommunen ligg på Moldjord. Det finst skoler på Moldjord og på Trones. Dei fleste i kommunen er busette i Beiardalen på og mellom desse to stadene.

Oluf Rygh i Norske Gaardnavne  hevdar at namnet Beiarn har opphav etter nemning på fjorden. Finn Myrvang, leiar Stadnamnprosjektet i Nordland, har drøfta det vidare i ein artikkel i Årbok for Beiarn 2006 og meiner at namnet kan kome frå bægjandi med stamme i bágr (båg: vanskeleg, hinderleg, rangsnudd, jamfør den islagte Beiarfjorden som hindra ferdsel med båt om vinteren). Bægjandi, uttala beiandi  utvikla seg til beian.

Kommunen har vegsamband med Misvær i Bodø kommune, tidlegare Skjerstad kommune. Sambandet kom i 1966 og før den tid gjekk all offentleg transport til og frå omverda på Beiarfjorden. Grendene langs fjorden mellom Svartnes og Evjen har ikkje veg. 

Beiarn er ein innlandskommune, men har samband med havet gjennom den dels tronge og krokete Beiarfjorden. Det meste av fjorden ligg i Beiarn kommune, ut til grensa mot Gildeskål ved Kjelling. Fjorden er ca. 20 kilometer lang frå vest mot aust med grendene i Ytre Beiarn langs fjordsida med Åg, Evjen, Eggesvik, Agnesli, Øynes, Nordland, Breivik, Svartnes og Tvervik, inst mot fjordbotnen på sørsida. Frå Tvervik ser ein Seglfjellet på nordsida av fjorden, namnet kan komme av teikninga i fjellveggen som liknar eit nordlandssegl.

Beiardalen ligg i lengderetninga som ein omvendt L, frå fjorden går han først omkring 15 km austover før han vender nitti grader om mot sør ved Larsos – Osbakk og held fram ca. 40 km mot dei øvste gardane. Det lokale namnet på Beiarelva er Storåga.
Arstadlia-Tverviknakken naturreservat, Leirvika naturreservat, Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark og Váhcanjohka naturreservat ligg heilt eller delvis innanfor kommunen.

Grender langs dalføret er nedanfrå og opp Arstad, Soløy, Dokmo, Moldjord, Vold, Kvæl, Eiterjord, Navjord, Selfors, Savjord, Molid, Strand, Storjord, Brennmo, Haugbakk, Larsos, Os, Osbakk, Nes, Haugmo, Skyttmarka, Furunes, Israelsbakk, Hemminghytt, Trones, Trolia og Tollånes. Vidare Høyforslett, Blåmolia, Furumo, Tverånes, Rengård, Bakklund, Krokstrand, Stormyrhals, Leiråmo og Trollberget.

Arstaddalen startar i nord ved utlaupet av Beiarelvas og følgjer sørover ca. 15 km langs Arstadelva til Arstaddalsdammen. 

Eit vassdrag og dalføre fører opp frå Skytmark i retning aust. Her ligg grenda Ramskjell ved eit vatn med same namn. 
 
Tollådalen startar i vest ved Tollånes kor elva Tollåga renn ut i Beiarelva, og følgjer vest/sørvest langs elva Tollåga. 

Tverådalen startar kor Tveråga renn ut i Beiarelva i vest ved Tverånes, og følgjer austover. Turistforeninga eig og driv turisthytta Beiarstua ved Tverånes.

Gråtådalen går frå munningen av Gråtåga og i retning sørvest mot inn i retning Svartisen. Dalen er kjend for grotter.

Høgste fjellet i kommunen er Skjelåtinden på grensa mot Meløy på 1637 moh. 
Høgtinden på 1405 moh. er mykje synleg i nerbygda og ligg rett sør for Moldjord. Andre fjelltoppar er Ramsgjeltinden på 1237 moh. og Tellingen 1248 moh.

The Groove Valley Jazz-Camp er et nystarta (2005-) konsept som føregår i starten av august og varer i ei veke.

Villmarksdagan går føre seg i slutten av august og er to lokale handelsdagar med historisk preg. Kommunen har ein  som organiserer interesser for grottevandring. 

Den 30. november kvart år føregår Julanders, som er ein julebukktradisjon i Salten området. Dette er ein tradisjon som eigentleg har ukjent opphav og handla tidlegare om at ungdommar gjekk rundt på dørene og tigga kjøtt (i dag godter). Disse ungdommane var utkledd på styggaste måte, gjerne i slakteavfall og dyreskinn og skulle på denne måten likne Julanders, eit slags troll som kravde enten kjøtt eller så tok han barna deira. Blei ofte nytta til å skremme barna med i oppsedinga.

Det har vore etablert to private anlegg for vasskraftproduksjon i kommunen: Arstadfossen kraftverk (3 GWh/år) og Kjeldåga kraftverk (2,7 GWh/år). Hausten 2006 opna Sjøfossen Kraftlag produksjon av kraft frå det tredje anlegget i kommunen, Nordlandselva kraftstasjon i Nordland i Ytre Beiarn (9,7 GWh/år). Frå 2008 kjem Steinåga kraftstasjon på 26 GWh/år. 

Elles er vatnet frå delar av nedslagsfelt i kommunen overført til kraftanlegg i nabokommunar som supplement til vasskrafta der:

Ei større vasskraftutbygging i kommunen vart stoppa av regjeringa Stoltenberg I etter langs tids strid mellom Statkraft og verneinteresser. Vedtaket vart i praksis gjort kjent gjennom Jens Stoltenberg sin første nyttårstale (2001) då han varsla at ingen større vasskraftutbyggingar i landet ville bli realiserte. Sentralt i planane for Beiarn var oppdemming og sterk regulering av Ramskjellvatnet og regulering av Tollåga.




#Article 323: Bindal kommune (476 words)


Bindal kommune er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Kommunen ligg heilt sør i fylket og grensar i nord mot Sømna og Brønnøy, i aust mot Grane, i søraust mot Namsskogan, i sør mot Høylandet og Nærøy, og i vest mot Leka.

Bindal kommune ligg omkring Bindalsfjorden og den ytre delen av Tosenfjorden. Kommunen fekk sine noverande grenser i 1964, då Tosen–Lande-området vart overført til Brønnøy kommune.

Folketalet har gått svakt nedover etter den andre verdskrigen. Størstedelen av folkesetnaden bur i den søraustlege delen av Bindal, om lag 550 i tettstaden og kommunesenteret Terråk, som ligg inst i Bindalsfjorden, og om lag 800 på Bindalshalvøya, der særleg det låge Bindalseidet, som går tvers over halvøya, er tett busett. Elles er det mindre bygdesamfunn i dalføret ved Åbygda søraust for Terråk, på øya Austra og dessutan spreidde husklynger på nordaustsida av Bindalsfjorden.

Det høgste fjellet i Bindal er Kjelviktinden (1088 moh.) på grensa mot Brønnøy. Heilhornet (1058 moh.) med sin særprega form ligg på Bindalshalvøya, og det heiter seg at frå toppen kan ein sjå sju kyrkjer. Fjordar og sund stykkar opp kommunen, og Bindalsfjorden og Tosenfjorden deler Bindal i to delar. I vest høyrer den nordaustlege delen av halvøya Austra og ei rekke ikkje busette øyar og skjer med til kommunen.

Fleire av elvane i Bindal er lakseførande, først og fremst Åbjøra. Votnmyra ved grensa i nord mot Brønnøy er verna. I Blindkjølen naturreservat er barskogen verna og det er verneverdig lauvskogsområde ved Reppen. Fleire stader i kommunen finst det jettegryter, mellom anna på Stavøya i Bindalsfjorden.

Fylkesveg 17 går gjennom Bindal langs vestsida av Bindalshalvøya, og er forbunde i nord med ferje frå Holm til Vennesund i Sømna. Frå Årsandøy går fylkesveg 801 til Terråk og det er veg vidare til Åbygda. Frå Kjelleidet tar fylkesveg 802 av mot Austra. Hurtigbåtrute gir Terråk og Bindalseidet samband med fleire av bygdene rundt Bindalsfjorden.

Bindal høyrte opphavleg til Namdalen og Trøndelag. I 1658 vart Trondheim len avstått til Sverige, og ein endra då lensgrensa slik at den nordlege delen av Bindal kunne bergast for Danmark-Noreg. Sjølv om Trondheims len vart gitt tilbake til Danmark-Noreg allereie i 1660, vart den nye lensgrensa ståande.

Ved opprettinga av kommunane den 1. januar 1838 måtte Bindal prestegjeld delast i to kommunar (Nordbindalen og Sørbindalen), sidan dei to delane låg i kvart sitt amt. Dette var likevel ei dårleg løysning, og i 1852 vart amtsgrensa flytta sørover slik at heile Bindal prestegjeld vart liggande i Nordland amt. Dei to kommunane vart deretter slått saman til éin.

I seinare tid har krinsen Lande-Tosbotn vorte ført over frå Bindal til Brønnøy kommune den 1. januar 1964.

Kommunevåpenet vart godkjent i 1990 og har seks gullnaglar samla i rosett mot ein blå bakgrunn. Det er eit gammalt heraldisk motiv som for kommunen symboliserer båtsaum og båtbyggartradisjonar. Talet seks skal referere til talet på skulekrinsar.

 




#Article 324: Bodø kommune (700 words)


Bodø kommune er fylkeshovudstad i Nordland fylke. Ein person frå Bodø blir gjerne kalla bodøværing. 

I 1968 vart Bodø kommunesamanslegen med Bodin og dekkjer no heile Bodø-halvøya, Væran, Nordstranda, Innstranda, Løding, Kjerringøy (sidan 1984 med Tårnvik) og Saltstraumen. Skjerstad kommune vart 1. januar 2005 innlemma i Bodø. Skjerstad fekk eit eige servicetorg i Misvær for å  ivareta trongen for kommunale tenester.  Bodø kommune grensar i nordaust mot Sørfold kommune, i aust mot Fauske og Saltdal kommune, og i sør mot Beiarn og Gildeskål kommune.

Namnet Bodø er fyrst kjent frå 1500-talet, som namn på lenet som låg under lensherresetet Bodøgård (som ligg 2-3 km søraust for Bodø sentrum). Det gammalnorske namnet på den garden var Bodin, som truleg er samansett av gammalnorsk boði «bòde, undervass-skjer» (etter bòdane i vika utanfor Bodøsjøen, som er nauststaden til garden) og vin «hamnegang, grasslette». I så fall tyder Bodin «grassletta ved bòde-vika». Dette namnet, som vart uttala «Bådin», med trykk på å-en og tonefall som i «Karin», utvikla seg i folkemålet til Bòddøya («Båddøya»), og Bodø er ei fordansking av den forma.

Bodø sitt kommunevåpen er ei gul sol på raud bakgrunn. Byvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg, og vart vedteke ved resolusjon av regjeringa den 24. juli 1959. Byvåpenet symboliserer at Bodø er den fyrste byen nord for polarsirkelen. 

I 2002 vart Nordlands Framtid og Nordlandsposten samansmelta til Avisa Nordland, og er i dag den einaste dagsavisa  utgjeven i Bodø.

Fotballaget Bodø/Glimt har spelt i Tippeligaen sidan 1993. Klubben var og det fyrste Nord-Norske laget som vann fotball-NM (1975).

Den norske kyrkja har ni kyrkjer og eitt kapell i Bodø; Bodin kyrkje, Bodø domkyrkje, Helligvær kapell, Kjerringøy kyrkje, Rønvik kyrkje, Saltstraumen kyrkje, Tverlandet kyrkje, Skjerstad kyrkje, Misvær kyrkje og Hunstad Kyrkje. Domkyrkja frå 1957 er rekna å vera eit av dei finaste døma på nyare norsk arkitektur, og var ei av dei fyrste kyrkjene i Noreg med frittståande klokketårn. Bodin kyrkje er frå om lag 1240 med interiør frå 1700-talet og Hunstad kyrkje vart ferdigstillt i 2013.

Kystbatteriet Nyholmens skanse frå 1808 er restaurert og ope for ålmenta. Salten Museum frå 1903 er ein av dei få bygningane som stod av flyangrepet i 1940. Norsk Luftfartsmuseum opna i 1994. 43 kilometer nord om byen ligg Kjerringøy gamle handelsstad.

Nordland Musikkfestuke er den største musikkfestivalen i Nord-Noreg. Bodø internasjonale orgelfestival har vorte arrangert årleg sidan 2002, i samarbeid med det store kyrkjemusikkmiljøet rundt Bodø domkyrkje. Elles har Bodø fleire orkester og kor; av dei kan nemnast Bodø Sinfonietta, Bodø orkesterforening, kammerkoret Con Brio og Rønvik vokalensemble.

Fridthjov Anderssen (1876-1937) utmerkte seg som organist, dirigent og komponist i Bodø.

Bodø fekk nokre av dei første nordnorske jazzorkestra i mellomkrigstida. I 1950-åra vart Bodø Jazzklubb starta og med det starta den meir populærmusikalske utviklinga.

Saltstraumen, verdas sterkaste tidevasstraum er tvillaust den mest kjende attraksjonen i Bodø kommune. Ikkje langt unna ligg dei mektige Børvasstindane som også er godt synlege frå Bodø sentrum, eit mykje nytta motiv av kunstnarar som Oscar Bodøgaard. Per Karlsatind (1036 m) er kanskje mest kjend, medan  Lurfjelltiden (1284 m) er det høgaste fjellet i kommunen. Keiservarden, oppkalla etter keisar Wilhelm II av Tyskland, ligg 366 meter over havet og er kjend for si vide utsikt, der ein mellom anna kan sjå Lofotveggen. Steigtind (793 m) er kanskje det mest særeigne fjellet. 

Bodømarka rett utanfor byen er eit mykje nytta turområde.  

Øya Landegode er med si karakteristiske form mykje nytta i marknadsføringa av Bodø. I havet utanfor byen ligg fleire befolka øyar, mellom anna Helligvær, Givær og Bliksvær.

Bodø er eit viktig trafikknutepunkt. Bodø lufthamn er ein stor og moderne flyplass to kilometer utanfor sentrum, med fleire daglege avgangar til Oslo og andre norske byar. Bodø er òg endestasjon for Nordlandsbanen, med dagtog og nattog mot Trondheim og lokaltog til Rognan i Saltdal (Saltenpendelen). Riksveg 80 går austover og kjem inn på E6 ved Fauske, medan Fylkesveg 17 (Kystriksvegen) tek av sørover ved Saltstraumen. To av dei lengste riksvegfergestrekningane i Noreg går frå Bodø til Værøy og Røst. Det er daglege bussruter frå Bodø til nord-Sverige og Narvik/Tromsø, og snøggbåtruter til Helgeland og Lofoten, Nordlandsekspressen. 
Hurtigruta kjem til Bodø to gonger i døgnet, klokka 01:30 for sørgåande skip og 12:30 på nordgåande skip. 




#Total Article count: 323
#Total Word count: 199626